Uttale - Endringar i energilova og energilovforskrifta - konsesjonsplikt vindkraftanlegg m.m.

Like dokumenter
Kva må gjerast for å unngå dispensasjonar i LNF? Korleis unngår vi dispensasjonar, og kor må vi vurdere dispensasjonar i LNF?

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Hå kommune - Oversending av rapport etter undersøking av kommunen som miljøvernmynde etter forskrift om organisk gjødsel

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Klage på vedtak om konsesjon til etablering av Gilja vindkraftverk, Gjesdal

Brukarrettleiing E-post lesar

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Til deg som bur i fosterheim år

Vår ref.: Dag Loftesnes/Heidi Helle Deres ref.: Dato: 11. september 2015

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

BARN OG UNGE I PLANSAKER

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

ehandel og lokalt næringsliv

Saksframlegg. Sakshandsamar: Cornelis Erstad Arkiv: MTR 81/53 Arkivsaksnr.: 16/320-10

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 243/26 - reidskapshus og tilbygg hytte - Salbuvik - Utåker - Lars Magne Stølen

Oversending av Regionalplan Jæren innvendingar til retningsliner for handelsetableringar

Klage løyve til å plante sitkagran Øksnevad vid. Skule

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Høyringsuttale - Forskrift om miljøvurderingar av tiltak etter sektorlovar, kapittel 14 i plan- og bygningslova

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Retningslinjer for fortetting

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Høyring - forslag til endringar i plandelen i plan- og bygningslova

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

Deling av landbrukseiendommer til andre formål enn landbruk

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Brukarrettleiing. epolitiker

Løyve til planting av utanlandske treslag til juletreproduksjon

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Samfunnstryggleik og beredskap

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

FRÅSEGN TIL HØYRING OM FORSLAG TIL ENDRINGER I PLAN- OG BYGNINGSLOVA

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2. gongs behandling dispensasjon - 123/75 - brygge - sikring av kloakkleidning - Uskedalen - Jan Helge Pile

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

HØYRINGSUTTALE TIL RAPPORTEN "BELØNNINGSORDNINGA FOR BEDRE KOLLEKTIVTRANSPORT OG MINDRE BILBRUK - FORSLAG TIL NY INNRETTNING"

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

FORSLAGSTILLERS PLANBESKRIVELSE Datert: Mindre endring av reguleringsplan Skorpo Sørvest, byggeområde S11

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

DETALJREGULERINGSPLAN FOR LUSSAND, G/BNR 132/2

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Markus Mohn Werner Arkivsaksnr.: 12/ Mindre endring - Hodlekve-Fosskammen PlanID:

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Kulturlandskap på alles tunger

Årsmøte i Driftsassistansen mai Innhald i foredraget. Lovgrunnlag

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 30. juni 2015

Kommetarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding av Stødleterrassen

Søking til skuleåret

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Tysnes kommune - Hordaland - motsegn til områderegulering for Våge sentrum - vedtak

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

1. Bakgrunn: Regionalplan sjøareal havbruk vart vedtatt av fylkestinget 13.juni 2017, sak 41/17.

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 250/22 - driftsbygning i landbruket - Matre - Haldor Matre Skålnes

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

SAKSPAPIR. SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /12 ANSA Kommunestyret

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Transkript:

Dykkar ref.: 12/2007 Vår dato: 18.01.2013 Vår ref.: 2012/12126 Arkivnr.: 560 Olje og energidepartementet Postboks 8148 Dep 0033 Oslo Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51 56 87 00 F: 51 56 88 11 E: fmropost@fylkesmannen.no www.fylkesmannen.no/rogaland Uttale - Endringar i energilova og energilovforskrifta - konsesjonsplikt vindkraftanlegg m.m. Vi viser til brev frå Olje- og energidepartementet (OED) datert 07.12.2012, med forslag om endringa i energilova og energilovforskrifta. Konklusjon Vi støttar opp om endringa frå spenning til effekt for vurdering av om vindkraftanlegg krev konsesjon. Vi er også positive til at staten i spesielle høve kan krevje forhandlingsrett om tredjepartsleveranse og -tilgang til fjernvarmeanlegg. Vi rår også til følgjande: Totalhøgda for vindkraftanlegg, som ikkje skal konsesjonsbehandlast, bør reduserast frå 100 meter til 80 meter. Dette er meir i samsvar med effektgrensa på 500 kw, og gir ein viktig reduksjon i landskapspåverknaden. Det bør krevjast reguleringsplan for alle vindkraftanlegg med to vindmøller/turbinar, og alle anlegg der totalhøgda på vindmøllene er over 40 meter. På lik line med at NVE kan gi tidsavgrensa konsesjon, bør det kunne setjast ei tidsavgrensing for kor lang tid ein tillet drift av eit gardsvindkraftanlegg i tråd med Landbruk Pluss, etter plan- og bygningslova. Alle typar små vindkraftanlegg bør få vilkår om ei tidsavgrensing, på lik line med tidsavgrensinga for anlegg som krev konsesjon. Når handteringa av dei mindre vindkraftanlegga blir flytta frå energilova til plan- og bygningslova, bør også ansvaret for utarbeiding av rettleiar og saksbehandlingsretningsliner flyttast frå OED til miljøverndepartementet (MD). Fordi landbruket er ein viktig aktør ved utbygging av småskala vindkraft, bør også landbruks- og matdepartementet (LMD) involverast i utforminga av rettleiar og retningsliner. Det bør kome ei nærare avklaring på kva som er meint med ordet vesentlig i setninga Hvis anlegget i det vesentlige forsyner garden med egen energi., i rettleiaren Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss. Vi meiner vesentleg bør vere minst 80 % av total stasjonær energibruk på garden, inklusiv bustadhus og eventuelle tilleggsnæringar.

Vindkraft Det er bygd og planlagt fleire store vindparkar i Rogaland, med konsesjon frå NVE, heilt eller delvis i strid med Fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland. Vi har mange område med vindtilhøve som også gjer det interessant å setje opp mindre vindkraftanlegg. Og vi har mange gardsbruk med stor produksjon og energibruk, som gjer det aktuelt å etablere gardsvindkraftanlegg i tråd med landbruksomgrepet ( stadbunden næring ) og LNF-formålet, jf. rettleiaren Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss. Slik regelverket er tolka no, treng enkelte gardstilknytte vindmøller i utgangspunktet ikkje dispensasjon frå kommuneplanen, sjølv om kommunen kan vurdere å krevje det ut frå omsynet til samla belastning dei medfører for omgivnadene. Det at gardsvindkraftanlegg har ei slik særstilling, er utfordrande og vil etter vårt syn føre til at konsekvensar for omgjevnadane vil bli utfordrande å ivareta. Etter vårt syn burde gardskraftverk vore handsama som dispensasjonssak inntil kommunane hadde avklart dette i overordna plan med td. omsynssoner og føresegner for LNF-området i overordna plan. Vi ser både fordelar og ulemper med dei føreslegne endringane, med tanke på auka lokal medverknad sett opp mot ivaretaking av nasjonale og regionale interesser. I tillegg er det ei utfordring at plan- og bygningslova (PBL) ikkje gir høve for tidsavgrensing i saker i tråd med plan (dvs. gardsvindkraftanlegg iht. Landbruk Pluss), slik konsesjonslova har. Slike anlegg kan dermed ha store konsekvensar for framtidig ny arealbruk. Vi stiller oss positive til at kommunane får ei meir sentral rolle i planlegginga av kvar nye mindre vindkraftanlegg skal kunne etablerast, og godkjenning av slike anlegg. Føresetnaden er at vindkraft blir innarbeidd i kommunale planar, i kommunar der slike anlegg er mest aktuelle. Det bør krevjast reguleringsplan for alle vindkraftanlegg med to vindmøller/turbinar, og for anlegg der totalhøgda er over 40 meter. Det vil vere svært nyttig og etterlengta om det blir laga ein rettleiar for kommunane, med tanke på korleis dei skal handtere vindkraftsøknader og implementere temaet i kommunale planar etter PBL. T.d. vil ein i kommuneplanen kunne merke av kva område som er uaktuelle for vindkraftanlegg, og innarbeide kommunale retningsliner for behandling av vindkraftsøknader. Når handteringa av dei mindre vindkraftanlegga blir flytta frå energilova til plan- og bygningslova, bør også ansvaret for utarbeiding av rettleiar og saksbehandlingsretningsliner flyttast frå OED til miljøverndepartementet (MD). På grunn av opninga for gardsvindkraftanlegg i tråd med LNFformålet etter plan- og bygningslova, meiner vi at også LMD og landbruksforvaltninga må takast med på råd når MD skal lage ein rettleiar for kommunane. Rettleiaren bør helst vere ferdig i god tid før endringane i energilov og -forskrift trer i kraft, slik at kommunane kan førebu seg planmessig på nye oppgåver. Rettleiaren bør, slik det også står i OED sitt høyringsnotat, avklare korleis ein skal vurdere og handtere samla belastning av fleire vindkraftanlegg i eitt og same landskapsrom/-område. Etter PBL må fordelane ved ei etablering vere større enn ulempene. Men kva fordelar og ulemper skal vektleggjast, og korleis skal desse vegast mot kvarandre? Generelt bør ein ikkje bruke høgverdig energi (straum) til lågverdige energiformål (oppvarming, varmt vatn), der ein kan bruke lågverdig fornybar energi (t.d. pellets, flis, biogass). Dette bør også takast med i vurderinga, før ein tillet etablering av vindkraftanlegg, der bruksformålet hjå kunden er kjent, t.d. på gardsbruk. Side 2 av 5

Vi støttar forslaget om å endre konsesjonsgrensa for vindkraft frå ei spenningsgrense til ei effektgrense, og avgrensinga til maksimalt to vindmøller per prosjekt før det stillast krav om konsesjonsbehandling. Det er kan hende ryddigare om vindkraftanlegg med ein total effekt over 500 kw må konsesjonsbehandlast, medan dei til og med 500 kw kan behandlast av kommunen. Foreslått maksimal totalhøgde på 100 meter samsvarer ikkje med effektgrensa på 500 kw, då ein allereie i dag har vindmøller på 100 meter med ein effekt på meir enn 2 MW. Vi ber om at totalhøgda blir justert ned til maks 80 meter - ei høgd som samsvarer betre med effektgrensa på 500 kw. Redusert høgde vil også redusere landskapsverknaden av nye vindkraftanlegg, noko som vil vere svært heldig i område med store samanhengjande opne landskap som t.d. på Jæren. Installert effekt på vindmøller med ei totalhøgd på 90 meter, varierer mellom 500 til minst 800 kw. Følgjene for det omkringliggjande arealet vil vere omtrent like, uavhengig av installert effekt. Vi stiller oss derfor kritiske til samfunnsnytta ved å installere møller på 500 kw kontra 800 kw, og meiner at vindkraftanlegg på over 80 meter totalhøgde framleis bør konsesjonsbehandlast. Lovverket må bidra til at møller med lik storleik og estetisk uttrykk vert behandla likt ut frå verknaden på lokale forhold. Det er eit paradoks at ein i dag krev mindre omfattande saksbehandling av nye gardsvindkraftanlegg, og at dei kan vere enklare å få løyve til, enn fjerning av ein steingard i det same kulturlandskapet - til dømes på Jæren. I rettleiaren Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss står det at gardsvindkraftanlegg kan vurderast til ikkje å krevje dispensasjon frå arealformålet etter PBL, dersom ein vesentleg del av energiproduksjonen går til å dekkje energibehovet på garden. Vi saknar ei nærare avklaring på kor stor prosentdel som er meint med ordet vesentleg i rettleiaren - er det t.d. 51, 60, 70 eller 80 prosent? Ein høg prosentsats vil medverke til at det er dei bruka som har størst behov for og nytte av å etablere vindkraftanlegg, som får etablere slike. Dvs. ein moglegheit til å styre utbyggingar dit samfunnsnytta er størst. Samstundes vil det redusere risikoen for framtidige ønskje om frådeling, når vindmølla/turbinen er sterkt knytt til gardsdrifta. Dette er også noko ein bør tenkje på ved val av plassering av gardsvindkraftanlegg. Når NVE gir konsesjon etter energilova, gjer dei det for ein tidsavgrensa periode. Når kommunen gir byggjeløyve til gardsvindkraftanlegg etter PBL, utan dispensasjonsbehandling, er det eit varig byggjeløyve. Men søkjar kan velje sjølv å leggje inn ei tidsavgrensing i søknaden. Vi meiner det er svært uheldig om småskala gardsvindkraftanlegg ikkje skal kunne revurderast, etter ein periode på 20-25 år. Til dømes er energibehovet på gardsbruk sterkt knytt til produksjon. Det er derfor absolutt ikkje sikkert at dei vilkåra som gjaldt på etableringstidspunktet, framleis gjer seg gjeldande 20-25 år seinare. Vindkraftanlegg legg beslag på eit større omkringliggjande areal, med tanke på restriksjonar i høve utbygging i området rundt anlegget. Det bør ikkje bli slik at små gardsvindkraftanlegg kan styre arealbruken i all framtid i eit område. I så tilfelle bør effektgrensa og totalhøgda på slike vindkraftanlegg justerast svært kraftig ned, i høve forslaget om 100 meter og 500 kw, så lenge rettleiaren Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss står ved lag. Det er ei utfordring å sikre tilfredsstillande ivaretaking av nasjonale og regionale interesser, som t.d. urørte område, rovfugl, villrein og friluftsliv, dersom dei lokale interessene blir særleg framtredande i behandlinga av mindre vindkraftanlegg. Vi meiner derfor at endringane i energilov og -forskrift bør pålegge kommunane å krevje dispensasjonsbehandling av gardsvindkraftsaker, der det er naudsynt for å sikre at vesentlege nasjonale og regionale interesser blir tilfredsstillande høyrt og ivareteke i den kommunale saksbehandlinga. Vi er ikkje framande for ei endring slik at alle gardsvindkraftanlegg blir underlagt dispensasjonsbehandling med mindre det er positivt opna for slike i område som er vurdert i kommuneplan. Side 3 av 5

I Miljøverndepartementet sine Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg fra 2007 står det følgjande i kapittel 7.3: Der det foreligger regionale planer med retningslinjer for etablering av vindkraftanlegg vil disse være retningsgivende for de kommunale vurderingene. I forbindelse med revisjon av arealdelen til kommuneplanen kan det også gis retningslinjer for behandling av enkeltsaker. Vår erfaring er at kommunane i Rogaland ikkje har laga retningsliner for behandling av einskildsaker. Fleire kommunar på Jæren er saman i gong med å sjå på moglege retningsliner for gardsvindkraftanlegg, ut frå dagens energilov og -forskrift. Det vil vere ønskjeleg at fleire kommunar, i samanhengjande opne kyst- eller kulturlandskapsområde, blir stimulert til saman å lage felles saksbehandlingsretningsliner og oversiktskart for nei-område for småskala vindkraftanlegg i heile sitt område. Det vil sikre mest mogleg lik behandling av vindkraftsaker kommunane imellom, og leggje til rette for ei betre spreiing av vindkraftanlegga over eit større område. I Fylkesdelplan for vindkraft i Rogaland står det i kapittel 12.7 Store eller små vindkraftanlegg : Det er ikke ønskelig med mange små møller tilfeldig spredt ut over fylket. Generelt er det ønskelig med møller på minst 2-3 MW, både ut fra tekniske og miljømessige forhold. ( ) Det anbefales at vindkraftanlegg ikke bør ha færre enn 5 vindmøller, og ikke produsere mindre enn 10 MW i det enkelte prosjekt. Dette innebærer at det må føres en restriktiv politikk fra kommunene og energimyndighetene for å gjennomføre en slik strategi. Fylkesdelplanen opnar i liten grad for etablering av små vindkraftanlegg rundt om i fylket. Fylkesmannen støttar opp om dette ut frå tanken om at samfunnsnytta, målt opp mot samfunnskostnadene, generelt er større for store enn for små anlegg. Samstundes ser vi at t.d. vindmøller på Utsira og gardsvindkraftanlegg kan gi god samfunnsnytte, med forholdsvis låg samfunnskostnad, om tal vindmøller/-turbinar ikkje blir for høgt. Fylkesdelplanen er ikkje til særleg hjelp med tanke på lokalisering av småskala vindkraftanlegg. Å følgje MD sine retningsliner Der det foreligger regionale planer med retningslinjer for etablering av vindkraftanlegg vil disse være retningsgivende for de kommunale vurderingene. blir derfor til lita hjelp. Rogaland har sterk befolkningsvekst, til dels i område som også er aktuelle for vindkraftanlegg. Konfliktar med framtidige utbyggingsbehov er derfor påreknelege. Vi har mange landbruksaktørar i vindutsette område, med stort energibehov knytt til gardsdrifta og veksthusnæringa. Etterkvart som straumprisen aukar, ser vi for oss ei aukande interesse for etablering av gardsvindkraftanlegg særleg i ytre delar av fylket. Vi saknar per i dag styringsverkty for kva type småskala vindkraftanlegg kommunane bør seie ja til, kor mange anlegg eit område kan tåle og kvar anlegg skal plasserast. Ei heilskapleg planlegging og utbygging av småskala vindkraft er utfordrande i seg sjølv, og blir ikkje enklare om ansvaret blir fordelt over kommunane. Vi håper at OED. MD og LMD, gjennom endring av energilov og -forskrift og utarbeiding av svært konkrete eintydige sakshandsaming reglar, sikrar at småskala vindkraftanlegg berre kan etablerast der samfunnsnytta er svært stor i høve samfunnskostnaden. Forhandlingsrett om tredjepartsleveranse og -tilgang til fjernvarmeanlegg Det er positivt om staten kan sikre best mogleg utnytting av større etablerte fjernvarmenett. Vi er derfor for at staten for heilt spesielle tilfelle, der det er opplagt at auka samarbeid med tredjepart vil skape monalege samfunnsgevinstar, kan fastsetje ei forhandlingsplikt. Side 4 av 5

Det bør samstundes etablerast sterke insentiv for å tenkje felles utnytting av eksisterande varmeoverskot, før ein planlegg og etablerer nye fjernvarmenett. Forhandlingsplikta kan virke mot sin hensikt om den medfører at færre vel å byggje nett med konsesjon. Tora Aasland fylkesmann May Britt Jensen fylkesmiljøvernsjef Dokumentet er godkjent elektronisk av Fylkesmannen i Rogaland og krev derfor ikkje signatur. Saksbehandlar: Robijne Verstegen Saksbehandlar telefon: 51 56 89 91 E-post: fmrormv@fylkesmannen.no Kopi til: Miljøverndepartementet Postboks 8013 Dep. 0030 Oslo Rogaland fylkeskommune Sentrum Postboks 130 4001 Stavanger Landbruks- og matdepartementet Postboks 8007 Dep 0030 Oslo Side 5 av 5