Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Fonna HF Dato: 15.02.2011 Sakshandsamar: Saka gjeld: Kjellfrid Laugaland Norsk Pasientskadeerstatning rapport 2010, Helse Fonna HF Arkivsak Styresak 13/11 0 Styremøte 25.02.2011 Vedtak: Styret tar saka til orientering. 1
Om NPE. NPE er eit uavhengig statleg forvaltningsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. NPE behandlar erstatningskrav frå pasientar som har blitt påført skade etter behandlingssvikt innan helsetenesta. Privat helseteneste er inkludert frå 2009. Unntaksvis vert det også gitt erstatning sjølv om det ikkje føreligg behandlingssvikt. Dette gjeld særleg dersom skaden er spesielt stor eller uventa, og ikkje er eit utslag av risiko som pasienten må akseptere. Saksbehandlinga er gratis. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid er vel eitt år. NPE sine hovudoppgåver er: å avgjere om erstatningssøkjar har krav på erstatning og fastsetje storleiken på erstatninga. Erstatninga vert sett fast etter allmenne erstatningsrettslege reglar. Erstatningsutmålinga er individuell, og skal først og fremst dekke direkte tap eller utgifter ein har fått som følgje av skaden. Dersom skaden er varig og omfattande, kan ein i tillegg ha rett til meinestatning. Økonomisk meirutgift på under kr. 5.000 blir ikkje honorert. å bygge opp ein database som statistisk grunnlag for arbeidet til helsesektoren med kvalitetsforbetringar og skadeførebygging å informere om pasientskadeordninga til publikum, pasientar og helsevesen. Talet på mottekne saker i NPE i 2010, alle RHFa og Helse Fonna. Talet på innkomne saker til NPE held fram med å auke. I 2010 kom det inn 4352 nye saker totalt, mot 3938 i 2009. Saker frå primærhelsetenesta aukar mest. Årsaka til auken er truleg at ordninga nå er godt kjent i befolkninga og blant pasientar, at bevissthet om eigne rettar er meir framtredande, at privat helsevesen er inkludert frå 2009, og at helsepersonell i større grad informerer pasientar og pårørande om ordninga. Alle RHF - nye saker januar-desember 2010 Skadevolder Nye saker Jan-Des Nye saker 2009 Nye saker 2008 RHF 3 010 2 880 2 657 Helse Midt-Norge RHF 441 436 390 Helse Nord RHF 421 377 334 Helse Sør-Øst RHF 1 577 1 552 1 406 Helse Vest RHF 571 515 527 Auken har vore størst i Helse Nord (ca.14 %) og Helse Vest (ca. 10 %), liten i dei to andre regionale føretaka (ca 1 %). Antallet innmeldte saker er aukande, men må sjåast i samanheng over fleire år for å få fram statistisk skilnad. Helse Fonna HF - nye saker januar-desember 2010 Skadevolder Nye saker Jan-Des Nye saker 2009 Nye saker 2008 Helse Fonna HF 105 110 90 Folgefonn DPS 0 0 0 Helse Fonna,Valen sjukehus 1 1 2 2
Helse Fonna avd. Sauda Haugesund sjukehus 4 1 2 Helse Fonna Haugesund sjukehus, BUP polikl. 1 0 0 Helse Fonna Haugesund sjukehus, Langtidspoliklin. 0 0 0 Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus 54 70 59 Helse Fonna HF, Klinikk for psykisk helsevern 0 3 1 Helse Fonna Odda sjukehus 7 12 9 Helse Fonna Stord Sjukehus 37 23 16 Helse Fonna Stord Sjukehus DPS 1 0 1 Helse Fonna Stord sjukehus, BUP polikl. 0 0 0 Vurdering: Medan Helse Vest har hatt ein auke på 10 % frå 2009 til 2010, er talet på nye saker tilnærma uendra for Helse Fonna.samanlikna med året før. Av alle 571 sakene i Helse Vest i 2008, er 105 knytta til Helse Fonna., noko som tilsvarer 18,4 % (16,9 % i 2008). Dei fleste sakene er innan somatikk. Innan somatikk er det ein nedgang i saker ved Haugesund sjukehus og ein auke ved Stord sjukehus samanlikna med 2009, men ikkje meir vridning enn at det kan forklarast ved tilfeldige variasjonar. Medhald og avslag alle RHFa og Helse Fonna. Alle RHF - vedtak jan-des 2010 fordelt på medisinsk område Medisinsk område Medhold Avslag Sum Allmennmedisin 1 1 2 Anestesiologi 15 55 70 Annet 11 7 18 Blodsykdommer 2 3 5 Endokrinologi og metabolske forstyrrelse 6 30 36 Fordøyelsessykdommer 11 17 28 Fysioterapi, kiropraktikk, rehabiliter. 2 2 Føde 37 75 112 Fødselshjelp og kvinnesykdommer 48 108 156 Gastroenterologisk kirurgi 102 133 235 Generell indremedisin 2 5 7 Generell kirurgi 2 6 8 Geriatri 1 1 Hjertesykdommer 22 76 98 Hudsykdommer 2 11 13 Immunologi 1 1 2 Infeksjonssykdommer og venerologi 21 40 61 Karsykdommer 28 44 72 Kjevekirurgi og munnhulesykdommer 2 7 9 Lungesykdommer 3 12 15 Nevrokirurgi 13 57 70 Nevrologi 23 73 96 3
Nyfødtmedisin 7 9 16 Nyresykdommer 5 4 9 Odontologi 2 5 7 Ortopedisk 70 184 254 Ortopedisk kirurgi 344 455 799 Plastikkirurgi 7 16 23 Psykiatri / psykologi 34 120 154 Radiologi 1 3 4 Revmatologi 4 16 20 Svulster og kreftsykdommer 137 243 380 Thoraxkirurgi 5 4 9 Transplantasjon 3 6 9 Urologi 5 37 42 Øre-nese-halssykdommer 8 45 53 Øyesykdommer 12 42 54 Ikke kategorisert 32 63 95 Sum 1 028 2 016 3 044 Vurdering: 34 % av alle sakene har fått medhald, 36,4 året før. Dei største gruppene er ortopedisk kirurgi (totalt 799 saker, korav 43 % har fått medhald), svulstar og kreftsjukdomar ( totalt 380 saker, korav 36 % har fått medhald), gastroenterologisk kirurgi (totalt 235, korav 47 % har fått medhald). Deretter fylgjer psykiatri med 154 saker og ein medhaldsprosent på vel 20, og fødselshjelp og kvinnesjukdommar med 156 og medhaldsprosent ca 30. Tek ein med føde i siste gruppa, aukar talet til 268 med omtrent same medhaldsprosent. Helse Fonna HF - vedtak jan-des 2010 fordelt på medisinsk område Medisinsk område Medhold Avslag Sum Anestesiologi 2 2 Fordøyelsessykdommer 1 1 Føde 2 4 6 Fødselshjelp og kvinnesykdommer 3 1 4 Gastroenterologisk kirurgi 10 6 16 Hudsykdommer 1 1 Infeksjonssykdommer og venerologi 2 2 Karsykdommer 2 2 4 Nevrokirurgi 1 1 Nevrologi 3 4 7 Nyfødtmedisin 1 1 Nyresykdommer 1 1 Ortopedisk 5 13 18 Ortopedisk kirurgi 13 14 27 Plastikkirurgi 4 4 Psykiatri / psykologi 1 6 7 4
Revmatologi 1 1 Svulster og kreftsykdommer 4 4 8 Urologi 3 3 Øyesykdommer 1 1 2 Ikke kategorisert 1 1 Sum 46 71 117 Vurdering: Fleire har fått medhald i 2010 (40%) enn i 2009 (30 %). Fagområda med fleste saker er ortopedisk kirurgi ( 27 av 117), ortopedi utan operasjon ( 18) gastroenterologisk kirurgi (16 ), svulstar og kreftsjukdomar (8), psykiatri (7), føde (6). Innan ortopedisk kirurgi var det 30 melde saker i 2009, og 10 (33 %) fekk medhald. Medhaldsprosenten har auka innan ortopedisk kirurgi 50 % i 2010, anten fordi det er fleire graverande skader, og/eller fordi vurderinga er strengare/annleis. Innan gastroenterologisk kirurgi er det ein auke frå totalt 7 saker i 2009 med medhald i to av dei, i 2010 er det totalt 16 saker, og heile 10 (62 %) har fått medhald. Helse Fonna ser altså ut til å ha relativt fleire medhaldssaker enn landsgjennomsnittet, og fleire medhaldssaker innanfor dei største gruppene ortopedisk og gastroenterologisk kirurgi. Tala er likevel så små at det er vanskeleg å trekkje nokre konklusjonar; det kan dreie seg om naturlege variasjonar. Ein registrerer også at talet på saker innan gastrokirurgi har auka. For dei andre gruppene er tala endå mindre, og det er ikkje er formålstenleg å rekne ut prosentar eller vurdere trendar. Utbetaling av erstatningar. Alle RHF - erstatningsutbetalinger jan-des 2010 fordelt på medisinsk område Medisinsk område Utbetaling 225 000 Anestesiologi 12 204 127 Annet 2 566 500 Blodsykdommer 1 018 000 Endokrinologi og metabolske forstyrrelse 3 199 000 Føde 143 624 889 Fødselshjelp og kvinnesykdommer 22 971 684 Fordøyelsessykdommer 1 627 000 Gastroenterologisk kirurgi 28 446 309 Generell indremedisin 428 000 Generell kirurgi 1 179 000 Geriatri 40 000 Hjertesykdommer 33 688 363 Hudsykdommer 1 315 000 Infeksjonssykdommer og venerologi 13 288 792 Karsykdommer 9 332 000 Kjevekirurgi og munnhulesykdommer 1 370 000 Lungesykdommer 5 489 102 Nevrokirurgi 14 785 507 Nevrologi 18 686 057 5
Nyfødtmedisin 40 000 Nyresykdommer 962 000 Øre-nese-halssykdommer 13 003 240 Ortopedisk 24 971 827 Ortopedisk kirurgi 160 697 747 Øyesykdommer 5 709 000 Plastikkirurgi 517 700 Psykiatri / psykologi 17 660 412 Revmatologi 1 227 700 Svulster og kreftsykdommer 78 767 195 Thoraxkirurgi 1 580 000 Transplantasjon 2 920 000 Urologi 13 000 416 Sum 636 541 567 Vurdering: Utbetalingane er størst innan flg fagfelt: ortopedisk kirurgi, føde, svulstar og kreftsjukdomar, hjartesjukdomar, gastroenterologisk kirurgi, nevrologi, psykiatri. Auken totalt når private, kommunehelsetenesta og legemedelsaker er rekna med, er på 8 %, og er særleg knytt til effektivisering og fleire saker behandla i NPE. Den største auken er innan primærhelsetenesta, som i 2010 for første gong kom over 100 mill. Det er viktig å vere klar over at utbetalingane er korrelert til og rekna ut frå tapt arbeidsforteneste. Helse Fonna HF - erstatningsutbetalinger jan-des 2010 fordelt på medisinsk område Medisinsk område Utbetaling Føde 6 340 880 Fødselshjelp og kvinnesykdommer 690 000 Gastroenterologisk kirurgi 1 257 699 Karsykdommer 225 000 Lungesykdommer 320 000 Nevrologi 630 000 Ortopedisk 307 000 Ortopedisk kirurgi 3 392 425 Øyesykdommer 40 000 Psykiatri / psykologi 3 400 000 Svulster og kreftsykdommer 1 558 000 Urologi 200 000 Sum 18 361 004 Vurdering: Utbetalingane er størst i flg fagområde: Føde, ortopedisk kirurgi, psykiatri, svulstar og kreftsjukdomar, gastroeneterologisk kirurgi. Utbetalingane til føde, der summen er størst, er dei same som året før, medan utbetalingane til ortopedisk kirurgi ligg 2,5 mill under fjoråret. Psykiatri ligg høgt oppe samanlikna med nasjonale tal; dette skuldast ein skadesak med store konsekvensar for livsinntekt. 6
Utbetalingane er langt lågare for Helse Fonna sitt vedkomande for 2010 enn for 2009 medan summen i 2010 er 18,36 mill, var den 29,25 mill i 2009. Variasjonane kan feks. hengje saman med etterslep i saksbehandling og erstatningsutrekning, men ikkje minst tilfeldig samansetjing av skadetyper. For eksempel vil fødselsskader raskt trekkje summane opp ein påført alvorleg fødselsskade vil gje mange år med tapt arbeidsinntekt og gi store erstatningsbeløp. Oppsummering/konklusjon: Totaltalet for nye NPE saker har falle så vidt 2009 til 2010, men fleire pasientar har fått medhald der saka er ferdig handsama. Det er framleis som elles i landet flest saker innan ortopedisk kirurgi, og det kan sjå ut til at saker innan fagområdet gastroenterologisk kirurgi har auka. 7