Førde Kommune Plan: VIEÅSEN SØR, TUN 5 - (område B5) Viebakkane Reguleringsføresegner Planid: Arkiv nr.: 20080005 L12.0805 Utarbeidd av: Asplan Viak as Leikanger for Gravdal Bygg AS Løysinga byggjer på illustrasjonsplan (forprosjekt) utarbeidd av Bo Arkitekter. Vedtak/Stadfesting: Dato org. føresegner: 21.08.2007 Sak 022/08-24.04.2008 Siste revisjon: Sak PLAN-043/10-26.08.2010 26.08.2010 Avskrift Sign.: Endringar Dato: Sign.: Rev. Asplan Viak 27.08.2007 Rev. Asplan Viak 09.01.2008 Rev. Førde kommune 28.01.2008 Rev. Asplan Viak 29.04.2010 Rev.Asplan Viak 03.05.2010 Førde planutval 26.08.2010 Planen er ein revisjon av plan for tun 5 (B5) vedteken av bystyret 24.04.08, sak 033/08. GENERELT 1.1 Desse føresegnene er knytte til plankartet, Asplan Viak teikn.nr. 516014-001, sist revidert 03.05.10, og gjeld for området innanfor plangrensa. Utbygging av området skal skje i samsvar med plankartet, desse føresegnene og godkjend materialstandard. 1.2 Utomhusplan/oversiktsplan (forprosjekt) frå BO Arkitekter er retningsgjevande for opparbeiding av uteanlegga. 1.3 Etter at planen/føresegnene er vedtekne, er det i planområdet ikkje tillate å inngå privatrettslege avtalar i strid med reguleringsføresegnene. P:\Forde\Kart\Euref\Plan\Planregister\1432\20080005\Dokumenter\20080005.doc Side 1 av 6
1.4 Det vert referert til paragrafar i plan og bygningslova slik denne var fram til 01.07.2009. Området er regulert til følgjande formål: Byggjeområde (pbl 25.1) Bustader 7,343daa Trafikkområde, offentleg (pbl 25.3) Gangveg 0,556 daa Annan veggrunn 0,742 daa Fellesområde (pbl 25.7) Felles parkering 0,964 daa Felles køyreveg 2,002 daa Felles friområde/leikeareal (FL) 4,164 daa Felles gangveg 0,200 daa Felles plass for bos 0,037 daa Felles grøntareal 0,648 daa Anna felles areal 0,122 daa (planområdet totalt ca. 16,78 daa) 2. FELLES FØRESEGNER 2.1 Byggjegrenser, bygningsplassering Bygningar skal plasserast i samsvar med dei innteikna byggjegrensene og med reglane elles i desse føresegnene. 2.2 Utnytting for tunet samla Tillaten tomteutnytting for bustader vert oppgjeven som tillate maks./min. bruksareal (BRA), der bruksarealet er utrekna i samsvar med Teknisk Forskrift til plan- og bygningslova (TEK) TU min = BRA 5750 m 2 og TU maks = BRA 6500 m 2. Dette omfattar felles og private overdekka biloppstillingsplassar (garasjar, carportar mv.) og felles utadørs parkeringsplassar, med unnatak for plassar på FP4. 2.3 Materialstandard Opparbeiding av området skal gjerast i samsvar med materialstandard utarbeidd til denne planen. Materialstandarden definerer kva for materiale som skal brukast på bustadhusa, gater/tun, vegar/parkering, kantstein, murar, beplanting, belysning, leikeplassar. 2.4 Trafikktryggleik I utforming og drift av området skal det takast omsyn til trafikktryggleik for køyrande og gåande. Sikthindrande vegetasjon og gjenstandar kan krevjast fjerna. P:\Forde\Kart\Euref\Plan\Planregister\1432\20080005\Dokumenter\20080005.doc Side 2 av 6
2.5 Parkeringsdekning Parkeringsnorma for Førde kommune skal leggjast til grunn ved utbygginga. Utbyggjar er ansvarleg for å dokumentere at eit planlagt bygg oppfyller krava til parkeringsdekning. 2.6 Krav om overdekte parkeringsplassar Det skal byggjast overdekte parkeringsplassar (carport/garasje) tilsvarande min. 1 plass pr. husvære. 2.7 Geoteknisk dokumentasjon Geoteknisk dokumentasjon skal føreligge før utbygging av området. 3. BYGGJEOMRÅDE, B5-1 til B5-6 ( 25.1) 3.1 Bygningstype, omfang Områda skal nyttast til bustader bygde i fortetta form, som rekkjehus og liknande. Det skal oppførast min. 35 bustadeiningar, kvar på min.3 rom. 3.2 Plassering av bygningane Plasseringa skal vere i samsvar med byggjegrenser innafor kvart område og i samsvar med gjeldande byggjeforskrifter, med følgjande unnatak: Buer og carportar i ein etasje kan byggjast: - ned til 1m frå regulert felles tilkomstveg som den aktuelle tomta er knytt til - i B5-3 likevel ned til 0,3 m frå vegen sin vendehamar mot sør - ned til 0,3m frå føremålsgrenser elles Balkongar: I rekkjene B5-5 og B5-6 kan balkongar byggjast ned til 0,25 m frå regulert felles tilkomstveg føresett at fri høgde under balkongen er min. 4,5 m rekna til fellesvegen sitt nivå på staden. Fasaderetning i alle områda skal vere parallell med, eller om lag parallell med tilkomstveg FT2. Innafor kvar bustadgruppe (B5-1, B5-2 osv.) skal det vere same fasaderetning Mur Mur kan førast opp med inntil 2,5 m høgde frå murfot til murtopp. 3.3 Bygningsutforming Bygningane skal oppførast i tradisjonelle trekonstruksjonar. Dei skal ha flate tak eller skråtak med takvinkel maks 30 grader. Det skal vere lik takløysing/vinkel på husa i innafor kvar av dei 6 rekkjene (husgruppene) i planområdet. Takløysingane må likevel samordnast innan heile tun 5 for ei best mogleg estetisk utfoming Bygningane kan avtrappast innafor kvar bustadgruppe. P:\Forde\Kart\Euref\Plan\Planregister\1432\20080005\Dokumenter\20080005.doc Side 3 av 6
3.4 Gesimshøgder Maks. gesimshøgd for kvart hus (husvære) skal vere rekna i høve til snitt av ferdig planert terreng sør og nord for det. - Gruppe B5-1, 2, 3 og 4: 5,5meter - Gruppe B5-5 og 6: 7,0meter Det kan likevel ikkje tillatast meir enn følgjande maks. gesimshøgd oppgjeve i kotehøgd: B5-1: kt. 33,50 B5-2: kt. 33,00 B5-3: kt. 37,00 B5-4: kt. 38,00 B5-5: kt. 42,50 B5-6: kt. 43,50 3.5 Krav om uteopphaldsareal for husvære Det skal i rimeleg nær tilknyting til husværa, vere uteopphaldsareal som er eigna til rekreasjon, leik og opphald. Som uteopphaldsareal kan reknast dei delar av tomta som ikkje er bebygde eller avsett til køyring og parkering, og som er eigna til formålet. Uteplassen skal vere skjerma mot uønskt innsyn og ferdsle, og mot sterk støy. 3.6 Utnytting for kvar bygningsgruppe Tillaten tomteutnytting vert oppgjeven som tillate bruksareal (BRA), jf, 2.2. Min./maks. TU for kvar bygningsgruppe skal vere: Grupper Minimum BRA Maksimum BRA B5-1 787 m 2 877 m 2 B5-2 522 m 2 580 m 2 B5-3 1048 m 2 1169 m 2 B5-4 699 m 2 780 m 2 B5-5 1197 m 2 1337 m 2 B5-6 1197 m 2 1337 m 2 FP 1, 2 og 3 til saman 300 m 2 420 m 2 SUM 5750 m 2 6500 m 2 Når gruppene B5-1 til B5-6 er utbygde for første gong, skal eventuelt overskytande BRA (differansen mellom utbygd og faktisk tillate maks BRA) for kvar gruppe delast likt mellom bueiningane i gruppa med tanke på ev. utviding av hus. 4. TRAFIKKOMRÅDE, OFFENTLEG ( 25.3) 4.1 Gangveg/fortau (GV), annan veggrunn Områda skal nyttast til offentlege vegareal. Materialstandard fastsett med heimel i reguleringsplan Vie Sør skal gjelde så langt det høver. I utforminga skal det takast omsyn til trafikktryggleik. Kommunen kan krevje sikthindrande vegetasjon og gjenstandar fjerna. P:\Forde\Kart\Euref\Plan\Planregister\1432\20080005\Dokumenter\20080005.doc Side 4 av 6
Gangveg (GV1) langs plangrensa i sør skal vere køyrbar for brøyting. Dessutan skal vegen vere køyrbar for bruk ved spesielle høve (utrykkingskøyretøy, transport for rørslehemma) som tilkomst til hovudinngangen i område A7 (tilgrensande byggjeområde i tun 4). 6. FELLESOMRÅDE ( 25.7) 6.1 Felles køyrevegar, FT 1, 2 og 3 FT1 er felles tilkomstveg for heile planområdet. FT2 er felles tilkomstveg for B5-1, B5-2 og FP2. FT3 er felles tilkomstveg for del av tun 4 (tilgrensande planområde) 6.2 Felles parkering, FP 1, 2 og 3 Områda skal nyttast til køyreareal og biloppstilling og er felles for bustadene i heile planområdet. Opparbeiding må vere gjennomførd før bustadene som skal knytast til vedkomande plass vert tekne i bruk. Areal som ikkje trengst til køyreareal, skal opparbeidast som grøne rabattar. Det kan plasserast felles postkassestativ i områda. 6.3 Felles parkering, FP4 I området skal det opparbeidast felles parkeringsplassar for tun 5 og tilgrensande barnehage. Plassane kjem i tillegg til eksisterande plassar i regulert offentleg område. 13 parkeringsplassar (inkl. nokre eksisterande) skal telje med ved berekning av parkeringsdekning for planområdet (sjå pkt.2.5 over) 6.4 Felles friområde/leikeareal, FL FL er felles for heile tun 5. Det skal opparbeidast gangsamband, område for utandørs opphald, leikeareal m.v. Felles bu(er) for drift av planområdet sine fellesareal, skal plasserast sentralt i planområdet, men ikkje i konflikt med leikeareal eller møteplassar. Dei opparbeidde leikeareala skal inndelast og plasserast slik at alle bustader i området får så god og trafikktrygg tilkomst som råd. Området og dei ovennemnde tiltaka skal opparbeidast før bustadene som naturleg er knytt til areala vert tekne i bruk. Tiltaka skal ikkje plasserast trafikkfarleg i høve til tilgrensande vegar. I område FL rett sør for B5-1 kan det leggjast til rette dam/elveløp som eit miljøinnslag og for bortføring av overflatevatn. 6.5 Felles gangveg, FG Dette skal vere felles gangveg for planområdet. Ved opparbeidinga skal det m.a. takast omsyn til trafikktryggleik/sikttilhøve. Opparbeiding må vere gjennomførd før bustadene vert tekne i bruk. P:\Forde\Kart\Euref\Plan\Planregister\1432\20080005\Dokumenter\20080005.doc Side 5 av 6
6.6 Felles grøntareal, FGA Områda skal tilstellast og tilplantast samstundes med opparbeiding av tilgrensande parkeringsplassar. Det kan plasserast felles postkassestativ. 6.7 Felles område for bosoppstilling FB Område FB er felles for heile planområdet. Det kan setjast opp bosbu(er) og plasserast felles postkassestativ i området. 6.8 Anna fellesareal FF Området er felles for tun 4 og 5 og skal tilstellast og tilplantast før bustadene i nærleiken vert tekne i bruk. Det kan leggjast til rette for leik og plasserast felles postkassestativ. P:\Forde\Kart\Euref\Plan\Planregister\1432\20080005\Dokumenter\20080005.doc Side 6 av 6