Fylkesutvalet som klagenemnd Side 1 av 5 Klage over tildeling av drosjeløyve i Årdal kommune Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Klage frå Giske Ane H. Hatlevoll over fylkesdirektøren for regionalavdelinga sitt vedtak av 3.7.07 vert ikkje teken til følgje. Prenta vedlegg: 1. Brev frå Giske Ane H. Hatlevoll dags. 25.7.07 2. Brev frå Giske Ane H. Hatlevoll dags. 8.9.07 Uprenta vedlegg:
Fylkesutvalet som klagenemnd Side 2 av 5 Saksframstilling 1. Innleiing Tildeling av drosjeløyve er regulert i lov om yrkestransport av 21.6.02 og tilhøyrande forskrift av 26.3.03. Det er i forskrifta 43 og 44 fastsett nærare reglar om vilkåra for tildeling av drosjeløyve, og reglane er ulike alt etter som det er eit eksisterande løyve som vert ledig eller om det er oppretta eit nytt løyve. Denne saka gjeld eit løyve som er blitt ledig. 43 gir førerett til den som har minst to års ansiennitet som full tids drosjesjåfør. Dersom det er fleire søkjarar som oppfyller dette kravet, er det den søkjaren som har lengst ansiennitet som har førerett. Dette gjeld dei tilfella der eit eksisterande løyve vert ledig. Dersom der er ingen som har førerett etter 43 eller dersom det gjeld eit nyoppretta løyve, skal løyvet tildelast etter 44 som seier at tildelinga skal skje etter fylkeskommunen sitt eige skjøn. Det er tilfelle i denne saka sidan ingen av søkjarane har den ansienniteten som krevst for å få førerett etter 43. 2. Handsaming av søknaden i regionalavdelinga Regionalavdelinga tildelte i brev dags. 3.7.07 eit ledig drosjeløyve i Årdal kommune med stasjoneringsstad Øvre Årdal til Magne Brun. Det var fem søkjarar til løyvet. I brevet står følgjande: Tildeling av drosjeløyve i Årdal kommune,med stasjoneringsstad Øvre Årdal. Fylkesdirektøren for Regionalavdelinga har handsama søknadane og gjort slikt vedtak: Drosjeløyve S-034 med stasjoneringsstad Øvre Årdal vert tildelt Magne Brun. Utdanningskravet for drosjeløyve må innfriast innan 31.12.07. Bakgrunn for vedtaket er følgjande: Drosjeløyve med stasjoneringsstad Øvre Årdal vart lyst ledig med søknadsfrist 31.05.07. Det meldte seg 5 søkjarar innan fristen. Søkjar nr 1, Magne Brun, Øvre Årdal. Manglar utdanning. Har erfaring frå drosjekøyring i Årdal hjå tidlegare løyvehavarar, Sveen og Børresen. Køyrer i dag varetaxi. Søkjar nr 2, Frode Thune, Øvre Årdal. Manglar utdanningskravet. Ikkje oppgitt relevant praksis. Søkjar nr 3, Giske Ane H. Hatlevoll, Øvre Årdal. Manglar utdanningskravet. Har vore tilkallingshjelp på drosje. Søkjar nr 4, Per Hæreid Haugen, Øvre Årdal. Innehavar av 2 drosjeløyve i Øvre Årdal. Søkjar nr 5, Svein Låksrud, Øvre Årdal. Manglar utdanningskravet. Har praksis frå drosjeyrket frå 01.08.1998-01.04.2000. Denne praksisen kan ikkje reknast som ansiennitet.
Fylkesutvalet som klagenemnd Side 3 av 5 Per Hæreid Haugen og Giske Ane H. Hatlevoll har sendt ein fellessøknad med ynskje om å starte Årdal Taxisentral. Det er ingen av søkjarane som har ansiennitet, 2 år som full tids drosjesjåfør, og løyve vert difor tildelt etter 44 fylkeskommunen avgjer etter eige skjønn. Per Hæreid Haugen er innehavar av 2 løyve i Øvre Årdal. Løyve som er utlyst er likt med eit av løyva Haugen har i dag. Hovudutval for samferdsle har gjort vedtak om at løyvehavarane kan ha inntil 2 løyve og desse skal ha lik stasjoneringsstad. Utifrå dette kan ikkje Per Hæreid Haugen tildelast fleire løyve. Giske Ane H. Hatlevoll har lagt ved attestar. Er utdanna bachelor i statsvitskap ved UIO. Ho har vore tilkallingshjelp ved Farnes Taxi men kan ikkje dokumentere dette med likningsattest. Frode Thune har ikkje lagt ved attestar. Har ikkje noko praksis frå drosjeyrket. Svein Låksrud har lagt ved nokre av attestane og CV. Låksrud har vore innom mange ulike bransjar. Han har erfaring frå drosjeyrket då han var tilsett hos Frank Ytredal i ca 1,5 år. Dette er det 9 år sidan. Magne Brun har lagt ved alle attestar. Han har køyrt deltid hjå tidlegare løyvehavarar Torleif Sveen og Rolf Børresen i eit lengre tidsrom men det kan ikkje reknast som ansiennitet. Brun bur midt på Torget i Øvre. Brun driv innan varetaxi transport i dag. Fylkesdirektøren har komme til at det ledige løyve vert tildelt Magne Brun. Fylkesdirektøren sitt vedtak kan klagast på til fylkesutvalet som klagenemnd innan tre veker etter at dette brevet kom fram. Til nærare orientering følgjer Melding om rett til klage over forvaltningsvedtak. Dersom vedtaket vert klaga på av andre partar i saka, kan du risikere at vedtaket vert endra til ugunst for deg. Klagenemnda har kompetanse til å prøve alle sider av det påklaga vedtaket, både rettslege spørsmål, sakshandsaminga og skjønnet som er utøvd. Klagenemnda kan ta klaga til følgje, eller ikkje ta den til følgje eller oppheve vedtaket og sende det attende til underinstansen for ny handsaming. Frist for å ta imot drosjeløyve er sett til 01.august 2007. Løyve vert ikkje skrive ut før klagefristen er ute. 3. Handsaming av klaga i regionalavdelinga Giske Ane H. Hatlevoll bad i brev dags. 25.7.07 om ei nærare grunngiving av vedtaket då det kan sjå ut som om drosjeløyvet vart tildelt Magne Brun fordi han bur midt på torget i Øvre Årdal. Fylkesdirektøren har svara på dette i brev dags. 17.8.07 der det står følgjande: Vedrørande tildeling av drosjeløyve i Øvre Årdal Viser til brev datert 27.juli frå deg der du ber om grunngjeving vedrørande tildeling av drosjeløyve i Øvre Årdal.
Fylkesutvalet som klagenemnd Side 4 av 5 Drosjeløyve i Øvre Årdal er tildelt etter 44 tildeling av løyve,uten fortrinnsrett. Er det ikkje noen søker som har fortrinnrett etter 43 avgjør fylkeskommunen etter eget skjønn hvem som skal tildeles løyve. Herunder kan det gis løyve til innehaver av drosjeløyve og til selskap eller annen juridisk person. Det var ingen av søkjarane som var kvalifiserte utdanningsmessig eller hadde opparbeidd ansiennitet. Utifrå søknadane hadde nokre av søkjarane erfaring frå yrket, andre ikkje. Vi kan ikkje godkjenne erfaring som ikkje kan dokumenterast med likningsattest. Vi vurderar søkjarane utifrå søknadane med vedlagde attestar og ikkje utifrå kjønn. Vi har mange kvinnelige løyvehavarar i Sogn og Fjordane. Ved utøving av skjønnet vart det lagt til grunn ei heilskapsvurdering av søkjarane. Magne Brun har erfaring frå deltidskøyring av drosje, og vart tildelt det ledige løyve. Giske Ane H. Hatlevoll har i brev dags. 8.9.07 påklaga vedtaket, jfr vedlegg 2. Ho viser m.a. til at ho finn det merkeleg at fylkesdirektøren først slår fast at ingen av søkjarane har ansiennitet som kan leggjast til grunn, og deretter ved avgjerda legg vekt på tidlegare praksis. Ho meiner vidare at tildelinga av løyvet bør skje ut frå eit likestillings- og ungdomsperspektiv. Ho peikar elles på at å bu på torget ikkje kan vere noko tildelingskriterium sidan dei fleste av søkjarane bur i nærleiken av torget. Regionalavdelinga har i brev dags. 28.9.07 handsama klaga som underinstans. Avdelinga held fast på vedtaket sitt. I brevet står følgjande: Klage over tildeling av drosjeløyve - underinstansen si handsaming Viser til brevet ditt datert 17.08.2007 der du klagar over fylkesdirektøren for regionalavdelinga sitt vedtak av 03.07.07 om tildeling av drosjeløyve med stasjoneringsstad Øvre Årdal. Klagar ba om grunngjeving vedrørande tildelinga. Krav om grunngjeving og klage på tildeling er motteke innan tidsfristane. Fylkesdirektøren har som underinstans handsama klaga før den går vidare til klagenemnda. Klagar peikar på at fylkesdirektøren fyrst slær fast at ingen av søkjarane har ansiennitet som kan leggjast til grunn, men seinare legg vekt på kva ein har gjort tidlegare. Eit drosjeløyve vanlegvis tildelt etter 43-fortrinnsrett. Søkjar med minst to års ansiennitet som full tids drosjesjåfør har fortrinnsrett til ledig løyve. Dersom ingen av søkjarane har fortrinnsrett vert løyvet tildelt etter 44. Det var ingen av søkjarane til det ledige løyvet i Øvre Årdal som hadde fortrinnsrett. Tildelinga vart gjort etter 44 der fylkeskommunen avgjer etter eige skjønn kven som skal tildelast løyve. Ved utøving av skjønnet vart det lagt til grunn ei heilskapsvurdering av søkjarane. Det er m.a. lagt vekt på tidlegare erfaring frå drosjeyrket. Klagar skriv i sin søknad at ho har vore tilkallingshjelp til Farnes Taxi,men at dette ikkje er dokumentert ved likningsattest. Vi kan ikkje godkjenne erfaring som ikkje kan dokumenterast med likningsattest. Klagar peikar og på at ut frå eit likestillingsperspektiv og eit ungdomsperspektiv er det rart at fylkesdirektøren ikkje legg meir vekt på å skape arbeid for unge kvinner i Sogn og Fjordane. Fylkesdirektøren vektlegg slike kriteriar dersom søkjarane ellers stiller likt.
Fylkesutvalet som klagenemnd Side 5 av 5 Vedtak Klage frå Giske Ane H. Hatlevoll over fylkesdirektøren sitt vedtak av 03.07.07 vert ikkje teken til følgje. Saka vert oversendt klagenemnda. Klagenemnda har første møte 17.10.07. 4. Fylkesrådmannen si vurdering og tilråding Klagenemnda har kompetanse til å prøve alle sider av det påklaga vedtaket, både rettslege spørsmål, sakshandsaminga og det skjønnet som er utøvd. Klagenemnda kan anten ta klaga til følgje, eller ikkje ta den til følgje eller oppheve vedtaket og sende saka attende til underinstansen for ny handsaming. Tildeling av drosjeløyve etter yrkestransportforskrifta 44 skal altså skje etter fylkeskommunen sitt eige skjønn. Fylkeskommunen står då rimeleg fritt, men må ved skjønnsutøvinga unngå urimeleg forskjellshandsaming eller å stille kriterium som ikkje har betydning for løyvet. Yrkestransportforskrifta 47 seier at drosjetransport skal skje i tilknyting til stasjoneringsstaden. Det er viktig å merke seg at det ikkje er noko krav at løyvehavaren skal bu på stasjoneringsstaden. Han kan vere busett kor som helst, men må syte for at drosjen med sjåfør befinn seg på stasjoneringsstaden. Det kan i denne saka difor ikkje brukast som tildelingskrierium at Magne Brun bur midt på torget som er stasjoneringsstaden for løyvet. Fylkesdirektøren har i breva av 17.8.07 og 28.9.07 til klagaren gitt eit forklaring på kva som ligg i utøvinga av skjønnet, og skriv m.a. følgjande: Ved utøving av skjønnet vart det lagt til grunn ei heilskapsvurdering av søkjarane. Det er m.a. lagt vekt på tidlegare erfaring frå drosjeyrket. Klagar skriv i sin søknad at ho har vore tilkallingshjelp til Farnes Taxi, men at dette ikkje er dokumentert ved likningsattest. Vi kan ikkje godkjenne erfaring som ikkje kan dokumenterast med likningsattest. Det ser såleis ut til at bustadadressa ikkje er meint å vere noko kriterium. Det kunne vore ønskjeleg at fylkesdirektøren alt i tildelingsbrevet av 3.7.07 hadde gitt nærare greie for kva kriterium som låg til grunn for skjønnsutøvinga. Eg ser det likevel slik at den forklaringa om skjønnsutøvinga som fylkesdirektøren gir i breva av 17.8.07 og 28.9.07 må reknast for å vere tilfredsstillande. Eg finn etter dette ikkje grunnlag for å overprøve fylkesdirektøren si vurdering av saka, og rår difor til at klaga ikkje vert teken til følgje.