Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 13.01.2011 Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 13:30 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Synnøve Solbakken Ordførar AP Knut Prestnes Medlem SP Torfinn Myklebust Medlem INNB Bjarne Berge Medlem TS Arne Havnerås Medlem H Elisabeth Eide Tharaldsen Medlem FRP Otto Benjaminson Medlem KRF Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Gunnar Våge MEDL SP Synnøve Handeland V ORDF V Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Øyvind Hardeland Gunnar Våge AP Hege Lægreid Røssland Synnøve Handeland SV Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Trond Sætereng Rådmann Asbjørn Skår Kommunalsjef Kjell O Nygård Kommunalsjef Liv Sætre Eik Verksemdsleiar, helsetenester Magne Øyre Verksemdsleiar, tekniske tenester Bente Høyland Møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Permisjonar: Kvinnherad kommune side 1
Inhabile: * Evt. endring på saksrekkefølgje: Tilleggssaker: Spørsmål: Elisabeth E Tharaldsen (Frp): Korleis er avtalane som er inngått om brøyting i kommunen? Magne Øyre frå tekniske tenester gjorde greie for korleis dette vart gjort, angåande anbod, timepris, kontraktar o.a. SAKLISTE Saksnr Innhald 2011/1 Samhandingsreforma høyringsuttale til forslag til Ny folkehelselov og forslag til Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Liv Sætre Eik, Verksemdsleiar for helsetenester, gjorde greie for merknadane Kvinnherad kommune har til høyringsnotatet Forslag til lov om kommunale helse- og omsorgstenester. 2011/2 Uttale til KS sitt debatthefte Kommunalt sjølvstyre teori eller praksis? Dette vart drøfta og det kom nye framlegg til punkt. Interessepolitikk 1. Kva er det viktigaste dei folkevalde, på lokalt og nasjonalt nivå, kan gjera i 2011 og dei næraste åra for å auka kommunesektoren sin økonomiske handlefridom på lengre sikt? For lokale folkevalde: Tilpassa lokalt ambisjonsnivå til dei økonomiske føresetnadene i kommunen. Sikra balanse i budsjetta, og avgrensa lånegjelda. Avgrensa veksten i utgiftene gjennom stram prioritering. Byggja opp økonomiske reservar. Effektiv drift/struktur. Aktiv samfunnsutvikling. Kvinnherad kommune side 2
Redusera gjelda/avgrensa lånegjelda. Endring i kommunestrukturen (samanslåing/samarbeid) For folkevalde på nasjonalt nivå: Sikra økonomiske rammer for kommunesektoren. Sikra fullfinansiering av nye statlege pålegg og oppgåver. Ikkje skapa forventningspress om kommunale tenester langt utover kommunane sine økonomiske rammer tilseier. Bryta med den aukande rettighetsfestinga av kommunale tenester. Medverka til reell reduksjon av byråkratiet. Redusera skjemaveldet. 2. Korleis kan KS medverka til større handlefridom for kommunsektoren? Synleggjera kommunane sine utfordringar overfor sentrale styresmakter, og dokumentera kommunane sitt inntektsbehov Medverka til ei reorganisering av kommunesektoren, for å sikra robuste einingar med styrke til å løysa fleire oppgåver lokalt. Meir lokalt folkestyre Redusere makta hjå fylkesmannen ned mot kommunen. 3. Kva for statlege styringsgrep vert i din kommune/fylkeskommune opplevd som problematiske? Øyremerka statlege tilskot med strenge krav til rapportering og kontroll. Aukande statlege forventningar på alle tenesteområde, og kontroll og krav til dokumentasjon. Aukande statleg tilsyn på smale område. Motsegner i plansaker, ofte frå byråkratisk nivå i den regionale forvaltninga. Meir kommunalt ansvar for areal. Differensiert bruk av lovverket. (t.d. bruk av strandsona) Byråkratar kan ikkje oppheva eit vedtak. Kan kun gjerast av politikarar. 4. Korleis kan kommunar og fylkeskommunar sjølv sikre og dokumentera kvalitet, slik at det gjev mindre legitimitet for statleg detaljstyring? Gjennom ordinære mål- og resultatstyringssystem, t.d. EFQM. Ved brukarundersøkingar. 5. Korleis kan kommunane leggja opp arbeidet med å få til samarbeidsavtalar med helseføretaka på lokalt og regionalt nivå slik at det vert reelt likeverd mellom partane? Etablera samarbeid mellom kommunane innanfor eit helseføretak, og møta helseføretaka som likeverdige partar.. Med støtte i forskrifter og gjennom dialog med føretaket få forpliktande avtale om medverknad til oppgåveløysing i kommunen, t.d ambulerande tenester, utekontor. 6. Korleis bør KS støtta kommunane i gjennomføringa av samhandlingsreforma? Sikra økonomiske overføringar til kommunane i samsvar med endra oppgåvefordeling. Kvinnherad kommune side 3
Sikra sentrale avtalar som knyter fastlegane tettare til kommunane. Sikra overordna sentrale avtalar på sentrale punkt i reforma. 7. Kva er det viktigaste for kommunane å få på plass i samband med samhandlingsreforma? Det er viktig å få på plass lov, forskrift og planverk. Fastlegane tettare knytte til kommunen. Samarbeidsavtalar med helseføretaka. Brukermedverknad Omsorg 2020 Godt planverktøy. 8. Kva rammevilkår bør eventuelt endrast for å auka gjennomføringa i grunnopplæringen? Gode overgangsordningar mellom skulestega, og mellom barnehage og skule. Tidleg innsats alt frå barnehagen, med tilgjengelege ressursar, for å hjelpa barn med tilpassingsvanskar, og tidleg innsats i skulen for å hjelpa elevar med faglege vanskar. Større handlingsrom for skuleeigar og skular til å tilpassa opplæringstilbodet til elevane sine evner og føresetnader. Større vekt på praktisk/fagleg utdanning. Tilpassa opplæring både til svake og sterke elevar. 9. Kva rammevilkår må endrast for å gjennomføra ein samordna areal- og transportpolitikk? Økonomiske verkemiddel som stimulerer til eit samordna og brukarvenleg kollektivtilbod både på landsbygda og rundt byane. Differensiert transport- og arealpolitikk. Arealpolitikk må utarbeidast lokalt, tilpassa lokale tilhøve. Redusera vegstandard på nye veier. 10. Kva er den største utfordringa for å få gjennomført dei klimaplanane som kommunane og fylkeskommunane har vedtatt? Målretta statlege støtteordningar til miljøeffektive tiltak, som t.d. gang/sykkelstiar, varmesentralar, passivhus, ladestasjonar, mv. Mangel på statlege støtteordningar. Støtteordningar til alternativ energiproduksjon lokalt. Samordna lokalpolitikk. Arbeidsliv 11. Korleis kan KS fremja ei likare deling av omsorgsoppgåver, slik at belastninga blir likare delt mellom arbeidsgjevar i kommunal og privat sektor? Kvinnherad kommune sluttar seg til Hovudstyret i KS sine synspunkt i dette spørsmålet. Kvinnherad kommune side 4
12. Korleis kan KS medverka til forsøksordningar knytt til IA -arbeidet i kommunesektoren? Kva områder er det føremålstenleg å prøve ut? Få avtale med arbeidstakarorganisasjonane om å prøva ut alternative arbeidstidsordningar. 13. Korleis kan KS støtta medlemene slik at det vert tilsett fleire med redusert funksjonsevne i sektoren? Arbeida for ordningar med refusjon av lønskostnader ved å halda tilsette med redusert funksjonsevne i arbeid. Arbeida for ordningar med økonomiske verkemiddel for å sikra universell utforming. Rosendal 17.januar 2011 Synnøve Solbakken -ordførar- Kvinnherad kommune side 5