Støtteordningar og søknader



Like dokumenter
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Engasjement og rekruttering

Til deg som bur i fosterheim år

Planlegging og prosjektstyring

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Støtteordning Kven søkjer vi? Kva kan ein søke om? Desentralisert ordning gfor tilskot til kulturhus. Sogn og Fjordane Fylkeskommmune

Brukarrettleiing. epolitiker

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Lobbyarbeid. Temaet er delt i tre delemne: Påverknad i lokalsamfunnet Bruk nettverka! Lobbyarbeid i fylket og nasjonalt

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

STUDIEFORBUNDET KULTUR OG TRADISJON

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

Opplæringsplan Instrumentrøyrlegging

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

ehandel og lokalt næringsliv

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fritidsbåt mellom private

SØK KURSTILSKUDD! - Det er enklere enn du tror!

Søking til skuleåret

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Oppretting av kapitalkonto for person med verje

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Individuell opplæringsplan

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Brukarrettleiing E-post lesar

Møte for musikkverksted 7. mars 2013 Drammen

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda

Festivalundersøking. Vår Analyse, utgreiing og dokumentasjon.


Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Voss oktober 2011 Folkedans, teater, bunad og organisasjon

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Søking til skuleåret

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nynorsk. Innhaldsforteikning

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

mmm...med SMAK på timeplanen

Bruk av reiserekning i Agresso

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

8 tema for godt samspel

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Nytt HFK Intranett

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Rådgjevarkonferanse 2009

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Transkript:

Støtteordningar og søknader Dette er eit emne tillitsvalde og medlemer er svært interessert i. Filosofien er enkel: Får vi tak i pengar kan vi skape meir aktivitet. Samtidig skjer det stadig endringar innan støtteordningar til frivillig kulturarbeid. Retningslinjene og storleiken på støtta kan variere frå år til år. Informasjonen her omhandlar støtteordningar i 2007. Som kurslærar er du nøydd til å oppdatere deg rundt nye reglar, og rundt kva støtteordningar som har falle bort eller kome til. Kursemnet er delt i to delemne: Støtteordningar Den gode søknaden Oppdatert informasjon om støtteordningar og søknader finn du m.a. på www.ungdomslag.no, www.ungnett.org, www.tilskudd.no og www.legathandboken.no. 1

Innhald: Lærarrettleiing: Støtteordningar og søknader s. 1 Innhald s. 2 Støtteordningar s. 3 Rettleiing s. 3 Bakgrunn s. 3 Lysark / powerpoint s. 4 Til å dele ut s. 4 Oppgåver s. 4 Den gode søknaden s. 5 Rettleiing s. 5 Bakgrunn s. 5 Lysark / powerpoint s. 5 Oppgåver s. 5 - Frifond - Studiemidlar - Andre aktuelle støtteordningar - Tips til søknaden - Ta med i søknaden: 2

Støtteordningar Rettleiing: Under dette emnet er det fint å starte med ein presentasjon og så la deltakarane jobbe praktisk for å lære seg søknadsprosedyren. Det kan vere inspirerande å høyre kva andre har fått støtte til, kom derfor med eigne døme. Har deltakarane positive eller negative erfaringar? Bakgrunn: Frifond er ei støtteordning som har til formål å skape auka aktivitet for barn og unge. Det er lett å få støtte frå Frifond. Ungdomslaga søker Noregs Ungdomslag sentralt om støtte, andre lag søker sine sentrale organisasjonar eller direkte til Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Norsk Teaterråd eller Norsk Musikkråd. Krav til frifondsøkjarar: o De må vere ein demokratisk organisasjon o De må ha kulturaktivitet som ein del av verksemda o De må arbeide for og med barn og unge under 26 år o De må arbeide i lokalmiljøet o Minimum 1/3 av deltakarane på tiltaket må vere under 26 år o Lag som ikkje har dokumentert at dei har medlemmer under 26 år og som ikkje har sendt inn medlemsliste og årsrapport til NU for føregåande år, får ikkje tilskott. o Lag som fekk tilskott i fjor, må ha sendt inn rapport som syner kva dei nytta midlane til om dei skal få støtte. Ein kan søke støtte til nesten kva som helst, så lenge det stettar krava. Det finst ferdig utarbeidde skjema som ein får ved å ta kontakt med NU sentralt eller på www.ungdomslag.no. Dei som får tildelt midlar må sende ein rapport over kva pengane har vore brukt til. Studiemidlar eller vaksenopplæringsmidlar kan alle lag som driv opplæringsverksemd søke. Laget må vere tilknytt ein sentral organisasjon som er medlem av eit studieforbund. NU sitt studieforbund heiter FOLK, Folkekulturforbundet. Laga sender søknaden sin til FOLK. Ein fyller ut eit studieskjema og legg ved studieplan. FOLK godkjenner så søknaden og sender skjemaet tilbake, slik at laget kan fylle ut ein ferdigmeldingsdel når opplæringstiltaket er avslutta. Ein kan òg søke ekstrastøtte til særlege målgrupper. For å få tilskot må opplæringa fylle desse krava: - Det må vere minst fem kursdeltakar over 14 år som fullfører 75 % av tida. - Kurset må vare minst 12 timar og må lysast ut offentleg. - Opplæringa skal følgje ein studieplan som FOLK godkjenner. - Kurset må meldast inn på skjema før kursstart og ferdigmeldast etter kursslutt. (Kjelde: www.folkekultur.no) Det gjeld å vere kreativ i søkefasen. Er det fleire grupper involvert i kursaktiviteten, kan ein søkje til kvar gruppe, så lenge dei stettar krava. I ei teateroppsetting kan ein søke om støtte til både regi, lys/lyd, utvikling av manus, kostymemaking osb. Ytterlegare informasjon og søknadsskjema mm. finn du på www.folkekultur.no. Del gjerne ut søknadsskjema! 3

Laga kan òg søkje frå ulike kommunale støtteordningar til kulturtiltak, barne- og ungdomsarbeid, førebyggande arbeid osb. Undersøk med det lokale kulturkontoret eller på heimesida til kommunen om kva støtteordningar som finst. Andre aktuelle støtteordningar: - Musikkverkstadordninga - Fond for lyd og bilde - Norsk kulturråd - Idébanken - Ung i Europa - Solofondet - Gildefondet - Extramidlene - Storebrands Du kan-konkurranse - Den kulturelle skolesekken - Spelemidlar til lokale kulturhus - Bygdeutviklingsmidlar - Lokalt næringsliv, som sparebankar, forsikringsselskap mm. Les meir på www.tilskudd.no, www.vofo.no, www.ungnett.org eller www.legathandboken.no. Fond som NU forvaltar: - Opplæringsfondet - Akademifondet - Eufemiafondet Les meir på www.ungdomslag.no. Lag som er tilknytt NU kan òg søke prosjektstøtte til rusfrie aktivitetar gjennom Norske Lagsbruk (sjå www.lagsbruk.no). - Frifond - Studiemidlar - Andre aktuelle støtteordningar Til å dele ut: Kursdeltakarane kan gjerne få utdelt søknadsskjema for Frifond, studiemidlar og andre støtteordningar. FOLK har òg eit rettleiingshefte som kan delast ut. Oppgåver: Fylle ut søknad Deltakarane kan øve på å fylle ut søknadsskjema og studieplan til FOLK, Folkekulturforbundet. Oppmod deltakarane om å skrive søknader til ulike opplæringstiltak ved t.d. ei teateroppsetting. Tid: 30-40 min. 4

Den gode søknaden Rettleiing: Mange av støtteordningane har ferdige søknadsskjema, men av og til må ein skrive heile søknaden etter fastsette retningslinjer. Dette temaet kan det vere fint å samtale med deltakarane om. Kva meiner dei bør vere med i ein søknad? Kva er lurt å skrive? Har nokon sendt søknader? Fyll på med eigne tips. La gjerne deltakarane få øve på å skrive ein kort søknad utifrå gjennomgangen. Bakgrunn: Første bod når ein skal søke er å lese retningslinjene frå utlysaren godt. Kva ber dei om at vi skal ta med i søknaden? Kva formål går støtta til? Bruk gjerne ord som blir brukt i utlysingsteksten for å vise at søknaden handlar om dette. I alle søknader må ein ta med: - Laget sitt namn og kontaktperson med telefon, adresse osb. - Ei kort innleiing som seier noko om kva midlane skal gå til. - Kva som er målet med tiltaket. - Ei nærmare skildring av innhaldet i aktiviteten / tiltaket. - Ofte er ein framdriftsplan for tiltaket fint å bake inn i søknaden. Kva tid startar tiltaket og kva tid forventar ein at det er avslutta? - Budsjett med alle forventa inntekter og utgifter. Det kan vere lurt å legge ved ei prosjektskisse for tiltaket. Les meir om dette under emnet planlegging og prosjektstyring i Verktøykassa. Prøv å spisse målet og ver så konkret som mogleg på korleis de vil nå målet. Søknaden skal overtyde den som les han allereie i innleiinga. Jobb med strukturen og formgjevinga. Ver obs på om den som lyser ut støtta vil ha søknaden i post eller på e-post. - Tips til søknaden - Ta med i søknaden Oppgåver: Godsøknaden Deltakarane kan no øve på å skrive ein fantastisk søknad! Bruk ca. ein halvtime til skriving, presenter etterpå og gje kvarandre tilbakemeldingar. Tid: Ca. 45 min. 1 time. 5