Sosialarbeidarrolla i Nav-kontor, - i avvikling eller utvikling? Gerd Skjong Høgskulen i Volda Molde 16. november 2010
Min eigen studie av sosialarbeidarrolla i små Nav-kontor Korleis er den nye arbeidskvardagen for kommunale sosialarbeidarar i NAV-kontor? I forhold til organisering og arbeidsoppgåver på sosialkontoret? Mot nye yrkesroller som følge av systemendring?
Intervju med 11 kommunale sosialarbeidarar Alle med erfaring frå sosialkontor (1,5 27 år) Dei fleste med vidareutdanningar Intervjua gjort eit halvt år etter opning av Nav-kontoret 4 utvalde Nav-kontor 2 Nav-leiarar sosialfagleg utdanning, 2 anna utdanning Kva kom fram?
Organisering av Nav-kontor Uansett tal på tilsette; Nav-kontor organiserte med to avdelingar, - mottaksavdeling og oppfølgingsavdeling Kommunale sosialarbeidarar fordelte på begge avdelingar Tendensane stadfesta i den nasjonale evalueringa av Nav-reforma (Alm Andreassen 2009)
Mottaksavdeling - ekspedisjonsavdeling Vakt i skranken - informasjon og veiledning - registrering og sørvisarbeid - veiledning i bruk av skjema og PC Sentralbordvakt og merkantile oppgåver Samtalar ved skranke eller i samtalerom Enkel saksbehandling
Dei ville ha dei best kvalifiserte i front, sa dei. Og eg med mi vidareutdanning, eg melde meg - ha ha ha. Ja, eg flirer, men det er til å grine av, for eg føler meg grundig lurt. Eg føler meg ikkje som sosialarbeidar lenger, - heller som ein sånn der trygdefunksjonær som registrerer og fyller ut skjema. (18 års erfaring frå sosialkontor - mottaksavdeling Nav)
Oppfølgingsavdeling - skjerma avdeling Sentralbordvakt og merkantile oppgåver Komplisert saksbehandling Tverrfaglege møte Møte med arbeidsgjevarar (dialogmøte) Oppfølgingsarbeid Samtalar i mottaksavdelinga Heimebesøk kun for miljøterapeutar?
Oppsøkjande arbeid nedprioritert Eg har ikkje vore på eit einaste heimebesøk sidan vi flytta til Nav-kontoret. Dagane her er så fullregisserte med vakter og bakvakter at det blir ikkje. Eg har forresten gløymt det også på ein måte. (11 års erfaring frå sosialkontor - mottaksavdeling Nav) Ungdomane på hjørnet. vi treff ikkje dei lenger. No sit vi klistra til datamaskinene, og det blir det jo ikkje mykje førebygging av (27 års erfaring frå sosialkontor - oppfølgingsavdeling Nav)
Press på målbare resultat målemani Hvis det ikkje kan tastast, så har det ikkje verdi. Det er slik det har blitt no. (27 års erfaring frå sosialkontor oppfølgingsavdeling Nav) Dei høge bunkane blir prioriterte framfor dei breie bunkane, for å seie det slik. (1,5 års erfaring frå sosialkontor mottaksavdeling Nav)
Kommunale sosialarbeidarar i Nav-kontor bruker 70-90% av arbeidstida til statlege oppgåver, mest for tidlegare trygd. (Skjong 2008, Alm Andreassen 2009)
Utarming av fagmiljø i Nav sosial? Sosialfagleg kompetanse i Nav-kontoret - til nytte eller til overs? (Merethe Nøsen 2009) Ledige stillingar etter sosialkurator lyste ledig utan krav om sosialfagleg utdanning Tittelen veileder skjuler formell kompetanse
Sosialarbeidarar flykter frå Nav Profesjonsutdanna får ikkje bruke kompetansen sin. (Knut Aarbakke i Stortinget 15.01.10) Nav mister sosialfaglig kompetanse. (Nettavisen) Å vere tilsett i Nav er nederst på lista over jobbønskje for akademisk utdanna. (NRK Nyheter 15.01.10) Kva konsekvens har sosialarbeidarflukten for samhandling mellom tenestenivå?
Omorganisering av sosiale tenester i Nav Tendens til omorganisering av kommunale tenester i Nav-kontor. Sosiale tenester ut av Nav-kontor til kommunale team og einingar. Sosialarbeidarar igjen i Nav-kontor? Omorganisering for å betre vilkår for sosialfagleg arbeid og samhandling?
Otte for sosialfaget Erfarne sosialarbeidarar frykter at tradisjonelt sosialt arbeid er på veg ut som arbeidsmåte i sosialtenesta i Nav. I framtida kjem det ikkje til å vere noko som heiter sosialarbeidarar i Nav-kontor, - alle kjem til å bli Nav-forvaltarar. (1,5 års erfaring frå sosialkontor oppfølgingsavdeling Nav) Mange sosialarbeidarar i Nav-kontor føler press i retning av ei meir byråkratisert forvaltarrolle.
Uklare forventningar uklare roller Eg opplever at eg har verken arbeidsgjevar eller fagleg leiar. Kommunen som arbeidsgjevar er fråverande, og Nav-leiar retter blikket mest ut mot styringslinjene og krav om resultat. Eg veit ikkje kva som blir forventa av meg.
Uklare forventningar gir uklare roller. Uklare roller kan opne for eiga utforming. Opner strukturen i Nav-kontor for at sosialarbeidaren kan definere og forme yrkesrolla si der?
Litt rolleteori Ifølge Goffman (1974) er det relasjonane mellom aktørane som har størst innverknad på rolleutforming. Giddens (1984) meiner det er samspelet mellom struktur og aktør som former rollene den gjensidige påverknad.
Giddens forts. System og struktur representerer både mulegheiter og begrensingar for rolleutforming, og det påverker aktøren Aktøren påverker strukturen med både det han gjer og det han ikkje gjer, og slik blir strukturen bekrefta eller endra
Fag og roller i stadig utvikling Sosionomer i Nav trenger påfyll av arbeidslivskunnskap, regelverkskompetanse og IKTkompetanse. (Ida Gram, sjefskonsulent i Rambøll, Oslo 09.02.10) Skal vi tilpasse utdanninga til dette, eller skal vi utfordre på kva som er viktig kompetanse i sosialtenesta i Nav? Kva kompetanse ønskjer for eksempel Rusbehandling Midt-Norge at sosialarbeidarar i Nav-kontor skal ha?
Nav er vegen å gå Ønskjer seg ikkje tilbake til ordninga med sosialkontor. Tru på Nav-reforma og samlokalisering av tenester. Det er jo dette som er vegen å gå, men den er kronglete.
Ikkje alt på plass men vi er på veg.. (Terje Lillehaug, AV-dir mars 2009)
Den nye praksisen blir forma no Nav-reforma med sine grep og sine begrep gir utviklingsprosessar som tilsette og leiarar ved lokale NAV-kontor må arbeide seg gjennom. Den nye praksisen blir slik vi til sjuande og sist utvikler og etablerer den (Klemsdal 2009).
Ikke alt som teller kan telles, og ikke alt som telles teller. Albert Einstein
Kjelder Andreassen, T.A. og Reichborn-Kjennerud, K. (2009):Utvikling og utfordringer i lokale NAV-kontor. AFI-notat 2009:2 Giddens, A.(1984): The constitution of society: outline of the theory of structuration. Cambridge: Polity Press. Goffman, E. (1974): Vårt rollespill til daglig: en studie i hverdagslivets dramatikk. Oslo: Dreyer. Klemsdal, L. (2009): Evaluering av Nav: En heftig bestilling. http://www.forskningsradet.no/no/nyheter/en+heftig+bestilling/125395 2124268 sist besøkt 11.11.09. Nøsen, Merethe (2009): Sosialfagleg kompetanse i Nav-kontoret - til nytte eller til overs? Masteroppgåve, Høgskulen i Volda. Skjong, G.(2008): Rolla som sosialarbeidar i små Nav-kontor; - i omdanning, avvikling eller utvikling? Masteroppgåve, Høgskulen i Volda. http://brage.bibsys.no/hvo/handle/urn:nbn:no-bibsys_brage_14216