Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING



Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKINGAR. Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø


TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nytt kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Lysheim skole Plan for å sikre elevene et godt psykososialt miljø

Kvalitetsplan mot mobbing

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

PLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ FOR ALLE ELEVER I ØSTRE TOTEN KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Handlingsplan mot mobbing

ALLE MED! TRIVSELSPLAN OG HANDLINGSPLAN FOR BRUDD PÅ 9a-3. Alle barn skal ha et godt og inkluderende læringsmiljø!

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Plan for å sikre elevene i Lenvik kommune et godt psykososialt miljø

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Til deg som bur i fosterheim år

Forord

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Plan mot mobbing/krenkende atferd Bergen Katedralskole

Oslo kommune Utdanningsetaten Kampen skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt miljø på Tuv og Ulsåk skular og sfo

Overordnet handlingsplan mot mobbing og krenkende atferd

VESTFOLD FYLKESKOMMUNE SANDEFJORD VIDEREGÅENDE SKOLE

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

ANDEBU SKOLE - kunnskap og utvikling

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Plan for et godt læringsmiljø ved Nordre Modum ungdomsskole

GISKE OPPVEKSTSENTER SKULE OG SFO

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Øystese barneskule April - 08

Handlingsplan for å sikre eleven et trygt og godt psykososialt skolemiljø ved Rosenborg skole

Handlingsplan for håndtering av krenkende atferd på Kastellet skole

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

1. AVDEKKING AV MOBBING

Velkommen til foreldremøte trinn høst Vesterskaun skole

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Plan for elevenes psykososiale skolemiljø

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Elevene sitt psykososiale arbeidsmiljø, mobbing og andre brudd på opplæringsloven 9a-3. Sentrum skole. Meldeskjema og tiltaksplan

Handlingsplan mot mobbing. Grunnskolen i Søgne

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Arbeid med det psykososiale miljøet. Byåsen skole

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

Føreord side 2. Innhald side 3. Førebyggjande arbeid side 4. Avdekking av mobbing side 5. Problemløysing side 6

Informasjon til elevane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Nissedal kommune Eining for skule Plan og rutinar for arbeid med elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø etter 9a-3 i Opplæringslova

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Elevklage på fysisk og psykososialt miljø

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Opplæringsloven noen sentrale bestemmelser

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING KJELDÅS SKOLE 2017

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

Internkontroll vedkomande elevane sitt skulemiljø kap 9a i opplæringslova

PLAN FOR ET GODT OG TRYGT SKOLEMILJØ BRØNNERUD SKOLE

Vedteken av kommunestyret i Samnanger i sak 54/13 den Forskrift om ordensreglement for skulane i Samnanger

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Transkript:

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Skulen har nulltoleranse i forhold til mobbing, både verbalt, non-verbalt, digitalt og fysisk. Skulen aksepterer heller ikkje rasisme, vald, truslar eller trakassering.

Vi definerer mobbing som langvarig vald, psykisk og/eller fysisk, retta mot eit offer og utført av enkeltpersonar eller grupper ( Roland ). Mobbing føreset eit ujamt styrkeforhold mellom offer og plagar (fysisk, psykisk eller sosialt). Utestenging er også ei form for mobbing. Barn som vert mobba får skadd sjølvbiletet sitt og problem både med sosial åtferd og læring. Difor er mobbing eit alvorleg problem både for dei det gjeld og skulen. For elevane er ikkje definisjonen det mest sentrale. For dei er det viktigaste at dei som jobbar på skulen tek del i, og er opptatt av samspelet mellom elevane. Med andre ord, vaksne som bryr seg og tek ansvar når noen blir mobba. Det er også viktig at elevane arbeider med å utvikle sosial kompetanse. Difor brukar vi Det er mitt val frå 1. til 7. klasse. Ungdomsskulen brukar «Alle har ei psykisk helse». Vi må og legge vekt på at elevane blir vane med å lytte til det andre seier og ha respekt for andre sine eigenskapar og personlegdom. Frå hausten 2011 begynte vi med PALS. Det inneber at vi jobbar systematisk med læringsmiljø (ansvar, respekt og omsorg ). TEIKN PÅ MOBBING KAN VERE - eleven kjem med øydelagde klede eller bøker - eleven går uvanlege vegar til og frå skulen - eleven kjem i siste liten til skulen - eleven stenger seg inne og vil ikkje ut etter skuletid - skuleprestasjonane går ned utan spesiell grunn - eleven vil ikkje på skulen og skuldar på vondt i hovudet og vondt i magen - pengebruken aukar - utstøytt frå gjengen, og frå uorganiserte aktivitetar i skuletida - lærar observerer at noko går føre seg, men elevane prøver å skjule det - eleven går åleine i friminutt - eleven får ikkje vere i lag med dei andre utestenging

Førebyggande tiltak Skulenivå Klassenivå Elevnivå/foreldre/rådsorgan Gå gjennom ordensreglement i klassane. Gjennomgang av ordensreglement,rutinar for handtering av mobbing i personalet ved skulestart. Kap 9 A 9 a, aktuelle punkt Arbeide med pals - forventningar og øve på forventa åtferd Alle rådsorgan: Ordensreglement, rutinar for handtering av mobbing og opplæringsloven kap. 9A, aktuelle punkt. Skulemiljøutvalet sine oppgåver og organisering. Skape trygge arenaer - bygningar og uteareal. Det må vere god vaksenkontroll, og all mobbing må følgjast opp over lang tid. Elevane blir aktivisert ute. Rutinar for overgang barnehage/skule og frå 7. trinn til 8. trinn. Felles aktivitetar på tvers av klassar. Felles måltid Årleg i elevsamtale gjennomfører kontaktlærar elevsamtale individuelt om mobbing. Vi bruker skjema frå Snakk med meg på mobbing.no Når yngre elevar føler seg utrygge, kan eldre elevar nyttast som fadrar. Kontaktlærar følgjer opp dei elevane vi er urolege for med individuell samtale. Noen får tilbod om faste samtalar med 9 a, elevane sin rett til å trivast Digitale media og mobbing på nett som tema i klassane Trivselsundersøking. Vi brukar eige skjema, munnleg for dei minste Elevundersøkinga Observasjon Foreldremøte og konferansetimar Foreldrestyrte tiltak: foreldra blir bedne om å arrangere noko for klassane i fritida Informasjon til foreldre, mellom anna på første foreldremøte og ei lenke på heimesida. Oppmode elevane til å seie frå viss dei blir mobba eller ser at andre blir mobba. Dette gjeld på skulevegen og. Elevsamtale minimum to gonger kvart år, jfr. skulenivå Resultata av elev- og trivselsundersøkingane lir drøfta i personalet, rådsorgana og skulen følgjer opp aktuelle saker. Rektor sitt ansvar å organisere dette.

personalet, helsesøster, fagarbeidar Palsteamet analyserer hendingsrapportar, set inn tiltak og vurderer effekten av dei. Invitere foreldra, via klassekontaktane, til å engasjere seg meir i klassene sitt læringsmiljø Heile personalet tek sjekkliste B i pals ein gong i året Elevrådet blir ein gong i året, beden om: å kartleggje stader på skulen som det er uttrygt å vere å uttale seg om kvaliteten på vakta i friminutt Rektor/inspektør får uttalen og sørgjer for å følgje opp det som kjem fram Alle frå 1. til 7. klasse brukar Det er mitt val Opplegget «Alle har ei psykisk helse» på ungdomsskulen Helsesøster og sosialped. rådgjevar har samtalegrupper med jentene i 9. klasse. Foreldremøte og konferansetimar Kontaktlærar samtalar individuelt Legg spesielt merke til endringar i eleven sine prestasjonar Læraren må spørje om kvaliteten på samspelet med andre Lærarane ser etter teikn På mobbing

Kva vi gjer når noen blir mobba Det kan vere eleven sjølv som seier frå, ein annan elev seier frå, ein tilsett får melding frå foreldre om eigne barn eller andre sine barn som blir mobba. Handlingskjede Handling 1 Tilsett som får meldinga orienterer kontaktlærar og rektor Ansvar Alle 2 Vurdere mistanke og identifisere offer Kontaktlærar og rektor 3 Undersøke påstand og omfang. Kontaktlærar og rektor 4 Bruk dokumentasjonsskjema. Den som melder og kontaktlærar 5 Kontaktlærar og/eller rektor har møte med den som blir mobba Kontaktlærar/rektor 6 Intervjue andre aktuelle elevar for å få Kontaktlærar eller rektor meir informasjon 7 Samtale med mobbar Kontaktlærar eller rektor 8 Samtale med offeret sine foreldre for å drøfte tiltak Kontaktlærar. Eventuelt også rektor 9 Samtale med mobbar sine foreldre Kontaktlærar. Eventuelt også rektor 10 Vurdere enkeltvedtak / gjere Rektor enkeltvedtak 11 Gjennomføre dei tiltaka som er avtalt Kontaktlærar/sos.ped rådgjevar 12 Oppfølging av tiltaka og vurdering av Kontaktlærar/rektor resultata 13 Oppfølgingssamtalar med mobboffer Kontaktlærar over tid 14 Oppfølgingssamtale med foreldre kan vere aktuelt Kontaktlærar/rektor

VARSLING AV MOGLEG MOBBING. Leverast rektor. Dette arket blir brukt av personalet til å dokumentere kva vi gjer i ein mobbesituasjon 1. Sei litt om det som har skjedd eller det du er uroleg for. 2. Viss det er ein konkret situasjon, sei noko om: Når oppstod situasjonen? Dato Klokkeslett: 3. Kven er innblanda? 4. Namn på dei som melder saka: Underskrift Dato

5. Plan for vidare arbeid og ansvar kven skal gjennomføre samtalane, når og korleis kven har ansvar for oppfølging og kontakt med heim/hjelpeapparat Tiltak Ansvar underskrift rektor dato

VEDLEGG Tillegg: Skjema til elevsamtale FORNAMN: KLASSE: DATO (mnd/år): Kontaktlærar fyller ut skjemaet. Spørsmåla må tilpassast alder, men det er viktig innhaldet blir omtrent som tenkt. Rammene for samtalen bør lesast opp for eleven, før intervjuet, f.eks: «Du kan sjølv velje kva for spørsmål du vil svare på, men det du seier må vere heilt sant. Berre dei vaksne på skulen og foreldra dine kan få kjennskap til det du seier. Ingen elevar på skulen får vite kva du har sagt dersom du ikkje ønskjer det.» Spm. 1: Korleis trivst du på skulen? Kva liker du best, og kva kan bli betre? Spm. 2: Kvifor trivst du i klassen? Kva liker du best, og kva kan bli betre? Spm. 3: Kven er du mest saman med i friminutta? Skulle du ønskje at du hadde fleire å vere saman med? Spm. 4: Korleis trivst du med dei vaksne på skulen?

Spm. 5: Har du vorte mobba av nokon på skulen den siste tida? Dersom ja, ønskjer du å seie kven som gjorde det? Spm. 6: Har du sett andre bli mobba på skulen den siste tida? Dersom ja, ønskjer du å seie kven som blei mobba og kven som gjorde det? Spm. 7: Har du mobba nokon på skulen den siste tida? Dersom ja, ønskjer du å seie kven? Spm. 8: Kan du nemne elevar som er spesielt flinke til å skape tryggleik og trivsel rundt seg? Spm. 9: Ønskjer du ein ny, lengre samtale med ein vaksen på skulen? I tilfelle, med kven? Takk for samtalen

Unnateke offtenlegheit i hht. Off.l. 13 jfr. Fvl. 13 1. ledd nr. 1 Enkeltvedtak om tiltak i forhold til elevens psykososiale miljø jfr. Opplæringslova 9a-3 Elevens namn, fødselsdato, klasse: Dato for henvendelsen: Henvendelsen er frå: Grunngjeving for vedtaket Heimel for vedtaket: Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. 9a-3. Det psykososiale miljøet Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan kjenne at han høyrer til og er trygg. Dersom nokon som er tilsett ved skulen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skuleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller foreldre ber om tiltak som har med det psykososiale miljøet å gjere, t.d. tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skulen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skulen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak. Forholda som vedtaket bygger på:

Skulen har undersøkt saka slik: Administrativt vedtak: Etter å ha undersøkt saka har kommunen kome fram til at elevens rett etter Opplæringslova 9a-3 er oppfylt og at fleire tiltak ikkje blir sett i verk. Vi ønskjer å ha ein dialog med deg om korleis eleven sin skulesituasjon utviklar seg. Etter å ha undersøkt saka er skulen usikker på om elevens rett etter Opplæringslova 9a-3 er oppfylt, men skulen fastset følgjande tiltak. (tiltak, varigheit, ansvar for oppfølging) Etter å ha undersøkt saka har skulen kome fram til at elevens rett til Opplæringslova 9a-3 ikkje er oppfylt, og skulen fastset følgjande tiltak. (tiltak, varigheit, ansvar for oppfølging) Saka er behandla administrativt etter fullmakt frå Rådmannen i tråd med delegera mynde. Du kan klage på vedtaket etter Forvaltningslova 28 og 29. Klage må vere skriftleg og grunngjeven. Frist for klage er 3 veker frå vedtaket er motteke. Eventuell klage sendast til den som har gjort vedtaket. Om klaga ikkje blir teke til følgje, vert den sendt vidare for endeleg avgjersle. Endeleg klageinstans er Fylkesmannen i Aust-Agder. Skulen skal kontaktast ved eventuelle spørsmål. Venleg helsing

Dokumentasjon av arbeidet vi gjer i ei konkret sak Mobbing frå medelev Loggføring gjev dokumentasjon til svar på spørsmål og til gjennomgang av situasjonen. Det bør grunngjevast dersom tiltak ikkje blir gjennomførte. Tala i parentes viser til handlingsplanen. TID TILTAK UTFØRT AV DETTE GJER VI STATUS Mistanke om mobbing meldt (1) Nærare undersøking (2,3,4) Vurdering av straffbare forhold Samtale med mogleg mobbeoffer (5) Intervjue andre aktuelle elevar for å få meir info (6) Samtale med mobbar (7) Orientering til offeret sine foreldre (8) Samtale med foreldre til mobbar (9) Eventuelt krav om enkeltvedtak (10) Gjennomføre dei tiltaka som er avtala (11) Oppfølging av tiltaka og vurdering av resultat (12) Oppfølgingssamtale med mobbeoffer (13) Orientere aktuelle foreldre (14)