HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE



Like dokumenter
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

1. AVDEKKING AV MOBBING

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rosendal ungdomsskule er ein trygg og utviklande læringsarena for alle elevane. VISJON. Partar: Rektor.

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

1. Forord fra rektor s Bakgrunn og definisjoner s Avdekking av mobbing s Problemløsning av mobbesaker s. 7

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Handlingsplan mot mobbing

Kva gjer vi når nokon blir mobba- HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Handlingsplan mot mobbing Glomfjord skole. Avdekke, stoppe og forebygge mobbing.

TILTAKSPLAN MOT MOBBING

Kvalitetsplan mot mobbing

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Handlingsplan mot mobbing på Eiganes skole. Er tilstede Er i utvikling Går sammen

HANDLINGSPLAN FOR ET TRYGT OG GODT SKOLEMILJØ

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Langevåg skule

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Klepp ungdomsskule - Tiltaksplan for trygt og godt skulemiljø Oppdatert hausten 2017

God klasseleiing og kontinuerleg arbeid med klassemiljøet gjennom ulike tiltak er viktige førebyggande faktorar.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Handlingsplan mot mobbing

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Tertnes skole. Aktiv læring, med varme og tydelighet. Skoleåret 2015 / 2016

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

PLAN MOT MOBBING VED STORD UNGDOMSSKULE (OLWEUS)

Lærdal kommune. Prosedyrar for eit godt psykososialt skulemiljø

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. SAND SKOLE august 2015

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Handlingsplan for å forebygge, oppdage og stoppe mobbing ved Hommelvik ungdomsskole

Forord

Handlingsplan mot mobbing

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Sandeid skule SFO Årsplan

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Heilt einig. Litt einig

Ein trygg stad å vera ein god stad å læra

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Fedje Skule HANDLINGSPLAN OG FØREBYGGJANDE ARBEID MOT MOBBING. Fedje kommune 2015/2016

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ADFERD

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Hvordan håndtere mobbesaker? Prosedyre i mobbesaker ved Montessoriskolen i Bergen

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

BRUSKANVISNING. Prinsipper for god håndtering ved. mistanke om mobbing eller meldt mobbesak: Skolens mål og arbeid Prosedyrer Lovverk

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Godkjent av driftsstyret Handlingsplan mot mobbing

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Handlingsplan mot mobbing. for. Stranda ungdomsskule

Plan for oppfølging av elevenes skolemiljø.

Øystese barneskule. Plan og tiltak ved mobbing og anna uønskt elevåtferd

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG KRENKENDE ATFERD

Transkript:

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING GOL UNGDOMSSKULE

Forord Gol ungdomsskule ynskjer å fremje eit læringsmiljø som er prega av tryggleik og trivsel. Me vil ha eit miljø der alle partar kan samhandle på ein positiv måte. Opplæringslova set fylgjande krav til elevane sitt psykososiale miljø: Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova 9a-1 (Generelle krav) Dette vert det jobba med i alle samarbeidsorgana ved skulen. (Elevråd, skulemiljøutval, FAU og SU) Ein viktig del av det forebyggjande arbeidet er hindre at det oppstår mobbing. Målet med dette arbeidet er at det ikkje skal finnast mobbing ved Gol ungdomsskule. Det fins fleire måtar å definere mobbing på, og ein av dei fremste ekspertane på mobbing, Erling Roland, har laga fylgjande definisjon: Med mobbing eller plaging forstår vi psykisk og/eller fysisk vold rettet mot et offer, utført av enkeltpersoner eller grupper. Mobbing forutsetter et ujevnt styrkeforhold mellom offer og plager, og episodene gjentas over tid. (Roland og Sørensen Vaaland, 2003) Handlingsplan mot mobbing er Gol ungdomsskule sin beredskapsplan for å avdekke, løyse og førebyggje mobbing. Den skal gjennomgåast og reviderast årleg og er ein forpliktande del av det daglege arbeidet ved skulen. Gol 09.12.10 Hallgeir Haugen Rektor 2

Innhald 1.0 Innleiing s. 4 2.0 Skulen sitt arbeid mot mobbing s. 6 2.1 Førebygging s. 7 2.1.2 Relasjon vaksen klasse/gruppe s. 7 2.1.3 Relasjon elev elev s. 8 2.1.4 Relasjon skule heim s. 9 2.2 Avdekking s. 10 2.3 Tiltaksplan s. 11 2.3.1 Strategisk jobbing på Gol ungdomsskule s. 12 2.4 Kontinuitet s. 14 3

1.0 Innleiing Mobbing er eit problem for mange. Det er mange som blir utsett for dette ei eller anna gong i løpet skuletida si. Ingen foreldre kan vere sikre på at barna deira aldri vil mobbe eller bli mobba. Mange elevar ber på mobbing som eit hemmeleg mareritt og lir i det stille. Sjølv om det normalt skjer framfor auga på andre, kan det vere vanskeleg å få tak på det. Mobbing har eit vidt spekter, og det går føre seg på mange arenaer. Mobbing kan vere: Verbal (t.d. bruk av kallenamn) Sosial (t.d. å ikkje få vere med, bli halden utanfor) Materiell (t.d. at klede eller andre eigendelar blir øydelagde) Psykisk (t.d. at andre trugar eller tvingar til å gjere noko) Fysisk (t.d. å bli slått eller sparka) Mobbing gjennom sosiale medium (t.d på facebook, twitter, sms ) Kjenneteikn på mobbing kan vere: auka fråvere frå skulen/gymtimar vondt i magen, hovudet, spesielt om morgonen, få vener, går ofte åleine. humørsvingingar, tek lett til tårene, er aggressiv, blir lett deprimert. plutseleg fagleg tilbakegang søkjer ofte kontakt med lærar og er sein med å forlate klasserommet. 4

Mobbing føregår ikkje berre på skulen. Skulens innsats i arbeidet mot mobbing blir noko avgrensa i tid, stad og involverte personar, men eit tett og godt samarbeid med heimen vil kunne gje positiv innverknad også på arenaer der skulen ikkje har nokon mynde. Skulen har plikt til å gripe inn viss dei får kjennskap til, eller mistenker at mobbing føregår. Like viktig er det førebyggjande arbeidet skulen gjer, og at dette har ein klar struktur, er forutsigbar og har kontinuitet 5

2. 0 SKULEN SITT ARBEID MOT MOBBING Overordna mål: På Gol ungdomsskule skal alle elevar oppleve eit trygt og godt miljø fritt for mobbing. Mål: 1. Gol ungdomsskule skal gjennom førebygging hindre at elevane blir utsett for mobbing. 2. Gol ungdomsskule skal ha rutinar for å oppdage mobbing, og elevar og føresette skal kunne oppleve at dei trygt kan melde frå om mobbing. 3. Gol ungdomsskule skal aktivt følgje opp mobbeoffer og mobbar. 4. Gol ungdomsskule skal ha eit best mogleg samarbeid med føresette i mobbesaker. 5. Mobbing er eit felles ansvar ved skulen. Skulen sitt arbeid mot mobbing byggjer på fire prinsipp: 1. Førebygging 2. Avdekking av mobbing 3. Tiltaksplan 4. Kontinuitet i arbeidet. 6

2.1 Førebygging På Gol ungdomsskule vil vi at alle elevar skal oppleve eit godt arbeidsmiljø. Gol ungdomsskule har i samarbeid med elevar og FAU representantar utarbeida trivselsplakatar med overskriftene: -Vis respekt -Vis ansvar -Vis omsorg Det er ein prioritet at vi kontinuerleg jobbar med relasjonar og relasjonsbygging. 2.1.1 Relasjon vaksen elev Dei tilsette er tydelege vaksne som eleven har tillit til. Det tyder at den vaksne: - Følgjer reglar og rutinar som er bestemt - Respekterer den enkelte elev sine særtrekk og føresetnader - Er hyggelege og venlege i omgang med elevar - Bevisst og aktivt brukar seg sjølv som rollefigur Det tyder på skulenivå: - Jamnleg gjennomgang av visjonar, mål og reglar på skulen - Legge til rette for å skape gode relasjonar mellom elevane og dei vaksne - Legge til rette for gode kollegiale forhold - Legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid - Skulen innhentar nødvendig kompetanse ved behov - Ein god struktur og organisering Det tyder på gruppenivå. - Må jobbast kontinuerleg med klassemiljøarbeid - Må jobbast med å oppretthalde eit godt skule-heim samarbeid - At den enkelte elev får vise sine sterke sider 7

2.1.2 Relasjon vaksen klasse/gruppe Dei vaksne skal bidra slik at klassen/gruppa skal opplevast som ein trygg stad for alle Det tyder: - Å vere ein klar og tydeleg vaksen - Å vere konsekvent - Å vere forutsigbar og skape tryggleik - Å vere godt førebudd - Å ha ein venleg og god tone i klassen/gruppa - Å handle ut i frå den enkelte sitt behov og nivå Her kan skulen bidra ved å leggje til rette for fagleg utvikling og godt samarbeid for dei tilsette. Gjere dei vaksne bevisst deira rolle. Gje rom for relasjonsbygging og gjennomføre felles aktivitetar. 2.1.3 Relasjon elev-elev Elevane tek omsyn til kvarandre og bidreg til eit inkluderande fellesskap. Det tyder: - At elevane inkluderer kvarandre i arbeid - At elevane er hyggelege og venlege i omgang med kvarandre - At elevane ikkje skal snu ryggen til nokon - At elevane bryr seg om kvarandre og engasjerar seg i kvarandre Korleis skulen kan leggje til rette og bidra til stimulering av positive relasjonar: - Fellesaktivitetar på tvers av klassetrinn som skaper trivsel og kjensle av å høyre til (t.d balldag, skoleball, jul- og sommaravslutning, juleverkstad, turar ) - Stimulere til eit aktivt, godt og velfungerande elevråd - Bruk av klassens time som eit reiskap for å fremje sosial kompetanse og tilhøyre - Arbeid på tvers av grupper og trinn. Arbeide saman mot eit felles mål. - Haldningskampanjar og bevisstgjering av elever at tull frå den eine si side, kan oppfattast som plaging/mobbing frå den andre si side - Aktiv bruk av ART- kompetansen som skulen har 8

2.1.4 Relasjon skule-heim Skulen og dei tilsette har eit aktivt og opent samarbeid prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Det tyder: - At skulen er open for alle typar førespurnader og tek alle like alvorleg - At det er ein open dialog mellom skule og heim - At både skule og heim er lydhøre for den andres synspunkt - At foreldre veit korleis dei skal forhalde seg til ulike saker dei vil ta opp med skulen - At foreldre snakkar positivt om skulen i barnas påhøyr - At begge partar er imøtekommande overfor kvarandre. Korleis skulen kan bidra til å fremje gode relasjonar med heimen: - Skulen har eit tett og godt samarbeid med FAU - Aktivt og engasjert FAU - Skulens klassekontaktar - Skulen informerer korleis foreldre kan gå fram i ulike saker dei ønskjer å ta opp med skulen - Utviklingssamtalar haust og vår - Foreldremøte haust og vår - Andre enn kontaktlærar kan møte saman med kontaklærar på møte som kan vere vanskelege. T. d sosiallærar, rådgjevar, rektor, inspektør og/eller faglærar. - Ei operativ, brukarvenleg og informativ heimeside - Passe på at tilhøva ligg til rette for god kontakt med heimen o Tilgang til telefonar, møterom og tid til samtalar o Rutinar for fast planlagde møte 9

2.2 Avdekking Gol ungdomsskule ønskjer at mobbing som går føre seg i skuletida blir avdekka. I skulen sine prosedyrar vil vi ha jamnlege tiltak for å avdekke eventuell mobbing, og det blir sett opp kva for ansvar dei ulike aktørane har. Aktuelle aktørar kan vere: dei tilsette ved skulen, elevar og foreldre. Heile personalet ved skulen er spesielt merksame på at mobbing kan skje og gir melding til klassestyrar. Førespurnader frå elevar, foreldre/føresette/bussjåfør blir registrert og vidare behandla. Gol ungdomsskule gjennomfører: Ei årleg undersøking av elevanes trivsel på skulen. Sosiallærar førebur undersøkinga og har ansvaret for å handsama resultata, medan kontaktlærar er ansvarleg for gjennomføring og gjere elevar og føresette kjent med resultata. Dei tilsette vil så, i samarbeid med elevråd og FAU, drøfte forslag til tiltak der det er nødvendig, som så blir gjort kjent for elever, føresette og tilsette. Elevsamtalar/utviklingssamtalar med ein klar struktur der trivsel er eit tema kontaktlæraren skal vere innom. Dette gjeld både eleven sin trivsel og eleven sine observasjonar av korleis andre trivst. Ansvarleg: kontaktlærar og faglærar Foreldremøte der trivsel og miljø er eit tema som går att. Ansvarleg: trinnleiar Samarbeid med andre instansar utanfor skulen slik som bl.a. helsesøster og PPT. Ved mistanke om mobbing skal dette behandlast på ein seriøs måte. Skulen må ta ansvar for at dette behandlast etter dei retningslinjer som er nemnt under. Informasjonsinnhenting gjennom observasjonar. Naturlege involverte vaksenpersonar slik som kontaktlærar, sosiallærar, assistentar observerar miljøet. Ansvarlege: alle tilsette som oppdagar noko eller får mistanke om noko, må undersøke saka vidare eller informere kontaktlærar Informasjonsinnhenting gjennom samtale med den som kan ha vore offer. Gjennomføre samtale med den som blir mobba og andre i gruppa. Ansvarlege: Kontaktlærar i samarbeid med sosiallærar og leiinga ved skulen. Ved alvorlege mobbesaker skal leiinga ta ansvaret. 10

2.3 Tiltaksplan Gol ungdomsskule tek ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette skal bli gjort på måtar som i neste omgang kan førebyggje mobbing ved skulen. Felles strategi ved skulen skal sikre at tilsette og/eller føresette som tek opp ei mobbesak, veit at ho blir seriøst behandla etter retningsliner ein er blitt einige om. Ansvarleg for saka er kontaktlærar til eleven. Denne skriv logg om alt frå saka. Ansvarleg kontaktlærar støttar seg gjerne til sosiallærar eller skulens rektor/inspektør. Prosedyren skal gå utan ugrunna opphald. Skulens strategi når tilfelle av mobbing er meldt eller avdekka: 1. Undersøkingar for å sikre faktainformasjon Snakk med den som blir mobba, andre i gruppa som kan vite noko, andre på skulen, ta kontakt med heimen for å undersøke og informere. Ansvarleg: kontaktlærar 2. Informasjon til rektor og føresette Kontaktlærar varslar rektor og føresette. Informasjonsinnhenting også frå heimen. Føresette skal alltid informerast om at barnet deira er involvert i ei mobbesak. Det skal vurderast i kvar einskild sak om føresette skal ha ei aktiv rolle. 3. Fyrste samtale med den som blir mobba Gjennom samtalen få tilbakemelding om konkret mobbing. Kva har skjedd når, kvar, kor ofte og av kven. Kartlegg venneforhold. Ansvarleg: kontaktlærar til den som blir mobba 4. Fyrste samtale med plagar Gje beskjed om at konkret åtferd ikkje er tillate, og at denne åtferda straks skal slutte. Ikkje gå inn i diskusjonar om skuld og liknande. Alvoret skal tydeleggjerast. Notat om mobbinga skal leggjast i plagarens mappe. Ansvarleg: kontaktlærar til den som blir mobba og kontaktlærar til den som plagar. 11

5. Oppfølgingssamtale med den som blir mobba Sjekk om mobbinga er stoppa og korleis eleven har det no. Ansvarleg: kontaktlærar 6. Oppfølgingssamtalar med plagar Har eleven slutta med mobbinga? Jobbe for å finne alternative aktivitetar som gjer at ein ikkje kjem opp i situasjonar der ein kan bli freista til å plage andre. Ansvarleg: kontaktlærar til den som blir mobba og kontaktlærar til den som plagar. 7. Samtalar med føresette til den som blir mobba Kva kan føresette bidra med slik at den som blir mobba, ikkje kjem opp i situasjonar der mobbing kan skje? Ansvarleg: Kontaktlærar til den som blir plaga 8. Samtalar med føresette til den som plagar Kva kan føresette bidra med for at mobbing ikkje skal skje? Ansvarleg: kontaktlærar til den som plagar Ved all grov og/eller gjenteken mobbing, skal dei impliserte elevane kallast inn til konfrontasjonsmøte. Rektor kallar inn til møte og deltek saman med kontaktlærar. Det skal lagast ei avtale mellom elevane som og blir lagt fram for føresette. Kontaktlærar er ansvarleg for at avtalen blir oppfylt. Sanksjonar bør ikkje brukast i fyrste omgang, men må vere klarlagde slik at dei kan takast i bruk om nødvendig. Avklarast i kvart enkelt tilfelle. Rektor avgjer om det er behov for at dei tilsette ved skulen bør informerast om hendingane. Ved brot på avtalen avgjer rektor i samråd med kontaktlærar vidare behandling. Det skal og drøftast om andre partar som PPT, barnevern, politi og konfliktråd skal inn i saka. Etter at ei mobbesak er løyst eller at nokon har gripe inn for å endre situasjonen, må skulen jobbe strategisk i forhold til dei ulike partane: den som blir mobba, dei som plagar og tilskodarane. Målet med dette arbeidet må vere å førebygge at dei ikkje hamner i nokre av desse rollene seinare. 12

2.3.1 Strategisk jobbing på Gol ungdomsskule Døme på strategisk jobbing i etterkant er: - kontaktlærar jobbar med klassemiljøutvikling - etter to veker snakkar ansvarleg for saka med plagar, mobbeoffer og eventuelle tilskodarar for å høyre om det er slutt på mobbinga. Dette gjentek ein etter ytterlegare to veker, så etter ein månad. - Skulen går igjennom saka med dei tilsette med tanke på kva saka viser når det gjeld organisering og rutinar som ikkje fungerer godt nok. Ansvarleg: rektor/leiinga ved skulen Moglege tiltak som kan settas i verk for ein som plagar er: - Ekstra tilsyn i friminutt - Bortfall av friminutt - Plagar må gå saman med inspiserande lærar - Plagar sit ved rektor sitt kontor i friminutta - Plagar må kome/gå før eller etter skuletid - Plagar får ikkje delta på klasseturar/fellesarrangement - Nedsett åtferdskarakter - Bortvising i inntil 3 dagar - Følgje av foreldre/føresette på skulen 13

2.4 Kontinuitet Arbeide med å førebygge, avdekke og stoppe mobbing skal vere eit kontinuerleg arbeid ved Gol ungdomsskule. Det settast opp ei oversikt over kven som har ansvar for kva som skal gjerast når det gjeld mobbing: Prinsippet er at problem skal løysast på lågast mogleg nivå, men at tilsette veit når saker skal meldast vidare og veit kven dei kan melde frå til dersom problemet ikkje kan løysast på deira nivå. 1. Kontaktlærar 2. Kontaktlærar sosiallærar 3. kontaktlærar sosiallærar rektor For å sikre kontinuitet i tiltak som skal førebyggje og avdekke mobbing, set ein inn faste tiltak som skulen har inn i eit årshjul over skuleåret. Oversikta følgjer skuleåret og viser aktivitet og kven som er ansvarlege for gjennomføringa av dei ulike aktivitetane. 14

Årshjul Tidspunkt Aktivitet Ansvarleg Aug.- sept Bli kjent tur 8. trinn Rundatur 9. trinn Aurlandsdalen 10. trinn Kantinedrift Foreldremøte MOT Kontaktlærere og faglærarar 10.klasse Kontaktlærara, Helen Jensen Sept. - okt Trivselsundersøking MOT Aktivitetsdag Hallingdalsleikane Sosiallærar legg til rette. Kontaktlærarar gjennomfører Kontaktlærara, Helen Jensen Kø-seksjonen Oktober Utviklingssamtalar Kontaktlærarar November MOT Helen Jensen Desember Januar Februar Mars Mai Juni Balldag Juleverksted Felles juleavslutning i basen Skoleball Kantinedrift MOT Skidag Utviklingssamtalar TINE-Stafett Oslo tur 9.trinn Klasseaktivitetar Ekskursjon 10.trinn Køv seksjon K&H seksjon Kontaktlærere 10. trinn elever og lærere 9. trinn Kontaktlærarar KØ-lærarar Kontaktlærarar/faglærarar Kontaktlærar Kontaktlærarar Kvar veke Klassemøte Kontaktlærar Kvar månad Elevrådsmøte Elevråd/Elevrådskontakt 15