Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Samansette tekster og Sjanger og stil

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjon til elevane

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Frå novelle til teikneserie

Overordna leseplan for barnehagane og skulane i Luster kommune

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Brukarrettleiing E-post lesar

«Ny Giv» med gjetarhund

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Skulebiblioteket eit pedagogisk verkty.

Vurderingsrettleiing 2011

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Til deg som bur i fosterheim år

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Valdres vidaregåande skule

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Oppleving av føresetnadar for meistring for elevar med spesialundervisning på barnesteget.

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


PRAKSISKONTRAKT. Eg har også jobba eit halvt år som nattevakt og halvannan år på dagtid på avlastningsbolig for barn med ulike behov.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Elevundersøkinga 2016

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

mmm...med SMAK på timeplanen

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

UTVIKLINGSARBEID I OPPVEKSTSENTER

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Vi lærer om respekt og likestilling

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Brukarrettleiing. epolitiker

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Vekeplan 10. klasse. Namn:.. Veke Norsk: Eksamen / På nett. Matte Tal og algebra/eksamen. Samf: Geografi: Australia/Oseania. Eng.

Bitraf Resultatregnskap0per

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering


Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Metodiske verktøy ved kursleiing

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Vekeplan 9. klasse. Namn:... Veke 4. Matte Tall og forhold mellom tall. Samf Mat frå jorda Eng Relative pronomen og Lesing

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Halvårsplan, hausten 2011

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Transkript:

Innlevering praksisrapport Randi, Marit og Marianne Brekke skule Bakgrunn I denne rapporten er vi 3 lærarar og 28 elevar frå første til tredje klasse involverte. Vi gjennomførde rettleidd lesing i veke seks, sju og ni. Stasjonsundersvisning har me prøvd før, så denne gongen har det vore Rettleidd lesing som har vore i fokus. Rettleidd lesing i gruppe på fire elevar, krev ei litt anna organisering enn vanleg klasseromsundervising med ein lærar pr klasse. Etter å ha prøvd ut rettleidd lesing i haust, fann vi ut at ei vidareføring av dette opplegget var både spennande og nyttig. Denne gongen har vi hatt fem ulike stasjonar. Rettleidd lesing føregjekk i eit klasserom med 1 lærar og tre eller fire elevar. I rommet ved sidan av hadde ein lærar ansvaret for tre eller fire grupper med skrivestasjon og stillelesing. I det siste rommet var ein lærar med ansvar for tre eller fire grupper på data og lesespel. Teori Rettleidd lesing er ein undervisningsmetode som er utvikla på New Zealand. Sentrale moment ved denne metoden som vi la til grunn ved val av praksisopplegg: fokus på lesing som grunnleggjande ferdigheit i alle fag I Kunnskapsløftet vert grunnleggjande ferdigheitar i norsk definert som: Å kunne lese innebærer å sette seg inn i, granske, tolke og reflektere over faglige tekster og skjønnlitteratur med økende vanskelighetsgrad. Å kunne lese vil også innebære å kunne behandle og bruke variert informasjon fra bilder, film, tegninger, grafer, tabeller etc. (Saabye, 2007: 19). møte elevane der dei er i sin eigen leseutvikling Læraren legg til rette for at det dei treng hjelp til i dag skal dei klare på eiga hand i morgon. Vygotsky kallar dette for den næraste utviklingssona. (Holen, 2009, førelesingsnotat). gje elevane erfaring med ulike lese- og læringsstrategiar elevane kan lære av kvarandre Små grupper, tryggare elevar. Lettare å spinne på kva andre seier. Målsetjing med prosjektet Etter ein grundig diskusjon rundt erfaringar vi fekk når vi prøvde ut metoden i haust er det to punkt vi vil setje fokus på i dette prosjektet. 1. Vi har stor tru på denne metoden, og ynskjer å få betre kjennskap til rettleidd lesing, samt å gjere elevane kjende med ulike læringsstrategiar. 2. Vi vil setje fokus på rammevilkåra. Dette gjer vi fordi erfaringane vi fekk i haust gav oss ein indikasjon på at det er ting som må leggjast betre til rette for ein optimal læringssituasjon. På lang sikt er sjølvsagt målet å få elevar som er gode lesarar. Vi vil no vidare vurdere våre erfaringar opp mot våre forventningar og teoretiske bakgrunn.

Vurdering Etter ein kort praksisperiode med utprøving av rettleidd lesing som arbeidsmetode, sit vi att med mange positive opplevingar. Vi hadde som mål å lære elevane ulike lesestrategiar. Gjennom samtale rundt bøkene i rettleidd lesing, introduserte vi omgrepet lesestrategi for elevane. Vi snakka om bileta, om forventningar til kva boka skulle handle om, om overskrifter og om teksta passa til bileta. Fekk vi meir informasjon når vi såg tekst og bilete samla eller var det den same informasjonen? Hadde teksten ein bodskap? Samtalen gjekk ivrig rundt bordet og elevane var flinke å sette ord på det dei såg. Strategi er eit vanskeleg omgrep for dei yngste elevane, så det var naudsynt å kople det til situasjonar dei kjende. Korleis les ein handlelista? Korleis les ein oppgåver i matteboka? Det var interessant å sjå korleis dei assosierte daglegdagse situasjonar til ulike måtar å lese på. Dess yngre elevane på gruppene var, dess kortare hadde dei kome i si leseutvikling. Dette vart også gjenspegla i valet av bøker. Mindre tekst og fleire, større bilete prega bøkene til dei yngste, for eksempel To hundar, der den korte teksten til kvart bilete eigentleg er overflødig. Elevane klarte å fortelje heile historia utan å lese eit einaste ord. Når det er sagt, så var det eit par-tre elevar som hadde lese boka før og visste kva som skjedde på neste side før vi hadde bladd om. Litt uheldig kanskje, men dei var utruleg nok like ivrige i samtalen likevel. Uansett sit vi igjen med gode erfaringar av samtalene rundt bøkene. Vi fokuserte på bileta. Elevane vart spurd om kva dei trudde boka handla om utifrå biletet på framsida. Det var ikkje vanskeleg å få forslag. Vi funderte og på om teksten passa til bileta. I boka To hundar viser framsida bilete av to hundar, men i boka er det og ein katt med på alle bileta. Dette vart kommentert av ein av elevane. Det fekk i gong ein diskusjon som enda opp med at alle fire meinte at tittelen på boka burde være To hundar og ein katt. Vi tek utgangspunkt i ei av gruppene som bestod av fire elevar i første klasse. Desse er i den første fasen av leseopplæringa og har begynt å lese enkle ord. Vi tok for oss boka To hundar, ei hefta bok på 8 sider. Det var ei linje med tekst på kvar side skrive med store bokstavar. Dei tre første orda i setninga gjekk att på dei fleste sidene. Boka vart kopiert opp med eitt eksemplar til kvar elev. Kopien var i svart/kvit. Vi oppdaga snart at alle såg meir i lærar si bok fordi dei ville sjå bileta med fargar. Vi tok for oss framsida først. Elevane svarte fort på spørsmåla rundt teikninga. Som tittelen på boka viser til, var det bilde av to hundar. Ein liten og ein stor langhåra. Allereie då kom diskusjonen i gong om ulike hunderasar. Lærar måtte avbryte den samtalen for at vi skulle komme oss vidare. På kvar side fokuserte vi på dei same tinga i same rekkefølgje. Elevane peika på ord dei kunne, vi las teksten i fellesskap og heldt fingeren under det ordet som vart lest. Vi snakka om bokstavar, ord, mellomrom, punktum og teikninga til teksten. Dei fleste klarte å følgje med på lesinga og samtalen, men lærar noterte at eit par elevar var meir interessert i teikningane. Det å få alle elevane i gruppa engasjerte er ei utfordring. Det vart difor viktig å passe på at alle fekk seie det dei ville, samtidig som at ein som lærar måtte stille spørsmål til dei som ikkje tok ordet sjølv. Med tre-fire på kvar gruppe var ikkje dette eit stort problem. Elevane kjenner kvarandre godt og er ikkje redde for å seie noko feil. Medan ei gruppe var på lesegruppe, Rettleidd lesing, var dei andre gruppene fordelte på dei andre postane (sjå vedlegg 1). Gangen i rekkjefølgja var i utgangspunktet

ikkje så viktig for oss, anna enn at skrivestasjonen måtte kome rett etter den rettleidde lesinga, då elevane her fekk oppgåver som var direkte knytt til boka dei hadde lese. Etter å ha gjennomført prosjektet er det tid for evaluering. Ein naturleg part å spørje er då elevane som har vore med på dette. Så vi delte ut evalueringsskjema (sjå vedlegg 3) til elevane. Dei minste fekk hjelp til å svare, men eit poeng for oss var at det skulle vere muleg for også dei å svare utan hjelp. Responsen frå elevane var mangfaldig, men ikkje så overraskande. Dei aller fleste syns det var gøy og kjekt å vere med på lesegruppe, Rettleidd lesing. Nokon syns det var lett og andre syns det var vanskeleg. Stor variasjon i svara var det også på dei andre stasjonane, men kva anna kan ein vente frå 28 individualistar? Det var viktig for oss å prøve ut dette nye, og at elevane syntes det var gøy, er ein bonus for oss. Kanskje er dette med på å motivere dei til å lese meir? Ein kan jo drøyme. Kort kommentar til dei andre stasjonane Skrivestasjon: Etter Rettleidd lesing gjekk gruppene direkte til denne skrivestasjonen der dei fekk oppgåver knytta til boka dei nettopp hadde lese. (sjå vedlegg 2) Elevane var flinke å klare seg sjølv på denne stasjonen. For å hjelpe på minnet til elevane, låg eit eksemplar av boka på bordet, samt ark og blyantar så dei slapp å dra rundt på penal og sekk. Elevane hadde kvar si mappe som dei la arka sine inn i. Denne mappa hadde fast plass, så alle visste kvar dei fann mappa si. Stillelesing: Her fekk elevane eit utval lettleste bøker, frå dei med berre store bokstavar til andre med små og meir tekst enn bilete. Etter kvar leste bok skulle elevane fylle ut eit blad til lesetreet, med tittel, forfattar, antal sider og ein kommentar om korleis boka var. Dei yngste elevane trengte ein god del hjelp på denne stasjonen, både til lesing og til skriving. Dette gjorde at den vaksne på denne stasjonen til tider måtte la alle dei andre tre-fire gruppene klare seg sjølv medan ho hjelpte ei. Det har og vorte uro når mange på same tid skal finne seg ei ny bok å lese. Lesespel: I første runde hadde me sett fram for lite spel. Det vart difor ein del uro denne dagen. Det løyste seg etter kvart som me fekk meir å tilby elevane. Elevane kosa seg med Løko, og kunne sitte ganske lenge med ei oppgåve. I ettertid ser me at dette er ein aktivitet det er lett å ty til om ein har bruk for det, i andre timar og fag. I dette prosjektet var det lesing som var i fokus, men skulen har oppgåver både i matematikk og engelsk til desse Løko-bretta. Data: Elevane kunne her velje mellom DrillPro, eit tastaturtreningsprogram, og Nynorskbuketten. Det siste er eit program som utfordrar elevane i lesing på ulike nivå, frå å gjenkjenne bokstav til å skrive setningar. Dei fleste valde Nynorskbuketten. Her var det interessant å sjå korleis ein førsteklassing klarte å gjenkjenne bokstavar, medan ein annan åt opp like ord. Det var ein orm som gjorde den jobben, men eleven styrte den. Ingen av desse hadde knekt lesekoda, men klarte likevel å løyse oppgåvene på skjermen.

Data er eit hjelpemiddel som kanskje er for lite brukt i småskulen, til tross for at det er ein av hovudområda i Kunnskapsløftet. (LK, 2006: 39) I denne samanhengen var det ein populær stasjon som dei fleste gledde seg til å kome på. Konklusjon Sjølve situasjonen i rettleidd lesing, det å få sitte med fire elevar og konsentrere seg om ei oppgåve utan å verte forstyrra, er ein god situasjon som det er vanskeleg å få til i ein travel kvardag. Elevane viste også at dei treivst i situasjonen ved at dei følgde med og var engasjerte i samtalen. Det var satt av 15 minutt til kvar gruppe. Vi hadde utan problem kunna halde på lenger. Assosiasjonane til elevane gjekk gjerne vidare enn akkurat det boka dreidde seg om. Det var vanskeleg å vite kva tid ein skulle avbryte ein god samtale for at ein skulle komme seg vidare i boka. Ein vesentleg ting å setje fingeren på er mangelen på klassesett i lettlestbøker. Det held ikkje å jobbe med rettleidd lesing ved å kopiere opp bøkene. Det fengar ikkje elevane like godt som ei bok med fargeglade teikningar. Dette er ikkje noko stort problem, men må ordnast fort så vi kan fortsetje metoden utover våren. Det største problemet er å få nok vaksne til dei andre stasjonane. Elevane var delt i åtte grupper med tre vaksne (sjå vedlegg 1). Når ein vaksen vart knytt til lesegruppa, måtte dei to andre dele på sju grupper. I same rom var det i periodar to grupper på fire datamaskiner. Dei jobba med oppgåver frå nynorskbuketten. Dei elevane som hadde mest erfaring med data, hjalp dei som trengte det. Men til tider vart det for mykje venting. I gruppa med lesespel var det løko som var mest populært. Desse vart for vanskeleg for nokre av elevane i første klasse. Vi prøvde å få dei eldste elevane til å hjelpe dei yngste med lesing av enkle ord, men dei ville helst halde på med løkospela. Venting vart det også ein del av på stillelesingsstasjonen, slik at støynivået her til tider var godt over akseptabelt nivå. Det ideelle hadde vore å ha to vaksne personar til med på opplegget slik at me hadde vore ein vaksen på kvar stasjon. Alt i alt, det har vore ei tid med mange aha -opplevingar og artige situasjonar. Rettleidd lesing som metode er ein arbeidsmåte vi utan tvil kjem til å ta med oss vidare her på skulen vår. Så får framtida vise om elevane våre vert betre lesarar. Kjeldeliste Holen, G. (2009): Førelesingsnotater. Kursdagane 30. og 31. oktober i Brekke. Saabye, M. (2007): Om læreplanverket for Kunnskapsløftet. Grunnskolen. Oslo: Pedlex Utdanningsdirektoratet (2006, juni). Kunnskapsløftet fag og læreplaner.

Vedlegg 1 Dato: 11.40-12.00 12.00-12.20 12.20-12.40 12.40-13.00 Bøker Veke 6: Tys 9/2 Gr.1 Rettleidd lesing skrivestasjon "Isboka" Gr.2 data Rettleidd lesing "To hundar" Gr.3 lesespel Gr.4 Stillelesing Gr.5 Stillelesing Gr.6 lesespel Gr.7 Stillelesing Gr.8 Stillelesing Lesespel stillelesing stillelesing Data stillelesing Lesespel Tors 11/2 Gr.1 lesespel data stillelesing stillelesing Gr.2 Skrivestasjon stillelesing data lesespel Gr.3 Rettleidd lesing skrivestasjon stillelesing lesespel "To hundar" Gr.4 data Rettleidd lesing Skrivestasjon stillelesing "To hundar" Gr.5 lesespel stillelesing Rettleidd lesing skrivestasjon "Sirkus" Gr.6 Stillelesing Stillelesing lesespel Rettleidd lesing "Sirkus" Gr.7 Stillelesing lesespel lesespel data Gr.8 data lesespel stillelesing stillelesing Veke 7: Tys 16/2 Gr.1 Data Lesespel Rettleidd lesing "Kaninen til Line" Gr.2 lesespel stillelesing stillelesing Gr.3 Stillelesing Stillelesing lesespel Gr.4 Stillelesing stillelesing data Gr.5 lesespel Data stillelesing Gr.6 Skrivestasjon Lesespel Data Gr.7 Rettleidd lesing skrivestasjon lesespel "To hundar" Gr.8 stillelesing Rettleidd lesing Skrivestasjon "To hundar" Tors 18/2 Gr.1 Skrivestasjon stillelesing lesespel Gr.2 Rettleidd lesing skrivestasjon Data "Froskar" Gr.3 Data Rettleidd lesing Skrivestasjon "Froskar" Gr.4 lesespel stillelesing Rettleidd lesing "Froskar" Gr.5 Stillelesing Lesespel lesespel Gr.6 Stillelesing Lesespel lesespel Gr.7 lesespel Data stillelesing Gr.8 lesespel Data stillelesing

Veke 9: Tys 2/3 Gr.1 lesespel stillelesing Gr.2 lesespel stillelesing Gr.3 stillelesing lesespel Gr.4 skrivestasjon lesespel Gr.5 Rettleidd lesing Skrivestasjon "To hundar" Gr.6 stillelesing Rettleidd lesing "To hundar" Gr.7 data data Gr.8 data data Tors 4/3 Gr.1 stillelesing lesespel Gr.2 stillelesing lesespel Gr.3 lesespel stillelesing Gr.4 lesespel stillelesing Gr.5 skrivestasjon data Gr.6 data data Gr.7 Rettleidd lesing Skrivestasjon "Pedro" Gr.8 stillelesing Rettleidd lesing "Pedro"

Vedlegg 2 Oppgåver til TO HUNDAR 1. Kva handlar boka om? Svar: 2. Kva ville du ha gjort, dersom dette skjedde med hunden din? Svar: 3. Teikn eller skriv fortsettinga av fortellinga om To hundar. Kva trur du skjedde vidare?

Vedlegg 3 Evaluering av Rettleidd lesing 1.-3. kl 1. LESEGRUPPE SET RING RUNDT: SKRIV HER: 2. SKRIVESTASJON 3. STILLELESING 4. LESESPEL 5. DATA