Side 1 av 6 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 42/17 Til saksnummer: 51/17 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai Homme (leiar) Marit Høie (nestleiar) Kjersti M. Berge Jens Kåre Stokka Hans Voll Arvid Kaspersen Dagfinn Steinnes (varamedlem) Ivan Fjeld, sokneprest Andre: Elin Anita Garpestad, dagleg leiar, Solfrid Vigdel Skalvik kom kl. 21. Meldt forfall: Borghild Friestad Me stadfestar med underskriftene våre at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke på møte. Me starta soknerådsmøtet med å nytte god tid til mat, opning og bøn. Side 1 av 6
Side 2 av 6 Innkalling til møte i Bore sokneråd 7.11.2017 vart godkjend. Protokoll frå møte i Bore Sokneråd 3.10.2017 vart godkjend. SAK 42/17 Samtale om arbeidet Ivan følgte oppfordringa frå soknerådet om å gje ei utgreiing om temaet nådegåver slik han forstår temaet. Nådegåver er noko spesielt, det er gåve til den einskilde frå Gud. Kun Paulus (og Peter) bruker sjølve ordet «nådegåve». Paulus skriv ein del om dette og gir denne definisjonen: spesielle gåver til den einskilde for oppbyggjing av fellesskapet. Alle kristne har nådegåver, og dette blir knytta til biletet at me er ulike lem på Kristi kropp. Lister over nådegåver finn me i Rom 12, 1 Kor 12, og Ef 4. Samla sett viser desse til både spontane gåver mellom medlemmane i menigheten og dei meir spesielle utrustane gåvene til leiarskapet i menigheten, jfr. Ef 4 Siste del av 1 Kor 12 er ein mellomting av desse. Dei er ikkje meint som komplette lister. Gruppering: når menigheten er samla eller teneste generelt. 1 Kor 7,7: Alle har ei nådegåve. Den eine slik den andre slik. Ingen har alle. Rangering? Legg me til eller trekk frå for mykje i bibelen for å forenkla? Det kan vera litt villeiande å trekkja innhaldet for langt i eit forsøk på å anten forenkla eller utfylla. Grunnteksten gir ei svært enkel framstilling: «Gud ga apostlar, evangelistar osv. (Ef.4). Desse gåvene kan virka litt «leiar-aktige». Men dei blir ikkje nevnt i samband med leiarskapet i kyrkja øvrige stadar i Bibelen. Der er det fokusert på tilsynsmann (seinare biskop), eldste (seinare prest) og diakon. Vår tids største utfordring, uavhengig av vår definisjon og forståing, er at det er så få som brukar nådegåvene. Sjølv om Bore er heldig i så måte, er den verdsvide kyrkja dårlegare stilt. «Arbeidsløysa» er stor på dette området. Veit folk om gåvene sine? Er Jantelova eit problem her? Er det openheit i menigheten for å romma folk sine nådegåver? Dette er nok det viktigaste fokuset som må arbeidast med, nå og i framtida. Trua må styrkjast. Etter ei grundig gjennomgang av Ivan (inkludert omsetjing av grunnteksten), vart dette mykje klarare og det vart ei god samtale om dette, der mange deltok. Vurderinga av «Barnas gudsteneste» var at dette var ein fest. Fint at så mange vart engasjert. Og særleg at så mange barn var frie til å delta på mange vis. Side 2 av 6
Side 3 av 6 Soknerådet drøftar og gjer vedtak i møtet Soknerådet seier seg svært nøgd med ei solid utgreiing av Ivan. Det vil bli forkynt om dette i gudsteneste ved seinare høve. Barnas gudsteneste var svært vellukka og me vil gjerne gjera dette ved fleire høve, minst ein gong i året. SAK 43/17 Nytt medlem diakoniutvalet Soknerådet utnemner Pauline Steinnes til medlem av diakoniutvalet i Bore menighet frå og med oktober 2017. Perioden er på 2 år og kan forlengjast. Soknerådet utnemner Pauline Steinnes til medlem av diakoniutvalet i Bore menighet frå og med oktober 2017. Perioden er på 2 år og kan forlengjast. SAK 44 /17 Retningslinjer for førebyggjing og handtering av seksuelle krenkingar. Soknerådet vedtek retningslinjer for førebyggjing og handtering av seksuelle krenkingar. Soknerådet vedtek retningslinjer for førebyggjing og handtering av seksuelle krenkingar med mindre endring gjort i møtet SAK 45/17 Veggpynt av det gamle orgelet Soknerådet er begeistra over eit svært godt arbeid av Trygve og vil ordna med eit arrangement rundt avduking. Soknerådet drøftar og gjer vedtak i møtet. Avduking vil skje i ei gudsteneste. Dagleg leiar kjem med forslag. Side 3 av 6
Side 4 av 6 SAK 46/17 Fornying av Misjonsavtalen om Kamerun Bore sokneråd vedtek å fornya avtalen om Kamerun og vil markera dette på gudstenesta 7. januar 2018. Bore sokneråd vedtek å fornya avtalen om Kamerun og vil markera dette på gudstenesta 7. januar 2018. SAK 47 /17 Strategisamling 2018 Strategisamlinga for sokneråd og stab vert 6. januar 2018 på kyrkjekontoret. Tidsramma er 09:00-13:00. Strategisamlinga for sokneråd og stab vert 6. januar 2018 på kyrkjekontoret. Tidsramma er 09:00-13:00. Innhald vert diskutert neste møte. SAK 48/17 Leige av lokalar til menighetsdrift hos Varhaug Bygg og Montasje. Menigheten har behov for større lokale i dag, men det blir vanskeleg å måtta leggja inn mykje investeringar for ei kort tid. Blir det mogleg å leiga andre lokalar, slik som til dømes Voll Samfunnshus? Soknerådet vedtek å gå vidare med planen med tanke på å leiga nye og utvida lokalar av Varhaug Bygg og Montasje. Soknerådet vurder det slik at det blir for tungt løft å måtta investera mykje på leige av bygget i 2. etg hos Varhaug Bygg og Montasje i ein kort periode. Me vil sjå på om det er mogleg å leige lokalar frå gong til gong ved tiltak. Side 4 av 6
Side 5 av 6 SAK 49 /17 Datoar for våren 2018 Soknerådet vel desse datoane for møta for våren 2018: 6. februar 20. mars 8. mai 12. juni Soknerådet vel desse datoane for møta for våren 2018: 6. februar 20. mars 8. mai 12. juni SAK 50/17 Evaluering weekend Det vart ein god weekend med mange gode tilbakemeldingar. Litt utfordrande at det bare var eit stort felles rom. Vanskeleg å dela seg opp i grupper, der barn/unge og andre som ville trekkja seg unna, hadde ein plass å vera. Flott at det er mogleg å reisa på weekend i lag med fleire generasjonar. Mykje bra å seia om staben på Holmavatn og maten. Superbra! Me vil prøva å sjå på andre moglegheiter til neste år, kanskje hotellet ved Utstein. Holmavatn er utleigd store deler til neste år. Det vart også snakka om det let seg gjera å arrangera ein menighetsretreat på Pilegrimsgarden. Diakoniutvalet blir utfordra til å tenkja på dette. Soknerådet drøftar og gjer vedtak i møtet. Soknerådet er svært nøgd med at menigheten arrangerer weekend og vil sjå på om det er mogleg å gjennomføra dette andre stadar enn Holmavatn for 2018. Side 5 av 6
Side 6 av 6 SAK 51 /17 ORIENTERINGSSAKER Orienteringssakene blei lagt fram. Soknerådet tar saka til orientering EVENTUELT Namu: nå er tida for å halda undersøkjing av NaMu. Frivilliglista har vore brukt. Dagleg leiar ordnar brukar og passord. Lovsongskveld: staben avgjer om det let seg gjera å gjennomføra lovsongskveld 12. november. Soknerådet drøftar framtida til dette konseptet i neste møte. Side 6 av 6