Møtebok frå skipingsmøtet i Nes og Høyheimsvik bygdelag. 11.. Mai 2006. Det møtte 41 interessentar. Sak 1: Opning. Sak 2: Godkjenning av innkalling og sakliste. Sak 3: Konstituering. - val av møteleiar. - Val av 2 til å skriva under møteboka. Sak 4: Resymé. Høyheimsvik Bygdelag / Nes Vel. Sak 5: Framlegg til vedtekter. Sak 6: Framlegg til handlingsplan. Sak 7: Framlegg til budsjett. Sak 8: Val. Sak 9: Fullmakter til styret. Sak 1: Jan Øvrebø opna møtet og yngste alle velkomne. I opninga si tok han utgangspunkt i kor viktig det er å ha noko felles i ei lita bygd. Skal vi få til noko må vi stå saman. Det er i gang ein rullering av reguleringsplanen for området, og bygdelaget kan ha ein viktig rolle som høyringsinstans til dette arbeidet. Bygdelaget kan vera ein pådrivar for å halda i gang dei felles møteplassane som vi har i bygda, t.d. kroa, skulehuset og ungdomshuset. Byggefeltet har ledige tomter og eit aktivt bygdelag kan vere med på å gjere det attraktivt å etablere seg i bygda. På Nes er det planar om 8-10 nye hus, så det ser ut til at folketalet er aukande i området. Bygdelaget kan også vera ein viktig pådrivar for å betre trafikkforholda i området og for å sikre trygge leikeplassar for born.
Sak 2: Innkallinga vart godkjent med den kommentar at det sitjande interimsstyret kunne ha vore nemnt i innkallinga. Sak 3: Møteleiar: Jan Øvrebø. Sekretær: Kjell Neset: Til å skriva under møteboka: Magnhild Skjerdal og Arne Bondevik. Sak 4: Oppsummering av arbeidsåret.. Grunneigarane på Bukti har over lenger tid diskutert mulegheitene for å gjera noko meir ut av området i bukti. Etter kvart som talet på båtar har auka har også fleire fått behov for trygg hamn for båtane sine. Tanken om ei skikkeleg båthamn har difor vorte meir og meir aktuell. I kjølvatnet av desse tankane dukka også ideen om eit bygdelag opp. Planen var at vi skulle få til noko felles for bygda som alle kunne ha eit eigedomsforhold til, noko som kunne sveise bygdefolk betre saman og som kunne gjere bygda vår til ein enno betre plass å bu. Grunneigarane danna difor eit interimsstyre som kalla inn til folkemøte på Kroi 16.06.05. Det var godt frammøte og alle var positive til tanken om skiping av eit bygdelag. Det vart valt eit styre som konstituerte seg sjølv, i tillegg vart det bestemt kva saker som bygdelaget skulle arbeide med. Her plukka styret ut folk til undergrupper som skulle arbeide med dei ulike sakene. Styret og undergruppene vart samansett slik Leiar: Jan J. Øvrebø. 1.år Tlf: 95167530. E-post, jan@ovrebofargehandel.no N-leiar: Stein Næss 2.år Tlf: 5768500. E-post, stein.naess@luster-fjordhytter.com Sekretær: Kjell Neset 1.år Tlf: 57686493/90769037. E-post, kkneset@online.no Kasserar: May Iren Fossheim 2 år Tlf: 57681480/47266310. E-post, mayifoss@online.no Medlem: Anette Øvrebø 2 år Tlf: 57686492. E-post, jonny@ovrebofargehandel.no Vara: Svein Hatlevoll 2 år Tlf: 57686550/90764514. E-post, SV-HAT@frisurf.no
Vara: Odd Vidar Vigdal 1 år Tlf: 57686520/97082877. E-post, ovvigdal@online.no Revisor: Kåre Høyheim. Leiar. Arne Stein Fossøy. Valnemnd: Evy Alme. Leiar. Søvrina Hauge. Båthamn: Svein Hatlevoll. Leiar. Magne Olsen. Stein Alme. Arne Fuhr. Ballbinge/ Trafikk i byggefeltet: May Iren Fossheim. Leiar Odd Vidar Vigdal. Anette Øvrebø. Turløype/Strandpromenade/Parkering/Trafikk Rv 55. Stein Næss. Leiar. Svein Arne Næss. Johannes Kjos. Vi trudde i utgangspunktet at bygdelaget no var skipa og at det berre var å gå i gang med arbeidet. Så enkelt var det ikkje, for å få kommunen sin godkjenning og dermed høve til å søke på kommunale tilskotsordningar var det fleire faktorar som måtte oppfyllast. Vi måtte ha på plass vedtekter, handlingsplan, budsjett og alt dette måtte godkjennast på skipingsmøtet. For å få desse faktorane på plass før det endelege skipingsmøtet, fortsette det valde styret arbeidet, men no som eit interimsstyre. Likeins har undergruppene vore i arbeid. Interimsstyret har hatt 6 møter og handsama 22 saker. Interimsstyret har utarbeidd dei dokument som trengst for å få bygdelaget godkjent som lag og legg no desse fram for skipingsmøtet for godkjenning.
Orientering frå arbeidsgruppene: Svein Hatlevoll orienterte om arbeidet med båthamn og viste teikningar over ulike alternativ for utbygging. Han la og fram overslag over kostnad for dei ulike alternativa. Han kunne også fortelje at det var 10 personar som hadde meldt si interesse for båtplass, og under skipingsmøtet var det ytterlegare ca 10 som melde seg så det er no komne inn over 20 som er interesserte i å kjøpa seg plass. May Iren Fosssheim orienterte om arbeidet med å betra trafikktilhøva i byggefeltet på Viki og om planane for ein leikeplass i same området. Kommentarar frå salen gjekk på at det var stor motstand mot fartsdump på kommunevegen til Høyheim. Fossheim kunne berolige med at dette heller ikkje låg inne i planane. Stein Næss orienterte om arbeidet for arbeidet med å ruste opp gamle ferdselsvegar i bygda og om planane for strandpromenade til Rappatun, Likeins fortalde han om planane for utbetring av riksvegen gjennom bygda og om kva rolle bygdelaget kan spele for å få fortgang i dette arbeidet. Arne Bondevik fortalde om det arbeidet som har vorte lagd ned i Nes Vel. Dette har ikkje vore noko bygdelag, men ein velforeining. Men dei seinare åra har foreningen ikkje vore så aktiv, Det som har kome i stand er ballbane/ leikeplass, lysløype. Det har også vore tradisjon med eit felles arrangement på jonsokaftan. Bondevik kom også inn på kvifor dei no ville leggja ned velforeningen og heller gå inn i eit felles bygdelag, dette er eit godt tiltak for fellesskapet, men det er viktig at det som er vorte bygd opp på Nes vert halde vedlike framover. Møtet tok orienteringen til etterretning uten vidare kommentarar. Sak 5: VEDTEKTER FOR HØYHEIMSVIK BYGDELAG 1. Laget sitt namn og logo skal vera:
2. Føremålet med bygdelaget er å: a) ta initiativ til og støtte opp om fellestiltak som er til gagn og glede for innbyggjarane. b) Vera eit bindeledd med kommunale organ c) bygdelaget skal vidare arbeide med saker og utvikle nye tiltak i samsvar med årsmøtet sitt vedtak om handlingsplan for arbeidsåret. d) samarbeidsorgan er Norges Velforbund. Styret har fullmakt til å betale event. Medlemskontingent og representere. 3. a) Styret er sett samen av 5 personar: leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og styremedlem. b) Ved skipinga vert 3 styremedlemar valde for 2 år, medan 2 styremedlemar vert valde for eitt år c) Det skal veljast 2 varamedlemar, ein for 2 år og ein for 1 år, men varamedlemane skal alltid kallast inn til styremøta. d) Leiar vert valt mellom dei 7 styremedlemmane, for eitt år om gongen. e) Skipingsmøtet/årsmøtet vel også revisorer (2 personar) og valnemnd (2 personar). 4. a) Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar/ beg. Av mars mnd. Årleg. Det skal kunngjerast ved 14 dagars varsel for innsending av aktuelle saker. b) Varsel om årsmøte skal skje ved oppslag og / eller husstandsskriv. c) Leiar i sitjande styre har ansvar for konstituering av årsmøtet og presentasjon av sakslista. d) Røysterett på årsmøtet har representantar for dei som har betalt gjeldande årskontingent til laget før årsmøtet starta. 5. a) Årsmøtet fastset kontingent, ved oppstart er den kr. 250,- som gir rett til 1 røyst på årsmøtet. b) Rett til å verta medlem av Høyheimsvik Bygdelag har alle som bur/har hytte i området Fagernes til Nes. 6. Styret skal for årsmøtet presentera: a) Siste års reviderte rekneskap (ikkje ved oppstart) b) Årsmelding (ikkje ved oppstart) c) Handlingsplan d) Evnt. framlegg som kjem inn før fristen som er sett i samband med kunngjering av årsmøtet. e) Vedtektsendringar skal handsamast på årsmøtet om framlegget er sett fram før annonsert frist, men dersom det t.d. vert sett fram endringsframlegg på årsmøtet kan desse først slutthandsamast på neste årsmøte. 7. a) Årsmøtet skal velja 2 personar utanom dei som er valde som møteleiar og referent, til å skriva under møteprotokollen (gjeld kun for skipingsmøtet og årsmøtet, men ikkje for vanlege styremøte eller medlemsmøte). 8. a) Alle som er betalande medlemmer, kan krevje ekstraordinært årsmøte, folkemøte eller felles orientering om saker som dei meiner har stor verknad for bygdelaget dersom min. 1/3 av medlemmene skriftleg krev dette. Innkalling og avvikling fylgjer same prosedyrar som ved ordinært årsmøte jf. Pkt.4 9. a) Styret kan kalla inn representantar for Kommune, næringsliv eller andre som representerer interesser og føretak i Luster Kommune til årsmøte i bygdelaget, for å drøfte enkeltsaker. b) For å unngå at særinteresser påverkar slutthandsaminga og debatten på årsmøte, kan årsmøte delast i 2 delar der dei innkalla representantane kjem til ordet i starten, og forlet årsmøte før del 2 tek til. 10. a) Styret pliktar å informera om dei sakene dei arbeidar med, anten ved oppslag eller husstandskriv / allmøter minst 2 gonger pr. år. Desse vedtektene vart 1.gong vedtekne på skipingsmøtet den 11.05. 2006
Sak 6: Handlingsplan for Nes og Høyheimsvik bygdelag. 1.Bygdelaget vil arbeide for at Nes og Høyheimsvik skal vere ein attraktiv stad å bu og feriere på. 2. Arbeide for utbygging av båthamn på Høyheimsvik. 3. Arbeide for å betre trafikktryggleiken på kommune og riksveg. 4. Arbeide for trygge leikeplassar for barn. 5. Arbeide for å halde gamle ferdselsvegar vedlike. 6. Arbeide for å realisere strandpromenade Viki- Rappatun. 7. Arbeide for å betre parkeringstilhøva på Høyheimsvik. 8. Arbeide for å vedlikehalde ballbana og lysløypa på Nes, 9. Arbeide for å arrangere sosiale trivselstiltak for bygdefolk 2 gonger for året, der 17 mai arrangement er eit tiltak. Vedtekne av møtet.
Sak 7: 2. DEKNINGSBIDR AG Eining: Nes og Høyheimsvik Bygdelag Tal eininger pr. år 2006 2007 2008 Nes og Høyheimsvik Bygdelag 50 55 60 Inntekter bygdelaget Pris Tal Sum MEDLEMSKONTIGENT kr 250,00 50 kr 12 500,00 Sum inntekter kr 12 500,00 Variable kostnader Pris Tal Sum styremøter kr 450,00 5 kr 2 250,00 årsmøte kr 600,00 1 kr 600,00 kr 8 000,00 0 kr 8 000,00 Flytebrygger Straum lys kr 1 000,00 0 kr 1 000,00 Resvegen kr 650,00 0 kr 650,00 Sum variable kostnader kr 12 500,00 Dekningsbidrag kr -
Kommentarar til dekningsbidraget: Sak 8: Evy Alme la fram valnemnda sin innstilling som vart samrøystes vedteke. Styret: Jan Øvrebø Kjell Neset Tor Hauge Ann Kristin Sperle Stein Næss Vara: Svein Hatlevoll Odd Vidar Vigdal Jan Øvrebø vart vald til leiar for 1 år, resten av styret konstituerer seg sjølv. Revisor: Kåre Høyheim Arne Stein Fossøy
Valnemnd til årsmøtet 07. Evy Alme Søvrina Hauge Sak 9: Styret får følgjande fullmakter: - skipe forhandlingsutval (forhandle med grunneigarar) - Godkjenne av vedtektene til båtlaget. - Bearbeide budsjettet. Samrøystes vedteke. Magnhild Skjerdal Arne Bondevik