Ryfylke. Ny Venstre-leiar. Søker koordinator. I fare for nedrykk. lokalavis for indre Ryfylke. Leiar. ...motivasjon for framtida... Side 4.

Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Til deg som bur i fosterheim år

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

mmm...med SMAK på timeplanen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Plassebakken Barnehage

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsplan for Hare November

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Månedsbrev april 2015

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

INFORMASJON om førestellinga:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Styret har vore samansett slik i 2012 :

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

MEDLEMSINFO. august 2009

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for Rosa september 2014

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?


sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Brukarrettleiing E-post lesar

6. trinn. Veke 24 Navn:

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

No sprett knuppane og sevja stig

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kva er økologisk matproduksjon?

Søknadsinfo:

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Jon Fosse. For seint. Libretto

TEMA. Stryn

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Informasjon til elevane

Plassebakken Barnehage

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

5. Soknerådsmøte mai Referat

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Transkript:

Ryfylke lokalavis for indre Ryfylke Tysdag 1. oktober 2013 Nr. 71 Årgang 87 Laussal kr 20,- www.ryfylke.net Returadresse: Rådhusgata 1, 4200 Sauda Opnar i dag Leiar...motivasjon for framtida... Side 4 Ny Venstre-leiar Eirik Tangeraas Lygre er vald til leiar i Rogaland Unge Venstre. Søker koordinator Side 5 Dei fire samarbeidskommunane Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord, med prosjektleiar Aslaug Tangeraas i spissen, har fått midlar frå Kreftforeningen til å løna ein kreftkoordinator i tre år. Målet er å ha ein person på plass i den nye interkommunale stillinga frå og med 1. januar. Side 6 I fare for nedrykk SIDe2 3 Dagleg leiar ved Sauda Fjordhotell, Jens Brokmann, ser fram til å endeleg opne dørane for kundar i dag. Alt i neste veke kjem dei første hotellgjestene. Vi har bestillingar heilt fram til jul, men det er ikkje fullt. Nå håpar vi saudabuen vil nytte seg av matserveringa hos oss både på dag- og kveldstid, seier hotellsjefen. (Foto: Linda Merethe Lie) Jan-Ove Teig og A-laget treng sårt poeng i sesongens to siste kampar om dei vil spele 4. divisjonsfotball til neste år. Side 10

2 - Tysdag 1. oktober 2013 RYFYLKE Sauda markerer seg på arbeidsmarknaden Er mellom få kommunar som ikkje har auka talet på arbeidsledige innbyggarar. Linda Merethe Lie Sjølv om Rogaland er eit av fylka som har lågast arbeidsløyse er det nå teikn på at etterspurnaden etter arbeidskraft går noko ned. Dette gjeld særleg innan bygg- og anleggsbransjen og ingeniør- og ikt-fag. 1,9 prosent av arbeidsstyrken i fylket var utan jobb i september månad i år. Det er ein auke på 0,2 prosentpoeng samanlikna med same periode i fjor. 2 137 kvinner og 2 640 menn busett i Rogaland er på jakt etter jobb. Færre i Sauda Arbeidsløysa auka i førre månad i alle kommunar med unntak av Haugesund, Suldal, Sauda og Finnøy. I Haugesund er arbeidsløysa 2,9 prosent, og nedgangstrenden held fram. Av dei større bykommunane har Eigersund høgast prosentvis auke i arbeidsløysa, med 42 prosent. I Sandnes aukar arbeidsløysa med 24 prosent, og har no ei arbeidsløyse på 2,2 prosent. I Stavanger er 1,7 prosent utan arbeid. I Sauda var det i september i år registrert 46 arbeidsledige personar, noko som tilsvarar 1,9 prosent av arbeidsstryken. Om ein ser på tala frå same periode i fjor har åtte fleire blitt sysselsett. Suldal kommune har særdeles låg arbeidsløyse. Seks personar færre er ledige i årets niande månad, noko som gir ei arbeidsløyse på 13 personar. Flest i 30-åra Aldersgruppa som har flest arbeidsledige er kvinner og menn mellom 30-39 år. Det er også denne gruppa som har auka mest med tanke på arbeidsløyse. Per september i år var 1 380 rogalendingar i denne aldersgruppa utan jobb. Spent før nyopning Store ressursar er lagt ned. Nå manglar berre gjestane på nyrenoverte Sauda Fjordhotell. Linda Merethe Lie Kor mykje pengar som er brukt vil eg ikkje seie, men det er mykje. Det har blitt jobba kontinuerleg med oppussing sidan 5. september. Åtte personar har vore i full jobb, pluss at vi har leigd inn fleire. I førre veke var det opptil 15 personar som på ulike måtar jobba med klargjering av hotellet, fortel dagleg leiar ved Sauda Fjordhotell, Jens Brokmann. Stor oppgradering Alle ni anneksa som tilhøyrer hotellet i Saudasjøen er pussa opp. Romma på sjølve hotellet hadde også eit stort behov for eit ansiktsløft, noko dei nå har fått. Det er nye flatskjermar og flislagde bad i alle rom. Det er også lagt inn trådlaust nettverk. I tillegg er møtefasilitetane pussa opp. Vi har skifta ut møbler og teppe og har malt og lakka golv, fortel Brokmann. Fjordhotellet har også blitt oppgradert utvendig. Ein del av kledninga er bytta ut og har fått ny maling. Satsar på matservering Frokostavdelinga har óg blitt fornya. Spisesalane er også endra litt, noko den daglege leiaren meiner er viktig om ein skal få tak i andre kundar enn overnattingsgjester. Vi satser på servering av middag og á la carte om kveldane og kafé på dagtid. Håpet er at gjestane skal oppleve dette som eit hyggeleg miljø i fine omgivnader og derfor vil bruke oss jamnt. Vi forventar ikkje at det skal vere fullt hus kvar kveld. Vi trur likevel at vi kan få saudabuen til å ete meir ute. Ein kultur kan eksistere, men også skapast, meiner Jens Brokmann. Vil ha tips Førebels er det lagt opp til komletorsdagar og familiebuffetar på søndagar, forutan ordinær matservering resten av veka. Brokmann ser ikkje vekk ifrå at Sauda Fjordhotell etterkvart kjem med fleire idear som kan lokke gjestar til Saudasjøen. Vi ønsker å utvikle oss kontinuerleg og må sjå an kva førespurnader som kjem. Vi tar imot alt av innspel, understrekar han, som også har tankar om at hotellet kan vere arena for konferansar i framtida. Dette er noko vi vil satse på. Då må vi jobbe i lag med lokale bedrifter, men må også marknadsføre dette utanfor Sauda, forklarer hotellsjefen. Spent stab Jens Brokmann har nå fått på plass staben som skal drive hotellet. Åtte personar er fordelt på sju årsverk. Camilla Borg Risvold hadde vore tilsett i to og eit halvt år då Sauda Fjord Då må vi jobbe i lag med lokale bedrifter, men må også marknadsføre dette utanfor Sauda... Hotel blei slått konkurs. Ho er glad for å vere tilbake. Eg likte meg veldig godt her og ville gjerne jobbe her igjen, seier ho, som saman med resten av mannskapet har tru på at hotellet nå går ei ny tid i møte. Det er spennande å vere med på dette nå når hotellet startar opp igjen, synest Karina Johannesen. Vi er spent, men har trua. Inviterer til omvisning Firmaet Sauda Fjord Hotel blei slått konkurs i slutten av mars 2012 og har vore stengt sidan det blei lagt ut for sal i juni same år. I dag opnar Jens Brokmann og staben hans dørane igjen. Vi er spent, men har trua. Vi håpar flest muleg kjem innom oss i dag for gratis kaffi, kaker og omvising på hotellet, avsluttar han. VIL HA BESØK: Dagleg leiar Jens Brokmann og hotellsjeftrainee Kathrine Wiik gler seg til å opne dørane for Holm er mellom dei andre som skal gjere sitt for at Sauda Fjordhotell blir attraktivt for både turistar og fast Har endra namn Vil ha fokus på tradisjon. Då det erverdige hotellet i Saudasjøen blei selt til amerikanske E.F.P & Co. Ltd i 1937 blei ikkje namnet Saude Turisthotell endra. I 1959 gjorde ein likevel grep for å trekke til seg rikmannsfolk. Hotellet fekk då eit meir internasjonalt namn, Sauda Fjord Hotel. Etter at Jens Brokmann kjøpte seg inn i hotellet er namnet endra på nytt. Vi vil gjerne sende ut signal om at dette er eit norsk tradisjonshotell. Vi har derfor endra namn til Sauda Fjordhotell, fortel dagleg leiar Brokmann. Vil ha nye skilt Både logo og skilta på byggets inngangsparti er bytta ut. Berre skilta langs vegen vitnar om at hotellet tidlegare har hatt amerikanske eigarar. Jens Brokmann håpar at også desse kan skiftast ut, slik at det nye namnet kjem fram. Eg har sendt ønske om endring til Statens vegvesen og ventar på svar, seier han.

RYFYLKE Tysdag 1. oktober 2013-3 Diskuterer hybelhussaka Ut på høyring Meir vatn I morgon, onsdag, skal politikarane i formannskapet diskutera det planlagte hybelhusprosjektet i Åbøbyen. I administrasjonen sitt forslag til vedtak føreslår rådmann Wictor Juul at May Stangeland Baardsen AS får tildelt tomt til bygging av hybelhus og at utbyggar får tomta gratis på visse vilkår. Rådmannen mener at bygginga skal vera starta innan eitt år etter vedtaksdato og blir fortsett utan ugrunna opphald. Viss ikkje desse vilkåra innfris, skal tomta tilbakeførast til kommunen. Planen til utbyggar er å bygga 90 hyblar fordelt på tre byggetrinn. Rådmannen føreslår at dersom kun delar av arealet er nytta i løpet av fem år kan kommunen kreva det ikkjeutbygde arealet tilbake. Det blir også stilt krav om at det er elevar ved Sauda vidaregåande skule som skal ha prioritet ved tildeling av hyblar, at tomta ikkje kan selgast vidare og at det er utbyggar som skal dekka kostnader for oppmåling, dokumentavgift og tinglysing. Arbeidet med å regulera åbøbyenområdet til hybelhus, ny barnehage og andre bustader held fram. I morgon, onsdag, skal formannskapet diskutera dei innkomne uttalane i saka frå Fylkesmannen, Statens vegvesen, NVE, fylkeskommunen, Ryfylkemuseet, Fortidsminneforeningen og Bjørg Ravnøy. I administrasjonen sitt forslag til vedtak føreslår rådmann Wictor Juul at reguleringsplanen, med bestemmelsar og planskildringar av hybelhus, barnehage og leiligheter, blir sendt ut på høyring og blir lagt ut til offentleg ettersyn. Fyllingsgrada i norske vassmagasin auka med 1,2 prosenteiningar i midten av september og ligg nå på 77,6 prosent. Fyllingsgrada auka i alle dei norske elspotområda, med unntak av Midt-Norge, der fyllingsgrada gjekk ned 1,5 prosenteiningar til 79,2 prosent. På same tid gjekk alle dei nordiske snittprisane ned. Dette kan skuldast auka magasinfylling i Norge og Sverige, høgare vindkraftreduksjon, samt høgare kjernekraftproduksjon i Sverige og Finland. av fjordhotellet Sauda Fjordhotell: Tomta blei kjøpt for 17 250 kroner i 1912 av Stavanger Turistforening. Arkitekt Erik Guetter teikna hotellet i jugendstil. Saude Turisthotell blei opna 8. april 1914. I starten gjekk det bra, men første verdskrig og ein streng alkoholpolitikk frå Sauda kommune bidrog til at talet på hotellgjestar gjekk ned. I 1918 gav Stavanger Turistforening opp drifta og Undi og Alexander Pettersen frå Bergen kjøpte hotellet. Besøkstala auka i 1930, då det blei oppretta båtkorrespondanse med Holland. «Dollarvegen», som stod ferdig i 1931, gjorde også hotellet meir populært. I 1936 budde Kronprins Olav på hotellet. Manganrøyken frå fabrikken gav på 30-talet Sauda eit dårleg rykte. Mange var redde for å feriere i Sauda. I 1936 døydde Alexander Pettersen av lungebrann og Undi selte hotellet til E.F.P & Co. Ltd. året etter. Det blei sett i gang eit større moderniseringsarbeid vinteren 1940/41. Søyler ble fjerna, altanen blei lagt inn i peisstova og alle romma blei pussa opp. 19. desember 1941 tok tyske okkupantar over hotellet og gjorde det om til bustad for offiserar og ingeniørar. Etter at krigen var slutt måtte hotellet pussast opp, då tyskerane ikkje hadde tatt godt nok vare på bygget. I 1959 hadde hotellet fått ny tennisbane og bytta namn til Sauda Fjord Hotel. I 1979 blei hotellet selt til tre nordmenn. I 1981 går ti lokale investorer inn og kjøper hotellet. Ei storstilt oppgradering tar til og 7. september 1981 opnar Sauda Fjord Hotel igjen. gjester i dag, tysdag. Kathrine Mæhle (bak frå venstre), Camilla Borg Risvold, Karina Johannesen og Jasmyne buande. Satsar på catering Frir til bedrifter og privatpersonar. Eg har mykje erfaring med catering frå tidlegare. Dette er absolutt noko vi vil satse på her i Sauda, seier dagleg leiar, Jens Brokmann, som er utdanna kokk og servitør. Noko for einkvar Tilbodet om catering er mynta på privatpersonar som arrangerer selskap til arbeidarar som jobbar overtid. Vi satsar på alt frå koldtbord, til snittar og enkle middagsrettar og kaker. Dette kan vere ideelt for dei som for eksempel treng møtemat, meiner Brokmann. Køyrer ut Sauda Fjordhotell tilbyr kundane å levere maten på døra. I utgangspunktet er det sett ei grense på mat til minimum ti personar ved bestilling. Men vi er romslege og villige til å diskutere oss fram til løysingar om det er eit par personar færre, lovar Jens Brokmann. linda@ryfylke.net I 2002 overtok Jan Reidar Jørgensen alle aksjane i eigarselskapet. I 2003 oppretta Aud Hege Jørgensen Hebnes og Jarle Hebnes eit driftsselskap som tok over drifta. I 2012 blei driftsselskapet slått konkurs og bygget blei lagt ut for sal. I august i år blei delar av hotellet kjøpt av Best Western Raftevold s Hotel, som er eigd av Jens Brokmann. Hotellet har nå skifta namn til Sauda Fjordhotell og det er oppretta eit nytt driftsselskap som er eigd av Jens Brokmann åleine.

4 - Tysdag 1. oktober 2013 RYFYLKE Leiar I rute til butikkopning Nye løft Det har vore mange positive hendingar i Sauda dei siste månadene. Dagens avis er eit signal på at den gledelege trenden held fram. Denne veka har Sauda ikkje mindre enn to nyopningar. Coop Haugaland satsar stort og opnar ny Extra-butikk i Sauda. Det blir spennande å sjå korleis konseptet blir mottatt og heldigvis har ingen av dei tilsette mista jobba sine i overgangen. Etter omlag halvanna år med stengte dører opnar i dag Sauda Fjordhotell i nyoppussa drakt. Åtte nye arbeidsplasser er skapt og dei tilsette verkar å vere meir enn motiverte til å ta fatt på det som kan bli eit nytt hotelleventyr. Hotellet i Saudasjøen har hatt fleire storheitsperiodar, men det begynner å bli ei stund sidan nå. Dei to nyopningane vitnar om at det er vilje til å satse i Sauda. Vi ser stadig eksempel på saudabuar som jobbar for å utvikle byen sin. Det er sjølvsagt gledeleg og saman med utanforståande si tru på at det er muleg å lukkast i næringslivet i Sauda gir det innbyggarane motivasjon for framtida. Vi har mykje å by på og at også andre enn vi som bur her ser vårt potensial er svært viktig. Jobbar på spreng for storsatsing. Linda Merethe Lie Etter at Coop elektro forsvann ut av bygget som sidan 2008 har husa elektroavdelinga og Coop Mega har både butikktilsette, lokale handverkarar, leverandørar og representantar frå Coop Haugaland sitt hovudkontor i Haugesund vore i arbeid for å klargjere butikklokala som skal omprofilerast til Coop Extra. Vi skal vere klare til opning førstkommande torsdag, lovar butikksjef Ivar Bakka. Utfordrande prosess Mega har ikkje stengt butikken medan ombygginga har pågått. Det har vore ei utfordring, men har ifølge butikksjefen likevel fungert greit. Dei butikktilsette har prøvd å halde hjula i gang samstundes som dei har hjelpt til med oppgåver knytt til omprofileringa. Heldigvis har vi hatt god hjelp frå mange, seier Ivar Bakka. Litt nytt Det nye lågpriskonseptet som nå gjer sitt inntog på saudamarknaden inneheld mykje av dei same varene som ein kjenner frå Mega. Nokre endringar vil det rett nok bli. Varelageret vil bli omtrent like stort om vi samanliknar med Mega. Nokre varegrupper vil det bli eit breiare utval innan, andre eit smalare. I tillegg er det sett opp reolar med andre ting enn matvarer, mellom anna hushaldningsartiklar, leiker og klede, forklarer Bakka. Sjefen sjølv kjem Omtrent heile Extra-butikken er endra frå måten Mega har vore innreia på. Butikksjefen trur likevel det skal gå greit å orientere seg i lokalet. Dei ulike varene var ganske godt skilta tidlegare, men dette har nå blitt enda tydlegare. Meieriavdelinga og frukt- og grøntavdelinga er lokalisert på same stad som før, sjølv om det er gjort nokre inngrep. Ellers er det meste flytta på, men kundane skal relativt enkelt klare å finne fram i den nye butikken, trur Ivar Bakka, og legg til at Coop-medlemmane, som trass alt er eigarane av butikken, har høve til å møte representantar frå styret i Coop Haugaland på opningsdagen. Då kjem mellom anna administrerande direktør Tore Klovning. Me byr sjølvsagt på kake og kaffi til kundane våre denne dagen, freistar Bakka. linda@ryfylke.net Av andre positive hendingar dei siste dagane må Eirik Tangeraas Lygre trekkast fram. 18-åringen har, med relativt kort fartstid i politikken, alt klart å komme heilt på toppen i Rogaland Unge Venstre. Sauda skal vere stolte av at dei har ein slik uredd ungdom som er ein flott representant for bygda si og som ikkje minst kjem til å vere ein viktig ressurs i framtida. Pressens faglige utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnd av Norsk Presseforbund. Organet, som har medlemmer frå presseorganisasjonane og frå allmenta, behandlar klager mot pressa i presseetiske spørsmål (trykt presse, radio og fjernsyn). Adresse: Prinsensgt. 1, p.b. 46, 0101 Oslo. Tlf: 22 41 56 80. Faks: 22 41 19 80 omprofilering: etter veker med hardt arbeid begynner nå Coop extra-konseptet å bli tydeleg i Mega-bygget. Linda M. Lie Dagleg leiar/redaktør 934 78 715 linda@ryfylke.net Bente Rasmussen Annonse/abonnement 52 78 68 00 abonnement@ryfylke.net Arvid Horpestad Journalist 976 38 674 arvid@ryfylke.net Ingvil Bakka Journalist 920 56 017 ingvil@ryfylke.net Anne Lise B. Hansen Conny Rasmus Grafikar/annonse Grafikar annonse@ryfylke.net conny@ryfylke.net SENTRALBORD: 52 78 68 00 MANGLANDE AVIS? Tlf. 52 78 68 00 (dagtid) Tlf. 958 41 660 (etter kl. 16.00) Redaksjonen: ryfylke@ryfylke.net Annonsar: annonse@ryfylke.net Abonnement: abonnement@ryfylke.net Ryfylke Vår adresse er: Rådhusgata 1, 4200 Sauda Org.nr. 915 536 611 Tips: 958 41 660 sentralbord: 52 78 68 00 Fax: 52 78 68 01 Innleveringsfristar: Tysdagsavisa: Fredag kl. 12.00 Fredagsavisa: Onsdag kl. 12.00 Heilår/halvår...kr 1030/560 Ryfylke digital...kr 1030 Digital + papiravis...kr 1390 Kontortid: 08.00-15.30 Fredag: 08.00-14.30 Kjem ut kvar tysdag og fredag Ryfylke har 27.500 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. Regionen-som kan by på fjordar, øyrike, fjell, byliv og solid glimt i auga-er ein viktig matprodusent, med stor og variert landbruks- og havproduksjon. Næringslivet elles er er kjenneteikna som kreativt, nyskapande og med solid drift, enten det er tale om store industriverk eller mindre bedrifter. Me som bur i Ryfylke, meiner bestemt at her er det godt å leva.

RYFYLKE Tysdag 1. oktober 2013-5 Skal leie Rogaland Unge Venstre Eirik Tangeraas Lygre rykkar stadig opp i gradene. planlegge og halde møter og drive med generell profilering. Det er likevel ikkje snakk om å ikkje fullføre skulen, er den ferske fylkesleiaren klar på. Linda Merethe Lie Det er ikkje meir enn drygt halvanna år sidan Eirik Tangeraas Lygre meldte seg inn i Venstre. Kort tid etter blei Ryfylke Unge Venstre stifta og den unge saudabuen blei vald til nestleiar. Sidan har han også tatt på seg nestleiarvervet i Europeisk Ungdom og styreverv i Rogaland Unge Venstre. I helga blei 18-åringen vald til ny leiar av Rogaland Unge Venstre. Eg har vore innstilt i eit par veker og slik sett var det ganske forventa. Men eg er sjølvsagt veldig glad for å ha fått leiarvervet, kommenterer Eirik Tangeraas Lygre. Travle dagar Han har brukt ein god del tid på politisk arbeid sidan han blei medlem av Venstre. Det blir ikkje mindre travelt når Tangeraas Lygre nå går inn i ei ny leiarrolle. Han har likvel god tru på at han skal klar å balansere politikarjobben med oppgåvene som følger med som sisteårselev ved St. Olav videregående skole i Stavanger. Det blir ikkje mykje fritid. Eg kjem nok til å jobbe med politisk arbeid ein del dagar i veka, mellom anna for å...miljøkampen siglar opp som ein stadig viktigare sak for velgarane....blir ikkje mykje fritid....har i valkampen vist at han vil bli ein god leiar for Rogaland Unge Venstre. Sandsbu er nestleiar Eirik Tangeraas Lygre tar over leiarjobben etter Martin Frøyland. Eirin Tollaksen Oldeide og Øystein Eriksen er vald til nestleiarar. Tollaksen Oldeide er frå Sand og leia Ryfylke Unge Venstre saman med Tangeraas Lygre. Dei to ungdomspolitikarane gjekk då på Sauda vidaregåande skule saman og er også medelevar på skulen i Stavanger. Klart det er ein fordel å ha med seg folk ein kjenner godt, men eg begynner nå å kjenne heile gjengen ganske godt, fortel Tangeraas Lygre. Godt valkamparbeid Årets stortingsval var ein stor opptur for Venstre. Frå å miste åtte av ti mandat i 2009 bestemte velgarane i år at partiet skulle ha ni representantar på Stortinget, og partia er nå i regjeringsforhandlingar med dei borgarlege partia. Eirik Tangeraas Lygre var i år tilsett som valkampsekretær for det liberale partiet. Han vil ikkje ta på seg æra for eit godt val, men er overbevist om at Venstre sitt valkamparbeid har vore avgjerande for resultatet. Eg er ikkje overraska over at vi gjorde eit godt val. Vi har hatt GAMLE KJENTE: Eirik Tangeraas Lygre er nyvald leiar i Rogaland Unge Venstre. Med på laget får han mellom andre nestleiar Eirin Tollaksen Oldeide, som er frå Sand. Dei to 18-åringane utgjorde leiarduoen då Ryfylke Unge Venstre blei stifta i midten av april i fjor. (Foto: Rogaland Unge Venstre) ein godt organisert valkamp med mykje større satsing enn i tidlegare valkampar. Dessutan trur eg at miljøkampen siglar opp som ein stadig viktigare sak for velgarane, understrekar den unge politikaren. Får ros Nyvalgt stortingsrepresentant for Venstre i Rogaland, Iselin Nybø, har jobba dagleg med den nye fylkesleiaren gjennom ein hektisk valgkamp. Ho har ingen bekymringar...vil ikkje utelukka det som ein framtidig arbeidsplass. for fylkeslagets vidare utvikling. Eirik Tangeraas Lygre har i valkampen vist at han vil bli ein god leiar for Rogaland Unge Venstre og eg ser fram til å samarbeide med han og resten av styret for å gjere Rogaland meir liberalt, seier Nybø i ei pressemelding. På Stortinget? Eirik Tangeraas Lygre stod i år på 17. plass på Rogaland Venstre si stortingsliste. Han vedgår at ein plass på Stortinget alt i 2017 er eit litt vel ambisiøst mål, men han legg ikkje skjul på at det å vere ein del av den norske nasjonalforsamlinga er ein liten draum. Eg vil ikkje utelukka det som ein framtidig arbeidsplass, nei, avsluttar han. linda@ryfylke.net KOM OG PRØV VÅR fargekopi MASKIN Plakatar Hefte Brosjyrar songar Pondus Ta turen innom for kopiering eller utskrift. Mån. - torsdag kl. 08.00 15.30. Fredag kl. 08.00 14.30. Telefon: 52 78 68 00 E-post: ryfylke@ryfylke.net ditt lokale mediehus

6 - Tysdag 1. oktober 2013 RYFYLKE Opprettar ny helsestilling Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord har fått midlar til å løna ein kreftkoordinator i tre år. INGVIL BAKKA Kreftforeningen lyser ut midlar til kreftkoordinatorstillingar og oppfordrar kommunar til å gå saman. Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord søkte ilag i vår, og fekk nyleg svar om at me får 500 000 kroner årleg i tre år, forklarer Aslaug Tangeraas, prosjektleiar for samhandlingsreforma i regionen vår. På ønskelista Ein kreftkoordinator har lenge stått på ønskelista til kommunane og stillinga er tatt med i styringsgruppa sitt forslag til organiseringa av det planlagte helsesamarbeidet mellom dei fire nabokommunane. Innvilginga frå kreftforeininga kunne dermed ikkje ha kome på eit betre tidpunkt. Kreftforeininga bidrar nå med 500 000 kroner i tre år, og set som vilkår at kommunane også bidrar med ei delfinansiering på 25 prosent, altså 125 000 kroner, i tillegg. Me er fire kommunar. Det skal me klara, seier Tangeraas. Kreftforeininga ønsker at prosjektstillinga etter dei tre åra blir omgjort til ei fast stilling, som kommunane finansierer sjølv. Har kompetanse Alle dei fire samarbeidskommunane har i dag kreftsjukepleiar og sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med spesialutdanning innan kreftomsorg. Likevel, dette dreier seg stort sett om delte og små stillingar, noko som gjer kompetansen sårbar for sjukefråvær og permisjonar. Fagpersonane er også meir eller mindre overlett til seg sjølv og har lite samarbeid med fagkunnige kollegaer i nabokommunane. Målet er nå å styrka dette fagmiljøet gjennom å få på plass ein felles koordinator, seier Tangeraas. I styringsgruppa sitt forslag i planlegginga av helsesamarbeidet mellom dei fire kommunane er stillinga føreslått lagt til Sauda, der den blir ein del av ei kompetanseeining. Lokaliseringa av dei ulike samarbeidsprosjekta er framleis på forslagsstadiet, men skal opp til endeleg politisk behandling i kommunane etter nyttår. Mange oppgåver Kreftkoordinatoren skal, som det ligg i ordet, koordinera kreftomsorgarbeidet i dei fire samarbeidskommunane. Vedkommande skal elles vera synleg og tilgjengeleg for kreftpasientar og pårørande, ha oversikt over tilbod og tenester i alle fasar av sjukdommen, ha oversikt over frivillig og ikkje-kommunale tilbod, jobba for å synleggjera Sauda og Etne ligg høvesvis 40 og 50 prosent over landsgjennomsnittet når det gjeld lungekreft som dødsårsak. satsinga innan kreftomsorga og knyta til seg eit nettverk med andre koordinatorar. Tanken er fast kontorplass i Sauda, men ein må også vera innstilt på at det blir litt reising rundt i distriktet, både til pasientar og for å samarbeida nært med fagmiljøa i kommunane, forklarer Tangeraas. Skumle tal Kreft er den vanlegaste dødsårsaka i Norge etter hjarte- og karsjukdommar. Statistikkar viser at medan talet på krefttilfelle i Vindafjord ligg under landsgjennomsnittet og Etne og Suldal på landsgjennomsnittet, har Sauda med sine vel 4 700 innbyggarar fleire krefttilfelle enn det som er snittet på landsbasis. Og Sauda og Etne ligg høvesvis 40 og 50 prosent over landsgjennomsnittet når det gjeld lungekreft som dødsårsak. Her er det mykje å jobba med og eit viktig arbeid som må gjerast, seier Aslaug Tangeraas, prosjektleiar for samhandlingsreforma i Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord. ingvil@ryfylke.net Kreft: Er ein mutasjon/skade i cella sitt arvestoff slik at cellene deler seg ukontrollert. Etterkvart som kreftcella held fram med å dela seg ukontrollert, skjer ei opphoping av kreftceller i organet der veksten starta. Det vil etterkvart bli danna ein kreftsvulst. Kreftcellene opptrer forskjellig i dei ulike typane og det er ulike undergrupper og hissighetsgrader. Det kan ta opptil 20 år frå det skjer ein feil ved celledelinga til ein svulst er stor nok til å bli oppdaga. Er den vanlegaste dødsårsaka i Norge etter hjarte- og karsjukdommar. Kreftsjukdommar smittar ikkje frå ein person til ein annan. Dei vanlegaste kreftsjukdommane hos menn oppstår i prostata, i tjukk- og endetarmen og i lungene. Hos kvinner er brystkreft den vanlegaste forma, etterfulgt av tjukk- og endetarmskreft og lungekreft. Av nye krefttilfelle er om lag 85 prosent av mennene og nesten 90 prosent av kvinnene over 50 år. Nesten halvparten av alle nye tilfelle oppstår etter fylte 70 år. Forsking gir resultat. Ved utgangen av 2010 var 207 000 nordmenn i live etter å ha fått minst ein kreftdiagnose. Dette er ein auke på 60 000 personar sidan 2000. Kjelde: Kreftforeningen Kreftkoordinator, kreftforeininga: Kreftforening har lyst ut 10 millionar kroner til kreftkoordinatorstillingar i kommunane. Det kom inn 60 søknader frå til saman 90 kommunar, med eit samla søknadsbeløp på 20 millionar kroner. I 2012 resulterte utlysinga i rundt 100 nye kreftkoordinatorar i rundt 150 norske kommunar. Kommunane må senda inn rapport om kreftarbeidet to gonger i året, ei rapportering som dannar grunnlag for forlenging av midlane for komande år. LYSER UT NY JOBB: Kreft er den nest vanlegaste dødsårsaka i Norge. Nå opprettar Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord ei ny interkommunal stilling. Kreftkoordinatoren skal organisera kreftarbeidet i dei fire kommunane, seier Aslaug Tangeraas, prosjektleiar for samhandlingsreforma.

RYFYLKE Tysdag 1. oktober 2013-7 Skiskyttarblinkar øydelagt Bruk av grovkalibra våpen har skada skiskyttarblinkar på Lyngmyr for fleire tital tusen kroner. INGVIL BAKKA Det er fortvilande. Me har ikkje pengar til å ordna opp i dette med å kjøpe nytt. Nå går me mot ein ny sesong, og seks av dei tolv blinkane våre på Lyngmyr er øydelagt, seier Bjørn Harald Thomassen, leiar i Sauda skiskyttarlag. Tjue år gammalt Når skiskyttarane skyt på blinkane på skytebanen på Lyngmyr bruker dei såkalla finkalibra våpen. Ved treff går ikkje skota gjennom blinken, men treffet blir likevel registrert ved at utfallblinken i metall legg seg ned. Skiskyttarane sitt anlegg på Lyngmyr blei sett opp ved hjelp av tippemidlar for over tjue år sidan. Eit godt anlegg, som me er heilt avhengige av at er i orden, seier Thomassen. Grovkalibra Men, mellom dei to siste jegerprøvane har einkvan, utanfor skiskyttarklubben, vore på Lyngmyr og skote på blinkane, uheldigvis med eit, eller kanskje to, grovkalibra våpen. Seks av dei tolv blinkane er dermed meir eller mindre skada og øydelagt. Ifølge Thomassen er det blitt avfyrt fleire tital skot på dei seks blinkane. Han vil gjerne tru at ugjerningspersonen eller personane har gjort dette i vanvare. Men, dette burde ein ha sett og skjønt når platene blir bøyd. Eg håpar at vedkommande tar kontakt med oss for å gjera opp for seg. Som me seier på fjelltur: det er inga skam å snu. Slutt å lura på om du blir spora opp, ta kontakt og bli med på å reparera anlegget, seier Thomassen. Heilt nye blinkar kostar mellom åtte og ti tusen kroner, truleg kan nokre av blinkane reparerast eller byttast ut med billegare og brukte blinkar. Fryktar reduksjon Sauda skiskyttarlag sine aktive medlemmar trenar året rundt. Aktivitetane er for barn og unge frå og med tiårsalderen og oppover. Laget har også aktive seniorløparar som legg stor innsats i sporten. Dei som ønsker å prøva skiskyttarsporten har sjansen hos oss. Me har plass til nye. Laget ønsker å vera ein del av aktivitetsmangfoldet i Sauda og på vinterstid har idrettsklassar fått innføring i aktivitetane på Lyngmyr. Dei siste åra har laget også hatt med seg landslagutøverar som har gitt innspel og tips til utøverane våre. For å få til slikt, må anlegget vera i orden, seier Thomassen. Arbeidet i laget blir gjort på dugnad, og klubben har dermed begrensa økonomiske ressursar. Eg er redd for at dei skadde og øydelagte blinkane kan vera med på å redusera mangfaldet av tilboda våre. I verste fall kan det vera spikaren i kista for laget, seier leiaren oppgitt. Ber om dialog Bjørn Harald Thommasen og skiskyttarklubben har vore i kontakt med lensmann Randi Kalvik og vurderer nå å anmelda hærverket, om ikkje skyttaren/skyttarane melder seg og er villige til å gå i dialog med klubben om eit minneleg oppgjer, vel å merke. Me ønsker medlemmer som følger spelereglane våre, seier Thomassen. ingvil@ryfylke.net ØYDELAGT: Seks av tolv blinkar er øydelagt etter at nokon har skote på dei med grovkalibra våpen. (Foto: Bjørn Harald Thomassen) FORTVILAR: Sauda skiskyttarlag satsar stort på rekruttering. I vår hadde dei motiverande besøk av Emil Hegle Svendsen, som her gir Olai Nes Rasmussen gode råd. Bak ser me Håkon Thomassen. Øydelagte blinkar skaper nå problem for treninga i vinter og for rekruttteringa framover. (Foto: Bjørn Harald Thomassen) Vil gi fleire frisørtime Håpar nytt system kan hindre dødtid i salongane. LINDA MERETHE LIE Vi vil ikkje framstå som sutrete. Vårt ønske er at kundar som ikkje har høve til å møte til avtalt time viser omsyn og avbestiller. Vi har ofte lange ventelister og då kan andre få timen til den som ikkje kan møte, oppmodar Mette Fjellstad. Sender rekning Mange av frisørane i Sauda har nå gått saman om å innføre eit nytt system for å få ned talet på kundar som ikkje kjem til timane dei har bestilt. Frå og med 1. november blir desse kundane fakturert for halve beløpet dei skulle ha betalt om dei hadde nytta den avtalte timen. Vi ønsker ikkje å sende rekning. Aller helst vil vi at kundane skal komme til timen, men vi vil også at alle skal få høve til å sleppe til, presiserer Kirsti Solland. Travelt i høgtider Dei lokale frisørsalongane har særleg stort trykk i forkant av konfirmasjonstida, jul og andre høgtider. Det er også då utfordringa ved at nokre kundar ikkje møter blir ekstra synleg. For meg toppa det seg i sommar. Eg skulle stenge i tre veker grunna ferie. Like før var det konsekvent ein eller to personar kvar dag som ikkje kom til timen sin, fortel Mette Fjellstad. Mange beklagar Ein kan gjerne stille spørsmål ved kvifor frisørane ikkje har innført eit betalingssystem som omtalt tidlegare. Mange av dei som har gløymt timen kjem innom for å beklage seg og vil gjerne gjere opp for seg. Vi har då sagt nei rett og slett for at vi ikkje har hatt noko system for dette, og heller tatt imot unnskuldinga, forklarer Siv-Eli Haug Birkeland. Betre service Ved å innføre eit betalingssystem håpar frisørane at fleire kan få sleppe til i frisørstolen og ikkje minst at fagfolka får færre brotne avtalar. Vi vil gi best muleg service INNFØRER BETALINGSSYSTEM: Ragnhild Fenne Birkeli (frå venstre og rundt bordet), Gro Ringhagen, Mette Fjellstad, Kirsti Solland, Siv-Eli Haug Birkeland og Trine Ramsnes håpar nå at saudabuen vil bli flinkare til å avbestille frisørtimen sin om dei ikkje kan komme. til kundane våre og det får vi best til viss vi ikkje blir ståande med dødtid, seier Ragnhild Fenne Birkeli. Dette er eit hjartesukk frå oss. Vi håpar at dei som veit dei ikkje kan møte gir beskjed så snart dei kan. Neste gong kan det vere den personen som ikkje kom til timen sin som må stå på venteliste, minnar Mette Fjellstad om. linda@ryfylke.net

8 - Tysdag 1. oktober 2013 RYFYLKE Hurra! COO åpner i Sauda på torsd Vi feirer åpningen med kake og kaffe, gode åpningskupp og en extra lønns Coop Extra er en lavpris dagligvarekjede med et stort og spennende utvalg varer, fristende frukt- og grøntavdeling og godt utvalg faghandelsprodukte Velkommen til Coop Extra billigbutikken med supermarkedsu 1290 990 KUPP 2490 STEKTE KARBONADER Gilde. 800 g. Pr pk Pr kg 31,13 KUPP 69 SUSHI 10 BITER Enghav. Pr brett KUPP PLUKK OG MIKS Pærer, appelsiner, bananer, grønne/gule/røde epler. Pr kg 21029 FOR 99 KUPP COOP BRØD Kystbrød m/omega 3, Superbrød, Havrebrød, Grisla kneipp og Lande-mannen steinbakt brød. 650/750 g. Fra 19,33/kg. 1 stk fra 19,00 COOP JUICE 8 PK Eple-/appelsin- tropisk-/ eller frokostjuice. 8 x 1,5 l. Pr pk Pr l 8,25 Kassesalg EXTRA LAVE PRISER

RYFYLKE Tysdag 1. oktober 2013-9 P TRA Sauda ungdomskule ag kl 8! 520 Fv713 Brugata Skulegata Åbødalsveien Haakonsgaten om handel! av ferskr. tvalg! Sauda smelteverk 520 +pant 4990 COCA-COLA 4 PK Original og Zero. 4 x 1,5 l. Pr pk Pr l 8,32 KUPP 7990 ORKIDÉ Phalaenopsis. 2-grenet. Pr stk KUPP 39 FRA KUPP JERSEYLAKEN 100% bomull. Flere farger. Pr stk Str 90 x 200 cm 39,-. Str 180 x 200 cm 49,- 690 SMÅGODT i løs vekt. Pr hg Pr kg 69,00 KUPP 299 KOMPAKT STØVSUGER 1700 W Teleskoprør Posevolum 3 liter Aksjonsradius 8 meter Begrenset antall KUPP 1700 W Åpningskupp gjelder t.o.m. lørdag. Kun til privat husholdning. Forbehold om utsolgt. Coop Extra Sauda 8-22 (20)

10 - Tysdag 1. oktober 2013 RYFYLKE På desperat poengjakt Sauda sitt A-lag må ta seg kraftig i nakken om dei skal sikre plassen i 4. divisjon. LINDA MERETHE LIE Etter 20 spelte kampar står Sauda oppført med berre to sigrar, medan 12 oppgjer har endt med tap. Møtet med Nord, som i utgangspunktet låg eitt poeng bak Sauda på tabellen, førre laurdag skulle ikkje vere ei umuleg oppgåve. Sauda blei likevel parkert og låg under 2-0 før Reidar Aabø fekk pynta på resultatet med ei redusering. 1-2-tapet sendte likevel Sauda ned på utrygg plass i kampen om å få spele i 4. divisjon til neste år. Dette var ein kamp vi hadde sett fram til. Vi spelte ein god andreomgang og produserte bra med sjansar. Då vi ikkje klarte å omsette desse til mål blei det likevel tap, seier trenar for Sauda sitt A-lag i fotball, Jan-Ove Teig. Lenge sidan siger Sauda har ikkje vunne ein seriekamp sidan 24. mai. Trenaren vedgår at det har vore ein tøff sesong. Vi har mista ein del folk og har slitt med å stille eit solid lag, særleg på bortebane. Når vi stiller med ein tynn tropp blir ofte tapa store og moralen deretter, vedgår Teig. Store skilnader Nettopp det å halde moral og motivasjon oppe har vore ei utfordring når pulja Sauda speler i har klare klasseskille. 16 poeng skiller niande og åttande plass, noko som er eit klart teikn på at dei åtte beste laga meir eller mindre er ein divisjon foran dei fire i botn. Jan-Ove Teig meiner at puljefordelinga nesten «drep» distrikta. 36 lag er fordelt på tre puljer. I kvar pulje ser vi at distriktslaga ligg nederst, medan bylaga er fleire hakk foran. Har vi gode nok spelarar har vi sjølvsagt mulegheiter, men det er ei utfordring å rekruttere og halde på eit godt mannskap når vi bur i utkanten, framhevar han. Kan klare seg I utgangspunktet skal to lag frå Sauda si pulje rykke ned i 5. divisjon. Viss eit av laga i pulja trekker seg, noko det går rykte om, kan det bety at berre eitt lag rykker ned. Det sikraste er likevel å gjere jobben sjølv. Vi sette oss eit mål i februar. Vi vil behalde plassen vår i 4. divisjon og det er det vi jobbar mot nå, presiserer trenar Teig. Held fokus Om Sauda skulle rykke ned er det ifølge Jan-Ove Teig ikkje katastrofe. Vi vil gjere alt for å vinne dei siste kampane, men det er ikkje tvil om at 4. divisjonsspel vil bli tøft også til neste år. Om vi skulle rykke ned er det godt muleg at vårt lag er best tjent med det. Men, det er ikkje fokus nå. Nå er det siger i kommande kamp som er det viktigaste, understrekar han. JAKTAR HEIMESIGER: Blåkledde Jone Hustveit (til venstre), Reidar Aabø og resten av Sauda sitt A-lag i fotball må prestere i sesongens to siste kampar om dei vil unngå nedrykk. (Arkivfoto: Vidar Eliassen) Møter botnlaget torsdag Har gyllen mulegheit til å vinne på heimebane for første gong i år. Kommande torsdag speler Sauda sin nest siste seriekamp i år. Utan poeng, og helst siger, i denne kampen ser det mørkt ut med tanke på å behalde plassen i 4. divisjon. Ølen ligg på sisteplass på tabellen, med berre fire poeng. Sauda sin A-lagstrenar trur likevel gjestane kjem til å gi dei kamp til døra. Vi gler oss til kampen, men veit at vi ikkje får noko gratis. Ølen kjem ikkje til å gi seg, er trenar Jan-Ove Teig sikker på. På gang Ølen er alt klare for 5. divisjon. Sauda må ha minst ein siger for å sikre sin plass, men så lenge Nord tar poeng på sine to siste kampar har ikkje Sauda råd til å tape nokon av dei gjenståande kampane sine. Vi har spelt betre i dei siste kampane og eg håpar vi er på gang nå, seier Teig. Treng publikumshjelp Sist dei to laga spelte mot kvarandre blei det ein målrik affære og poengdeling. Kampen endte 3-3. Nå håpar dei blåkledde at dei får støtte frå sidelinja i jakta på årets første heimesiger. Det er mykje kjekkare å spele når vi har publikum. Talet på tilskoderar har variert litt med vêr, vind og sjølvsagt resultat. Vi håpar det kjem folk på torsdag. Ølen må tas og spelarane er ved godt mot, lovar Jan-Ove Teig. linda@ryfylke.net Tabell 1. Vard Haugesund 2 50 poeng 2. Haugesund 3 40 poeng 3. Djerv 1919 38 poeng 4. Avaldsnes 34 poeng 5. Forus og Gausel 32 poeng 6. Vedavåg Karmøy 31 poeng 7. Skjold 31 poeng 8. Lura 30 poeng 9. Haugar 14 poeng 10. Nord 14 poeng 11. Sauda 12 poeng 12. Ølen 4 poeng

RYFYLKE Tysdag 1. oktober 2013-11 Blinkskota Ryfylke inviterer lesarane til å senda inn sine blinkskot. Fotografen vel sjølv motiv og tema. Dei beste bidraga kjem på trykk i Ryfylke. Skriv kven som er på biletet, kor det er, når det er tatt og kven som er foto grafen. Me føretrekk digitale bilete, men tar også imot papir bilete. Send bilete til: ryfylke@ryfylke.net, Ryfylke, Rådhusgata 1, 4200 Sauda eller stikk innom oss i avis huset på kaien. NATURENS MYSTERIER: Biletet er tatt i bakkane opp mot Dyrskar i Djuvsbotnen fredag 20. september. Bruker ein fantasien godt kan den store steinen minne om ein frosk. (Foto: Erling Næss Øye) TUNG LAST: Sune Fristad Espeland, snart eitt år, henta Ryfylke heime på Rødsmoen 27. september. (Foto: Hege Fristad) DOKTORGRADFEIRING: Familie, venner og kollegaer på disputas-fest for Gunn Elin Heimark i Oslo 19. september. (Foto: Tom Jonny Pedersen) SPEGLBILETE: Dette blinkskotet er tatt på Storemyr 12. september. (Foto: Jon Hansen) PÅ TOPPTUR: Introduksjonsdeltakarar med barn drog på tur til Rondehaugen måndag 23. september, då skulane hadde planleggingsdag. (Foto: Linda Marthinussen)

12 - Tysdag 1. oktober 2013 RYFYLKE HELT NYE FORESTER FOLKEFAVORITTEN XV 2,95% ** kampanjerente USTOPPELIG KJØREGLEDE JAPANSK KVALITET Subaru leverer alltid sporty kjøreegenskaper, topp sikkerhet, god plass og legendarisk driftssikkerhet. Permanent symmetrisk firehjulsdrift og Subarus unike Boxermotor gir førsteklasses fremkommelighet og lavt forbruk. Subaru er det klare valget for de smarte. SUBARU FORESTER FRA KR 386.900,-* Forbruk: 0,57-0,70 og CO2 fra 150-162 g/km. SUBARU XV FRA KR 311.900,-* Forbruk: 0,56-0,66 l/mil, CO2: 146-153 g/km Vi er å treffe i Sauda torsdag 3. okt. kl. 10.00 15.00 Industrigaten 24, 5537 Haugesund, Tlf.: 52 70 06 50, www.baugeauto.no *Gjelder levert Oslo. Frakt, leverings- og reg. omkostninger varierer utover i landet, årsavgift kommer i tillegg. Det tas forbehold om trykkfeil og eventuelle endringer i spesifikasjoner fra fabrikk. Bildet kan avvike fra tilbudte modeller. **Priseksempel: Månedsbeløp inkl. kr 85,- i termingebyr. Kr 4240,- etablering/tinglysning inkl. Flytende nom rente 2,95%, eff. rente 6,20% subsidiert i 36 mnd, deretter markedsrente. Ved 150.000 kr i lån. Kredittkjøpspris 172.458 ved 84 mnd nedbetaling. FØLG OSS PÅ FACEBOOK www.facebook.com/subarunorge INVITASJON 2 TIMER MAKITA NYHETSLANSERING HOS MONTÉR SAUDA Vi inviterer våre gode kunder til frokosttreff! 2 timer med knallpriser FREDAG 4. OKTOBER kl 07:00-09:00 Faglig innhold Frokostservering Knall priser Konkurranser PÅMELDING Bindende påmelding til en av oss: Jan Løyning e-post: post@monter-sauda.no mob 416 56 749 Sissel Teig e-post: butikk@monter-sauda.no mob 900 52 133 MONTÉR SAUDA Kyrkjegata 2, 4200 Sauda Flotte premier! Spennende konkurranser du ikke kan gå glipp av! TIPS OSS om det som skjer... på telefon: 958 41 660 på nett: www.ryfylke.net på epost: ryfylke@ryfylke.net ditt lokale mediehus

RYFYLKE Tysdag 1. oktober 2013-13 Sauda komm. kino Turbo - 3D A., 96 min. Fre 4/10 kl. 17.00 Søn 6/10 kl. 16.30 Premiere: Gåten Ragnarock 11 år, 97 min. Fre 4/10 kl. 19.00 Søn 6/10 kl. 18.30 Helse og Velvære Inger Tårland Olsen Tlf. 481 10 618 www.perlaa.no KOMLEMIDDAG Onsdag kl. 14.00 17.00 (ta gjerne med hjem). Sjøen 12 (Sauda Fjord Camping) Tlf. 52 78 18 00 Tid for høstkos! Grown ups 2 A., egnet u/v, 101 min. Fre 4/10 kl. 21.00 Hokus Pokus Albert Åberg A., 72 min. Lør 5/10 kl. 13.00 Optimistene Alle, 91 min. Søn 6/10 kl. 20.30 Ons 9/10 kl. 11.30 Billettsalg www.saudakino.no og biblioteket! annonse@ryfylke.net avdeling 57 Nord-Rogaland Sammen e me sterke! Ved til salgs Flott innelagret bjørk-, furu- og blandingsved leveres tilkjørt i storsekk fra 2 200,- pr favn. Tlf. 975 41 680 Poteter (Kerrs Pink og Asterix), grønnsaker og egg KJEM PÅ TORGET I SAUDA ONSDAG 2. OKT. Nils B. Førre, Randøy Medlemsmøte avholdes i våre lokaler i Kaigaten 1 i Haugesund, onsdag 9. oktober kl. 19.00. Tema for møtet er Tariffrevisjonen i 2014. Forslagfristen er satt til 4. oktober. Alle medlemmer er hjertelig velkomne. Hilsen styret i Fellesforbundet avd. 57-Nord Rogaland Potetbilen inviterer til POTETFEST med Norges klart beste poteter! Kanongode Kerrs Pink (store 45-70) 10kg...95,- Kerrs Pink (små 42-45) 10 kg...80,- Knallgode Beate (store 45-70) 10 kg...95,- Kjempegode Pimpernell (store 45-70) 10 kg...95,- Supergod myrgulrot 2, 4 og 10 kg Norske tomater, pr. kg...10,- Store, ferske påskeegg, brett á 30 stk...55,- Kålrot, rotselleri, rødbeter etc. Potetbilen kommer til Sauda torg onsdag 2. okt. kl. 10.00-12.00. Tiden er nå inne for kjøp av vinterforsyningen. Potetene er nå ferdig nedkjølte og klare for lang, lang lagring. Kom og prøv Norges klart beste poteter fra den riktige potetbilen fra Jæren. Kerrs Pink er nå sikkelig melen, åpner seg som en rose og smelter på tunga. Prøv også den knallgode Beate-poteten med lyserød skallfarge, men hvit og delikat i kjøttet. Kom og få en smaksprøve du sent vil glemme. HUSK: Potetbilen garanterer helt ferske miljøegg, max fire dager fra verpedag! Nå når det finnes flere potetbiler, husk å holde tunga i den rette munnen, slik at du er garantert å få kvalitetspoteter. Mobil: 901 22 413 - Bankterminal Ting & tang Salg av idrettskalenderen år 2014 Sauda Idrettslag skal i dag selge idrettskalenderen for året 2014. Salget starter kl. 17.00 og prisen er kr 100,-. Håper du vil støtte oss. Annonsen er sponset av: SAUDA KOMMUNE RADONGASS Nye målingar i Sauda Statens strålevern tilrår at radonnivået blir halde så lågt som mulig i alle bygningar, og at tiltak alltid bør gjerast når radonnivået i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100 bq/m3 (becquerel) /m 3. Ifølge Verdens helseorganisasjon (WHO) er radon den viktigaste årsak til utvikling av lungekreft etter aktiv røyking. Dei meiner at radon i bustader forårsakar rundt 300 lungekreftdødsfall årlig i Noreg. Radon fins i alle slags bygningar og total radonrisiko skuldast summen av opphald i ulike bygningar; på arbeid, i fritid og i privat bustad. Sauda kommune har sidan 1996 gjort målingar av radongass for å kartleggja konsentrasjonar i Sauda. Dei største konsentrasjonane er funne i bygningar som ligg på Storelv-deltaet, d.v.s. Rød, Birkeland, Brekke, Sønnå og Åbøbyen. Me vil óg i år gi private høve til å få målt konsentrasjonane av radongass i sine hus til sjølvkost. Me vil skaffa målarar, senda målarane inn for analyse, og informera om resultatet av målingane anonymt til dei som er med. Prisen for ein målar med analyse er den same som i fjor, 240 kroner. Dette er langt rimelegare enn ved direkte kjøp. Interesserte kan melda seg til Kundetorget, Rådhuset, anten - ved frammøte - på tlf. 52 78 62 00 - pr. e-post: post@sauda.kommune.no Påmeldinga må skje før fredag 19. oktober. FRISØR - satser på Vestlandet Kjære kunde! Hilsen Sauda Idrettslag For at flest muleg skal få frisørtime ber vi deg om å avbestille timen viss du ikkje kan møte. Vi ser oss nøydd for å fakturere dei som ikkje kjem til avtalt time, med 50% av prisen for behandlinga som er bestilt. Gjeld frå 1. november. Herresalongen Ferskt fårikålkjøtt av lam Smart365, pr. kg 49 9 0 Friele kaffe Gjelder utvalgte varianter. 3 x 250 g, 107,60-124,40/kg. Pris ved kjøp av én: 26,90-31,10/stk Farris Ringnes, 3 x 1,5 liter, 10,80-12,20/liter. Pris ved kjøp av én: 16,20-18,30/stk + pant Store sjokoladeplater Freia, assortert, 190-210 g, 94,29-104,21/kg. Ordinærpris: 30,90-38,90/stk Opel Vectra 2.0 DTi, 97-mod., km. 180 000 t. s. kr 28 000,-. EU-godkj. til juni 2015. Har noen funnet to fiskestenger på strekningen Rødsmoen-Sentrum? Har du ikkje fått avis? Tlf. 474 19 980 Tlf. 917 09 611 Ring 958 41 660 Gjeld abonnentar i Sauda kommune og Vanvik-området Mopedbil selges. Kjørt 52 000 km. Pris: Kr 48 000,-. Tlf. 52 78 20 79 Ver ein kremmar du og! Vi tar forbehold om eventuelle trykkfeil og at noen varer kan være utsolgt. Kun for private husholdninger. Prisene gjelder t.o.m. 05.10. 2013.

14 - Tysdag 1. oktober 2013 RYFYLKE Vil ha internat Sauda vidaregåande skule ønsker å tilby byggfagelevane plass i internat frå neste haust. Me ønsker å opna internatet som Topp Volley brukar i dag for byggfagelevane, og det har Rygjatun eigedom sagt ja til, seier rektor Nils Petter Sand. Sauda vidaregåande skule er i dag den einaste vidaregåande skulen i Ryfylke som tilbyr byggfag, men også her strevar ein med rekruttering. ( ) Rygjatun eigedom, som driv internatet på Eide i dag, er budde på å utvida tilbode sitt. I dag er det 72 rom tilgjengeleg i internatet, og dei fleste av desse er leigde bort til elevar på Topp Volley. Suldalsposten Vil verna sjukeheimsplassane Alt kan ikkje målast i kroner, så når forslaget om at sjukeheimsplassane i Skånevik skulle leggjast ned, aksjonerte bygdefolket. Nå har dei samla inn 565 underskrifter og overlevert dei til ordføraren. I morgon skal Etne kommunestyre ta stilling til vidare utgreiing for eit alternativ for bustadgjering av sjukeheimsplassar i Skånevik. Mykje tydar likevel på at vidare utgreiing blir stansa, både fordi fleirtalet i formannskapet allereie har stemt ned forslaget ( ) Grannar Kulturhus under leiligheter Utbyggerne vil ikke si noe om det, med dersom eiendomsutvikling Ryfylke AS får det som de vil, kan Strand få et nytt kulturhus midt i Jørpeland sentrum. Det skal i så fall ligge under 250 leiligheter. På onsdag fortalte vi om nye toner fra Stand kommune. Nå er tanken om et kulturhus i kvartalet hvor Frelsesarmeen og tidleigere Kokaas Rød lå, blitt lansert. I dag kan vi gå enda lenger. For Eiendomsutvikling Ryfylke AS, bestående av Gunnar og Rasmus Nordbø, samt Dag Sindre Helgø, har store planer for nøyaktig dette området. De eier i dag parkeringsplassen bak Frelsesarmeen. De eier det tidligere bygget til Kokaas Rør. De har en opsjonsavtale med eierne av huset hvor Jørpeland Optikk tidligere holdt til. De er samtidig i dialog med eierne av andre eiendommer i samme kvartal. Strandbuen Slipper å betale mer for tunnel Aldri før har flere kjørt gjennom Folgefonntunnelen. Pengene strømmer inn til Folgefonntunnelen AS som nå fritar kommunene Jondal, Kvinnherad og Odda fra å betale inn mer til bompengeselskapet. Men du som bilist må likevel betale 72 kroner hver vei i tre år til. Hardanger Folkeblad Tre får gåvekort Tipsa om pendlarrute, NM-tittel og bustadbygging. INGVIL BAKKA Opptellinga av tipsa i september viser at redaksjonen har mottatt noko færre tips enn vanleg denne månaden. Likevel, fleire av tipsa var gode og førte til store oppslag i avisa. Positive saker Då eit einstemmig samferdsleutval i Rogaland fylkeskommune Lokalavisa Ryfylke i Sauda søker Løysing kryssord frå fredag 20. september gjekk inn for at hurtigbåten skal gå innom Ropeid både morgon og ettermiddag kontakta ein årvaken tipsar lokalavisa. Avgjerda er spesielt viktig for skuleelevar og pendlarar, som vil sleppa ekstra reisetid når Sandsfjord bru opnar og ferja blir lagt ned. Saka var hovudoppslaget på førstesida 3. september. Tipsaren får tilsendt eit gåvekort på 500 kroner. Det same får tipsaren som ringde Ryfylke og tipsa om at laget Eramet blei kåra til Norgesmeistrar i sjuarfotball for bedrifter, etter ei turnering i Stavanger helga Journalist i 100% vikariat Vi er på jakt etter ein skrivekunnig, positiv og effektiv person som kan tiltre snarast råd. Vikariatet varer t.o.m. 23. desember med mulegheit for forlenging. Journalist i 50% stilling Vi ønsker å knyte til oss ein journalist som vi gjerne ser byrjar innan januar 2014 eller snarast råd. Vi leitar etter ein person som: Tørstar etter nyhende Har gode norskkunnskapar Liker å samarbeide Er kreativ Arbeider sjølvstendig Er samfunnsengasjert Tar ei utfordring Har godt humør Har førarkort R F L A T A U S E A R R E T G R E R I K A R I E N I S T E A K E K N O K F V S S S S A L F M E F I N E V E K S T M U R A R N A R K O T I K A M I S B R U K E T P A S S I V E V A L K E K A I A L E N E H E L L E R I S T I N G G E N I A L E T A U I D E E N N D V Å T R E V L I N S A R E G R O K A T T E L F P K R O N E L E R K A N J A V E L A T T I U R T U N Å N D E N E S L E I T S A I R B E G E R E T L S T J O R V E N N A K E N T P A K K E O M N E N I R O T R Å I N N A E L V A R E R S A N N U R T Ø R R E A L E G R Ø N E Å R D A L I S R U S T O R D R A R O L A G Å T E E T 20.- 22. september. Johannes Rød var primus motor for laget, som talde ti spelarar. Fem av desse er saudabuar. Avisa gir også gåvekort til vedkommande som tipsa oss om D-S Eiendom as sine planar om bustadbygging i Fløgstadåsen. Dagfinn Birkeland, som er dagleg leiar i eigedomsselskapet, ser føre seg 40-50 tomter i skogen nær golfbanen på Grønsdal. Saka var førstesideoppslag fredag 27. september. Varierte tips Elles deler Ryfylke ut skrapelodd til fleire andre tipsarar som varsla om store og små hendingar i lokalsamfunnet vårt. Blant dei finn me tipsa om raset i Uredn, som forøvrig også fleire andre tipsa om, om overflauminga i andedammen, om selen i Gausvik, om Gunn Elin Heimark si doktorgradavhandling, om pokaltjuveriet på Turnhallen, om vasslekkasjen i Saudasjøen, om Tove Karbøl si deltaking i Stavanger Maraton og om overnattingsgjesten som døydde på hotellet i sentrum. SuDoku 3 6 5 7 2 1 8 4 9 9 1 4 8 5 3 2 6 7 2 8 7 9 6 4 1 3 5 6 7 2 4 3 9 5 8 1 8 9 3 6 1 5 7 2 4 5 4 1 2 8 7 3 9 6 7 3 6 1 9 8 4 5 2 4 2 8 5 7 6 9 1 3 1 5 9 3 4 2 6 7 8 Vil du jobbe hos oss? Då håpar vi at du sender ein søknad med attestar innan 1. november til: LL Ryfylke, Rådhusgata 1, 4200 Sauda eller linda@ryfylke.net Svar på forrige Sudoku ingvil@ryfylke.net Har du spørsmål om stillinga? Kontakt redaktør/dagleg leiar Linda Merethe Lie, tlf. 934 78 715, e-post: linda@ryfylke.net Fyll ut dei tome rutene med tal frå 1 til 9, både vassrett, loddrett og i kvadrata. Levert av Pressetjenester ans