SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006. Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet



Like dokumenter
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Samansette tekster og Sjanger og stil

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Inntak på særskilt grunnlag

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Finansiering av søknaden

Til deg som bur i fosterheim år

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Aurland kommune Rådmannen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Vår ref. 2008/ BS - 196/51 - naust og brygge - Toftevåg - Liv Karin Helvik Skjærven

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

10/60-14/N-211//AMS

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kvalitetsplan mot mobbing

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Plan for overgangar. for barn og unge

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Forslag frå fylkesrådmannen

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Tiltaksplan

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Vegvisar til vilbli.no

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Eksamen REA3015 Informasjonsteknologi 2. Nynorsk/Bokmål

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Transkript:

SPRÅKRÅDET Utdanningsdirektoratet Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO REF. VÅR REF. DATO 200200633-2 JG/SIG/ER 13.1.2006 Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet Vi viser til brevet 13.10.2005 frå Utdanningsdirektoratet vedlagt forslag til endringar i forskrift til opplæringslova. Fråsegna vår er delt i to, dessutan er eit notat vedlagt. Språkrådet har merknader til desse punkta: kapittel 1, 1-10 Fritak/unntak frå kravet til opplæring i norsk sidemål kapittel 2, 2-4 Nasjonale prøver kapittel 3 og 4, 3-19 og 4-23 Hjelpemiddel til eksamen kapittel 17, Kravet om språkleg parallellutgåve 17-2 Hovudregel 17-3 Unntak 17-4 Alternative måtar 17-5 Oppfølgingsansvar Språkrådet vil dessutan leggja fram merknader (side 5) til to paragrafar i opplæringslova, der det trengst presisering i ny forskriftstekst eller eventuelt kunngjering til skulane ved rundskriv. Det gjeld opplæringslova 2-5 Målformer i grunnskulen, første leddet og 9-4 Lærebøker og andre læremiddel, tredje leddet Til desse siste punkta følgjer eit notat som vedlegg. Venleg helsing Sylfest Lomheim direktør Eilov Runnestø rådgjevar Vedlegg: 1 Fråsegn frå Språkrådet til endringar i forskrifta til opplæringslova 2 Framlegg frå Språkrådet om nye forskrifter til opplæringslova Notat frå Språkrådet 13.1.2000 POSTADRESSE KONTORADRESSE TELEFON INTERNETT Postboks 8107 Dep Observatoriegata 1 B 22 54 19 50 www.sprakradet.no 0032 OSLO 0254 OSLO TELEFAKS www.språkrådet.no 22 54 19 51 post@sprakradet.no

Språkrådet 13.1.2006 1 Fråsegn til endringar i forskrifta til opplæringslova Innhald: kapittel 1, 1-10 Fritak/unntak frå kravet til opplæring i norsk sidemål. Merknad og framlegg kapittel 2, 2-4 Nasjonale prøver. Stør alternativ 2, med framlegg til tilleggstekst kapittel 3 og 4, 3-19 og 4-23 Hjelpemiddel til eksamen. Merknad og framlegg til tilleggstekst kapittel 17 Kravet om språkleg parallellutgåve 17-2 Hovudregel. Merknad 17-3 Unntak. Stør framlegget 17-4 Alternative måtar. Merknad og framlegg til tilleggstekst 17-5 Oppfølgingsansvar. Merknad og framlegg til tilleggstekst Kapittel 1, 1-10 Fritak/unntak frå kravet til opplæring i norsk sidemål skriftleg Det er i dag umogeleg å få tak i statistikk over kor mange elevar i t.d. Oslo som får fritak frå opplæring og vurdering i skriftleg sidemål. Forskrifta opnar for skjønn og sikrar ikkje kvaliteten på vurderinga av grunnlaget for å få slikt fritak. Språkrådet gjer merksam på at dei som etter 2-8 i lova i dag har rett til fritak frå opplæring i skriftleg sidemål, ikkje er ei einsarta gruppe, verken når det gjeld føresetnader for språklæring eller for kulturell integrering. Opplæring i sidemålet rører ikkje berre ved pedagogiske spørsmål, det er like mykje eit kulturpolitisk spørsmål. Forskriftsteksten må skilja dei som verken har norsk eller samisk som morsmål i to elevgrupper. Dei som følgjer læreplanen i morsmålsopplæring for elevar frå språklege minoritetar, bør få automatisk fritak frå både opplæring og vurdering i skriftleg sidemål. Dei som følgjer læreplanen i norsk som andrespråk, og som går heile grunnskulen i Noreg, skal ikkje automatisk få slikt fritak. Ettersom norsk som andrespråk er eit overgangsfag, der siktemålet med faget er å få elevane over i det allmenne norskfaget, må fritak frå opplæring i sidemålet vurderast berre dersom progresjonen for eleven i 8. klasse er slik at han/ho ikkje vil kunna ta del i opplæring i det allmenne norskfaget i vidaregåande skule. Me viser elles til arbeidsgruppa som vart nedsett av Utdannings- og forskingsdepartementet i 2005. I rapporten Framtidas norskfag blir det tilrådd (side 39) å utvikla retningsliner for overgang frå norsk som andrespråk til vanleg norsk. Språkrådet stør dette, og gjer nedanfor framlegg om å endra kapittel 1 1-10 i samsvar med denne intensjonen. Framlegg til forskriftstekst: For desse elevane gjeld ikkje kravet til opplæring i norsk sidemål skriftleg: elevar med opplæring i samisk som førstespråk elevar som får opplæring i teiknspråk etter opplæringslova 2-6 og 3-9 elevar som følgjer læreplanen i morsmålsopplæring for elevar frå språklege minoritetar For desse elevane kan kravet til opplæring i norsk sidemål skriftleg vurderast: elevar med samisk som andrespråk eller finsk som andrespråk

elevar som følgjer læreplanen i norsk som andrespråk Merknad I tråd med det som er nemnt ovanfor, stør Språkrådet arbeidsgruppa bak Framtidas norskfag når dei tilrår at opplæringslova kapittel 3 blir revidert slik at minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring får same rett til særskild norskundervisning som elevar i grunnskulen. Språkrådet stør dette, og gjer framlegg om å endra forskrifta. Kapittel 2, 2-4 Nasjonale prøver Språkrådet stør alternativ 2 og gjer framlegg om at denne setninga skal inn i andre leddet i forskrifta: Dei nasjonale prøvene skal liggje føre til same tid på nynorsk og bokmål. Kapittel 3 og 4, 3-19 og 4-23 Hjelpemiddel til eksamen Ved kgl.res. 13.1.84 vart Norsk språkråd godkjenningsinstans for ordlister, og opplæringslova slår i 9-4 fjerde leddet fast at ordlister til skulebruk skal godkjennast av Språkrådet. Me føreset at læreplanane for Kunnskapsløftet fastset at i norskfaget skal berre dei ordlistene og ordbøkene som er godkjende av Språkrådet, brukast til eksamen. Framlegg til tilleggstekst: Berre godkjende ordlister/ordbøker skal nyttast til eksamen i norsk i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Kapittel 17, Kravet om språkleg parallellutgåve 17-2 Hovudregel Det finst i dag ingen som fører tilsyn med at læremiddel ligg føre i parallellutgåver til same tid og til same pris. Dette er uheldig, ikkje minst for skuleeigarar, som kan risikera å ikkje få det læremiddelet dei kunne ynskt, nett fordi det ikkje finst på begge målformer. Språkrådet ber Utdanningsdepartementet om å forskriftsfesta eit slikt tilsyn. Sjå merknaden og framlegget vårt til 17-5 nedanfor. 17-3 Unntak Når det gjeld kravet om språkleg parallellutgåve, ser Språkrådet det som svært positivt at unntaket for administrativ programvare (kontorstøtteprogram) i 17-3 no blir oppheva.

Språkrådet har i mange år vore bekymra for den mangelfulle likestillinga mellom bokmål og nynorsk når det gjeld elektroniske læremiddel. Kontorstøtteprogramma er mellom dei aller viktigaste av slike læremiddel i skulen. Vi har sett det som eit brot på prinsippet om språkleg likestilling at det ikkje har vore stilt krav om at så sentrale dataprogram skulle liggja føre på begge målformer, og vi har teke saka opp mellom anna i brev til KUF 15. april 1999 og i brev til UFD 3. januar 2002. Det er svært gledeleg at unntaket i 17-3 no blir oppheva. Det er elles viktig at endringa blir kunngjord slik at skulane og skuleeigarane blir klar over den nye føresegna. 17-4 Alternative måtar I læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del, kan kravet om språkleg parallellutgåve oppfyllast med ei fellesspråkleg utgåve. 17-4, første leddet. Språkrådet har registrert at forlag gjev ut lærebøker i norsk for den vidaregåande skulen der 25 % av stoffet er på nynorsk, og kallar det fellesutgåve. Dette er ein hån mot elevar med nynorsk hovudmål og eit åtak på den sjølvsagde retten elevane har til å få læremiddel på si målform. Det må presiserast, anten i ei forskrift til denne paragrafen eller i eit rundskriv for skular og forlag, at i ei fellesutgåve er det om lag 50 50-fordeling mellom målformene. Det blir inga fellesutgåve om ikkje begge målgruppene (bokmåls- og nynorskelevar) blir til godesedde like mykje. Særs ille er det dersom det gjeld lærebøker i norsk. Framlegg til tilleggstekst: Fellesspråklege utgåver av lærebøker har tilnærma 50 50-fordeling av tekst på kvar av målformene. Eventuelt: Utdanningsdirektoratet syter for retningslinjer for målformfordelinga i fellesspråklege lærebøker, som skulebokforlaga må følgja. (Jf. 17-5.) 17-5 Oppfølgingsansvar Skoleeigaren har ansvaret for å følgje opp dei rettane elevane har til læremiddel på eiga målform ved mellom anna å ta i bruk godkjende lærebøker. Skoleeigaren har ansvaret for å sjå til at dei læremidla som blir brukte regelmessig i opplæringa, ligg føre i språklege parallellutgåver etter forskrifta 17-1 til 17-4. Språkrådet vil be Utdanningsdirektoratet syta for oversikter over kva tilfang som finst i parallellutgåver, slik at skuleeigarane får eit reelt val.

Framlegg 1: Det blir utarbeidd oversikter over godkjende læremiddel til bruk for skuleeigarane. Framlegg 2: Utdanningsdirektoratet har tilsyn med at læremiddel ligg føre i parallellutgåver. (Jf. merknad til 17-2.) Språkrådet vil vidare be om at ein instans følgjer opp målformfordelinga i dei fellesspråklege lærebøkene. Framlegg 3: Utdanningsdirektoratet har tilsyn med at skulebokforlaga følgjer opp kravet til målformfordeling i dei fellesspråklege lærebøkene.

Språkrådet 13.1.2006 2 Framlegg om nye forskrifter til opplæringslova Språkrådet peiker her på to paragrafar i opplæringslova som det trengst informerast om, eventuelt gjennom forskrifter, eventuelt ved eigne rundskriv. Det gjeld desse paragrafane: 2-5 Målformer i grunnskolen, første leddet 9-4 Lærebøker og andre læremiddel, tredje leddet Innhald: 1 2-5 Målformer i grunnskolen, første leddet. Merknad med framlegg 2 2-5 Målformer i grunnskolen, andre leddet. Merknad med framlegg til forskriftstekst 3 2-5 Målformer i grunnskolen, tredje leddet. Merknad 4 9-4 Lærebøker og andre læremiddel, tredje leddet. Merknad med framlegg 1 2-5 Målformer i grunnskolen, første leddet [ ] Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke. Språkrådet får ikkje sjeldan spørsmål som viser at det er stor uvisse blant foreldre og elevar om kva rettar elevar har når dei i 8. klasse vel ei anna målform enn det som er opplæringsmålet i klassen. Ofte er spørsmålet: Er den einaste retten eleven har, det at ho/han sjølv kan bruka den valde målforma? Me kan svara at lærarane bør oppmodast til å ta omsyn til og respektera målforma ein elev har valt. Men sidan dette er spørsmål som kjem att og att, viser det at det trengst regelverk for dette området. Det gjeld språklege rettar for ei elevgruppe, det gjeld at elevar skal makta å halda på nynorsk som hovudmål. Det einaste opplæringslova seier om mål og målbruk i den vidaregåande skulen står i 9-4 Lærebøker og andre læremiddel. Som elev i den vidaregåande skulen kan ein få problem når ein har ei anna hovudmålform enn det fleirtalet i klassen har. Det finst ikkje juridisk bindande reglar som sikrar slike elevar rett til å få oppgåver, prøver osv. på si målform. Framlegg 1: Språkrådet ber Utdanningsdirektoratet syta for å få utarbeidd forskrifter til opplæringslova 2-5, første leddet. Framlegg 2: Språkrådet ber Utdanningsdirektoratet syta for å få utarbeidd eit rundskriv som gjeld val av målform for elevar i den vidaregåande skulen. Det bør byggja på RVO 71/90 Elevar med eit anna hovudmål enn fleirtalet i klassen/gruppa. Jamfør elles det vedlagde notatet.

2 2-5 Målformer i grunnskolen, andre leddet I dag er det slik at sjølv om kommunen gjev føresegner om opplæringsmålform i 1. 7. klasse, er det ikkje alltid slik at læraren brukar opplæringsmålet i t.d. meldingar til heimen og, individuelle opplæringsplanar og innkallingar til foreldremøte. Framlegg til forskriftstekst: Administrasjonsspråket i skolen skal følgje opplæringsmålet. 3 2-5 Målformer i grunnskolen, tredje leddet Språkrådet vil peika på den uheldige formuleringa i tredje leddet: Foreldra vel målform i lærebøkene for elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. trinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet. Teksten er utydeleg og opnar for at foreldre kan velja ei anna målform i lærebøker enn det opplæringsmålet (hovudmålet) som kommunen etter første ledd gjev føresegner om. Språkrådet kan ikkje sjå at ein slik praksis er i samsvar med intensjonen i lovteksten i 2-5. Det er pedagogisk uheldig dersom foreldra vel ei anna målform i lærebøkene i 1. 7. klasse enn hovudmålet. Forskrifta bør gjera det tydeleg kva som er dei pedagogiske konsekvensane av at kommunen gjer vedtak om hovudmål i 1. 7. klasse. 4 9-4 Lærebøker og andre læremiddel, tredje leddet Språkrådet vil ta opp at det bør utarbeidast ei forskrift til lovteksten i 9-4 Lærebøker og andre læremiddel, tredje leddet, eventuelt lagast eit rundskriv ut frå lovteksten. Der står det no: Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk. Tidlegare fanst det reglar som fordelte bokmål og nynorsk i lesetekstar i norskfaget (kvotefordelingsreglar) i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Desse fall bort då den offentlege godkjenninga av lærebøker vart avvikla. Språkrådet har registrert at omfanget av nynorsktekstar minkar i norsklærebøker og i lesebøker og antologiar. Dette er elevar med nynorsk hovudmål lite tente med. Det er òg til ulempe for dei som har nynorsk som sidemål. Framlegg: Språkrådet gjer framlegg om at reglar for fordeling av bokmål og nynorsk i lesetekstar i norskfaget blir innarbeidde i ei særskild forskrift med heimel i opplæringslova 9-4, tredje leddet. Jamfør elles det vedlagde notatet.

NOTAT Frå: Til: Språkrådet Utdanningsdirektoratet Dato: 13.1.2006 Sak: Notat til forslaget om forskrift til to paragrafar i opplæringslova 1 2-5 Målformer i grunnskolen, første leddet og 2 9-4 Lærebøker og andre læremiddel, tredje leddet 1 2-5 Målformer i grunnskolen, første leddet [ ] Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke. Språkrådet får ikkje sjeldan spørsmål som viser at det er stor uvisse blant foreldre og elevar om kva rettar elevar har når dei i 8. klasse vel ei anna målform enn det som er opplæringsmålet i klassen. Ofte er spørsmålet: Er den einaste retten eleven har, det at ho/han sjølv kan bruka den valde målforma? Historikk Ungdomsskulen: Då grunnskulelova vart endra i 1985 slik at elevane kunne velja eige skriftmål frå 7. klasse, og ikkje frå 8. klasse som før, vart det ikkje sagt noko om ein rett til å få opplæring i den målforma ein valde som hovudmål. Elevar i 7. klasse i ungdomsskulen kunne såleis risikera å ikkje få undervisning i den hovudmålforma dei hadde valt, og berre sidemålsundervisning i hovudmålet i 8. 9. klasse. Men lova gav altså ikkje reglar for fordelinga av dei to målformene der det var språkblanda klassar på ungdomssteget. Norsk språkråd tok tidleg i 90-åra opp dette problemet med Utdanningsdepartementet. Me bad om at lova måtte endrast slik at elevar på heile ungdomssteget fekk rett til opplæring på hovudmålet sitt, fekk oppgåver og prøver også i andre fag enn norsk på hovudmålforma si, osv. Elles kunne retten til å velja målform lett bli illusorisk. Språkrådet bad om at dersom lova vart endra, måtte desse elevrettane sikrast gjennom dei nye forskriftene til opplæringslova. Det vart ikkje gjort. Den vidaregåande skulen Det einaste opplæringslova seier om mål og målbruk i den vidaregåande skulen, står i 9-4 Lærebøker og andre læremiddel. Som elev i den vidaregåande skulen kan ein få problem når ein har ei anna hovudmålform enn det fleirtalet i klassen har. Det finst ikkje juridisk bindande reglar som sikrar slike elevar rett til å få oppgåver, prøver osv. på si målform. I 1989 tok Norsk språkråd saka opp med Rådet for vidaregåande opplæring, og i 1990 vart ho drøfta på ei møte mellom RVO, Utdannings- og forskingsdepartementet og Språkrådet. Drøftinga førte til eit rundskriv, RVO 71/90 Elevar med eit anna hovudmål enn fleirtalet i klassen/gruppa. Dette rundskrivet

seier korleis undervisninga bør leggjast opp både i norsk og i andre fag dersom retten til å velja målform skal vera noko anna enn ein skinrett. Spørsmål frå foreldre og elevar til lovteksten i 2-5, første leddet: Korleis kunngjer skulen at elevane har denne retten? Finst det rutinar for å gje informasjon? Kven informerer? Går informasjonen til heimen? Kva går denne retten elevane har, ut på? Har dei rett til lærebøker i norsk på si målform? (Er dette klårt ut frå 2-5, tredje leddet?) Har dei rett til å få lærebøker i andre fag på si målform? (Er det underforstått ut frå 2-5, tredje leddet?) Har dei rett til å få prøver og oppgåver i norsk på si målform? Har dei rett til å få prøver og oppgåver i andre fag enn norsk på si målform? Har elevane rett til eksamensoppgåver også ved lokalt gjeven eksamen på si målform? Har elevane som vel ei anna målform enn opplæringsmålet for skulen, rett til å få skriftleg opplæring i 8. klasse, eller må dei venta til 9. klasse då ordinær sidemålsopplæring tek til? Språkrådet føreslo i merknadene til lovutkastet til opplæringslova i 1995 at val av eiga målform i 8. klasse burde føra til at elvane fekk skriftleg opplæring i begge målformene dei tre siste åra i grunnskulen. I første leddet står det vidare: Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Kva inneber dette for meldingar og anna skriftleg framstilling overfor elevar og heim? Bruker læraren her målforma til eleven, opplæringsmålet for skulen, eller rett og slett si eiga målform? (Jf. merknaden vår framfor til 2.5, andre leddet.) Fleire av desse spørsmåla kan synast vel detaljerte. Likevel er det slike spørsmål Språkrådet må gje utilfredsstillande svar på til dei som spør. Me kan svara at lærarane bør oppmodast til å ta omsyn til og respektera målforma ein elev har valt. Men sidan dette er spørsmål som kjem att og att, viser det at det trengst regelverk for dette området. Det gjeld språklege rettar for ei elevgruppe, og det gjeld at skulen gjev elevane god kompetanse i hovudmålforma si. For nynorskelevane gjeld det vidare at dei skal makta å halda på nynorsk som hovudmål.

2 9-4 Lærebøker og andre læremiddel, tredje leddet Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk. Språkrådet meiner det bør utarbeidast ei forskrift til denne lovteksten i 9-4 tredje leddet, eventuelt lagast eit rundskriv som orienterer både skuleeigarar og lærebokforlag om kva denne passusen i lova inneber. Tidlegare fanst det reglar som fordelte bokmål og nynorsk i lesetekstar i norskfaget (kvotefordelingsreglar). Dei var utarbeidde av Norsk språkråd og godkjende av Kyrkje- og undervisningsdepartementet 5.7.1978. Etter opplæringslova av 1998 og nye læreplanar for grunnskulen og den vidaregåande skulen vart det nødvendig å revidera dette regelverket. Styret i Språkrådet sende i november 1999 eit framlegg til nye reglar til fråsegn til Nasjonalt læremiddelsenter, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Den norske forleggerforening. Forslaget saman med høringsfråsegnene vart deretter sende til godkjenning i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Språkrådet føreslo at dei reviderte fordelingsreglane vart innarbeidde i ei eiga forskrift med heimel i opplæringslova 9-4, tredje leddet. I brev 14.2.2000 svara departementet at dersom forskrifta om godkjenning av lærebøker ville falla bort (det forslaget var då ute til høyring), ville ikkje opplæringslova 9-4 første ledd kunna brukast til å gje forskrift, då regelen sjølv ikkje inneheldt ein eigen heimel til å gje forskrift. På denne bakgrunnen vil spørsmålet om fordelinga av nynorsk og bokmål i lesetekstar i norskfaget berre vere regulert gjennom opplæringslova 9-4 tredje leddet, om at Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk. Grunnen til at Språkrådet ynskjer å få klårare retningslinjer for denne fordelinga, er at me får spørsmål om det er rimeleg med så stort bokmålstilfang som mange registrerer i norske lesebøker og antologiar. Me kjenner til at det i antologiar for vidaregåande skule rår ein fordelingspraksis på 30 40 % nynorsk. Då slike lærebokmanus var til språkleg godkjenning i Språkrådet, var 40 % nynorsk ei minimumsgrense. Grunnen til at ein ikkje krev ei 50 50-fordeling mellom målformene, er at leseverk også skal ta eit rimeleg omsyn til publisert norsk skjønnlitteratur, uavhengig av målform. Det er likevel ikkje rimeleg at elevar med nynorsk opplæringsmål får så lite teksttilfang på hovudmålet sitt. For bokmålselevane må det vera ein fordel med meir stoff på nynorsk, dei ser lite til det som er sidemålet sitt elles i samfunnet. Det bør ikkje vera opp til forlaga å leggja til rette på lærebokmarknaden. Deira omsyn til inntening og forteneste bør ikkje avgjera kva for læremiddel skuleeigarar der nynorsk er opplæringsmålet, har å velja blant.

Nedanfor gjev me att det forslaget til reviderte kvotefordelingsreglar som Språkrådet la fram for Utdanningsdepartementet i 1999. FORDELINGA AV HOVUDMÅL OG SIDEMÅL I LESETEKSTAR I NORSKFAGET Det er fastsett reglar for fordelinga av litteraturinnslag (både skjønnlitteratur og sakprosa) på hovudmål og sidemål i norskverka for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Desse fordelingsreglane gjeld anten lesetekstane er presenterte i separate litteraturbøker, i litteraturbøker med oppgåver eller i norskverk med språkstoff og litteraturutval i same boka. Forholdet mellom hovudmål og sidemål i litteraturutvalet på kvart klassesteg i grunnskulen skal vera om lag slik (det skal stillast same krav til både bokmåls- og nynorskutgåva): hovudmål sidemål 1. 2. steget 1/1 3. steget nokre få innslag på sidemålet 4. steget 5/6 1/6 5. steget 3/4 1/4 6. 10. steget 2/3 1/3 Forholdet mellom hovudmål og sidemål i litteraturutvalet for den vidaregåande skulen skal vera om lag slik: hovudmål sidemål Gr.kurs og VK1 og VK2 for all.fag.stud.ret. 2/3 1/3 Gr.kurs og VK1 for yrk.fag.stud.ret. 3/4 1/4 Blir litteraturutvalet/litteraturdelen av eit norskverk gjeve ut som fellesutgåve, skal den eine målforma ikkje vera representert med mindre enn 40 %. Dekkjer tekstsamlinga ein mindre litterær periode, må det vurderast om ein kan godta ei tekstmengd på mindre enn 40 % på den eine målforma.