FLORA KOMMUNE Tilleggsinnkalling til Bystyret Møtedato: 19.12.2017 Møtestad: Flora samfunnshus Møtetid: 09:00-18:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er, tlf. 57 75 60 00, eller til organisasjonogpersonal@flora.kommune.no, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemar møter etter nærare innkalling. Alternative framlegg til vedtak i nokon av sakene kan du sende på e-post til framlegg@flora.kommune.no. Flora kommune Ola Teigen ordførar Ester Frøyen formannskapssekretær
Saknr. Tittel Sakliste 135/17 Anløpsregulativ for Alden hamneområde 2018
FLORA KOMMUNE Saksframlegg Saksnr Utvalg Type Dato 135/17 Bystyret PS 19.12.2017 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Jostein Lange Bergset K1-231, K2 - P00 17/2793 Anløpsregulativ for Alden hamneområde 2018 Framlegg til vedtak: Bystyret i Flora kommune godkjenner anløpsregulativet og sakshandsamingsgebyr for Alden hamneområde 2018 slik det ligg føre.
FLORA KOMMUNE Saksopplysingar: Kva saka gjeld: Anløpsavgift og sakshandsamingsgebyr for Alden hamneområde 2018. Innleiing: Hamnerådet i Alden hamneområde vedtok 01.11.2017 å tilrå endringar for avgiftsregulativ gjeldande 2018. Alden hamneområde v/flora Hamn KF sendte over framlegg til avgiftsregulativ for Alden hamneområde til dei forskjellige kommune/bystyra 02.11.2017, men pga ein misforståelse så vart ikkje saka meldt opp for bystyret. Saka bør handsamast innan utgangen av 2017. Avgifta vert kravd innanfor område i samsvar om lov om hamner og farvatn 9. Avgifta er lik innanfor området der kommunen har planmynde etter plan- og bygningslova. Og avgifta skal godkjennast av bystyra/kommunestyra kvart år. Avgiftsregulativet vart godkjent av hamnerådet i Alden hamneområde 01.11.2017 med følgjende tilråding om endring: Anløpsavgifta vert endra frå kr 0,42/bt til kr 0,38/bt. Dersom krav om anløpsavgifta etter denne forskrifta er åpenbart urimelig får hamnestyret i Flora Hamn KF delegert mynde til å i dei enkelte tilfeller bestemme at anløpsavgifta skal bortfalle eller reduserast. Friteken frå anløpsavgift vert endra: Fritak for fartøy som driv service/arbeod i/ved merder i oppdrettsanlegg vert fjerna. Rabattordning vert endra: Fartøy heimhøyrande i sjøområdet i Alden hamneområde får tilbod om ei fast årsavgift på kr 5.000,- vert fjerna og erstatta med: Fiskefartøy heimhøyrande i sjøområda til Alden hamneområde får tilbod om ei fast årsavgift på kr 4.000,- Rabattordningar vedrørande anløp av cruise vert fjerna. Miljørabatt vert vidareført, men rabatt for skip med ESI score over 75 poeng vert endra frå 50% til 40%. Samla rabattgrense vert endra frå 50% til 40%. Sakshandsamingsgebyr vert endra: Endra frå: Tiltaksklasse 1: kr 1000,- Tiltaksklasse 2: kr 2000,- Tiltaksklasse 3: kr 4000,- Endra til: Tiltaksklasse 1: kr 1500,- Tiltaksklasse 2: kr 2500,- Tiltaksklasse 3: kr 4000,-
FLORA KOMMUNE 32T Sak til handsaming i bystyret - Endring av avgiftsregulativ for A... Anløpsregulativ for Alden hamneområde 2018 (590095) AVGIFTSREGULATIV_2018_alden (1321) Sakshandsamingsgebyr_2018 (1320)
Fra: Bergset Jostein Lange Sendt: 2. november 2017 14:58 Til: post Emne: Sak til handsaming i bystyret - Endring av avgiftsregulativ for Alden hamneområde 2018 Vedlegg: Framlegg til endring av avgiftsregulativ for Alden hamneområde - Flora kommune.pdf Vedlagt ligg skriv til kommuner som er med i 27 samarbeidet Alden hamneområde og gjeld avgiftsregulativet for Alden hamneområde 2018. Vedlagt dokument vert også sendt pr post. Med vennleg helsing Jostein L. Bergset Konstituert hamnesjef Mobil: 94 97 27 28 --------------------------------------------------------- Flora Hamn KF / Alden Hamneområde hamn@flora.kommune.no www.florahamn.no Vakt 24t : 913 18 000
ALDEN HAMNEOMRÅDE FORSLAG TIL AVGIFTSREGULATIV 2018 Gjeldande frå 01.01.18 til 31.12.18 Avgiften blir kravde innafor område i samsvar med lov om havner og farvann 9. Avgiften er like innafor området der kommunen har planmynde etter plan- og bygningsloven. Avgiften skal godkjennast av bystyra/kommunestyra kvart år. ANLØPSAVGIFT Lov om hamner og farvatn 25 Med dei unntak som er nemnd nedanfor, skal alle farty som anløper hamneområdet betale anløpsavgift etter følgjande satsar, per anløp: Kr 0,38/BT Anløpsavgifta skal betalast per anløp i hamna. Ved gjentekne anløp innafor same kalenderdøgn skal avgifta berre betalast ein gong per kalenderdøgn. For farty som hyppig anløper hamneområdet sitt forvaltningsområde kan hamneadministrasjonen fastsette års- og månadsavgifter. Dersom krav om anløpsavgift etter denne forskrifta er åpenbart urimelig får hamnestyret i Flora Hamn KF delegert mynde til å i dei enkelte tilfeller bestemme at anløpsavgifta skal bortfalle eller reduserast. MINSTEAVGIFT er kr 200,- FRITEKEN FRÅ ANLØPSAVGIFTA ER 1. Farty som betalar spesiell hamnevederlag, sjå nedanfor. 2. Små farty under 15 meter. 3. Bergings- og isbryterfarty i høve berging og isbryting. 4. Orlogsfarty, norske og utenlandske. 5. Kystverkets farty i høve med arbeid i farvannet. 6. Redningsselskapet sine fartøy. 7. Farty som anløper hamn på grunn av skade eller nødstilstand og farty ikkje laster, losser eller tar om bord passasjerer. 8. Veteranfarty som ikkje driver næringsvirksomhet 1
RABATT Godsskip som går etter ein på førehand oppsett ruteplan får 30% rabatt på anløpsavgifta. Fiskefarty heimehøyrande i sjøområdet til Alden hamneområde får tilbod om ei fast årsavgift på kr. 4 000,-. Miljørabatt: Grøn hamn For skip registrert i ESI (Envirommental Ship Index) blir satsane senka på bakgrunn av på førehand innsendt ESI-sertifikatet innanfor sertifikatets gyldigheitsperiode. ESI Score: 25 49 poeng: 10% ESI Score: 50 74 poeng: 20% ESI Score 75 poeng og høgare settast satsane ned med 40 % Godsskip som går etter ein på førehand oppsett ruteplan og har ein ESI score høgare enn 50 får 40% rabatt. Samla kan rabatten på anløpsavgifta ikkje overstige 40%. Hurtigruteskipa får ein ekstra grupperabatt slik at anløpsavgifta blir: For dei nye hurtigruteskipa: kr 1500,- pr anløp* For dei andre hurtigruteskipa: kr 1200,- pr anløp* For det minste hurtigruteskipet: kr 500,- pr anløp* *Kan ikkje kombinerast med andre rabattar. ENDRING AV DETTE REGULATIVET Dette avgiftsregulativet gjeld for år 2018. Vedteke i Flora bystyre XX.XX.XXXX Vedteke i Naustdal kommunestyre XX.XX.XXXX Vedteke i Førde bystyre XX.XX.XXXX Vedteke i Fjaler kommunestyre XX.XX.XXXX Vedteke i Gaular kommunestyre XX.XX.XXXX Vedteke i Askvoll kommunestyre XX.XX.XXXX Vedteke i Hyllestad kommunestyre XX.XX.XXXX 2
Alden Hamneområde Forslag til SAKSHANDSAMINGSGEBYR 2018 Gjeldande frå 01.01.2018 til 31.12.2018 TILTAK SOM HANDSAMAST ETTER SØKNAD TILTAKSKLASSE 1 2 3 Alle tiltak 1500 2500 4000