2
Innhald Forord.......... 4 1.0 Samandrag......... 5 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga..... 6 3.0 Området......... 7 4.0 Kulturhistorisk riss........ 8 4.1 Automatisk freda kulturminne...... 8 4.2 Nyare tids kulturminne....... 8 4.3 Lausfunn......... 9 5.0 Strategi og metode........ 9 5.1 Visuell overflateregistering...... 9 6.0 Undersøkinga........ 9 6.1 Synlege strukturar...... 10 6.2 Dokumentasjon........ 11 7.0 Konklusjon......... 12 8.0 Litteraturliste......... 13 9.0 Vedlegg......... 13 3
Forord Eit kulturminne er eit spor etter menneskeleg liv og virke i vårt fysiske miljø, som til dømes ein bygning, ein veg, eit gravminne, ein steinalderbuplass, ei kokegrop eller eit jarnvinneanlegg. Det kan også vere stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til. Kulturminna representerer både uerstattelege kjelder til kunnskap om fortidige samfunn, og ein ressurs for oppleving og bruk i dag og i framtida. Kulturminne frå forhistorisk tid og mellomalder (eldre enn 1537) er automatisk freda i kraft av sin høge alder, jf. Kulturminneloven 4. Frå tida før skriftlege kjelder, er dei materielle leivningane dei einaste kjeldene til å forstå menneska og det samfunnet dei levde i. Kulturminne frå nyare tid (yngre enn 1536) kan også ha høg verdi. Særleg verdifulle kulturminne kan bli vedtaksfreda, jf. Kulturminneloven 15 og 19. Alle type kulturminne og kulturmiljø kan dessutan bli verna som omsynssonar, jf. Plan og bygningsloven 11-8. HOVEDPERIODE UNDERPERIODAR 14C-ÅR (før notid) KALENDERÅR Eldre steinalder Tidlegmesolitikum 10000 8500 b.p. 9200 7500 f.kr. Mellommesolitikum 8500 7500 b.p. 7500 6400 f.kr. Seinmesolitikum 7500 5200 b.p. 6400 4000 f.kr. Yngre steinalder Tidlegneolitikum 5200 4600 b.p. 4000 3300 f.kr. Mellomneolitikum A 4600 4100 b.p. 3300 2600 f.kr. Mellomneolitikum B 4100 3800 b.p. 2600 2300 f.kr. Seinneolitikum 3800 3500 b.p 2300 1700 f.kr. Bronsealder Eldre bronsealder 3500 2900 b.p. 1700 1100 f.kr. Yngre bronsealder 2900 2440 b.p 1100 500 f.kr. Eldre jarnalder Førromersk jarnalder 2440 2010 b.p. 500 f.kr. 0 Eldre romartid 2010 1840 b.p. 0 200 e.kr. Yngre romartid 2010 1680 b.p. 200 400 e.kr. Folkevandringstid 1680 1500 b.p. 400 570 e.kr. Yngre jarnalder Merovingertid 1500 1210 b.p. 570 800 e.kr. Vikingtid 1210 1000 b.p. 800 1030 e.kr. Mellomalder Mellomalder 1030 1536 e.kr. Nyare tid Nyare tid 1537 e.kr. Figur 1. Kronologiske perioder Då kun eit fåtal av alle kulturminne er kjent, er kulturminneforvaltninga avhengig av arkeologiske registreringar for å kunne uttale seg til plansakar, jf. Kulturminneloven 9. Om ei planlagt utbygging kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltakshavar søke om dispensasjon frå lovverket. Ved ei slik «frigjeving» blir det føresett at tiltakshavaren dekkjer utgiftene til nødvendige arkeologiske undersøkingar, jf. Kulturminneloven 10. På denne måten vil ikkje kunnskapen om kulturminna gå tapt, men bli dokumentert for framtidige generasjonar. 4
1.0 Samandrag Denne arkeologiske undersøkinga blei føreteke på Kvennset, gbnr. 43/1 i Nesset kommune, i samband med reguleringsplan for Kvennsetfjellet hytteområde. Feltarbeidet blei utført av Kristoffer Dahle den 15. juni 2011, og rapporten blei ferdigstilt 20. juni. Totalt blei det nytta 10 timar på saken. Av metodar blei det berre nytta visuell overflateregistrering. Det blei ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne innanfor planområdet. 5
2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga Bakgrunnen for denne arkeologiske registreringa er reguleringsplan for Kvennsetfjellet hytteområde. Forslaget grenser til eksisterande reguleringsplan for Eidshaugområdet på Meisalfjellet. Planlagt hyttefelt er lagt i terrenget og delvis samla i klynger på tørre parti. Ingen vegar er planlagt i området. Figur 2. Plankart Før planarbeidet kunne godkjennast blei det stilt krav om arkeologisk registrering, med formål å undersøke forholdet mellom planområdet og eventuelle automatisk freda kulturminne, jf 9 i kulturminneloven av 9. juni 1978. Vi kjenner lite til forhistoria i fjellet, og området blei vurdert til å ha potensial for funn knytt til beitebruk, ferdsel og fangst. 6
3.0 Området Kvennsetfjellet hytteområde ligg ved austenden av Meisalvatnet, på fjellet sør for Eidsvåg i Nesset kommune. Figur 3. Kart over planområdet Landskapet er småkupert, med spredt hyttebusetnad i området. Vatnet i vest er regulert. Total størrelse er 819 daa. Geologisk består området av myr (brun) og morenejord (grøn). Berget ligg også høgt fleire stader. Figur 4 og 5. Topografisk og geologisk kart over planområdet. 7
4.0 Kulturhistorisk riss Kulturhistoria på Meisalfjellet er lite kjent. Området ligg på grensa mellom ulike setermarker, og kan truleg ha vore nytta som beitemark og kanskje også til fangst. Kart frå slutten av 1800- talet viser også gamle ferdsleårer over fjellet. Figur 6. Historisk kart som viser gamle ferdsleårer omkring Meisalvatnet. 4.1 Automatisk freda kulturminne Ei oversikt over freda kulturminne er å finne på www.kulturminnesok.no, eller som wmsteneste i ein andre nettportalar (t.d. www.gislink.no, www.kulturminneatlas.no) Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne innanfor planområdet tidlegare, men ved Dauen og Storhaugen på motsett side av vatnet er det registrert to tufter (Ringstad 2004, 289). Desse har status som uavklart med omsyn til vern. 4.2 Nyare tids kulturminne Ei oversikt over ein del verneverdige bygningar og andre byggverk frå nyare tid er å finne i det såkalla SEFRAK-registeret. Dette er tilgjengeleg som wms-teneste, mellom anna på www.gislink.no og www.kulturminneatlas.no. Det er ikkje SEFRAK-registrerte bygningar i innanfor planområdet, men slike finns både Liasetra i aust og på Boggesetra i vest. 8
4.3 Lausfunn Ei oversikt over gjenstandar som er innlevert til museum er tilgjengeleg på www.unimus.no/arkeologi. Ein del av desse er også kartfesta og fotografert. Det er ikkje gjort kjente lausfunn i nærleiken av Meisalvatnet. 5.0 Strategi og metode Strategi og metode blei valt ut frå terreng, arealbruk og vegetasjon i området. På grunn av reguleringa av Meisalvatnet blei det ikkje gjort prøvestikk langs vasskanten. Omdårdet blei difor kun visuet overflateregistert. 5.1 Visuell overflateregistrering Metoden inneber at markoverflata blir registrert for å påvise funn av tufter, gravminner, dyrkingsspor o.s.b. Grunnen blir sondert ved hjelp av sonderingsbor, ei ca 1 meter lang metallstang der det er frest ut eit spor som gjer det mogleg å ta ut en profil av grunnen der ein stikk. Ved moglege funn blir det gjerne opna ei sjakt eller eit prøvestikk for å påvise eldstader, golvnivå, dyrkingslag el.l, avgrense kulturminna, og eventuelt ta ut kolprøver for datering. 6.0 Undersøkinga Registreringsarbeidet blei utført av Kristoffer Dahle 15. juni 2011 og utgjorde totalt 6 timar i felt. Det var yr og tåke/lavt skydekke, utan at vêrtilhøva hadde noko innverknad på undersøkinga. Figur 7 og 8. Bilete frå sjølve undersøkinga 9
6.1 Synlege strukturar Det blei totalt påvist to synlege strukturar som blei vurdert og avskrive som automatisk freda kulturminne. I tillegg blei det også registrert eldre hytter frå første halvdel av 1900-talet. Figur 9. Flyfoto, med innteikna strukturar Str. Nr. Type Beskrivelse Prøve Kommentar 1 Tuft Vegetasjonsspor, om lag 4x 5 m. Ingen spor etter kulturlag eller novsteiner Avskrive, kan skuldast lagring av material 2 Vegfar Lang rekke varder langs eldre sti, med om lag 15-30 meter mellom kvar Avskrive, nyare tids kulturminne Figur 10 og 11. Mogleg tuft, struktur 1. 10
Figur 12. Varderekke Figur 13. Flyfoto som viser mogleg tuft (nede t.v.) Figur 14. Eldre hytte med uthus 6.2 Dokumentasjon Synlege struktuar blei fotografert og manuelt kartfesta. Det blei nytta eit Canon EOS 1000D digitalt speilreflekskamera, og teke 41 bilete (sjå vedlegg 1). Bileta er sortert, merka og arkivert ved bruk av Fotostation. 11
8.0 Konklusjon Heile området er visuelt overflaterregistrert jf. Kulturminneloven 9, utan funn av automatisk freda kulturminne. 12
9.0 Litteraturliste Ringstad, Dag. 2004. Jakt og fangst i Nesset. Nesset fjellstyre. 9.0 Vedlegg 1. Fotoliste 13
14
15
16
17
18
19
20