1 Kvardagslege tema og sosial omgang 2 Familiemønster og samlivsformer, livsfaseseremoniar og høgtider 3 Likestilling og vern mot diskriminering 4 Helse, med særleg vekt på seksuell helse og rusmiddelbruk 5 Barns rettar og foreldrerolla 6 Vald i nære relasjonar 7 Seksuell trakassering og valdtekt 8 Demokrati og verdiar 9 Truslar mot demokratiet
Formålet med opplæringa er å førebygge vald i familien og vald utført av nære omsorgspersonar, og i tillegg auke kunnskapen om kva konsekvensar valden har for ofra og for dei som er vitne til valden. Arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting inngår også i dette temaet. Det skal leggast vekt på at både tvangsekteskap og kjønnslemlesting er forbode etter norsk lov, og at det strider mot menneskerettane.
1 Vald i nære relasjonar Vald er handlingar som påfører andre skade, smerte eller frykt. Vald i nære relasjonar er vald som nære omsorgspersonar utøver mot noverande eller tidlegare ektefelle, sambuar eller kjæraste eigne barn barn av noverande eller tidlegare ektefelle/sambuar søsken foreldre andre dei har omsorgsansvar for
Fysisk eller psykisk vald? 2 Case: Andreas liker ikkje at kona går på kafé med venninnene sine utan at han er med. Han vil kontrollere kvar ho er, og kven ho er saman med. Dersom kona protesterer, blir Andreas sint og truar med å slå henne. Kona har no slutta å møte venninnene sine. Ho føler seg einsam og trist og søv dårleg. I det siste har ho vore sjukmeld frå jobben også. Diskusjon: På kva måte kan oppførselen til Andreas kategoriserast som vald? Kva konsekvensar kan åtferda til Andreas få for både kona og Andreas sjølv?
Barn som er vitne til vald i familien 3 Å vere vitne til vald mot familiemedlemmer kan gjere barn svært utrygge. Tryggleik er viktig for barns utvikling. Å vere vitne til vald kan gi store emosjonelle og kognitive skadar.
Strafferamme for å utøve vald i nære relasjonar Den som utøver vald i nære relasjonar, kan straffast med fengsel i inntil 6 år. Den som medverkar til vald, kan straffast like strengt som den som utøver sjølve valden. Dersom mishandlinga er spesielt grov, er strafferamma inntil 15 år. 4
Kvar kan valdsutsette få hjelp? Den som blir utsett for vald, kan få hjelp hos politiet på krisesenter hos fastlegen på familievernkontor hos barnevernet 5
Behandling og terapi for valdsutøvarar Den som utøver vald, kan også få hjelp: hos fastlegen på familievernkontor hos Alternativ til Vold (ATV) 6
Ekteskap skal vere inngått av eigen fri vilje Ekteskap skal vere inngått av eigen fri vilje og med eige samtykke. Kvinner og menn har same rett til fritt å velje ektefelle. Ekteskapslova gjeld også for ekteskap som blir inngått i utlandet. 7
Arrangerte ekteskap vs. tvangsekteskap Arrangerte ekteskap, der foreldre og familie finn ein ektefelle til barnet sitt, er tillatne dersom begge partar giftar seg av fri vilje. Dersom éin eller begge partane blir pressa til å gifte seg mot sin vilje, er det tvangsekteskap. 8
Tvangsekteskap Erfaringar viser at tvangsekteskap førekjem oftare i miljø der det er vanleg at foreldre utøver sterk sosial kontroll med barn og unge gjennom heile oppveksten. Sterk sosial kontroll hindrar unge i å ta sjølvstendige val. Jenter er særleg utsette for sosial kontroll. Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og intersex-personar (LHBTI) med minoritetsbakgrunn er også utsette for tvangsekteskap. 9
Tvangsekteskap er forbode Det er forbode å ta barn/ungdom eller andre ut av Noreg for å gjennomføre tvangsekteskap i utlandet. Eit ekteskap som er inngått i utlandet der éin eller begge partar ikkje er til stades, blir normalt ikkje anerkjent i Noreg. Tvangsekteskap er ugyldige etter norsk lov og kan oppløysast. Ein ektefelle som er blitt tvinga til å inngå ekteskap, kan krevje skilsmisse. 10
Val av ektefelle Case: Memona er ulykkeleg. Foreldra hennar seier om og om igjen at dei synest det er på tide at ho giftar seg. Dei har foreslått fleire aktuelle menn frå heimlandet som dei meiner passar for henne. Memona er berre 19 år, ho ønsker å ta utdanning og synest sjølv at ho er altfor ung til å tenke på ekteskap. Ho er heller ikkje så sikker på om ho ønsker å gifte seg med ein frå heimlandet til foreldra. Ho vil ha rett til å velje sjølv. Men ho synest det er vanskeleg å seie dette til foreldra. I staden seier ho at norsk lov ikkje vil tillate at ho får ein mann til Noreg sidan ho er så ung og ikkje har fast jobb. Når ho seier dette til foreldra, begynner mora å gråte. Ho seier at Memona er altfor norsk i tankane sine, og går til sengs. Ho seier at om Memona ikkje kan gifte seg etter norsk lov no, så kan ho i alle fall forlove seg. 11
Val av ektefelle, forts. Diskusjon: Snakk saman om situasjonen til Memona. Kvifor trur de det er viktig for foreldra at Memona giftar seg? Trur de foreldra hennar vil sjå på ei forloving (religiøst inngått avtale) som ei akseptabel løysing? Kva vil ei forloving bety for livet til Memona? 12
Strafferamme for tvangsekteskap Straffa for tvangsekteskap er fengsel i inntil 6 år. Medverknad til tvangsekteskap blir straffa på same måte. Å lokke nokon til å reise ut av landet for å arrangere tvangsekteskap blir straffa på same måte. Eit tvangsekteskap eller barneekteskap som er gjennomført i utlandet, er straffbart i Noreg. 13
Kva er kjønnslemlesting? Kjønnslemlesting er ei felles nemning for kvinneleg omskjering. Kjønnslemlesting er eit inngrep der dei ytre kjønnsdelane blir fjerna heilt eller delvis, utan nokon medisinsk grunn. Kjønnslemlesting er ein tradisjonell praksis som er knytt til lokale normer og verdisett. Kjønnslemlesting er eit alvorleg overgrep og ei grov krenking av jenters og kvinners fysiske og psykiske integritet. 14
Helseplager og helsehjelp ved kjønnslemlesting Kvinner som er kjønnslemlesta, kan få store og alvorlege helseproblem. Gravide kvinner som er kjønnslemlesta, bør søke hjelp frå lege eller jordmor tidleg i svangerskapet. 15
Kjønnslemlesting er forbode Kjønnslemlesting bryt med menneskerettane og internasjonale konvensjonar som FNs kvinnekonvensjon og artikkel 24 i barnekonvensjonen. Det er forbode å ta med jenter som er busette i Noreg, til utlandet for at dei skal omskjerast. Tilsette i barnehagar, skolar, skolefritidsordningar, helse- og omsorgstenesta, trussamfunn og andre har plikt til å forsøke å avverje ei kjønnslemlesting, utan omsyn til teieplikta. Det kan dei gjere ved å melde frå til politiet eller ved å sende ei bekymringsmelding til barnevernet. 16
Strafferamme for kjønnslemlesting Det er forbode å utføre eller medverke til kjønnslemlesting. Kjønnslemlesting som er utført i utlandet, kan straffast i Noreg. Straffa er fengsel i inntil 6 år. For grov kjønnslemlesting er straffa 15 år. Strafferamma for å unnlate å forsøke å avverje ei kjønnslemlesting er bot eller fengsel i inntil 1 år. 17
Førebyggande arbeid Norske myndigheiter tar sterkt avstand frå kjønnslemlesting og har ansvar for å forhindre slike overgrep mot barn og unge som er busette i Noreg. 18