Høringsuttalelse Høring - Forslag fra utvalg om endring i stillingsstrukturen

Like dokumenter
BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Postdoktorstillingar: Innhald og tilsetjingsreglement.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Å løyse kvadratiske likningar

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Refleksjon og skriving

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Høringsuttalelse Høyring: Rapport om skikkethetsarbeid for utdanninger underlagt forskrift for skikkethetsvurdering UHR Universitets- og høgskolerådet

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

6-åringar på skuleveg

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030


styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

15) Er det målsettingar for funksjonsområde bibliotek som ikkje har kome med (ref. funksjonsplan s. 2.)?

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

MELDING OM DELEGERT VEDTAK

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Biletbruk på nettet 1 2

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

HØYRING - JUSTERING AV LÆREPLAN I NATURFAG OG MATEMATIKK

Innovasjonsmetoden vår

Evaluering av Fylkesplan for Hordaland /09 September 2009

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

Kvalitet er målet med alt

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

UNIVERSITETET I OSLO

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

RETNINGSLINJER FOR UTFORMING AV UTANDØRS SERVERING OG SAL I BRYNE SENTRUM

ORDINÆR EKSAMEN FOR 1R BOKMÅL Sensur faller innen

Forslag til ny stillingsstruktur

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Høringsuttalelse Høring - Forslag til forskrift om rammeplan for barnehagelærerutdanning - KD Kunnskapsdepartementet

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Administrativ Organisasjonsutvikling

Elev- og lærlingombod i HFK

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Trygg og framtidsretta

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Nasjonalt rammeverk for kvalifikasjoner i høyere utdanning

Stillingsstrukturer ved universiteter og høyskoler

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Elevundersøkinga 2016

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

Ny strategiplan for Høgskulen

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Foto: Carl-Erik Eriksson

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Transkript:

Holbergs gate 1 / 0166 Oslo T: 22 04 49 70 E: nso@student.no W: www.student.no Høringsuttalelse Høring - Forslag fra utvalg om endring i stillingsstrukturen Dato: 26.09.2018 2018001957

Høringsuttalelse Utdanning og forsking to komplimentære einingar. Norsk Studentorganisasjon (NSO) vil med dette takka djupt for høvet til å koma med innspel til høyringa rundt forlaget om endring i stillingsstrukturen. Dette er ei sak me prioriteter høgt, då utfallet her vil vera ein klår indikator på kor sektoren ønskjer å gå i spørsmålet om eit balansert og samanhengande fokus på forsking og utdanning. Det er med denne bakgrunnen at me har ein del kommentarar. Målsettingar og generell kommentar i ein god stillingsstruktur Stillingsstrukturen sin hovudfunksjon må, som utvalet sjølv indikerer, vera å dekkja dei oppgåvene og funksjonane som trengs i sektoren. Av det følgjer det at det stillingsstrukturen ikkje legg til rette for ikkje vil verta gjort. Utvalet legg til grunn to hovudspørsmål: 1. Dekkar stillingsstrukturen spekteret av oppgåver som det vert forventa at høgskular og universitet skal dekka, og 2. Legg stillingsstrukturen godt nok til rette for karriervegar som er attraktive for søkarar, og som stimulerer til fagleg utvikling gjennom heile karrieren? Dette er me heilt einige i at er spørsmål som er sentrale for ein god stillingsstruktur, men så lenge ein ikkje legg til grunn at ei av oppgåvene til universitet og høgskular er å balansera fokuset på forsking og utdanning, og at dette må takast omsyn til når ein ser på den faglege utviklinga gjennom karrieren, så er me ikkje heilt i mål. Målet må vera å ha eit stillingssystem som gjer det attraktivt å forska og attraktivt å tilby god utdanning, og det må anerkjennast at dei to komplimenterer kvarandre, heller enn å vera i konflikt med kvarandre slik ein ofte kan få inntrykk av. Den beste forskaren underviser, og den beste undervisaren forskar. Knytt til målsettingar og potensiale i stillingsstrukturen meiner NSO at: Endring i stillingsstrukturen har sterkt potensiale til å forma ein ny og betre UHsektor ved å innføra reell likestilling og samanheng mellom forsking og utdanning, og alle endringar i stillingsstrukturen må gjennomførast med ei klår målsetting om å gå til gangs med dagens utfordringar på dette feltet. Denne grunnleggjande målsettinga om å sjå utdanning og forsking i samanheng let utvalet til å dela, og dette ser NSO på som særs positivt. Det me derimot er meir skeptiske til, er om dei konkrete forslaga til endringar kjem til å oppfylla denne intensjonen i tilstrekkeleg grad, eller i verste fall ikkje i det heile. Talet på karrierestigar Dersom målet, som utvalet sjølv konstaterer, er å få eit meir balansert fokus på undervisning og forsking, så fell det på si eiga urimelegheit å leggja til grunn ein stillingsstruktur med ein forskingstung kombinert stige på den eine sida, og ein forskar/lektor-stige kor ein anten forskar, underviser eller driv med anna utviklingsarbeid på den andre sida. Ein kan prøva å argumentera for at kombinasjonsstillingane fyrsteamanuensis og professor ikkje er vekta mot korkje utdanning eller forsking, men her vil ein ikkje ha bevisa på si side. Ein treng berre sjå på kva for incentiveringssystem og meritteringssystem som eksisterer, eller for så vidt berre vitja UH-sektoren (uttrykka 2

Norsk studentorganisasjon «forskingsrett» og «undervisningsplikt» eksisterer ikkje utan grunn), for å sjå at systemet er bygd rundt det å sjå forsking og utdanning som to strengt separate einingar, kor forsking stort sett står som prioritert kjerneverksemd. Me skal meir tilbake til detaljane rundt merittering og incentivering, men alt dette og mykje meir er årsaka til at me vil argumentera sterkt for eitt einskapleg kombinert karrierløp (når me her og i det følgjande argumenterer for èin stige, ser me vekk frå fagstøtte-stigen, sjølv om me ikkje er direkte imot denne. Den vil få eit eige avsnitt lengre nede), kor ein fokuserer på utdanning og forsking i lik grad, og ser desse i samanheng. Skal ein fyrst endra strukturen for å nå dei måla ein sett seg her, så må ein vera villige til å tenkja meir nytt enn å endra namnet på dagens lektor-stige til ein forskar-/lektor-stige. I forslaget som ligg til grunn no, kan det sjå ut som det er sistnemnde som er gjort. Då har ein til alle praktiske føremål ikkje gjort anna enn å plassera eksternfinansierte forskarstillingar saman med lektor-stigen. Talet på karrierestigar må reflektera eit ønskje om å ha eit heilskapleg syn på verksemda. Me vil difor argumentera sterkt for ein stillingsstruktur men ein stige, som skal dekkja alle dei funksjonane ein har i dei to løpa som utvalet foreslår (amanuensis-professor og forskarlektor). Som kombinert stillingsstige vil denne ha den fleksibiliteten ein treng for å løysa alle oppdraga som er å finna i sektoren. Eksternfinansierte forskarar skal òg inkluderast i denne stigen, då utvalet sjølv seier at dette er ein uutnytta fagleg ressurs i undervisninga i dag. Det ein hovudsakleg treng for å få dette til, er å få på plass gode moglegheiter for eksternfinansierte til å utføra meritterande undervisningsarbeid (for me legg absolutt til grunn at både forsking og undervisning skal meritterast på heilt lik linje i eit nytt karriereløp). Ei ordning der dagens eksternfinansierte, dagens lektorar og dagens amanuensar blir plassert i same karriereløp, vil kunna løysa utfordringa med å utnytta den faglege ressursen som dei eksternfinansierte representerer - i undervisninga. Samstundes kan ein få på plass gode høve for desse til å kvalifisera seg for faste stillingar. Denne heilskaplege karrierestigen kan kallast ein professorstige, då professor med høg grad av sannsyn vil utgjera det høgste nivået på stigen. Me legg til grunn tilstrekkeleg grad av institusjonell autonomi ved implementering, og at stigen må vera fleksibel nok til å fylla dei funksjonane ein treng. Det framstår for oss som ganske merkeleg at utvalet foreslår ein stort sett heilt uendra professor-stige med bakgrunn i at tilsette her har mykje fast definert forskingstid, når dei tidlegare i rapporten argumenterer for verdien av å sjå forsking og utdanning i samanheng og at undervisarar forskar og visa versa. Den høgste aspirasjonen i akademia bør vera å kvalifisera seg, samt rykka opp, i eit karriereløp - med bakgrunn i sine merittar innanfor undervisning og forsking. Difor meiner me kort oppsummert at: Det å dela inn stillingsstrukturen så asymmetrisk som utvalet let til å gjera her til fordel for eit singulært forskingsfokus ikkje vil oppfylla det som må vera målet med systemendringa: Å likestilla forsking og utdanning som sentrale deler av UHverksemda. Følgjeleg må det nye karrieresystemet må bestå av ein stige med kombinerte stillingar. Her skal alle funksjonane i forskar-lektorstigen og professor-løpet inkluderast, slik at ein vil stå i sterkare posisjon til å sikra likt fokus på utdanning og forsking (gjennom til dømes gode merriterings- og insentiveringssystem) og hindra aktiv nedprioritering av ei av kjerneoppgåvene. 3

Høringsuttalelse Stillingssystem og meritteringssystem sett i samanheng I tillegg til ein einskapleg stillingsstruktur, er me heilt nøydde å ha på plass likeverdige meritteringssystem ved kvalifisering og opprykk, om ikkje heilt nydefinering av kva omgrepet fyrstekompetanse skal innehalda, slik at det tek høgd for ein samstilt fokus. Målet skal vera å gje dei tilsette like store insentiv for å driva god undervisning, som ein gjev for å driva god forsking, og å leggja til grunn at desse to delane av kjerneverksemda vår er komplimentære einingar for det særskilde tilsette, slik nemnd føre. Dersom ein berre insentiverer/meritterer til fordel for det eine, så vil ein til alle praktiske føremål disinsentivera mot det andre, fordi ein til sjuande og sist ikkje vert vurdert på det. Ein ville aldri kvalifisert/gjeve ein person opprykk med bakgrunn i at vedkomande kan tileigna seg forskingsferdigheitene etter kvart. Kvifor skal det same vera akseptabelt innanfor utdanning/undervisning når ein i alle sine prinsipielle ytringar løftar desse som samanhengande deler av vår kjerneverksemd? Ved universitet og høgskular vert det stundom trekt fram at studentar ikkje har kompetansen som vert forventa innanfor til dømes akademisk skriving, grunnleggjande forsking og anna vitskapleg syssel. Dette kan jo ikkje vera anna enn eit argument for at me treng utdannarar som er røynde forskarar og forskarar som kan å formidla sine resultat og sitt handverk på ein god måte! Vidare så meiner me at ei innføring av ein einskild (potensielt noko lengre) karrierestige har potensiale for å gjera det lettare å innføra meir effektive merriteringsordningar, fordi merriteringssystema fungerer innanfor dei spesifikke karrierestigane dei er designa for. Stillingstitlar Me meiner som sagt at det skal vera ein karrierestige. Nøyaktig kva titlane på kvart nivå i stigen skal heita er ikkje like viktig for oss som funksjonane som stigen er meint å sikra. Med det sagt så ser me for oss at dei øvste trinna i stigen bør heita fyrsteamanuensis og professor - lik som i utvalet sitt forslag til professorstige. Det er fleire grunnar til dette. Både for å gjera det meir internasjonalt kompatibelt, men òg for at desse i dag er kombinerte stillingar med høg status, som kan tilpassast til å omfatta fleire funksjonar. Den eventuelle stigen må òg framleis ha eit kvalifiseringsnivå, kor til dømes både postdoktorar og eksternfinansierte forskarar skal vurderast på bakgrunn av sine forskings- og utdanningsmerittar dersom dei ønskjer innpass i faste akademiske stillingar, og for å rykka vidare opp på stigen. Sjølv om toppnivået i denne stigen vil dela namn med dagens (og utvalets) professorstige må han likevel formast meir fleksibelt enn denne, då han som nemnd har tydeleg definert forskingstyngd. Vidare ser me ikkje heilt kva innføringa av fakultetsprofessor skal føra med seg av goder for universitets- og høgskulesektoren, eller kva for funksjon dette nye nivået skal ha. Me ser at dette er eit forsøk på å formalisera ei ordning med professorar på eit R4-nivå (fase 4-nivå), for å tilpassa det til EU, men er redde dette ikkje vil føra til nemneverdige kvalitetsløft. Difor meiner me det bør vera tilstrekkeleg å ha professor som øvste nivå i stigen. Kvalifiseringsstillingar Norsk studentorganisasjon vil gjerne gje utvalet full honnør for å kasta ljos rundt, samt å foreslå løysingar på, dagens bruk av postdoktorar og andre liknande midlertidige stillingar. Me støttar heilhjarta ei tydeleggjering av desse stillingane for å gjera dei til reelle 4

Norsk studentorganisasjon kvalifiseringsstillingar. Dagens bruk av midlertidigheit er lett å samanlikne med rein rovdrift på arbeidstakarar, og legg ikkje grunnlag for eit trygt og godt karriereløp i det heile. Rapportar trekk fram kor usikker kvardagen til innehavarar av midlertidige stillingar i sektoren kan vera.. Mobilitet og tydelegheit Anten resultatet vert ein eller fleire karrierestigar i stillingsstrukturen, så vil det uansett vera behov for ei tydeleggjering av karrieremoglegheitene samt den graden av mobilitet som skal vera mogleg innanfor strukturen. Dette var noko sakna i utvalet sin rapport, og er noko me meiner vert meir tydeleg med ein forlenga einskapleg stige slik me foreslår. Her er det meir eller mindre tydeleg at det er frå fyrsteamanuensis og oppover at det fyrst vert snakk om kvalifisering i den forstand me kjenner det. Fagstøttestigen Når det kjem til den foreslåtte fagstøtte-stigen så vil me applaudera utvalet med eit steg i ein særs positiv retning. Å gje dei tiltenkte stillingane anerkjennelse ved å gje dei eit eige karriereløp ser me på som utelukkande positivt. Likevel ser me oss nøydde til å stilla spørsmål om kor vidt den foreslåtte fagstøtte-stigen er dekkjande for alle dei stillingane som kan kategoriserast som fagleg støtte, og om titlane i stigen vil føra med seg eit så stort status-løft som desse stillingane opplagt fortener. 5