KNUTSLYKKJA Kirsti Krekling



Like dokumenter
SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Notat om historie og kulturlandskap

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Setring ved Håbakkselet Hareid

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Til deg som bur i fosterheim år

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Eidegrend klyngjetun

Kom skal vi klippe sauen

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

«Ny Giv» med gjetarhund

Brukarrettleiing E-post lesar

G A M A L E N G K U L T U R

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Plassebakken Barnehage

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Månadsbrev for Rosa september 2014

RJUKAN-NOTODDEN INDUSTRIARV

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Husmannsvesenet på Austlandet

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Jon Fosse. For seint. Libretto

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Minnebok. Minnebok NYNORSK

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Kva er økologisk matproduksjon?

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Eksamen SAM3023 Rettslære 2. Nynorsk/Bokmål

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Med tre spesialitetar i kofferten

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Prisar på porto for 2015

Ørsdalen skule. Gunnhild Vassbø

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Storleiken på brevet avg jer prisen. Prisar Les meir på: posten.no

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MEDLEMSINFO. august 2009

Lønnsundersøkinga for 2014

Prisar på porto for 2016

Ev. referanse til Kolltveit

Utviklinga av beitebruken i utmarka - Utviklingstrekk siste 1000 år - Utfordringer i framtiden - Hva gjør Modum

Her ser de det ferdige gardsteppet vårt. No heng det i kantina på StatoilHydro på Monstad.

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying...

Del 2 Maks: 41 poeng Hjelpemiddel: Det er lov med alle ikkje-kommuniserande hjelpemiddel

* * * F O T O K O R T * * *

FANTASTISK FORTELJING

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Fiskebestandar i Ullensvang statsallmenning. Årgang 5 * Nr 1 * Mai 2007 * Institutt for naturforvaltning * Universitetet for miljø- og biovitskap

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Erverv av grunn ved Vangsnes vassverk for sikring av råvatn

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Transkript:

KNUTSLYKKJA Kirsti Krekling Plassering i tid og rom Knutslykkja låg på Koloen i Kvam (Nord-Fron) og var ein mindre jord- og skogeigedom. Plassen har truleg namnet sitt etter Knut Olsen Søre Bakken (1793 1846). Han eigde ein gard eit stykke unna og brukte jorda i Knutslykkja som tilleggsjord. Truleg hadde han ei løe, men ingen andre hus der. I 1828 fekk han samtykke frå gardbrukarane i Kvam til å gjerda inn jorda. Det ser ut til at denne delen av bygda vart fråflytta i ei nedgangstid, kanskje etter svartedauden. I tida mot 1700-talet kom nokre små gardar i Koloen i bruk att. Desse første bruka vart sjølveigande. Etter kvart som bureisinga auka, vart dei nye plassane leiglendingsbruk under gardane i Kvam, som opprinneleg eigde det meste av området. Brukarane svara bygselavgift og hadde inga arbeidsplikt, slik husmennene hadde. Bygselavgifta gjekk inn i Kolo-kassen. Pengane gjekk til fellestiltak i bygda. Gardane fekk sjeldan utbetalt utbytte i tida før Kolo-plassane vart selde etter utskiftinga (1858 1861). 1

Dei som bygde opp Knutslykkja Dei som bygde opp Knutslykkja og fekk heimen sin der, var Torger Jonsson Omundlien og kona hans, Ingeborg (Ymbjør) Persdotter Bjørkerusten. Dei gifta seg i 1844, same året som Torger fekk brev på retten på Knutslykkja. Plassen hadde seter på vestsida av dalen mot Kvikne ålmenning. Folketellinga i 1865 Etter hardt slit i fleire år kunna dei fø tre kyr, fire sauar og like mange geiter på bruket i 1865. Dei sådde 1/16 tønne rug (1 tønne korn = 139 liter), ½ tønne bygg, 3/8 tønne blandkorn (havre og bygg), 1 tønne poteter (om lag ½ mål). I dag er dette ikkje eit eksistensminimum, men på deira tid måtta mange greia seg med mindre. Ofte måtta Torger, som andre husmenn og småbrukarar, mala halm og blanda i kornet slik at familien fekk mat. I 1865 har dei vori sjølveigarar på plassen i to år. Torger og kona er 51 år. Dei er barnlause. I Knutslykkja bur òg mora hennar på 70 år og faren hennar på 81. Han er legdslem og er blind. For Knutslykkja betalte dei 35 spesidaler (tilsvara ein amerikabillett), og dei tok opp lån for å betala Knutslykkja. Det siste avdraget betalte dei i 1874. Torger dreiv avl av oksar. Han kjøpte eit år gamle stutar, temde dei og brukte dei til køyring ( i staden for hest) i tre fire år. Då selde han dei til slakt. Arbeidsliv om sommaren Når Ingeborg var på sæteren, var Torger alene hjemme. Som oftest var han da borte i arbeide hos andre. Han tok fat ½ 4 om morgenen og holdt på til solefall. Da gikk han hjemover og gjorde det som trengtes på Knutsløkken. Det kunde ofte bli sent for ham, og dødsens trett var han før han opgav arbeidet. Ofte orket han ikke å klæ av sig. Han bare slengte seg ned på sengen. Men når solen spillet inn gjennom de grønlige vindusruter om morgenen, var han på farten igjen til den gården hvor han arbeidet. 2

Ingeborg lå heller ikke på latsiden. Ikke før hadde hun en en ledig stund, før hun var i arbeide. Hun hadde ull, karder og rokk med sig. Hun spant for andre og nyttet nok hvert øieblikk. (Sandvig, Anders: De Sandvigske Samlinger i tekst og billeder. 1928) Sosial hjelp Torger betalte ei årleg avgift på tolv skilling for kvart av dei to jordstykka han hadde. Dette svarar til om lag fire dagløner for ein vanleg gardsarbeidar i den same tida. Torger fekk så ein avtale om at dersom han tok vare på svigerfaren, slik at han ikke vart ei bør for bygda, slapp han å betala avgifta for jorda. Ut frå dette, gjekk midlane i Kolo-kassen mellom anna til å betala sosial hjelp for dei som trong det. Legd Frå midten av 1700-talet var det oppretta fattigkommisjonar i kvart sokn. Dei hadde mellom anna som oppgåve å hjelpa fattige, sjuke og dei som ikkje greidde seg sjølve i samfunnet. Område vart delt inn i legder. Dei hjelpetrengande flytta frå gard til gard og fekk mat og husvære der. Alternativt vart dei i byane plasserte i fattighus eller innlosjerte hos private. Kontant betaling til dei understøtta var uvanleg. I bygdene fekk dei understøtta med eigen bustad ta ut varer hos kjøpmannen. Rekninga gjekk til fattigvesnet. Folketellinga i 1875 No bur Torger og Ingeborg åleine på plassen. Buskap og såmengde er om lag det same som ti år tidlegare. Dei sette ei tønne poteter i 1865, men berre 1/8 i 1875. Dette er teikn på at det ikkje har vori nydyrking i perioden. Kanskje var det ikkje meir å dyrka? 3

Folketellinga 1900 No er Torger og Ingeborg 85 år gamle. Dei har framleis husdyr det nye er høner - og dei driv jorda, utan at denne tellinga oppgir mengder. Det var seks hus på bruket då Ingeborg og Torger døydde. Det blir fortald om hønene til Ingeborg lenge etter at ho gjekk bort. Dei var å rekna som familiemedlemer og gjekk ut og inn av bustadhuset som dei villa. Enno vert det fortald om kor redd Ingeborg var for at ungane skulla uroa klukkhønene når dei ruga. Attåtnæring Vadmålspressa, som står i Knutslykkja i dag, stod ikkje der medan folk budde i huset. På nabobruket var dei skreddarar i tre generasjonar, og der dreiv kjerringa med typressing som ei tilleggsinntekt. Ein av etterkomarane, som òg var skreddar, selde bruket til Anders Sandvig og kan ha seld med pressa som vart sett inn i huset på Maihaugen. Styresmaktene kravde sitt av skatter og avgifter, bonden betaling for leige av bruket. Plassfolk måtta ofte skaffa seg arbeid i tillegg til det faste, slik at dei kunna brødfø seg og familien sin. Knutslykkja til Maihaugen Torger døydde i 1904 og Ingeborg i 1906. Då var det seks hus på plassen. Ein familie leigde husa frå 1906 til 1910. Innreiinga kan daterast til om lag 1820. Eit brev til Sandvig fortel at kjøpesummen i 1910 var 850 kroner. Fri køyring til 4

jarnbanestasjonen på Sjoa var inkludert. Bygningane vart frakta frå Knutslykkja i 1912, og Norges Statsbaner bringa tømret fraktfritt til Lillehammer stasjon. Sandvig hadde ikkje fullmakt frå styret til å kjøpa Knutslykkja, så han kjøpte plassen for eigne pengar til minne om foreldra sine om to strevsomme mennesker. Knutslykkja er eit nyrydningsbruk, men var brukt som døme på ein husmannsplass før Stykkebakken vart flytta til museet. Bygningar og innreiinga Innreidde etter skikken på 1820-talet. Stuebygningen : Kannestol: skap med tallerkenrekke øvst og skaprom nedst. Bånpine : Ei ramme festa til ei stong mellom golvet og taket. Barnet plassert i bånpina kunna berre gå i ring rundt stonga. Gåstol: laga av tre, har hjul Vogga: heng nær senga, lett for foreldra å vogge ungen. Karmen : ein trekasse som ungane sov i. Plassert under senga om dagen, ved peisen om kvelden og natta. Vadmålspressa: å pressa vadmål var kvinnearbeid og gav ekstrainntekter. Pressa er frå nabobruket Bjørkerusten. Seng og korgmakarutstyr i kleven. Eldhuset: Flatbrødtakke, bakstefjøl og trau. Aurbua: Under aurbua er det kjellar som delvis er graven inn i bakken. Verdfullt kjølerom. Bua er stabburet på plassen. Har korn- og mjølbyre. Aldri velfylt. 5

Fjøset: Meir forseggjort enn de andre husa på Knutslykkja. Både for småfe og kyr. Plass for tre kyr og kalvar. Ein tredel for sauar og geiter. Låven: Køyring/treskegolv i midten, rom for høy og korn på kvar side. Stallen: Ein bås til oksen og ein til fôr. Stalltrevet har òg rom for fôr høy og mose. Gåstol Husmannsvesnet Folkeveksten var stor på 1700- og 1800-talet. Mange nye gardar vart rydda for å skaffa meir mat. Husmannsvesnet løyste folkeoverskotet. Etter odelsloven arva den eldste sonen garden. Yngre søsken fekk rydda og byggja ein plass i nærleiken. Husmannen leigde husa og jorda. Dei betalte avgift for plassen ved å arbeida på garden. Slik kunna dei livberga seg og samstundes ha ein stad å bu. Garden fekk arbeidshjelp, og husmannsfamilien var sikra eit levebrød. Ein stor gard kunna ha mange husmannsplassar, ti eller fleire. Husmennene vart ein underklasse i bygdesamfunnet. I mange bygder i Gudbrandsdalen var det store klasseskille. Uår Frå 1836 1840 opplevde dalen fire harde uår på rad. Det var stor naud, og fleire stader i Noreg samla folk inn midlar for å hjelpa gudbrandsdølane. I uår blir det uråd å skaffa såkorn. Utan såkorn fekk ikkje folk mat. Mange husmenn måtta slakta 6

husdyra for å berga livet. Utvegen var å finna ein ny stad å bu der tilgangen på mat og utkome var sikrare. Før amerikafeberen var som sterkast reiste dei fleste frå Gudbrandsdalen til byane, og nordover til Trøndelag og Nord- Noreg. Dei færraste kom attende til dalen. I Bardu og Målselv har dialekten, folkemusikken og mattradisjonane enno likskap med gudbrandsdalskulturen. Utvandringa Ottadølane reiste helst ut frå Bergen. Dølane elles tok oftast båt frå Oslo. Dit kom dei til fots eller med hest. Frå 1854 kunna dei reisa den siste vegen med toget frå Eidsvoll. 30 år seinare vart jarnbanen forlenga nordover til Hamar og i 1894 til Tretten. Den første gudbrandsdølen som utvandra til Amerika, var Jehans Nordbu i 1832. Han var 64 år og hadde fire ungar. Familien slo seg ned i Texas. Amerika låg langt borte, var stort og ukjent. Å reisa heimefrå til det ukjente var ofte å forlata slekt og heimland for godt. Reisa kosta mange pengar og kravde omfattande førebuing. Mange selde alt dei eigde for å skaffa pengar til billett. Dei skulla òg ha mat nok til sjøreisa som kunna vara frå sju til tolv veker alt etter ver og vind. Det finnest fleire kjende tilfelle der dølar har brukt 14 15 veker på overfarten. Til turen og starten på eit nytt liv trong dei klede, kjøkenutstyr, sengeklede og reiskapar. Om dei hadde bibel og salmebok, tok dei dei med. Vatn og ved til matlaging fekk dei ombord. Det var ei lang og slitsam ferd. Vel framme i Amerika hadde mange lang veg att dit dei hadde tenkt seg til område med store flate vidder dei kunna dyrka. Mange slo seg ned for godt i det nye landet. Om lag 50 000 bende heim til Noreg. 1980: 3 450 000 amerikanarar reknar seg som norskamerikanske. Folketalet i Noreg: 1801: 880 000 1900: 2 100 000 7

Folkemengde i Gudbrandsdalen: 1865 : 52 604 1900 : 44 341 Dette er ein nedgang på 15%, trass i at talet på fødslar var høgt. Utvandring frå Noreg til USA: 1825 2005: over 900 000 Amerikabrev Amerikabreva og fotografia fortalde om nyheiter. Dei fortalde minst om slit og sakn. I mange bygder gjekk breva på rundgang. Interessa for Amerika var stor i bygdene i Gudbrandsdalen. Her var det òg mange som var tingarar av amerikanske aviser. Decorah-Posten og Nordmanden var dei best kjende. Kjelder: Folketellingar: 1865, 1875 og 1900. Fredriksen, Per: Knutslykkja. Gåmålt frå Quam. Hovdhaugen, Einar: Gudbrandsdal og Amerika. 150-årsjubileet for den norske utvandring til Amerika 1825 1975. Krekling, Kirsti: Maihaugen en historisk billedbok. 2001 Sandvig, Anders: De Sandvigske Samlinger i tekst og billeder. 1928. Nyttig artikkel: Gaukstad, Even: Utvandrerne og det Norge de forlot. Side 9. Maihaugen 1980 1985. 8