MARS Grøn og oransje Grøn gruppe har også denne månaden jobba med prosjektet «MEG SJØV». Me har blant anna vore å sett på husa til Emil og Yasmin, så no har me snart vore å sett på alle husa. Barna har også starta å fabulera kring kva dei vil bli når dei blir store. Nokre vil bli superheltar, medan andre vil bli fotballkeeper Oranje gruppe Denne månaden har me avslutta «spinnerprosjektet» (bladeprosjektet) vårt. Me kjem i aprilmånad til å konsentrera oss om å vera ute og leite etter småkryp, insekter og ana me finn i naturen.
Snø, snø og atter snø Ifølge kalenderen så er det mars og vår, men snøen sluttar jo aldri å koma. Når sola har skint, og me så smått har byrja å få vårkjensla, så vaknar me neste dag til snøstorm. Men sjølv om me byrjar å gå litt lei snøen, har me likevell utnytta den til det fulle. Ein dag hadde og Kristian ski med seg, til stor begeistring for resten av grøn gruppa. Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal n bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt (Rammeplanen, 2017)
Barnehagedagen 2018 «la meg skapa» Me hadde forskjellege stasjonar ute, der barna kunne velje kva dei ville gjere. Nokon ville mala på lerret med sprayflasker, andre ville leika regelleikar og andre ville leika i skogen. Til lunsj laga me fiskeburger på bålet og steikte bananer og epler til dessert. Haien kommer. «Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevega seg, leike og samhandle med andre og oppleve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader.» (Rammeplanen, 2017)
Kreative barn Etter å ha avslutta prosjektet «Bladeprosjekt/spinnerprosjekt spinnvill», fekk barna låne Birgitte sitt curlingspel. Barna var 1 og 1 eller to lag, enten på 2 og 3, eller 3 og 3. Her måtta barna også øve på å stå i kø og vente på tur. Personalet skal støtte barnas aktivitet, engasjement og deltaking i fellesskapet (Rammeplanen, 2017)
Kreative barn Sjølv om det er ei stund sidan me gjekk julebukk, så kjem det rett som det er fram igjen. Desse jentene kom og song ein julesong og fekk med seg rosiner. Kreative barn som kledde seg ut og fekk etterpå «betaling» for opptreden.
Påskeharen Då barna hadde sett påskeharen i n dagen før, fant dei ut at dei skulle skriva brev og be om eit påskeegg. Spenninga var stor då påskeharen dukka opp igjen og barna leita ivrig etter eit påskeegg. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik åleine og saman med andre (Rammeplan, 2017)
Husbesøk hos Yasmin og Emil Saman med Susanne har nokre av barna på grøn gruppe vært og sett på husa til Emil og Yasmin. På veg til Emil oppdaga barna at det var mykje boss som låg langs vegen, så på vei tilbake plukka dei med seg alt dei fant av boss. Det er viktig å halda naturen rein! På veg til Yasmin helste me på både ku og hundar. Då me kom fram til Yasmin sitt hus var me så heldige å fekk servert kakao og kaffi i utestova. I n skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt leggje til rette for utvikling av vennskap og sosialt fellesskap (Rammeplanen, 2017)
Jonatan 5 år Aksel 4 år Kristian 4år
April Grøn gruppe: Minnar om at det enda er eit par stykk eg ikkje har fått familiebilder til husa frå, og at dei kan sendast til mari.johansen.alfarnes@stord.kommune.no eller leverast til Mari i n. I løpet av april blir det høve til å ha foreldresamtale for dei som ynskjer det. Meir informasjon kjem. Orangegruppe: Foreldresamtalar kjem i april. Husk å ha varme klede i hylla på barna. Sjølv om det er blitt vår og april, så er det fortsatt kaldt om dagane og barna blir fort kalde viss dei ikkje har varme kleder. Vottar, huer og hals er det enda behov for.