Sluttrapport «Sjef i eige liv»



Like dokumenter
Helse- og omsorgstenester i framtida - Solstrand

Janne Mo Sjef i eige liv korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida?

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Samhandling i praksis

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Øyriket i vest Samhandlingsreforma i praksis Presentasjon for Eldrerådskonferansen i Hordaland

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Team Hareid Trygg Heime

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Til deg som bur i fosterheim år

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Frå visjon til realitet November 2012

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Slik skal Lindås kommune arbeide med tiltakene i Strategisk næringsplan. Astrid Aarhus Byrknes, ordfører Lindås kommune, KrF

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Strategiplan for Apoteka Vest HF

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Frivilligpolitisk plattform

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Forslag frå fylkesrådmannen

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Med god informasjon i bagasjen

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Kvam herad. Sakspapir

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Den nye seksjon for applikasjonar

Innovasjonsmetoden vår

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Rektorforum 15. april

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

IKT-kompetanse for øvingsskular

Trygg og framtidsretta

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Brukarrettleiing E-post lesar

Mestring og deltaking heile livet

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

KF BedreStyring. KF brukarkonferanse. Oslo 22. mars Pål Sandal


Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

30. APRIL 2019 PROSJEKTPLAN FELLES PROFIL OG MERKEVARE FOR SOGN. SOGN REGIONRÅD NÆRINGSNETTVERKET Sogndal

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Saksnr Utval Møtedato

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Transkript:

Forprosjekt Sluttrapport «Sjef i eige liv» Føremålet med dette forprosjektet var å kunna testa ut deler av ein totalmodell for framtidige tenester til eldre levert av både kommune, frivillige og private. 9. september 2014. 1

Prosjekttittel: Sjef i eige liv Prosjektområde: Utvikling av nye løysingar for eldre Prosjekteigar i HS: Fjell kommune Prosjektansvarleg i HS: Line Barmen Prosjektleiar i Fjell Janne Mo Prosjektsøkjar i InnoMed: Innovest Prosjektleiar i InnoMed: Jens Reigstad Søknadsbeløp: 500 000 Utarbeidd av: Svein Fjelland, Line Barmen, Janne Mo, Atle Justad, Sigmund Kvernes og Jens Reigstad 9. september 2014 2

Innholdsfortegnelse 1 Samandrag... 4 2 Bakgrunn for prosjektet... 5 3 Målsetting med prosjektet... 5 4 Organiseringen av prosjektet... 6 5 Resultatet fra prosjektet... 7 5.1 Forankring av prosjektet... 7 5.2 Behovskartlegging... 8 5.2.1 INTERVJU OG DIALOG MED ULIKE SEKUNDÆRBRUKARAR... 9 SAMTALE MED ENGASJERT I FRIVILLIG ARBEID( C G RIEBER 88 år gml)... 9 MØTE MED LEIARGRUPPA i OMSORG... 9 SAMTALE I LOKAL RESSURSGRUPPE... 9 5.3 Kartlegging og vurdering av eksisterande løysingar... 12 5.4 Bearbeiding av informasjon... 13 5.5 Finne bedrifter for vidareføring... 13 5.6 Konseptutvikling av ny løysing... 13 5.7 Markedsvurdering av ny løsning... 14 5.8 Bistand i etablering av hovedprosjekt... 14 6 Konklusjon... 15 3

1 Samandrag Forprosjektet har lagt grunnlag for etablering av fleire hovudprosjekt med sikte på å realisere måla som er lagt for dette arbeidet. Utgangspunkt for satsinga er Fjell kommune sitt arbeid med å skapa god helse hjå innbyggjarane og organisera dette med betre kvalitet til ein rimeleg kostnad. «Vi vil at du då framleis skal vera sjef i eige liv og i eigen heim! I slike høve vil du oppleva at vi gir deg rask og kompetent hjelp og at vi støttar deg i å mobilisera eigne og andre sine ressursar t.d. familie, venner, naboar, frivillige og private»«heiter det i Fjell kommune sin visjon for helse og omsorgstenestene, «Sjef i eige liv». Med utgangspunkt i rapporten «Sjef i eige liv» og oppfølgjande tiltak har forprosjektet hatt som ambisjon å studera kritiske element i ein totalmodell for korleis kommunar kan møta eit veksande tal på eldre og gjerne testa ut deler av ein slik modell. Det har kome fram ei liste med 21 punkt som er sentrale når det gjeld tilrettelegging for eldre og andre med særskilde behov som ønskjer å bu heime. Desse blir viktige å følgja når nye løysingar skal realiserast i eit aksjonssenter, gjerne basert på eitt eller fleire hovudprosjekt. Sjef i eige liv femner om tilrettelegging av eksisterande bustad eller andre eigna bustader, praktisk hjelp i heim og hage, tildeling av hjelpemidlar til rett tid, aktiv bruk av velferdsteknologi, bruk av private og frivillige leverandørar i organisering av sosiale trenings og aktivitetstilbod, transportordningar, og ikkje minst eit aksjonssenter for koordinering og sikring av tenester som skal leverast av offentlege, private og frivillige aktørar. Tenesteleveranse vil byggje på etterspurde behov frå målgruppa. Eit viktig funn i forprosjektet er betydninga av å få eit fast grep om innhaldet i aksjonssenteret, eit senter som skal kombinera kommunikasjon med brukarar og sikra handling gjennom kontakt med tenesteleverandørar anten dei er kommunale, private eller frivillige. Det viser seg å vera viktig å setja søkjelyset på forventningar til frivillige. I arbeidet med rapporten «Sjef i eige liv» kom det fram ein viss skepsis til om det finst eit potensiale for auka frivillig innsats. Folk har nok med eigne liv, har somme hevda. Forprosjektet viser at det kan finnast ressursar berre innsatsen er organisert utifrå slik folk lever i dag, dvs tidsmessig avgrensa innsats som er godt tilrettelagt. Det er arbeidd vidare med å skaffe god forankring internt i kommune, lokalsamfunn og på nasjonalt nivå. Forprosjektet har vist at det er svært mange som deler oppfatninga av at omsorgstenestene må organiserast etter ein modell som er vist i rapporten. Det er arrangert folkemøte med presentasjon av "Sjef i eige liv", rapporten har mellom anna vore presentert for frivillige lag, eldreråd i kommune og fylke, på nasjonal konferanse for helseleiarar og for Helse og omsorgsdepartementet. Kommunen har på si side gjennomført konkrete tiltak, mellom anna etablert eit visningshusvære for velferdsteknologi for å visa aktuelle brukarar/pårørande og eigne tilsette kva som finst av hjelpemidlar. Planlegginga av lokalmedisinsk senter ligg alt føre som skisseprosjekt og eit interkommunalt samarbeid om friskliv og meistring har starta opp. Det er også etablert ein prøveavtale med eit frivillig lag om praktisk hjelp til innkjøp og andre tiltak for eldre. 4

«Sjef i eige liv» legg opp til at privat sektor skal ha ein viktig rolle som leverandør av tenester til eldre. Fjell kommune har konkludert med at det offentlege og frivillige ikkje vil kunna «fiksa alt» - til det er oppgåva altfor stor. Difor har det vore nødvendig å skaffa seg oversyn over private leverandørar av betalte tenester. Det lokale eldrerådet er oppteken av at kommunen bør kvalitetssikra slike leveransar gjennom rammeavtalar med firma, her er det ein del spørsmål vi ønskjer å finna ut meir om i eit hovudprosjekt. Vi har også spurt oss om det finst ein framtidig kommersiell marknad for konseptet for drift av aksjonssenteret og då kanskje særleg knytt til ikt-løysingane. Forprosjektet har kome ganske langt i å identifisera samarbeidspartnarar som seinare kan verta aktuelle for OFUprosjekt. Det blir sett på ulike retningar å samarbeide med private bedrifter og det er starta ein god prosess som vil kunne avdekke nye konsept som kan utviklast av private leverandørar. 2 Bakgrunn for prosjektet Sitat frå Fjell kommune sin visjon: "Helse og omsorgstenestene i Fjell skal hjelpa deg som innbyggjar til å leva eit mest mogeleg sjølvstendig liv, også om du vert ramma av alvorleg sjukdom og funksjonssvikt. Vi vil at du då framleis skal vera sjef i eige liv og i eigen heim! I slike høve vil du oppleva at vi gir deg rask og kompetent hjelp og at vi støttar deg i å mobilisera eigne og andre sine ressursar t.d. familie, venner, naboar, frivillige og private.." Forprosjektet kom i stand som eit resultat av at Fjell kommune gjennom fleire år har arbeidd med ein ny modell for organisering av omsorgstenester under tittelen Sjef i eige liv. Dette har munna ut i ein rapport som skisserer korleis omsorg i framtida vil handla om meir enn det offentlege bidraget slik det i hovudsak er i dagens organisering. Fjell kommune har erkjent at fleire aktørar må engasjera seg dersom det skal vera mulig å ha eit godt tenestenivå og kunna nå målet om at alle som ønskjer det skal kunna bu i eigen heim, sjølv om dei pga alder eller av andre grunnar treng hjelp. I framtida vil dei som bur heime og treng hjelp til praktiske oppgåver i langt større grad måtte skaffa seg dette gjennom private og frivillige tenester. Fjell kommune ønskjer å leggja til rette for dette og meiner den beste måten vil vera å organisera alt gjennom eit såkalla aksjonssenter. For å kunne vera trygge på at tilbodet skal få ei form og eit innhald som møter behova best mogleg, var det ønskjeleg å gjennomføre eit forprosjekt. Dette for å avdekka behov, tilgjengelege løysingar og tenkjelege måtar å utvikle ein totalmodell for tenestene. Etter å ha kontakta HOD, vart dei engasjerte i prosjektet tilrådd å venda seg til Innomed. Resultatet av dette så langt er at dette forprosjektet er vorte finansiert og gjennomført. 3 Målsetting med prosjektet Hovudmålsetjinga med forprosjektet var å undersøkje grunnlaget for ein totalmodell for omsorgstenester som er presentert i rapporten "Sjef i eige liv". Dei aktuelle delane femner om kommunale, frivillige og private tenestetilbod, jfr delmåla nedanfor. Fjell kommune legg vekt på at innbyggjarane med behov for omsorg skal 5

få rask og kompetent hjelp, anten denne kjem frå det offentlege, frivillige eller private. Delmåla er som følgjer: å konkretisera innhald i aksjonssenteret basert på ei kartlegging av brukar - og pårørandebehov. Arbeidsoppgåver, arbeidsmåtar, samarbeidspartar, kapasitet og organisering skal utgreiast. å kartlegga eksisterande frivillig innsats og testa ut kva potensialet for slik innsats er i framtida. I samband med dette skal ein evaluera og vidareutvikla avtalen kommunen har inngått med Tremor-kirken slik at denne kan verta ein mulig basis-avtale for slikt samarbeid. å etablera kontakt med private aktørar som kan tilby ulike betalte tenester som vert etterspurt av brukarar. I samband med dette skal det utviklast døme på rammeavtale med private aktørar som kan auka tryggleiken til brukaren ved kjøp av slike private tenester. å identifisera private aktørar som kan vera med på å utvikla standardiserte løysingar for aksjonssenteret. Føremåler er å lokalisera aktørar som kan verta aktuelle for mulig OFU-kontrakt og framtidig systemleverandør. Tanken var at forprosjektet skulle danna grunnlag for eitt eller fleire hovudprosjekt som alle er med på å underbyggja løysingar til bruk i eit totaltilbod til denne gruppa av innbyggjarar i kommunane. 4 Organiseringen av prosjektet Prosjektet er organisert med ei prosjektgruppe med deltakarar frå Fjell kommune, Innomed og SINTEF. Prosjektleiar Janne Mo er knytta til avdeling for omsorg i kommunen, medan prosjektansvarleg er omsorgssjef og gjennom dette har tett kontakt med det politiske miljø. Prosjektgruppe: Fjell kommune: Fjell kommune: Fjell kommune: SINTEF: Innovest AS/InnoMed: Svein Fjelland Line Barmen Janne Mo Sigmund Kvernes Jens Reigstad Referansegruppe: Det er etablert ei referansegruppe med deltaking frå nabokommunar, Helse Bergen, frivillig organisasjon, eldreråd, Høgskolen i Bergen, KS med fleire. Fjell kommune Fjell eldreråd Øygarden kommune Tremorkirken Helse Bergen HF Heidi Robertson - HTV for NSF Nestleiar Else Marie Kind Hevrøy Åse Vik Roald Kvam Solveig Hansen 6

Innovasjon Norge KS SINTEF IKT Sund kommune Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne Høgskulen i Bergen Grethe Bergsland Liv Overaae Babak Fahrschian Anne Grete Hareide Gunnar Angeltveit Sturle J. Monstad 5 Resultatet fra prosjektet 5.1 Forankring av prosjektet.forankringsarbeid er retta mot:: Ulike lag / råd som representer målgruppa i prosjektet Tilsette i helse og omsorg Alle leiarar i kommunen Presentert i koordineringsutvalget til Innovasjonssatsingen (innovasjon og næringsutvikling 2008-2017), Helsedirektoratet Presentert i HOD, avd for kommunehelsetenester Eksternt - interkommunalt Ressurspersonar i kommunen Politiske fora Dette arbeidet kjem i tillegg til politisk og administrative forankring som i stor grad var på plass innan forprosjektet starta opp. Vidare fokus i forankringsarbeide vil vera mot: Private aktørar Frivillige aktørar Presentasjon av prosjektet : Fagdag for 350 medarbeidarar i Omsorg - Fjell mars 2014 Lier kommune 25.03.14 Hordaland pensjonistforbund. 24.04.14 Reportasje i nyhetsbrevet til Gode Sirklar mai -14Møte om «Sjef i eige liv» versus velferdsprogrammet / bustadsosial handlingsplan i Fjell 19.05.14. Landsstyremøtet i Pensjonsistforbundet 04.06.14 Oslo. Leiarar i Bømlo kommune 17. 06.14 Leiarar i eldrerådet i Bergen, Askøy, Sund og Øygarden - Fjell 17. 06.14 SINTEF IKT og SINTEF Teknologi og Samfunn ( Avdeling Helse), Oslo 21. aug). HOD, avd for kommunehelsetenester (21. Aug.14) Koordineringsutvalget til Innovasjonssatsingen (innovasjon og næringsutvikling 2008-2017), Helsedirektoratet. Line Barmen/ Janne Mo. Svært gode tilbakemeldingar i etterkant av møtet både over presentasjon, engasjement og innhald. I møtet fekk deltakarane utdelt rapporten «Sjef i eige liv», dei har også på førespurnad fått tilsendt presentasjonen. Leiar for koordineringsutvalet ville kome tilbake med spørsmål til oss, men elles fekk vi råd om allereide no å laga ein solid finansieringsplan for hovudprosjektet og søkja økonomisk støtte mange stader, også EU prosjekt. Resultat i høve til identifiserte mål: 7

Konkretisera innhald i aksjonssenteret basert på ei kartlegging av brukarar og pårørande sine behov. o Forprosjektet har fått fram mykje kunnskap om behova til dei som er aktuelle brukarar av eit senter som dette. I stor grad gjeld dette det som kan kallast kvardagsassistanse og som er beskrive nærare under 5.2., både under «Viktige primærbehov for målgruppa» og «Ulike behov ei portalløysing må fylla». Her ser ein tydeleg kor stor plass trygghet og trivsel har for målgruppa. Det kjem og godt fram kva ulike portalar i eit slikt senter skal innehalda og korleis dei skal organiserast. Data i materialet har skaffa ei god oversikt over aktuelle arbeidsoppgåver, arbeidsmåtar, samarbeidspartar, kapasitet og organisering. Kartlegging av eksisterande frivillig innsats og test av potensial for dette i framtida. o Det er vist i 5.3 korleis ein vurderer behov og tilbod av slike tenester frå frivillige og kva dei bør innehalde. Her er det presisert at fagleg nærvær har stor betydning for sluttbrukar. Vidare kjem det fram ein del moment som er avgjerande for å kunne rekruttere frivillige og kva prosessar som skal til for å få dette til å fungere i det daglege. Det er sagt at det er tid for nytenking omkring det å engasjera frivillige. Prosjektgruppa har hatt god dialog om dette med sentrale organisasjonar som Kirkens Bymisjon, Tremor kirken og Frivillighetssentralen. Etablera kontakt med private aktørar omkring betalte tenester til denne brukargruppa. o Næringsråd i regionen er orientert om forprosjekt og forsøkt engasjert i ein prosess for å avklare forhold mellom kunde, leverandør og kommune. Forprosjektet har ikkje fått noko avklaring rundt bruk av rammeavtalar med private aktørar som skal auka tryggleiken til brukaren ved kjøp av slike private tenester. Ein viktig del av forprosjektet skulle handla om å identifisera private aktørar som kunne delta i utvikling av standardiserte løysingar for aksjonssenteret. I etterkant av forprosjektfasen er det sett i gang ein prosess saman med Innovasjon Norge med sikte på å presentere sentrale behov med tanke på å avdekke forretningsområde som kan vera aktuelle for eit utval av bedrifter. Bedriftene har respondert positivt på tilnærminga, der kommunen møter dei med meir opne «bestillingar» framfor heilt spesifikke krav. 5.2 Behovskartlegging Det er gjennomført ei grundig behovskartlegging med omkring 100 informantar. Desse fordeler seg på eldre med omsorgsbehov, pårørande til personar med demens, senioruniversitet, eldreråd, frivillige organisasjonar, tilsette i kommunehelsetenesta m.fl. Kartlegging av målgruppa sine primærbehov og tiltak/ tenester som vert etterspurde 9 gruppeintervju - ca 75 personar 9 intervju av brukarar med lite, middels og stort hjelpebehov. Alder 54 94 år møte med ein samfunnsengasjert og profilert mann på 88 år møte med 16 leiarar frå omsorgsavdelinga møte med lokal ressursgruppe av samfunnsengasjerte politikarar 8

5.2.1 INTERVJU OG DIALOG MED ULIKE SEKUNDÆRBRUKARAR SAMTALE MED ENGASJERT I FRIVILLIG ARBEID( C G RIEBER 88 år gml) Synspunkta nedfelt i «Sjef i eige liv» samsvarer bra med fleire prosjekt Rieber-fonda støttar. Viktig å avklare korleis private verksemder skal kunne ta del i prosjekt. Det må skapast begeistring kring prosjektet slik at fleire kan løfta i lag! Private «såkornsmidlar» som vert gjeve til frivillige som driv samfunnsnyttig arbeid er ein veg å gå. Men bedrifter må også sjå eigeninteressa i å vera med raus deltaking kan skapa ekstra engasjement frå tilsette. MØTE MED SENIORUNIVERSITETET / SOTRA OG ØYGARDEN Det var 39 frammøtte, også nokre frå Bergen som hadde lest om møtet på nettet. Etter presentasjon var det lett servering, tid til å svare på eit spørjeskjema og gruppedialog. Ein hadde 5 grupper med ca 8 10 i kvar. I nokre grupper var deltakarar referent. Spørjeskjema vart fylt ut av alle men nokon synest det var litt vanskeleg å svara. I samtalane kom det fram mange gode moment som er samla punktvis i referatet. MØTE MED LEIARGRUPPA i OMSORG 16 leiarar frå omsorgstenestene var tilstades, og «sjef i eige liv» var presentert. Dei vart ikkje intervjua, men svarte individuelt på same skjema som vart nytta på senioruniversitetet. SAMTALE I LOKAL RESSURSGRUPPE Den lokale ressursgruppa, sett saman av samfunnsengasjerte folkevalde (tidlegare og noverande), var til samtale med Line Barmen og Svein Fjelland. 8 av 14 personar stilte, først til kaffi med noko attåt og så til orientering og samtale. Vi orienterte først om «Sjef i eige liv» og forprosjektet. Under vegs vart det stilt spørsmål og kommentert med alvor og humor god stemning med andre ord! VIKTIGE PRIMÆRBEHOV FOR MÅLGRUPPA OG TILTAK EIN VURDERER KAN GJENNOMFØRAST I EIT HOVEDPROSJEKT Ut frå spørjeskjema og intervju er det samla 21 punkt som er vurdert å vera viktige for eldre som ønskjer å bu vidare i eigen heim. Det er ikkje gjort nokon prioritering av desse, men det er opplagt slik at nokre av punkta er av større betydning enn andre. Ei dekkjande overskrift kan vera «Behov for kvardagsassistanse». 9

IKT/portal løysing Det er gjennomført eit omfattande arbeid vedrørande IKT/portal løysing, dette omfattar spesielt den delen av aktivitet 3 i prosjektet, gjeld kartlegging og vurdering. I prosjektgruppa for dette delprosjektet deltok: Ivar Einarsen (Kultursjefen) Kjell Fyllingen (IKT-sjefen) Atle Justad (Rådmannen) Cecilie Krohn (Plan-og utbyggingssjefen), Janne Mo (Omsorgssjefen) Fredrik von der Ohe,(Servicetorgsjefen) Berit Vik (Kultursjefen) Maren Sekkingstad (Fjell frivilligsentral) Delprosjektet har sett på eksisterande IKT-løysingar for frivillig arbeid / portalløysing, mellom anna med kartlegging av organisatoriske og teknologiske del løysingar som er i bruk i frivillig arbeid både nasjonalt og internasjonalt. Basis har elles vore at Fjell kommune har lang erfaring med å rekruttera og behalda frivillige og veit at dette er eit utfordrande arbeid. I framtida er det behov for mange fleire frivillige og det er naudsynt å tenkja nytt kring arbeidsoppgåver, organisering og rekruttering. Erfaring frå andre kommunar, men også t.d. Danmark og England, kan gje innspel og ny retning for kva løysingar Fjell skal velja i utvikling av frivillig innsats i framtida. ULIKE BEHOV EI PORTALLØYSING MÅ FYLLA FOR BRUKAR, PÅRØRANDE, FRIVILLIGE OG TILSETTE 10

A. Portal for innmelding av behov for frivillige tenester : -Behov må kunne meldast inn av brukar/ pårørande/ andre i nettverk eller tilsette i kommunale tenester -Brukargruppa etterspør eitt kontaktpunkt (aktuelt med både telefon og data) -Etterspurde behov må kunne koplast geografisk og mot frivillige (enkeltpersonar eller lag) som har registrert at dei kan tilby denne tenesta og mot tidspunkt dei tilbyr denne tenesta på (kalender dei administrer sjølv) Spørsmål og moglege utfordringar: -Kven skal ta i mot meldingar og eller ha ansvar for aksjon -aksjonssenter / frivilligsentral/ begge? -Behandling av sensitiv informasjon ved innmelding av behov og overføring av oppdrag til frivillige -Overføring av naudsynte persondata (eks. fødselsdata, adresse og helseopplysningar) o -Overføring på telefon / faste «nøytrale skjema / teieplikt / samtykke frå brukar ( opne / sikre system)o -Er det berre administrator som skal søkja frivillige til å utføra enkelt oppdrag eller skal frivillige kunne «shoppa» oppdrag sjølv -Loggføring og utsjekk av innmeldte behov -i pasientjournal og eller i eige dokumentasjonssystem? B. Portal for frivillige som vil tilby sine tenester -enkeltpersonar og organisasjonar -Nettside / app -marknadsføring av namn må vera lett å finna -Nye som tek kontakt må vera mogleg både på nett/e-post og telefon Enkel informasjon om: -Definerte etterspurde tenester frå brukargruppa kva frivillig arbeid og enkeltoppgåver er det mogleg både for enkeltpersonar eller organisasjonar å «haka» av for at ein vil delta i? -Tilbod om opplæring / ev krav om kurs (kompetanse) / teieplikt -Kvar skal arbeidet utførast reise? Geografisk val. -Kostnader kva blir dekka? -Tidsbruk på oppdrag. -Oppfølging av frivillige -tilbod om kurs / samlingar m.m. -verdsetting -Sjølvadministrering av profil / logging / attest -logging av timar brukt og køyrelengde (utgifter) -Forplikting ved oppdrag / avbestilling. C. Portal for frivillige organisasjonar -Sjølvadministrering av side -Melder seg som gruppe som kan tilby tenester til etterspurde behov -Handterer sjølv å finne frivillige ansvar for eigne / opplæring mm. o -Kan ha eiga «verveside» -info. D. Administratorrolle -Ta i mot innmelde behov -marknadsføra oppdrag -Ha tilgang til profilar 11

-Kunna ta ut rapporter over behov, område, tidsbruk, kilometer, personar, logging av utførte oppdrag, ta ut for ulike lag/ ta ut sjølv. 5.3 Kartlegging og vurdering av eksisterande løysingar Det er etablert kontakt med ei rekkje institusjonar innanfor helseområdet, kommunar, høgskole og teknologiske miljø. Prosjektgruppa har skaffa seg god oversikt over aktuelle leverandørar på området og har sett nærare på ulike løysingar mellom anna i samband med messer/konferansar. Vidare er det er gjort besøk hjå brukarar av omsorgsteknologi både i Norge og andre land. Prosjektgruppa har hatt god kontakt med Lindåsprosjektet når det gjeld omsorgsteknologi og Bergen Legevakt når det gjeld organisering av vaktsentral. Høgskolen i Bergen og SINTEF har bidrege aktivt på eigen teknologidag for å skaffe oversikt over tilgjengeleg teknologi og ikkje minst om utviklinga hjå store internasjonale aktørar. Det er forventa at standard teknologi saman med god tilrettelegging og kontroll etterkvart vil gjera det enklare å bu lengre i eigen heim. Teknologi og organisering knytt til bruk i eit framtidig aksjonssenter har og vore tema i denne delen av forprosjektet. Det er meininga at aksjonssenteret mellom anna skal: Vera ein mottakssentral for tryggleiksalarmar og anna velferdsteknologi, «som gir deg rask og kompetent hjelp og at vi støttar deg i å mobilisera eigne og andre sine ressursar» Kunna respondera og vidareformidla telefonar frå innbyggjarane i kommunen til ulike aktørar Når det gjeld frivillig arbeid vart det peika på at fagleg nærvær var svært viktig for kvaliteten på sluttprodukt til brukarar. Det er og vurdert at eit ønskje om å hjelpe av ulike ideelle årsaker ikkje er tilstrekkeleg. Kirkens Bymisjon har frivilligheitskoordinator som kartlegg «motivasjon» for å delta, har inntaks-samtaler og gjev informasjon om ulikt arbeid ein kan velje å delta i. Hovudkoordinator arrangerer og temakveldar, fest og kurs for frivillige. I tillegg fins det oppfølging av andre koordinatorer som er knytt direkte til eitt tiltak og har ansvar for «sine» frivillige. Private tiltak innan eldreomsorg eller frivillige tenester mot heimebuande eldre, er eit område dei førebels ikkje hadde arbeidd med i Bergen, i motsetnad til eksempelvis i Oslo. Kirkens Bymisjon er interessert i å levera på områder «der få / ingen andre leverte». Er ikkje framand for å arbeida innan eldreomsorg i framtida og evt. ekspansjon av arbeidet til omliggande nye «småbyar» som til dømes Stord, Odda, Haugesund, Fjell og Os. Det er ei utfordring og spenningsfelt i deira arbeid å levere både non profitt- tenester og betalte tenester. Frivilligheitssentralen i Fjell formidlar at tida er inne for nytenking kring rutinar for rekruttering, kva oppgåver dei bør ha fokus på framover og korleis dei betre kan møte etterspurde behov hjå brukargruppa i framtida. Utsagn frå møter med ulike andre frivillige: Dei fleste ønskjer ikkje å forplikta seg til frivillig innsats over lengre tid, men seier gjerne ja til ei overkomeleg og avgrensa oppgåve. Viktig at oppgåvene er konkrete. Det var fleire framlegg til kva frivillige kan gjera. Døme på dette er å vera besøksvenn, å handla, å gå på kafe eller kino, å gå på tur, å lesa for eldre med svekka syn, å dansa, å vera «spise-venner», å gå på tur med den eldre sin hund eller tilby at den eldre kan stundevis få låna ein hund til tur-gåing, å reparera tøy etc. 12

Det vart også sagt at oppgåvene dei frivillige kom til å utføra burde «tangera» det dei elles gjorde, dvs ikkje heilt nye oppgåver. Det vart understreka at frivillige lag treng eit stadig påfyll av nye frivillige. Å utvikla enkel informasjon som kan nå mange er viktig for rekrutteringa. Kino-reklame er eit anna tiltak. Få også fram «what is in it for me». Ei nettside som kunne gje moglegheit for frivillige til å leggje inn kva ein ville delta på og kor tid, vart trekt fram som viktig. Fleire gav støtte til ideen om eit felles hus for frivillige lag. Det vil vera ei god investering for kommunen, vart det hevda med stort engasjement. Tremor-kirken har ein avtale med kommunen om å vera besøksvenn, utføra innkjøp o.l. Heimetenestene prioriterer kven som får eit slik tilbod. Ein representant for kyrkja sa td. at «Vi gjer dette med glede og med kvilepuls!» Han meinte også at «Sjef i eige liv» legg opp til eit varmare samfunn der folk hjelper folk. Det vil vera behov for kursing av frivillige t.d. held Røde Kors kurs for alle sine besøksvenner. 5.4 Bearbeiding av informasjon Kunnskap ein har vunne i forprosjektet er samla og brukt i presentasjonar både for frivillige, private bedrifter og offentlege organisasjonar, I tillegg er det brukt i lokale og nasjonale fora for å skapa interesse for tiltaket. Desse er viktige for å kunne utfordre fleire ulike miljø, og gjennom dette få innspel til behov og løysingar, sikre støtte og finansiering til gjennomføring av planar etter at forprosjektet er gjennomført. Det finst referat og rapportar som dokumenterer data og utviklinga i prosjektet. Rapportane som er utarbeidde vil vera tilgjengelege for dei som ønskjer å sjå nærare på resultata. 5.5 Finne bedrifter for vidareføring Lokalt næringsliv er orientert om planane i Fjell kommune gjennom Vest Næringsråd, som er næringsforeining for regionen. I etterkant av forprosjektet er det sett i gong ein prosess saman med Innovasjon Norge som tar sikte på å identifisere gode forretningsidear og leggje til rette for prosjekt der nye løysingar kan realiserast. Opplegget går ut på å samle relevante leverandørar og frivillige organisasjonar med lokal og nasjonal profil for å arbeide med tema i workshop over to dagar. Målet med dette er å skapa engasjement som kan bringe fram idear til nye løysingar som inkluderer leveranse frå private aktørar. Prosjektgruppa saman med andre ressurspersonar deltar i prosessen gjennom tilrettelegging i pre-workshop. 5.6 Konseptutvikling av ny løysing Næringsliv både lokalt og nasjonalt blir utfordra på konsept som kan passa inn i behovsområdet, dette gjeld mellom anna ein avansert portal til bruk i eit aksjonssenter og ulike tenester som skal lette tilvære for dei som treng spesiell tilrettelegging eller oppfølging i eigen heim. Resultat frå forprosjektet vil stå sentralt i utforming av eit nytt tilbod som skal gjera det trygt og meiningsfullt å bu i eigen heim, også for dei som vil ha bruk for hjelp i ein slik situasjon. Ein frivillig portal bør kunne tilby ulik tilgang for ulike brukargrupper, kunne handtere søk mellom etterspurde behov og geografiske område, profil for frivillige som og inneheld kalender med tidspunkt for når ein tilbyr sine tenester (inkl.org). Døme på deler av dette kan ein finne i nettsider for frisør/ hudterapeutbestilling/turnus portal vaktshopping. 13

Basert på ny kunnskap føreligg det eit godt grunnlag for å utvikle nye løysingar, på den eine sida saman med frivillige og på den andre sida private. Prosessen vidare vil måtte avklare nøyaktig innhald i dette. 5.7 Marknadsvurdering av ny løysing Prosessen som er sett i gong av Innovasjon Norge saman med prosjektgruppa vil kunne avdekka kva som fins av forretningspotensiale på området og om det er realistisk å utvikla nye konsept. Behov som er kartlagt gjennom forprosjektet vil bli presentert for bedrifter og frivillige som deltar på workshop. Det er forventa at fleire i større grad vil skaffa seg tenester til eigen heim gjennom ein open privat marknad. Ei marknadsvurdering på tekniske og organisatoriske løysingar er utfordrande sidan dette tildels handlar om produkt som ikkje fins i dag. 5.8 Bistand i etablering av hovedprosjekt Vidareføring i eit hovedprosjekt er avhengig av at representantar for leverandørar og frivillige organisasjonar fattar interesse for å delta i utvikling av løysingar til beste for dei som har bruk for desse tenestene. Det vil stilla store krav til koordinering frå dei som skal driva prosjektet vidare og det vil krevja betydelege ressursar om det skal lukkast å få fram eit nytt totalkonsept som kan vera kjernen i ein ny omsorgsmodell. Fjell kommune vil arbeida med intern avklaring av ressursbruk og eigen satsing på Sjef i eige liv. Prosjektgruppa vil følgje opp resultat frå forprosjektet saman med interesserte bedrifter med sikte på å skaffe ekstern finansiering til utvikling av innhald i aksjonssenteret. Det er diskutert korleis det kan utarbeidast søknader saman med forskingsmiljø til Regionalt Forskningsfond(Forskningsrådet) og til Innovasjon Norge saman med bedrift(er). 14

6 Konklusjon Prosjektet har gitt mykje ny kunnskap om eldre og omsorgstrengjande sine behov i forhold til det å bu i eigen heim. Ei grundig kartlegging av behov både hjå dei som treng tenester sjølv, pårørande, frivillige og andre relevante ressursar viser at det kan utløysast eit betydeleg potensial gjennom å organisera tenester frå private og frivillige ved sida av eit godt offentleg tilbod. Det er etablert kontakt med ei rekkje aktørar som kan vera aktuelle tenesteleverandørar i ein ny omsorgsmodell. Både bedrifter og frivillige er invitert inn i eit samarbeid med sikte på å utvikle tenestene som vil gje den beste omsorg for eldre som ønskjer å halda fram med å bu i eigen heim anten dei er sjuke eller på anna vis har bruk for hjelp. Forprosjektet har vist at engasjementet for dette er større enn ein såg for seg, både frå dei som skal bruka tenestene men og frå bedrifter og frivillige som kan vera aktuelle leverandørar til tenesteområdet. Prosjektgruppa opplever å ha fått mykje ut av arbeidet med forprosjektet og det ligg godt til rette for å realisere nye løysingar ut frå resultata som føreligg. Det kan byggjast vidare på kunnskap og nettverk som er bygt opp gjennom forprosjektet og det er på plass strukturar som det er viktig å ta med seg vidare. Dei nye tankane om måten å organisera omsorgstenester for framtida har fått støtte frå nær sagt alle hald. Både lokale og nasjonale myndigheiter har gjeve honnør til arbeidet som er sett i gong og positiv vilje frå virkemiddelapparatet gjev grunn til optimisme når det gjeld støtte til gjennomføring av dei ulike satsingar som vil koma. Dette gjev prosjektgruppa tru på at ein er på rett veg og at det skal vera råd å nå våre mål, på same tid er ein audmjuk i høve til kompleksiteten i dette og dei store utfordringar som knyter seg til å lukkast. Det står att å sjå på kva måte eit nytt konsept let seg realisera. Ambisjonane er høge og det vil krevje betydeleg innsats frå ei rekkje ulike aktørar om dette skal fungere godt. Målretta innsats i fleire retningar og god koordinering er avgjerande for å lukkast med denne satsinga. Prosjektgruppa opplever at forprosjektet har ført arbeidet med Sjef i eige liv nærare ei realisering, sjølv om det står store og viktige oppgåver framføre oss. 15

Helsebasert verdiskaping til beste for pasienter og samfunnet www.innomed.no 16