saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 19.10.2018 115068/2018 Therese Thue Hvattum Marita Helene Halvari Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 12.11.2018 Fylkesrådmannens tilråding 13.11.2018 Eldrerådet 13.11.2018 Rådet for likestilling av funksjonshemma 14.11.2018 Fylkesutvalet 20.11.2018 Ungdomspanelet 10.12.2018 Fylkestinget 10.12.2018 Program for folkehelsearbeid i kommunane - søknad om å bli programfylke frå 2019 Bakgrunn KS og Helse- og omsorgsdepartementet, har gått saman om å etablere eit tiårig nasjonalt program: «Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027» (folkehelseprogrammet). Målet er å betre kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si psykiske helse og livskvalitet, samt fremje rusførebyggjande arbeid. Det skal leggjast vekt på å utvikle metodar og tiltak for å styrke barn og ungdommar sine eigne ressursar, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet, og hindre utestenging. Barn og unge i alderen 0-24 år er ei prioritert målgruppe, medan resten av befolkninga er sekundær målgruppe. Fylkeskommunane søker om å bli programfylke for ein periode på inntil 6 år. Årlege løyvingar frå Helsedirektoratet vil vere på 5-10 mill. kroner per fylke føresett løyve over statsbudsjettet. Det er eit mål at alle fylkeskommunane skal bli med i programmet. Søknadsfristen til Helsedirektoratet vil vere i januar/februar 2019 (endeleg søknadsfrist er ikkje kjent). For å søke om å bli programfylke til Helsedirektoratet, må fylkestinget eller den som er gitt mynde, vedta at fylkeskommunen skal søke. Fakta Psykiske plager og lidingar er nokre av våre største folkehelseutfordringar, men det har vore lite merksemd rundt kva ein kan gjere for å fremje psykisk helse i befolkninga. Det er fleire nasjonale dokument som byggjer opp om måla i folkehelseprogrammet. Regjeringa sin strategi for god psykisk helse (2017-2022), «Mestre hele livet», inneheld ein heilskapleg tverrsektoriell strategi for barn og unge si psykiske helse som omfattar både individ og samfunn. Strategien inneheld både helsefremjande, sjukdomsførebyggjande og kurative initiativ.
Måla for strategien er: 1. Psykisk helse skal vere ein likeverdig del av folkehelsearbeidet 2. Inkludering, tilhøyrsle og deltaking i samfunnet for alle 3. Pasienten si helse- og omsorgsteneste 4. Styrka kunnskap, kvalitet, forsking og innovasjon i folkehelsearbeid og i tenestene 5. Fremje god psykisk helse hos barn og unge Meld. St. 19 (2014-2015) «Mestring og muligheter», legg vekt på at psykisk helse skal få ein større plass i folkehelsearbeidet. Det er eit uttalt mål å inkludere psykisk helse som ein likeverdig del av folkehelsearbeidet. Fleire skal oppleve god psykisk helse, og dei sosiale forskjellane i psykisk helse skal reduserast. I Møre og Romsdal har vi fleire grunnlagsdokument som seier noko om korleis barn og unge opplever kvardagen og fritida. Etter folkehelseloven 21, skal fylkeskommunen kvart fjerde år utarbeide ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i fylket og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på den. I Møre og Romsdal vart dette sist gjort i 2015 og fylkeskommunen er no godt i gang med ei ny oversikt som skal vere klar i 2019. I «Regional delplan for folkehelse (2014-2017)»(T-78/13), som er vidareført i gjeldande regional planstrategi (2016-2020), er «Samfunnsutvikling for god start i livet» eit stort satsingsområde. Hovudmålet i delplanen er at barn og unge skal ha eit sunt og inkluderande oppvekstmiljø, som gjev dei høve til å oppleve meistring og til å utvikle sine evner og interesser. Ungdata-undersøkingar fortel korleis ungdommar opplever at dei har det i Møre og Romsdal. Undersøkinga er gjennomført i alle kommunar og nokre kommunar har gjennomført den fleire gonger. Når det gjeld psykiske plagar, er gjennomsnittstal for fylket som omhandlar å vere ulukkeleg, trist eller deprimert, tilnærma lik landstala i 2017. Tala viser samtidig ikkje nokon klar tendens til at unge i fylket har meir psykiske helseplager enn før. Tala viser vidare at det er dobbelt så mange jenter enn gutar som rapporterer om psykiske plager. Når det gjeld bruken av rusmiddel, er bruken av alkohol frå 2013 til 2018 gått frå å vere under landsnittet til at det i 2018 ligg på landsnittet. Tala svingar frå år til år. I 2017 låg Møre og Romsdal over landsnittet. Bruken av hasj og marihuana har hatt ei negativ utvikling i Møre og Romsdal, og veksten har vore raskare enn landsnittet frå 2013 til 2017. Fylket ligg likevel under landsnittet i 2017. Riksrevisjonen si nasjonale undersøking (Dok 3:11 2014-2015) viser at det er stor variasjon i kor langt kommunane har kome i å etablere eit systematisk folkehelsearbeid. Over halvparten av kommunane oppgir at psykisk sjukdom og plager er dei største folkehelseutfordringane, men dei er usikre på korleis dei skal møte dei. I Møre og Romsdal synleggjer BarneByks (2016) dei same utfordringane. Dette er ei kartlegging av barn og unge sine oppvekstvilkår i Møre og Romsdal. Kartlegginga vart gjennomført i regi av Fylkesmannen og fylkeskommunen. Den viser at det er stor variasjon i kompetanse og kapasitet i kommunane når det gjeld styrking av barn og unge si psykiske helse og rusførebyggjande arbeid. Kartlegginga viser også at dei fleste kommunane manglar ein heilskapleg strategi og felles tenking om oppvekstvilkåra til barn og unge. Møre og Romsdal fylkeskommune er med i prosjektet «Kartleggings- og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse (2015-2018)» (nærmiljøprosjektet) (RS- 23/16, kultur- og folkehelseutvalet). Prosjektet
tek mellom anna sikte på å styrke den kommunale folkehelseoversikta med meir kvalitativ kunnskap knytt til folkehelseutfordringar. Gjennom deltaking i nærmiljøprosjektet har vi fått eit betre grunnlag for meir kunnskapsbasert og systematisk arbeid for betre folkehelsa.. Erfaringar frå nærmiljøprosjektet vil vere nyttig å ta med seg inn i eit nytt folkehelseprogram. Om programmet og fylkeskommunen si rolle Kunnskapsgrunnlaget ovanfor viser at det er behov for meir kunnskap og erfaringar om psykisk helse og rusførebyggjande arbeid i Møre og Romsdal. Ungdataundersøkinga synleggjer ei negativ utvikling på desse områda. Samtidig viser kartlegginga BarneByks at dei fleste kommunane ikkje har ein heilskapleg strategi og ei felles tenking om oppvekstvilkåra for barn og unge. Samhandling om førebyggande tenester er heller ikkje tillagt stor vekt (BarneByks 2016). Folkehelseprogrammet sin hensikt er å styrke det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i kommunane. Ved programslutt skal kommunane ha meir kunnskap om korleis dei kan arbeide med førebyggjande arbeid innanfor psykisk helse og rus. Folkehelseprogrammet har fem delar som samla sett skal bidra til å styrke det helsefremmande arbeidet i kommunane : Kunnskapsbasert utvikling av tiltak i kommunane Kompetansestøtte og spreiing av erfaringar på tvers av kommunar og fylke Vidareutvikling og implementering av styringsdata Styrka samarbeid mellom aktørar Samordning av statlege føringar og verkemiddel retta mot kommunane Som programfylke er det venta at fylkeskommunen tek ei regional samordningsrolle. Rolla inneber mellom anna: 1. Vere regional program- og prosjektleiar 2. Stimulere til utvikling av lokale tiltak gjennom samarbeid med kommunar, kompetanse- og forskingsmiljø og andre relevante aktørar som Fylkesmannen, NAV, KS, ungdommar og frivillige 3. Etablere eit regionalt samarbeidsorgan for å forankre utviklingsarbeidet i kommunane og knytte forskingskompetanse til tiltaka 4. Ha eit overordna ansvar for framdrifta i det regionale samarbeidsorganet og ta hand om sekretariatsfunksjonar 5. Utarbeide kriterier for tiltak i kommunane som samarbeidsorganet godkjenner 6. Sikre at tiltaka leggjast opp på ein slik måte at dei kan evaluerast 7. Knytte forskingsmiljø til tiltaksutvikling slik at dei tiltaka som er eigna for forsking blir forska på 8. Inngå formelle samarbeidsavtaler med kommunane om utvikling av tiltak 9. Vere økonomisk og administrativt ansvarleg overfor Helsedirektoratet Det er allereie tatt initiativ til å opprette samarbeidsorganet, jf. punkt 3 ovanfor om fylkeskommunen si rolle. For å sikre medverknad frå målgruppa ser ein for seg at ein representant frå ungdomspanelet sitt i samarbeidsorganet. Det er innspel frå samarbeidsrådet som skal leggjast til grunn for endeleg utval av kommunar og tildeling av midlar.
Tabellen under gir ei oversikt over element som må vere på plass i søknaden med frist januar/februar 2019, jf. vedlegg 2 og 3: Må vere med i søknad Mål for fylket sitt programarbeid Dialog med kommunane Plan for etablering av samarbeidsorgan Plan for samarbeid med kunnskaps- og forskingsmiljø Kriterier for utvelging av kommunar og tiltak som skal få tilskot Plan for medverknad frå ungdom i programperioden lokalt og regionalt Plan for samarbeid med kommunane i utarbeiding og oppfølging av tiltak Plan for kvalitetssikring av at tiltak er kunnskapsbaserte og i størst mogleg grad tilrettelagt for evaluering Programarbeidet si forankring administrativt og politisk i fylkeskommunen Plan for finansiering og fordeling av midlar Status vår søknad Kommunane er bedne om å gi tilbakemeldingar på forslag til mål. Tilbakemeldingane frå kommunane vil bli lagt fram for samarbeidsorganet i november 2018. Fylkeskommunen har lagt opp til medverknad frå kommunane gjennom samlingar for folkehelsekoordinatorane og moglegheiter for skriftlege innspel. Det er oppretta eit breitt samansett samarbeidsorgan med 20 representantar. Organet er leia av leiar for kultur- og folkehelseutvalet. Første møte i samarbeidsorganet er den 28. november 2018. Det er etablert kontakt med Høgskolen i Molde, Høgskulen i Volda, Møreforsking, KoRus og RKBU. Alle stiller seg positive til å delta i ei FoU-gruppe. FoU-gruppa vil vere representert i samarbeidsorganet. Samarbeidsorganet har ein rådgivande funksjon i høve val av tiltak. Administrasjonen utarbeider forslag til kriterier som blir godkjent av samarbeidsorganet, og som vil bli lagt ved søknaden. Ungdomspanelet er kontakta og folkehelseprogrammet er tema på møte i desember 2018. Arbeidet med plan for samarbeid er starta. Planen skal forankrast i samarbeidsorganet. Arbeidet med plan for kvalitetssikring er starta. Planen skal forankrast i samarbeidsorganet. Politisk behandling i 2018 og 2019. Plan er under utarbeiding ut i frå ein årleg ambisjon om tilskot på 7 mill. kroner over seks år, totalt 42 mill. kroner i planperioden.
Nærmare om innretting og mål i søknaden frå Møre og Romsdal fylkeskommune Utvikling av tiltak i kommunane er heilt sentralt i folkehelseprogrammet. Det har vore viktig for fylkeskommunen å sikre medverknad frå kommunane frå byrjinga. Dette for at kommunane kan gi innspel, føle eigarskap, samt at den tematiske innretninga er relevant for kommunane. Det er innhenta innspel frå kommunane på samlingar for folkehelsekoordinatorar, i tillegg til innspel frå andre sentrale aktørar som KS, NAV og høgskulane. Ut frå desse innspela er det utarbeidd eit forslag på tematisk innretning som er sendt kommunane. Tilbakemeldingane har vore udelt positive. Med forankring i kommunane er det overordna temaet satt til: «Frå utanforskap til innanforskap». Temaet rommar dei innspela som har kome inn, samtidig som det er eit tema som andre samarbeidsaktørar har på dagsorden. Følgjande mål for programmet er føreslått: Resultatet av programmet (hovudmål): Barn og unge i Møre og Romsdal skal oppleve innanforskap gjennom å vere del av eit fellesskap, ha positive relasjonar til vaksne, jamgamle og yngre Barn og unge skal gjennom tilhøyrsle og mestring ha høve til medverknad i sin kvardag og på sine arenaer. Dei skal ha trygge rusfrie møteplassar Programmet skal medverke til å utvikle kunnskapsbaserte tiltak, arbeidsmetodar og verktøy for å fremje innanforskap som gjer at kommunane i Møre og Romsdal aukar sin kapasitet og kompetanse til å drive eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid kring temaet Resultatet i programmet (resultatmål): Kommunane skal vidareutvikle og implementere styringsdata og anna kunnskapsgrunnlag Kommunane skal sette i verk kunnskapsbaserte, innovative tiltak Deltakarane i prosjektet har etablert gode læringsarenaer og vidareformidlar erfaringar og kunnskap frå prosjektet, slik at kommunar som ikkje er med dreg nytte av dette Alle tiltaka og metodane som blir prøvd ut i programmet er evaluert. Evalueringa skal andre kommunar i og utanfor fylket dra nytte av Programmet skal bidra til økt forsking på tiltak, arbeidsmetodar og verktøy i kommunane Fylkeskommunen sin regionale samordningsrolle er styrka og stimulerer til kunnskapsspreiing og erfaringsdeling på tvers av kommunar og sektorar Fylkeskommunen har forvalta midlane til tiltak i samsvar med sette kriterier slik at det blir lagt til rette for måloppnåing Økonomiske rammer Programfylka får tildelt midlar frå Helsedirektoratet etter søknad. Desse skal nyttast til lokal tiltaksutvikling for å fremje psykisk helse, livskvalitet og rusførebyggjande arbeid for barn og unge. Dette betyr at midlane skal gå til tiltak i regi av kommunane og det er forventa at kommunane bidreg med eigeninnsats. Det er mogleg for vidaregåande skoler å søke i samarbeid med kommunen.
For fylkeskommunen inneber status som programfylke at vi sjølve må dekke utgiftene til våre forpliktingar. Det betyr samlingar for kommunane og kontakt med FoU-miljø. I Meld.St.6 (2018-2019) «Oppgaver til nye regioner» er signala frå Helse- og omsorgsdepartementet at dei tek sikte på at midlane i folkehelseprogrammet skal innlemmast i rammetilskotet til fylkeskommunane etter programperiodens slutt i 2027. Vurdering Fylkesrådmannen ser at deltaking i folkehelseprogrammet vil vere ei god støtte for det lokale og regionale folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Deltaking i programmet vil tilføre Møre og Romsdal ny kunnskap og økonomiske midlar til å styrke arbeidet med psykisk helse og rus blant barn og unge. Fylkeskommunen si rolle som koordinator i folkehelsearbeidet er forankra i vedtak i sak T-32/03. Fylkeskommunen har inngått partnarskap med kommunane om folkehelsearbeid, kalla God Helse-partnarskapet. Partnarskapet starta i 2004, og i 2012 var alle 36 kommunane i fylket med. Partnarskapet har forplikta seg til å arbeide med folkehelse i alle sektorar og tenester, og det er etter kvart utvikla mykje kunnskap om korleis ein kan gjere dette. I dette arbeidet spelar fylkeskommunen ei viktig rolle som pådrivar og koordinator. I sluttrapporten frå Møreforsking, «Om partnarskap for folkehelse og Helse i plan (Rapport nr. 10, 2010)», peiker mange på fylkeskommunane si rolle som støttespelar overfor kommunane, og at deira rolle som regional utviklingsaktør er styrka. Det at fylkeskommunane har god erfaring med å organisere nettverk og fungere som faglege støttespelarar er trekt fram i rapporten. Gjeldande partnarskapsavtale er godt forankra i folkehelselova. Lova gjer det klart at fylkeskommunen skal fremje folkehelse innan dei oppgåver og med dei virkemiddel fylkeskommunen har. Det skal skje gjennom regional utvikling og planlegging, forvaltning og tenesteyting. Fylkeskommunen skal også understøtte kommunane sitt folkehelsearbeid. I dette ligg mellom anna å støtte kommunane i arbeidet med oversikt over folkehelsa. Eit av måla i nærmiljøprosjektet er å innhente kvalitativ lokalkunnskap som skal supplere kommunane sine folkehelseoversikter som grunnlag for planprosessar og konkrete folkehelsetiltak. Kunnskapen ein har opparbeidd gjennom deltaking i dette prosjektet er ei styrke for arbeidet med å realisere måla i folkehelseprogrammet, der kommunane mellom anna skal inkludere tilhøve som fremjar psykisk helse og rusførebyggjande arbeid som ein del av oversiktsarbeidet. Deltaking i folkehelseprogrammet vil bidra til å vidareutvikle det langsiktige og heilskaplege folkehelsearbeidet i fylket, i ei strategisk retning. Deltaking i programmet vil også kunne vere med på å realisere intensjonen i vårt eige prosjekt «Møre og Romsdal 2025.» Fylkesrådmannen meiner det er hensiktsmessig å delta i programmet i 6 år og tilrår søknad om årlege tiltaksmidlar på 7 mill. kroner per år i perioden. Midlane skal gå til tiltak i kommunane og ikkje til allereie eksisterande tiltak og drift av desse.
Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommune søker om å bli programfylke i «Program for folkehelsearbeid i kommunane» frå 2019. 2. Fylkesutvalet får mynde til å godkjenne den endelege søknaden til Helsedirektoratet i byrjinga av 2019. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg 1 Program for folkehelsearbeid i kommunene 2017-2027 2 Regelverk, tiltaksutvikling innan program for folkehelsearbeid i kommunene 3 Tiltaksutvikling innan program for folkehelsearbeid i kommunene - søknadsskjema