Omsorgsplan. for Lom kommune 2011-2020. Gjestfri og nyskapande. Omsorgsplan 2011-2020. Innhaldsliste



Like dokumenter
St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

1. Mål med samhandlingsreforma

Samhandlingsreformen

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Tenesta for PU og tannhelsetenesta. Tenner for livet

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Handlingsprogram 2015

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

Samhandlingsreforma - oppretting av arbeidsgruppe i Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Samarbeid om førebyggjing

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Kommunedelplan for oppvekst

Kurs i helsepedagogikk 21/3 11 Ottar Grimstad Kommuneoverlege Hareid og Ulstein

NORDFJORDRÅDET HOVUDUTSKRIFT

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og forebyggjande arbeid

Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Samhandlingsreforma bakgrunn, målsetting og tiltak. Foredrag på Fagpolitisk konferanse for ergoterapeutar Molde, 11. november 2009

Folkehelsedagane

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal

Føretak for framtida. Arbeidet med utviklingsplanar Helse Førde

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Undervisningsheimetenester i Ottadalen

Kompetanseløftet 2020

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Planprogram. Kommunedelplan helse og omsorg. Tematisk kommunedelplan for helse og omsorg

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Habilitering og rehabilitering. Av seniorrådgiver Eilin Reinaas Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Runa Bakke, Volda kommune

SAMHANDLINGSAVTALANE : Kompetansebehovet i kommunane og forventningar til spesialisthelsetenesta

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

Partane sitt ansvar for helse- og omsorgsoppgåver og tiltak partane skal utføre

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Samhandlingsreformen ny helsereform i Norge

Vågå kommune Felles tenester

Saksnr Utval Møtedato

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Folkehelsesatsing for barn og unge. Marit Nordstrand Leiande helsesøster og folkehelsekoordinator Høyanger kommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

PLANPROGRAM KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG I RADØY KOMMUNE

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Dette er en bekreftelse på at vi har mottatt ditt høringssvar på temaet Generelle høringssvar.

Samhandlingsreforma - framdrift og organisering 2010 og 2011

Frå visjon til realitet November 2012

Frivilligpolitisk plattform

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Informasjon til pasientar og pårørande

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

HØYRINGSUTTALE TIL NY HELSE OG OMSORGSPLAN

STYRINGSDOKUMENT FOR FRAMTIDAS OMSORGSTENESTER ÅR Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar Utval for helse-, oppvekst- og 045/

Pasientens helseteneste

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Høyring - Verksemdsmessig utviklingsplan for Helse Førde

Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse

Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og ventelister

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Å sende pasienten ut til heimen (frå sjukehus) Kan det verkeleg gå bra?? Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

Kvam herad. Sakspapir

Transkript:

Omsorgsplan 2011-2020 Omsorgsplan Gjestfri og nyskapande for Lom kommune 2011-2020 Innhaldsliste Innleiing 3 Føresetnader for planen 4 Nasjonale mål og føringar 11 Status i dag 18 Utviklingstrekk 24 Kvalitetsarbeid 28 Ny rolle for kommunane 31 Framtidas omsorgsbehov 33 Brukarråd 38 Bygg og anlegg 39 Rekruttering og kompetanse 41 Korleis dekke behova? 43 Handlingsplan 44 Vedlegg 46 Samfunnets viktigaste ressurs er menneskjer som trivst, meistrar kvardagen og bidreg aktivt til fellesskapet ut frå eigne føresetnadar og moglegheiter. Lom kommune Midtgard 2686 Lom Telefon: 6121 7300 Faks: 6121 7301 Epost: post@lom.kommune.no http://www.lom.kommune.no Deltaking og innflytelse i samfunnet, oppleving av kontroll over eigen livssituasjon og moglegheiter til å realisere eige potensial er viktig. Det er ei utfordring å legge til rette for dette enten det gjeld strukturelle tiltak og tenester, eller individ og gruppebaserte tiltak. Rundskriv IS- 1/2010 Nasjonale mål og hovudprioriteringar

2 Innhald 1 Innleiing 3 1.1 Mandat 3 1.2 Innstilling frå saksutvalet 3 2 Føresetnader for omsorgsplanen 4 2.1 Omsorg 4 2.2 LEON- BEON-prinsippet 4 2.3 Omsorgstrappa i Lom 5 2.4 Universell utforming 7 2.5 Lovverk 8 2.6 Spesialisthelsetenester 10 3 Nasjonale mål og føringar 11 3.1 Omsorgsplan 2015 11 3.2 Samhandlingsreforma 12 3.3 Omsorgsteknologi 16 4 Status i dag - Utviklinga i omsorgstenesta 18 4.1 Dagens organisering av pleie- og omsorgstenestene 18 4.2 Oversikt/omfang av dagens tenesteyting. 18 4.3 Samarbeid med andre tenesteområde og friviljuge aktørar 20 4.4 Økonomi 21 4.5 Finansieringsordningar (KOSTRA, SSB, Profil) 22 4.6 Brukarundersøkingar 23 5 Utviklingstrekk og utfordringar fram mot 2020 24 5.1 Kommuneplan 2020 Utviklingstrekk og utfordringar 24 5.2 Demografi 25 5.3 Sosial kapital 27 6 Kvalitetsarbeid i pleie- og omsorgstenesta 28 7 Ny framtidig kommunerolle sett i ljos av sentrale føringar 31 7.1 Samarbeid mellom kommunar og mellom kommunar og helseføretak 31 8 Framtidas omsorgsbehov 33 8.1 Demensomsorg 33 8.2 Kreftomsorg 33 8.3 Diabetes mellitus 34 8.4 Rehabilitering / habilitering 34 8.5 Miljøarbeid 35 8.6 Rus 36 8.7 Psykisk helse 36 8.8 Førebyggande helsearbeid/lågterskeltilbod 36 8.9 Tannhelse 37 8.10 Smittevern 37 8.12 Helsetenester til asylsøkarar, flyktningar, familieforeina og minoritetsgrupper. 37 8.11 Etikk 37 9 Brukarråd 38 9.1 Samansetjing 38 9.2 Mandat 38 10 Bygg og anlegg 39 10.1 Helseheimen 39 10.2 Utbygging av bustadar med heildøgnsomsorg 39 10.3 Arbeidssenter/dagtilbod 39 10.4 Brannvern 39 10.5 Uteområdet universell utforming, trivsel, funksjonelt 40 10.6 Konferanseutstyr, møterom, kontor 40 11 Rekruttering og kompetansebygging 41 11.1 Studentar frå fag/høgskule 42 11.2 Fagskuleutdanning i helse og sosialfag 42 11.3 Lærlingordninga 42 11.4 Praksiselevar frå ungdomsskulen 42 11.5 Hospitering/internopplæring 42 11.6 Vidareutdanning 42 12 Kva må til for at vi i dei neste åra skal få dekka våre pleie- og omsorgsbehov? 43 13 Handlingsplan 44 14 Vedlegg - serviceerklæringar 46

Innleiing 3 1 Innleiing Saksutval for pleie og omsorg oppnemnt i kommunestyret 25.06.08 har arbeidd fram eit forslag til pleie- og omsorgsplan, som skal vera retningsgjevande i dei næraste åra. Medlemmene har vore leiar Beate Stø (Sp), Kristin Øyjordet (Sp), Ottar Dalen (Sp), Per Bådshaug (Bygdalista) og Anne Lise Marstein (Ap). Innleiingsvis i kap. 1 til og med 3 klargjer ein ord og omgrep som er føresetnader for organisering og tenesteyting på området pleie- og omsorg. Vidare ligg lovverk, nasjonale mål og føringar til grunn. Samhandlingsreforma dannar nyaste grunnlaget for tenesteyting i planperioden, og med implementeringa av denne, frå 01.01.2012, vil kommunen få fleire nye lovverk å førehalde seg til i tenesteytinga; Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester, ny lov om folkehelsearbeid og ny forskrift om ei verdig eldreomsorg (Verdigheitsgarantien, i kraft frå 01.01.2011). Desse vil ein sjå nærare på seinare i planen. Frå kap. 4 til og med 6 skriv ein om stoda i dag når det gjeld ulike deltenester, samarbeidspartar og økonomi. Dette i lag med utviklingstrekk og utfordringar er utgangspunktet vidare. Frå kap. 7 ser ein på den framtidige kommunerolla og framtidas omsorgsbehov. Til sist ser ein på rekruttering og kompetansebygging, før ein avslutningsvis oppsummerer kva som bør gjerast i nær framtid for at vi skal få dekt våre omsorgsbehov. 1.1 Mandat Arbeidet med omsorgsplan skal ta utgangspunkt i Stortingsmelding 25 Omsorgsplan 2015 Mestring, muligheter og mening, statlege føringar, samt kommuneplan Lom 2020. I mandatet ligg følgjande punkt: Kvalitet og omfang på pleie- og omsorgstenestene i Lom kommune, nivå på tenestene, LEON-prinsippet, omsorgstrappa Serviceerklæringar Brukarråd Dagtilbod til demente Avlastningstilbod Funksjonshemma over 18 år med behov for bustad Omsorgsbustader med heildøgns bemanning Rehabilitering Lindrande behandling Framtidig kompetansebehov og rekruttering av fagutdanna personell Interkommunalt samarbeid. Samhandlingsreforma vart vedteke i arbeidsperioden og er som følgje av dette innlemma i omsorgsplanen. 1.2 Innstilling frå saksutvalet Saksutvalet har følgjande forslag til vedtak: 1. Kommunestyret vedtek Omsorgsplan i Lom kommune 2011-2020. 2. Handlingsdelen i planen blir retningsgjevande for prioriteringar i økonomiplan og budsjett i planperioden. 3. Omsorgsplanen sin handlingsdel blir rullert årleg i samband med statsbudsjettet/ budsjettarbeidet i kommunen.

4 Føresetnader for omsorgsplanen 2 Føresetnader for omsorgsplanen Primærhelsetjeneste Primærhelsetjenesten er grunnmuren i helsetjenesten og skal sikre alle med behov for helse- og omsorgstjenester, tjenester av god kvalitet. Tjenestene skal være virkningsfulle, trygge, godt samordna og de skal involvere brukerne i beslutningsprosessene. Pasienter og brukere skal uavhengig av bosted ha likeverdig tilgang til helsetjenester med tilstrekkelig og rett kvalifisert personell. Kommunene må også være forankringspunktet for koordinering av individuelle planprosesser for pasienter med behov for tjenester fra flere sektorer og nivåer. Nasjonale mål og hovudprioriteringer for 2010 IS-1/2010 Helsedir. Styrking av dei kommunale helse- og omsorgstenestene og utviklinga av ei ny kommunerolle skal bygge vidare på, er vedteke politikk og langsiktig planarbeid på område, og må såleis vere eit sentralt tema i det lokale kommune- og økonomiplanarbeidet. 2.1 Omsorg Omgrepet omsorg kan ha fleire dimensjoner. I tillegg til å forklare sjølve arbeidet som blir utført, står omgrepet for eit ideal, ein intensjon om å ha omtanke for og sørgje for ein annan. Omgrepet omsorg omfattar både den hjelpa som blir gjeve, måten hjelpa blir gjeve på og relasjonen mellom tenesteytar og tenestemottakar. Eit omsorgsfylt utført arbeid er handlingar som er utført på ein kompetent og fagleg kyndig måte. Samstundes handlar omsorg om å vera andreorientert, vera til stades, bry seg om, forstå, vise medfølelse, ømheit og respekt alt dette omsett i praksis. Omsorg er både ei handling og ein kvalitet ved denne handlinga. Kvalitet må derfor formidle omsorg både gjennom handling og haldning. Rettsleg er omgrepet omsorg knytt til: Kommunehelsetenestelova pålegg kommunane å tilby omsorgstenester. Frå 01.01.2011 vart innhaldet i omgrepet eldreomsorg regulert av Forskrift om ein verdig eldreomsorg (Verdigheitsgarantien) Endringar i Kommunehelsetenestelova 2-1 vart i den samanheng gjort gjeldande samstundes. Sosialtenestelova - den enkelte har krav på hjelp, dersom han eller ho ikkje kan ha omsorg for seg sjølv. Med innføring av ny helse- og omsorgslov vil alle henvisningar til sosialtenestelova, like så som til kommunehelsetenestelova, måtte sjåast bort ifrå, då desse då vert oppheva ved lov. Barneverntenestelova mellom anna sikre at barn og unge får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. I omgrepet omsorg ligg det ein føresetnad om at tenestene skal sikre brukarane innverknad over tenestetilbodet og at dei skal ha eit aktivt og meiningsfylt tilvere. Også dette lovverket vil få endringar ved innføring av ny kommunal helse- og omsorgslov. 2.2 LEON- BEON-prinsippet LEON - prinsippet (Lågast Effektive Omsorgs Nivå) BEON - prinsippet (Best Effektive Omsorgs Nivå). Norsk institutt for omsorgstenester definerer omgrepet ut frå tre forklaringar: Den geografiske, faglege og økonomiske. Geografisk forklaring. I Noreg er det mange små kommunar og spreidd busetnad. Skal ein ha nokolunde lik kommunestruktur og eit nokolunde likt system for organisering av helse- og omsorgstenester blir det viktig med ei felles plattform, som kan byggast ut i heile landet. LEON-prinsippet er viktig og grunnleggande i så måte, fordi hovudvekta blir lagt på dei lågaste og minst ressurskrevjande nivåa. Pleie- og omsorgssektoren skil seg ut frå andre kommunale tenester ved at den er døgnkontinuerleg. 3-skiftsordning i pasientbehandling er dyrt.

Føresetnader for omsorgsplanen 5 LEON-prinsippet gjev moglegheit til alternativ ressursutnytting og rasjonelle økonomiske forklaringar på store driftsforskjellar mellom kommunar av ulik storleik. Det geografiske svaret er at gjennomføring av LEON-prinsippet gjev moglegheit for heilskapleg oppbygging og samanliknbare analyser av pleie- og omsorgssektoren. Fagleg forklaring. Pleie- og omsorgstenestene er kjenneteikna ved at dei omfattar eit stort tal pasientar og brukarar og vidare at det er store skilnadar i den einskilde brukar sin helsestatus og behov. Dersom det skal vera samsvar mellom behov og tenestetilbod, krev det betydeleg differensiering av tenestene. LEON-strukturen sitt kjenneteikn er at det høgaste nivået sjukeheimsnivået behandlar ein heilt annan pasient- og brukargruppe, enn dei som får berre heimehjelp. Det er opp til kommunane å bygge ut tenestetilboda og skilje mellom dei, slik at resultatet blir rett tilbod til rett brukar. Frå eit fagleg perspektiv følgjer LEON-prinsippet opp kravet om ein differensiert behandlingsstruktur tilpassa innbyggjarane sine behov. Økonomisk forklaring. Økonomien i pleie- og omsorg er prega av kompleksitet, fordi det er 3 aktørar som bidreg til finansieringa. Den enkelte brukar og pasient, kommunen som driftsansvarleg og staten som bidreg på ulike måtar, gjennom ei rammefinansiering og ulike tilskot. Det er det kommunale systemet som blir økonomisk garantist for at tilboda heng saman og at utgifter og inntekter i prinsippet skal balansere over tid. LEON-prinsippet gjev moglegheit for å velje utgiftsnivå (innanfor praktiske avgrensingar og statens lover) og det knyter økonomi til faglege retningslinjer og vedtekne mål for drifta. Slik kan LEON-prinsippet bidra til å synleggjera fordelar og ulemper ved den kommunale driftsprofilen kommunen bestemmer seg for. BEON BEON-prinsippet har avløyst LEON-prinsippet. Omgrepet er lansert i samband med Samhandlingsreforma. Kvalitet er kome inn som ein premiss for kva som gjev eit effektivt helsetilbod. Best for kven? Både for pasienten/brukaren, pårørande og tenesteytinga, men kravet om effektivitet skal og væra oppfylt. Ein ser det som fornuftig å følgje LEON/BEON-prinsippet og at det blir vektlagt/prioritert i vidare utforming av framtidig kommunalt tenestetilbod. 2.3 Omsorgstrappa i Lom T e n e s t e n i v å Sjølvhjulpen i kvardagen Brukar ressursar Brukar ressursar Brukar ressursar Brukar ressursar Trinn 3 Buform med og utan bemanning, bufellesskap, omsorgsbustader Livskvalitetsline Sjukeheim Trinn 4 Institusjon, sjukeheim, buform med høg grad av ressursinnsats, personell og oppfylging Trinn 2 Stimulere til sjølvhjelpsferdigheiter, praktisk bistand, heimesjukepleie, avlasting, støttekontakt, omsorgsløn, fysio/ergoterapi, BPA, sysselsetjing, dagsenter, tryggleiksalarm Trinn 1 Førebyggande arbeid, helsefremjande aktivitetar, dag- og fritidstilbod, friviljug arbeid, tilrettelegging i heimen, informasjon Endring i funksjonsnivå Omsorgstrappa i Lom pr. januar 2010 2010 2011 Omsorgstrappa er ei enkel analyse av korleis tenestene blir gjeve i dag. Hjå oss blir det eit kjempesteg frå tenester for heimebuande og opp til sjukeheimsnivå, dvs. at tenestene er lite differensierte. Nivå som har dagtilbod og bustader med heildøgns omsorg manglar.

6 Føresetnader for omsorgsplanen Utsnitt frå reguleringsplan for Kulihaugen/Kroken som syner området regulert til pleie- og omsorgsformål Ein ser det som nødvendig å prioritere aktiv omsorg ved å opprette dagtilbod for heimebuande eldre og andre som kan ha glede av eit slik tilbod. Eit framtidig aktivitetstilbod og lokale kan nyttast av fleire grupper. Førebyggande helsearbeid, trivsel og tryggleik skal prege tilbodet. Hausten 2009 vart det sett i gang ei prøveordning, der ein tilrettelegg for dagtilbod til heimebuande med demens ein gong i veka. Det har kome positive attendemeldingar frå pårørande. Frå 01.01.2011 vart dagtilbodet eit eige budsjettområde og fast ordning. Med dette har omsorgstrappa fått eitt steg til i løpet av 2011. Ut frå at det i dag manglar bustadar med heildøgnsbemanning vil ein tilrå bygging av bustadar, slik at sjukeheimstilbodet kan prioriterast til dei mest hjelpetrengande sjuke. Når desse bustadane er på plass er det forventa at drifta kan leggast om for å frigjere plassar til korttidsopphald, rehabilitering og avlastning i institusjon. Unge funksjonshemma er ei relativt stor gruppe dei komande åra, som og treng bustad med heildøgns omsorg. Ved bygging av nye omsorgsbustadar lyt ein ta omsyn til alle gruppene som treng og fyller kriteria for å få tildelt ein bustad. Samstundes som ein legg opp til ei naturleg gruppering av bustadar ved bygging, og tek omsyn til skjerming og moglegheit til at brukarar kan treffe likesinna. Det har i prosessen vorte regulert område til utbygging av omsorgsbustadar på Kulihaugen. Området er så stort at det vil dekke behovet for nye tomter til omsorgsformål etter etappevis utbygging i fleire år framover. Dette tek ein omsyn til ved fullføring av forprosjekt. Forhåpentlegvis vil ein starte bygging av 8 12 omsorgsbustadar hausten 2011. På denne måten får ein fleire steg i omsorgstrappa og ein kan gje innbyggjarane eit breiare omsorgstilbod.

Føresetnader for omsorgsplanen 7 2.4 Universell utforming Universell utforming innebærer at tilgjengelighet for mennesker med redusert funksjonsevne størst mulig grad løses gjennom ordinære, generelle tiltak som en naturlig del av produktdesign, arkitektur, planlegging og service. Stortingsmelding nr. 40 (2002 2003), nedbygging av funksjonshemmende barrierer, s. 29. Det ligg gode moglegheiter i universell utforming. Det er kome som krav i form av Lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelegheitsloven) av 01.01.2009 Formål til lova er å fremje likestilling og likeverd, sikre like moglegheiter og rettar til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Offentlege myndigheiter skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje formålet til lova. I forslag om ny folkehelselov, som er tenkt vedteke 2011, legg ein stor vekt på kommunen sitt ansvar for å legge til rette for eit godt og tilpassa fysisk miljø for alle. For å sikre tilgjenge og likeverd for alle innbyggarane tilrår ein at prinsippet om universell utforming skal ligge til grunn i alle kommunale planprosessar og i praktisk tenesteyting i kommunen GAP-modellen Funksjonshemming oppstår i gapet mellom den enkelte sine føresetnader og samfunnet sine krav, her vist med GAP-modellen. GAP-modellen Modellen syner at til mindre avstand det er mellom krav og føresetnader, til mindre er hjelpebehovet og til større er sjølvstende. Universell utforming er ein del av samfunnet sitt krav og som det ved godt planarbeid er mogleg å forbetre. Det er viktig å bygge på dei ressursane den enkelte hjelpetrengande har, men for at dette skal bli vellykka må tenesteapparatet evne å legge til rette for individuell hjelp og oppfølging, samstundes må generell tilrettelegging i samfunnet elles vera på plass. Ein finn det rett å presisere at desse to prosessane må vektleggast i kommunen, slik at tenestemottakaren får eit godt utgangspunkt for å vera så aktiv og deltakande som råd ut frå sitt funksjonsnivå.

8 Føresetnader for omsorgsplanen 2.5 Lovverk Kommunehelsetenestelova 1-1 og Sosialtenestelova 2-1 regulerar pr. januar 2011 kommunane sitt ansvar innan helse- og omsorgstenestene. Helse og sosialdepartementet skal i 2011 fremme to proposisjonar til Stortinget om: ny folkehelselov og ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Forslag til ny lov om kommunale helse- og sosialtenester samhandlingsreforma er ute på høyring og vil bli vedteke i 2011. Lova gjeld helse- og omsorgstenester som tilbys eller ytes i riket av kommunen og private som har avtale med kommunen når ikke annet følger av de enkelte bestemmelsene i loven. Dette vil medføre ei samanslåing av dagens kommunehelsetenestelov og sosialtenestelova, der kommunen sitt ansvar for å sørgje for naudsynte helse- og omsorgstenester vert regulert og der det blant anna skal setjast fokus på auka samhandling, kommunanes overordna ansvar og krav til pasienttryggleik og kvalitet. Endringar i forhald til pasientrettar vil bl.a. vera at alle rettskrav og omtale av desse vil vere samla i Pasientrettslova. Lovforslaget, om det vert vedteke i sin heilskap, vil medføre endringar i måten kommunen sitt ansvar for å yte naudsynte helse- og omsorgstenester er regulert. Naudsynt helsehjelp vert innført som ein rettsleg standard 1.jan-2011 vart ei ny forskrift om verdig eldreomsorg - verdigheitsgarantien- gjort gjeldande, og ho regulerar og presiserar innhaldet i uttrykket naudsynt helsehjelp ved å framheva verdigheit som eit grunnleggande element i helsetenesta. Innanfor rammene av Kommunehelsetenestelova 1-3 er det naudsynt helsehjelp som kan krevjast etter Kommunehelsetenestelova 2-1. Naudsynt helsehjelp vert innført som ein rettsleg standard i den nye helse- og omsorgslova, og fastlegginga av standarden må overlatast til praksis og sjåast på bakgrunn av den økonomiske situasjonen i helsesektoren generelt, og i den einskilde kommunen spesielt, slik den til ei kvar tid er. Kva som til ei kvar tid er naudsynt helsehjelp må avgjerast konkret i det einskilde tilfelle og vil vera avhengig av medisinsk skjønn. Det er med andre ord ein minstestandard som ei kommune ikkje kan gå under, men når det gjeld omfanget av utrykket naudsynt helsehjelp går det fram av lova sine forarbeid at kommunen sin plikt til å yte naudsynt helsehjelp vil vera avgrensa til det som økonomi, tilgang på personell og utstyr gjer mogleg. Kommunehelsetenestelova sitt system er vidare at ingen har rett på ei bestemt helseteneste frå kommunen, det er opp til kommunen sjølv å avgjere kva for tilbod den einskilde skal få ut frå denne sitt behov, sett i samanheng med dei tilbod og ressursar kommunen har tilgjenge til. Samstundes seier tilsynsmynda gjennom sin praksis at den einskilde kommunen ikkje kan la vera å gje sine innbyggjarar naudsynt helsehjelp av omsyn til kommunen sin ressurssituasjon. Dette kjem til uttrykk som sikker rett i forarbeida til Kommunehelsetenestelova Ot.prp.nr.66 (1981-82), og som seinare har vorte slått fast av Høgsterett jf. Fusa-dommen (Rt.1990 s.874). Retten til helsetenester går så langt som den einskilde sitt behov tilseier, kommunen sine forpliktingar vert etter lova sitt system utløyst av pasienten sitt hjelpebehov. Verdigheitsgarantien presiserar innhaldet i rettane til tenestetilbod for eldre, og dette fører til at kommunen si moglegheit til å avslå tenestetilbod med grunngjeving i ressurssituasjon og tilgang på personell vert innskrenka. Samstundes gjev verdigheitsgarantien kommunen ei klårt definert referanseramme for kvalitet og innhald i eit verdig tenestetilbod jf. Fusa-dommen.

Føresetnader for omsorgsplanen 9 Kommunen si plikt til å yte naudsynt helsehjelp vert utløyst av: pasienten sitt behov omfanget av tenesta pasienten har krav på vert avgrensa av pasienten sitt behov vurdert etter eit medisinsk skjønn og krava til verdigheit i verdigheitsgarantien. i tillegg skal ein sjå alt dette i forhold til dei økonomiske rammene ein til ei kvar tid føreheld seg til. Verdigheitsgarantien vert difor eit viktig stikkord for å halde seg innanfor den minstestandarden som uttrykket naudsynt helsehjelp femnar. Vidare vert det foreslått å vidareføre dei gjeldande forskrifter som i utgangspunktet er heimla i dagens loverk etter at ny kommunal helse- og omsorgslov trer i kraft. Departementa føreset at kommunane planlegg helse- og sosialtenestene sine etter kommuneplanbestemmelsane i plan- og bygningsloven og etter bestemmelsane om økonomiplan og årsbudsjett i kommuneloven. Direktoratet skal gje faglege råd og rettleiing til helsetenestene og befolkninga. Direktoratet skal vera ein aktiv deltakar i arbeidet med å utforme, iverksette og følgje opp nasjonal helsepolitikk innan spesialisthelsetenesta sine områder. Likeeins skal direktoratet understøtte fagutvikling, kvalitetsforbetring og samhandling både internt i tenesta og med andre aktørar i sektoren. Direktoratet forvaltar lover og forskrifter innan helselovgjevinga og koordinerar arbeidet på legemiddelområdet. Viktig lovverk Det er mange særlover/forskrifter/rundskriv m.m ein må følgje med omsyn til drift av pleie- og omsorgsavdelinga. Nokre av dei mest sentrale er: Forslag til lov om kommunale helse- og omsorgstenester - Samhandlingsreformen St.meld.nr. 25 (2005-2006)Omsorgsplan 2015. Mestring, muligheter og mening. Framtidas omsorgsutfordringer. St.meld.nr. 47 (2008-2009)Samhandlingsreformen. Rett behandling på rett sted til rett tid Prop. 1 S (2009-2010) Ot.prp. nr. 10 (2008-2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltningsreformen) Lov om helsetjeneste i kommunene (1982-11-19, nr. 66) Endra (2009-12-11) Sosialtjenesteloven (1991-12-13, nr. 81) Endra (2009-12-18, nr. 131) Lov om helsepersonell m.v. (1999-07-02, nr. 64) Endra (2009-06-19, nr 110) Lov om tannhelsetjeneste (1983-06-03, nr. 54) Endra (2006-12-22, nr. 100) Lov om pasientrettigheter (1999-07.02, nr. 63) Endra (2009-12-18, nr. 131) Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (1999-07-02) Endra (2008-08-22) Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykke med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (2002-06-14, nr. 20) Lov om vern mot smittsomme sykdommer (1994-08-05, nr. 55) Endra (2006-12-01) Ny plan- og bygningslov (plandelen) Lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (2009-01-01) Lov om helsemessig og sosial beredskap (2000-06-23, nr 56) Lov om vern mot smittsomme sykdommer (1994-08-05, nr. 55) Lov om opplæring Spesialisthelsetjenesteloven (1999-07-02, nr. 61) Forskrift om habilitering og rehabilitering (2001-06-28 nr 765) Forskrift om individuell plan (2004-12-23, nr.1837) Forskrift om systematisk helse, - og sikkerhetsarbeid i virksomheter Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (2002-12-20, nr. 1731) Forskrift om pasientjournal (2000-12-21, nr. 1385) Forskrift om legemiddelhandtering (2008-04-03, nr. 320) Forskrift om smittevern i helsetjenesten (2005-06-17)

10 Føresetnader for omsorgsplanen Forskrift til lov om sosiale tenester (1992-12-04, nr. 915). Endra (2009-12-16, nr 1553) Forskrift om vederlag for opphold i institusjon m.v. (1995-04-26, nr 392) Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie (1988-11-14, nr. 932). Endra (2003-05-19) Verdigheitsgarantien Forskrift til lov om sosiale tenester Forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn (2002-06-26, nr. 847) Helse- og omsorgsdepartementet, Nasjonal helseplan (2007-2010) Helse- og omsorgsdepartementet, Opptrappingplan for rusfeltet Opptrappingsplanen for psykisk helse Nasjonal strategi for elektronisk samhandling i helse- og omsorgssektoren 2008-2013. Samspill 2.0. Handlingsprogram Nasjonalt meldingsløft 2009-2010 Nasjonal strategi for diabetesområdet 2006-2010. Nasjonal strategi for KOLS- området 2006-2011. Nasjonal strategi for kreftområdet 2006-2009 Nasjonal strategi for habilitering og rehabilitering 2008 2011 Nasjonal strategiplan for arbeid og psykisk helse Nasjonal strategi for kvalitetsforbedring i sosial- og helsetjenesten (2005-2015) Og bedre skal det bli! www.lovdata.no Tilsynsmynde Fylkesmannen er sett til å prøve kommunane om dei oppfyller krav i lov og forskrift, og har ei forsvarleg drift. I sin tilsynsverksemd blir det gjeve avvik eller merknad, dersom tilsynet finn at ting må endrast. Sentrale tilsynsmyndigheiter er Helsetilsynet, Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Datatilsynet og Lom og Skjåk Brannvesen. I fylgje ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester vil tilsynsmynda framleis liggje hjå Fylkesmannen/ Helsetilsynet. 2.6 Spesialisthelsetenester Spesialisthelsetenesta skal sørgje for diagnostikk, behandling, habilitering og rehabilitering og oppfølging av pasientar med akutte, alvorlege og kroniske sjukdomar, inkludert sjeldne tilstandar og helseplager. Tenesta skal også gje rettleiing til pasientar og kommunalt helsepersonell, drive undervisning og medisinsk forsking. Spesialisthelsetenesta løyser dei oppgåvene i helsetenesta som krev kompetanse og ressursar utover det som kommunehelsetenesta er sett opp med. Spesialisthelsetenesta skal auke sin innsats i forhold til kompetanseoverføring, råd og rettleiing som set kommunane i stand til å fylle ei sentral rolle. Innan nokre områder er det utarbeidd handlingsplanar og rettleiarar med nærare definering av tiltak. Spesialistheletenestea og kommunane skal etter nytt lovverk opptre som likeverdige partar. For at kommunen i framtida skal yte gode tenester etter at samhandlingsreforma trer i kraft i 2012 vil det vera avgjerande for kommunal tenesteyting at spesialisthelsetenesta faktisk kan hjelpe kommunane med det som er skissert over i eit partssamarbeid. Ambulante team innan ulike fagområde er ein fordel for å skape gode pasientforløp og kompetanseoverføring til tilsette på kommunalt nivå.

Nasjonale mål og føringar 11 3 Nasjonale mål og føringar IS-1/2011 Rundskriv - Nasjonale mål og hovudprioriteringar for 2011 er utarbeidd av Helsedirektoratet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet. I kapitlet blir desse synleggjort. Det blir og referert til tilsvarande mål for 2010 med omsyn til heilskapen. Prioriteringar Helsedirektoratet sine prioriteringar for arbeidet i 2011: Bidra til gjennomføring av nasjonal helse- og omsorgsplan Samhandlingsreforma Omsorgsplan 2015 Opptrappingsplan for rusfeltet Understøtte utvikling og omstillingsprosessane i dei psykiske helsetenestene i tråd med nasjonale føringar Oppgåver knytt til spesialistgodkjenning Oppfølging av St.meld. nr. 12 (2008-2009) en gledelig begivenhet Tannhelse Nødnettprosjektet Nasjonale mål for for helse- og omsorgstibodet Alle skal ha eit likeverdig tilbod av helse- og omsorgstenester uavhengig av diagnose, bustad, personleg økonomi, kjønn, etnisk bakgrunn og den einskilde sin livssituasjon. Helse- og omsorgstenesta skal vera heilskapleg og samanhengande tenestetilbod av god kvalitet, med høg pasientsikkerheit og tilpassa den enkelte brukar. Den kommunale omsorgstenesta skal utviklast vidare slik at den gjev pasientar og brukarar gode moglegheiter for livskvalitet og meistring. Tenester til menneskjer med demens skal byggast ut. Førebyggande og helsefremmande innsats skal vera med å fremme helse og hindre at sjukdom oppstår og utviklar seg, og at dei med kroniske sjukdomar kan leve best mogleg med sin sjukdom eller funksjonstap. Folkehelsearbeidet skal bidra til fleire leveår med god helse for den einskilde, og redusere sosiale helseforskjellar i befolkninga. Psykisk helse skal fortsatt prioriterast. Det skal spesielt leggast vekt på psykisk helse for barn og unge. Førebygging og tidleg innsats skal hindre at rusproblem oppstår. Oppfølging av rusmiddelavhengige i kommunane, i tannhelsetenesta, i fengsla og i spesialisthelsetenesta skal samordnast. Hovudbodskap for kommunane i 2010 Det førebyggande arbeidet i kommunane skal styrkast, mellom anna etablere og utvikle lågterskeltilbod med lærings- og meistringsaktivitetar. Mindre kommunar bør samarbeide for å løyse kompetansekrevande oppgåver i tenesta. Etablere samarbeidsavtaler mellom helseforetak og kommunar. Samarbeide om å etablere lokalmedisinske sentre, som skal avlaste sjukehusa. Styrke elektronisk kommunikasjon ved å ta i bruk elektronisk pasientjournal i pleie og omsorgstenestene, Norsk helsenett og ta i bruk elektronisk signering av sjukemeldingar. Helsedirektoratet har behov for å kunne kommunisere elektronisk med aktørane i helsetenesta. 3.1 Omsorgsplan 2015 For å møte dagens og framtidas omsorgsutfordringar la regjeringa den 22.09.06 fram St.meld nr. 25 (2005-2006) Omsorgsplan 2015 med undertittel Mestring, muligheter og mening framtidas omsorgsutfordringer. Omsorgsplan 2015 dekker heile livsløpet og er ei satsing for alle brukarar av omsorgstenesta uavhengig av alder, diagnose eller funksjonshemming.

12 Nasjonale mål og føringar Den overorda målsettinga for dagens og framtidas omsorgstenester er å bidra til at den enkelte kan fortsette å leve eit trygt, meiningsfullt og mest mogleg sjølvstendig liv på tross av krevande livsutfordringar, sosiale og helsemessige problem eller funksjonssvikt. Befolkninga skal få tilgang til eit tilfredsstillande og mest mogleg likeverdig tenestetilbod. 5 langsiktige strategiar for å møte framtidas omsorgsutfordringar: Kvalitetsutvikling, forsking og planlegging Kapasitet og kompetanseheving Samhandling og medisinsk oppfølging Aktiv omsorg Partnarskap med familie og lokalsamfunn Omsorgsplan 2015 I Omsorgsplan 2015 blir strategiane konkretisert i ulike tiltak. Planen skal bidra til å betre kvaliteten, kompetansen og kapasiteten i omsorgstenesta, styrke kunnskapsgrunnlaget, betre det medisinske tilbodet til brukarar av omsorgstenesta, styrke sosial og kulturell aktivitet i tenestene og utvikle partnarskap med brukarar, pårørande og lokalsamfunn. Kompetanse- og rekrutteringsplanen Kompetanseløftet 2015 blir vidareført, slik at leiarutdanning og vidare- og etterutdanningstilboda blir utvida og at ufaglærte får tilbod om fagutdanning. Omsorgsplan 2015 lyftar fram fire hovudsaker: 10 000 nye årsverk 12 000 nye omsorgsplassar Demensplan 2015 Kompetanseløftet 2015. Det er vedteke ei samla styrking av tiltak i Omsorgsplan 2015 for å auke kompetansen om aktiv omsorg, ernæring, nevrologiske lidingar og demens, og til utvikling av ei ny opplæringspakke innan leiing, samt ekstra midlar til den kulturelle spaserstokken og investeringstilskot til omsorgsplassar. 3.2 Samhandlingsreforma Regjeringa la den 19.06.09 fram St. meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen med undertittel - Rett behandling på rett sted til rett tid. Vedteke 27.04.2010 Trer i kraft frå 01.01.2012. Helse- og omsorgsutfordringane står i fokus, og hovudutfordringane er knytt til både eit pasientperspektiv og eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Vurdert i forhold til båe perspektiva bygger stortingsmeldinga på at betre samhandling bør vera eit av helse- og omsorgssektorens viktigaste utviklingsområde framover. Samhandling Samhandling er uttrykk for helse- og omsorgstjenestenes evne til oppgavefordeling seg imellom for å nå et felles, omforent mål, samt evnen til å gjennomføre oppgavene på en koordinert og rasjonell måte. St.meld. 47/(2008/2009) Meldinga tek utgangspunkt i at samfunnet står overfor store helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske utfordringar. Målet er ei helse- og omsorgsteneste som i framtida svarar både på pasientane sine behov for eit samanhengande tenestetilbod og på dei store samfunnsøkonomiske utfordringane blant anna knytt til demografisk utvikling og livsstilssjukdomar. Samhandlingsreforma skal bidra til å gje pasientane eit betre og meir heilskapleg helse- og omsorgstilbod. Samhandlingsreforma legg til grunn at den forventa behovsveksten i helse- og omsorgstenesta

Nasjonale mål og føringar 13 i størst mogleg grad må finne si løysing i kommunane. Kommunane må rustast opp og gjevast insitament til å fremme helse, forhindre sjukdomsutvikling, avgrense innleggingar i sjukehus, og auke den enkelte sin meistringsevne. Den nye kommunerolla inneber både eit styrka tverrsektorelt arbeid og ei styrking av førebyggande helsetenester. St.meld. 47/2008-2009 (Samhandlingsreforma) trekker fram følgjande utfordringar: Pasientane sine behov for koordinerte tenester blir ikkje i møtekome godt nok fragmenterte tenester. Det er manglande heilskap i pasientforløp mellom nivå som yter tenester til pasient/ brukar. Tenestene blir prega av for liten innsats for å avgrense og førebygge sjukdom. Helsetenesta har stort fokus på behandling av sjukdomar og seinkomplikasjonar, framfor tilbod innretta på å meistre og redusere kronisk sjukdomsutvikling. Vi har i dag ikkje gode nok system for å analysere og bestemme korleis ressursane bør setjast inn i dei ulike ledda i kjeda frå førebygging, diagnosearbeid, behandling og rehabilitering. Demografisk utvikling og endring i sjukdomsbildet gjev utfordringar som vil kunne truge samfunnets økonomiske bæreevne. Det blir fleire eldre og fleire med kroniske og samansette sjukdomstilstandar. Kols, diabetes, demens, kreft og psykiske lidingar er sjukdomar som er i sterk vekst, og blir samtidig grupper med store og dermed aukande samhandlingsbehov. Hovudgrep Lik tilgang til gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av personleg økonomi og bustad, skal fortsatt vera den viktigaste bærebjelken i den norske velferdsmodellen. Regjeringa fremma 5 hovudgrep for å møte dagens og framtidas utfordringar i St.meld. 47 (2008-2009): Klarere pasientrolle Ny framtidig kommunerolle. Etablering av økonomiske insentiv. Spesialisthelsetenesta skal utviklast slik at den i større grad kan bruke si spesialiserte kompetanse Legge til rette for tydelegare prioriteringar Klarare pasientrolle Gode heilskaplege pasientforløp bør i større grad enn i dag bli ei felles referanseramme for alle aktørar i helse- og omsorgstenesta. Forløps-tenkinga har som mål å bidra til at alle system og tenester blir retta inn mot hjelp, slik at den enkelte kan meistre sitt liv eller gjenopprette funksjonar/eigenmeistring i størst mogleg grad. Regjeringa vil etablere ei lovpålagt plikt til å sørgje for at pasientar med behov for koordinerte tenester får ein person som kontaktpunkt i tenestene. Med dei utfordringane som helsetenesta står overfor, vil det bli ein viktigare del av helsepolitikken å legge til rette for det ansvar som befolkninga må ta for eiga helse. Forløp Forløp er den kronologiske kjeden av hendelser som utgjør pasientens møte med ulike deler av helse- og omsorgstjenestene. Gode forløp kjennetegnes ved at disse hendelsene er satt sammen på en rasjonell og koordinert måte for å møte pasientens ulike behov. St.meld.47(/2008-2009) Ny framtidig kommunerolle Kommunane si rolle i den samla helse- og omsorgspolitikken blir vurdert endra, slik at dei i større grad enn i dag kan oppfylle ambisjonane om førebygging og innsats i tidlege fasar av sjukdomsforløpa. Kommunar med større kompetanse for helse- og omsorgstenesta får betre føresetnader for å svare på krava frå pasientar med kroniske sjukdomar.

14 Nasjonale mål og føringar I samhandlingsreforma legg ein til grunn at den forventa veksten i behov i ei samla helseteneste i størst mogleg grad må finne si løysing i kommunane. Kommunane skal sørgje for heilskapleg tenking med førebygging, tidleg intervensjon, tidleg diagnostikk, behandling og oppfølging, slik at heilskaplege pasientforløp i størst mogleg grad kan bli ivareteke innanfor beste effektive omsorgsnivå (BEON). Eit sentralt poeng i meldinga er at kommunane kan sjå helse- og omsorgssektoren i samanheng med dei andre samfunnsområda der dei har ansvar og oppgåver. I utviklingsarbeidet må ein vera merksam på spekteret av ulike fagprofesjonar og gjera bruk av faglege eigenskapar og fortrinn hjå den enkelte gruppe. Ei tilrettelegging av tenestetilbodet som medfører at sjukdomsutviklinga blir hindra, eller utsett, er bra både for folket si helse og for samfunnet sin økonomi. Ein bør identifisere behov og setja inn tenester så tidleg som mogleg. Dette vil vera med å forhindre sjukdomsutvikling og auke meistringsevna hjå den enkelte. Dette er og viktig for å redusere omfanget av personar som heilt eller delvis mistar kontakta med arbeidslivet på varig basis som følgje av helsemessige problem, jf. NAV-reformen. Oppgåvene vil måtte løysast ut frå lokale forhold der nødvendig kompetanse er ein av hovudnøklane. Det blir lagt opp til eit forpliktande avtalesystem mellom kommunar/ samarbeidande kommunar og helseforetak om blant anna oppgåvefordeling og samarbeid. Det praktiske opplegget må gje høve til fleksibilitet for å fremme dei beste effektive løysingane til pasientenane sitt beste. Systemet må derfor gje rom for lokale tilpassingar ut frå omsyn til geografi, befolkningssamansetting, infrastruktur, avstand til lokalsjukehus mv. Kommunane må vurdere om dei er i stand til å levere disse tenestene på eiga hand, i samarbeid med andre kommunar, eller om det er mest hensiktsmessig at dei blir utført i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene kan delast i to hovudkategoriar; kompetansekrevjande funksjonar og administrasjons- og systemoppgåver. Kompetansekrevjande funksjonar er ofte av tverrfagleg art og krev i nokon grad spesialisert kompetanse for å sikre gode og effektive tenester. Dette kan vera tenester både i og utanfor institusjon. Som aktuelle eksempel på framtidige kommunale oppgåver vurderast bl.a: tilbod før, i staden for etter, sjukehusopphald døgnplassar for observasjon, etterbehandling, lindrande behandling, rehabilitering og habilitering tverrfaglege team, også ambulante team lærings- og meistringstilbod og eigenbehandling For psykisk helsevern og rus: førebygging, tidleg intervensjon og lågterskeltilbod forsterka bu- og tenestetilbod i kommunen ved psykiske lidingar ambulante team lågterskel helsetilbod til rusavhengige Regjeringa vektlegg vidareutviklinga av tydelege og strukturerte ansvars og styringssystem for å sikre ein heilskapleg og systematisk oppfølging av den enkelte brukar, og vil søke å styrke kommunane som ein likeverdig samhandlingspartnar til spesialisthelsetenesta. Etablering av økonomiske insentiv Når det blir argumentert med at systematisk satsing på kommunehelsetenesta vil dempe presset på spesialisthelsetenesta, er dette særleg knytt til to forhold. For det først at samfunnet i dag satsar for lite på målretta og effektfulle førebyggingstiltak. For det andre at eit avgrensa tilbod av relevante kommunale tenester presser fram bruk av sjukehustenester som ikkje er nødvendig ut frå faglege vurderingar. Spesialisthelsetenesta skal utviklast slik at den i større grad kan bruke si spesialiserte kompetanse I samhandlingsreforma er det ein ambisjon å styrke spesialisthelsetenestas føresetnader for å

Nasjonale mål og føringar 15 kunne levere gode spesialiserte helsetenester til befolkninga. Dette kan primært skje på to måtar. For det første vil ei rettare oppgåvedeling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta legge til rette for at spesialisthelsetenesta i større grad kan konsentrere seg om oppgåver der dei har sine fortrinn, dei spesialiserte helsetenestene. For det andre kan eit sterkare søkeljos på dei heilskaplege pasientforløpa legge betre til rette for at pasientar med behov for spesialiserte tenester finn fram til tenestestadane som har den aktuelle kompetansen. Tilrettelegge for tydelegare prioriteringar Problemet med manglande heilskap understrekar at myndigheitene heller ikkje har eit tilstrekkeleg koordinert beslutningssystem for helse- og omsorgstenestene. Med dei utfordringane som følgjer av demografisk og epidemiologisk utvikling, må det arbeidast for at fleire av dei framtidige prioriteringsavgjerdene blir retta inn mot heilskapen i dei pasientforløp som svarar på dei aktuelle behova. Ein må unngå at prioriteringsavgjerdene blir knytte til deltenester av det samla forløpet, med risiko for at desse er dårleg tilpassa kvarandre. Nasjonal helseplan skal vidareutviklast til å bli eit meir operativt reiskap for prioriteringar innan den samla helse- og omsorgsteneste. Hovudbodskap for kommunane i 2011 Implementering av nye helselover Det blir fremja to proposisjonar til Stortinget i løpet av 2011. Ny folkehelselov og lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Sosial- og helsetenesta skal få eit harmonisert og samanslått lovverk, som blant anna skal setja fokus på auka samhandling, kommunane sitt overordna ansvar og krav til pasientsikkerheit og kvalitet. Nødvendig informasjon og opplæring om lovverket er fyrste steg. Samhandlingstiltak og samarbeidsavtaler Helsedirektoratet forventar at koordinerande einingar for habilitering og rehabilitering blir synlege og lett tilgjengelege for brukarar og samarbeidande etatar. Det er og forventa eit samarbeid mellom kommunar, mellom kommunane og spesialisthelsetenesta og med høgskuleog universitetssektoren om vidareutvikling av tenestetilbodet. Det blir gjennom ny kommunal helse- og omsorgslov foreslått ei lovpålagt plikt om avtaler mellom kommunar og helseforetak, der ein skal innlemme samarbeid om kompetanseheving. Styrking av helsefremmande og førebyggande arbeidet Eit viktig bodskap i samhandlingsreforma er at dei førebyggande helsetenestene i kommunane skal styrkast. Det gjeld styrking av samhandling mellom ulike nivå og tenester, tverrfagleg helsestasjons- og skulehelseteneste, heimebesøk etter fødsel m.m. Prioritering av fall- og ulykkesførebyggande tiltak retta mot eldre, slik at brotskadar og sjukehusinnleggingar blir redusert. Etablering av frisklivstilbod er og vektlagt. Omsorgsplan 2015 Viser til det som står under 2010. Det er vidare understreka at kommunane skal følgje opp forskrift om ei verdig eldreomsorg, og setja i gang tiltak for å oppfylle formålet med denne. Eigne rekrutterings- og opplæringsplanar, der helsefagarbeidarar blir gjeve høg merksemd, og at kommunane legg til rette for tilstrekkeleg opptak av lærlingar i helsearbeidarfaget. Vidare skal ein ha fokus på tiltak og målsettingar som omfattar legeteneste i sjukeheim, fagutvikling, tenesteutvikling og kompetansetiltak innan dei ulike fagområda. Rus- og psykisk helsearbeid Psykisk helse og rus er fortsatt høgt prioriterte områder. Betre tilgjengelegheit skal vektleggast. Det er ønskt styrking av tilbodet til eldre og tilrettelegging av gode tilbod til personar med langvarige og samansette lidingar. Barn og unge er ei gruppe som treng tilgjengelege lågterskeltilbod.

16 Nasjonale mål og føringar System for heilskaplege og koordinerte tenester Samhandlingsreforma handlar om å knyte helsetenesta saman over sektorgrenser, både kommunalt og innan spesialisthelsetenesta. Slik skal helsetenesta framstå som heilskapleg og koordinert gjennom heile pasientforløpet. Kommunane blir bedne om å legge til rette for heilskaplege og koordinerte tenester, og ha oversikt over endring i befolkningssamansettinga som følgje av migrasjon og dei ulike behova som kan oppstå for språkleg og kulturell tilrettelegging av tenestene. For å yte likevrdige tenester kan det bli nødvendig med auka fleksibilitet og og individuell tilpassing. Koordinerande eining skal ivareta oppgåver i samsvar med gjeldande regelverk og lover, sjå etter at kommunen har eit system som ivaretek ordninga med individuell plan og planlegge fastlegetensta i ei heilskapleg helse- og omsorgsteneste. Kommunen skal og samarbeide med tannhelsetenesta for å sikre at eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie får den tannhelsehjelpa dei har rett til. Internkontroll og kvalitet Det blir tilrådd å bruke kvalitetsindikatorar/iplos i planlegging og utforming av tenestetilboda. Arbeid med internkontroll og kvalitet er prioritert. Det skal rapporterast pr. 31.12.2011 til Fylkesmannen om kommunen har oppretta kvalitetsutval for helse- og omsorgstenesta. Nasjonal pasientsikkerheitskampanje blir igangsett med mål om å redusere pasientskadar i Noreg. Innsatsområda er: rett legemiddelbruk, reduksjon av infeksjonar, hjerneslag og psykiatri. E-helse. Det er viktig at alle som handsamar helse- og personopplysingar sørgjer for tilfredsstillande informasjonssikkerheit. Norm for informasjonssikkerheit skal vera eit hjelpemiddel for verksemdas arbeid og er ein føresetnad for forsvarleg kommunikasjon mellom aktørane. Det blir forventa at kommunane knyter seg til Norsk helsenett og tek i bruk meldingsutveksling. Kommunane skal og etablere system som av beredskapsomsyn sikrar effektiv elektronisk kommunikasjon med fastlegane. 3.3 Omsorgsteknologi Formålet med omsorgsteknologi: 1 Frå eit brukar og pårørande perspektiv: Auka sjølvhjelp (forebygging) Auka tryggleik Betre livskvalitet 2 Frå eit utøvar/tenesteperspektiv Styrke og sikre informasjonsflyt Forenkle/rasjonalisere arbeidsoppgåver/arbeidsflyt Optimalisere tenestefordeling

Nasjonale mål og føringar 17 Omsorgsteknologi IKT-baserte løsninger til bruk i omsorgstjenestene. Kroppssensorer eller bisensorer kan brukes til å overvåke helsetilstand. Måling og evaluering av for eksempel hjerterytme, lungekapasitet eller blodverdier, kan auke kronikeres mulighet for hjemmebasert behandling, medisinering eller autoamatisk tilkalling av akutt hjelp. Smarthusteknologi er teknologi installert i boliger. Den kan brukes til å overvåke, varsle og utføre handlingar etter valgte kriterier. En Smarthus-installasjon kan f.eks styre lys, varme, dører, vinduer og varsle fall, brann eller vannlekkasjer. Sporingsteknologi. I dag finnes GPS-løsninger som kan bæres på kroppen, festes på en rullator eller liknende. Automatiserte maskiner eller roboter kan bidra til å løse praktiske oppgaver i hjemmet - som rengjøring, personlig service og hygiene, funksjonsstøtte og rehabiliteringshjelp. I tillegg finnes sosiale roboter for underholdning og stimuli. Administrativ teknologi er datasystemer som kan brukes til å forbedre arbeidsflyt med tids- og funksjonsplanlegging, forenkle samhandling mellom ulike aktører, tilgjengeliggjøre og sammenstille informasjon. Bruk av bærbare enheter muliggjør økt mobilitet. Kjelde: Teknologirådet Norge Helsenett Elektronisk samhandling Nasjonal strategi for elektronisk samhandling 2008-2013 Samspill 2.0 har eit mål om at alle kommunar i løpet av strategiperioden skal ha kome i gang med elektronisk samhandling internt, med fastlegane, med spesialisthelsetenesta og med offentlege etatar. Dette skal realiserast gjennom eit nasjonalt meldingsløft og et eige kommuneprogram. eresept Dei regionale helseforetaka skal bidra til å spreie elektronisk resept både i helseføretaka og i sjukehusapoteka. Gjennom eresept blir Statens legemiddelverk den sentrale leverandør og forvaltar av grunnlagsdata overfor rekvirentars utskriving av legemidlar og medisinsk forbruksmateriell ( forskrivnings- og ekspedisjonsstøtte FEST ). Helseforetaka må utvikle løysingar mot eresept som bygger på FEST. Nytt digitalt nødnett Innføring av første byggetrinn av nytt digitalt nødnett er planlagt gjennomført innan utgangen av 2010 i helseforetak og kommunar, sett i ljos av behova i dagleg drift og i beredskapssituasjonar. EPJ (elektronisk pasientjournal) blir brukt som dokumentasjon i pleie- og omsorgsavdelinga. Innført 2009/2010. Mobil Profil er ein PDA lita bærbar datamaskin som heimesjukepleia har med seg ut til pasientane. Denne kan kommunisere med datamaskinen på kontoret. Ein kan dermed innhente seg nødvendig informasjon og dokumentere i heimen om det er ønskjeleg.

18 Status i dag - Utviklinga i omsorgstenesta Administrasjonssjef Ola Helstad Staben Støttefunksjonen Egil Haug Garmo oppvekstsenter Nina Ophaug Loar skule Marit Rossehaug Lom ungdomsskule Tore Mundal Loar barnehage Ragnhild Vestad Miljø, teknisk, næring Terje Hoel og Sander Sælthun Helse og velferd Bjørn Bakke Pleie og omsorg Reidun Øvre Øygard Administrativ organisering i Lom kommune 4 Status i dag - Utviklinga i omsorgstenesta Kommunane har ansvaret for tenestetilbodet til alle med behov for omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. Den kommunale helse- og omsorgstenesta har dei siste 20 åra fått tilført mange nye oppgåver og hatt ein stor tilvekst av nye brukargrupper. Kommunehelsetenestelova, sjukeheimsreforma, reforma for menneske med psykisk utviklingshemming og opptrappingsplan for psykisk helse står som viktige milepælar i denne utviklinga, som har lagt grunnlaget for eit omfattande tenestetilbod på lokalt nivå. Også innan helseområdet har det vore ei betydeleg utvikling i oppgåveløysinga, både i tenester som blir utført innan den kommunale forvaltninga og i tenester som blir levert av eksterne aktørar slik som fastlegane og fysioterapeutar med avtale. En auke i aktiviteten i spesialisthelsetenesta, og omlegging av drifta med kortare liggetid og overgang til meir dagbehandling og poliklinisk verksemd, har også medført at fleire oppgåver enn tidlegare i stor grad blir løyst i kommunehelsetenesta. 4.1 Dagens organisering av pleie- og omsorgstenestene I dag er pleie- og omsorgstenestene samordna med ein felles leiar for heimebaserte og institusjonsbaserte tenester med direkte linje til administrasjonssjefen. Sjukepleiar 1 heimebaserte tenester, sjukepleiar 1 institusjonsbaserte tenester og vernepleiar 1 heimebaserte tenester har vidare det faglege og personalmessige ansvaret for sine avdelingar. Synt under med deltenestene Sjukepleiar 1 Avd. 1,2,3,4 Fredly Kjøkken Matombringing Vaskeri Aktivitør Rehabilitering Vernepleiar 1 Arbeidssenter Krokamyre AFF Miljøarbeid x 2 BPA Omsorgsløn Støttekontakt Rehabilitering Sjukepleiar 1 Heimesjukepleie Praktisk hjelp Omsorgsbustadar Trygdebustadar Tryggleiksalarmar Rehabilitering Dagens mål og perspektiv for pleie- og omsorg Tilbodet skal vera fleksibelt, differensiert og ha god kvalitet, tilpassa den einskilde brukar og dei næraste pårørande. Tenestene skal fungere som ein heilskap og tilgjengelege ressursar skal nyttast mest mogleg effektivt. Mål for heimebasert omsorg Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, uansett alder, diagnose eller bustad i Lom. Mål for institusjonsbasert omsorg Målet er å ivareta behova for omsorg, tryggleik og trivsel for den einskilde. 4.2 Oversikt/omfang av dagens tenesteyting. Serviceerklæringar for alle deltenester ligg som vedlegg. Dei kan og sjåast på heimesida www.lom.kommune.no Du finn og søknadsskjema og adresse for søknad der. I løpet av fyrste halvvår er målet ei felles adresse for søknadar gjennom Koordinerande eining. Dagtilbod til heimebuande personar med demens. Prøveordning 1 dag i veka med inntil 6 pasientar starta opp hausten 2009 og er eit samarbeid mellom institusjonsbasert og heimebasert omsorg. Tilbodet vart etablert fast frå 2011 og lagt under heimesjukepleia. I fylgje ny lov om folkehelse er det viktig å satse på arenaer som eit slik dagtilbod representerer.

Status i dag - Utviklinga i omsorgstenesta 19 Lom helseheim har i alt 41 plassar. Desse er fordelte på 32 sjukeheimsplassar og 9 plassar på skjerma eining. Tenesta er eit tilbod om heildøgnspleie, omsorg og behandling i sjukeheim. Det har i dei siste to åra vore overbelegg på Helseheimen og det har såleis vore vanskeleg å tilby avlastning, korttidsopphald og rehabilitering i stor nok grad, da plassane har vore belagt med pasientar på langtidsplassar ut frå helsemessige behov. Det blir søkt å bruke 4 rom til desse formåla. For at rehabilitering skal vera vellykka avheng det av at vi får nok tenester frå fysio- og ergoterapi i tillegg til opphalda på institusjon. Hjelpa vert tilpassa den enkelte bebuar ut frå faglege vurderingar. Sakshandsamingstid på 3 dagar. Heimesjukepleia er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev hjelp til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for nødvendig helsehjelp. Ein legg tilrette for at dei som vil skal få bli buande i eigen heim så lenge dei sjølve ønskjer det. Ein har i dag eit stabilt pasientgrunnlag på mellom 80 og 90 pasientar. Behovsveksten kjem fyrst og fremst i heimetenesta dei neste åra. I dag er det helgene som er mest pressa og ein kan ikkje ta mange fleire pasientar på dagens bemanning. Fram til 2030 har vi 111 fleire personar enn i dag i aldersgruppa 70 79år og 43 fleire i aldersgruppa 80år+. Ut frå statistikk er det grunn til å tru at det er dette området som må styrkast mest framover. Behovet her inntrer før behovet på institusjon. Med såpass mange fleire i aldersgruppa 70 79 år vil det krevja fleire hender i arbeid. Skjerma avd. Fredly Avdelinga har 9 plassar for langtidsopphald for personar med demens. I tilknyting til avdelinga vart det 2005 laga ein sansehage. Seinare kom eit eige erindringsrom som tilsette laga til. Utfordringane er å ha nok kompetanse for å takle dei spesielle behova desse pasientane har. Heimehjelp/praktisk hjelp Innbyggjarane får tildelt hjelp som bidreg til at dei kan bu heime, og førebygge behov for høgare omsorgsnivå. Ein ser det som viktig å kunne gje hjelp etter individuell vurdering for å halde oppe den enkelte sitt meistringsnivå. Arbeidsoppgåver brukarane sjølve ikkje kan utføre vil bli prioritert. Det er i dag ca 80 personar fordelt over heile bygda som mottek denne ordninga, som er ei betalingsteneste der ein betaler etter nettoinntekt av den samla skattbare inntekta for husstanden før særfrådrag. Storparten av dei som mottek praktisk hjelp er heimebuande eldre og einslege med varierande hjelpebehov. Det er vanskeleg å rekruttere heimehjelper. Miljøarbeidartenesta Tenesta gjev praktisk hjelp og opplæring til personar som på grunn av funksjonshemming/ psykisk utviklingshemming treng spesiell tilrettelegging, opplæring og oppfølging i dagleglivets aktivitetar og fritid. Tenesta blir gjeve i heimane og er uavhengig av buform. Basisen i arbeidet er målretta miljøarbeid. Pr 01.07.10 er det 10 personar som har vedtak om miljøarbeidsteneste frå heimebasert omsorg. Fleire yngre personar med funksjonshemming skal ha tenester og butilbod dei næraste åra. Støttekontakt Støttekontakt er ei teneste som skal gje personar med særlege behov for hjelp ei meiningsfull fritid, sosialt samvær og vennskapleg rådgjeving og hjelp. Støttekontaktordninga omfattar hjelp og følgje til kulturarrangement, besøk, og andre sosiale aktivitetar. Støttekontakt kan tildelast personar som har behov for dette pga funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Pr 01.07.10 er det 24 vaksne personar som har vedtak om støttekontakt. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) BPA er ei alternativ organisering av praktisk eller personleg hjelp til personar med sterk funksjonshemming, som har behov for hjelp i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Målet er å bidra til at brukaren får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for omfattande funksjonshemming.

20 Status i dag - Utviklinga i omsorgstenesta Borgarstyrt personleg assistanse byggjer på prinsippet om brukarstyring. For å få innvilga ordninga med brukarstyrt personleg assistanse må du ha eit permanent/ langvarig hjelpebehov av omfattande karakter, uavhengig av funksjonshemmingar, diagnose eller buform. Den primære målgruppa er brukarar med samansette og omfattande hjelpebehov som er i stand til å ta arbeidsleiarrolla, og som har eigeninnsikt og ressursar til eit aktivt liv i og utanfor bustaden. Brukaren har arbeidsleiarrolla sjølv, og tek på seg ansvar for organisering og innhald i BPA. Arbeidsgjevarrolla har brukaren sjølv, kommunen eller eit andelslag som heiter Uloba. Pr 01.07.10 er det 6 personar som har vedtak om BPA i Lom kommune. Omsorgsløn Målgruppe for omsorgsløn er omsorgsytarar, som oftast nære pårørande, som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Det skal vera ei vurdering av heilskapen. Omsorgsløn kan vera stimuli for å kunne halde ut omsorgsbyrda noko lengre. Ein har høve til å ta omsyn til kommuneøkonomien. Fylkesmannen kan overprøve eit avslagsvedtak. Pr 01.07.10 er det 3 personar som mottek omsorgsløn i Lom kommune. Arbeidssenter Lom arbeidssenter er med å gjeva vaksne personar med ulike typar funksjonshemming ein meiningsfull kvardag. Det blir lagt til rette for eigenutvikling, meistring og trivsel. Arbeidssenteret har vore noko nytta av Nav til arbeidsutprøving av sjukmeldte. Arbeidssenteret held til i Eggjalia utleigebygg. Dette er eit industrilokale som eignar seg dårleg til brukargruppa som er der. Behov for nye lokalar. Prosjekt Koordinerande eining er eit prosjekt som er godt i gang og som ein ventar seg erfaring frå ved årsskiftet og komande år. Lykkast ein med dette er det å sjå på som ein ny og framtidsretta måte å organisere tenestene på. Eigen rapport er skrive. koordinerande eining er lovpålagt og vert å sjå på som eit viktig reiskap i arbeidet med samhandlingsutfordringane som den nye kommunerolla vil presentere i ytinga av helsetenester. Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering er ei fast stilling på stabsnivå i kommunen, og skal vera felles adresse for søknadar og henvisningar til dei kommunale helse- og omsorgstenestene, frå 2.linetenesta og andre samarbeidspartar. Koordinerande eining skal og vera ein informasjonsportal for brukarar/ pasientar, pårørande og tenesteytarar i kommunen som har spørsmål knytt til rettar, tilbod, opplæring, og bruk av Individuell plan. 4.3 Samarbeid med andre tenesteområde og friviljuge aktørar Helse/velferd representerer hovudområde for samarbeid, gjennom legetenesta, psykiatri, sosialtenesta,, vaktsentralen, fysioterapi og ergoterapi. Utan tilstrekkeleg og nok omfang på desse tenestene blir det umogleg å drive gode pleie- og omsorgstenester. NAV har ei viktig rolle i høve oppfølging av sjukmeldte og ulike trygdeytingar. Det er og rett å peike på den sentrale rolla MTN (miljø, teknisk, næring) har i høve tilrettelegging av bygg og uteareal, gjennom universell utforming. Når det gjeld overgang frå ungdom til vaksenliv, personar med funksjonshemming som er medfødt eller erverva i vaksenalder, er skule ein viktig samarbeidspart. Opplæringslova regulerer opplæring til blant anna personar med hjerneslag, som har fått afasi og treng språkopplæring. Det er kommunen sitt ansvar å sørgje for grunnskuleopplæring og spesialpedagogisk hjelp jf. opplæringslova 13-1, det inngår og vaksenopplæring innanfor grunnskulenivå jf. 4a-4. Friviljuge aktørar er ein stor ressurs for pleie- og omsorg. I dag gjer dei innsats ved besøksog handleteneste, sosiale aktivitetar, følgjeteneste til sjukehus, matombringing etc. Gode medhjelparar som har tid.