1. Handlingsprogram 2015



Like dokumenter
Innhold 1. Handlingsprogram Det regionale plansystemet... 3 Kunnskapsgrunnlag Satsingsområder SAMFUNNSUTVIKLING FOR EIN GOD

Innhold 1. Handlingsprogram Det regionale plansystemet... 3 Kunnskapsgrunnlag Satsingsområder SAMFUNNSUTVIKLING FOR EIN GOD

Ein tydeleg medspelar. Regional delplan for folkehelse

Innhold 1. Handlingsprogram Det regionale plansystemet... 3 Kunnskapsgrunnlag Satsingsområder SAMFUNNSUTVIKLING FOR EIN GOD

Innhold 1. Handlingsprogram Det regionale plansystemet... 3 Kunnskapsgrunnlag Satsingsområder SAMFUNNSUTVIKLING FOR EIN GOD

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Handlingsprogram for folkehelsarbeidet i Skodje kommune 2018

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

1. Handlingsprogram 2014

Frivilligpolitisk plattform

Regional planstrategi

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Resept for eit sunnare FørdeF

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Referat frå møte i Styringsgruppa for folkehelse

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Kommunedelplan for oppvekst

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Koordinator eller førstelinjearbeider

Idrett og fysisk aktivitet

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Line Hatmosø Hoem Leiar AP Ingeborg Forseth Medlem Møre og Romsdal fylkeskommune

Regional delplan for folkehelse

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Regional delplan for folkehelse

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

BARN OG UNGE I PLANSAKER

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

Hva er folkehelsearbeid?

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

HANDLINGSPLAN for FOLKEHELSE. Vindafjord Vindafjord kommune prioriterer folkehelsearbeid retta mot: Aktive og trygge lokalsamfunn.

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

REGIONAL PLANLEGGING. Rev

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

SLT-HANDLINGSPLAN

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Pilotfylke for universell utforming

Forsand kommune. SLT Handlingsplan

Fleire gode leveår for alle Regional plan for folkehelse. Utkast til handlingsprogram

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Handlingsprogram

Barn og unge i folkehelseoversikt og kommunal planlegging. Åslaug Haugset Rådgjevar/Folkehelsekoordinator Plan og utgreiing Gloppen Kommune

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

Kommuneplanen for Skodje Samfunnsdelen. Innkalling til møte i arbeidsgruppene. Det vert med dette kalla inn til arbeidsgruppemøter 2 og 3 februar.

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet Utgreiing: Møreforsking og Ideas2Evidence Oppdragsgjevar:

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Statusrapport for handlingsprogram for folkehelse

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Frivilligpolitisk plattform

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Folkehelsemeldingen 2019

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

ARBEIDSGRUPPE BRUKARINVOLVERING

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming Presentasjon for SAMU 2. desember 2014

Politisk program for Jølster KrF

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

på vegne av barn og unge

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Transkript:

1

Innhald 1. Handlingsprogram 2015... 3 Det regionale plansystemet... 3 Kunnskapsgrunnlag... 3 2. Satsingsområder... 4 1. SAMFUNNSUTVIKLING FOR EIN GOD START I LIVET... 4 Omfattar resultatmåla 1-9... 4 2. HELSEVENNLEG ARBEIDSLIV... 10 Omfattar resultatmåla 10-15... 10 3. SAMFUNN SOM FREMMAR AKTIV, TRYGG OG FRISK ALDERDOM... 12 Omfattar resultatmåla 16-18... 12 4. TRYGT OG HELSEFREMMANDE FYSISK MILJØ... 13 Omfattar resultatmåla 19-24... 13 5. INKLUDERING OG DELTAKING I KULTUR OG FRIVILLIGE ORGANISASJONAR... 16 Omfattar resultatmåla 25-28... 16 6. ORGANISERING OG SAMHANDLING, EIT KUNNSKAPSBASERT FOLKEHELSEARBEID... 18 Omfattar resultatmåla 29-31... 18 2

1. Handlingsprogram 2015 Handlingsprogram for Regional delplan for folkehelse er vedteken av fylkesutvalet [U- 12/15] og er utarbeidd i samsvar med nasjonale føringar og regionalpolitiske prioriteringar, føringar og vedtak i T-7/12 og T-74/12. Det regionale plansystemet Fylkesplan 2013-2016 (T-74/12) er forankra i Regional planstrategi 2012-2016, T-7/12. Regional planstrategi er eit nytt planinstrument for fylkeskommunen og er heimla i planog bygningslova. Alle regionale planar skal vere forankra i den regionale planstrategien og utarbeidde i samsvar med lovkrava om medverknad og offentleg ettersyn. Det er vidare stilt krav om at det skal utarbeidast årlege handlingsprogram til alle vedtekne regionale planar. Regional planstrategi 2012-2016 prioriterer 13 regionale planar. Regional delplan for folkehelse vart vedteke av Fylkestinget 10. desember 2013, T-78/13 og er forankra i fylkesplanen. Regional delplan for folkehelse Regional delplan for folkehelse skal vere eit grunnlag for det samla arbeidet med folkehelse i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, institusjonar, organisasjonar og næringsliv eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen har eit perspektiv fram mot 2017, og har hatt god medverknad frå sentrale aktørar i folkehelsearbeidet. Handlingsprogram 2014 vart vedteke i Fylkesutvalet, U-18/14. Innhaldet i planen Målet med folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse for den einskilde, og reduserte sosiale helseforskjellar i befolkninga. Planen inneheld seks satsingsområde: Samfunnsutvikling for ein god start i livet Helsevennleg arbeidsliv Samfunn som fremmar aktiv, trygg og frisk alderdom Trygt og helsefremmande fysisk miljø Inkludering og deltaking i kultur og frivillige organisasjonar Organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid Til kvart satsingsområde er det utarbeidd eit hovudmål og fleire resultatmål. Kunnskapsgrunnlag For kunnskapsgrunnlag og dokument som har vore viktige for utarbeiding av handlingsprogram, vert det vist til kapitel 2 og vedleggsdelen i Regional delplan for folkehelse (s. 26 og 27). Til dokumentet: Alle tiltaka i handlingsprogrammet er innanfor ramma til avdelingane; Kultur, Samferdsel, Utdanning, Regional- og næring og Plan- og analyse. Einskilde stader er det satt opp beløp som er disponert. 3

2. Satsingsområder 1. SAMFUNNSUTVIKLING FOR EIN GOD START I LIVET Hovudmål: Barn og unge skal ha eit sunt og inkluderande oppvekstmiljø som gjev dei høve til å oppleve meistring og utvikle sine evner og interesser. Grunnlaget for god helse vert lagt i oppveksten. Foreldre, barnehage, skole, bumiljø/nærmiljø, fritidsaktivitetar og fysiske omgjevnader har stor innverknad på barn og unge si psykiske og fysiske helse (Kap. 3 i Regional delplan for folkehelse). Omfattar resultatmåla 1-9 Resultatmål 1: Auke kapasiteten og styrke kvaliteten i helsestasjons- og skolehelsetenesten samanlikna med 2013. Innsatsområde 1: Styrke skolehelsetenesta i vidaregåande skole Sak til utdanningsutvalet / Utdanningsavdelinga Innsatsområde 2: Styrke samarbeidet mellom helsestasjon/skolehelsetenesta og tannhelsetenesta Revidere samarbeidsavtale mellom helsestasjon og tannhelsetenesta til også å omfatte skolehelsetenesta Fylkestannlegen Resultatmål 2: Talet på tilsette med førskolelærarutdanning i barnehagane skal opp på landsgjennomsnittet innan 2017. Innsatsområde 1: Synleggjere situasjonen i fylket når det gjeld kompetanse i barnehagane Synleggjere temaet i årlege publikasjonar Plan- og analyseavdelinga 4

Resultatmål 3: Alle skolar og barnehagar skal legge til rette for sunne matvanar. Innsatsområde 1: Inspirere, motivere og stimulere til økt sjømatkonsum i barnehagar og skolar gjennom Fiskesprell «Målet med alle aktivitetane i Fiskesprell er å inspirere, motivere og stimulere til økt sjømatkonsum i barnehagar og skolar. Virkemidlene er både å øke kunnskapene om sjømatens ernæringsmessige fordeler og å la de unge erfare hvor godt det smaker (Fiskesprell). Gjennomføre planlagte Fiskesprellkurs fase 1 og fase 2 200 000* for skoleåret 2014/15 * Det er øyremerka eit tilskot for 2014/15 på kr 200 000. Innsatsområde 2: Betre tilbod på sunnare mat og drikke i kantinane i vidaregåande skole Forankre og gjennomføre tilrådingar frå rapporten om kantinesatsinga gjennom betre utstyr og kompetanseløft / Utdanningsavdelinga/ Fylkestannlegen Innsatsområde 3: Auke kompetansen for lærarar og leiarar i SFO og skole om fysisk aktivitet og ernæring. Kurs/temadager på skolens planleggingsdager og elles etter førespurnad Møre og Romsdal Idrettskrets Resultatmål 4: Innan utgangen av 2016 skal 50 prosent av barn og unge i fylket være fysisk aktive ein time kvar dag. Innsatsområde 1: Auka fysisk aktivitet for barn for med funksjonshemming Gjennomføre kurset «Tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn med Møre og Romsdal Idrettskrets 5

funksjonshemming i skolen» Innsatsområde 2: Auka fysisk aktivitet i skolen Utrede kostnader og muligheter for Den Fysiske skolesekken Møre og Romsdal Idrettskrets Friluftsråda Innsatsområde 3: Anleggs- og aktivitetsutvikling: Samlokalisering av anlegg, opne anlegg og eigenorganisert aktivitet Arrangere seminar for saksbehandlar på spelemidlar Arrangere 8 regionale møte om korleis søkje spelemidlar Møre og Romsdal Idrettskrets Innsatsområde 4: Auke den fysiske forma til elevar på yrkesfag Utarbeide forsøk med trening for elevar på yrkesfag Utdanningsavdelinga Resultatmål 5: Talet på elevar og lærlingar som fullfører og består vidaregåande opplæring etter fem år skal aukast frå 70 prosent til 79 prosent ved utgangen av 2016. Innsatsområde 1: Hjelpe ungdom som ikkje begynner på eller fell ut av vidaregåande utdanning gjennom «I-UNG» Tiltaket «I-UNG» er nyskapande og unikt i sitt slag i Norge. Målsettinga er å hjelpe ungdom som ikkje begynner på, eller fell ut av, vidaregåande utdanning. Dei som får plass får prøve ut eit bredt spekter av aktiviteter og varierte yrkesoppgåver. 6

Utvide «I-UNG» prosjektet til å bli eit tilbod i heile Møre og Romsdal Utdanningsavdelinga Innsatsområde 2: «Vekslingsmodellen» «Med vekslingsmodell menes et løp der opplæringen er organisert i mindre enheter med korte, vekselvise perioder i henholdsvis skole og bedrift» (Kunnskapsdepartementet). Prøve ut «Vekslingsmodellen» - tidlegare ut i praksis i Kristiansund Utdanningsavdelinga Resultatmål 6: Offentleg og frivillig sektor skal gjennom systematisk arbeid for god psykisk helse arbeide for mobbefrie skolar og fritidsmiljø. Innsatsområde 1: Styrke lærarar sin kompetanse i høve psykisk helse - Ellenoreprosjektet Skolane melder om at stadig fleire elevar har utfordringar relatert til psykisk helse. Ellenoreprosjektet (Lærarar i møte med utsette elevar), skal hjelpe lærarar i møte med og i oppfølginga av desse elevane. Sak opp i 2015 basert på rapport utarbeidd i 2014 Utdanningsavdelinga Innsatsområde 2: Førebygge mobbing i vidaregåande skole Alle vidaregåande skolar skal ha fokus på mobbing og delta i aktuelle mobbeprogram Utdanningsavdelinga 7

Innsatsområde 3: Styrke kunnskap i barnehage og skole om korleis ein bidreg til god psykisk helse Gjennomføre konferanse om psykiske helse / Utdanningsavdelinga Fylkesmannen Resultatmål 7: Alle vidaregåande skolar skal ha handlingsplan mot rus og gode prosedyrar for handtering av elevar med rusproblem Innsatsområde 1: Rusførebyggande arbeid i vidaregåande skole Arbeide vidare med Ungdata (undersøkingar i ungdomsskole og vg skole) Prosjektet Rusplan vert avslutta i 2015. Rutinar skal vere innarbeidd i alle sju skolane som har vore med i prosjektet. Starte planlegging av konferanse (2016) om Rusplan. Gjennomføre undersøkingar om elevane sine rusvanar ved alle vidaregåande skolar i fylket, for å skaffe faktagrunnlag for arbeid med å utvikle handlingsplaner mot rus ved skolane. Korus Kommunane Korus Utdanningsavdelinga / Utdanningsavdelinga Korus Plan- og analyseavdelinga Utdanningsavdelinga Resultatmål 8: Det skal gjerast eit systematisk arbeid for førebygging blant ungdom innanfor området doping i idrett- og treningsmiljø. Vert ikkje prioritert i 2015 grunna for lite ressursar Resultatmål 9: Arbeide for tobakksfri skuletid og fritidsmiljø i tråd med nasjonal strategi for arbeidet med tobakksskadar. Nasjonal strategi for tobakkskader 2013-2016, «En framtid utan tobakk», omfattar mange nasjonale tiltak som skal setjast i verk for å få ned bruk av tobakk. FRI er eit 8

undervisningsprogram for ungdomsskolen med fokus på tobakk. Innsatsområde 1: Tobakksfri skoletid Arbeide vidare med tobakksfri skoletid og FRI (eit program for elevar på ungdomsskolen som skal hjelpe elevar til å ta eigne val spesielt når det gjeld tobakk og rusmidlar). /Utdanningsavdelinga Fylkestannlegen Innsatsområde 2: Tobakksfrie arenaer for fritida Kontinuerlig arbeide for at idretten blir ein rusfri og tobakksfri arena Møre og Romsdal Idrettskrets Budsjett satsingsområde 1 2015 200 000 * * Det er øyremerka eit tilskot for 2014/15 på kr 200 000. 9

2. HELSEVENNLEG ARBEIDSLIV Hovudmål: Skape god folkehelse og gode levekår for alle gjennom søkelys på lønsame, trygge og helsefremmande arbeidsmiljø. Gjennom sitt samfunnsansvar kan næringslivet bidra på ulike måtar for å styrke lokalt folkehelsearbeid. Arbeidsplassen bør også vere ein arena for å stimulere til sunne vanar, samstundes som det er viktig å leggje til grunn at eit godt arbeidsmiljø er alle sitt ansvar (Kap. 3 i Regional delplan for folkehelse). Omfattar resultatmåla 10-15 Resultatmål 10: I samarbeid med privat næringsliv og offentlege verksemder skal ein synleggjere gode eksempel på arbeid med lokale folkehelseutfordringar. Innsatsområde 1: Sjå på muligheitene for å utvikle helsebasert næringsverksemd Fylkeskommunen har støtta eit forprosjekt der ein skal sjå på muligheitene for å utvikle helseturisme og helsebasert næringsverksemd i miljøet rundt Muritunet i Valldal. Fylkeskommunen sit i styrtingsgruppa til forprosjektet som avsluttast i 2015. Regional- og næringsavdelinga Innsatsområde 2: Auke kompetansen om ansvarleg alkoholhandtering (Gjeld også resultatmål 15) Ansvarleg alkoholhandtering er eit tiltak som tilbyr leiarar og tilsette på skjenkestader og hotell kurs i tema som overskjenking av mindreårige, samt førebygging av rusrelatert vald og andre aktuelle område. Målet med kurset er at auka kompetanse hos personalet og leiarar gjer det lettare å gjere riktige avgjersle i vanskelege arbeidssituasjonar. Ansvarleg alkoholhandtering-prosjektet er eit ledd i nasjonal kompetansehevingsprosjekt. Kommunane skal så drive intern opplæring for dei instansar som har alkoholløyve. Dei tre bykommunane skal også invitere kommunane i sin region for opplæring. Kontinuerleg arbeid med ansvarleg alkoholhandtering, samt arbeid mot festivalar og trekke med fleire kommunar Kommunane Korus 10

Innsatsområde 3: Auke kompetansen omkring rusbruk og arbeidsliv ALOR nettverk er eit samarbeid med AKAN, NAV og rusinstitusjonane. ALOR står for nettverk innanfor arbeidsliv og rus og er for alle som gjennom sin jobb er i kontakt med problemstillingar omkring rusbruk og arbeidsliv. Leiarar, AKAN-kontaktar, HMS-personell, tilsette i personalavdelingar/hr, verneombod, tillitsvalde og bedriftshelsetenesta kan delta på ALOR nettverk. Målet er å gjennomføre to nettverksmøter i året i kvar region. Gjennomføre to nettverkssamlingar på Sunnmøre og to på Nordmøre/Romsdal. Kontinuerleg arbeid Korus Resultatmål 11: Talet på IA verksemder i fylket skal aukast og fleire verksemder skal arbeide systematisk for å nå alle måla i IA-avtalen, samanlikna med 2013 Innsatsområde 1: Bidra med folkehelsekunnskap inn i IA-arbeidet Gjennomføre møte med NAV arbeidslivssenter Møre og Romsdal Resultatmål 12: Arbeide for å sikre tilbod om arbeidsretta tiltak for ungdom som står utan arbeid eller skoleplass. Sjå IUNG, resultatmål 5. Resultatmål 13: Talet på personar som går eller syklar til jobb skal aukast med fem prosent innan utgangen av 2017. Innsatsområde 1: Få fleire til å gå eller sykle til jobb Gjennomføre undersøking på tal som går eller syklar til skole eller jobb i samband med undersøking om fysisk aktivitet i Møre og Romsdal Resultatmål 14: Gjennom kurs og andre tiltak auke kompetansen om sunn mat i arbeidsplasskantinar. Vil ikkje vere eit prioritert arbeidsområde i 2015. 11

Resultatmål 15: Fleire verksemder i Møre og Romsdal skal ha retningslinjer for alkoholbruk ved sosiale arrangement på arbeidsplassen, samanlikna med 2013. Sjå resultatmål 10. Budsjett satsingsområde 2 2015 3. SAMFUNN SOM FREMMAR AKTIV, TRYGG OG FRISK ALDERDOM Hovudmål: Legge til rette for at dei eldre kan meistre eige liv, kjenne seg trygge, inkludert, verdsett og som ressurs i lokalmiljøet. Gjennomsnittsalderen i befolkninga i Møre og Romsdal aukar, og vi blir stadig fleire eldre. Det er venta ein stor auke i aldersrelaterte lidingar framover. Samstundes har dei eldre meir ressursar enn før til å møte alderdommen og bidra aktivt i samfunnet (Kap. 5 i Regional delplan for folkehelse). Omfattar resultatmåla 16-18 Resultatmål 16: I samarbeid mellom kommunar, frivillige organisasjonar og lokale eldreråd utforme samarbeidsavtalar om involvering av eldre som ressurs. Innsatsområde 1: Nytte eldre som ressurs i kommunane Arbeide med å utvikle ein modell for eit samarbeid mellom Molde kommune og Møre og Romsdal pensjonistforbund om Involvering av eldre som ressurs i eit førebyggande perspektiv. På sikt er det aktuelt å utvide prosjektet til fleire kommunar. Møre og Romsdal pensjonistforbund Molde kommune Resultatmål 17: Gjennom kurs- og kompetansehevande tiltak auke kunnskapen om eigenmestring, førebygging og kvardagsrehabilitering hos politikarar og tilsette i helse- og omsorgssektoren. Innsatsområde 1: Auke kompetanse til politikarane om alkohol og skadeverknader ved alkoholbruk Arbeidsgruppa Rusførebygging God Helse har utvikla mal for eit kurs for politikarar om alkohol, folkehelse og politiske virkemiddel. Målet er å få dette kurset inn som ein del av Fylkesmannen si generelle politikaropplæring. 12

Halde kurs i kvar region i fylket om alkohol og skadeverknader Fylkesmannen Korus Resultatmål 18: Innan utgangen av 2016 skal 50 prosent av vaksne og eldre i fylket vere fysisk aktive 30 minutt per dag. Innsatsområde 1: Auka fysisk aktivitet for vaksne i regi av idretten Stimulere idrettslag til å oppretthalde/starte mosjonsaktivitet for vaksne Møre og Romsdal Idrettskrets Tilskot? Innsatsområde 2: Fleire og betre areal for aktivitet i kommunesentra Sette i gang eit prosjekt for å stimulere til fleire og betre areal for aktivitet i kommunesentra i fylket Regional og næring Budsjett satsingsområde 3 2015 4. TRYGT OG HELSEFREMMANDE FYSISK MILJØ Hovudmål: Alle skal kunne gå, sykle og køyre med låg risiko på veg til og frå daglege gjeremål og fritidsaktivitetar. Det fysiske miljøet er grunnleggande for helse, trivsel og livskvaliteten for innbyggarane. Det har og betyding for utjamning av sosiale helseskilnader, og kva slags levevanar vi som innbyggarar har (Kap. 6 i Regional delplan for folkehelse). Omfattar resultatmåla 19-24 Resultatmål 19: Gjennom kurs og rettleiing styrke kompetansen hos kommunale planleggarar på samanhengen mellom folkehelse, universell utforming og planlegging. Sjå resultatmål 31. 13

Innsatsområde 1: Styrke kompetanse hos planleggarar Tema i plannettverka. Løypande saksbehandling i plansaker Plan- og analyseavdelinga Resultatmål 20: Kvaliteten på og omfanget av turløyper innan 500 meter frå der folk bur skal aukast, samanlikna med 2013 Innsatsområde 1: Merking og skilting av turstiar Vidareutvikle tilskotsordningar og kompetanseheving for merking og skilting av turstiar Kommunane Friluftsråda Gjensidigestiftelsen Lokale organisasjonar 450 000 * * dette utløyser 450 000 frå Gjensidigestiftinga. Det vert vist til Handlingsprogram Kultur 2015. Innsatsområde 2: Fleire helseløyper Utarbeide og marknadsføre mal for korleis ein kan søkje spelemidlar til helseløyper Vidareutvikle og ferdigstille helseløyper som har fått tilskot og arbeide for at fleire kommunar får etablert helseløyper i tilknyting til sine buområde Kommunane * Det vert vist til Handlingsprogram for Kultur 2014. Resultatmål 21: Auke delen av gang- og sykkelvegnett med ein radius på 4 km rundt grunnskolar og 6 km rundt vidaregåande skolar, samanlikna med 2013. Innsatsområde 1: Krav i planer om utgreiing og etablering av gang- og sykkelvegar Stille krav i kommune- og reguleringsplanar om utgreiing og etablering av gang- og sykkelvegar Kommunane Planog analyseavdelinga/ Samferdselsavdelinga Under satsingsområde nr 4 Trygt og helsefremmande fysisk miljø, blir det gjort mykje arbeid gjennom Handlingsprogram Samferdsel 2015 som bygger opp under folkehelsearbeidet. 14

I dette handlingsprogrammet ligg det til saman 16 ulike tiltak under resultatmåla 3 og 6: 3: Transportsystemet skal utviklast og haldast ved like, slik at det blir differensiert, men effektivt, tilgjengeleg og trafikksikkert og har tilstrekkeleg standard for alle typar trafikkantar 6: Gjennom aktivt arbeid med trafikktrygging vil vi medverke til å nå det nasjonale målet for 2024 om færre drepne og skadde i trafikken. Tiltaka dreiar seg om - - - utbygging av gang- og sykkelvegar kompetanseheving på kunnskap om trafikktryggleik og folkehelse i planarbeid haldningsskapande trafikktryggingsarbeid mot barn og unge i form av t.d. teater, kurs og andre aktivitetar Vil du vite meir om folkehelsearbeidet knytt til samferdsel kan du lese Handlingsprogram Samferdsel 2015 som du finn på http://mrfylke.no/tenesteomaade/samferdsel Resultatmål 22: Etablere fleire sykkelnett inn til og i byar, større tettstadar og store arbeidsplasskonsentrasjonar, samanlikna med 2013. Sjå resultatmål 21 Resultatmål 23: Auke talet på samanhengande gang- og sykkelvegnett i bygder og mindre lokalsamfunn, samanlikna med 2013. Sjå resultatmål 21 Resultatmål 24: Gjennom aktivt arbeid med trafikktrygging medverke til færre drepne og skadde i trafikken, samanlikna med 2013. Sjå resultatmål 21. Budsjett satsingsområde 4 2015 450 000 15

5. INKLUDERING OG DELTAKING I KULTUR OG FRIVILLIGE ORGANISASJONAR Hovudmål: Frivillige lag og organisasjonar skal vere berekraftige og vere offensive aktørar i sine lokalsamfunn og nå breitt ut i befolkninga. Deltaking i og opplevingar knytt til frivillige lag og foreiningar har ein verdi i seg sjølv, men også tilleggsverdiar i form av å skape sosiale nettverk, fellesskap, sosial kapital og auke den fysiske aktiviteten. I følgje Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT 3), har dei som nyttar kulturtilbod; oppleving av betre helse, er meir tilfreds med livet og har mindre angst og depresjon enn andre delar av befolkninga (Kap. 7 i Regional delplan for folkehelse). Omfattar resultatmåla 25-28 Resultatmål 25: Halvparten av kommunane i Møre og Romsdal skal ha ein frivilligplan innan 2017. Innsatsområde 1: Sette frivilligplan på dagsorden gjennom planarbeid og møteplassar Målet vil bli drøfta på eksisterande møteplassar med kommunane Resultatmål 26: Kommunane skal saman med frivillige lag og organisasjonar avklare frivilligsentralane si rolle. Gjennomført og avslutta i 2014. Resultatmål 27: Likeverdig satsing på topp og bredde, samt tilbod for alle aldersgrupper, bør forankrast betre i frivillige organisasjonar, samanlikna med situasjonen i 2013. Innsatsområde 1: Eit trygt og rusfritt miljø i lag og organisasjonar Korus har saman med idrettskretsen, fylkesmannen, fylkeskommunen og ACTIS utarbeidet ei brosjyre: Trivsel og trygghet i frivillig sektor Rusforebyggende arbeid blant barn og unge. Det er eit resultat frå konferansen Idrett, rus og snus som vart gjennomført våren 2012. Målet er å spreie brosjyra til flest mogeleg instansar. Kommunane og frisklivsentralane er viktige i dette arbeidet. Det skal arrangerast ein konferanse for frivillige organisasjonar og kommunar for å informere om arbeidet og korleis brosjyra kan nyttast for å etablere gode rutinar i organisasjonane. Gjennomføre konferanse for frivillige lag og organisasjonar og kommunar om Trygge og rusfrie lag og organisasjonar Korus i samarbeid med Fylkesmannen og Møre og Romsdal idrettskrets 16 30 000

Innsatsområde 2: Godt tilbod til unge idrettsutøvarar som vil satse på høgt nivå Utvikle eit prosjekt som skal gje dei unge som ønskjer å satse på ein idrett på eit høgt nivå eit konkurransedyktig tilbod i Møre og Romsdal, slik at dei slepp å flytte ut av fylket for å gjennomføre vidaregåande skole. Møre og Romsdal Idrettskrets Innsatsområde 3: Få fleire aktivitetsleiarar i barneidrett Innføring av Aktivitetsleiarkurs barneidrett for elever som går programfag idrett ved de vidaregåande skolane i fylket. Møre og Romsdal Idrettskrets 20 000 * * Vert dekt av Møre og Romsdal idrettskrets Resultatmål 28: Auke kompetansen hos kommunane og frivillige organisasjonar om akustikk og førebygging av hørselsskadar i forbindelse med utvikling av anlegg for kultur- og fysisk aktivitet. Innsatsområde 1: Akustikk og førebygging av hørselsskadar som tema Akustikk og førebygging av hørselsskadar som tema på Møterunden (kursrunde om korleis søkje spelemidlar) Møre og Romsdal Idrettskrets Budsjett satsingsområde 5 2015 50 000 * * 20 000 vert dekt av Møre og Romsdal Idrettskrets 17

6. ORGANISERING OG SAMHANDLING, EIT KUNNSKAPSBASERT FOLKEHELSEARBEID Hovudmål: Folkehelsearbeid i Møre og Romsdal skal vere kunnskapsbasert. Det blir viktig å styrke kompetansen og kunnskapen om folkehelsearbeidet i fylket. Folkehelselova set tydelege krav til korleis folkehelsearbeidet skal drivast og kva for oppgåver og ansvar kommunane, fylkeskommunen og statlege styresmakter har (Kap. 8 i Regional delplan for folkehelse). Omfattar resultatmåla 29-31 Resultatmål 29: Gjennom årsrapportane til God helse-partnarskapen skal alle sektorane i kommunane rapportere på folkehelse i løpet av 2017. Innsatsområde 1: Synleggjer det tverrsektorielle folkehelsearbeidet i kommunane gjennom å rapportere på folkehelse i alle sektorar Utarbeide rapport for 2014 for kommunane i God Helse partnarskapet basert på ein mal som gjer synleg arbeid i alle sektorar. 40 000 Resultatmål 30: Arbeide for å styrke undervisningstilbodet innan folkehelse ved høgskolane i Møre og Romsdal. Innsatsområde 1: Sikre at det fins studietilbod innanfor folkehelse ved høgskolane Ta kontakt med Høgskolen i Molde og etterlyse tilbod innan ernæring og folkehelseleiing slik dei har hatt tilbod om tidlegare 18

Resultatmål 31: Fylkeskommunen skal vidareutvikle si rolle som pådrivar for og samordnar av folkehelsearbeidet. Innsatsområde 1: Kompetanseheving innanfor statistikk og samanhengen mellom statistikk og plan Arrangere samlingar for / kommunane Plan- og analyseavdelinga Innsatsområde 2: Auke kompetansen og byggje nettverk for partnarkommunane Arrangere tverrsektorielle samlingar for partnarkommunane 150 000 Innsatsområde 3: Auke kompetansen for tilsette i Frisklivssentralane i fylket Arrangere nettverkssamlingar for Frisklivssentralane Fylkesmannen Innsatsområde 4: Få et betre statistikkgrunnlag innanfor rusfeltet Fleire kommunar skal gjennomføre Ungdata undersøkingar Få eit betre statistikkgrunnlag frå brukarplan og behandlingstilbod for rusmisbrukarar. / Utdanningsavdelinga Korus Korus Helseforetaket Innsatsområde 5: Oppnå ei god forankring av rusarbeidet i fylket Utarbeide mandat for arbeidsgruppa Rusførebygging God Helse Budsjett satsingsområde 6 2015 190 000 19

20