KSL-STANDARDEN 2018 Versjon 14, oktober 2018 - Nynorsk 4 POTET Sjekkliste med rettleiing 2018 Matmerk
Sjekklistespørsmål med rettleiing Ja Nei IA* Sjekklistespørsmål der det krevst skriftleg dokumentasjon er markert med oransje bakgrunnsfarge. (* IA = ikkje aktuelt) Dei fleste av krava som gjeld potetproduksjon ligg i sjekkliste 1 Generelle krav til garden. Dette gjeld mellom anna krav til gjødsling og bruk av plantevernmiddel. Det er eit krav at det ikkje skal brukast genmodifisert plantemateriale. Leverandørane av settepotet er ansvarlege for at dette kravet blir følgt. Kravet byggjer på ei avtalt haldning i norsk landbruk om ikkje å bruke genmodifiserte organismar. 4.1 PLANTEHELSE 4.1.1 Blir Nasjonal bransjestandard for PCN fylgd i potetproduksjonen? Nasjonal bransjestandard for PCN har som hovudmål å beskytte potetproduksjonen mot smitte av potetcystenematoder (gul PCN og kvit PCN), og minimere produsentane sine og samfunnet sitt tap som følgje av PCN. Heimelsgrunnlag for bransjestandarden ligg i forbodet mot å spreie potetcystenematoder, jf. forskrift om plantehelse og Mattilsynet si retningslinje Forvaltningspraksis ved påvisning av gul og/eller kvit potetcystenematode (PCN). Les meir om PCN på mattilsynet.no. Du som eigar/brukar er ansvarleg for å ha kjennskap til PCN-status og ta PCN-prøver av jord frå skifter der det er dyrka potet. Etter at PCN-status på eigendomen er kartlagt bør det innførast regelmessig prøvetaking, minimum kvart 4. potetår på potetareal. Sjå alle anbefalingane i punkt 4.2 i bransjestandarden. Uttak av prøver skal skje i tråd med bestemmingane i Mattilsynet sin rettleiar. Som eigar/brukar har du plikt til straks å melde fra til Mattilsynet om kjennskap til, eller mistanke om, angrep av PCN. Mattilsynet har sett saman alle PCN-funn til eit felles PCN-register for heile landet. Dette ligg på Mattilsynet sine nettsider, og må takast i bruk av alle potetprodusentar. Registeret er eit viktig verktøy ved dyrking av poteter, spesielt der jordleie inngår i produksjonen. Sjå Nasjonal bransjestandard for PCN for detaljane i dette. 4.1.2 Har du gjort deg kjent med aktuelle karanteneskadegjerarar i potetproduksjonen og tiltak for å hindre smitte? I nokre kulturar er risikoen for introduksjon og spreiing av karanteneskadegjerarar vurdert som spesielt stor. Her stillast det ei rekkje tilleggskrav som må oppfyllast før varene kan omsetjast (forskrift om plantehelse jf. 5, vedlegg 4B). Mattilsynet sin rettleiar til forskrift om plantehelse finn du på mattilsynet.no. 4.1.3 Blir aktuelle analyseresultat som gjeld mattryggleik og kvalitet arkivert? Resultat av analysar som gjeld mattryggleik eller kvalitet skal arkiverast. Dette er viktig for å dokumentere kva for prøver som er tekne og kva for resultat prøvane har gjeve. 2 4 - Potet
Ja Nei IA Lover og forskrifter: --Forskrift om settepoteter --Forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere (forskrift om plantehelse) 4.2 SETTING 4.2.1 Er sort og partinummer for innkjøpt settepotet eller bruk av eigne settepoteter registrert? Innkjøpte settepoteter skal dokumenterast med partinummer. Rekneskapsvedlegg påført partinummer og sort kan dokumentera dette, men registrert bruk av settepotetene med partinummer pr. skifte er anbefalt ved eventuelle reklamasjonar. Sort skal dokumenterast ved sortsavhengig betaling av potetene. Oppformeiring av settepotet til eige bruk må kunne dokumenterast. Dette kan dokumenterast med innkjøpsår, sort og partinummer. Utskifting av settepotet er viktig for å hindre oppformeiring av plantesjukdommar på potet. 4.2.2 Har du skiftenotering som viser kva for sorter som er brukt på dei enkelte skifta? Fordi det er forskjell på sortane med omsyn til resistens er det viktig å notere kva for sortar som er dyrka på dei enkelte skifta. Dersom det er påvist PCN på brukseininga er dette eit bransjekrav. Lover og forskrifter: --Forskrift om settepoteter 4.3 HAUSTING, LAGRING OG TRANSPORT 4.3.1 Er transportutstyr reingjort slik at potetene ikkje blir forureina ved transport? Transportutstyret skal vere reint slik at potetene ikkje blir forureina ved transport. Dette er også viktig for å hindre spreiing av PCN. 4.3.2 Blir lager reingjort og kontrollert før sesongen startar? I lagerrommet skal det ikkje oppbevarast produkt som kan forureine potetene, som til dømes gjødsel, plantevernmiddel, kjemikaliar eller liknande. Årleg reingjering er eit bransjekrav dersom det er påvist PCN på brukseininga. 4.3.3 God og høg kvalitet på potetene utover i lagringssesong avheng av riktig innlagring og lagring. Blir potetene innlagra og nedkjølt riktig etter hausting, og blir dei lagra mørkt ved riktig temperatur og luftråme? Riktig innlagring, nedkjøling og riktig temperatur ved lagring er viktig for kvaliteten på potetene. Det er ulike krav til lagring avhengig av sort og kva potetene skal brukast til. Varemottakar kan gi informasjon om dette. Nyttige råd for innlagring av potet: Ta opp poteten skånsamt ved så tørre og varme tilhøve som mogleg. Ikkje utset poteten for direkte sollys. Ein grov peikepinn på sårheling er; ca. 3 veker på 12 C under mørke og luftige tilhøve (men ikkje for tørt) for å få danna korklag på poteten. Men det er temperaturen på potetknollen ved start av innlagringsperioden som avgjer lengda på sårhelingsperioden og temperaturen. Knolltemperaturen bør vere høgare enn lagertemperaturen for å unngå kondens på knollane. Er knollane varmare enn lagerlufta, stig temperaturen og den relative luftråmen søkk slik at vi får ein opptørkingseffekt på knollen. Slike tilhøve er best, særleg dersom det er mistanke om tørråte og stengelråte. Senk temperaturen på lageret gradvis i takt med temperaturen ute. Etter sårhelingsperioden skal temperaturen ideelt sett senkast gradvis ned mot ein lagringstemperatur på 4-5 C med god råme, dvs. så høg relativ luftråme som mogleg utan å gi kondensvatn på knollane. Er 4 - Potet 3
Ja Nei IA hausten varm kan det vere vanskeleg å kome ned i ønskt lagertemperatur dersom ein ikkje har kjøleanlegg. Ved sortering utover i lagringssesongen, bør knolltemperaturen hevast til 10-12 C for å tåle handteringa betre. 4.3.4 Er det rutinar ved innlagring som sikrar at potetene kan sporast til det enkelte skiftet som dei er dyrka på? For potet skal det vere mogleg å spore leveransane ned på skiftenivå. Gjeld produksjon til industri 4.3.5 Kan eventuell bruk av antigromiddel dokumenterast ved produksjon av industripotet? Antigromiddel er berre lov å bruke på industripoteter. Bruk av antigromiddel skal dokumenterast med dato for bruk, kva for middel, kor stor mengde som er brukt og kva for operatør/firma som har gjort jobben. Lover og forskrifter: --Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) --Forskrift om matpoteter --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) --Forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere (forskrift om plantehelse) 4.4 SORTERING OG PAKKING AV EIGNE POTETER I EMBALLASJE/KASSAR DIREKTE TIL OMSETNAD/FORBRUKAR Det er ulike regelverk som gjeld for primærproduksjon og vidare foredling av råvarer. I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg å seie om noko er primærproduksjon eller om det er foredling. KSL-standarden dekkjer primærproduksjon, ikkje foredling. Er du usikker på om produksjonen din også omfattar vidareforedling, bør du ta kontakt med Mattilsynet for å avklare dette. Du kan ta utgangspunkt i følgande: Primærproduksjon: produksjon, hausting, lagring, vasking og pakking av eigne poteter Foredling: skrelling og deling av poteter, både eigne og andre sine pakking av poteter frå andre produsentar For foredling gjeld eit meir omfattande regelverk. 4.4.1 Har du gjennomført ei risikovurdering knytt til produktkvalitet og hygiene ved pakking/emballering av potet? Alle trinn knytt til hausting og pakking skal gjennomgåast for å finne faktorar som kan utgjere ein potensiell risiko knytt til produktkvalitet og hygiene. Ei risikovurdering omfattar ein gjennomgang av: kva som kan gå galt med produktet ved hausting og pakking kva vi kan gjere for å hindre dette kva vi kan gjere for å redusere konsekvensane dersom dette skjer slik at det ikkje fører til redusert produktkvalitet og/eller helseskade Gjennomgangen vil gje deg ein oversikt over dei områda som krev spesiell kontroll og ettersyn. På ksl.no er det lagt ut eit skjema med eksempel på aktuelle trinn og sjekkpunkter ved pakking på jordet og i pakkeri. Dette kan du bruke som eit utgangspunkt i ei risikovurdering av din produksjon. 4 4 - Potet
Ja Nei IA 4.4.2 Har verksemda rutinar for reingjering av pakkerom? For å unngå at potetene blir forureina under sortering, pakking og lagring, er det viktig å ha gode rutinar for reingjering av rom og utstyr som blir brukt i arbeidet. 4.4.3 Skjer arbeidet med vasking, sortering, pakking og utlasting av potetene ved ein temperatur som er optimal for bevaring av potetkvaliteten? Temperaturen ved vasking, sortering og pakking må tilpassast det enkelte produktet for å avgrense skadar ved handtering, og for å sikre haldbarheita. Lover og forskrifter: --Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) --Forskrift om matpoteter --Forskrift om materialer og gjenstander i kontakt med næringsmidler (matkontaktforskrifta) --Forskrift om vannforsyning og drikkevann (drikkevassforskrifta) --Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) --Forskrift om internkontroll for å oppfylle næringsmiddellovgivningen 4 - Potet 5
6 4 - Potet
4 - Potet 7
Tiltaksplanar KRAV NR. FORBETRINGAR/TILTAK ETTER EIGENREVISJON Frist dato Utført dato MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 Sentrum 0105 Oslo Telefon: 24 14 83 00 ksl@matmerk.no ksl.no