LINDÅS Framtida i fokus Valprogram 2007-2011
Politisk rekneskap 2003-2007 Lindås senterparti har : 5 medlemmer i kommunestyret 2 representantar i formannskapet, 1 i plan-og miljøutvalet, der me og har leiar, 1 i Levekårutvalet og 2 i Kontrollutvalet samarbeid med Ap og Krf, til saman har desse partia fleirtal i kommunestyret. Mål vi har nådd: Å oppretthalda desentraliserte tenester, m.a. legekontor på Ostereidet, Lindås og Knarvik. Dagtilboda til eldre er omorganisert. På Knarvik sjukeheim er det oppretta eit svært godt seniorsenter. Me har framleis skule ved dei 14 grunnskulane våre. Under omorganiseringa kjempa me for at det skulle vera rektor på alle grunnskulane med same rektormynde som før. Det er laga ein landbruksplan for kommunen som skal vera førande for landbrukspolitikken. Arbeidet med kraftvarmeverk på Mongstad er i gang. Mongstad skal vera eit førebilete for CO2-handtering i verda, i tråd med det Lindås SP føreslo! Gassrøyret frå Kollsnes skal vera på 12 tommar. Rådmannsstillinga er omgjort til åremålsstilling slik me føreslo i vårt program. Arbeidet med ei idrettsmelding/helsemelding er i gang. Har fått økonomien på rett kjøl, med god hjelp frå SP i regjering. Har prioritert interkommunalt samarbeid framfor kommunesamanslåing. Ei satsing på investeringar innan skule og barnehagar. Det er bygd ny barneskule på Ostereidet, vedtak om nybygg på Leiknes, nybygg på Knarvik ungdomsskule, ny barnehage på Juvikstølen i Knarvik, ny barnehage i Ostereidet ungdomsskulekrins. Oppvekst og omsorg Lindås Senterparti vil ha rettferdig fordeling av ressursane skular og barnehagar med auka kvalitet sterke lokalsamfunn rundt skulane regionalt kulturhus i Knarvikområdet Lindås Senterparti vil at Lindås kommune skal ha: gode oppvekstvilkår nok og variert barnehagetilbod i alle ungdomsskulekrinsar same skulestruktur som no, så lenge krinsane ønskjer det rektor på kvar skule med fullt rektoransvar eit sentralt oppvekstkontor med pedagog som fagsjef for å oppfylla lova ved å støtta og føra tilsyn med: - pedagogisk utvikling i barnehagar og skular - skulevurdering og etterutdanning, - likeverdig hjelp og spesialundervisning i skular og barnehagar ei styrkt yrkesrettleiing for elevane vurdering om skulemåltid sterke lokalsamfunn rundt skulane med målsetjing om: - å finna og utvikla areal til kultur og fritisssyslar. - å få gode møteplassar (samfunnslokale) i alle nærmiljø Lindås Senterparti vil at Lindås kommune skal ha eit allsidig kulturliv ha ein desentralisert kulturskule med breidde i tilbodet oppmuntra og støtta idrettslivet, song og musikk, teater og andre fritidsaktivitetar med auka kulturmidlar ha betre integrering i arbeids- og fritidsliv for innvandrarar og flyktningar. leggja til rette for rørslehemma (oppfølging av krav til universell utforming offentlege miljø) ta vare på kulturarven museum og lokalhistorie styrkja bibliotektenesta ta vare på kyrkjene, og arbeida for kyrkje i Knarvik
Lindås Senterparti vil at Lindås kommune skal vera ein god omsorgskommune som har: fokus på menneskeverdet i alle omsorgssituasjonar samordna tenester frå heimeteneste og institusjonar (integrerte tenester) nok ressursar til administrasjon fleire fagfolk i omsorgstenestene meir medisinsk kompetanse på sjukeheimane samarbeid med frivillige for å gje brukarane eit godt liv i alle livsfasar fleire hjelpande hender i Pleie- og omsorgstenestene auka talet på lærlingar nok sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med vekt på kvalitet og trivsel pilotprosjekt saman med NAV og næringslivet med tiltak for folk i ein vanskeleg livssituasjon, for å ta vare på restarbeidsevne og livsmot. Lindås Senterparti vil at Lindås kommune skal vera ein god arbeidsgjevar som bryr seg om og stiller krav til dei tilsette. Lindås Senterparti vil at Lindås kommune skal evaluera omorganiseringa med fokus på - prosessen - verknad på arbeidsmiljøet - verknad for innbyggjarane retta opp skadeverknader av omorganiseringa syta for nok lærlingplassar for å sikra rekruttering sørgja for etterutdanning for å sikra kompetanse Næring at Lindås skal vera ein kommune som næringslivet finn det interessant å samarbeida med sikra tenestetilboda i distrikta Senterpartiet vil utvikla næringsareal/næringsparkar i søre del av kommunen, til dømes arealet nordaust for Tredalsvatnet og/ eller ved Kjevikdalen. auka tenestetilbodet i handlesentra auka trivsel styra utviklinga av tettstaden Knarvik vektleggja at kulturlandskap og produksjon av mat er viktig for arbeidsplassar i landbruket og turistnæringa. følgja opp den vedtekne landbruksplanen verna og oppretthalda kulturlandskapet, til dømes i samarbeid med frivillige eller skular styrkja næringsfondet oppmuntra unge nyetablerarar, spesielt kvinner, m.a. ved å bruka næringsfondet ta vare på folks restarbeidsevne ved å arbeida for eit pilotprosjekt med NAV i samarbeid med næringslivet auka talet på lærlingplassar i kommunen, vera med i Opplæringskontoret ha eit godt samarbeid med Nordhordland Handverk- og Industrilag. ha ein variert bustadpolitikk i sentrale strok, - mangfald i bustadstrukturen ha utvikling av Springbrett-bustader og Startbu-husvere
Miljø Lindås senterparti vil at Lindås kommune skal tilretteleggja for bruk av alternative energikjelder, som td. bioenergi for å redusera CO2 utsleppa oppmuntra til fleire små bustadområde i bygdene med samordna energi- og reinsesystem verna og oppretthalda kulturlandskapet krevja at alle nye offentlege bygg og næringsbygg skal ha vassboren varme tilretteleggja for eit system med parker og køyr kollektivt samarbeida med frivillige organisasjonar om vedlikehald og estetiske tiltak Politisk visjon: Ein politikk for lokalt mangfald : Det offentlege tenestetilbodet må utviklast slik at det kan takast omsyn til varaiasjonar i lokale tilhøve. Ein politikk for fellesskapet:.i rommet mellom marknadskrefter og det offentlege finn me mykje god dugnadsånd. Denne dugnadsånda skal kommunen stimulera, slik at oppgåver kan løysast i fellesskap. Ein politikk for å engasjera innbyggjarane: Å styra er noko positivt. Å ta ansvar for fellesskapet bør skje på ein måte som gjev innsikt, nærleik og set den enkelte sitt engasjement i høgsetet.. For Sp er det viktig å auka innbyggjarane si deltaking i utviklinga av kommunen. Samferdsel Kystsamband frå Rogaland til Møre Bybane til Knarvik Knarvik- Alversund skal bli beste sykkelveg-regionen i Hordaland Godt vegnett i heile regionen på tvers av kommunegrenser Ein politikk for framtidige generasjonar : Våre prioriteringar kan ikkje berre omfatta oss som lever i dag. Me som lever på jorda og brukar ho i dag, forvaltar miljøet på vegne av dei som kjem etter oss. Å forvalta er å ta vare på og ha omsorg for ressursar og omgjevnader. Senterpartiet vil arbeida for Fleire direktebussar mellom Knarvik og Bergen gode riksvegar: Staten må ta eit større ansvar for vegutbygginga i vår region. Det blir skapt store verdiar her til nytte for heile landet, og me må få noko att for dette. Der nytten av vegar er større enn ventetida på finansiering, kan ein diskutera bruk av bompengar. betre fylkesvegar; Fylkesvegane i kommunen er i svært dårleg stand mange stader. Me vil auka presset for at fylket skal ta større ansvar for vegane i vårt distrikt. betre kommunale vegar: Det må løyvast meir pengar til vedlikehald og leggjast fast dekke i eit større tempo enn i dag. trafikksikring: Kommunen må følgja trafikksikringsplanen og syta for økonomi til å gjennomføra prosjekta. Det må byggjast fleire gang- og sykkelvegar betre kollektivtilbod i distrikta, særleg om kvelden og i helgene. vurdera båttransport: Det må vurderast om det no er tid for å få ny båtrute Knarvik Frekhaug Bergen. Andre samband kan og vera aktuelle, td. til Askøy og Øygarden. Foto: Trykk-Service as
Kommunevalet 2007 Dei fremste kandidatane på kommunevallista Layout og trykk: Trykk-Service as - tlf. 56 35 22 50 1. Anna K. Valle 2. Lene Fløysand 3. Ingeborg Askeland 5. Halvor Rostrup 6. Gunnar Stusdal For meir informasjon: http://www.senterpartiet.no/lindas eller ta kontakt via: e-post: lindas.senterparti@online.no, tlf. 908 28 816 eller postadr.: 5955 Lindås S E N T E R P A R T I E T