Orienterings- og drøftingsmøte, Utdanningssektoren MØTEREFERAT TORSDAG 20.09.11 11:30 15:15 MØTEROM 700, FYLKESHUSA



Like dokumenter
Orienterings- og drøftingsmøte, Utdanningssektoren MØTEREFERAT TIRSDAG :00 15:15 MØTEROM 700, FYLKESHUSA

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Orienterings- og drøftingsmøte, Utdanningssektoren MØTEREFERAT TIRSDAG , Kl 12:00 14:15 MØTEROM 700, FYLKESHUSA

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Fagforbundet ønsker på OD-møte 9.mars å få en orientering om bruk av bemanningsbyråer i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Fagforbundet mener innleiekontrakten, som vi viser til fra 2010 fra Adecco, er både uklar m.h.t arbeidsområde og avlønning.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Lærerspesialisten invitasjon til å delta i pilotering

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Frå tre små til ein stor.

Dato: Fredag 25. februar :52 Emne: Sak til OD-møtet 9.mars Notat til organisasjonane. Sak til OD-møtet 9.mars 2011

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Retten til spesialundervisning

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Øystese barneskule April - 08

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H Steinar Reiten Medlem KRF

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Med god informasjon i bagasjen

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

REFERAT FRÅ LØNNSPOLITISK DRØFTINGSMØTE HOTELL ALEXANDRA, MOLDE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Lønnsundersøkinga for 2014

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ehandel og lokalt næringsliv

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Møte om fellesprosjekt

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

Pedagogisk plattform

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Dobbelt så mange moglegheiter

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Orienterings- og drøftingsmøte, Utdanningssektoren

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Kontorsjef, fylkestannlegen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Rådgivar, fylkesrevisjonen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Eit lærande utdanningssystem?

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Rådgjevarkonferanse 2009

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Rådgjevarkonferanse 2010

Sats på førarpatruljen! Om å starte og drive førarpatrulje i troppen v/sveinung Eiksund

Transkript:

Orienterings- og drøftingsmøte, Utdanningssektoren MØTEREFERAT TORSDAG 20.09.11 11:30 15:15 MØTEROM 700, FYLKESHUSA MØTE INNKALT AV: MØTETYPE MØTELEDER REFERENT Fylkesutdanningssjefen Orienterings- og drøftingsmøte mellom arbeidstakarorganisasjonane og fylkesutdanningssjefen Per Hoem Bjørn Are Hjelle DELTAKARAR FRÅ ARBEIDSGIVAR FRÅ ORGANISASJONA NE Per Hoem (PH), Gry Hansen (GH), - sak 1-3, Dag Lervik (DL), Bjørn Are Hjelle (BAH) og Iver Kåre Mjelve (IKM) sak 1-3, Sverre Hollen (SH) - sak 1-3, Melvin Tornes (MT) Utdanningsforbundet: Einar Skjegstad (ES), Ole Bjørn Helberg (OBH), Gerd Botn Brattli (GBB) NITO: Frode Balseth (FB), NSF: Marianne Aurstad (MA), Skolelederforbundet: Oddgeir Overå (OO), Norsk lektorlag: Dagfinn Paus Fagforbundet: Viggo Jordahl (VJ) SL: Herluf Grüner (HG) Hovudverneomdbod: Stein Ove Lianes Meldt forfall: DELTA: Finn Marstrander MFO: Magnhild Tafjord (MT), Dagsorden: 1. Referat frå 25.08.11 2. Aktuelle orienteringssaker - Budsjettprosessen - Skolebruksplanen - Kvalitetsmeldinga 3. Innmeldte saker frå organisasjonane - NSLF: SkoleArena + Gjennomføringsdata - UF: SkoleArena + Knutepunktskolar - NLL: SkoleArena 4. Tema: Ledelse og tillitsvalgte sammen om den gode utdanningsledelse 5. Eventuelt Sak 1 Referat frå 25.08.11 Positive tilbakemeldingar på innhald og at referatet kom raskt, men ønske om meir tydelege konklusjonar/oppsummeringar frå arbeidsgivar i saker der dette er aktuelt. Referat med ei korrigering er lagt ut på nettsida.

Sak 2 Innleiing Spørsmål og Oppsummering Innleiing Spørsmål og Oppsummering Innleiing Aktuelle orienteringssaker Budsjettprosessen: MT orienterte kort: ramme på ca. 1,4 milliard. Ingen dramatikk, men heller ikkje rom for større satsingar. Prosessen vidare m/orienteringar: Rektormøte 19.10, OD-møte 25.10., pressekonferanse m/fylkesrådmannen 04.11, Utdanningsutvalet 21.11., Fylkestingsbehandling 12.-13.12. Utdanningsforbundet stilte spørsmål om når tillitsvalte får orientering og uttrykte forventningar om tidleg involvering for å kunne vere med på reelle drøftingar. Mellom anna kompetanseheving, maskinpark og leiarressurs blei nemnt som døme på viktige område. Norsk Skolelederforbund stilte spørsmål om signal frå tidlegare om auka ressurs til mellomleiarar på skulane, og om beløp hadde vore diskutert. Arbeidsgivar: PH/MT svarte at ingen tal blir offentleggjort før fylkesrådmannen si pressekonferanse 04.11.11, men at skuleeigar meiner å ha god oversikt over ønske og prioriteringar. IKM påpeika at tema som er teke opp gjennom året i OD-møta også er med å gi signal inn i budsjettprosessen, t.d. auka ressurs til mellomleiarane. MT peika også på at fylkestinget i fleire samanhengar har auka rammene i høve til det fylkesrådmannen har foreslått. Skulebruksplanen: SH orienterte kort: skulane har no fått planen til høyring med frist til 07.10.11 om å gi tilbakemeldingar. Utdanningsutvalet skal behandle planen 21.11.11. Utfordingar rundt TAF, småskalatilbod og toppidett v/ Ålesund vgs og Molde vgs blei nemnd. Utdanningsforbundet stilte spørsmål om det er meininga at skulane må vurdere kapasiteten på sine YF-tilbod fordi det er for få lærlingplassar. UF meiner aktiv bruk av PTF er eit springbrett til lærlingplass. Det er ei utfordring med elevar som ikkje er klare for lærlingeformidling. Vidare er det viktig med eit godt bransjenettverk, som finst i ein del bransjar allereie. Arbeidsgivar: PH viste til eit møte med skulane og opplæringskontora fredag 16.09.11, der mellom anna auka aktivisering/samarbeid ved ein del skular og opplæringskontor var tema. Nokre er for passive i formidlingsrolla. Det er også ei utfordring at talet på heva lærlingkontrakatar er aukande. Samtidig ser talet på arbeidsoppgåver for ufaglærte ut til å minke (jf. automatisering m.m.). Utdanningsavdelinga vil utarbeide eit standardopplegg for formidling av lærlingar. Kvalitetsmeldinga: SH orienterte kort om at den blir behandla i Utdanningsutvalet i november og i fylkestinget i desember. PH sa at dette også blir sak i

OD-møtet 25.10 og det er no eit vaskingsarbeid i gang på skulane for at reelle data skal danne grunnlaget for konkrete mål og tiltak frå skulane si side. Ingen spørsmål/ om denne saka. Sak 3 Innmeldte saker frå organisasjonane (sjå også eigne dokument lagt ved innkallinga) Innleiing SkoleArena (innmeldt frå UF, NSLF og NLL) : GH viste til mange og kritiske spørsmål rundt den nye versjonen av SkoleArena. Ho viste deretter konkrete døme på korleis ein brukar SkoleArena i ny versjon, ulike funksjonar m.m. SH viste til at vi må ha ny versjon fordi den gamle ikkje lenger bli haldt ved like og at forskriftene seier at ein mellom anna må stette krava til dokumentasjon av faktisk avhaldne timar. Vidare skal den nye versjonen vere meir fleksibel. IST Extens blir etter kvart fasa ut og samordna med SkoleArena. Vidare skal det skje ei kopling mot timeplanprogrammet GP-Untis. GH viste også til skriv frå IST til skulane om planlagde endringar og forbetringar. Vidare finst instruksjonsvideoar, brukarhandbøker m.m. Utdanningsavdelinga svarer også fortløpande på spørsmål frå brukarane. Det blei og vist til pilotskular og oppfølging av erfaringar frå desse, før ein starta opp på alle skulane, kursing av superbrukarar og tilbod om nybegynnarkurs (med låg deltaking). Spørsmål og (på grunn av særs mange innlegg og replikkar vel sekretæren å ta med hovudpunkta samla frå kvar organisasjon og frå arbeidsgivar. Eg trur likevel essensen er med) Utdanningsforbundet: Vi har fått mange frustrasjonsmeldingar. Programmet blir opplevd som unødvendig tungvint, for lite intuitivt og vi får særleg mange tilbakemeldingar om mykje venting og at brukarane blir kasta ut og mister arbeid. Totalt sett blir det sett på som eit stort tilbakesteg i høve til førre versjon. Når noko nytt blir innført forventar vi meir brukarvennlegheit, ikkje mindre. Vanlegvis gode databrukarar slit. Oppleving av at dette eit stort arbeidsmiljøproblem. Brukarane føler dei ikkje få skikkelege svar frå utdanningsavdelinga når dei spør. Vi må få betre program og hastighet. Vi ønskjer differensiert opplagt program med dei aller viktigaste funksjonar for faglærar og kontaktlærar, for å unngå forvirring. Vi lurer også på erfaringar frå andre fylker og om ein ikkje heller bør gå tilbake til gamle versjon til den nye er ferdigutvikla.

Norsk lektorlag: GH viser berre dei enklaste funksjonane. Særleg kontaktlærarar slit med å rette opp feilføringar. Notatet til GH minner om ei splitt og hersk haldning der ein viser til at nokre får det til og at opplæringstilbod har vore gitt. Lærarar føler seg dumme fordi dei brukar mykje tid på å føre det dei skal, men ikkje får programmet til å fungere. Ikkje berre dei gamle som slit. Om ein viser til nye forskrifter er det også viktig at læraren også har rettar med omsyn til slike stressfaktorar som dette inneber. Elevane slit også med å bruke det nye programmet. Er også kritisk til pengebruken. Kvifor starte før programmet er godt nok uttesta? Støtter forslaget frå UF om å gå tilbake til den gamle versjonen inntil vidare. Norsk skolelederforbund: Støtter inntrykket av at folk er veldig irriterte. Programmet ser ut til å vere for komplisert. Er det fornuftig å starte ei så omfattande endring ved skulestart? Dette er blitt eit arbeidsmiljøproblem som også smitter over på andre IKT-baserte opplegg. Skulestart har fått fokus på eit fråværsprogram, ikkje på dei pedagogiske utfordringane og det faglege. Elles er det eit element av kontroll her som ikkje er nemnt: talet på avhaldne timar blir registrert, men det er likevel umulig å fylle det planfesta talet pga. ekskursjonar, teater osb. Vil elles påpeike at Utdanningsavdelinga v/gh har vore god hjelp og støtte på førespurnad. Er oppteken av konstruktivt fokus om korleis ein grip dette an vidare og meiner det blir vingling og liten vits i å gå tilbake til det gamle no. Ønskjer eit direktiv frå Utdanningsavdelinga der det plukkast ut det aller mest elementære slik at ein kjem i gang med god dokumentasjon. Skolenes landsforbund: Om ein tek fråvær direkte i klasserommet brukar ein 7-8 minutt i SkoleArena. Det vert ca. 3 veker årleg. Dette går altfor treigt. Vi ønskjer ei forenkling. Arbeidsgivar: SH/GH: 18 fylker har teke i bruk SkoleArena og vi har gjort eit val om å bruke det nye pga. at vedlikehald ikkje lenger blir gjort i den gamle versjonen. Vi må ha eit forsvarleg fråværssystem og meiner det ikkje finst betre alternativ. Elevane skal ha tilgang til oversikt over avhaldne timar pr. fag. Vi valde å prøve det ut ved 4 skolar i vår. Vi treng nok betre opplæring lokalt på skulane. Vår erfaring er at det er ulik grad av tilfredsheit på skulane, men vi innser at programmet ikkje er perfekt. Det finst superbrukarar på kvar skule og det er gitt kurstilbod. Vi bringer fortløpande vidare ulike problemstillingar til IST som er klar over frustrasjonane og prøver å vidareutvikle programmet. Dei sender også ut programinformasjon om

nyutviklingar 3 gonger pr. år. Oppsummering/ konkusjon PH gjorde her ei førebels oppsummering på hovudutfordringane: 1. Teknisk infrastruktur: for treigt nett på skulane, for dårleg serverkapasitet, for dårleg trådlaust nett? 2. Manglande motivasjon for bruk av programmet? Men vi må ha eit forsvarleg digitalt system for dokumentasjon. 3. Mangelfull prosess: skuleigar skulle truleg styrt prosessen meir. For store forkskjellar skulevis. Sekretæren registrerte her eit kort nytt ordskifte med gjentakingar og poengteringar av før nemnde punkt. PH: 1. Vi tek ansvar for å ta opp kapasitetsproblema med omsyn til at programmet heng ute hos brukarane med IKT avdelinga på Fylkeshuset. Dette må fungere! 2. Vi utarbeider ei enkel oppskrift med dei vesentlege funksjonane i SkoleArena Nytt spørsmål på tampen frå Norsk Skolelederforbund: kva med spørsmålet vårt frå tidlegare om foreldrepålogging og korleis en gjer dette, med omsyn til kva ein skriv i vurderingsmodulen? Arbeidsgivar: Vi må vere bevisste på kva vi skriv, men det er først og fremst eleven vi skriv til. Foreldre må vere klar over at det er ein del føringar som ikkje vil bli synleggjort. Fagseksjonar bør drøfte praksisen då dette er til dels fagavhengig. Nokre skriv lite i SkoleArena og viser av praktiske omsyn til sjølve tilbakemeldinga på prøven/fagsamtalar. Vi må uansett finne oss i at klasserommet i større grad er ein offentleg arena med rett til innsyn. Gjennomføringsdata: Norsk Skolelederforbund: Vi får tilbakemeldingar frå våre medlemmar om at data som er sendt ut frå Sverre Hollen ikkje stemmer m.o.t. karaktersnitt og gjennomføring. Pulstala ser ut til å vere langt meir pålitelege. Vi ønskjer betre grovvask for ettertida. Kva vil skuleeigar gjere med dette? Arbeidgivar: Vi veit det er mange feil enno, men vi jobbar med å få inn korrekte tal. Elles viktig at skulane skal setje seg gjennomførings/fråfallsmål ikkje mål om betre karakterar, som kan gi inflasjon i karaktergivinga og medføre feil fokus. Knutepunktskular Arbeidsgivar orienterte om spørsmål frå UF om bakgrunn for og kriterier for desse skulane. Oppdraget gjeld yrkesretting av fellesfaga norsk, engelsk og matematikk. Utdanningsdirektoratet har løyvd kr 600 000 pr. knutepunktskule for å utvikle fagopplegg og metodikk.

Borgund vgs og Kristiansund vgs vart utfordra og rektor og faglærarar blei intervjua om dette. Gode opplegg på begge skular, men Borgund fekk oppdraget pga. beste organiseringsmodell. Sak 4 Tema m/innleiing og : Ledelse og tillitsvalgte - sammen om den gode utdanningsledelse. (Se også vedlagt PP) Innleiing PH innleia om samarbeidet mellom KS og Utdanningsforbundet og la fram sentrale punkt frå heftet og peika på mulige vegar vidare med stoffet. Stikkord: Saman om viktige mål, føresetnader som openheit, dialog, tillit, likeverd, muligheitsorientering, Irgens sitt utviklingshjul, og lokal oppfølging gjennom involvering. Sterk samanheng mellom innhaldet i KS/UF-samarbeidet og fylkeskommunen sin AGP. GBB hadde innlegg frå UF sin ståstad. Vi må og vil samarbeide, vi har både eit fagforeiningsbein og eit kompetansebein. Vi må jobbe innanfrå og utanfrå. Mykje er på plass i samarbeidet allereie som t.d: gode strukturar, lov og avtaleverk, politiske føringar. Kan bli betre på implementering på skulenivå, få heftet og tematikken inn under huda på den enkelte. AGP-verkstad kan bli ein happening om den ikkje blir brukt vidare. Har tru på verkstad-metodikken i mange samanhengar for å få til involvering og ansvarleggjering. Utfordring å få til ein vi-kjensle - framleis litt tendensar til vi og dei på fylkettenking. Felles skolering kan hjelpe på dette. Viktig å frigjere tid til leiing tett på. Ønskjer å involvere høgskulemiljøa sterkare rundt metode/fagdidaktikk. Organisering av skulane i team, meir sortering av oppgåver: fokus på kjerneoppgåvene. Spørsmål/ Diskusjon undervegs og i etterkant av innlegga: Utdanningsforbundet: Jamt over nøgd med samarbeidsklimaet. Der det fungerer er tillitsvalte tekne på alvor som likeverdige samarbeidsog utviklingspartar. I motsett fall blir det ofte konfliktar. Når ein føler en blir teken på alvor er det lettare å diskutere sak og å unngå personfokus. Norsk skolelederforbund: Vi må sortere og t.d. SkoleArenafokuset er kanskje unødvendig tidsbruk. Vi må vere opne for nye metodar som kan effektivisere; nano-kursing korte intensive kurs i ulike tema kan spare tid, auke kompetansen og betre utviklinga. Vi må ha klare faglege fokusområde. Norsk lektorlag: Veldig positivt om fylket sin AGP vert følgt opp. Gode intensjonar! Arbeidsgivar: DL: Har fått spørsmål frå rektorar om kva medråderett eigentleg tyder. Eit spørsmål er om det også fungerer ut over dei formelle møteplassane - at ein har ein naturleg dialog i det daglege. PH: eit tankekors at lærarar les lite faglitteratur om metode/didaktikk. Viktig med fokus også på dette.

Sak 5 Eventuelt PH: inviterer alle organisasjonane til å delta på skuleleiarsamling 19.- 20 oktober. Mange relevante tema for arbeidgivar/arbeidtakarsida. Dagsorden blir lagt ut på intern kalender: http://mrfylke.no/kalender/(event)/168092 Møtet slutt ca. kl. 15.15.