Rapport til HSAMU for lærlingar 2018

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Yrkesopplæringsnemnda Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato YN-3/17 Yrkesopplæringsnemnda UD 10/17 Utdanningsutvalet

Tilbod som ikkje blir sett i gang skoleåret

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Skolebruksplanen , høringsbrev

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Høringsbrev- ny yrkesfagleg struktur

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 58223/2014/ Melvin Tornes,

Ledig 2014/2015. Klassar 2015/2016

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Utbildning Nord

Skolebruksplanen , høringsbrev

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Fagopplæringsordningen ulike veier til kompetanse Sigrid Isdal Rådgiver fagopplæringskontoret

«Hjelp til selvhjelp for karriereveiledere i Møre og Romsdal»

Indikatorrapport 2017

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Ny vurdering av tilbod som ikkje vert sett i gang skoleåret 17/18 (UD-12/17)

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

I 2018 var det totalt nye lærlinger. Det er 987 flere enn i fjor

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Høringsbrev for skolebruksplanen 2019/2020

Tal søkjarar med ungdomsrett til opplæring i skule

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Høring om endringar i den yrkesfaglege tilbodsstrukturen. Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune

1. Fagleg støtte. 2. Medverknad. 0.1 Eg jobbar til dagleg i eit opplæringskontor 0.2 Eg jobbar til dagleg i ei bedrift/verksemd med lærling

1. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal - skoleåret 2015/2016 Søkjarar med ungdomsrett

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

Møteprotokoll. Utdanningsutvalet Møtestad: 700, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 3/2015

Oversikt over ledige skuleplassar per 26. juli 2019, per programområde. Lista vert ikkje oppdatert. Ta kontakt med den aktuelle skulen frå 12. august.

Vidaregåande opplæring Ditt val!

2. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, skoleåret Søkjarar med ungdomsrett

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Gjeldende per Ditt valg! Videregående opplæring

Polarsirkelen videregående skole

Utdanningsprogramma. Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Medium og kommunikasjon Kunst, design og arkitektur

Polarsirkelen videregående skole

LÆRLINGUNDERSØKINGA (nynorsk) Innhald

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Polarsirkelen videregående skole

Velkommen til kurs for faglig ledere og instruktører i lærebedrifter

Ulike veier til fag- og svennebrev

1. inntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, skoleåret 2012/ Søkjarar med ungdomsrett

I samfunnskontrakt for flere læreplasser er det et mål om at alle kvalifiserte søkere skal få tilbud om læreplass.

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Nr September. X-Meeting Point

Søkerstatistikk. Antall primærsøkere

1. ønske (Primærsøkjarar) til vgs i Møre og Romsdal 2015/ Ungdomsrett

-Ein tydeleg medspelar. Lærekandidatordninga. Varig arbeid

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

8. trinn 2019/2020 Bryne ungdomsskule

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

1. ønske (primærsøkjarar) til vgs i Møre og Romsdal 2014/ Alle søkjarar

Ditt valg! Idrettsfag Kunst, design og arkitektur Medier og kommunikasjon Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ny yrkesfagleg struktur- forslag til plassering av tilbod

Fylkestinget i Oppland Desember 2015

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjørnar Dahle Nils Peter Hole. Leiar Nestleiar

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Lærlinger vann og avløp Rosfjord, 26. november Trond Reinhardtsen

inviterer til Sogn og Fjordanemeisterskapen i yrkesfag den 14. februar 2018

Fagopplæring - muligheter i ordninga for lærlingar og lærekandidatar

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Trendar - Rådgjevarkonferansen 2019

Søkertall til videregående skoler i Oppland

Videregående opplæring i Follo

8. trinn 2017/2018 Bryne ungdomsskule

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Bodø videregående skole. Informsjon om vgs

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Ørsta vidaregåande skule Orienteringsmøte for foreldre/føresette til elevar på Vg2

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

Vedlegg 1: Klasser og elever skoleåret 2016/2017 per

Poenggrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Mandat for dei faglege nettverka i Møre og Romsdal

10. trinn. Foreldremøte

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

8. trinn 2016/2017 Bryne ungdomsskule. Overgangen til ungdomsskulen Andre framandspråk Valfag Besøk på ungdomsskulen og foreldremøte i juni

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

RAPPORTERING FYLKESPLAN 2014 SATSINGSOMRÅDE KOMPETANSE

Ny Ålesundstruktur. Utbygging av de vidaregåande skolane mot 2025

AQUARAMA, KRISTIANSAND september

Karaktergrense ved inntak til videregående skoler i Hedmark

Indikatorrapport Oppfølging av samfunnskontrakten for flere lærerplasser

Resultat førsteinntak 7. juli 2017

Transkript:

Rapport til HSAMU for lærlingar 2018 Flest vel yrkesfag I Møre og Romsdal vel framleis over halvparten av ungdomane yrkesfag. Det gjer oss til eit av dei største yrkesfagfylka i landet. I skuleåret 2018/19 var inntatte elevar med ungdomsrett, både eigne og gjesteelevar valde1921 ungdom yrkesfaglege studieprogram, medan 1615 valde studieførebuande utdanningsprogram. Inntatte elevar med ungdomsrett, både eigne og gjesteelevar, VG1 Tal elevar Endring 2017 til 2018 Per september 2016 2017 2018 Tal elevar Del Studieførebuande utdanningsprogram (ST) 1 741 1 774 1 615-159 -9 % Yrkesfaglege utdanningsprogram (YF) 2 023 1 895 1 921 26 1 % Totalt 3 764 3 669 3 536-133 -4 % Utdanningstype Utdanningprogram ST Idrettsfag 229 260 237-23 -9 % ST Kunst, design og arkitektur 51 51 52 1 2 % ST Medier og kommunikasjon 150 122 97-25 -20 % ST Musikk, dans og drama 122 131 128-3 -2 % ST Studiespesialisering 1 189 1 210 1 101-109 -9 % YF Bygg- og anleggsteknikk 221 190 189-1 -1 % YF Design og håndverk 122 103 92-11 -11 % YF Elektrofag 315 299 312 13 4 % YF Helse- og oppvekstfag 508 498 506 8 2 % YF Naturbruk 100 118 102-16 -14 % YF Restaurant- og matfag 121 119 95-24 -20 % YF Service og samferdsel 139 143 140-3 -2 % YF Teknikk og ind. produksjon 497 425 485 60 14 % Vurdering Arbeid med å skaffe fleire læreplassar I 2015 kom det eit fall i oljeprisen, noko som fekk store konsekvensar for mange næringar i Møre og Romsdal. Båtar vart lagt i opplag, arbeidstakarar vart permitterte eller oppsagde. Det er fortsatt etterslep etter fallet i oljeprisen, og dette påvirker lærlingesituasjonen innan fleire fag. Det er fortsatt vanskeleg å få lærlingplassar

innafor industrien, maritime fag og elektrofag, kor vi i 2018 oppretta Vg 3 i skole på Ulstein og Kristiansund vidaregåande skole. Og innafor Helse og Oppvekstfag er det ei utfordring med å skaffa nok læreplassar. I 2018 har vi godkjent 127 fleire lære og opplæringskontraktar enn i 2017. Utdanningsavdelinga arbeider kontinuerlig med å auke antal læreplassar og sette i verk fleire tiltak for å prøve å skaffe fleire læreplassar. Det vart sett i gang ei kampanje Yrkesfagenes år for å sette yrkesfag og mangel på læreplassar i fokus. Kampanjen retta seg mot bedrifter. Det var reklame på bussar og terminalar, samt informasjon på fylkeskommunen sine heimesider og andre sosiale media. For tredje år på rad igangsette utdanningsavdelinga aksjon ; Tenk framtid Bli lærebedrift.

Talet på inngåtte lærekontraktar: Dei siste åra har Fylkeskommunen måtte opprette fleire klassar med alternativ opplæring på VG3 nivå for å dekke opp mangelen på læreplassar. I 2017 blei det oppretta VG3 elektro i Ulstein, byggfag i Fræna, Helse og oppvekst ved Romsdal, IKT servicefag ved Ålesund og sveisefaget ved Haram. I YN-1/17 blei det oppretta fire regionale stillingar som formidlingskoordinatorar i full stilling for to år. Ansvaret til koordinatorene er å jobbe målretta for økt formidling av lærlingar og lærekandidatar. De skal også i samarbeid med leiingane i skolane og YFF lærarar rekruttere nye lærebedrifter. 1. oktober 2017 var alle fire på plass i sine regionar. Effekten av dette arbeidet vil vi sjå i 2018/19. I YN-2/17 fekk dei yrkesfaglege nettveka utvida oppgåver og ressursar for styrke deira arbeid med å skaffe fleire læreplassar. Mellom anna fekk kvar nettverksleiar auka sin ressurs tilsvarande 5 prosent stilling. Fylkeskommunen har tru på at eit betre samarbeid mellom skole og arbeidsliv er vegen å gå. Ved at elevane får god praksis i faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) og god dialog mellom aktørane i yrkesopplæringa er viktig. Hospitering av lærarar og instruktørar kan vere med på å skape slike samarbeidsarenaer. Det er også ei stor utfordring å få nok læreplassar i kommunane. KS har tidlegare anbefalt at kommunane bør ta inn 1 lærling pr. 1000 innbyggjarar. Ut i frå dei tala så er det ein del gode kommunar som har tatt inn lærlingar i samsvar med det måltalet. No har KS endra måltala og meiner at kommunane bør ta inn 2 lærlingar pr. 1000 innbyggarar. Det er mange søkarar til læreplass i helsearbeidarfag og barne- og

ungdomsarbeidarfaget så vi måtte, som nemnt tidlegare, opprette alternativ VG3 også for desse faga. God rådgiving og karriererettleiing til elevar er eit viktig tiltak slik at elevar som søkjer yrkesfag får god rettleiing om kva muligheit dei har for å få læreplass i eit fag og seinare arbeid. «Yrkesfagenes år» 2018 var «Yrkesfagenes år». Planlegginga av dette byrja allereie i 2017. «Yrkesfagenes år» er ein omdømmekampanje på nett og sosiale medier. Kampanjen skal spre informasjon om moglegheiter innan fag og yrkesopplæring og auke interessen for yrkesfaga. Eit av måla er felles innsats for å skaffe fleire læreplassar, og å sjå samanhengen med arbeidet i «samfunnskontrakt for fleire læreplassar 2016-2020». Vi byrja også arbeidet med ei lokal samfunnskontrakt i 2017. Vekslingsmodell Møre og Romsdal fylkeskommune starta hausten 2014, eit forsøk med vekslingsmodell i helsearbeidarfaget ved Kristiansund vidaregåande skole. Det var 13 elevar som starta med eit fireårig løp mot fagbrev. Det er då ei veksling mellom skole og arbeidsliv alle fire åra, med ei gradvis auke i praksis. Det vert ikkje starta opp eit nytt tilbod med denne modellen foreløpig. Det er ei utfordring å skaffe nok læreplassar i kommunane også for desse elevane. Ålesund vidaregåande skole starta opp med ein vekslingsmodell i service og samferdselfag i 2014 Tilbodet er over fire år og elevane vil få generell studiekompetanse i tillegg til fagbrev. Dei er no inne i sitt 3. opplæringsår. I 2015 starta Kristiansund vidaregåande skole eit liknande tilbod, dei er no inne i sitt 2. opplæringsår. Praksisbrev Kristiansund vidaregåande skole fortsett med praksisbrev skoleåret 2018/19 Tilbodet er meint for ungdom som har lettare for å lære av praktisk arbeid enn av teoretisk opplæring i skole. Elevane er 4 dagar i bedrift og ein dag i skole i to år. Den dagen dei er på skole vert det undervist i fellesfaga, matematikk, norsk og samfunnsfag. Modellen vi i Møre og Romsdal har utvikla der praksisbrevet er organisert liknande eit opplæringskontor, der ein tilsett ved skolen tek seg av oppfølginga av kandidatane og lærebedriftene, blir vidareført. Skolen bidreg med utarbeiding av lokalt tilpassa læreplanar og har eit auge med opplæringa også ute i bedrift. Frå i år skal ein nytte ordinære prøvenemnder ved utarbeiding og gjennomføring av praksisbrevprøva.

I Kristiansund er det no 12 kandidatar på kontrakt. Fem av dei på Vg1 og 7 er framleis med vidare på Vg2. Fleire av desse Vg2-kandidatane har fått lovnad om å få fortsette som lærlingar etter at praksisbrev-perioden er over. Skolen tilbyr fellesfag-opplæring for det tredje året og det er no seks som nyttar seg av dette tilbodet etter å ha blitt lærlingar. Vaksenopplæring Vaksenopplæringstilbod finn vi over heile fylket. Åtte av dei vidaregåande skolane i fylket har hatt tilbod om ulike yrkesfaglege kurs, fire har hatt tilbod om generell studiekompetanse. Det vart arbeidd med utvikling av tilbod innanfor fleire yrkesfag i samarbeid med andre aktørar i 2018, dette arbeidet held fram i 2019. Det er framleis flest vaksne innafor helse- og oppvekstfaga, størstedelen er minoritetsspråklege, og her arbeider ein no saman med kommunar og lokale NAV-kontor om ulike pilotar for å finne ein god samarbeidsmodell. Vi har og ein pilot innafor TIP-faga i gang dette skuleåret. Denne modellen skal vidareførast til andre fag dersom den er vellukka. I 2017 vart det gjennomført om lag 600 realkompetansevurderingar og 52 ulike kurs for meir enn 700 elevar, noko som er ein markant nedgang i høve dei tre førre åra. Hovudårsak er at målgruppa har endra seg mykje dei siste to åra. NM i yrkesfag Yrkes-NM vart arrangert 23. 25. oktober 2018 Hellerudsletta, Oslo/Akershus Lærlingar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune oppnådde følgande plasseringar: 1 plass Anleggsmaskinfører 1 plass Automatikar (lagkonkurranse) 2 plass Design og søm 1 plass Elektrikar 3 plass Servitør 3 plass Sveiser Yrkes-EM 2018 25.-29. vart arrangert september 2018 Budapest, Ungarn Lærlingar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune oppnådde følgande plasseringar: 4 plass Vinjar Vederhus (Ekornes) og Espen Brandtzæg Godø (Nordvest Miljø)

Skole-NM Det har vore arrangert lokale skolekonkurransar og fylkesmeisterskap i ein del yrkesfag hausten 2017 og våren 2018. Det har vorte arrangert konkurransar i følgjande fag * Bilfaget, leitte køyretøy * Bilskade, lak og karosseri * TIP industrifag * Kulde- og varmepumpeteknikk * Frisør * Interiør og utstillingsdesign * Design og tekstil * Kokk- og servitør Kristiansund vgs og Borgund vgs har arrangert ordinære fylkesmeisterskap med deltakare frå fleire skular. I enkelte fag har lokale skulekonkurransar fungert som fylkesmeisterskap der det har vore meldt på berre ein skule. Vinnarane frå fylkeskonkurransane deltok i etterkant på skule NM 2018 som gjekk av stabelen i Hedmark og Trøndelag i april månad. Fylket hadde 2 deltakarar i Trøndelag i faga kokk og servitør. Film og media frå Fræna vgs tok bronsemedalje i servitørfaget. I Hedmark deltok Møre og Romsdal fylkeskommune i faga kulde og varmepumpemontør, automatisering (lag på to), industrimekanikar, manuell maskinering, sveising, bilfag, leitte køyretøy og billakkering/bilskade, interiør og utstillingsdesign, design og saum. Kim Taeyeong, Borgund vgs, Møre og Romsdal tok gull i design og saum. Anton Nautnes, Romsdal vgs, Møre og Romsdal tok sølv i industrimekanikar. Ole Martin Glåmen, Haram vgs, Møre og Romsdal tok bronse i kulde- og varmepumpemontør.

Lærlingundersøkinga Undersøkinga er obligatorisk å gjennomføra for fylkeskommunane. Det er frivillig for lærlingane å svara på undersøkinga. Vi har tidlegare hatt ein jamn auke i talet på lærlingar som har svara på undersøkinga, men i 2016 vart det ein svarprosent på 39 prosent. I 2011 greidde vi i fellesskap med opplæringskontora å auke svarprosenten til 53% (47% i 2017). Hovudkonklusjonen er at lærlingane trivst og har eit godt læringsmiljø. Nokre få område får litt låg score. Det er på område som medverking, om lærlingane deltek aktivt med å planleggja eiga opplæring og på dokumentasjon, om det er skriftleg dokumentasjon på opplæringa. Somme lærlingar meiner at dei er litt lite førebudd på fagprøva. Dette prøver vi å retta på med å ha samtalar med opplæringskontora og gjennom lærlingsamlingar. Lærebedriftundersøkinga Parallelt med lærlingundersøkinga gjennomfører fylkeskommunen lærebedriftsundersøking. I denne undersøkinga får lærebedrifta seie si meining om læremiljøet og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Begge undersøkingane inngår som ein del av arbeidet med kvalitetsutvikling i fagopplæringa. I 2018 var svarprosenten på lærebedriftsundersøkinga på 78% (50% i 2017). På lærebedriftsundersøkinga oppnådde Møre og Romsdal Fylkeskommune best svarprosent av alle fylkene. Gjennomgåande er det tilfredstillande resultat i undersøkinga. Ein kunne likevel ynskja noko meir samarbeid mellom lærebedriftene og skolane for å sikra best mogleg overgang frå skule til læreplass og i YFF (faget yrkesfaglig fordypning tidlegare PTF). Ny lærling- og lærebedriftsundersøking fra 2018. Udir har i eit samarbeid med ei referansegruppe frå 3 fylkeskommunar jobba med å vidareutvikla undersøkingane. Her har Møre og Romsdal fylkeskommune delteke. I 2018 vart lærlingundersøkinga ny og forenkla. Lærebedriftsundersøkinga vert også forenkla. Den har blitt todelt. Ein del for lovpålagte rapportoppgåver for Opplæringskontor og lærebedrifter, samt for frottstående bedrifter (ny rapportmodul). Del to vil vera frivillig og fokusera på kvaliteten i læringsmiljøet fagleg og (psyko)sosialt. Årlig rapportering ble gjennomført for første gang i 2018 og her blei svarprosenten 71%. I rapportmodulen dokumenteres det at det meste er på plass i Opplæringskontor og medlemsbedrifter, samt frittstående lærebedrifter. Gjennomgående framstår intern opplæringsplan, representant for de ansatte og kjennskap til prosedyre for heving av lærekontrakt som områdene med størst utviklingspotensiale.

Lærlingsamlingar For å auke kvaliteten på fagopplæringa held Møre og Romsdal fylkeskommune faste årlege samlingar for både 1. års lærlingar og 2. års lærlingar. Dette er blitt teke godt i mot av lærlingane og det har vore stor deltaking. Vi har samling for 1. års lærlingar om hausten. På desse samlingane får lærlingane mykje nyttig informasjon om plikter og rettar og mange gode råd frå starten ute i bedrift. Vi har samling for 2. års lærlingar om våren. På desse samlingane er fokuset retta mot fagprøven og arbeidssøk. Lærlingane får òg moglegheit til å lufte saker og stille spørsmål dei lurar på mot slutten av læretida. 405 1. års lærlingar deltok på samling i 2018 og 375 2. års lærlingar. Instruktørkurs Vi held årlege kurs for nye faglege leiarar/instruktørar som skal rettleie lærlingar og lærekandidatar i bedrift. God rettleiing er ein føresetnad for god opplæring og ny rekruttering av fagarbeidarar. Kursa blir godt motteke og deltakarane får med seg nyttig verktøy med praktiske opplysningar til hjelp for å lykkast i arbeidet med lærlingane. Hausten 2018 deltok 314 faglege leiarar/instruktørar på desse kursa. Ny periode for prøvenemnder, 2020-2024 Vi er i gang med arbeidet med å få på plass nye prøvenemnder for perioden 2020 til 2024. Prøvenemndene består av kompetente fagarbeidarar som gjennomfører fag-, svenne- og kompetanseprøver. Prøvenemndene har ei viktig oppgåve med å sikre og å utvikle kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa. Arbeidet til prøvenemndene legg føringar for den faglege standarden på norske fagarbeidarar. Fylkeskommunen hentar inn forslag til medlemmar frå partane i arbeidslivet. Vi kan også om naudsynt hente inn forslag frå andre. Når dei nye nemndene er på plass i 2020 blir alle kalla inn til 2-dagers kurs i regi av fylkeskommunen. Fagprøver Det har vore gjennomført 1662 fagprøver i 2018 mot 1672 i 2017. I 2018 var det totalt 1598 bestått 64 ikkje bestått Lærlingar 941 bestått 33 ikkje bestått Skoleelevar 188 bestått 16 ikkje bestått Praksiskandidatar 448 bestått 15 ikkje bestått

Lærlingar i fylkeskommunen Atlanten vgs 2 1 Borgund vgs 1 Fagerlia vgs 2 Fræna vgs 1 Ikt-Servicefaget Kontor- og Barne- og Institusjons- Tot.alle fag adm.faget ungd.faget kokkfaget Kristiansund vgs 1 1 Molde vgs 3 Muritunet 2 Sentraladm. 2 Ressurssent. i Kristiansund Romsdal vgs 2 Sunndal vgs 1 Sykkylven vgs 2 Ulstein vgs 1 Ørsta vgs 1 Ålesund vgs 3 Totalt pr fag 21 3 1 2 27 1