1986 2011 I 2011 var det 25 år sidan Noregs Bank flytta inn i det nye hovudsetebygget sitt på Bankplassen. Då nybygget blei innvigd 13. oktober 1986, markerte det slutten på ein lang og komplisert byggjeprosess. Det var arkitektfirmaet Lund & Slaatto som i 1973 vann konkurransen om å byggje Noregs Bank, og i 1979 tok grunnarbeida til.
1973 Arkitektkonkurranse for nytt hovudkontor for Noregs Bank. Konkurranseprosjektet frå Lund & Slaatto arkitekter MNAL blei brukt som bakgrunn for eit omfattande prosjekterings- og planleggingsarbeid. Dei overordna styringsfaktorane var omsyn til omkringliggjande bymiljø, indre arbeidsmiljø, tryggleik og framtidig reservekapasitet. I perioden 1976 1979 blei hovudkonsepta for byggjestruktur, formgiving, detaljering og hovuddisponering av materialbruken fastlagde. 1980 Byggjearbeida starta ved årsskiftet 1979 1980. Byggjesaka involverte langt over 100 enkelten treprisar. I dei mest intense periodane var over 100 arkitektar og ingeniørar heiltidssysselsette i planleggingsarbeidet. I tillegg kom byggherreombodet OPAKs stab av prosjekt- og byggjeleiarar. 1982 17. august 1982 la stortingspresident Per Hysing Dahl ned grunnsteinen for bygningen under ei mottaking i byggjegropa. 1986 Hovudinnflyttinga skjedde 29. 31. august, men det gjekk for seg omfattande arbeid i bygget også etter dette. Om lag 750 tilsette, seteltrykkeriet medrekna, flytta inn i løpet av hausten 1986 og våren 1987. Bygget har eit areal på 60 000 m 2, der ein tredjedel ligg under bakken. Den offisielle opninga fann stad 13. oktober 1986, med HM Kong Olav V som heidersgjest. 1990 I mai kom Fritz Røeds skulpturgruppe «Gateteater» på plass i uterommet Rådhushaven. Det var det siste av verka som blei kjøpte inn som ledd i det kunstnariske utsmykkingsprogrammet for bygningen. Sidan den gongen har kunstsamlinga hatt ein jamleg tilvekst av måleri, skulptur, tekstil og grafikk frå norske kunstnarar. 1970 1971 1972 1973 1974 1975 1976 1977 1978 1979 1980 1981 1982 1983 1984 1985 1986 1987 1988 1989 1990
1991 14. juni 1991 markerte banken at det var 175 år sidan Stortinget sanksjonerte den første lova om Noregs Bank. Hovudkontorbygningen var pynta til fest. Det blei utgitt ei bok om menneske og hendingar i perioden 1816 1991. Spegelsalen og dei restaurerte bygningane blei brukte til jubileumsutstilling, og det var open dag for dei tilsette med familiar. 1998 NBIM (Noregs Bank Investment Management) forvaltar Statens pensjonsfond utland på vegner av Finansdepartementet. NBIM er eit område i Noregs Bank og blei etablert 1. januar 1998. Området voks raskt, og behovet for kontorplassar saman med organisasjonsendringar i resten av banken har medført til dels omfattande ombyggingar og interne flyttingar. Dei opphavlege kantinelokala i 5. etasjen er bygde om til kontorarbeidsplassar, og kantina er i dag i 1. etasjen. Resepsjonen er flytta nærmare inngangspartiet, som eitt av fleire tiltak for å auke tryggleiken. 2001 1. juli blei delar av oppgåvene banken har med kontanthandtering, skilde ut og lagde til eit aksjeselskap NOKAS (Norsk kontantservice). Ved opprettinga eigde Noregs Bank 33,5 % av aksjane, mens norske bankar eigde resten. Verksemda til NOKAS la beslag på store delar av 1. etasjen. 2007 Verksemda ved Noregs Banks seteltrykkeri blei avvikla i juni 2007. Norske pengesetlar blir frå 2008 trykte i utlandet. Dei første setlane blei leverte året etter at Noregs Bank blei oppretta i 1816. Det er såleis trykt setlar i eigen regi i 190 år. 2010 Dei ledige lokala etter seteltrykkeriet blei bygde om til kontorlokale for utleige. Hausten 2009 flytta Finanstilsynet inn i dei ombygde lokala. Finansminister Sigbjørn Johnsen var hovudtalar ved innflyttingsseremonien 20. januar 2010. Banken fekk òg eit nytt trimrom, som både dei tilsette i Noregs Bank og Finanstilsynet kan nytte. 2011 Banken sine aksjar i NOKAS blei overdregne til andre eigarar 6. januar 2006. NOKAS flytta ut av bygget i oktober 2011, og lokala skal byggjast om til bruk for Noregs Bank. I 2011 er det òg gjort fleire bygningstekniske endringar i bygget, der cellekontor er slått saman til fleirbrukskontor og opne areal. 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 Kjelder: Byggekunst nr. 5/6 1987 Orientering 3/91, 4/91 NB årsmelding 2001 NB Internett / Historie NOU 1990:25 Norges Banks nye hovedsete
Bevaring av Rådhusgata 10, 12 og 14 og Kirkegata 6 Bygningane i Rådhusgata stammar frå gjenoppbygginga etter bybrannen under ekeberg i 1624. Same året planla Kong Christian IV den nye byen Christiania, der bysenteret blei flytta frå Bjørvika til kvadraturen. Rådhusgata 10, 12 og 14 blei kjøpte for å innlemmast i det nye hovudsetet saman med Kirkegata 6 (frå 1850 1860), som tidlegare huste Andresens Bank. Alle bygningane er registrerte som bevaringsverdige. Dei blei sette i stand 16 Årsmelding og rekneskap 2011
etter eit svært omfattande restaureringsarbeid i 1978 1980 i samarbeid med riksantikvaren og Byantikvaren. I dag blir Rådhusgata 10 og 12 og Kirkegata 6 brukte til kontor, mens Rådhusgata 14 huser representasjonslokala til banken. Gavlveggen av Rådhusgata 14, som var så å seie det einaste som fekk stå urørt under restaureringa, sidan han har stor bygghistorisk verdi, kan sjåast inn mot nybygget. Ein kan sjå konturen av den opphavlege gavlen på huset, den innbygde svalgangen og eit bakbygg. 1986 2011 NORGES BANK årsmelding frå hovedstyret 17
Geometriske former Bygget er prega av den arkitektoniske retninga som blir kalla strukturalisme, og er basert på høg grad av prefabrikasjon og elementbyggeri. Utforminga av bygget er prega av ein gjennomført struktur basert på ein planmodul på 90 x 90 cm. Den åttekanta forma blei tidleg teken i bruk som ein praktisk funksjon i søyletverrsnittet for å gi plass til røyr for frisklufttilførsel. Dette blei til eit estetisk konsept som saman med kvadratet utløyste ein variasjon og rikdom og danna ein strukturell basis 18 Årsmelding og rekneskap 2011
ein molekylærstruktur som eit karakteristisk trekk for bygningen. Åttekanten er konsekvent gjennomført og speglar seg mellom anna i beresøylene, steinbelegg, heisar, tilplanting ute og blomsterurner. 1986 2011 NORGES BANK årsmelding frå hovedstyret 19
Materialval Eit viktig kriterium for bygningen var kvalitet. Den gav seg mellom anna uttrykk i materialval. Til Noregs Bank er det brukt både stein ( Carrarra-marmor og granitt i tre fargar: rosa Røyken-granitt, lys Støren-granitt og mørk Hauge-granitt), betong, metall (kopar, messing og stål) og tre (bøk, kvitt laminat og merbauparkett). Ute består fasaden av Røyken-granitt kombinert med kopar. Inne er det brukt stein som hovudmateriale i trapper og gangsoner. Til kontora er det brukt bøk og kvitt laminat 20 Årsmelding og rekneskap 2011
som kontrast til dei strenge trapperomma. Inne er koparen bygd ut med messing som er supplert med stål. Rustfritt stål går igjen mellom betongsøyler og dragarar i vegg og himling, mens messingen markerer posisjon frå berande konstruksjonar. Betongsøylene er synlege overalt innvendig. Samspelet mellom materialane skaper kontrastar mellom varmt og kaldt og markerer dei forskjellige sonene i bygningen. 1986 2011 NORGES BANK årsmelding frå hovedstyret 21
Uterom Opningane mellom husa i kvartalet er utforma som hagar. Dei er viktige trivselsfaktorar og skal hjelpe folk til å orientere seg i kvartalet. Hagane kan ein oppleve ved å ferdast i dei, men dei er òg noko ein betraktar innanfrå frå etasjen der hagen ligg, eller som vakker utsikt frå galleria, trapperomma og kontora oppover i etasjane. Dei er utforma som strenge grafiske biletkomposisjonar med variasjonar over byggets geometriske hovudtema. 22 Årsmelding og rekneskap 2011
Hageromma har forskjellig karakter etter funksjon, plassering, lysforhold og storleik og representerer ulike kombinasjonar av hovudkomponentane vatn, stein, plantar og lys. For å skilje sør frå nord og aust frå vest er motiva spegelvende i fleire av hagane. Hageanlegga i seg sjølve er ein vesent - leg del av den kunstnariske utsmykkinga av bygget. 1986 2011 NORGES BANK årsmelding frå hovedstyret 23
Trapperom og korridorar Golvflisene i korridorane er sette saman av lys og mørk granitt, der dei mørke felta indikerer kvar det er kryssande korridor eller tilkomst til ny etasje. Designen av trappene er viktig. Det er to typar trapperom i bygningen: rektangulære hovudtrapper sentralt i kvartalet og spiraltrapper i ytterhjørna av kvartalet. Materialet i trappene er marmor, granitt og messing. 24 Årsmelding og rekneskap 2011
Marmorarbeidet i spiraltrappa er eit presisjonsarbeid der ikkje to fliser er like. 1986 2011 NORGES BANK årsmelding frå hovedstyret 25