når dataspeling hos barn og unge vekkjer uro



Like dokumenter
når barn og unges dataspilling skaper bekymring

diagnostisert avhengig eller bare veldig engasjert

NÅR BARN OG UNGES DATASPILLING SKAPER BEKYMRING

Til deg som bur i fosterheim år

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)


Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Om å høyre meir enn dei fleste

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Psykologisk førstehjelp i skulen


Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Metodiske verktøy ved kursleiing

Informasjonshefte Tuv barnehage

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Informasjon til elevane

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Speleavhengighet. Når dataspelinga tar overhand

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Samtalestatistikk 1. halvår Hjelpelinja for speleavhengige

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Ny strategiplan for Høgskulen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Øystese barneskule April - 08

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Vi lærer om respekt og likestilling

Hjelpelinja for speleavhengige

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

BARNEVERNET. Til beste for barnet

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Innsats i BTI Barnevern

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Frå novelle til teikneserie

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Neste månad vil me retta fokus mot høgtlesing og språkstimulerande aktivitetar, men dreg sjølvsagt fokus frå denne månaden med oss vidare.

6-åringar på skuleveg

Dei vaksne si deltaking i barns leik og læring kring digitale spel i barnehagen

Jon Fosse. For seint. Libretto

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Klepp kommune Tu skule

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Nytt HFK Intranett

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Transkript:

Ein liten rettleiar om problemspeling LOADING 10% når dataspeling hos barn og unge vekkjer uro til foreldre og barnefagleg personell

LOADING 20% Innleiing Dataspel er ein naturleg del av kvardagen til barn og unge. For dei aller fleste blir dataspela nett det ein del av kvardagen, eit frirom for leik, underhaldning og sosial omgang. Men for somme utviklar spelinga seg til eit problem som går utover helse og livskvalitet. Denne brosjyren tek for seg problemskapande onlinespeling og korleis du som vaksenperson, anten på skulen, i helsetenesta eller heime, kan hjelpe eit barn eller ein ungdom som opplever at spelinga tek overhand. Auka kunnskap om dataspeling bør vere første steget for vaksne som har lite røynsle med spelverda. tre viktige råd 1 2 3 Kunnskap Auk din kunnskap om spela og 1om spelaren. DIALOG Lytt, engasjer deg og vis 2interesse. Reglar Bli samde om ein avtale. Følg opp og kontakt 3hjelp om det trengst.

1kunnskap LOADING 27% For å kunne hjelpe barn i den digitale kvardagen deira krevst kjennskap til spel. Kva spelsjangrar er mest tidkrevjande? Kva spel er mest populære? Kvifor vekkjer spel eit så sterkt engasjement? Når blir spelinga eit problem, og kva skil problemspelaren frå storspelaren? Hva er onlinespill? Stadig mer av dataspillingen foregår online, og enkelte spillsjangre har oftere utfordringer knyttet til problemspilling enn andre. Online rollespill er den mest fremtredende. «Barn bruker meir og meir tid på dataspel når dei er heime. Dette får foreldra til å kjenne seg trygge fordi dei faktisk kan sjå og snakke med barna, men i realiteten veit dei ikkje nødvendigvis kva spela dreier seg om, og kva barna faktisk gjer online» Faltin Karlsen, Førsteamanuensis ved NITH I spel som går føre seg offline står ein fritt til å ta pausar og halde fram i eige tempo. Online rollespel blir kjenneteikna ved at spelaren tek del i eit globalt spelerom der det alltid er andre spelarar til stades, og der forteljinga aldri tek slutt. Dette fører til at somme lett let seg rive med, men etter kvart opplever det som utfordrande å slutte. I online rollespel er alt frå hundre til fleire tusen spelarar innbyggjarar i ei og same verd, samarbeider, krigar og snakkar saman på tvers av landegrensene. World of Warcraft (WoW) er det mest kjende spelet i denne sjangeren. Spel i sjangeren har fleire ulike betalingsmodellar. Somme byggjer på ein fast sum på kring 100 kroner i månaden, medan andre har ein gratismodell der ein betaler mindre summar for å låse opp visse delar av spelet. Problemløysing og påskjøning Online rollespel går ut på å byggje opp ein personleg spelfigur, og du blir påskjøna med forskjellig utstyr når du har utført ulike oppgåver. Dette krev både at du er dyktig og har god samarbeidsevne. Spele på lag laglojalitet Det er fullt mogleg å spele åleine eller i mindre grupper, men å slå dei mest utfordrande fiendane krev at du tek del i tidkrevjande gruppeaktivitetar. Dette opplever mange spelarar som forpliktande.

LOADING 48% Populære onlinesjangrar Online rollespel Spela finn som oftast stad i magiske univers med troll, alvar og magi. Spelaren blir representert ved ein personleg figur og tek del i ei spelverd med fleire tusen andre spelarar. Spela har ingen slutt, og handlar om å samarbeide med andre spelarar for å byggje sin personlege figur. Døme: World of Warcraft, Star Wars: The Old Republic, Guild Wars 2. Online strategispel Desse spela blir kjenneteikna ved at spelaren styrer éin eller fleire figurar i eit fugleperspektiv. Spela legg vekt på raske strategiske avgjerder. Det blir spela kortare kampar med to til ti spelarar, og kvar kamp varer om lag ein halv time. Spela er svært konkurranseprega og har stort fokus på kva plassering spelaren får på topplister. Døme: Starcraft 2, League of Legends (LOL), DOTA 2. Online skytespill Spelaren får rolla som soldat i ulike krigssituasjonar. Det blir spela kortare kampar med opp til 60 andre spelarar på kart med fastsette tidsgrenser. Målet er å sigre over fiendar og fullføre oppdrag som å ta over militærbasar eller redde gissel. Spela har høge krav til koordinasjons- og reaksjonsevne, og fokuserer i likskap med online strategispel på konkurranse. Døme: Call of Duty, Battle field, Counter-Strike. Sosiale nettverksspel Dette er sosiale nettverk der spelaren er representert i form av ein figur og kan delta i ei rekke spelaktivitetar. Spela er gratis, men for å utvikle seg raskare eller få tilgang til visse gjenstandar må du betale mindre summar. Denne sjangeren er relativt ny og i konstant utvikling, og dette gjer det vanskeleg å føreseie kor viktig han blir i framtida. Døme: Habbo, GoSuper model og MovieStarPlanet. Byggjespel (Minecraft) Dette er ein relativt ny trend. Spel i denne sjangeren blir ofte kalla digital Lego. Ein nyttar byggeklossar til alt frå å lage enkle møblar til å gjenskape historiske monument. Spela er kjende Topp 3 selde spel i Noreg 2011 Fifa 12 Fotballsimulator Call of duty: Modern Warfare 3 Førstepersons skytespel Battlefield 3 Førstepersons skytespill (Nordisk spelförsäljing, Dataspelsbranchen 2011) Kva spel spelar barn mellom 11 og 16 år? Tre spel går att i alle alderssjikt. Desse er: Fifa Football, Minecraft og Call of Duty. Berre spelserien The Sims går att i fleire alderssjikt. Dei mest populære spela er: The Sims og Tetris saman med sosiale nettverksspel som GoSupermodel og Movie StarPlanet. (Barn og medier 2012, Medietilsynet 2012) for å vere tidkrevjande. Døme: Minecraft. Kvifor engasjerer onlinespel? Utforsking: Spela har enorme verder som byr på mange spennande reiser og opplevingar. Kjensle av meistring: Spela gir deg god tid til å meistre nye utfordringar, og du blir påskjøna etter innsats og prestasjon. Utvikling: Det er alltid ei ny og betre påskjøning rett rundt hjørnet, og dette gjer at du heile tida er motivert for å spele vidare. Sosialt: I likskap med andre fritidsaktivitetar er det ikkje uvanleg at ein heil vennegjeng byrjar samtidig. Mange finn òg nye venner gjennom spela. For mange er ikkje det viktigaste kva spel ein spelar, men at ein spelar med venner og kjende. Problemspelaren vs. Storspelaren Mange ungdommar spelar mykje, men for dei færraste utviklar spelinga seg til eit alvorleg problem. Difor er det nyttig å skilje mellom storspelarar og problemspelarar. Storspelaren er ein som spelar fire timar eller meir om dagen, utan at dette nødvendigvis går utover helse og livs kvalitet. Dette er personar som har eit lidenskapeleg tilhøve til spel og utgjer om lag ein av ti gutar i alderen 12 17 år. (Frå NOVArapporten, 18/2010 «Uskyldig moro?» Penge spill og dataspill blant norske ungdommer). Problemspelarane utgjer om lag 1 % av ungdommane i alderen 12 til 17 år, og blir kjenneteikna ved at spelvanane blir tvangsmessige og til hinder for deltaking i skule, familie og sosialt liv. Tidsbruken åleine skil ikkje storspelaren frå problemspelaren. Ulike årsaker Problemspelarane kan ha underliggjande psykiske lidingar

LOADING 64% som angst og depresjon, eller utfordringar som mobbing eller at foreldra skil seg. Spelinga blir nytta som eit verkemiddel for å meistre situasjonen, og kan difor vere eit symptom på dei underliggjande problema. Det er viktig å vere merksam på at òg barn og unge utan underliggjande problem kan utvikle usunne spelvanar. Dette er gjerne personar som blir oppslukte av meistring og prestasjonar. Generelt sett er det fleire gutar enn jenter som spelar dataspel. Delen jenter som blir storspelarar og problemspelarar er svært låg. Det finst førebels ingen avhengigheitsdiagnose for problemspeling. Spelavhengigheit er ein diagnose som berre blir nytta i samband med pengespel. (Frå Nova Rapporten, 18/2010 «Uskyldig Moro? Pengespill og dataspill blant norske ungdommer» og frå KoRus-Øst/ Hélène Fellman, Foreldreveileder for regulering av rolle- og strategispilling på nettet. 2.utgåve 2009). Nokre teikn på at spelinga tek overhand Spelaren - sluttar med alle andre aktivitetar. - kuttar ut sosialt samvere med venner og familie. - skulkar skulen, droppar lekser og misser eksamenar. - spelar om natta og søv om dagen. - prøver å slutte eller trappe ned, men får det ikkje til. - kranglar med familien om spelinga. - får nye, usunne matvanar, anten han et meir eller mindre enn før. 2dialog «Når barna kjem heim frå fotballtrening så spør vi ofte korleis gjekk det i dag? Greidde du å score mål? Å snakke om spel på same måte legg til rette for gode spelvanar». Hélène Fellman, GestaltterapEut Kunnskap om spel og speling er ein føresetnad for konstruktiv dialog. Ei anerkjenning av interessa og prestasjonane til spelaren er ein god stad å byrje. Det å vise forståing for spel og spelaren krev ikkje at du er aktiv spelar med detaljkunnskap om kvart einaste spel. Det handlar derimot om å ha ei grunnleggjande forståing for kvifor spel er så appellerande for barn og unge. Gå inn i dialog utan fordommar og med eit genuint ønske om å lære noko av barnet. Det er trass alt ho eller han som er eksperten Hold hodet kaldt Ikkje diskuter spelevanar når kampen står på som verst. Anten barna er djupt fokusert på spelet, eller du er på brestepunktet, er dette ikkje eit godt tidspunkt for å lage nye rutinar. Vent heller ein dag eller to til de er i ein heilt annan kontekst, og i eit heilt anna sinnelag. På denne måten oppnår de ein meir nøktern samtale som gjer gode resultat moglege.

LOADING 86% 3Reglar for speling Semje kring spelinga til barna er eit kompromiss mellom forbod og ingen kontroll. Spelinga blir best styrt gjennom forhandling om reglar og konsekvensar i heimen. «Når foreldra ringjer oss, har dei krangla lenge om grenser sett på foreldra sine premissar. Vi oppmuntrar i staden til dialog med spelarane. Lat spelaren fortelje om prestasjonar og meining i spelet. Etter timevis med trening og konkurranse, er spelarane faktisk vorte meistrar i ein aktivitet på lik linje med ein toppidrettsutøvar. Ein innfallsvinkel for å promotere sunnare og meir kvalitetsmedvitne spelarvanar er difor å gjere spelaren merksam på at dei kan bli overtrena og utbrende om dei ikkje søv, et og driv med andre ting». Trond Aspeland, tidl. dagleg ansvarleg for Hjelpelinja for spelavhengige Somme gonger må hjelp til I staden for å seie «eg styring setjast i gang utan at bestemmer», kan det vere foreldre eller føresette er med. lettare å få laga ein god avtale Skulen eller andre instansar som barnet respekterer, om kan setje opp ein endringsavtale barnet sjølv får lov å uttale saman med spelaren. Ein seg. Gi spelaren eigarrett til føresetnad for å lykkast med avtalen, då blir han tydeleg, dette er at spelaren sjølv er legitim og realistisk. motivert for endring. KORT OM SPELOMGREP Alle kulturar har eigne ord og uttrykk som kan verke framande, men som gir meining for dei som bruker dei. Spelverda er ikkje noko unnatak. Dialogen med barn og unge som spelar kan bli lettare om du er kjend med nokre av dei mest grunnleggjande omgrepa. Expansion (tilleggspakke): Større innhaldsoppdateringar som byggjer spelet vidare, introduserer nye område, fiendar og gjer fleire ting moglege. Guild: Grupper i online rollespel som spelarane sjølv dannar og administrerer. Nokre fremjar samarbeid og prestasjon i spelet, medan andre fungerer som vennskapelege sosiale plattformer. Eit guild kan vere frå nokre få menneske opp til fleire hundre. LAN (local area network): I private LAN samlar venner og kjende seg for å spele mot og med kvarandre på same stad. Datatreff dekkjer ei breiare forståing og handlar oftare om større hendingar der det er fleire aktivitetar tilgjengeleg. Level: I offline-samanheng tyder dette nivå eller brett i spelet. I onlinespel tyder det røynslenivået til spelarfiguren. Spelaren startar på level 1, og stig gradvis etter kvart som Fleire spelomgrep finn du på www.problemspilling.no han får poeng for å utføre oppdrag. Loot: Gjenstandar (rustningar, våpen o.l.) som spelaren blir påskjøna med i spelet, når han til dømes drep ein fiende eller gjennomfører eit oppdrag. Noob: Nedsetjande nemning på nybyrjarar eller dårlege spelarar. Patch: Regelmessige oppdateringar i spel som introduserer nytt innhald, justerer reglane i spelet eller løyser tekniske problem. Quest: Eit oppdrag som tek utgangspunkt i ei historie eller ei forteljing som spelarane fullfører i spelet. XP (experience points): Røynslepoeng spelaren samlar ved å fullføre oppdrag. Dette aukar røynslenivået (Level) til figuren og gjer ho eller han sterkare.

LOADING 100% Her finn du informasjon og ressursar: www.problemspilling.no