Framlegg til Frivilleg- og samspelstrategi

Like dokumenter
Frivilligpolitisk plattform

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Frivilligpolitisk plattform

Innkalling av Valnemnd

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar i Åmli kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Nedanfor følgjer våre kommentarar til utgreiinga og forventingar til oppfølging frå myndigheitene.

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Internasjonale aktivitetar i kommunane i Hordaland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Til veljarane i Tysnes

Kommunikasjonsstrategi

De ti frivillighetspolitiske bud - Frivillig Norge

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

BAKGRUNN OG FORMÅL MED EIT PLANPROGRAM...

Referat frå møte i Hardanger kulturråd Møterom hjå Hardangerrådet i Kinsarvik Mandag 12. juni 2017 kl 09:00 14:00.

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Fitjar kommune

Prosjektskisse Versjon 3. Arbeidspakke 5

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Eldrerådet Møtedato Møtetid: Kl. 12:30-13:45 Møtestad: Kommunehuset

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Radøy kommune Saksframlegg

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Innovasjonsmetoden vår

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL KULTURARBEID I GOL KOMMUNE.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

SAKSGANG. Utval Møtedato Saknr Plan- og driftsutvalet /18. Saksbehandlar Arkiv: Journalpostnr. Handegard, Sigrid B.

Årsrapport Føremål. Overordna mål. Nærmiljøsentralen Askvoll. Innhald

Samnanger kommune Møteprotokoll

GULEN - HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA med: gode oppvekstvilkår livskraftige og samarbeidande bygder mangfald og rom for alle

Trygg og framtidsretta

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Prosjekteigar: Flora kommune.

FRAMLEGG Oppstart av planarbeid og forslag til planprogram. Angelica Talley Avdelingsingeniør PLAN FOR KLIMA OG ENERGI I GISKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Ål kommune Retningsliner for tilskot til kulturarbeid Vedteke i Formannskapet , sak 18/11 Administrativ revidering etter oppstart SUKO,

Administrativ Organisasjonsutvikling

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Krevjande økonomisk men gode muligheter

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Referat fra folkehelseforum i Stord kommune

Prosedyrar og rettleiar for NSSU

SOGN driftig raus ekte

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 17:00 18:50

Oppsummering av møte med næringslivet om arealplanen 8. januar 2019

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE

Sjef i eigen heim korleis kan kommunen møte eldre sine behov i framtida

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

2. Soknerådsmøte februar Referat

Fitjar kommune Møteprotokoll

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Transkript:

Framlegg til Frivilleg- og samspelstrategi 2016-2019

Bakgrunn Samfunnsdelen i kommuneplanen omhandlar frivilleg sektor i ulike mål og strategiar. «Samspel mellom næringsliv, frivilleg sektor og kommunen er viktige aktørar for å skapa utvikling, og for at me skal nå målet om å verta fleire!» I kommuneplanen er samhandling ein av kommunen sine prioriterte verdiar. Samhandling med frivilleg sektor vert trekt fram gjennom ulike mål og strategiar i dette overordna plandokumentet med m.a. målsetnad om å: gje frivilleg sektor gode rammevilkår skapa gode møteplasser for frivilleg sektor bruka ressursar på dei som vil noko samarbeida med næringsliv og frivilleg sektor i konkrete saker og planlegging Om frivillegheita blømer best ved å ha ein strategi eller «fri utfalding» på dei frivillege sine premissar er eit ope spørsmål - eller kanskje ein kombinasjon? Uansett er det eit nasjonalt mål at alle kommunar skal ha ein frivillegstrategi. Jondal kommune er vidare tildelt midlar frå Hordaland fylkeskommune til å utarbeida ein slik strategi. Rådmannen sette ned følgjande arbeidsgruppe til dette arbeidet : Landsbylos Sigrid Brattabø Handegard, leiar Flyktningkoordinator Trine Vik Leiar i Frivilligsentralen Ole Gjerde Folkehelsekoordinator Maren Miille Gro Heidi Molland, sekretær Mandat: «Utarbeida eit forslag til frivillegpolitikk/plan for Jondal kommune i perioden 2016 2019. Arbeidet må ta utgangspunkt i mål og strategiar om frivilleg engasjement i Samfunnsdelen av kommuneplanen for Jondal kommune 2015-2030.» Arbeidsform Arbeidsgruppa har hatt to møte, gjennomført kartlegging av eldsjeler, lag og organisasjonar. Einingsleiarane vart utfordra på samhandling med frivillege i sine einingar. Kartlegginga la vekt på at kommunen skulle vera på «tilbodssida» der me retta spørsmål om kva kommunen kan gjera for å få fleire til å engasjera seg endå meir i frivilleg arbeid. I tillegg fekk me god oversikt over situasjonen og aktiviteten i det enkelte lag og den samla aktiviteten, også i dei kommunale einingane. Hovudfunn - oppsummering

Det har vore svært god svarprosent. Av 30 lag har 22 svara ( 73 %). Av 10 spurde eldsjeler har 7 svara (70 %). Fem einingsleiarar har svara (100 %). Laga har fått spørsmål om type aktivitet og kor ofte, kva ressursar finst (medlemstal, økonomi og samarbeid), utfordringar og samarbeid med kommunen. Eldsjelene har fått spørsmål om kvifor dei engasjerer seg, kva må vera til stades for vidare engasjement, og samarbeidet med kommunen. Einingsleiarane er utfordra på korleis eininga samarbeider med frivillege innan sitt ansvarsfelt. Av laga som har svara kan ein oppsummera at det er 1460 medlemmer i eit eller fleire lag i kommunen. Dei fleste laga har stabil medlemsmasse. Det er stor variasjon i medlemstal. Frå dei to største laga på 240-280 medlemmer til fleire på rundt 10-15. Nokre fortel at det er vanskeleg å rekruttera nye medlemmer. Peikar på fleire mogelege årsaker; ein vil ikkje ta på seg noko fast ansvar, enklare å gjera enkeltinnsats og å «vera med», styreverv er ikkje så interessant. Mange er medlemmer i fleire lag, og lyt prioritera mellom desse. Fleire oppgjev at dei ikkje jobbar aktivt med rekruttering. Andre fortel at medlemstal aukar proporsjonalt med aktivitetsnivå. Vanskeleg å få folk til å stilla på dugnad og ulike arrangement, det er dei same som går att. Høg alder og fleire lag som driv med det same er også nemnt som årsak til manglande rekruttering. Mange lag svarar at dei samarbeider med andre lag i kommunen og utanfor kommunen. Laga samarbeider og med kommuneorganisasjonen. 78 % svarar at dei har eit godt samarbeid med Jondal kommune. Det er likevel variasjon i kor mykje kontakt det er mellom kommunen og dei ulike laga. Forslag me har fått til forbetringar er t.d. forenkling av søknadsskjema for kulturmidlar, fast frist på tilskotsordningar, mindre byråkrati, fast kontaktperson, likebehandling av utleige, bruka og synleggjera lokale krefter, lokal søknadspott. 80 % av laga har svara at dei har månadleg aktivitet eller meir. Mange lag har aktivitet fleire gonger i veka. Fire lag har aktivitet eit par gonger i året. Kartlegginga syner eit imponerande mangfald av aktivitetar rundt i heile kommunen. Utfordringa er gjerne å synleggjera dette. Noko av det som kom fram er: Gammaldans-leirdueskyting-skyting-strikkekafe-ungdomskor-barnekor-grendakorlandsbykor-regionkor-generasjonsfestar-ungdomsklubb-revy-turgruppe-fotoklubb-vingfotball-symjing-skitrening-fjelltrim-fellesturar-kviss-landsbydag-basar-julemesse-kven veitdansekurs-jonsokbrudlaup-bygdeblad-bygdekafe-dugnad-spinning-styrketrening-allidrettstep-frisktrim-4h-ute/inneaktivitetar-skiløyper-kultursti-gudstenester++ Økonomi ser ikkje i vesentleg grad ut til å vera noko hinder for aktivitet. Berre tre av laga dreg fram økonomi som ei utfordring. Det vert peika på mogelegheitene for ein pott til å søkja pengar frå. Inntektskjeldene er først og fremst medlemspengar, kommunale tilskot, utlyste tilskotsordningar og inntekter frå arrangement.

På spørsmål om kva som hindrar auka aktivitet, eller kva som må til for at frivilleg sektor skal bidra meir, for å gje betre tenester og tilbod i kommunen vart desse områda trekt fram: Frammøte på ulike arrangement avgjer kva ein vågar å satsa på Tid til å følje opp t.d. søknadsprosess, planlegging Nye som engasjerer seg for å få nok folk til alle tiltak Aldrande medlemmer Økonomi - frie midlar Etablera møtestader der ein kan treffast og drøfta situasjonar, idear og liknande Dei same eldsjelene engasjerer seg i fleire prosjekt Ha ein engasjert leiar, og folk som vil noko Marknadsføring av tilbod, kommunen kan bidra gjennom å framsnakka aktivitetane, rask sakshandsaming, forenkla søknader, ein kontaktperson og visa velvilje Kommunen kan ha arrangement og tilstellingar i heile kommunen Leggja til rette for lån av utstyr til produksjon av marknadsføringsartiklar m.m. Dei fleste lag er på «tilbodsida» når det gjeld samarbeid med kommunen om trivsel og tenester til folk, utover det som alt vert gjort - det er berre å ta kontakt! Einingsleiarane på si side er samstemt i at samarbeid med frivilleg sektor er udelt positivt og har eit potensiale for utvikling og betring av tenester. Kanskje samarbeid med det frivillege bør vera eit fast tema i einingane sine årsmeldingar? Eldsjelene peikar på at dei engasjerer seg for at kommunen skal vera ein god stad å bu, det gjev glede å vera med, nyskaping som drivkraft og mogelegheit for å skapa noko positivt for folk og området. Dei opplever kommunen stort sett som ein positiv samarbeidspart - og kommunen må halda fram å vera imøtekommande, sjå løysingar, forenkla byråkratiet og delta i finansiering i større grad. Konklusjon Kartlegginga syner ein aktiv frivilleg sektor med eit breitt tilbod i Jondal kommune. Deira aktivitet er avgjerande for inkludering, folkehelse, trivsel og tenestetilbod i kommunen. Frivilleg arbeid har og eigenverdi for den einskilde, og for ei framleis positiv utvikling i kommunen. Aktiviteten må skje på dei frivillege sine premissar, men det er grunnlag for auka samhandling med kommunen. Arbeidsgruppa vil trekkja fram tre fokusområde som kan «gjødsla» frivillegheita: 1. Samhandling 2. Synlegheit 3. Engasjement

Mål tiltak ansvar Arbeidsgruppa konkluderte med at dersom dokumentet skal verta noko meir enn eit dokument, må tiltaka vera konkrete og utforma i tett samarbeid med dei frivillege. 02.06.16 arrangerte me difor «Frivillegverkstad», der me presenterte funna i spørjeundersøkinga, og dei frammøtte prioriterte ulike tiltak for auka aktivitet, betre samhandling og ei utvikling i tråd med måla i kommuneplanen. 25 personar i ulike aldrar frå heile kommunen deltok. Tiltaka skulle såleis vera breitt forankra. På bakgrunn av kartlegginga er fokusområde og prioriterte tiltak arbeidsgruppa sitt framlegg til Frivillig- og samspelstrategi for Jondal kommune 2016-2019 : 1. Samhandling MÅL: Jondal kommune og frivillig sektor skal leggja til rette for auka samhandling. Dette skal me gjera gjennom:

Tiltak Korleis Ansvar 1.1 Utarbeida aktivitetskalender for frivilleg sektor. 1.2 Kommunen opprettar ein «frivillegpott» som det kan søkjast pengar frå til ulike prosjekt. 1.3 Lag, organisasjonar og eldsjeler skal ha ein fast kontaktperson i kommunen. 1.4 Samarbeid med frivillege skal vera fast tema i årsmeldinga til Jondal kommune. Me vil utarbeida ein kalender som syner faste aktivitetar gjennom veka og faste arrangement gjennom året. Det vert stilt til disposisjon ein pott pengar utan søknadsfrist med enkel og ubyråkratisk handsaming. Rådmannen peikar ut ein løysingsorientert kontaktperson som er lett tilgjengeleg, og kan innan dei ressursar som er til rådvelde, yta rett hjelp. Alle einingsleiarane skal ha eit avsnitt om korleis dei samarbeider med frivillig sektor i sine årsmeldingar. Frivilligsentralen i samarbeid med laga. Kommunen/Kommunestyret. Kommunen/Rådmannen. Kommunen/Rådmannen. 2. Synlegheit MÅL: Me skal synleggjera tiltak for trivsel og aktivitet til innbyggjarar og gjester! Dette skal me gjera gjennom: Tiltak Korleis Ansvar 2.1 Det skal vera ei oppdatert liste over lag og organisasjonar med kontaktperson på kommunen si heimeside. 2.2 Det skal etablerast ei arbeidsgruppe med «data- og infofolk» som lagar ein heilskapleg strategi for informasjon. 2.3 Oppslagstavlene i kommunen skal vera ryddige. 2.4 Synleggjera alt det positive som skjer. Lag og organisasjonar melder til kontaktperson i kommunen etter årsmøte. Det vert etablert ei arbeidsgruppe med 4-5 personar (kommunen, Frivilligsentralen, lag/org) som vurderer kva som fungerer, og korleis dei ulike informasjonskanalane kan fungera i lag. Bygdelaga har eit særskilt ansvar, men alle som brukar tavlene må ta ned informasjon som er utgått. Bygdelaga har mynde til å prioritera kva info som skal ha plass om tavla er full. Kontaktperson for arrangementet må ta kontakt med invitasjon til lokalavisa. Evt. ta bilete og skriva litt sjølv dersom «bladfykjen» Kommunen/dei ulike laga. Frivilligsentralen. Bygdelaga. Det enkelte lag/kommunen/ kvar og ein.

ikkje dukkar opp. I tillegg har me alle eit ansvar for å framsnakka! 2. Engasjement MÅL: Fleire skal verta FRI VILLEG og HEIT! Dette skal me få til gjennom: Tiltak Korleis Ansvar 3.1 Fleire skal få meir tid til å engasjera seg i direkte aktivitet. Det vert etablert tilbod om hjelp til rekneskap, opplæring/kurs i styrearbeid. Frivilligsentralen. 3.2 Det vert etablert ein felles møteplass for samhandling. 3.3 Synleggjera aktivitetar overfor «hyttefolk». 3.4 Hjelp og rettleiing til søknad skriving og «finna pengar». Det kan etablerast faste samlingspunkt mellom frivillege der ein kan drøfta idear, få støtte og liknande. Det skal vera eit fast møte mellom kommunen og det frivillege gjennom året. Dei ulike laga og kommunen må ha ei bevisst haldning til at gjester er ein stor ressurs som både deltakarar på arrangement, ressursar i lagsaktiviteten og aktiv rekruttering til t.d. medlemmer på ulike Facebooksider. Eldsjeler og organisasjonar kan få frigitt tid til direkte gjennomføring av aktivitetar/prosjekt ved å bli avlasta. Frivillig sentralensamlingspunkt. Kommunen-fast møte. Dei ulike laga/kommunen. Frivilligsentralen/Rådmannen. Frivilleg- og samspelstrategien bør gjennomgåast på det årlege møte mellom kommunen og lag/organisasjonar/eldsjeler.