Referat frå møte i regionalt brukarråd Statped vest

Like dokumenter
Referat frå møte i regionalt brukarråd i Statped vest

Referat frå møte i regionalt brukarråd Statped vest

Referat frå møte i fagleg brukarråd språk og tale

PPT no og i framtida.

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Møtebok Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne MØTE B OK. Organ Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Kva er typisk for spesialundervisninga i Norge?

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Referat frå regionalt brukarråd i Statped vest

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

MØTEBOK. Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtedato Kl. 10:

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Giske Geir Tore Søreide Harald Rydland LEIAR NESTL MEDL

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Overgang barnehage barneskule -ungdomsskule

Skuleåret 2017/2018.

Verksemdsplan for Vest-Telemark PP-teneste 2011

Referat frå møte

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Barnet si stemme i NAV. Loen

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Foreldregruppe i barnehagen

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Anne Karin Dalehamn MEDL Ulstein Pensjonistlag

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

MOR motivasjon, opplæring og rettleiing

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Tysnes kommune Møteprotokoll

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Utfordringar og nye vegar i spesialundervisninga knytt til tidleg innsats. Peder Haug Høgskulen i Volda Innlegg på Statpedkonferansen, 16.

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Før møtestart vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad for kontrollutvalet.

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

INTERNASJONAL STRATEGI

Fagsamling for barnehage og skole

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Verksemdsplan 2013 for Vest-Telemark PP-teneste

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

REFERAT MØTE I SKULEMILJØUTVALET

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Erfaringsdeling

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TVERRFAGLEG SAMARBEID.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/13 13/241 OPPFØLGING AV TIDLEGARE VEDTAK I AMU 2/13 13/240 ÅRSRAPPORT FRÅ BEDRIFTSHELSETENESTA

Planprogram for revisjon av regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Kommunedelplan for oppvekst

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Møteinnkalling for Oppvekst- og kulturutvalg

Kjetil Andreas Hansen Leder, Karmøy PPT

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3. et, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsrommet Saknr.: 08/12 16/12

Godkjent av styret i Helse Vest RHF Retningslinjer og rammer for Regionalt brukarutval i Helse Vest

ARBEIDSGRUPPE BRUKARINVOLVERING

Innkalling til møte i Studentparlamentet Måndag 14. mars 2016 Stad: Akutten i Førde Tid: 16:00 ca.19:00

c. strategiar for korleis næringslivet kan få auke tilgang til den kunnskapsutviklinga som skjer i forskings- og utdanningsmiljøa.

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

Nytt HFK Intranett

Regional plan for vassregion Hordaland gongs høyring

BRUKARMEDVERKNAD som grunnlag for kvalitetsutvikling av tenester og tenesteyting

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Saksnr. Emne Ansvarleg 42/17 Godkjenning av innkalling, og melding av tre. Leiar for RBU Linn eventuelt-saker.

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven/Marit Solheim SAKA GJELD: Internrevisjon av forskingsaktiviteten i Helse Vest

MØTEPROTOKOLL. Arbeidstakarrepresentant Anne Siri Bentsen. Vara var kalla inn men kunne ikkje møte. BHT ved Inger Johanne Lomheim SAKLISTE

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Målbruksplan for Ål kommune

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

Møteprotokoll Utval: Ungdommens fylkesutval Møtestad: Dato: Tidspunkt: Følgjande faste medlemmer møtte Følgjande medlemmer hadde meldt forfall

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

elevar og foreldre viss to ulike instansar skal behandle ulike delar av ei klagesak. Det blir viktig med informasjon mellom Barneombudet og

Verksemdsplan 2014 for Vest-Telemark PP-teneste

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Transkript:

Referat frå møte i regionalt brukarråd Statped vest Dato/Stad: 5. september kl. 12.30 15.00 / Sandbrekkevegen 27, videokonferanse Deltakarar: Brukarrepresentantar: Birte B. Frøyd NFU Monica Reime Norsk Tourette foreining Odd Inge Vestbø HLF Bernt Olaf Ørsnes Afasiforbundet Trond Løvdok ADHD Norge Victor Carlsen jr HLF Frå Statped: Gerd Ingunn Opdal (regiondirektør, møteleiar tom sak 17/18), Magne-Bjarte Hatlem (ref.) Forfall: Evy Skogedal NFU, Lillian Dale Dysleksi Norge Sak: 10/2018 Godkjenning av innkalling og saksliste Ok 11/2018 Godkjenning av referat Ok 12/2018 Representasjon i brukarrådet Statped har ikkje mottatt meldingar om endringar, ventar på oppnemning av nye representantar frå Norges Blindeforbund og Dysleksi Norge. 13/2018 Orienteringar frå brukarrepresentantane Runde rundt bordet Norsk Touretteforening: Grunna dei tekniske utfordingane sender Monica Reime eventuelle innspel til referatet til Inga Fjelltveit Skagseth. Afasiforbundet hadde si første samling etter ferien i går. Dei startar opp ei kommunikasjonsgruppe i løpet av september. To representantar frå Bergen Afasiforeining deltek på det nasjonale likemannsarbeidet som startar opp i oktober. Afasiforbundet i Bergen skiftar frå januar lokale til FFO.

ADHD Norge har fått på plass nytt styre i Hordaland. Dei planlegg landskonferanse 19. november der tema er vaksne med ADHD, utgreiing og behandling. ADHD Norge har utvikla ein lærarguide som er blitt godt mottatt, og tilgjengeleg på nett. No blir det arbeidd med ein tilsvarande guide for barnehage. Nina Holmen har levert ei masteroppgåve der det går fram at lærarane sine forventningar til læring for elevar med ADHD er for låge. Sakene som kjem inn til ADHD Norge i regionen er ofte knytt til samansette lærevanskar og utfordringar ved bruk av alternative læringsarenaer, samarbeid med PPT og lærarar. HLF sitt landsmøte vedtok opplæring og utdanning som eit fjerde hovudinnsatsområde. Basert på Kermit-rapporten ønsker HLF i region vest å utfordre nasjonalstyret på utdanning av lærarar og spesialpedagogar. HLF sitt innspel til Nordahl-utvalet er at Statped og PPT- tenesta må bestå og vidareutviklast. HLF har òg gitt innspel på foreslegne endringar folketrygda der det var blitt uklart kva rettar ein skal ha i høve materiell og kursverksemd. Dette ser ut til å skulle behaldast. Vidare jobbar dei med å få sett inn lydutjamningsanlegg i klasserom, spesielt i nye skulebygg. NFU Har levert innspel til Nordahl-utvalet der dei legg vekt på at ein må behalde den individuelle retten til spesialundervisning og behalde Statped. I Sogn og Fjordane har dei jobba opp mot NAV for å sjå på korleis ein kan betre tilbodet til dei som treng tilrettelagt opplæring. 14/2018 Orienteringar frå Statped Tidleg innsats Det kjem ny stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage hausten 2019. Meldinga skal omfatte både barnehage og skule, og er ei oppfølgjing av Nordahl-utvalet. Vi har fått signal om at Statped vil bli inkludert i arbeidet, men veit ikkje enno korleis dette vil skje. Statped sitt høyringssvar til Nordahl-utvalet (korte utdrag gjengitt her): Statped set spørsmålsteikn ved noko av kunnskapsgrunnlaget i ulike delar av rapporten både når det gjeld korleis Statped og PPT er skildra som statleg og lokalt støttesystem.

Statped ønsker ei grundigare konsekvensutgreiing før ein eventuelt endrar systemet og etablerer lokale pedagogiske rettleiingstenester som skal erstatte dagens system. Statped oppfattar ikkje at det er gjeldande regelverk som er problemet, men forståing og praktisering av det. Statped rår ifrå fjerning av den individuelle retten. Det er høg risiko for at ei fjerning vil råke utsette enkeltborgarar. Statped har peika på alternative løysingar t.d. auka bruk av digitale løysingar. «Brukarstemma» i Statped sitt målbilete Det har vist seg å vere vanskeleg å finne gode formuleringar som representerer alle syn. Statped ønska forslag til formuleringar som kunne representere brukarstemmen i målbildet og som skulle bli ein del av eit oppdatert målbilete. Responsen frå Nasjonalt brukarråd var låg, og Statped forsøkte derfor å lage formuleringar basert på dei tilbakemeldingane som var komne inn undervegs gjennom møta. For å famne alle blir det fort så generelt at det ikkje har så mykje for seg. Dessutan var representantane i Nasjonalt brukarråd opptekne av at dei ikkje måtte bli bunde til det som stod i målbiletet, og at dei ville ha høve til å bruke stemmen sin på andre arenaer. Det vart derfor vedteke at Statped avsluttar arbeidet. Statped er opptatt av at brukarar sine stemmer kjem fram, men vi må finne andre måtar å gjere dette på. Fagtorg vest 2019 Statped ønsker innspel frå regionalt brukarråd Fagtorget har PPT-tenesta som hovudmålgruppe med vekt på praktisk pedagogisk innhald, men med teoretiske innspel. Deltakarane kan velje kva dei vil gå på. Det sentrale temaet for 2019 er brukaren og barna si stemme. Statped ønsker tilbakemelding innan utgangen av året frå det regionale brukarrådet om korleis vi kan presentere dette best mogleg til PPT. Kjenner de brukarar som kan halde gode innlegg? Vidare ønsker vi innspel om brukarrådet kjenner til ei PPT-teneste som brukarar har god erfaring på dette området. NFU: Er dette noko vi burde trekke inn i utdanning utdanninga av lærarar og spesialpedagogar, med auka vektlegging av praksiserfaring? Burde ein ha meir praksiserfaring i frå barnehage og skule føre ein begynte i PPTtenesta?

Statped vil spørje leiarforumet til PPT om dei kjenner til PPT-tenester som har brukt tenestedesign eller tilsvarande som metode som aktuelt innspel til Fagtorget. Vidare planlegg Statped å ha Ungdomspanelet med på Fagtorget, og vil sjå på korleis overgangar kan settast som tema. I Hordaland har det vore delte PPT-tenester mellom grunnskule og vidaregåande, i Sogn og Fjordane har det vore ei gjennomgåande teneste. Digitaliseringsprosjektet tenestedesignprosessen er i gong Statped er no i full gong med å få innsikt frå brukarar og samarbeidspartar om korleis dei oppfattar tenestene våre. Etter samtykke skal vi intervjue brukarar, føresette og PPT-tenesta. Informasjonen vi får skal brukast til å identifisere tenester vi kan jobbe vidare med å forbetre gjennom digitaliseringsprosjektet. Vi ønsker å vere meir tilgjengelege og gi raskare svar til dei lokale PPT-kontora. Eit eksempel på ei slik teneste kan vere å sette opp eit videokonferansemøte mellom Statped og PPT-tenesta, i løpet av eit par dagar etter første førespurnad. Oppfølging frå innspel i førre møte I førre møte vart det etterlyst ein representant for utviklingshemma i ungdomspanelet. Evy har spelt inn eit forslag til SAFO sentralt, men dette har enno ikkje blitt vidareformidla til Statped. Birthe følger dette opp, då det er viktig at dette blir meldt til Statped. Victor etterlyste ei nærare forklaring av omgrepet «inkluderande læringsmiljø» i Statped sine brosjyrar. Beskjeden er vidareformidla til kommunikasjonsavdelinga som takka for godt innspel. 15/18 Erfaringar frå rådslag med brukarorganisasjonar 30.08.18 Kompetansesentera på Vestlandet har eit felles forum. RVTS, RKBU, KoRus, NAPHA og Statped jobbar med ulike tema, men har alle kommunane som samarbeidspart. Korleis jobbe med brukarmedverknad har vert tema her. NFU: Få brukarorganisasjonar var representert denne dagen. Det var gjennomgåande at dei ulike brukarorganisasjonane berre kjente til «sitt eige kompetansesenter». Eit forslag var derfor at kompetansesentera burde jobbe meir ilag. Som brukarrepresentant er det utfordrande å komme med innspel på saker på strateginivå, dette er enklare når det er komme ned på eit meir konkret nivå. NAPHA har eit godt tilbakemeldingsverktøy for opplevd effekt som blir sendt til kommunane etter at dei har gjennomført eit tiltak. Kompetansesentra skal jobbe vidare med brukarmedverknad.

16/18 Brukarkonferansen 6. februar programforslag (vedlegg 1) NFU ønsker at fellesmøtet kan vere på slutten av dag to. Kan vi spele på nokon frå kompetansesenterforum? RKBU har for eksempel kompetanse på fråfall i vidaregåande skule. Statped har noko på dette temaet i kurskalenderen for oktober om temaet der det alt sikkert er gode innleiarar. Afasiforbundet foreslår Ole Hamre med hans inkludering og fargespel. Statped skal sjå på om han passar inn i bolken «Skråblikk utanfrå». ADHD Norge: Under bolken «Funksjonsnedsettelser og praktisk utdanning» må ein ta med seg at Finland scorar dårleg på elevtilfredsheit. HLF synes tema for dagen er godt, og føreslår professor emeritus Edvard Befring som mogleg innleiar. 17/18 Eventuelt Brukarrepresentantane i vest sender innspel til retningslinjene på e-post til Birte. Birte deltek 13. september som representant for brukarrådet i region vest for å revidere dei nasjonale retningslinjene for brukarmedverknad. Statped følger opp tekniske utfordringar rundt avvikling av møtet: 1. Nokon av VK-deltakarane opplevde mykje romklang frå Statped sine kontor. 2. Monica Reime såg og høyrte dei andre deltakarane, men ikkje mogleg for andre å sjå eller høyre ho. 3. Ein deltakar i kontorlokalet til Statped har over tid ikkje klart å få nett-tilgang her på Statped, sjølv om oppskrift for tilkopling blir følgt og ein har fått bistand frå IKT-hjelp. Nettilgang er viktig for å kunne få tilgang til møtedokumenta digitalt. Statped skal ta det vidare med IKT-hjelp. 18/18 Gruppesamtale kl. 14 15 (vedlegg 2 og 3) To forskarar frå NTNU Samfunnsforskning deltok i møtet for ein samtale med brukarrådet. Neste møte torsdag 15. november kl. 12.30-15