Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 1. Årsrapport 2002



Like dokumenter
Formål. Organisasjon. Hovudstyret i Møreforsking i 2004

Formål. Organisasjon. Hovudstyret i Møreforsking i 2005

Følgjeforskingsprosjektet i Møre og Romsdal

FoU ved HVO faglege satsingsområde. Personleg kompetansebygging, regional forankring og nasjonal akkreditering

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Universitetet Møre kan det bli ein realitet? NORDMØRSKONFERANSEN 2008 Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik

Vestlandet ein stor matprodusent

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Møreforsking Årsrapport 2001

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Vurdering av allianse og alternativ

VEDTEKT av februar 2007

Strategiplan for FoU

Årsrapport 2006 Rapport_2006.indd :25:59

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Ny strategiplan for Høgskulen

Årsmelding,Egset :52 Side 1. Møreforsking Årsrapport 2000

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

STRATEGISK PLAN

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

En utvikling på høgskolenes premisser?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Etablering og drift av kraftselskap

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Kven er vi, og kva gjer vi? Statleg økonomistyring

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming Presentasjon for SAMU 2. desember 2014

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

INTERNASJONAL STRATEGI

ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Noen refleksjoner fra NIVA til debatten om «Midlertidighet og ekstern finansiering i akademia»

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Næringspolitikk for auka nyskaping og betre konkurranseevne

Regionalt forskingsfond. Sekretariatsleiar Jone Engelsvold og seniorrådgivar Randi Lotsberg

Kunnskapsbaserte næringsklyngjer

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Utfordringer for samarbeid. i utdannings- og forskningssektoren

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Overgang Oppfølging Telling. Anne Gerd Strand

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Tiltaksplan

Forskningsrådet er aktør også for regional omstilling og videreutvikling

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Avtale om partnarskap

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Strategi Forord

Strategiplan for FoU

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

SØKNADSKRITERIER FOR TILDELING AV INSTITUSJONELLE FOU STIPEND

FRITID VED HJELP AV STØTTEKONTAKT: «AKTIVE MULIGHETER» Trond Bliksvær

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

8. september ProsjektplanK= Engagement letter. Hordaland fylkeskommune Selskapskontroll Beredt AS = =

Trondheim. Møre og Romsdal. Bergen. Oslo

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Svar til Universitetet i Bergen på intensjonsnotat om framtidig og tettare samarbeid

Regionale effektar av Mørebyane som mellomstore byar. Professor Jørgen Amdam Høgskulen i Volda

VR-sak 17/14: OPPFØLGING AV MARIN STRATEGI FOR VESTLANDET

Oppnemning av eksterne styremedlemer til Høgskolen i Volda

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Ledelse over fjord og fjell

Kommunedelplan for oppvekst

FU sak Godkjenning av protokoll frå FU-møte 3/2015, 12. mars

Forsking i kommunal sektor - kva gjer vi? Regionalt forskingsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes og seniorrådgivar Randi Lotsberg.

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane Sjømatnæringane

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Kompetansemekling i privat og off sektor

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Lærande nettverk. Motivasjon, leiing og arbeidsmåtar. Ungdomstrinn i utvikling - UDIR. Claus Røynesdal. Sogn regionråd

Utarbeiding av trafikktryggingsstrategi for Møre og Romsdal

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

CAMPUS KRISTIANSUND Biomarin satsing på Nordmøre Agnes C. Gundersen, Møreforsking AS

Transkript:

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 1 Årsrapport 2002

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 2 Formål Møreforsking skal gjennom kunnskapsutvikling på utvalde område medverke til utvikling og nyskaping i nærings- og samfunnsliv i regionen. Samstundes skal instituttet vere aktivt og konkurransedyktig i det nasjonale og internasjonale forskingssystemet. Det skal leggast særleg vekt på å styrkje den innovative rolla i samarbeid med regionalt næringsliv og offentleg forvaltning. Organisasjon (gjeldande frå 1.1.02) HOVUDSTYRE 8 medlemmer MØREFORSKING Hovudkontor, Volda Eit hovudstyre på åtte medlemmer er det øvste organet i stiftelsen. Hovudadministrasjonen for stiftelsen ligg i Volda. Frå 1.1.02 er Møreforsking organisert etter ein konsernmodell. Forskingsverksemda er lagt til dei to forskingsavdelingane Møreforsking Volda og Møreforsking Ålesund og dotterselskapet Møreforsking Molde AS. Aksjonærar i dotterselskapet er Møreforsking (51 %) og Høgskolen i Molde (49 %). AVDELINGAR Møreforsking Volda DOTTERSELSKAP Møreforsking Molde AS Møreforsking Ålesund Hovudstyret i Møreforsking i 2002 Medlemmer Personlege varamedlemmer Oppnemnande instans Adm. dir. Odd Folland (leiar) Ole Johan Vidhammer Møre og Romsdal fylkeskommune Ass. nærings- og miljøsjef Bergljot Landstad Fylkesutdanningssjef Per Hoem Møre og Romsdal fylkeskommune Prosjektleiar Gerd Slinning Divisjonsdirektør Roar Tobro Noregs forskingsråd Førsteamanuensis Jon Olav Myklebust (n.leiar) Førsteamanuensis Per Sætre Høgskolane i Møre og Romsdal Organisasjonsarbeidar Kjell Fevåg Distriktssekretær Per Ørnulf Andersen Landsorganisasjonen i Norge (LO) Direktør Knut Stenerud Regiondirektør Sverre Devold Næringslivets Hovedorg. (NHO) Forskingsleiar Iren Stoknes Adm. leiar Håkon Bø Avdelingane i Møreforsking Forskar Dag Magne Berge Forskar Randi Bergem Personalet i Møreforsking Hovudkontoret i Volda Direktør Bjørn Stave - Førstekonsulent Åsa Farstad Langlo (til 1.6.02) - Førstekonsulent Anna Driveklepp (frå 1.6.02) - Konsulent Marit Eliassen Publisering i 2002 I 2002 hadde konsernet Møreforsking følgjande tal publikasjonar: Artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift som bruker fagkonsulent (referee) i kvalitetssikringa: 9 Artiklar i norske vitskaplege tidsskrift som bruker fagkonsulent (referee) i kvalitetssikringa: 2 Fagbøker, lærebøker, avhandlingar og monografiar: 1 Kapittel eller artiklar i fagbøker, lærebøker, konferanserapportar og fagtidsskrift: 7 Rapportar i eigen rapportserie: 36 Rapportar i ekstern rapportserie: 16 Rapportar til oppdragsgivarar: 30 Foredrag/framlegging av paper/poster: 79 Populærvitskaplege artiklar og foredrag: 28 Meir informasjon om publikasjonane finst på Møreforskings heimeside www.moreforsk.no. Utgitt av Møreforsking, juni 2003. Opplag: 700 eksemplar. Redigering/sats: Vatne Fotosats, Volda. Trykk: Egset Trykk AS, 6100 Volda. Foto framside: Astrid Woll.

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 3 Årsmelding Generelt Frå 1.1.02 er Møreforsking organisert etter ein konsernmodell. Konsernet er sett saman av stiftelsen Møreforsking og dotterselskapet Møreforsking Molde AS. Stiftelsen har dei to avdelingane Møreforsking Volda og Møreforsking Ålesund og eit hovudkontor lagt til eit sekretariat i Volda. Aksjonærar i dotterselskapet er stiftelsen Møreforsking (51 %) og Høgskolen i Molde (49 %). Prinsippa for dotterselskapet si deltaking innanfor konsernet er regulert gjennom vedtekter og aksjonæravtale. Møreforsking har vedteke ny strategisk plan som gjeld for perioden 2002 2005. Sentrale mål i planen er å styrke Møreforskings nettverk og posisjon nasjonalt og internasjonalt, samstundes med ei styrking av den regionale rolla. Møreforsking skal ha ei pådrivarrolle når det gjeld å utvikle og få gjennomført FoU-prosjekt til nytte for næringsliv, offentleg forvaltning og samfunnsliv elles i regionen. Samstundes er det eit mål å vidareutvikle samarbeidet med høgskolane i regionen og internt i Møreforsking. Utførte årsverk i konsernet var 42, som er ein auke på eitt årsverk i høve til føregåande år. Årsverka fordelte seg med 10,5 på Møreforsking Volda, 14 på Møreforsking Ålesund, 2 på sekretariatet og 15,5 på Møreforsking Molde AS. Personale I løpet av året var 52 personar tilsette ved Møreforsking i eit stillingsomfang på 20 % eller meir av heil stilling. Av desse hadde 41 Møreforsking som hovudarbeidsgivar medan 11 hadde hovudstilling ved ein av dei samarbeidande høgskulane. Av dei tilsette i denne gruppa var det 5 med kompetanse som professor/seniorforskar/forskar I og 14 med kompetanse som førsteamanuensis/forskar II. 2 av forskarane disputerte for doktorgraden og 9 var i gang med vidareutdanning fram mot doktorgraden. Det er praktisert full likestilling i høve til alle stillingar og funksjonar ved instituttet og det er i 2002 ikkje gjennomført spesielle tiltak på dette feltet. Arbeidsmiljø ytre miljø Styret vurderer arbeidsmiljøet som godt. Det har ikkje vore rapportert om skadar eller ulykker. Samla sjukefråvær i konsernet var på 1,58 årsverk eller 3,75 % av det samla talet på årsverk. For stiftelsen Møreforsking og Møreforsking Molde AS var sjukefråværet på høvesvis 2,52 % og 5,85 %. Konsernet Møreforsking har ikkje aktivitet som har negative følgjer for det ytre miljøet. Direktør Bjørn Stave. Fagleg verksemd Stiftelsen Møreforsking si forskingsverksemd er fordelt på følgjande hovudområde: Velferdsforsking (ungdoms-, utdannings- og helse- og sosialforsking), planlegging, organisasjon og styring (regional utvikling, næringsutvikling og evaluering av offentleg verksemd), media og informasjon og fiskeri og havbruk. Det er også ein del aktivitet innanfor humanistisk forsking og miljø- og materialteknologi. Dessutan er det i 2002 teke initiativ til å bygge opp forsking innanfor maritim sektor i nært samarbeid med Høgskolen i Ålesund. Dette er eit viktig satsingsområde sett i høve til næringsstrukturen i Møre og Romsdal. Hovudområda for Møreforsking Molde AS er transportøkonomi, logistikk for privat og offentleg sektor og evaluering, utgreiing og analyse av offentlege tiltak og verkemiddel. Møreforsking deltek i ei rekkje faglege nettverk og fleire av prosjekta er gjennomførde i samarbeid med andre forskingsinstitusjonar. I 2002 vart det såleis inngått samarbeidsavtalar med SINTEF fiskeri og havbruk AS og AKVAFORSK AS. I årsrapportane frå avdelingane er det gitt glimt frå den faglege verksemda. I 2002 vart det teke initiativ til og løyvt midlar til ei satsing for å kome betre i inngrep med EU-forskinga. Det vart sendt innspel til Expression of Interest (EOI) i 6. rammeprogram. Dette har ført til at ein i 2003 er med i eit stort konsortium som arbeider med ein søknad om eit såkalla integrert prosjekt innanfor det marine området. Prosjekttilgangen var rimeleg god på dei fleste satsingsområda i 2002. Stiftelsen fekk to nye strategiske instituttprogram (SIP) frå Forskingsrådet i meldingsåret. Dette gjeld SIPa Auka verdiskaping av marine ressursar gjennom utnytting av ny teknologi, knytt til Møreforsking Ålesund og Kommunikativ planlegging og utvikling knytt til Møreforsking Volda. Det første SIPet har som mål å vidareutvikle kompetansen innanfor marin bioteknologi og transport av levande sjømat. Det andre SIPet er retta mot planlegging i offentleg sektor med særleg vekt på strategisk og mobiliserande planlegging. Møreforsking Molde AS hadde frå før eit SIP innanfor logistikk. Dette vart avslutta i 2002. Strategiske instituttprogram spelar ei viktig rolle for kompetanseoppbygginga ved instituttet. Økonomi Årsrekneskapen legg til grunn vidare drift av konsernet Møreforsking som i 2002 hadde brutto driftsinntekter på vel 26,13 mill. kroner. Driftsinntektene for stiftelsen Møreforsking og Møreforsking Molde AS var på høvesvis 17,87 mill. kroner og 8,50 mill. kroner. Rekneskapen viser eit årsresultat for konsernet med eit overskot på kr 125 000. Dette er sett saman av eit positivt årsresultat på 1,002 mill. kroner for stiftelsen Møreforsking og eit negativt årsresultat på 0,877 mill. kroner for Møreforsking Molde AS. Av samla konserninntekter var 2,45 mill. kroner eller vel 9 % grunnfinansiering frå Noregs forskingsråd. I tillegg hadde konsernet tilskot frå Forskingsrådet på 1,57 mill. kroner til strategiske instituttprogram (SIP) og kr 1,07 mill. kroner i generelle midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. I samband med disponering av årsoppgjeret er det sett av kr 126 002 til eit nytt stimuleringsfond ved sekretariatet. Etter gjeldande retningslinjer fastsette av styret, kan stimuleringsfondet nyttast til utvikling av samarbeidsprosjekt internt i konsernet, utvikling av internasjonalt samarbeid, styrking av næringsretta forsking og kompetanseutvikling. I 2002 vart dei to førstnemnde områda prioriterte. I 2002 lykkast vi med ei viktig betring av driftsgrunnlaget for Møreforsking Ålesund gjennom styrking av eigenkapitalen ved overføring av 1 mill. kroner frå fylkeskommunen og 1 mill. kroner frå Møreforskings eige fond. 3

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 4 Styret i Møreforsking i 2002, frå venstre: Jon Olav Myklebust (nestleiar), Gerd Slinning, Knut Stenerud, Bergljot Landstad, Iren Stoknes, Bjørn Stave (direktør), Odd Folland (styreleiar), Dag Magne Berge, Kjell Fevåg. For konsernet har det i perioden 1993-2002 vore følgjande utvikling i fordelinga av prosjektinntektene etter kategoriar oppdragsgivarar: 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 Statleg sektor 35 % 43 % 41 % 27 % 33 % 30 % 25% 21% 35% 36% Kommunal sektor 13 % 6 % 6 % 5 % 7 % 3% 11% 9% 11% 14% Næringsliv, organisasjonar, andre 27 % 36 % 39 % 45 % 23 % 32 % 27% 38% 22% 24% Forskingsrådet 25 % 15 % 14 % 23 % 37 % 35 % 37% 32% 32% 26% Perspektiv framover Samla sett er grunnlaget for drifta i 2003 godt både økonomisk og i høve til oppdragsdekninga. Men det ligg likevel ei stor utfordring i at nokre av arbeidsområda har ei svak dekning frå hausten 2003. Dette krev ekstra satsing for å sikre nye oppdrag på desse områda. Måla og vegen for den vidare utviklinga av Møreforsking er gitt i den nye strategiplanen. Nokre sentrale utfordringar i 2003 vil vere knytte til utvikling av god samverknad innanfor konsernet Møreforsking, vidareutvikling av det godt etablerte samarbeidet med høgskolane i regionen, styrking av internasjonalt forskingssamarbeid og styrking av pådrivarrolla når det gjeld utvikling og gjennomføring av forsking til nytte for regionen. Det ligg ei særleg utfordring i å utvikle den innovative rolla i samarbeid med det lokale næringslivet. I høve til høgskolane er det ei utfordring å finne fram til samarbeidsmodellar som kan fungere under dei nye føresetnadene som er skapte m.a. gjennom nye budsjettmodellar for høgskolane. Møreforskings viktigaste ressurs er ein motivert og fagleg solid stab. Styret vil takke alle tilsette for engasjement og god innsats i året som gjekk. Volda, 31.12.02/16.6.03 Odd Folland Jon Olav Myklebust Dag Magne Berge leiar nestleiar Kjell Fevåg Bergljot Landstad Gerd Slinning Knut Stenerud Iren Stoknes Bjørn Stave direktør 4

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 5 Resultatrekneskap Utdrag 1) Stiftelsen Konsern Konsern 2002 Møreforsking 2002 2001 2) Brutto driftsinntekter 2 639 423 Generelle tilskot 3 517 000 2 967 000 240 996 Inntekt konsernselskap 14 990 817 Andre driftsinntekter 22 616 776 20 842 311 17 871 236 Sum brutto driftsinntekter 26 133 776 23 809 311 Driftskostnader 3 412 472 Direkte prosjektkostnader 4 556 437 5 293 478 11 373 910 Personalkostnader 18 087 420 16 376 289 2 611 142 Andre driftskostnader 4 133 647 3 558 726 17 397 524 Sum driftskostnader 26 777 504 25 228 493 473 712 Driftsresultat - 643 728-1 419 182 529 031 Netto finansresultat 768 762 858 834 1 002 743 Årsresultat 125 034-560 348 Balanse Utdrag 1) Eige 5 229 001 Anleggsmidlar 2 240 630 2 111 884 14 991 738 Omlaupsmidlar 20 518 650 21 865 410 20 220 739 Sum eige 22 759 280 23 977 294 Eigenkapital og gjeld 300 000 Innskoten eigenkapital 300 000 300 000 11 421 075 Opptent eigenkapital 11 105 575 10 929 984 8 499 664 Gjeld 11 353 706 12 747 310 20 220 739 Sum eigenkapital og gjeld 22 759 280 23 977 294 1) Fullstendig årsrekneskap og revisjonsmelding kan ein få ved å vende seg til Møreforskings administrasjon. 2) Rekneskapstala for konsernet for 2001 gjeld dei same organisasjonseiningane som frå 1.1. 2002 utgjer konsernet Møreforsking, dvs. at Møreforsking Molde er inkludert. Volda, 31.12.02/16.6.03 Odd Folland Jon Olav Myklebust Dag Magne Berge leiar nestleiar Kjell Fevåg Bergljot Landstad Gerd Slinning Knut Stenerud Iren Stoknes Bjørn Stave direktør 5

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 6 Møreforsking Ålesund Generelt Møreforsking Ålesund (MFÅ) har lokaler ved sjøen i Gangstøvika, i nær tilknytning til Høgskolen i Ålesund sine anlegg innen havbruk og foredling. MFÅ har sin hovedkompetanse innen anvendt forskning. En stor del av aktiviteten foregår i samarbeid med regionale bedrifter. Forskningsområder Det aller meste av arbeidet er innenfor fiskeri og havbruk. En mindre oppdragsaktivitet pågår innen miljø- og materialteknologi. Det er tatt initiativ til å bygge opp aktivitet innen maritim sektor i nært samarbeid med Høgskolen i Ålesund. Bruk hodet! Store mengder fiskehoder blir dumpet på havet. Det er sløsing med ressursene. Kjøttfulle fiskehoder kan utnyttes både til konsum og som råstoff i produksjon av helsekost, medisin og yngelfôr. Torsketunger, kjaker og kinnmedaljonger er delikatesser som det finnes marked for. Men hodene består av mer enn muskelkjøtt. Helsekostmarkedet etterspør for tiden DHA- oljer, og det viser seg at fiskens øyne og hjernevev kan være en kilde for utvinning av slike oljer. I et prosjekt ved Møreforsking har det vært fokusert på hva slags næringsstoffer og andre komponenter et fiskehode er bygget opp av. Resultatene viser blant annet at fiskehoder er gode kilder for protein- og mineralpreparater. Aktiviteten innen fiskeri og havbruk spenner over hele næringskjeden fra biologi- og ressursforskning, over fangst og foredling til produktutvikling og marked. Det er et utstrakt samarbeid med forskningsinstitusjoner nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidsavtaler er inngått med SINTEF Fiskeri og havbruk AS og med AKVAFORSK. MFÅ har støtte fra Forskningsrådet til et strategisk instituttprogram for å styrke kompetansen innen marin bioteknologi og lagring/transport av levende sjømat. Personale Ved årsskiftet hadde avdelingen 15 personer med Møreforsking som sin hovedarbeidsgiver, og det ble utført totalt 14,1 årsverk. Økonomi Avdelingen hadde i 2002 10,6 mill. kroner i inntekter. Basisbevilgningen fra Forskningsrådet utgjorde 14 %. De øvrige inntekter var fra prosjektarbeid med finansiering fra næringsliv og offentlige instanser. Kjøttfullt torskehode Delikatesser fra dyphavet! For noen tiår siden var fisk stort sett torsk, sei, sild og makrell. Resten var ufisk. Nå er det annerledes. Kreative kokker står klare til å finne ut hva nye og ukjente fiskeslag kan tilby av jomfruelige smaksopplevelser. Møreforsking har gjennom flere år arbeidet med nye fiskeslag fra havdypene. Forskningsarbeidet har vært tverrfaglig, fra ressurs til marked, og inkludert næringsaktører langs hele næringskjeden. Målet har vært å utvikle kommersielt fiskeri og omsetning av dyphavsarter. Om det kan være mulig å lage ny bio-industri av torskehoder - kommer an på øynene som ser... Dampet isgalt på grønn asparges Isgalt er den arten Møreforsking har jobbet mest med for å gjøre kjent på innenlandsmarkedet. Resultatene fra uttestinger er positive. Det er utarbeidet et oppskriftshefte, og isgalt er i ferd med å bli introdusert i Oslo og Ålesund. Så - løp og kjøp! Isgalt har ikke utseendet med seg, men har en fast og fin konsistens, og smaker fortreffelig 6

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 7 Fulle krabber! Langs norskekysten fra Svenskegrensa til Vesterålen krabber det rundt store mengder taskekrabber. I Norge er dette en dårlig utnyttet ressurs. Mottakene langs kysten er få, men potensialet for eksport til skalldyrelskende internasjonale markeder er stort. Møreforsking arbeider med ressursundersøkelser av taskekrabber. I samarbeid med næringsaktører arbeides det også med oppforing av krabber med mål å få kjøttfulle krabber utenom den korte naturlige sesongen om høsten. Resultatene viser at det er mulig å fore opp hunnkrabber fra middels til brukbar kvalitet i løpet av 4 uker også i vinterhalvåret forutsatt gunstig temperatur og matvilkår. Iren Skjåstad Stoknes, adm.leder/forskningsleder. Administrasjon Dr. ing. Iren S. Stoknes, forskn.leder Siv.øk. Gunnar Gundersen, øk-ansvarlig Ing. Harald I. Haagensen, EDB-ansv. Krabbe i sitt naturlige matfat Foret krabbe med mye mat Blåkveitas hemmelige tilholdssted? Det er gjennomført en kartlegging med trål i Baffinbukten som utgjør havområdet mellom Canada og Grønland. Prosjektet har vært et samarbeid mellom Grønland, Canada og Norge. Prosjektet har hatt som mål å beregne mengde og størrelse til blåkveite, undersøke geografisk fordeling av blåkveite, reproduksjonsbiologi og gyteforhold i området, identifisere oppvekstområder for ung blåkveite, samt forbedre forståelsen av rekruttering til bestanden. Det var også en oppgave å beskrive fangstsammensetning og artsmangfoldet. Basert på trålundersøkelser i 2001 og resultatene fra dette prosjektet, er det naturlig å anta at Baffinbukten ved Vest Grønland utgjør et viktig oppvekstområde for blåkveite. Dette er godt nytt i forhold til framtidig gytebestand for blåkveite. Fiskeri og Havbruk Gruppeleder Dr.ing. Iren S. Stoknes, forskn.leder Prosjektmedarbeidere: Bioing. Wenche Emblem, vit.kons. Fiskerikand. Kari L. Fjørtoft, forsker Cand.sci. Inge Fossen, forsker Cand.sci. Agnes C. Gundersen, forsker Ing. Harald I. Haagensen, ingeniør Høgskolekand. Ann H. Hellevik, forsk.ass. Fiskerikand. Margareth Kjerstad, forsker Siv.ing. Jannicke F. Remme, forsker Cand.mag. Jan E. Rønneberg, vit.kons. Siv.ing. Per G. Stoknes, seniorrådg. Cand.sci. Stig Tuene, forsker Cand.mag. Andreas W. Wammer, vit.kons. Siv.ing. Hege M. Willemsen, forsker Cand.real Astrid K. Woll, forsker Dr.sci. Grete H. Aas, forsker Cand.sci. Anne Stene, 1.aman. HIÅ Cand.real Harald Gjøsund, høgskolel. HIÅ Siv.ing. Per Walde, høgskolel. HIÅ Blåkveite Rogn fra blåkveite Miljø og Materialteknologi Gruppeleder Siv.ing. Lars P. Bryne, høgskolel. HIÅ Prosjektmedarbeidere: Ing. Bjørn O. Bigseth, avd. ing.hiå Ing. Kjell Borgund, avd.ing. HIÅ Dr.ing. Annik M. Fet, professor NTNU Siv.ing. Jens O. Løken, høgskolel. HIÅ Ing. Terje Røbekk, avd.ing. HIÅ Ing. Kurt Sagen, avd.ing. HIÅ Cand.real Alf Slinning, høgskolel. HIÅ Siv.ing. Arne J. Sollied, høgskolel. HIÅ Dr.ing. Vilmar Æsøy, 1.aman. HIÅ 7

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 8 Møreforsking Volda Generelt Møreforsking Volda (MFV) held til på same område som Høgskulen i Volda. Forskarane som har MFV som hovudarbeidsgjevar held til i ein eigen paviljong. Forskingsområde Mesteparten av verksemda til MFV fell innanfor to område: - Regional utvikling - Velferdsforsking Kompetanseheving i nedgangstider Det er også noko oppdragsverksemd innan humanistiske fag og mediefag. Dei viktigaste oppdragsgjevarane er Forskingsrådet og offentleg forvalting på kommune-, fylkesog statleg nivå. Så godt som alle oppdraga er finansierte av norske oppdragsgjevarar. Forskingsområdet Regional utvikling arbeider med næringsutvikling, regional utvikling og evaluering av offentleg verksemd. Jørgen Amdam er Møreforskings gruppeleiar for forskingsområdet, og han er også leiar for Forskingsrådets programstyre for regional utvikling. Forskingsrådet har vidare lagt koordinatorstillinga for regionalforskingsprogrammet til Møreforsking Volda. Møreforskings strategiske institituttprogrammet (SIP) i kommunikativ planlegging vart starta i 2002 og skal gå til 2004. Innanfor velferdsforskinga er det både ungdoms- og utdanningsprosjekt og helse- og sosialprosjekt. Forskingsområdet utdannings- og ungdomsforsking har i stor grad retta seg mot utdanningshistorie, utdanning og livsløp og utdanning og velferdsstat. Fellesnemnar for mange av prosjekta har vore marginalisering og sosial ekskludering og prosjekta har over tid bygd opp lange tidsseriar av data. Innanfor helse- og sosialfagleg forsking er det eitt stort og langsiktig prosjekt om psykiatri, og dette går til 2005. I tillegg kjem fleire mindre prosjekt. Helse Midt Noreg har lagt sitt Kompetansesenter i pasientinformasjon til Volda, og det er grunn til å rekne med auka prosjektaktivitet i grenselandet regional utvikling, velferdsforsking og media. Personale MFV har elleve tilsette og i tillegg har sju tilsette hatt engasjement eller bistillingar i 2002. Dei fleste av desse er tilsette ved Høgskulen i Volda. I tillegg har studentar og assistentar hatt kortare engasjement. Det vart tilsett stipendiat i kommunikativ planlegging hausten 2002 og i tillegg er to av dei tilsette inne i doktorgradsutdanning. Håkon Bø var adm leiar det meste av året og ny adm leiar/forskingsleiar Johann Roppen vart tilsett frå 1. oktober. Økonomi MFV hadde i 2002 bruottoinntekter på 6,0 mill. Årsresultatet etter finanspostar var på kr 31.000. Grunnløyvinga frå Forskingsrådet utgjorde ca 12 prosent av bruttoinntektene. Eigenkapitalen er stabil på ca 3,0 mill. Tilsette på offshore-verftet Aker Verdal slutta sterkt opp om omstillingsprogrammet. Hausten 1999 stod offshorverftet Aker Verdal utan oppdrag, men i staden for å bli permitterte på vanleg måte gjekk svært mange av dei tilsette inn i eit opplæringsprogram for å heve kompetansen sin. Dette var muleg gjennom eit samarbeid mellom Aker Verdal Holding Konsernet, Aetat, Verdal videregående skole og Høgskolen i Nord- Trøndelag. Dei tilsette kunne ta kurs i vidaregåande skule eller på Høgskolen i Nord- Trøndelag. Prosjektet hadde som målsetting å få til fleksible og ubyråkratiske ordningar som omfatta så mange som muleg av dei tilsette og skulle føre til at dei ikkje søkte seg jobb andre stader. Dette betydde mellom anna at Aetat gjorde unntak frå sine reglar og at staten gjekk inn med omstillingsmidlar. Møreforsking Volda evaluerte prosjektet og fann ut at 80 prosent av dei ca 700 tilsette fekk heva kompetanse gjennom prosjektet. For ca 1/4 av dei tilsette førte prosjektet til at dei fekk meir interessante arbeidsoppgåver, kunne gjere oppgåvene på ein betre måte, fekk betre sjølvtillit og høgare trivsel. Deltakarane opplevde også innhaldet i opplæringa som svært bra. Høgskulen i Nord Trøndelag mangla ein overordna strategi inn i prosjektet, noko som førte til at samarbeidet vart komplisert og tidkrevjande. Prosjektet hadde også som målsetting at gjennom høgare kompetanse kunne Aker Verdal innføre nye produksjonsmåtar, men dei fleste tilsette driv på med det same som før. Prosjektleiar for Møreforsking Volda var forskar Grethe Mattland Olsen. Familiebasert havbruk i ei globaliseringstid Møreforsking Volda har tilsett Lars J. Halvorsen som stipendiat på feltet kommunikativ planlegging og utvikling. Halvorsen studerer bedriftssamarbeid mellom små familieeigde fiskeoppdrettarar. Som eitt av to kasus nyttar Halvorsen nettverket Havdyrkerne som har hovudkontor i Florø og som omfattar 26 selskap med konsesjonar i 8

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 9 Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland og i Bosnia. Alle selskapa i Havdyrkerne er familieeigde og har få konsesjonar. Det andre kasuset er nettverket Norwegian Royal Salmon som også har eit eige eksportselskap. Hovudutfordringa små bedrifter møter, er at utviklinga går i retning av stadig større konkurrentar nasjonalt og globalt. For å møte denne konkurransen kan samarbeid vere ein strategi der små bedrifter kan styrkje seg i konkurransen med de store, utan å miste den lokale forankringa si eller fordelane som ligg i å vere liten og fleksibel. Globaliseringa gjer regionar langt meir sårbare for utflytting og nedlegging av lokale avdelingar av store fiskerikonsern. Små og mellomstore bedrifter med lokal forankring står fram som ein tryggare arbeidsgjevar og sysselsettar. Den skal tidleg krøkast... Samanslåing eller samabeid i Kommune-Noreg? Gjennom det KS-finansierte prosjektet "Effektar og konsekvensar ved endring av kommunestruktur" vil Møreforsking Volda kartlegge i kva grad kommunesamanslåing og kommunesamarbeid har hatt noko å seie for primærkommunene si rolle innan nærings-, organisasjons og samfunnsutvikling. Studien femner om Fredrikstad og Sarpsborg som døme på samanslåtte storkommunar samt Ålesundregionen og Nordfjordregionen som døme på breidt, langsiktig og djuptgåande samarbeid mellom sjølvstendige kommunar. Studien skal vere ferdig våren 2003. Prosjektet er eit samarbeid mellom Møreforsking Volda og Vestlandsforsking, og prosjektleiar for Møreforsking Volda er Jørgen Amdam. Ungdom, risikosoner og marginalisering Einskildpersonar eller grupper si integrering eller marginalisering i høve til viktige arenaer i samfunnet har vore eit av dei viktigaste spørsmåla i samfunnsforskinga. Barndoms- og ungdomstida omfattar sårbare fasar i menneskelivet. Dei som opplever marginalisering vil kunne slite med det resten av livet. Professor Kåre Heggen har i fleire år arbeidd med desse spørsmåla blant anna gjennom dei to prosjekta Barn, ungdom og familie og oppfølgingsprosjektet Lokale og kulturelle rammer for 'velferdsstatens ungdomsroller' som begge vart finansierte av Noregs forskingsråd. Resultat frå delar av denne forskinga vart i januar 2003 presentert for eit større publikum ved at Fagbokforlaget gav ut boka De andre. Ungdom, risikosoner og marginalisering som Kåre Heggen har skrive i lag med amanuensis Gunnar Jørgensen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og førsteamanuensis Gry Paulgaard ved Universitetet i Tromsø. Informantane hadde til felles at dei slutta skulen tidleg, men i seg sjølv fører ikkje det nødvendigvis til marginalisering. Gjennom kvalitative intervju kartla forskarane livsløpet til informantane med særleg vekt på familieforhold, utdanning, fritid og arbeid for å finne typiske hendingar og erfaringar ved ungdom som opplever marginalisering og viktige vendepunkt som har ført til marginalisering eller integrering. Johann Roppen, adm.leiar/ forskingsleiar. MFV har samla sett brei samfunnsvitskapleg kompetanse med fagområde som geografi, journalistikk, landbruksvitskap, mediefag, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi, sosialt arbeid, statsvitskap og pedagogikk representert i staben. I mange prosjekt er forskarar ved Høgskulen i Volda prosjektmedarbeidarar. Administrasjon: Cand.polit. Johann Roppen, adm leiar/forskingsleiar (frå 1. oktober 2002) (Cand. polit. Håkon Bø, adm. leiar fram til 1. oktober 2002) Cand. philol. Reidun Høydal, forskingskoordinator Anna Driveklepp, førstekonsulent Marit Eliassen, konsulent Forskarar: Dr.scient.Jørgen Amdam,professor Dr.agric.Roar Amdam,professor Cand.mag. Johan Barstad, vitskapleg konsulent Cand.polit.Randi Bergem,forskar III Dr.polit.Finn Ove Båtevik, forskar II Dr. psychol Tor Johan Ekeland, professor Universitetet i Bergen Dr. polit Kåre Heggen, professor Cand. polit. Lars J. Halvorsen, stipendiat Dr. polit Rune Kvalsund, 1.amanuensis Cand.philol.Arnljot Løseth,1. amanuensis Dr. polit Jon Olav Myklebust, 1. amanuensis Cand.polit.Grethe Mattland Olsen,forskar III Master i samfunnsplanlegging Brynhild Solvang, forskar III Cand.polit.Geir Tangen,forskar III Cand. polit. Barbro Vartdal, forskar III 9

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 10 Møreforsking Molde AS Generelt Møreforsking Molde (MFM) ble omdannet til aksjeselskap fra 1.1.02 med Stiftelsen Møreforsking og Høgskolen i Molde (HSM) som eiere. Selskapets styre oppnevnes av stiftelsen (2 styremedlemmer), HSM (2) og ansatte (1). Hovedhensikten er å utvikle tettere samarbeid med HSM og styrke de formelle og faglige relasjonene og dermed også styrke markedspotensialet for selskapet. HSM og MFM har som mål både å utvikle samarbeidet med regionens næringsliv og forvaltning og deltaking i internasjonale FoU-nettverk. Høgskolen har gjennom bl.a. dr.gradsutdanning i logistikk og stipendiater innen andre fagdisipliner en vesentlig oppgave i forskerutdanningen, mens MFM er miljøets oppdragsenhet for anvendt FoU. Kunnskapsparken i Molde Møreforsking Molde flyttet i 2002 inn i det nye Kunnskapsparkbygget ved Høgskolen i Molde. Molde Kunnskapspark AS, et selskap som skal arbeide med nyskaping og utvikling bl.a. gjennom en inkubator for nyetablerere, har etablert et næringsmiljø ved at en rekke mindre bedrifter også er lokalisert i bygget sammen med nyetablererne i inkubatoren. For MFM og HSM skaper denne aktiviteten en mulighet for større nærhet og aktivitet knyttet til nyskapings- og næringsutvikling. Det er etablert samarbeid om ulike aktiviteter, et samarbeid som forventes å utvikle seg videre i tiden som kommer. Forskningsområder Møreforsking Molde har disse virksomhetsområdene: - Evaluering, utredning og analyse av offentlige tiltak og virkemidler - Transportøkonomi - Logistikk for privat og offentlig sektor Personale Ved årsskiftet hadde selskapet 18 ansatte i hel- eller deltidsstillinger. Det ble totalt utført 15 årsverk. Økonomi MFM AS hadde 8,5 mill kr i inntekter. Basisbevilgningen fra Forskningsrådet utgjorde 10,9% av de totale inntektene. De øvrige inntektene er fra prosjektarbeid med finansiering fra næringsliv og offentlige instanser. Kunnskapsparken (nærmest) ligger nært Høgskolen i Molde. Tiltakssonen er vellykket! Tiltakssonen i Nord-Troms og Finnmark ble innført i 1990 som et svar på den negative befolknings- og næringsutviklingen i regionen på 1980-tallet. Provenyeffekten på tiltakene var (2002) på 2,1 mrd. kroner årlig gjennom null arbeidsgiveravgift, lavere personskatt, studielånsnedskriving mv. Kommunal- og regionaldepartementet ønsket å gjennomføre en strategisk analyse av hvorvidt virkemidlene i sonen var hensiktsmessig innrettet vurdert ut fra dagens situasjon og fremtidsutsikter, og MFM fikk dette oppdraget. Dette var en interessant utfordring hvor vi bl.a. kunne trekke på erfaringer fra tidligere undersøkelser og analyser av effekter av differensiert arbeidsgiveravgift, mangeårige undersøkelser av næringspolitiske virkemidler (SND og Forskningsrådet) og andre evalueringer. Vi fant at tiltakene i sonen fungerte i forhold til målsettingen, men at det var grunnlag for å justere omfang og innretning i noen grad for å styrke Tiltakssonen. Det er aldri for sent å lære! Det nasjonale Grunnskoleprosjektet, en del av kompetansereformen, ble gjennomført i perioden 2000-2002. Prosjektet gjelder kartlegging av behov og organisering av tilbud 10

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 11 om grunnskoleopplæring for voksne og MFM har deltatt i utforming, gjennomføring og dokumentasjon av empiriske undersøkelser. MFM agent for Norges Bank! MFM er en av sju regionale agenter i det regionale nettverk som Norges Bank har etablert for å få tidlig og detaljert informasjon om den økonomiske utviklingen i Norge. MFM har ansvaret for å etablere et kontaktnett av samtaleparter i næringslivet og offentlige institusjoner i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Modellutvikling for Nasjonal Transportplan På oppdrag fra Nasjonal Transportplan (NTP) og Samferdselsdepartementet er MFM sammen med Transportøkonomisk institutt og SINTEF Samferdsel engasjert for å utvikle et sett med planleggingsmodeller for persontransport i Norge. Modellene utvikles med basis i internasjonalt anerkjente metoder, og skal benyttes til en lang rekke analyser som berører persontransport i Norge. Modellene skal benyttes av NTP, men skal også kunne benyttes i lokale planprosesser, i løpende transportplanlegging og i konkrete utredninger av prosjekter og tiltak innen persontransport, dvs. av fylker, kollektivtrafikkselskaper, vegkontor, forskningsinstitusjoner og konsulenter. Arbeidet pågår og vi har store forventninger til resultater og videre utvikling av kompetanse og videre anvendelse av denne typen verktøy også på tilgrensede områder. Økt varetransport på sjøen? Godstransport er en betydelig utfordring for Norge som har betydelig vareeksport, ikke minst fra næringslivet langs kyst-norge. Det er tatt initiativ på tvers av landegrensene i Nordsjøområdet, inkl. det nordlige Russland, Island og Grønland og til England og kontinentet for å utvikle et 3-årig prosjekt med benevnelsen NMC (Northern Maritime Corridor). Målet er å skape nye tilbud på sjøtransportsiden for å øke sjøtransporter i større grad. Prosjektet har regionalpolitisk forankring i deltakerlandene og gjennomføres i samarbeid med ulike brukerinteressenter i alle regioner (godseiere, transportører, havnemyndigheter, forskningsmiljø mv). I Møre og Romsdal er det etablert et samarbeid mellom samferdselsavdelingen i fylkeskommunen og MFM om prosjektledelsen i fylket samt prosjektarbeid knyttet til utredninger og kunnskapsutvikling i nærområdet så vel som i Nordsjøområdet som helhet. Prosjektet har EU-støtte og kan gi MFM interessante utfordringer inne både transportøkonomiske og logistikkfaglige problemstillinger. MFM er prekvalifisert som et av de eksterne kompetansemiljøene som skal levere tjenester til prosjektet. Daglig leder Lasse Bræin. Adminstrasjon Daglig leder: Lasse Bræin Førstekonsulent: Tone Finnøy Straumsheim Faggrupper I tillegg til hel- og deltidsansatte er flere høgskoleansatte deltakere i faggrupper og har sporadiske oppdrag i MFM. Det er fire faggrupper: Transportøkonomi Forskningsleder: Dr. ing. Svein Bråthen (faggruppen har 10 forskere) Logistikk Forskningsleder: Dr. ing. Oddmund Oterhals (faggruppen har 8 forskere) Samfunn, organisasjon og ledelse Forskningsleder: Dr. polit. Dag M. Berge (faggruppen har 10 forskere) Næringsøkonomi Forskningsleder: Professor Arild Hervik (faggruppen har 8 forskere) 11

Årsmelding2002retta 27.06.03 10:32 Side 12 Kva tilbyr Møreforsking? Forskings- og utviklingsoppdrag Møreforsking tar på seg forskings- og utviklingsoppdrag på dei områda som er nemnde under omtalen av dotterselskapet og dei to forskingsavdelingane. Oppdragsgivarar er i første rekkje Forskingsrådet, privat næringsliv og offentleg forvaltning. Vi yter hjelp til utvikling av nye prosjekt. Dette inneber mellom anna arbeid med å formulere og organisere prosjekt, og å finne fram til aktuelle finansieringskjelder og aktuelle fagmiljø på område der vi sjølve ikkje har nødvendig kompetanse. Kontakt med brukarane Møreforsking legg vekt på god kontakt og nært samarbeid med oppdragsgivarar og andre brukarar av forsking. Det viser seg at dette er viktig for å få i gang ny forsking, for gjennomføring av prosjekta og for formidling av forskingsresultata. Ta difor gjerne kontakt med oss dersom du har aktuelle forskingsbehov eller idear til prosjekt som du ønskjer å drøfte. Informasjon og formidling Forskinga frå stiftelsen blir formidla gjennom bøker, artiklar i tidsskrift, rapportar og foredrag og gjennom radio, aviser og fjernsyn. Møreforsking, Hovudkontoret Postboks 325, 6101 Volda Telefon: 70 07 52 00. Faks: 70 07 52 01 Heimeside: www.moreforsk.no E-post: moreforsking@moreforsk.no Kontaktperson: Direktør Bjørn Stave Avdelingar Organisering frå 1.1.02: Dotterselskap Møreforsking Volda Møreforsking Ålesund Postboks 325, 6101 Volda Postboks 5075, 6021 Ålesund Telefon: 70 07 52 00. Faks: 70 07 52 01 Telefon: 70 16 13 50. Faks: 70 13 89 78 Heimeside: www.moreforsk.no Heimeside: www.moreforsk.no E-post: moreforsking@moreforsk.no E-post: moreforsk@als.moreforsk.no Møreforsking Molde AS Britvegen 4, 6411 Molde Telefon: 71 21 42 90. Faks: 71 21 42 99 Heimeside: www.mfm.no E-post: adm-moreforsking@himolde.no Adm. leiar/forskingsleiar: Cand. polit. Johann Roppen Adm. leiar/forskingsleiar: Dr.ing. Iren Skjåstad Stoknes Dagleg leiar: Siv.ing. Lasse Bræin