Vil du lage logo for Hjartdal historielag? Sjå side 3. KONTAKTBLAD FOR Nr.20 Okt. 1995 6.årg.



Like dokumenter
Kontaktbladet er i gang igjen

INNKJØPT AV HISTORIELAGET

KONTAKTBLAD FOR Nr.38 Mai årg.

KONTAKTBLAD FOR Nr.39 Mai årg.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Til deg som bur i fosterheim år

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Fossen kro Torsdag 1.april kl Kåseri ved Helge Albrecht Larsen. Vanlege årsmøtesaker: Årsmelding, regnskap, valg

KONTAKTBLAD FOR Nr.21 Mars årg.

«Ny Giv» med gjetarhund

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Samansette tekster og Sjanger og stil

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007


PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Støtteordningar og søknader

Åpne historielagskveldar vinter og vår 2011:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Finansiering av søknaden

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.


Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Rettleiing til sentralt gitt skriftleg eksamen i yrkesfag 2015

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Bitraf Resultatregnskap0per

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Brødsbrytelsen - Nattverden

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf Faks:

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kvalitetsplan mot mobbing

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rapport konferanse og tilhørande studietur til Hamamatsu, Japan

Brukarrettleiing. epolitiker

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Bergsøy skule Offshore-prosjekt 4. trinn november 2012

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Valdres vidaregåande skule

Transkript:

KONTAKTBLAD FOR Nr.20 Okt. 1995 6.årg. Vil du lage logo for Hjartdal historielag? Sjå side 3 Har du gløymt å betale medlemspengane? Ny betalingslapp skal ligge i dette bladet!

VEL OVERSTÅTT Frigjeringsjubileet er gjennomført og komiteen kan seie seg vel fornøgd med dei ulike arrangementa og prosjekta. Det er på sin plass å gratulere primus motor - Svein Vetle Trae med alt som nå er vel overstått. Alle andre som på ein eller annan måte tok del i dette store og omfattande arrangementet fortener stor takk for innsatsen. HHL s bokprosjekt saman med Trae ser også ut til å vere på trygg grunn økonomisk. Skriften på veggen ser ut til å ha selt bra nok til at produksjonsutgiftene er dekt. Nå er vel også størstedelen av salget over, men ved ein PR-innsats til hausten og julesalget skulle det vere mulig med eit visst overskot på prosjektet. Som kjent deler HHL og forfattaren etter avtale overskotet på boksalget. Omsider er det altså blitt kjent kva som var hjartdalsbygdenes rolle under krigen. Kanskje har kunnskapen om lokale forhold hjelpt oss til ei djupare forståing av kva dei større historiske hendingane verkeleg dreide seg om. Militært og s i v i l t m o t s t a n d s a r b e i d p å lokalplanet sett i samanheng med planar og styring frå sentralt hald var forutsetninga for at demokratiet blei redda gjennom den største krisa det har opplevd i vårt land og store delar av verda. HJARTDALS ELDSTE FORMANNSKAPS- PROTOKOLLAR Alf Mostue viser seg stadig som ein svært nyttig person for HHL. Han har i sommar arbeidd med å skrive av den aller eldste formannskapsprotokollen til Hjartdal kommune. Dette er eit svært vanskeleg arbeid, da handskrifter frå den tida er vanskeleg å tolke. Dessutan viser det seg at blekket i desse bøkene er på veg til å gå i oppløysing, slik at vi held på å miste siste mulighet til å få tolka desse grunnleggande skriftene i Hjartdals historie. Det er dermed eit uvurderleg redningsarbeid Mostue driv her. Det var i 1837 det lokale sjølvstyret kom i gang her i landet i omlag den formen vi har nå. At bygdene skulle velge sine formenn dvs. den tidas kommunestyrerepresentantar, flytte mykje av den politiske makta på lokalplanet over frå embetsverket til lokalsamfunnet. Dette førde med seg større interesse for politikk mellom bygdefolk/ bønder, og vi fekk i neste omgang ei stor gruppe bønder inn på stortinget, Side 2 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 20 - Oktober 1995

med leiarar som Ole Gabriel Ueland og Søren Jaabæk. Første ordføraren i Hjartdal var G. Bolkesjø, (kommunen omfatta også Gransherad fram til 1859). Han var ein av desse nye bondepolikarane som kom inn på stortinget. I potokollen står det i referatet frå møtet 19. Januar 1839: Dernæst foretoges Valg paa Viceordfører, hvilket Formansskabet ansaa sig nødsaget til paa Grund af at den virkelige Ordfører er valgt til Rep resenta nt til fo restaaen de Ordentlige Storting, og Vice- Ordføreren ovenmeldte Suspensjon og hvor Valg havde saadant Udfald at Christian Halvorsen Jore valg-tes med 6 stemmer til Vice-Ordfører. NYTT I SAMLINGA: Ingunn Hovde frå Tuddal skreiv for nokre år sidan ei oppgåve ved DH i Bø om Tuddal Forbruksforeining - korleis tuddølane utvikla seg frå sjølvforsynte fjellbønder til aksjeeigarar og foreiningskundar. Hovudvekta er lagt på etableringa og dei første åra med foreininga. Anne Hytta frå Sauland har skreve prosjektoppgave på folkeusikkstudiet i Rauland. Denne handlar om folkeleg musikk i Sauland frå ca 1930 til vår eiga tid. Begge oppgåvene er kopiert til HHL-samlinga og kan lånast av interes-serte medlemmer Alf Mostue har sent oss mellom anna kopiar av nokre skriv i samband med kyrkjene i Sauland. Mellom papira er eit eksemplar av an-budsutlysinga ved bygginga av nåverande kyrkje. Mostue har også gått igjennom aviser frå 1890-åra og skreve av mellom anna artiklar om ein ungdomsskule som blei starta i Sauland og om ungdomsforeninger (ungdomslag) som blei starta både i Sauland og i Gvammen: Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 20 - Oktober 1995 Side 3

Igjen Takk til Historielaget har etter mange år med lån av datamaskin frå skulen og frå private nå skaffa seg sin eigen. Med økonomisk stønad frå her og der (banken, m å l l a g e t o g H j a r t d a l museumslag) og ein god slump frå Tilla og Oles legat, har vi finansiert innkjøp av ein bærbar 486-DX-2 PC. Vi fekk som kjent 20.000 frå Tilla og Oles legat i 1993. Vi skaffa oss ein bra kassettbandopptakar, og hadde likevel over halve beløpet ubrukt. Vi tenkte da som så at det er rett å setje desse pengane i konkrete og nyttige ting, heller enn å la dei gå inn i den vanlege drifta og ikkje bli synlege for ettertida. D e t e r svært mange bruksområde for ein datamaskin innan vårt fag. Bladet du les i nå er det mest nærliggande eksempelet. Det blir produsert på dataskjermen før det blir kopiert til alle medlemmene. Alt historisk stoff vi samlar inn blir registrert på data, slik at ein kan produsere oversiktlege innhaldslister alfabetisk, etter emne osv. Sjå kontaktblad nr 7. Det vanlege styrearbeidet med referat, innkallingar og annan brevskriving er eit anna arbeidsområde for maskinen. Det som er kanskje er mindre kjent er at ei mengd med historisk stoff etterkvart blir å få tak i dataformat. I framtida vil nok folketeljingslister og kyrkjebøker kunne takast fram på skjermen, slik at ein lett kan leite opp ting, og ein vil kunne skrive ut opplysningane i den form ein vil ha dei. 1801- f o l k e t e l j i n g a h a r v o r e Side 4 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 20 - Oktober 1995

tilgjengeleg slik i fleire år alt, og meir kjem etterkvart. Slektsgranskarar har lenge hatt svært effektive program. Desse er slik laga, at etter at namn og familietilknytingar er førde inn, kan maskinen setje opp slektstavler, anelister, skrive heile slektsbøker, finne slektsforhold og lage alle slags aktuelle skjema. Den som har aldri så lite kjennskap til data, f. eks. kan litt tekstbehandling vil fort lære seg å bruke eit slikt program, så dette tar vi eit kurs i dersom det er interesse for det. At vi gjorde alvor av handelen nettopp i vinter kom seg sjølvsagt av bokprosjektet i s a m b a n d m e d frigjeringsjubileet. Vi kunne ved hjelp av datamaskinen gjere Sriften på veggen så og seie ferdig til trykking heime på skrivebordet, og på denne måten få ned produksjonsutgiftene til over-kommeleg nivå. Med dette ligg vegen open for framtidige bokprosjekt frå Hjartdal historielag. Ei årbok burde vere nærliggande å få til nå. Vi treng bare nokre eldsjeler til å dra arbeidet i gang. Kva med eit slagord? Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 20 - Oktober 1995 Side 5

REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 10.3.1995 PÅ NORDBØ PENSJONAT Møtet blei halde i trivelege lokale, men dessverre med få deltakarar. 12 personar møtte. Møteleiar var formannen Torkel Hytta. Det blei servert kaffe og karbonadesmørbrød. Innkalling var sendt medlemmene i form av kontaktblad nr. 18. Sak nr.: 6/1995 ÅRSMELDING Godkjent etter at den blei referert og kommentert av formann og sekretær 7/1995 REGNSKAP Godkjent etter at det blei referert og kommentert av sekretæren, da kasseraren ikkje kunne møte. 8/1995 VALG Resultatet var i tråd med valgkommiteens innstilling: Formann: Torkel Hytta (På valg neste år) Nestformann: Ivar T. Dahl (Gjenvalgt) Sekretær: Leif Skoje (Gjenvalgt) Kasserar: Torkjel Tjønn (På valg neste år) Styremedlem: Hans Skeie (På valg neste år) Styremedlem: Tora Nordbø (Ny) Vara: Astrid Nirisrud Våle, Anne Tone Larsen, Astrid Espelid Valgkomite: Ola H. Særsland, Finn Birger Andersen 9/1995 EVENTUELT a: Etter forslag frå sekretæren blei kontingenten auka frå 30 til 50 kr frå og med 1995. Eit forslag på 100 kr blei nedstemt. b: Ein enkel teikning av ein stavkyrkjeportal blir førebels brukt som logo for historielaget etter sekretærens arbeid med saka. Nå blei det vedtatt å utlyse konkurranse mellom medlemmene for å få fleire forslag til logo. Hermed er medlemmene gjort kjent med dette. Forslag med grunngjeving skal sendast formannen, - Torkel Hytta innan 31. desember 1995. Styret vil opprette ein upartisk jury til å kåre ein eventuell vinnar straks over nyttår. 10/1995 FRIGJERINGSJUBILEET 1945-1995 Svein Vetle Trae heldt eit fyldig lysbildekåseri om krigen og motstandsarbeidet i distriktet. Dette blei også knytt til arbeidet med boka om krigen og motstandsarbeidet i distriktet. Torkel Hytta (Formann) Leif Skoje (Sekretær) Side 6 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 20 - Oktober 1995

Minneoppgave for eldre Dette er namnet på eit prosjekt som dei to institusjonane Norsk etnologisk gransking og Institutt for kulturstudiuer ved Universitetet i Oslo innbyr alle eldre til å vere med på. Det går ut på å få så mange som mulig av dei som er fødd før 1930 til å skrive ned livsminne. Dette er tidlegare gjort i 1964 og 1981. Dersom nokon vil vere med på dette så er det bare å ta kontakt med historielaget. Vi har eit hefte med rettleiing og gode råd, som vi låner ut til dei som tenker på å prøve. Elles tar laget seg av innsending og eventuelle andre praktiske ting. Desverre er vi seint ute med å gjere dette kjent. Det skal helst vere ferdig 15.januar 1996. Enten du skriv mykje eller lite så er det interessant. Og du treng ikkje ha opplevd dei store og dramatiske tinga for å delta. Det er ikkje minst kvardagen som skal skildrast ved denne anledningen. Kontakt Torkel Hytta (350-23 150) eller Leif Skoje (350-23 011) PRØV DEG SOM INNSAMLAR! Hugs at du som medlem kan låne kassettbandopptakaren til HHL dersom du har idear om ting som bør sikrast for ettertida. Maskinen er nå ledig etter mykje bruk i samband med Skriften på veggen. Vi vil gjerne ha det du tar opp til historielagssamlinga, men sjølvsagt må du også ha din eigen kopi. Slikt som mellom anna historiar, segner, songar, musikk og dialekt-eksempel er ting vi gjerne vi ha. Du får ein rask instruksjon i bruken av maskinen desom det trengst. Kontakt Leif Skoje (350 23 011) Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 20 - Oktober 1995 Side 7

HHL har frå 1994 samarbeidd med Museumstenesta for Aust-Telemark om idear til å gjere noko ut av Heddal mølle. Vi ser heile området rundt Omnesfossen som eit svært interessant historisk område i kommunen, og gav i 1992 ut eit eige kontaktblad om dette. Hovudarbeidet til nå har vore å la ein arkitekt foreta ei skikkeleg oppmåling og teikning av bygget, - altså ein grunnleggande dokumentasjon av kva mølla er i dag og kva ho kan vere å satse på. Dette kosta ein god del pengar. Men vi søkte og fekk midlar frå ein stiftelse i Oslo, som yter pengar til kulturformål. Slik har ikkje arbeidet kosta HHL noko av eigne midlar. Med dette kan vi vise til eit konkret HEDDAL MØLLE arbeid, som nå er ein dokumentasjon av møllebygget i lagets eige. Ein del idear om bruk av mølla har vi også arbeidd med, utan at vi går i detalj om dei her. Vi har elles nå bestemt oss for å legge arbeidet på is. For ikkje lenge sidan har vi fått vite at det er andre, private interesser som har søkt eigaren - Notodden kommune om å få pusse opp mølla og bruke ho for lengre tid framover. Det er ikkje ønskeleg for oss å konkurrere om mølla. Ut frå vårt interesseområde meiner vi da i staden å kunne be Notodden kommune stille visse vilkår overfor leigaren. F.eks. må dei vernemessige sidene ved bygget og området bli sikra ved ei evt. langtidsutleige eller salg av bygget. Omnesfossen måla av Hans Gude i 1859 HJARTDAL HISTORIELAG Formann: Torkel Hytta, 3692 SAULAND Tlf.: 350 23 150 Sekretær: Leif Skoje, 3692 SAULAND Tlf.: 350 23 011 Bank: Hjartdal og Gransherad sparebank: Kontonr.: 2699 07 04332 Kontaktblad for Hjart-dal Historielag b l i r l a g a a v Sekretæren i HHL. Bladet blir sendt alle m e d l e m m e r - deriblant ein del institusjonar. Det er tillatt å bruke og kopiere stoff frå bladet, men oppgje kjelde! Vi vil gjerne at med- Bladet er utforma ved hjelp av EDBprogrammet MS-Publisher 2.0 Side 8 Kontaktblad for Hjartdal Historielag Nr. 20 - Oktober 1995