KVINNHERAD KOMMUNE Reguleringsføresegner for: (jf plan- og bygningslova (pbl) 12-3 og 12-7) Husnes, del av gnr 145 bnr 1 mfl. Områdereguleringsplan for Husnes skuleområde Plan ID 122420140001 1 FELLES FØRESEGNER 1.1 Kvalitet Alle bygg og offentlege uteareal skal ha god kvalitet på arkitektur og materialbruk. Terrenginngrep skal avgrensast i omfang og skje mest mogleg skånsamt. Ein skal i størst mogleg grad ta vare på tre og vegetasjon, halde vassdrag og bekkar opne og ta vare på kantsoner. Visuelle siktlinjer mot Opsangervatnet skal styrkast. 1.2 Støy «Retningslinje for handsaming av støy i arealplanlegging T-1442/2012» skal leggast til grunn for alle tiltak i planområdet. Det er ikkje lov å oppføre nye tiltak med støykjenslevart bruksformål der støynivå ved fasade er over nedre grenseverdi for raud støysone. Det kan tillatast nye tiltak med støykjenslevart bruksformål i gul støysone dersom det føreligg ei støyfagleg utgreiing som: - synleggjer støynivå ved ulike fasadar på dei aktuelle bygningane - dokumenterer at innandørs støynivå tilfredsstiller krava i lydklasse C i NS 8175 - dokumenterer at støynivå på leike- og uteareal tilfredsstiller dei anbefalte støygrensene i T- 1442/2012 og NS 8175 lydklasse C Ved oppføring av bustadar (omsorgsbustader) i gul støysone skal det og leggast vekt på at alle bustadeiningar får ei stille side, og at minimum halvparten av soveromma har vindauge mot stille side. 1.3 Utnytting, byggehøgder og plassering av bygg - Bygg skal plasserast innanfor byggegrensene vist på plankartet. Der byggegrensa ikkje er vist er byggegrensa 4 m frå formålsgrensa. - Grad av utnytting (%BYA) og maksimal byggehøgde er vist på plankartet. Byggehøgder er angitt som høgde i forhold til planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygget. Avvik på 0,5 meter kan tillatast som justering i byggesaken. - Ein kan tillate takoppbygg for tekniske installasjonar på inntil 10 % av takflata og med ei høgd på inntil 3 meter over maksimal byggehøgde. Takoppbygg skal vera tilbaketrekt frå gesims og integrerast i byggevolumet på ein arkitektonisk god måte. - Krav til uteareal gjeld framfor tillate grad av utnytting. 1.4 Aktivitetsløype Aktivitetsløype (vist på kart med stipla linje) skal ikkje byggast ned. Traseen kan justerast dersom det er naudsynt av omsyn til tiltak som skal gjennomførast i tråd med reguleringsformålet. 1.5 Gjennomgåande turveg I området skal det leggast til rette for eit samanhengande offentleg turvegsamband med grønt preg gjennom K1 (undervisning/idrett), gjennom I1 (idrettsbanene) og vidare gjennom T5 til busshaldeplassen (H2) og Opsangervatnet. Eksisterande gangveg innafor T5 skal oppretthaldast med eventuelle tilpassingar av traseen. Side 1 av 5
1.6 Parkering P1 og T1c (kombinert parkering og tenesteyting) skal nyttast til parkering for verksemdene i området. For kombinerte formål (felta K1, K2) og for feltet T4 (eksisterande skuletomt) skal ein vise parkeringsareal i situasjonsplan/utomhusplan og fastsette parkeringsareal i byggesaken. Bringe- hente- rampe kan opparbeidast på felt T4 for eksisterande barneskule. Verksemdene i området skal praktisere sambruk av parkeringsplassar. Det skal også settast av areal til sykkelparkering. Alle felt skal også ha gode tilbod for sykkelparkering. 1.7 Avkøyring Der avkøyring er vist med pil på plankartet skal endeleg avkøyring fastsetjast i samband med søknad om rammeløyve. 1.8 Renovasjon Avfallshandtering skal integrerast i bygg og ikkje ta opp areal på bakkenivå. Det skal vera felles anlegg for kvart delområde/ felt. 1.9 Anleggsperioden Ved innsending av søknad om rammeløyve skal det ligge føre ein plan for anleggsperioden der det blir gjort greie for trafikktryggleik, riggplass, tiltak for å hindre ureining av vatn og vassdrag, og ein tidsplan for gjennomføring. 1.10 Offentlege areal og fellesareal Planen tek ikkje stilling til eigarforhold for areal som ikkje er nemnt her. Offentleg areal - Byggeområde: T1 T6, Kombinert 1 og Kombinert 2 - Idrett: I1 - I3 - Vegar: SKV1, SKV2, SKV3, SKV4, SKV5 - Gang- og sykkelvegar /gangvegar: SGS1, SGS2, SGS og SF langs Røsslandsvegen og Stølshaugvegen, - Kollektivterminal: SKH Felles areal - Gang- og sykkelveg: SGS1 2 PLANKRAV OG UTFYLLANDE PLANAR 2.1 Detaljplan For område Kombinert 1 skal det utarbeidast detaljplan, pbl 12-3. Detaljplanen for området skal vise gode løysingar for aktivitetsløype jf 1.4 og for gjennomgåande turveg jf 1.5. Detaljplan for område Kombinert1 skal også omfatte SKV5 med fortau til Opsangervegen og område K2. Side 2 av 5
2.2 Situasjonsplan/ utomhusplan For alle tiltak i planområdet skal ein saman med søknad om rammeløyve sende inn ein situasjonsplan og utomhusplan som viser planlagde tiltak. Utomhusplanen skal utarbeidast i målestokk 1:500 og vise: - Uteareal, leikeareal, gangareal - Trafikktilhøve, parkering, tilkomst og køyremønster for varelevering og korleis trafikktryggleiken i området blir sikra. For felt Kombinert 1 (undervisning og idrett) skal ein også vise bringe- og henterampe. - Tekniske tilhøve, som avfallshandtering og eventuelt oppsamling/avrenning av overflatevatn - Stigningstilhøve på plassar, gangvegar og inngangsparti - Eksisterande og planlagt terreng for eigedomen og overgangen til terrenget på naboeigedom (kotesatt) - Eksisterande og planlagt vegetasjon. Eksisterande trær/skog som skal fjernast skal gå fram av kartet. - Støyskjermar - Detaljering som for eksempel kantar, støttemurar, gjerde, møblering og lyssetting. 2.3 Busshaldeplass For kombinert 1 (undervisning og idrett) og T4 skal ein ved utarbeiding av detaljplan vurdere behovet for og framtidig løysing for busshaldeplassar i området. Vurderingane skal gjerast i samråd med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune/skyss eller aktuelt buss-selskap. Ny haldeplass skal visast i detaljplan for feltet, og søknad om rammeløyve etter pbl 20-1, skal sendast til Hordaland fylkeskommune/skyss eller aktuelt buss-selskap for uttale før kommunalt vedtak etter plan- og bygningslova. 2.4 Handtering av overvatn Det skal utarbeidast ein samla VA rammeplan for heile planområdet for forsyning av vatn, overvann og spillvann, samt uttak for brannslokking. Lokal overvasshandtering skal leggjast til grunn ved detaljutforming og prosjektering av tiltak. Det skal gjerast greie for handsaming av overvatn (takvatn, overflatevatn og drensvatn) ved søknad om rammeløyve. 2.5 Nettstasjon Energibehov og eventuelt areal til nettstasjon skal avklarast og dokumenterast i samband med søknad om rammeløyve. Ny nettstasjon skal byggast som ein integrert del av bygg eller uteområde. Plassering og utforming skal skje i samarbeid med nettselskapet. 3 KRAV OM REKKEFØLGE For Kombinert 1 Dersom Røsslandsvegen skal vera tilkomstveg til ny skule på felt kombinert 1, må følgjande tiltak vera utført før ein kan gi midlertidig bruksløyve/ferdigattest for skule og idrettshall i feltet kombinert 1: - Utbetre Røsslandsvegen med gang- og sykkelveg og fortau som vist i reguleringsplankartet For T1c/T4 Følgjande tiltak må gjennomførast før ein kan fjerne eksisterande busshaldeplass i T1c: - Det må utarbeidast situasjonsplan for T4. Viser til føresegnene 2.2. - Erstatning for T1c skal vera opparbeidd i T4, SKH eller T1c. Side 3 av 5
4 BYGNINGAR OG ANLEGG (PBL 12-5 NR. 1) 4.1 Tenesteyting T1a) og T1b) Institusjon omfattar eksisterande bygg til institusjonar og kontor knytt til helse og barnevern. Området kan byggast ut med bygg til tilsvarande formål. T1c) parkering/tenesteyting omfattar eksisterande parkeringsplass og vegar. Området kan nyttast til parkering, parkering i kombinasjon med bygg til tenesteyting eller parkeringshus. T2 og T3 Barnehage omfattar eksisterande barnehagar. Området kan nyttast til tenesteyting. T4 Tenesteyting kan nyttast til tenesteyting, under dette også undervisning, omsorgsbustader, kommunalt bustadtilbod, kontor og administrasjon for kommunale tenester med tilhøyrande parkering og busslomme/busshaldeplass. T5 Undervisning omfattar eksisterande ungdomskule. Innanfor området kan det oppførast bygg og anlegg knytt til skulen. T6 Undervisning omfattar eksisterande vidaregåande skule. Innanfor området kan det oppførast bygg og anlegg knytt til skulen. 4.2 Idrettsanlegg I1 og I2 omfattar eksisterande idrettsanlegg. Området kan nyttast til idrettsformål. Grusbanen i I1 kan nyttast til parkering ved større arrangement. I3 omfattar klubbhus. Området kan nyttast til idrettsformål. 4.3 Kombinert formål: Undervisning og idrett I området (K1) kan det førast opp barneskule og idrettshall/fleirbrukshall og tilhøyrande anlegg (tilkomst veg, parkering, busshaldeplass osv.). Bygningane for skule- og idrettshall skal utformast slik at det blir danna gode læringsareal både ute og inne. Bygga skal bidra til gode lokalklimatiske forhold for uteområda. Det skal vera minimum 15m 2 uteareal pr elev på skulen. Ved utforming skal ein legge vekt på variasjon, tilgang, samanhengar mellom ulike nivå, soner, vegetasjon mm. Nye bygg skal tilpassast dei store landskapstrekka og det samanhengande daldraget i aust vest retning mellom Oppsangervatnet og Husnesfjorden (Røssslandsvika). Bekken i dalbotnen gjennom området skal takast vare på, integrerast som ein del av uteområda og nyttast til handtering av overvatn. Bekkeløpet kan justeres. Det skal vera ein minimums avstand på 25 meter frå bekkeløpet til nye bygg. Det skal opparbeidast visuelt tydelig gangsamband på tvers av området i aust-vest retning. Gangsambandet skal med kortast mogleg gangavstand knytte områda T4, T5,SKN, I1, P1, K1 saman. Det skal opparbeidast visuelt tydelig gangsamband på tvers av området i nord-sør retning. Gangsambandet skal med kortast mogleg gangavstand knytte GSV1, GSV2, I2, I3, T6, T1a, T1b, T6, K1 saman. Side 4 av 5
Det skal skapast eit visuelt tydeleg og godt tilrettelagt fysisk kontakt mellom ute-areala og naturområdet i vest samt mellom eksisterande og planlagde trasèar brukt av mjuke trafikantar. Eksisterande trasèar brukt av mjuke trafikantar er vist med stipla linje på plankartet. I område kombinert 2 kan det førast opp idrettshall med tilhøyrande anlegg (tilkomst veg, parkering og utomhusanlegg i tilknytt idrettshallen). Ved tiltak i område kombinert 2 skal det utarbeidast detaljplan. Detaljplanen skal då omfatta tilkomst frå Oppsangervegen, del av regulert SKV5. 5 SAMFERDSELSANLEGG OG TEKNISK INFRASTRUKTUR (PBL 12-5 NR 2) 5.1 Felles Samferdselsanlegg skal opparbeidast med ei inndeling som vist på plankartet. Mindre tilpassingar mellom dei ulike områda er tillate. Opparbeiding av offentlege gater/vegar, gangveg, parkeringsareal og busshaldeplass/kollektivterminal skal skje med bakgrunn i detaljerte tekniske planar godkjent av kommunen. Samferdselsanlegg som opparbeiding av busshaldeplass/kollektivterminal skal skje i samband med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune / Skyss eller aktuelt buss-selskap med bakgrunn i detaljerte tekniske planar. 5.2 Gangveg / gangareal/gågate SGS3 skal vera ei intern bilfri sone og eit funksjonelt og visuelt samanhengande byrom. Området skal leggast til rette for gåande og syklande. Køyring i samband med varelevering er tillate. Ved store arrangement utanom skuletid er køyring til parkeringsplass på grusbanen (I1) tillate. Opparbeiding av soner med vegetasjon, sittegrupper og leikeareal som fremmer formålet er tillate. Det skal vera naturlege og funksjonelle overgangar mot tilstøytande byggeområde. SGS1 er køyrbar gang- og sykkelveg. Eigedommane tilgrensande vegen kan nytte vegen som tilkomstveg, den skal stengjast for gjennomkøyring. 5.3 Kollektivhaldeplass SKH omfattar eksisterande busshaldeplass/terminal for skulane og areal til utbetring av denne. 6 OMSYNSSONER (PBL 12-6, JF 11-8) 6.1 Sikringssone (pbl 11.8 a) Frisiktsone 140: I området mellom frisiktlinja og kjøreveg (frisiktsone) skal det til ei kvar tid vera fri sikt i ei høgde på 0,5 meter over vegplan på tilstøytande vegar. Kvinnherad kommune 11.09.2014 / 09.03.2015 Side 5 av 5