UNIVERSITETETI AGDER(UiA) Eksameni Skatterett1 - JU 203 Vår2012 Tilletnehjelpemiddel: (måndag 14. mai 2012, kl 09.00-14.00) Noregs Lover og seinare samlingar av årets lover utgjevne av Stortinget. Særtrykk - kopiar og utskrifter frå Intemett - av lover og forskrifter utan kommentarar. Ole Gjems-Onstad eller Jacob Jarøy si skattelovsamling. Batteridriven kalkulator, dvs lommereknar utan tilleggsutstyr. Ved bruk av kalkulator med lagringsfunksjon må minnet slettast. Innarbeidingari tilletnehjelpemiddel: Rette strekar og understrekingar i fargar. Tekst er ikkjelov. Tilvising til andre tilletne hjelpemiddel eller til andre stader i lova. Tilvising må byrje med: jfr, cfr, se, mots, contra, sml, endr, eller opph. Anna tekst må berre bestå av sjølve tilvisinga. Diverseopplysningar: Oppgåvesettet består av 4 oppgåver med anslagsvis bruk av tid: > Oppgåve 1: 40% > Oppgåve 2: 15% > Oppgåve 3: 35% > Oppgåve 4: 10% Bruk skattesatsar og reglar for inntektsåret 2012 ved løysing av oppgåvene. Ta sjølv føresetnader viss du meiner det er naudsynt for å løyse oppgåva. Oppgåvesettet er på i alt 5 sider, medrekna framsida. Når du svararpå oppgåveneskal detvisasttil dei aktuelleheimlanei skatte-og avgiftslovgjevinga. LYKKE TIL!!! 1
OPPGÅVE 1 (40%) Siri er einsleg forsørgjar for Andreas på 16 år. Ho er tilsett på full tid som ingeniør i Compax AS, og ho mottek kr 750 000 inkludert feriepengar med kr 75 000 som lønn i 2012. Ho fekk og kjøpt 100 aksjar til ein pris av kr 200 pr stk. i Compax AS i 2012. Tilbodet gjekk til alle tilsette i verksemda, og som dei fleste andre nytta Siri seg av det då marknadsprisen var kr 250 pr stk på kjøpstidspunktet. Skattemessig formuesverdi pr 01.01.12 var kr 135 pr aksje. Verdien pr 01.01.13 er kr 150. Selskapet er ikkje børsnotert. Siri mottek ikkje utbytte på desse aksjane i 2012. Sidan Siri sin jobb medfører noko representasjon og deltaking på møte med kundar, så dekka Siri sin arbeidsgjevar utgifter til to skreddarsydde drakter til bruk i formelle samanhengar. Draktene er nøytrale og utan firmalogo, og dei kosta kr 5 200 til saman. Siri selde einebustaden sin i desember 2011, og fram til 01.05.12 budde ho og Andreas i ei leid leilegheit og betalte kr 8 000 i husleige pr månad. Då fann ho endeleg eit nytt hus som ho kjøpte, og dei flytta inn med det same. Kjøpet vart delvis finansiert med ein eigenkapital på kr 3 000 000 som var salsvederlaget for den gamle bustaden. Til å dekke resten av kjøpesummen fekk Siri eit lån på kr 800 000 frå arbeidsgjevaren sin som løp frå 01.05.12. Lånet skulle være avdragsfritt dei første to åra, og det vart avtala ei lånerente på 1 % p.a. Rentene forfell til betaling 1.mai kvart år, første gong 1.mai 2013. Normrentesatsen skal settast til 4% for 2012. Oppgjeven likningsverdi på den nye bustaden er kr 729 000 pr 01.01.13. Siri har forsikra innbuet sitt for kr 1 015 000. Siri eig og 1 000 aksjar i det børsnoterte selskapet Epic ASA. Pålydande for aksjane er kr 10 pr stk, men Siri kjøpte dei for kr 11 pr stk inkludert omkostningar i 2005. Børskursen var kr 11,50 pr aksje pr 01.01.12 og er kr 12 pr aksje pr 01.01.13. Siri mottek kr 3 500 i samla utbytte på desse aksjane i 2012. RISK pr 01.01.06 var kr 2 pr aksje. Skjermingsrenta skal settast til 1,5% for 2012. Det var kr 0,50 pr aksje i unytta skjerming frå tidlegare år pr 01.01.12. Siri betaler kr 3 850 i fagforeiningskontingent i 2012. Reiseavstand mellom heim og arbeidsstad var på 60 km ein veg fram til 1.mai (82 dagar). Etter flyttinga vert avstanden berre 2 km for dei resterande 148 arbeidsdagane i 2012. Siri kjører på jobb kvar dag og nyttar sin eigen bil, ein Golf 2008-modell med listepris som ny på kr 280 000. Siri arva ei hytte på en holme i skjærgården etter foreldra sine i januar 2004. Arveavgiftsgrunnlaget vart sett til kr 350 000. Den første tida bruka ho hytta noko sjølv, og det vart sett opp eit tilbygg i 2005 som inneheldt to ekstra soverom og bad. Utgifter til materialar og handverkarar kom på kr 175 000. Frå 01.01.06 til 01.01.10 vart hytta leigd ut til eit firma på årsbasis for kr 100 000 pr år. Etter dette vart det slutt på utleiga, og ho bruka hytta igjen i nokre helgar og litt i sommarferien. Sommaren 2012 vert Siri kontakta av ein kjøpar som er villig til å gje 3 mill for hytta. Siri som lenge har hatt lyst på seglbåt, aksepterer og sel hytta 01.07.12. Likningsverdien pr 01.01.13 er kr 420 000. Fram til salet var det påløpt og betalt kr 3 400 i forsikring og avgifter for 2012. Det vart og føreteke vedlikehaldsarbeid i starten av året som kom på kr 15 000. Siri kjøper ein seglbåt på hausten 2012 for kr 2 800 000 og forsikrar den for same beløp. 2
For 2012 vert det utbetalt kr 12 000 i barnetrygd for Andreas. Siri har ein lønnskonto der saldo pr 01.01.13 er kr 25 300 inkludert renter for 2012 med kr 1 100. Ho har og ein høgrentekonto der saldo er kr 298 000 inkludert renter med kr 12 700. Ho har kr 3 850 i kontantar ved årsskiftet. Andreas har som oppdrag å klippe og vatne plena til naboen i ferien. For dette får han kr 2 000. I tillegg har han sommarjobb i Parkvesenet og tener kr 41 500. På Andreas sin bankkonto er saldo kr 17 500 pr 01.01.13 inkludert renter for 2012 med kr 550. Fastsett personinntekt, alminneleg inntekt ogformue for Siri og Andreas i 2012. Du skal og rekne ut inntekts- ogformuesskatt. OPPGÅVE 2 (15%) I samband med årsoppgjeret / skatteutrekninga for Handelskompaniet AS får du følgjande opplysningar: Reknskapsmessig resultat før skattekostnad er kr 1 290 000. I dette resultatet inngår eit lovleg aksjeutbytte på kr 50 000 og eit tap ved realisasjon av aksjar på kr 100 000. Begge postar gjeld norske selskap. Du rar vidare følgjande opplysningar om reknskapsmessig og skattemessig verdi for selskapet sine eignelutar: Reknskapsmessig verdi Skattemessig verdi r. 01.01. r. 31.12. r. 01.01. r. 31.12. Varebehaldning 4 000 000 4 500 000 4 200 000 4 800 000 Kundefordringar 1 800 000 1 900 000 1 850 000 1 990 000 Anleggsmiddel 3 400 000 3 100 000 3 200 000 2 700 000 Det er ingen andre postar i reknskapsmessig resultat enn dei som er nærare kommentert over som må vurderast ved omrekning frå reknskapsmessig resultat til alminneleg inntekt. Kva vert selskapet si alminnelege inntektfor dette året? Kva vert selskapet sin skattekostnadfor dette året? Kva vert selskapet sin betalbare skattfor dette året? OPPGÅVE 3 (35%) Kine Karlsen driv næringsverksemd i enkeltpersonføretaket Karlsens kompani. Ho er 30 år og einsleg. I år X12 har ho ikkje rekna ferdig alminneleg inntekt, og ho har foreløpig berre ført følgjande poster: Omsetning (alt er kredittsal) 4 000 000 Varekjøp(1) 1 200 000 Personalkostnader(2) 900 000 Andre driftskostnader 3 1 000 000 3 100 000 Foreløpig driftsresultat før avskrivingar 900 000 Renteinntekter 10 000 Renteutgifter 65 000 Foreløpig resultat før avskrivingar 845 000 3
Her er berre varekjøpet ført. Pr.01.01.X12 var kostprisen for innkjøpt varelager kr 400 000. Pr.31.12.X12 er kostprisen for innkjøpt varelager kr 350 000. Beløpet gjeld personalkostnader for tilsette i verksemda, og alt gjev rett til frådrag skattemessig. Utanom dette overfører Kine Karlsen kr 15 000 pr mnd til privatkontoen sin. Dette beløpet gjev rett til frådrag skattemessig. Her inngår årets realiserte tap på kundefordringar med kr 60 000. Det inngår ikkje noko nedskriving for forventa tap på kundefordringar. Realiserte tap på kundefordringar i X11 var kr 40 000, medan kredittsalet dette året utgjorde kr 3 500 000. Pålydande uteståande kundefordringar pr. 31.12.X12 er kr 800 000. Pålydande uteståande kundefordringar pr. 01.01.X12 var kr 613 000. Skattemessig nedskriving pr 01.01.X12 var kr 13 000. Skattemessig verdi på andre eigenlutar pr.01.01.x12 var: Næringstomt 275 000 Driftsbygning saldo h 800 000 Tekniske installasjonar i bygget, saldo j 200 000 Maskiner og inventar, saldo d 250 000 Bankinnskot 130 000 Pr. 31.12.X12 er bankinnskotet på kr 70 000. I år X12 sel ho ei maskin som står på saldo d for kr 90 000. Ho kjøper nytt inventar for kr 10 000 og ei ny maskin (saldo d) for kr 100 000. Ho hadde følgjande gjeldsposter pr 01.01.X12: Lån i bank Leverandørgjeld Annan kortsiktig gjeld (skyldig meirverdiavgift og arbeidsgjevaravgift) 1 000 000 250 000 100 000 Pr. 31.12.X12 er lånet i banken på kr 950 000, leverandørgjelden på kr 300 000 og annan kortsiktig gjeld er kr 120 000. Kine Karlsen har ingen inntekter eller frådragsposter utanom næringsverksemda, Ho ynskjer at inntekta skal fastsettast så lågt som skattereglene gjev rom for. Spørsmål 1 Fastsett alminneleg inntektfor Kine Karlsen i X12. Spørsmål 2 Fastsett personinntekt for Kine Karlsen i X12. Skjermingsrenta for X12 skal settast til 2%. 4
OPPGÅVE4 (10%) Kontorutstyr AS forhandlar kontorrekvisita, og har ei betydeleg omsetning. Det er under oppgjeve enkelte transaksjonar, og du skalfor kvar enkelt transaksjon vise riktig handsaming av avgift. Du skal konkret rekne ut beløpfor eventuell inngåande meirverdiavgift, om den gjev rett tilfrådrag, og eventuell utgåande meirverdiavgift skal reknast ut. Handsaminga av avgift skal grunngjevast med tilvising til lov og forskrift. Alle beløper oppgjeveutan eventuellmeirverdiavgift. Kontorutstyr AS kjøper 400 fargeblokker frå norsk leverandør. Kvar blokk kostar kr 30 i innkjøp. Kontorutstyr AS sel 100 fargeblokker til en bokhandel for kr 60 pr. stk. Kontorutstyr AS sel 1 fargeblokk til ein privatperson for kr 60. Kontorutstyr AS teiknar eitt års abonnement for kr 1 000 på tidsskriftet "Kontornytt". Tidsskriftet vert hovudsakeleg seld til faste abonnentar, men nokre eksemplar vert og seld gjennom Narvesen-kioskar. Kontorutstyr AS sett inn ein annonse for produkta sine i tidsskriftet "Kontornytt". Annonsen kostar kr 5 000. For å være oppdatert kjøper regnskapssjefen i Kontorutstyr AS boken "Lærebok i Meirverdiavgift" for kr 390. Kontorutstyr AS kjøper 500 stk. pennar for kr 5 000 påtrykka selskapets logo (firmamerke). Pennane vert gjeve bort til besøkjande som reklame på den årlege kontormessa. Tilsvarande pennar vert seld til kundar for kr 18 pr. stk. Hadde det gjort nokon skilnad på løysinga om pennane sin verdi var kr 60 i innkjøp og kr 100 i utsal i staden for dei verdiane som er gjeve opp over? Kontorutstyr AS kjøper inn brød, pålegg og kaffi for kr 500 som de tilsette kan forsyne seg av på spiserommet Kontorutstyr AS kjøper ein ny personbil frå ein bilforhandlar som berre skal brukast av selgarar i verksemda til kundebesøk. Prisen er kr 400 000 (utan eingongsavgift). Kontorutstyr AS sel den gamle personbilen dei nytta til kundebesøk for kr 150 000. 5