Førde kommune Byggesak og arealforvaltning Naustdal-Gjengedal verneområdestyre v/ Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Dykkar referanse: Sakshandsamar: Oddbjørn Sellevoll Tlf. 57612723 Vår referanse: 12/1618-35-OSE-K12 Dato: 13.10.2014 Fråsegn frå Førde kommune til forvaltningsplan for Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde Framlegg til forvaltningsplan for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde har no fått fagleg godkjenning av miljødirektoratet, og er sendt på høyring. Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde vart oppretta ved kongeleg resolusjon den 9. januar 2009. Verneområdet ligg innanfor kommunane Førde, Gloppen, Jølster og Naustdal i Sogn og Fjordane fylke, og utgjer eit samla areal på 393,3 km². Fordelt på kommunane ligg 24,6 km² i Førde, 231,6 km² i Gloppen, 54,4 km² i Jølster og 82,5 km² i Naustdal. Forskrift om verneplan for Naustdal - Gjengedal landskapsvernområde skildrar føremålet med vernet i 2: «Formålet med vernet er å ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde som er så godt som fritt for tyngre tekniske inngrep, og som har stor variasjon i natur frå lågland og stølsdalar til fjellområde med brear, mange dalar med elvar og store og mindre vatn. Det er vidare eit formål å ta vare på kulturlandskapet med dei kulturminna det inneheld. Området skal også kunne nyttast til tradisjonelt friluftsliv utan særleg teknisk tilrettelegging.» Forvaltningsplanen for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er utarbeidd med heimel i 5 i verneforskrifta. Forskrifta set råmer, og forvaltningsplanen kan ikkje utforme retningsliner som går ut over det som er heimla i verneforskrifta. Forvaltningsplan (verneforskrifta ligg som vedlegg i dokumentet) Postadresse: Postboks 338, 6802 Førde Telefon: 57 72 20 00 Bankkonto: 3700 07 00720 www.forde.kommune.no Besøksadresse: Hafstadvegen 42 Fax: 57 82 38 76 Org.nr.: NO 963923511 mva E-post: postmottak@forde.kommune.no
Vår referanse: 12/1618-35-OSE- Landskapsvernområdet og areal i Førde kommune, stipla line er kommunegrense. (Kart fråfylkesatlas.no). 2
Vår referanse: 12/1618-35-OSE- Vurdering: Førde kommune er den av kommunane med minst areal i landskapsvernområdet, og mesteparten av arealet er høgfjell. Hovudinteressene knytt til området i Førde er beitebruk, jakt, friluftsliv og litt skogbruk. Forvaltningsplanar er definert i Miljødirektoratet (tidlegare Direktoratet for naturforvaltning) si Handbok 17-2001: «Forvaltningsplanen skal vere eit praktisk hjelpemiddel for å fremje verneformålet for landskapsvernområdet. I hovudsak skal planen gje utfyllande retningsliner for tolking og handsaming av verneforskriftene i samsvar med verneformålet. Dette skal danne eit felles grunnlag for utøving av skjønn i sakshandsaminga, og bidra til samordna praksis mellom forvaltingsorgana.» Enklare sagt er/ skal forvaltningsplanen: vere eit verktøy for forvaltninga og brukarar støtte opp rundt verneforskrifta Forskrifta er kort og generell Forvaltningsplanen skal vere utfyllande og klargjerande Kva er lov? - kva er ikkje lov? - kva kan ein søke om? gje informasjon om verneområdet og verneverdiar informere om forvaltning, søknadsrutinar og andre administrative tilhøve Forvaltningsplanen er bygd opp på følgjande måte: Kap 1: Innleiing Bakgrunn og mål for vernet, mål med forvaltningsplanen og overordna om regelverk. Kap 2: Områdeskildring Informasjon om natur, verneverdiar, ressursar, kulturminne/ kulturmiljø, flora og fauna. Kap 3: Forvaltnings- og bevaringsmål Forvaltningsmål er eit omgrep for målsetningar i verneområdet. Bevaringsmål definerer tilstanden ein ynskjer at ein naturkvalitet i verneområdet skal ha (desse manglar i utkastet til forvaltningsplan). Kap 4: Brukarinteresser Tekstene er utfyllande/ forklarande til reglane i verneforskrifta. Informerer meir konkret om kva som er tillat, og kva ein kan få løyve til etter søknad. Skal fungere som oppslagsverk for brukarar. Kap 5: Forvaltningsoppgåver og tiltak Søknadsprosessar, saksgang og liknande. Kap 6: Referansar Vedlegg: Verneforskrift, mm. Etter rådmannen sit syn oppfyller framlegget til forvaltningsplanen formåla. Den gjev ei grei oversikt over brukarinteresser og problemstillingar, og den gjev retningslinjer og mål, sjølv om kap. 3 er noko uferdig. Planen vil fungere godt som eit verktøy for forvaltningsmynde, og den gjev grunnlag for at det kan etablerast rutinar for samarbeid. Planen skal og fungere som ein rettleiar/ oppslagsverk for grunneigarar og brukarar av området. Rådmannen meiner at planen kan forbetrast/ bli meir brukarvennleg på dette området. 3
Merknader/ innspel til forvaltningsplanen: Vår referanse: 12/1618-35-OSE- Kap.3. (side 23-24) 1. På side 23 kap. 3.2, femte avsnitt, står følgjande; «Trenger eit tiltak løyve etter både verneforskrifta og anna regelverk, kan søkar velje å søke om løyve parallelt. Vedtak skal i slike tilfelle som hovudregel fattast først etter verneforskrifta, 48, 3. ledd.» Dette er ein paragraf i Naturmangfaldlova og ikkje verneforskrifta. Ordlyd kan t.d. vere jf. Naturmangfaldlova 48 3.ledd. 2. Bevaringsmål er berre generelt kommentert, og det kjem fram at desse ikkje er ferdig utarbeida. Det er uheldig at dette ikkje er med i planen og del av høyringa. Kan bevaringsmåla t.d. ha innverknad på forvaltningsmål og brukarinteresser slik desse går fram av planen no? Kap.4 (side 25-62) For grunneigarar og andre brukarar av landskapsvernområdet er dette kapittelet truleg det viktigaste. Det er særs viktig at denne delen av planen er lettfatteleg og enkel å finne fram i. 1. Kapittelet har namnet «Brukarinteresser». «Tiltak/ aktivitetar ordna etter ulike brukarinteresser» vil kanskje tydeleggjere betre kva kapittelet omhandlar. Underkap. 2 har namnet «Rammer og regelverk». Her blir det synt til kva verneforskrifta seier om typen tiltak/ aktivitet. Rådmannen tykkjer det vil kome tydelegare fram om «Rammer og regelverk» vert erstatta med «Kva seier verneforskrifta?». 2. Underkap. 3 «Retningsliner for forvaltninga» kan t.d. erstattast med «Retningsliner for deg som brukar og for forvaltninga». 3. Kvar interesse/ tiltak som blir presentert og drøfta har eige underkapittel (4.1), med 4 eller 5 nye underkapittel (4.1.1). Det er mykje god og omfattande informasjon å finne om dei ulike temaa, og slik sett er planen eit godt verktøy for forvaltningsmynde. Rådmannen har ikkje merknader til mengd med informasjon, men tilrår ein gjennomgang på oppbygging/ presentasjon av omsyn til andre brukarar. Ein brukar/ grunneigar vil truleg ikkje vere ute etter kva som står i verneforskrifta (brungule boksar), men først og fremst leite etter informasjon om: Kva kan eg gjere? (grøne boksar) Kva må eg søkje om? (grøne boksar) Korleis og til kven skal eg søkje? (bør kome til slutt i eller etter grøn boks) Kva skal søknaden innehalde? (bør kome til slutt i eller etter grøn boks) Etter rådmannen sitt syn er planen noko mangelfull på dei to siste kulepunkta ovanfor. Døme på søknader og prosessar kan med fordel lagast, (ligge som vedlegg i forvaltningsplanen eller innarbeidast i kap. 5.1 «Sakshandsaming»). I saker der det må gjevast løyve frå fleire instansar, t.d. motorferdsel og bygging, må det gå fram at søknad skal sendast både til forvaltningstyre og kommune. Kap 4-1. Landbruk (side 26-32) For beitebruk vert det omtalt at tal beitedyr i landskapsvernområdet har gått ned dei siste åra. I Førde kommune er tendensen for småfe motsett, medan det er nedgang i tal storfe. Etter forvaltningsmåla (kap.3.3) og vurderingar etter naturmangfaldlova kap. (4.1.4) kan det synast som det ikkje er lagt opp til auke i beitebruken, men å halde nivået, slik det var på vernetidspunktet. Verneforskrifta seier ikkje noko om at tal beitedyr ikkje kan aukast. Forvaltningsplanen bør då heller ikkje ha formuleringar som tilseier «strengare» praksis. Formuleringar i kap. 4.1.4 og 3.3, bør endrast/ fjernast. 4
Vår referanse: 12/1618-35-OSE- Det vert omtalt at det er ein del gran i landskapsvernområdet. I Førde kommune er det 3 granfelt som strekkjer seg inn i landskapsvernområdet, samla areal innan for vernegrensa er om lag 30 daa, og alderen er ca. 40 år. Ut frå boniteten er desse felta i hogstklasse 3 (yngre produksjonsskog). Avstand til eksisterande vegar for delane inne i verneområdet varier frå 100 270 m. Det kjem i liten grad fram av planen kva mål ein har for granfelta, men det kan synast som at det er eit ynskje om å ta ut/ fjerne granskog i landskapsvernområdet. Verneforskrifta seier at det ikkje er høve til å drive skogreising eller treslagskifte. Den seier ingenting om eksisterande granskog. Forvaltningsplanen seier heller ikkje noko om erstatning til grunneigar om granskogen blir teken ut før den er hogstmogen, eller ved fordyrande driftsmetodar. Om det er slik at granskog skal vekk, så er korkje hogstformene eller driftsmetodane i retningslinene kap. 4.1.3 eigna. Hogstform på granskog (som ikkje skal foryngast) må vere flatehogst. Rasjonell driftsmetode vil vere terrenggåande hogstmaskin/ lassberar eller taubane. Rådmannen kan ikkje sjå at verneforskrifta seier noko som er til hinder for at slike maskiner skal kunne nyttast. Utarbeiding av hogstplan for gran, er med som eit tiltak i kap. 4.1.5. Det er viktig at slik hogstplan då inneheld nye vurderingar kring driftsmetode og hogstform. Kap.4.3 Friluftsliv (Side 36-43) Under «Innfallsportar» er ikkje Angedalen i Førde med under opplistinga av dei viktige (7 stk.), men er omtalt slik i eige avsnitt: «I tillegg til dei sju bør Indrebø og Botnen i Angedalen i Førde nemnast som innfallsportar. Ruta inn til resten av området herifrå er krevjande, men innfallsporten har likevel eit stort potensiale med tanke på nærleiken til Førde sentrum.» Ordlyden, «Ruta inn til resten av området herifrå er krevjande» avheng i stor grad av kvar ein skal. T.d. er ruta frå Indrebø/ Botnen til Longevasshytta krevjande. Ein tur inn i verneområdet via Botnastølen er lett. Sandfjellet som ligg inne i landskapsvernområdet, er truleg ein av dei mest besøkte fjella i verneområdet. Det går fleire ruter dit, men ruta frå Angedalen er særs mykje nytta. Målet med ein «innfallsport» må vel vere å kome inn i landskapsvernområdet? Då er i tilfelle Angedalen/ Botnen-Indrebø, særs viktig. Med helsing Ole John Østenstad Rådmann Odd Harry Strømsli Plan- og byggesjef Dette brevet er elektronisk godkjent av Førde kommune om det ikkje er signert. 5