PP 3 Oppgåvetypar til skriftleg eksamen 1
Oppgåvetypar til skriftleg eksamen Eksamensoppgåvene er baserte på kompetansemåla frå hovudområda: Skriftleg kommunikasjon (Vg2 og Vg3) Språk, litteratur og kultur (Vg2 og Vg3) Eksamensoppgåvene prøver eit utval av kompetansemåla, men dei er utforma slik at du kan vise brei kompetanse i faget. Eksamensoppgåvene er knytte til eit utval vedlagde tekstar. Tekstvedlegga er på både bokmål og nynorsk i alle oppgåvesetta. Sensor vurderer alltid heilskapen i svaret ditt. 2
Kortsvar og langsvar Det er alltid éi kortsvarsoppgåve som alle må svare på. Her kan du ikkje velje, men må svare på den oppgåva som blir gitt. Du kan velje mellom fleire langsvarsoppgåver. Pass på at du ikkje bruker for lang tid på kortsvaret. Disponer tida di godt hugs at du skal skrive to tekstar. 3
Kortsvarsoppgåva Kortsvaret ditt skal ha ein tydeleg struktur. Det må vere ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Hugs å dele inn i avsnitt. Svaret må ha ein tematisk samanheng. Kortsvarsoppgåvene spør etter faglegheit. Bruk relevante fagomgrep. Bruk læreboka som kjelde. 4
Kortsvarsoppgåvene kan be deg om å: skrive ein kort informativ eller argumenterande tekst i tilknyting til ein vedlagd tekst eller ein påstand påvise retoriske appellformer i ein tekst påvise sjangertrekk eller språklege verkemiddel og forklare kva funksjon dei har gjere greie for og kommentere særtrekk ved språket i éin eller to tekstar forklare argumentasjonen i ein kort sakprosatekst samanlikne form og/eller innhald i to korte tekstar kommentere samspelet mellom elementa i samansette tekstar karakterisere til dømes ein litterær person og vise kva verkemiddel som er brukte bruke eit tekstvedlegg som døme og skrive ein kort tekst med tilsvarande verkemiddel eller appellformer Kjelde: Udir. 5
Døme på oppgåveformuleringar Vedlegg: «Bethlehem 2005» av Banksy, 2005 og «SMS fra Gaza» av Mads Gilbert, 2009. Gjer kort greie for nokre sentrale verkemiddel og den funksjonen dei har i graffitien og SMS-teksten. Kva er formålet med dei to tekstane? Kommentar: Du skal bruke eit presist fagspråk. Du kan bruke omgrep frå retorikken, men det er ikkje eit krav. Vedlegg: Knut Hamsun: Markens grøde, 1917 (utdrag) I innleiinga til romanen Markens grøde møter vi hovudpersonen, som vi seinare i romanen fa r vite at heiter Isak Sellanra. Gjer greie for nokre av verkemidla Hamsun bruker for a skildre hovudpersonen. Kommentar: I svaret ditt skal du vise til konkrete døme frå teksten og bruke relevant fagspråk. 6
Eksempelsvar Romanen Markens grøde vart skriven av Knut Hamsun i 1917, og det var for denne boka han fekk nobelprisen i litteratur i 1920. Romanen viser eit alternativ til den kapitalistiske verda, og hovudpersonen Isak Sellanrå framstår som ein førmoderne helt som dyrkar jorda. Det blir brukt fleire språklege bilete for å beskrive Isaks ytre trekk. For å understreke Isaks maskuline trekk blir han skildra som «( ) sterk og grov, han har rødt jernskjegg...». Eit jernskjegg gir konnotasjonar til noko sterkt og hardt, noko som ut frå skildringane av Isaks handlingar også speglar personlegdommen hans. Heile første avsnitt fortel korleis det første mennesket, mannen, som her er Isak, tek seg fram i naturen og trakkar opp stiar aleine. Det å vandre langt og aleine i ukjent terreng gir lesaren inntrykk av ein mann med sterke karaktertrekk og gode eigenskapar. Han er ikkje avhengig av hjelp frå personar rundt seg, men klarer seg sjølv aleine i naturen. Isak blir altså skildra som modig og fryktlaus ein som tek seg inn i det ukjende på eiga hand. Samtidig stiller forfattaren spørsmål om i kva grad mannen er ein godhjarta idealist eller berre ein fordriven banditt. Dette spørsmålet kjem fram gjennom ein metakommentar. Etter å ha skildra Isaks arr og sår spør forteljaren: «- disse sårtomter, har han fått dem i arbeide eller strid? Han er kanskje kommet fra straff...». Dette gjer at lesaren blir nysgjerrig på mannens indre trekk, som kjem fram på bakgrunn av handlingane hans, i staden for gjennom skildringane til forfattaren. Øyvind Asplin, 18 år 7
Langsvarsoppgåver Du får tre eller fire oppgåver å velje mellom. Det blir ikkje oppgitt kor lang teksten skal vere. Du skal skrive eit utfyllande og relevant svar. Langsvarsoppgåvene er alltid knytte til eitt eller fleire tekstvedlegg. Du skal vise tekstforståing og skrivekompetanse. Det er tre hovudgrupper av langsvarsoppgåver: 1. Saktekstar 2. Tolkingar og analysar 3. Kreative tekstar 8
Saktekstar I langsvarsoppgåva kan du bli beden om å skrive ein tekst der du skal argumentere eller resonnere. Slike oppgåver kan bestå av fleire delar. Du kan bli beden om å: informere: Du skal du presentere, forklare eller gjere greie for eit emne. argumentere: Du skal grunngi og forsvare synspunkt og meiningar du har. resonnere: Du skal drøfte ulike sider ved ei sak for å kunne ta stilling til ho, eller reflektere over eit emne eller ei problemstilling. 9
Analyse og tolking Vanlegvis bruker vi analyse om saktekstar og tolking om skjønnlitterære tekstar. For å kunne tolke ein tekst må du først analysere teksten. Du skal skrive om både form og innhald ved hjelp av fagspråk. Du skal også reflektere over innhaldet og temaet. Når du analyserer ein tekst, ser du på eitt og eitt trekk eller verkemiddel ved teksten. Når du tolkar, set du momenta frå analysen inn i ein større samanheng. Skriv korleis du sjølv forstår teksten, ofte i lys av tema eller hovudsyn. 10
Saktekstar analyserer vi ofte ved hjelp av omgrep frå retorikken. Skjønnlitterære tekstar kan tolkast ved hjelp av omgrep du har lært for episk dikting eller lyrisk dikting. Om du skal analysere samansette tekstar, må du seie noko om samspelet mellom tekstane. 11
Døme på dikttolkingsoppgåve Vedlegg: Dikt frå samlinga Vindens veier (1990) av Nils-Aslak Valkeapää, gjendikta frå samisk av Laila Stien og «Rulle rundt» (1975) av Rolf Jacobsen Oppgåve: Tolk og samanlikn dei to dikta. Kommentar: Du skal skrive om form og innhald i begge tekstane, og du bør skrive omtrent like mykje om kvar tekst. Du skal samanlikne tekstane på ein oversiktleg måte og bruke relevant fagspråk. 12
Døme på analyse av samansett tekst Vedlegg: Ein reklame for oljeselskapet Det Norske frå forskingstidsskriftet Gemini 01/2014 og ein reklame for oljeselskapet Statoil frå Dagbladet/Magasinet 31.05.2014 Oppgåve: Analyser og samanlikn dei to reklamane. Kommentar: I svaret ditt skal du seie noko om dei ulike elementa og samspelet mellom dei i begge reklamane, og samanlikne dei. Bruk relevant fagspråk. Du kan bruke omgrep frå retorikken, men det er ikkje eit krav. 13
Kreative tekstar Ikkje éin teksttype, men eit samleomgrep for både forteljande, reflekterande og underhaldande tekstar. Oppgåvene er meir opne for individuelle løysingar enn dei tradisjonelle teksttypane som novelle, kåseri, essay osv. Du skal bruke dei vedlagde tekstane og svare på oppgåva. Du kan bli beden om å skrive om ein påstand, eit tema eller ut frå ei gitt overskrift reflektere over eit emne eller ein påstand utforske påstandar og emne, prøve ut tankar skrive ut frå ein gitt synsvinkel bruke litterære verkemiddel når du skriv skrive ein tekst som skal brukast til eit bestemt formål 14
Du kan, men du må ikkje halde deg til éin sjanger slik han er beskriven i læreboka. Sjangerkunnskap er likevel nyttig. Tenk språkleg kreativitet: humor, overdrivingar, språklege bilete, val av forteljar og synsvinkel, fantasi når det gjeld innfallsvinklar og tilnærmingar til eit tema e.l. Kreative tekstar stiller ikkje lågare krav til språkleg utforming, berre at du står friare til å velje. Ein god kreativ tekst har mellom anna desse kjenneteikna: formålstenleg struktur og god samanheng relevante moment og/eller døme kreativitet i val av innfallsvinklar og språklege verkemiddel refleksjon, utprøving av tankar 15
Døme på oppgåve kreativ tekst Vedlegg: Tekst og bilete frå diktsamlinga Nattevakt av Synne Lea og Stian Hole, 2013 Oppgåve: Skriv ein kreativ tekst med utgangspunkt i diktet og illustrasjonen. Kommentar: Denne oppgåva opnar for ulike løysingar, men det skal kome tydeleg fram av svaret ditt at du tek utgangspunkt i den samansette teksten. Du kan vise kreativitet gjennom dei innfallsvinklane og perspektiva du vel, og gjennom bruken av språklege verkemiddel. 16