NOTAT. Bakgrunn Følgjande krav er stilt til helseføretaka i styringsdokumentet for 2018:

Like dokumenter
Sørgje for at alle helseføretaka har eigne læreplassar innan helsefagarbeidarfaget, og avklare kor mange lærlingar føretaket bør ha.

Helse Vest RHF har med innspel frå helseføretaka utarbeidd ein halvårleg rapport for utvikling av tal lærlingar.

Følgjande krav er stilt til helseføretaka når det gjeld lærlingar i styringsdokumentet for 2017:

Følgjande krav er stilt til helseføretaka når det gjeld lærlingar i styringsdokumentet for 2016:

Styresak. Styresak 106/11 B Styremøte

Tenk framtid Bli lærebedrift

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

vg2 yrkesfag, på veg mot læretid Flora vidaregåande skule, skuleåret

Oppsummering Det blir vist til krav i føretaksprotokoll gitt til dei fire regionale helseføretaka for 2019:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen/Bjørn Ivar Bø Tiltak for å auke utdanningskapasiteten for sjukepleiarar i regionen

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft HANDLINGSPLAN

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Bli lærling i BYGGOPP

Føretaka har etter dette innlemma tiltaka i sitt arbeid med bierverv. Sjå tabell med oversikt over tiltak og oppfølging i Helse Fonna HF, vedlegg 1.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

Informasjon om Lærekandidatordninga. Bedrift. Elev. Skule

DATO: SAKSHANDSAMAR: Reidun R. Mjør SAKA GJELD: Oppfølging av internrevisjon uønskte hendingar

DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Fleksibel opplæring innan fag- og yrkesopplæringa

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Kommunedelplan for oppvekst

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

-Ein tydeleg medspelar. Lærekandidatordninga. Varig arbeid

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Tiltaksplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland 2016

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Årleg gjennomgang av styrande dokument for styret i Helse Vest RHF

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Fullmakter i utbyggingsprosjekt ARKIVSAK: 2017/1174 STYRESAK: 040/18

ÅRSRAPPORT Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Side 1 av 5

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

KOMPETANSELØFT 2020 KOMPETANSE OG REKRUTTERING

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Notat. Styresak 94/14 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 2 Styremøte vedlegg

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Saknr. 12/ Ark.nr. 033 Saksbehandler: Turid Borud. Handlingsplan for Yrkesopplæringsnemnda i Hedmark. Forslag til vedtak:

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Rådgjevarkonferansen november

Strategi. Strategi for å øke antall lærlinger i staten

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Styresak. Bjørn Munthe Styresak 10/15 B Etablering av Helse Vest Innkjøp HF. Samandrag

1. Fagleg støtte. 2. Medverknad. 0.1 Eg jobbar til dagleg i eit opplæringskontor 0.2 Eg jobbar til dagleg i ei bedrift/verksemd med lærling

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forvaltningsrevisjon Hordaland fylkeskommune Fagopplæring

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Styresak. Framlegg til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Halfdan Brandtzæg Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

Kompetanse og rekruttering i Flora kommune

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Visjon Læring gir muligheter! Forretningsidé. Verdigrunnlag Service Kvalitet Positivt menneskesyn

Søknad om midlar til start av ny fagskuleklasse etter Stordmodellen

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Lovvedtak 93. ( ) (Første gangs behandling av lovvedtak) Innst. 336 L ( ), jf. Prop. 72 L ( )

Bård Humberset Internrevisjonen Helse Vest RHF. Jeg viser til mail av 30. august 2017 vedrørende overnevnte.

DATO: SAKSBEHANDLER: Arild Johansen SAKEN GJELDER: Årlig gjennomgang av styrende dokumenter for styret i Helse Stavanger HF

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Arkivkode: 023 Arkivsak: 2008/2047 Dato skrive: Sakshandsamar: Mai-Liss Larsen Godkjent av: Jon Bolstad RISIKOVURDERING I HELSE FØRDE

Styresak. Administrerande direktør Jannicke Daae Tønjum Økonomisjef Ola Rye Etablering av Helse Vest Innkjøp HF

ÅRSRAPPORT Opplæringskontoret for Indre Hordaland. Side 1 av 5

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per februar 2018

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Ingebjørg Kismul

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

FORSLAG TIL VEDTAK 1. Styret for Helse Vest RHF vedtar å stifte Helse Vest Innkjøp HF i samsvar med framlagde stiftelsesprotokoll.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Hilde Christiansen SAKA GJELD: Kommentar til rapport frå Internrevisjonen revisjon av bierverv

MØTE BOK. Varamedlemer til stades: Ingen vararepr esentantar hadde høve til å møta

STYRESAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Trond Søreide SAKA GJELD: Hovudaktivitetar/leveransar frå prosjekta og programma i 2016 STYREMØTE: 24.2.

Velkommen til informasjonsmøte

DATO: SAKSHANDSAMAR: Synnøve Teigelid og Kent E. Wangsvik m. fleire SAKA GJELD: Rapportering frå verksemda per november og desember 2017

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Årleg gjennomgang av styrande dokument for styret i Helse Vest RHF

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland

NORSK LOVTIDEND Avd. I Lover og sentrale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Transkript:

NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmar FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.04.2018 FRÅ: Administrerande direktør Herlof Nilssen SAKSHANDSAMAR: Bjørn Ivar Bø SAKA GJELD: Lærlingar i helseføretaka ARKIVSAK 2018/300 STYRESAK 042/18 STYREMØTE 05.04. 2018 Administrerande direktør si orientering pkt 5 Bakgrunn Følgjande krav er stilt til helseføretaka i styringsdokumentet for 2018: Sørgje for at alle helseføretaka har eigne læreplassar innan helsefagarbeidarfaget, og avklare kor mange lærlingar føretaket bør ha. I tillegg til krav i oppdragsdokumentet for 2018 har Helse Vest frå 2005 stilt sjølvstendige krav til eigne lærlingar i styringsdokumenta til føretaka uavhengig av styringskrav frå Helseog omsorgsdepartementet. Helseføretaka er i prosess med å etablere strategiar og tiltak. Denne orienteringa er derfor basert på dei tilbakemeldingane vi har mottatt. Når styringsdokumentet for 2018 legg desse føringane er dette eit arbeid som og vil bli lagt fram for styra i helseføretaka. Når føretaka har tenkt å legge frem sine strategiar for styra har vi ikkje oversikt over. Vurdering Helseføretaka skal arbeide systematisk med strategisk bemannings- og kompetanseplanlegging, gjennom å arbeide målretta med å utdanne, rekruttere, behalde og utvikle medarbeidarar. Det regionale helseføretaket og helseføretaka må ha god dialog og godt samspel med utdanningssektoren for å sikre at utdanningane har kapasitet, kvalitet og innhald som er tilpassa tenesta og befolkninga sine behov.

Det er tidlegare stilt krav om å sikre fleire læreplassar i tråd med måla i «Samfunnskontrakt for fleire læreplasser». Dette er særleg viktig når det gjeld helsefagarbeidarar. Styret i Helse Vest har bedt om ein halvårleg status rapportering for tal lærlingar. Inntak av lærlingar skjer i august kvart år. Fagprøver blir avlagt på litt ulike tidspunkt på året etter avslutta læretid for dei ulike faga slik at tal lærlingar på ulike målingstidspunkt vil gi ulike tal. Statusrapport hausten vil normalt gi ein betre oversikt over utviklinga. Vår vurdering er at føretaka har gode prosessar, og at dei og legg meir vekt på karrieremoglegheiter for fagarbeidarar gjennom bruk av fagskuleutdanninga. Dette er i tråd med avtale som blei inngått mellom Helse Vest RHF og Fagforbundet. Helse Vest RHF har sett det som ein viktig strategi å legge gode føringar og ambisjonar som føretaka må operasjonalisera. Det er ikkje mogleg å sjå raske taktskifte på dette området, men vi ser nå at det er ein meir tydelig haldning og gode prosessar for å auka tal lærlingar. I tabellen under synleggjer vi ein oppsummering frå kvart av helseføretaka for status på tal lærlingar, og kva plan dei måtte ha for å auka talet lærlingar inkludert mål for kor mange lærlingar føretaket bør ha, så langt. Helse Vest RHF: Kontor- og administrasjonsfaget: Helse Vest RHF er godkjend lærebedrift, og har sidan juni 2017 hatt ein lærling i dette faget. Helse Stavanger: Helsearbeidarfaget 52 Ambulansefaget 20 Sikkerheitsfaget (vekter) 4 Portørfaget 6 Aukar til sju frå august 2018 Reinhaldsfaget 1 Nyleg inngått ny lærlingavtale Byggdriftar faget 1 Dette er ein tilsett medarbeidar som skal fullføra læringskrava i læreplanen under ordninga. Dette er ein tilleggsordning for dei som ikkje går i ordinære lærlingløp. Dette er ein ordning fylkeskommunane støtter i tråd med opplæringslova. Plan for å auke tal lærlingar inkludert konkrete tiltak: Helsearbeidarfaget: Føretaket har til ein kvar tid ca. 52 lærlingar i dette faget. Det er ikkje nokon planer om å auke talet. Helse Stavanger har opplyst at dei meiner det er et rett tal lærlingar i forhold til det helseføretaket kan tilby og i tråd med deira kapasitet.

Ambulansefaget: Helse Stavanger har allereie dei siste åra auka tal lærlingar frå 14 til 20. For å ivareta dei lærlingane dei har med tanke på læringsutbytte og oppfølging ser dei det som vanskeleg å auke talet ytterlegare. Reinhaldsfaget: Det er søkt til fylket om å bli godkjent lærebedrift i reinhaldsfaget. Reinhaldseininga har ønska lærlingar lenge, men har ikkje hatt søkjarar. I uke 11 blir det inngått avtale med ein aktuell søker til læreplass i reinhaldsfaget. Det er ønskeleg at denne lærlingen kan delta på rekrutterings besøk på Godalen Vidaregåande skule. Dersom dei klarar å motivera fleire elevar til å søkje læreplass i reinhaldsfaget, er det ønskeleg å ta inn inntil fire lærlingar frå august 2018. Byggdriftar faget: Det er viktig og ønskelig med lærling i dette faget. Det har vært dei same utfordringane for dette faget som for reinhaldsfaget. Det viktigaste blir derfor å bruke skuleåret 2018/2019 til å motivera og auka interessa for faget. Opplæringskontoret for Byggfag har ingen frå Bygg- og anleggsteknikk VG1 som har søkt læreplass frå august 2019. Kontor- og administrasjonsfaget: Helseføretaket vurderer å starte opp med ein lærling innan dette faget frå aug. 18. Andre fagområder: I divisjon for driftsservice er det fleire aktuelle lærefag: institusjonskokk, logistikk, anleggsgartnar, elektro, VVS/rørleggar, byggdriftar faget, kontorfaget med meir. Målet er i løpet av 2018 å søkje om å bli godkjent lærebedrift i logistikkfaget, og ha skulebesøk i 2018 og 2019. Dette for å sjå om det er søkjarar slik at dei kan vurdere å ta inn lærlingar i logistikkfaget frå august 2019 eller 2020. Praksiskandidatar: Samtidig som Helse Stavanger ønskjer å auke tal lærlingar er det viktig å sikre at einingane kan ta godt imot og følgje opp lærlingane på ein god måte. Det har vært viktig å få dei ufaglærte som har jobba i faget i meir enn fem år til å ta fagbrev som praksiskandidat. Tal fagbrev som praksiskandidat sidan 2015 er: 2 innan kontor og administrasjon 12 innan sikkerheitsfaget 13 innan i portørfaget Praksiskandidatane tilhøyrar i stor grad divisjon for driftsservice, men dei har og andre medarbeidarar som har tatt fagbrev i f.eks. kontor og administrasjon, reinhald, og helsefagarbeidarfaget. Vidare meldar Helse Stavanger at dei arbeider for å auke interessa for sjukehuset som læreplass. På bakgrunn av dette ynskjer dei å ha fleire skulebesøk og fleire YFF elever i 2018/2019. For skuleåret 2017/2018 har divisjon for driftsservice hatt 55 YFF elevar.

Ny struktur for yrkesfag i vidaregåande skule blir innført hausten 2020. Helse Stavanger har god tru på at endringane vil leggja forholda godt til rette for nye lærlingar framover. Utdanninga vil bli meir tilpassa arbeidslivets behov. Fleire elevar skal få spesialisering heilt frå starten, og det skal bli endå meir spesialisering på Vg2. Helse Stavanger får også førespurnad frå NAV for tilrettelegging for læreløp. Til dømes er det fleire som er i utdanningsløp som helsesekretær der kandidatane manglar litt praksis før dei er klar til fagprøve. Dette er ofte innan handverkarfag, men også nokon innan helsefag. Helse Stavanger er avhengig av samarbeid med private verksemder for å fullføra læreløp innan tekniske lærefag. Helse Stavanger har og ein kandidat som ynskjer å inngå ein lærekontrakt med forlenga læretid i portørfaget. Ein ventar på ein avklaring frå NAV for å få vurdert økonomisk tilskot for denne kandidaten. Helse Fonna: Helsearbeidarfaget 16 8 første års lærlingar 8 andre års lærlingar avsluttar i august 2018 og blir erstatta med 8 nye hausten 2018 Ambulansefaget 21 11 første års lærlingar 11 andre års lærlingar avsluttar i august og erstattast av 10 nye hausten 2018 Institusjonskokk 3 Ein første års- og to andre års lærlingar. Skal ta inn 1 ny frå august 2018 Plan for å auke tal lærlingar inkludert konkrete tiltak: Helse Fonna har hatt eit stabilt tal lærlingar over fleire år tilsvarande tala i tabellen. Omfanget dekker føretaket sitt behov for rekruttering innan dei aktuelle faga dette gjeld særleg innan ambulansefaget. Innan helsearbeidarfaget har det vært utfordrande å ha ledige stillingar for helsefagarbeidarar etter avslutta læretid. Omfanget av lærlingar baserer seg også på to andre forhold: Tilgang på instruktørar / rettleiarar Økonomi (lønnsmidlar) avsett i budsjett Helse Fonna har ikkje planar om å auke tal lærlingar innan dei aktuelle faga, men bør kunne vurdera å ta inn lærlingar i andre fag. Det er ikkje tatt stilling til dette på noverande tidspunkt.

Helse Bergen: Helsearbeidarfaget 11 Helse Bergen har tilsett fleire helsefagarbeidarlærlingar ved Haukeland våren 2018 enn dei som går ut med fagbrev. Føretaksleiinga har lagt til grunn at dei vil auke tal eigne tilsette helsefagarbeidarlærlingar suksessivt over ein periode på 2 år. Ambulansefaget 38 Det har vært ein nedgang på 3 lærlingar sidan 2016. Årsaka er at dei har hatt fleire lærlingar som har hatt behov for forlenga læretid. Institusjonskokk 2 Automatikar 2 Barnehage 3 Dataelektronikar 2 Finmekanikar 1 Fotograf 1 Koordinator lærlingar 3 Logistikk 1 Portør 3 Vekter 1 Plan for å auke tal lærlingar inkludert konkrete tiltak: Helse Bergen utarbeida september 2017 ein handlingsplan for å auka kvaliteten på opplæringa og auke tal lærlingar i sjukehuset. Identifiserte målsettingar og tiltak kan opp summerast slik: 1. Helse Bergen skal være ein attraktiv lærebedrift og ha ein lærlingsamansetning som samsvarer med føretaket og samfunnets behov. a) Etablere ein felles koordinatorstilling (mai 2017) for heile føretaket b) Delta i arbeidet med samfunnskontrakt i Hordaland c) Vidareføre tilbod til ungdomsskuleelevar om fagdagar for å auke søknad til relevante lærefag for sjukehuset. d) Gå gjennom alle relevante fagområde med fagarbeidarar for å kartlegge muligheit for fleire læreplasser. e) Integrera auka kostnadar for løn til lærlingar i føretaket sitt langtidsbudsjett

f) Dialog med fagforeiningane og nivå 2/3 leiarar om nivå på tal lærlingar og innhaldet i utdanningane. g) Evaluere og revidere samarbeidsavtale med kommunane om opplæring av helsefagarbeidarlærlingar. h) Evaluere og vurdere innretning på eigne lærlingar (TAF, vekslingsmodell eller ordinære lærlingar). 2. Helse Bergen vil leggja til rette for å nå måla som er sett i styringsdokumenta og at det skal vera gode læreplassar a) Etablere ein felles koordinatorstilling for heile føretaket b) Felles introduksjons- og fagdagar for lærlingane. c) Systematisk utprøving og bruk av ferdigheitstrening for lærlingane. d) Styrke kvalitet på rettleiing gjennom rettleiarkurs og nettverkssamlingar. e) Oppdatering og revisjon av Opplæringshandbøkene. f) Meir systematisk bruk av kompetanseportalen og ta i bruk elektronisk opplæringsbok/kompetanseplanar samt vurdering og rettleiing 3. Fagarbeidarane i Helse Bergen skal ha faglege utviklings- og karrieremuligheiter i tråd med Helse Bergen sitt behov a) Samarbeid med Fagskulen i Hordaland om vidareutdanningstilbod samt bidra med føredragshaldarar i utdanninga. b) Stipendordning for vidareutdanning innan særskilte område. c) Styrke helsefagarbeidarane sin kompetanse og funksjonsområde gjennom bruk av simulering og ferdigheitstrening. 4. Helse Bergen skal sikre læring og erfaring frå dei ulike faga og leggje til rette for læring på tvers av lærlingfaga a) Etablere ein koordinatorstilling b) Standardisere inngåing og gjennomføring av læretid der det er hensiktsmessig. Helse Bergen ynskjer å evaluere eksisterande løysning med eigne TAF lærlingar (tekniske og almenne fag og vurdere overgang til ordinære lærlingar. Samanlikna med det vanlege lærlingar som ønskjer studiekompetanse etter fullført fagbrev 4+1 år, gjer TAF-elevane unna sitt utdanningsløp på eit år mindre. I lys av dette er det ikkje tatt opp eigne helsefagarbeidarlærlingar hausten 2017. Samarbeidsavtalen om samarbeidslærlingar vil og bli gjenstand for ny forhandling. Opplæringa på TAF skjer i samarbeid mellom føretaket og kommune, der lærlingane er tilsett i kommunen. Tal helsefagarbeidarar går framleis ned i Helse Bergen og dei har i dag eit tal på ca. 440 helsefagarbeidarar (271 månadsverk). Dette kombinert med ein meir krevjande rekrutteringssituasjon av sjukepleiarar gjer at det no er etablert eit prosjekt for å sjå nærare på helsefagarbeidarane sine kompetanseområde og moglege tiltak for å utvide disse.

Erfaringane tilseier at vidareutdanningsmuligheitene på fagskulenivå er svært viktig for å sikre fagarbeidarane ein karriereveg, og som viktig bidrag for å rekruttere og behalde medarbeidarane. Det er derfor etablert eit tett samarbeid med Hordaland fagskule for å sikre rett innhald og volum i fagskuletilbodet. Helse Bergen bidrar på vegne av Spekter i arbeidet med å etablere ein regional samfunnskontrakt for lærlingar i Hordaland. Målet er at alle kvalifiserte elevar som ønskjer læreplass, skal få tilbod om læreplass. Helse Førde: Helsearbeidarfaget 0 Ambulansefaget 26 Auke på ein frå 2016 Institusjonskokk 1 Nytt lærefag i føretaket frå 2017 Koordinator lærlingar 1 Plan for å auke tal lærlingar inkludert konkrete tiltak: Helse Førde har: kartlagt status kartlagt status for heile personellgruppa helsefagarbeidarar i Helse Førde sett på historisk utvikling og orientert seg om årsaka til kvifor samansetninga i pleiegruppa er som den er orientert seg mot, og vært i dialog med dei andre føretaka i Helse Vest for å lære og trekke på gode erfaringar frå dei andre føretaka som har lykkast med lærlingordninga, særleg frå leiar av internt opplæringskontor for lærlingar i Helse Stavanger Utviklingsdirektør, fagdirektør, HR direktør og seksjonsleiar for Kompetanse og utdanning samarbeider og har danna ei tverrfagleg arbeidsgruppe for prosessen Rapporten «Samfunnskontrakt for fleire læreplassar 2016-2020» og rapporten «Dobla talet helsefagarbeidarlærlingar» frå Helse Nord er gått gjennom av arbeidsgruppa Det vil bli lagt fram sak for føretaksleiinga med tema lærlingar i Helse Førde som særleg er innretta mot helsefagarbeidarar Helse Vest IKT: Dataelektronikar 3 IKT servicefag 3 Auke med ein frå 2016

Plan for å auke tal lærlingar inkludert konkrete tiltak: Helse Vest IKT planlegg å auke med ein lærling frå 2017 til 2018. Ein vil vurdere auke vidare i 2019. Det er viktig å få fleire seksjonar til å vurdere lærlingar som del av kompetansetiltaka i Helse Vest IKT. Dei har peika ut ein eigen lærlingansvarleg som har ansvar får oppfølging av lærlingane i tillegg til seksjonsleiar. Dei har no to seksjonar som tek i mot lærlingar. Sjukehusapoteka Vest: Dei er ikkje godkjent som lærebedrift. Forslag til vedtak: Styret tar saka til orientering.