REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 04.05.07 kl 12.00 Stad: Bykle rådhus Desse møtte: Olav K. Mosdøl 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Ole P. Bruun 4755 HOVDEN Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Anne Ellen Senum Randi Steinsholt 4755 HOVDEN 4755 HOVDEN Referat frå: Kjell Pedersen-Rise Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 10.05.07 Agenda: 1. Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 2. Referatsaker/orientering 3. Handsaming av søknader om etableringstilskott 4. Søknad om etableringstilskott Malerfirma 5. Søknad om støtte Samar i Setesdal 6. Søknad om støtte Forprosjekt 7. Generalforsamlingar 8. Oppgavefordeling mellom Bykle kommune og BHV 9. Eventuelle andre saker 1
SAK 01. GODKJENNING AV REFERAT Det hadde ikkje kome forslag til endringar av siste utkast. Vedtak: Styret godkjenner referat frå møte 02.03.07. SAK 02. REFERATSAKER/ORIENTERING A. Bykle2020 kommuneplan Det har kome inn 33 høyringsuttaler til kommuneplanen i løpet av høyringsperioden. Aust- Agder Fylkeskommune har motsegn til eitt område grunna kulturminner, og miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen har motsegn til seks område grunna villrein. BHV deltok på eit drøftingsmøte med miljøvernavdelinga 13.04.07, og det vert no jobba vidare administrativt og politisk for å kome fram til løysingar. B. HovdenFerie orientering Styret drøfta ulike moment knytta til orienteringane. BHV vil dekke kostnadene for ekstern konsulent til arbeid med gjennomgang av forventningar og framtidige oppgaver for selskapet. Arbeidsopplegget skal presenterast for reiselivslaget. Fuglestad orienterte om mogleg samarbeid mellom visitagder og Hovden Booking. C. Bjåen Fjellstove - orientering Ragnhild Bjåen har no utarbeidd ein grundig forretningsplan for konseptet rundt fjellstova. Planen tar for seg forretningsidè, personopplysningar, produkt/ teneste, marknad/ marknadsføring, økonomi, drifts- og likviditetsbudsjett, kapitalbehov og finansiering, organisering og administrering. BHV vil ha dialog med Innovasjon Norge og Setesdal Regionråd før handsaming av søknad om støtte, for å drøfte kva dei ulike partene eventuelt kan bidra med. Eit slikt møte er planlagt 08.05.07. Styret gav signal og kommenterte forretningsplanen/ økonomien i prosjektet. D. DDA Dialogprosessen nærmar seg slutten. Ein tilbydar har trekt seg. Frist for å gi inn endeleg tilbud blir truleg ca 01.06. E. BykleMat BHV følgjer opp prosjektet. Tor Hallvard Mosdøl har vore rundt i regionen for å selge inn produkta sine, og har fått ein del bestillingar. F. Prosjekt VA- Hovden Sør I kommunestyremøte 26.04. blei det gjort vedtak om at prosjektleiinga skal legge fram ein omfattande gjennomgang av prosjektet. Dette er nyttig for å sikre innsikt og forankring av eit 2
omfattande prosjekt. Totaløkonomi og gjennomføringsmåtar er mellom dei tema som skal leggast fram i slutten av mai. G. Reiseliv/Helse/Idrett Prosjektet er presentert på møte i reiselivslaget. Det er nå viktig å få utarbeidd eit strukturert konsept, som kan gi grunnlag for å sette i gang eit hovedprosjekt. Anniken Enger er engasjert til å utarbeide ein forstudie. Vi har positive tilbakemeldingar på at dette vil vere eit godt prosjekt i Innovativ Fjellturisme. Det er destinasjonsselskapet som skal prioritere prosjekt frå den enkelte destinasjon som deltek i Innovativ Fjellturisme. Styret er positive til skissert opplegg og løyver naudsynte midlar til gjennomføring av forprosjekt. H. Hovdetun Ferdigbefaring Hovdetun er planlagt 4. juni. Eventuell ombygging av himling i lokaler som er tatt i bruk vil skje i perioden 4. juni til 15. juni. BHV er i dialog med fleire interessante leigetakarar. Styret diskuterte ulike løysingar med tanke på drifting av bygget, vaktmeistertenester og reinhald. I. Innovativ Fjellturisme Fylkesutvalet i Aust-Agder løyvde kr 300.000 til Hovden si deltaking i Innovativ Fjellturisme. Dermed har dei for første gong teke kostnaden alleine, uten bidrag frå Setesdal Regionråd eller BHV. J. Parkering Styret fekk ei orientering om drifta av selskapet. Det skal leggast fram ei eiga sak om dette i neste styremøte. L. Elgtun Elgtunet er eit av forslaga i kommuneplanen som det har kome motsegn til frå fylkesmannen. Prosjektet har fått svært positiv omtale frå Innovativ Fjellturisme, og det er viktig å kome vidare med ei eventuell etablering. BHV vil framleis engasjere seg i prosjektet, og bistå initiativtakarar med tanke på lokaliseringsspørsmålet. SAK 03. HANDSAMING AV SØKNADER OM ETABLERINGSTILSKOTT Styret har så langt handsama alle søknader om støtte, uavhengig av søknadssum. Mange av desse søknadene dreier seg om etableringstilskott på inntil kr 25 000,-. Styret har tidlegare foreslått at slike søknader kan handsamast administrativt, men administrasjonen ønskte då ein periode med styrehandsaming av desse sakene slik at ein fekk opparbeidd ein praksis, og fekk 3
eit inntrykk av kor styret meiner lista skal leggast. I perioden januar 2005 til mars 2007 er åtte søknader om etableringstilskott handsama av styret. For at søkarar skal kunne få ei raskare handsaming vil me no foreslå at dagleg leiar får fullmakt til å handsame denne type søknader, og at søknadene blir vurderte ut frå tidlegare saker handsama av styret. I samband med innvilging av etableringstilskott er det i ein del tilfelle også gitt støtte til marknadsføring, og me foreslår at dagleg leiar innafor ei viss ramme også får fullmakt til å gi denne type støtte. Dersom det er søknader som gjeld spesielle typer etableringar, eller administrasjonen av andre grunnar er usikre på handsaminga, skal saker handsamast av styret. Vedtak Dagleg leiar får fullmakt til å gi etableringstilskott inntil kr 25 000,- og inntil kr 10 000,- i støtte til marknadsføring. Dersom søknader gjeld etableringar ein ikkje tidlegare har praksis med, eller administrasjonen er usikre på handsaminga, skal søknader opp til handsaming i styret. Administrative vedtak om tilskott blir lagt fram som referatsaker for styret. SAK 04. SØKNAD OM ETABLERINGSTILSKOTT - MALERFIRMA Ester Johannessen søker om etableringstilskott i samband med etablering av malarfirmaet Hovden Interiørmaling. Etableringa er eit enkeltpersonforetak. Vedtak Styret gjev Ester Johannessen eit etableringstilskott på kr 15 000,-. Utbetaling skjer i samsvar med utbetalingsreglement. SAK 05. SØKNAD OM STØTTE SAMAR I SETESDAL Hovden Fjellstoge ved Bjørnar Mørenskog har søkt om støtte til prosjektet Samar i Setesdal. Vedtak Styret i BHV gjev Hovden Fjellstoge AS eit tilskott på kr 200 000,- til prosjektet Samar i Setesdal. Tilskottet er basert på eit kostnadsoverslag på kr 1 192 500,-. Dersom kostnadene blir mindre, blir tilskottet tilsvarande redusert. Utbetaling skjer i samsvar med utbetalingsreglement. SAK 06. SØKNAD OM STØTTE FORPROSJEKT Unnateke offentlegheit. SAK 07. GENERALFORSAMLINGAR I HOVDEN FERIE AS OG HOVDEN BOOKING AS Innan utgangen av juni skal det haldast generalforsamlingar i Hovden Ferie AS og Hovden Booking AS. Vedtektene i desse to selskapa slår fast at alle styremedlemer er på valg kvart år. 4
Hovden Ferie AS: Styret har 5 faste medlemer. I tillegg oppnemner kvar av eigargruppene varamedlemer. BHV oppnemner 3 medlemer og 1 varamedlem. Reiselivslaget oppnemner 2 medlemer og varameldlem. BHV har nå følgande medlemer: Kjell Pedersen-Rise, styreleiar Arvid Flagestad, styremedlem Terje Marcussen, styremedlem Reidar Fuglestad, varamedlem Hovden Booking AS: Styret har 4 faste medlemer. BHV oppnemner 2 medlemer og 1 varamedlem. I tillegg oppnemner HF 1 medlem og Hovden Skisenter 1 medlem. Begge desse har også varmedlem. BHV har nå følgande medlemer: Kjell Pedersen-Rise, styreleiar Eva Halseide, styremedlem Ingvild Hovden, varamedlem Vedtak: Styret kom med forslag til styremedlemer. Dagleg leiar tek kontakt med dei som er føreslegne. SAK 08. OPPGAVEFORDELING MELLOM BYKLE KOMMUNE OG BHV BHV og kommunestyret hadde felles drøftingsmøte 19.01.07. Etter spørsmål frå kommunestyret, gjorde styret i BHV følgande vedtak 02.03.07: Styret synest fellesmøtet 19.01 var nyttig og understrekar at det er viktig med god dialog mellom BHV og kommunestyret. Med bakgrunn i fellesmøtet og vedtak i kommunestyret 25.01.07. har styret i Bykle og Hovden Vekst AS drøfta framtidig drift og oppgaver i selskapet. Styret ser ikkje grunnlag for store endringar i organisering, men meiner kommunen godt kan stå som direkte eigar av Hovden Prosjektutvikling AS, og dermed ta dette ut av BHV. Når det gjeld HovdenFerieAS, er det viktig at kommunen også vidare engasjerer seg sterkt i samband med vertskap og utbygging, drift og vedlikehald av stiar og løyper. Styret meiner at eigarskap og aktiv utøving av dette framleis bør ligge i BHV. Eigarskap i Hovden Ferie bør også henge saman med eigarskap i Hovden Booking AS. Styret ser fordelar med ein modell der ein reindyrkar BHV for næringsutvikling, der selskapet ikkje engasjerer seg i kommunale oppgaver, som planprosessar, prosjektleiing m.m. Ut frå den aktuelle sitasjonen og langsiktig lokal utvikling, trur styret likevel at det er meir realisitisk og fornuftig å satse vidare på eit sterkt og godt samarbeid på slike områder. Dette kan også bygge opp kompetanse som BHV kan selge andre stader. Dersom ein velger ein slik strategi, vil styret understreke at det er viktig å ha nok fokus på sentrale utviklingsoppgåver, og vil då rekruttere ein medarbeider til i selskapet. 5
26.04. gjorde kommunestyret følgande samrøystes vedtak: Kommunen fører vidare gjeldande hovedliner i oppgavefordelinga mellom Bykle kommune og Bykle og Hovden Vekst AS. Eigarskapen i Hovden Prosjektutvikling AS vert organisert direkte under Bykle kommune. Kommunestyret sitt vedtak er altså i samsvar med styrevedtaket. Vi får tru at det gir grunnlag for stabilitet i ein del strukturar framover. Ut frå desse vedtaka skal vi lyse ut etter ein ny medarbeider i BHV. Vedtak: Styret er godt nøgd med kommunestyret sitt vedtak i sak 50/07, som gir grunnlag for stabilitet i oppgavefordeling og strukturar framover. Det blir sett i gang arbeid med å rekruttere ein ny medarbeider for BHV. 6