PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune
FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse. Planarbeidet er forankra i vedtekne planstrategiar for alle tre kommunane. Planen vil gjelde for perioden 2019-2022. For 2019 vil planen gjelde for kvar av kommunane, medan den etter 01.01.2020 vil gjelde for Nye samla. Planen vil vere eit viktig styringsverktøy for å nå dei mål som vert sette for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse. Dette vert den første formelle planen som vil vere felles for den nye kommunen. Ut i frå dette vert det sett saman ei administrativ arbeidsgruppe med representantar frå alle kommunane har ansvaret for planarbeidet. Med planprogrammet ynskjer ein å informere om føremålet med planen, føringar for planarbeidet, avklare tidsfristar og prosess og invitere til ei brei medverknad innbyggarane, lag og organisasjonar. God medverknad frå lag, organisasjonar og innbyggjarane er særs viktig i denne planen. Dette ut frå det enkle faktum at dei veit kva problemstillingar kommunane står ovanfor, og at det i stor grad er desse som skal følgje opp planen når den er vedteken. I medhald av Plan og bygningslova vert planprogrammet lagt ut på høyring og vedteke før utkast til sjølve planen vert utarbeida og lagt ut til høyring. Ut i frå omsyn til tid fram til planvedtak, vil det bli lagt opp til prosessar for å få inn konkrete tiltak til planforslag i denne første høyringsfasen. Dette vil også gje tidleg medverknad - og eit betre grunnlag for å utarbeide eit godt planforslag i neste omgang. Merknader til oppstart og planprogram sendast til: Postboks 153 6851 Sogndal Eller: postmottak@sogndal.kommune.no
INNHALD Føreord... 1 1 Bakgrunn og føremål med planprogrammet... 3 1.1 Bakgrunn og mål... 3 1.1.1 Nye... 3 1.1.2 Vedtak om oppstart... 3 2 Føringar... 3 2.1 Kommunale føringar... 3 2.2 Planstrategi... 4 2.3 Regionale og nasjonale føringar... 4 3 Organisering av planarbeidet... 4 3.1 Politisk organisering... 4 3.2 Administrativ organisering... 5 4 Medverknad og informasjon... 5 4.1 Offentleg ettersyn/høyring... 5 4.2 Medverknad frå lag og organisasjonar... 5 4.3 Medverknad frå kommunal administrasjon... 5 4.4 Medverknad i politiske råd og utval... 5 5 Framdrift... 6
1 BAKGRUNN OG FØREMÅL MED PLANPROGRAMMET 1.1 BAKGRUNN OG MÅL Bakgrunnen for planprogrammet er å syna kva føremålet med planarbeidet er. Føremålet med planarbeidet vert å få ein samla plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse for Balestrand, Leikanger og Nye. Fokus vil vere å ha ein effektiv prosess med god og brei medverknad, for å få ein handlingsretta plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse. Anlegg for fysisk aktivitet og friluftsliv som det skal søkjast om spelemidlar til, må vere innarbeidd i ein kommunal plan. Planen er eit dokument som skal vedtakast politisk og vert med det eit styringsverktøy for å nå kommunane sine mål innanfor dette feltet. Planen er ein tematisk kommunedelplan, jf. plan og bygningslova 11-2 og vert handsama etter reglane i plan- og bygningslova. 1.1.1 Nye Det blei vedteke i Stortinget den 8.juni 2017 at Balestrand, Leikanger og Sogndal skal vera ein kommune, nye, frå 01.01.2020. I samband med arbeidet fram mot ny kommune har kommunane gått saman om å lage felles plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse, med felles handlingsdel frå 01.01.2020. 1.1.2 Vedtak om oppstart Kommunane skal gjennom prosessen melda oppstart samstundes som planprogrammet vert lagt på høyring. Kommunane har forskjellige datoar for møte i dei politiske organa som skal gjera vedtak, men varsling, fristar og anna arbeid vil vera felles. Seinare skal alle plandokument vedtakast i dei tre kommunestyra, med felles handlingsdel frå 2020. 2 FØRINGAR 2.1 KOMMUNALE FØRINGAR At anlegga i heile kommunen skal utfylla kvarandre i bruk og plassering Anlegg og friluftslivsområda skal vera allsidige og fungera som gode møteplassar Nye skal vere blant dei fremste kommunane i landet på fysisk aktivitet og folkehelse. Kommunen vil leggje til rette for at alle innbyggjarane skal kunne vera dagleg fysisk aktive og kunne fremje ein sunn livsstil. Planen skal sikre at ein har god ressursutnytting av areal til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, og samstundes ivareta eit heilskapleg perspektiv, det vil seie sikre areal for leik, idrettsaktivitetar og friluftsliv i nye. Den skal også stimulere til auka samarbeid om vidareutvikling av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Planen skal fremje folkehelsearbeidet i kommunen. Lågterskel friluftsliv med god tilrettelegging for alle er viktig for gode nærmiljø og for å betra den generelle folkehelsa i nye.
Generelt skal friområde, friluftsområde og grøne lunger i heile kommunen haldast ved like og innby til bruk og aktivitet. Aktivitet er viktig i alle aldrar, men det er spesielt viktig å leggje til rette for at barn og unge får utvikle seg og vere aktive. Det er difor viktig at nærmiljø og skuleområde innbyr til allsidig aktivitet. Det kan vere grøne område eller meir tilrettelagde areal for fysisk aktivitet. Der det er bygg og anlegg for fysisk aktivitet skal drift, vedlikehald og rehabilitering ha høg prioritet. Vi skal ha eit samarbeid med lag, organisasjonar og institusjonar for å leggje til rette for aktivitetar på alle nivå innanfor idretten. Samarbeidet skal og vere slik at vi kan samordne drift og utbygging av anlegg og tilrettelegging for fysisk aktivitet. Vi har ein natur som innbyr til friluftsliv, det gjeld både for oss som bur her og for vitjande. Det er viktig at vi synleggjer dei friluftstilboda vi har i kommunane, både for tradisjonelt friluftsliv og utvikle potensialet som ligg i nye former for friluftsliv. Eit viktig føremål med kommunal plan for idrett- og fysisk aktivitet er at den skal danne eit grunnlag for å kunne prioritere og å søkje spelemidlar til idrett- og friluftsanlegg. Planen skal innehalde både handlingsprogram med prioriteringar og ein langsiktig plan. Dette for å unngå at det vert gjort kortsiktige prioriteringar utifrå særinteresser. 2.2 PLANSTRATEGI I planstrategien til kommunane er det vedteke at arbeid med felles plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse skal verte gjennomført i 2018. Planen skal vedtakast slik at den vert gjeldande frå 01.01.2019 2.3 REGIONALE OG NASJONALE FØRINGAR Regionale føringar for kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 2019 Regional plan for folkehelse Nasjonale føringar for kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Kulturlova Ulike stortingsmeldingar Plan- og bygningslova Veileder - Kommunal planlegging for idrett og fysisk aktivitet, 2014 (Kulturdepartementet) 3 ORGANISERING AV PLANARBEIDET 3.1 POLITISK ORGANISERING Planprogrammet skal leggjast på høyring og vedtakast av velferds-, oppvekst- og kulturutvalet (VOK) i, og formannskapa i Balestrand og Leikanger kommune. Plan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse skal leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn av VOK-utvalet i. Endeleg vedtak av plan gjerast av kommunestyret. I Balestrand og Leikanger leggjast planen på høyring og offentleg ettersyn av formannskapet. Endeleg vedtak av plan gjer kommunestyra i Balestrand, Leikanger og.
3.2 ADMINISTRATIV ORGANISERING Planarbeidet vert organisert og utført av ei arbeidsgruppe med ansvarlege representantar frå alle kommunane. Arbeidsgruppa skriv også saksframlegg som omhandlar planen til politiske møter i kommunane. Det vert halde løpande møter, og aktuelle ressursar vert tekne inn etter behov. 4 MEDVERKNAD OG INFORMASJON 4.1 OFFENTLEG ETTERSYN/HØYRING Ved offentleg høyring og ettersyn skal planen leggjast ut på nettsidene til kommunane og det skal informerast om frist for innspel og kvar ein skal sende eventuelle merknader. Det vert felles annonse i Sogn Avis, der ein oppmodar lag og organisasjonar om å koma med innspel knytt til fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse. Det vert lagt opp til møter i kommunane med lag og organisasjonar i løpet av juni-juli, samt i september og oktober. Dette vil gje kommunen eit godt grunnlag for å utarbeide planframlegget. 4.2 MEDVERKNAD FRÅ LAG OG ORGANISASJONAR Det vert lagt opp til møter i juni/juli med lag og organisasjonar for tidleg medverknad til planarbeidet. I tillegg til den vanlege høyringa legg kommunane opp til møter rundt om i kommunane for lag og organisasjonar etter at planen er lagt på høyring den 13.09.2018. Framlegg til problemstillingar til lag og organisasjonar: Korleis kan planen bidra til / stimulere til aktivitet, samarbeid med lag og organisasjonar, på tvers av eksisterande kommunegrenser? Korleis kan planen sikre at dei gode eksisterande aktivitetsområda vert oppretthalde og/eller forsterka når vi vert ein organisasjon? Korleis sikrar vi i planarbeidet at det vert teke omsyn til alle grupper? Korleis sikrar vi i planarbeidet alle aktuelle område som kan utviklast til / leggjast til rette for fysisk aktivitet vert det? 4.3 MEDVERKNAD FRÅ KOMMUNAL ADMINISTRASJON Alle kommunalsjefar vert varsla med eigne brev, om oppstart, høyringar og vedtak, og vert bedne om å sjå på sine fagfelt for å få med det som er naudsynt i ny plan. 4.4 MEDVERKNAD I POLITISKE RÅD OG UTVAL Aktuelle politiske utval og råd vert varsla med brev om oppstart, høyringar og vedtak, og vert bedne om å sjå på sine interessefelt for å få med det som er naudsynt i ny plan.
5 FRAMDRIFT Dato Kva Ansvarleg 31.05.2018 Vedtak: Oppstart av planarbeid Planprogram ut på høyring, høyringsfrist: 26.07.2018 VOK-utvalet 07.06.2018 Vedtak: Oppstart av planarbeid Planprogram ut på høyring, høyringsfrist: 26.07.2018 Formannskapet Balestrand og Leikanger kommune Juni-juli Møte med lag og organisasjonar i kommunane ADM-gruppe Juni-september Arbeid med planen og ferdigstilling planprogram ADM-gruppe 06.09.2018 Endeleg vedtak av planprogram og plan ut på høyring, VOK-utvalet høyringsfrist: 25.10.2018 13.09.2018 Endeleg vedtak av planprogram og plan ut på høyring, høyringsfrist: 25.10.2018 Formannskapet Balestrand og Leikanger kommune 14.09.2018- Møte med lag og organisasjonar i kommunane/opne ADM-gruppe 14.10.2018 kontordagar 30.10.2018 Gjennomgang av innspel ADM- gruppe 08.11.2018 Tilråding vedtak av plan VOK-utvalet 22.11.2018 Tilråding vedtak av plan Formannskapet Balestrand og Leikanger kommune 13.12.2018 Vedtak av plan i alle kommunane Kommunestyret i alle kommunane