Geoteknikk E136 Breivika - Lerstad. Veg i dagen Lerstad O Pp Pp Dd Rr aa gg Te R eks ns uo rl os ag vi ad ve dl ien lgi na g e n Nr. 2010119447-2 Region midt Ressursavdelinga Berg- og geoteknikkseksjonen 2011-04-28
Oppdragsrapport Nr. 2010119447-2 Labsysnr. 4100026 Region midt Ressursavdelinga Berg- og geoteknikkseksjonen Geoteknikk E136 Breivika - Lerstad. Veg i dagen Lerstad www.vegvesen.no UTM-sone Euref89 Ø-N 33 51900-6956800 Oppdragsgiver: Antall sider: SVV avd. MR 8 Dato: Antall vedlegg: 2011-04-28 3 Kommune nr. 1504 Kommune ÅLESUND Utarbeidet av (navn, sign.) Ove Strømme 16 Antall tegninger: Papirarkivnummer Sammendrag Seksjonsleder (navn, sign.) Per Olav Berg Kontrollert Gunnar Djup På ein stor del av området ligg det fyllmasse som inneheld organisk materiale. Naturleg undergrunn er eit lag med siltig sand over morene og berg. Skjeringa pr. 8100-8200 vil stort sett komme i fyllmasse med organisk materiale. Ved bru som går over E136 (ved pr. 8190) ligg bergoverflata 4,5-11,5 m under dagens terreng. Ved dei to parallelle bruene på E136 ligg bergoverflata 3,7-7,4 m under dagens terreng. Under fyllinga pr. 8200-8300 bør ein skifte ut alt organisk materiale med tanke på setningar. For å kunne leggje ut dei høge fyllingane for rampe og lokalveg på nordsida av E136, må ein skifte ut masse i området ved fyllingsfot. Emneord: Totalsondering, navarboring Distribusjonsliste Antall Distribusjonsliste Antall Siv Karen Sundgot Ole Kristian Birkeland Erlend Opstad
Geoteknisk rapport nr. 2010119447-2 INNHALD INNHALD... 3 VEDLEGGSOVERSIKT... 3 1 ORIENTERING... 4 2 TIDLEGARE UNDERSØKING... 4 3 FELT- OG LABORATORIEARBEID... 5 4 GRUNN- OG FUNDAMENTERINGSFORHOLD... 5 4.1 Geoteknisk kategori... 5 4.2 Skjering pr. 8100-8200... 6 4.2.1 Grunnforhold... 6 4.2.2 Stabilitets- og setningsforhold... 6 4.3 Bru over E136 ved pr. 8180... 6 4.3.1 Grunnforhold... 6 4.4 Bruer og fylling på E136 pr. 8200 8300... 7 4.4.1 Grunnforhold... 7 4.4.2 Stabilitets- og setningsforhold... 7 4.5 Fylling for kryssrampe og lokalvegar på nordsida av E136... 7 4.5.1 Grunnforhold... 7 4.5.2 Stabilitets- og setningsforhold... 7 5 VIDARE ARBEID... 8 6 REFERANSAR... 8 VEDLEGGSOVERSIKT Vedlegg 1A: Teikingsforklaring (for geotekniske kart og profiler) Vedlegg 2: Oversiktskart i målestokk 1:50 000 i (A4 format) Vedlegg 3: Borpunktoversikt Målestokk Format Teikn. V01: Kart, profil 8000-8300 1:1000 A2 V02: Lengdeprofil 15 m H 1:200 A0 lengde V03: Lengdeprofil 15 m V 1:200 A0 lengde V04: Tverrprofil, profil 8110 1:200 A2 V05: Tverrprofil, profil 8130 1:200 A1/2 V06: Tverrprofil, profil 8150 1:200 A1/2 V07: Tverrprofil, profil 8170 1:200 A1/2 V08: Tverrprofil, profil 8180 1:200 A1/2 V09: Tverrprofil, profil 8190 1:200 A1/2 V10: Tverrprofil, profil 8210, 8230 1:200 A1/2 V11: Tverrprofil, profil 8240, 8260 1:200 A1/2 V12: Tverrprofil, profil 8280 1:200 A2 V13: Tverrprofil rampe, pr. 450 1:200 A2 V14: Tverrprofil rampe, pr. 470 1:200 A1/2 V15: Tverrprofil rampe, pr. 480 1:200 A1/2 V16: Tverrprofil rampe, pr. 490 1:200 A1/2 Region midt - Ressursavdelinga Vegteknisk seksjon Side 3 av 8
Geoteknisk rapport nr. 2010119447-2 1 ORIENTERING Etter oppdrag frå Statens vegvesen avd. Møre og Romsdal har Vegteknisk seksjon utført grunnundersøking for E136 Breivika Lerstad. Det er tidlegare utarbeidd rapport for strekninga med betongtunnel. Denne rapporten dekkjer kryssområdet på Lerstad. Fundamentering av konstruksjonane blir vurdert av brukonsulenten. I denne rapporten er det derfor berre teke med geoteknisk vurdering av vegbygginga. Vedlegg 2 viser er oversiktskart i målestokk 1:50.000 for området. Plannivået er reguleringsplan. Heile området ligg under øvre marin grense. På kvartærgeologisk kart frå NGU er området markert med morenemateriale. Mesteparten av det undersøkte området har vore brukt til deponering av m.a. vegetasjonsdekke og bygningsrestar. Det er derfor ein del organisk materiale i grunnen. Ny E136 vest for pr. 8150, ny rundkøyring og rampar på sørsida av E136 kjem stort sett på eksisterande vegareal eller utfylt og planert område. Planlagde terrenginngrep er små og det ikkje gjort nye boringar her. Prøvetaking frå 1978 i to punkt langs armen vestover frå rundkøyringa, viser siltig sand i telegruppe T-4. I punkt 113 118 er det feil i slagmarkeringa i borediagramma. Ein må sjå bort frå opphald i slag under bergnivå. 2 TIDLEGARE UNDERSØKING Det er tidlegare gjort grunnundersøking med tanke på veg i dagen og med tanke på lang fjelltunnel frå Breivika til Lerstad. Undersøkingar og vurderingar er presenterte i følgjande rapportar: SVV, MR,. 24.11.1994 : Vurdering av tunnelalternativ ved Lerstad, Ålesund SVV, MR, 18.11.1996: Grunnundersøking for tunnel Breivika-Lerstad. Vegdirektoratet, 16.12.1996: Seismiske undersøkelser for Lerstadtunnelen i Spjelkavik. SVV, MR, 29.01.1997: Grunnundersøking for tunnel Breivika-Lerstad. Vegdirektoratet, 05.07.2000: Ny tunnel Lerstad-Breivika. Geologiske undersøkingar. Jordforsk, Juli 2000: Hydrogeologiske vurderinger ved E69 Lerstadtunnelen, Ålesund. SVV, MR, 18.05.2000:Tunnel Breivika-Lerstad. Fjellkontrollboring Lerstad og Breivika. SVV, MR, 07.09.2000:Tunnel Breivika-Lerstad. Suppl. Grunnundersøking. SVV, MR: Rekneark med grunnvassregistreringar frå 2000-2002 i 6 grunnvassbrønnar, samanhalde med nedbørsdata. I tillegg finst det ein del siktekurver frå prøvetaking i 1978 langs ei linje som på Lerstad går langs sørkanten av kryssområdet. Prøvene her viser for det meste siltig sand i telegruppe T-4. Region midt - Ressursavdelinga Vegteknisk seksjon Side 4 av 8
Geoteknisk rapport nr. 2010119447-2 3 FELT- OG LABORATORIEARBEID Grunnundersøkingane på Lerstad omfattar 19 totalsonderingar og 4 seriar med representive prøver. Undersøkingane er utførte i mai 2010. Boringane er målte inn med GPS (centipos), som normalt gir avvik for xyz-koordinatane under 0,05 m. Ei samla oversikt over plassering, bordjupner og data for identifisering av boringane går fram av vedlegg 3. Plassering av alle borpunkt er vist på kart, teikning V01. Resultata frå totalsonderingane og laboratorieanalysane går fram av lengdeprofil og tverrprofil i teikning V02 V 16. 4 GRUNN- OG FUNDAMENTERINGSFORHOLD 4.1 Geoteknisk kategori Etter NS-EN 1997-1:2004+NA:2008 Eurocode 7: Geoteknisk prosjektering, Del 1: Allmenne regler og NS-EN 1997-2:2008 Eurocode 7: Geoteknisk prosjektering, Del 2: Regler basert på grunnundersøkelser og laboratorieprøver er konsekvens-/pålitelighetsklasse (CC/RC) sett til klasse CC/RC 2. Dette medfører at prosjektet kjem i geoteknisk kategori 2 (som tilsvarer prosjektklasse 2 etter NS3480). Kontrollklasse er sett til normal (N). Skjema for val av geoteknisk kategori/konsekvensklasse/pålitelighetsklasse er vist på side 2 i rapporten. Ut frå konsekvensklasse og brotmekanisme (nøytralt brot) er nødvendige materialkoeffisientar, m, generelt sett til 1,4 for både totalspenningsanalyse (s u ) og for effektivspenningsanalyse (a ). Omfang av kontroll i dei ulike fasane er i utgangspunktet definert etter valt geoteknisk kategori og følgjande tabell frå handbok 016: Kontroll av Utførelse Grunnforhold Inspeksjon, enkle kvalitetskontroller, kvalitativ bedømmelse Befaring, registrering av jord og berg som avdekkes ved graving Geoteknisk kategori 1 2 3 Grunnens egenskaper, arbeidsrekkefølge, konstruksjonens oppførsel Kontroll av egenskap til jord og berg i fundamentnivå Tilleggsmålinger der det er aktuelt: - av grunn og grunnvann, - arbeidsrekkefølgen, - materialenes kvalitet, - tegninger, - avvik fra prosjektering - resultat av målinger, - observasj. av miljøforh. - uforutsette hendelser Ekstra undersøkelser av jord og berg som kan være viktige for konstruksjonen Grunnvann Dokumentert erfaring Observasjoner/målinger Byggeplass Ikke krav til tidsplan Utførelsesrekkefølge angis i prosjekteringsrapport Overvaking Enkel, kvalitativ kontroll Måling av bevegelser på utvalgte Måling av bevegelser og analyser av punkt konstruksjon Hb016, fig. 0.12 Region midt - Ressursavdelinga Vegteknisk seksjon Side 5 av 8
Geoteknisk rapport nr. 2010119447-2 4.2 Skjering pr. 8100 8200 Kart: Lengdeprofil: Tverrprofil: Teikn. V01 Teikn. V02 V03 Teikn. V04 V09 4.2.1 Grunnforhold Prøvetaking i pkt. 104 106 og totalsonderingane på strekninga, indikerer at mesteparten av skjeringsmassen er fyllmasse med mykje organisk materiale. Under fyllmassen viser prøvene stort sett sandig, siltig materiale i telegruppe T3 T4, d.v.s. svært telefarleg. 4.2.2 Stabilitets- og setningsforhold Den deponerte fyllmassen er så fast at det ikkje skulle vere problem med skråningshelling 1:2. Også der skjeringa kjem i naturleg undergrunn med siltig sandig materiale, skal skråningane vere stabile med helling 1:2, men massen vil vere lett eroderbar før grasdekke blir etablert. Med tanke på setningar, må alt organisk materiale under traunivå fjernast. Overbygninga må dimensjonerast for undergrunn i bereevnegruppe 6 og vere telesikker ut frå minst 10 års returperiode (hb018, fig. 512.8). For Ålesund og nabokommunane er frostmengda, F10 = 2000 timegrader og F100 = 5000 timegrader. Dimensjonering for bereevnegruppe 6 og riksveg (hb018, fig. 512.7 + 10 cm) vil også sikre mot telehiv med over 100 års returperiode. 4.3 Bru over E136 ved pr. 8180 Kart: Teikn. V01 Lengdeprofil for E136: Teikn. V02 V03 Tverrprofil for rampe: Teikn. V13 V16. 4.3.1 Grunnforhold Der arm frå rundkøyringa skal gå på bru over ny E136 (ved pr. 8180), ligg bergoverflata 4,5 11,5 m under dagens terreng. Bergoverflata ligg på kote 38,6 39,7 på sørsida av E136 og i midtdelaren (punkt 105, 106, 110) og på kote 34,8 på nordsida (punkt 104). Boremotstanden i lausmassane er variabel. Ved dei midtre brupilarane er det rundt 1,5 m med myr og matjord i toppen. I pr. 470, 5 m venstre (etter rampeprofileringa) er det gjort prøvetaking ned til 5,5 m under terreng. Prøvene viser sandig siltig materiale i telegruppe T4. Ned til 4,5 m er materialet humushaldig og har vassinnhald på 15 21%. I pr. 470, 5 m høgre, er det jordhaldig masse i nivå 2,5 3,5 m under terreng (38% humus av masse <0,5 mm etter glødemetoden). I pr. 490 er det teke prøve ned til 3,4 m. Materialet gir inntrykk av å vere fyllmasse. Analysen viser humushaldig, sandig grusig siltig materiale med vassinnhald 25%. Region midt - Ressursavdelinga Vegteknisk seksjon Side 6 av 8
Geoteknisk rapport nr. 2010119447-2 4.4 Bruer og fylling på E136 pr. 8200 8300 Kart: Teikn. V01 Lengdeprofil for E136: V02 V03 Tverrprofil for E136: Teikn. V10 V12. 4.4.1 Grunnforhold Ved bruene har bergoverflata fall mot nordvest. Borpunkta 111 og 118 i det sørlege løpet på E136 viser bergoverflate ved kote 37. I punkt 112 og 113 i det nordlege løpet er bergoverflata på kote 33,0 og 34,3. Prøvetaking i punkt 111 (pr. 8210 H) viser fyllmasse og jord ned til 2,5 m under terreng. Totalsonderinga indikerer 1,6 m med morene vidare nedover til berg. I punkt 112 (pr. 8210 V) indikerer totalsonderinga om lag 3,5 m fyllmasse og 2,5 m morene over berg. I punkt 113 og 118 (pr. 8226, 8237) er det variabel boremotstand i lausmassen. Saman med terrengutforminga indikerer dette fyllmasse av vekslande kvalitet. Totalsonderingane vidare austover mot tunnelen, og terrengformasjonen, indikerer at lausmassen stort sett er fyllmasse av variabel kvalitet til søkket profil 8270-8280. Aust for dette søkket er det, ut frå totalsonderinga i punkt 115, berre vegetasjonsdekke og eit tynt morenelag over berget. 4.4.2 Stabilitets- og setningsforhold Med tanke på setningar, bør alt organisk materiale under fyllingane fjernast. 4.5 Fylling for kryssrampe og lokalvegar på nordsida av E136 Kart: Teikn. V01 Tverrprofil: Teikn. V04 V09. 4.5.1 Grunnforhold Totalsonderingane som er gjorde langs eksisterande veg til Lerstadvika (punkt 100 103) viser frå 4,6 7,9 m lausmasse. Sonderingane viser lag med liten boremotstand. Sannsynlegvis er desse laga organisk materiale. Djupna til berg varierer frå 4,6 7,9 m. 4.5.2 Stabilitets- og setningsforhold Det manglar prøvetaking av dei svake laga i punkt 100 103 langs vegen til Lerstadvika, men boremotstanden ved totalsondering i desse laga er så liten at ein må rekne med fjerning av massane ned til fast grunn for å sikre stabilitet og unngå setningar i fyllinga. Ved punkt 101 vil det seie fjerning av minst 6,5 m masse. Region midt - Ressursavdelinga Vegteknisk seksjon Side 7 av 8
Geoteknisk rapport nr. 2010119447-2 I planane som ligg føre i april 2011, er det rekna med å leggje vegen til Lerstadvika på utsida av fyllinga for rampe og lokalveg. På profila er det teikna mur både på oppsida av vegen til Lerstadvika og på oppsida av lokalvegen på nivået over. Med krav til materialkoeffisent 1,4 er ikkje det gjennomførleg når den høge fyllingsskråninga over muren har helling 1:1,5, sjølv om materialet i fyllinga er sprengstein. (Krav helling, tg β < tg φ/1,4 = 0,9/1,4 = 0,64) 5 VIDARE ARBEID P.g.a. blaute lag i punkta 100 103, bør ein på byggjeplanstadiet gjere supplerande sonderingar og eventuelt prøvetaking i den nordre delen av fyllingsområdet, helst ved planlagt fyllingsfot. Avhengig av fundamenteringsmetode for bruene, kan det vere aktuelt å bore med meir eksakt plassering i fundamentpunkt. 6 REFERANSAR NS-EN 1997-1:2004+NA:2008 Eurocode 7: Geoteknisk prosjektering, Del 1: Allmenne regler NS-EN 1997-2:2008 Eurocode 7: Geoteknisk prosjektering, Del 2: Regler basert på grunnundersøkelser og laboratorieprøver Statens vegvesen (2005): Laboratorieundersøkelser. Håndbok 014. Statens vegvesen (1997): Feltundersøkelser. Håndbok 015. Statens vegvesen (2010): Geoteknikk i vegbygging. Håndbok 016, 6.utgave. Statens vegvesen (2011): Vegbygging. Håndbok 018. Statens vegvesen (1992): Geoteknisk opptegning. Håndbok 154. Statens vegvesen (2008): Grunnforsterkning, fyllinger og skråninger. Håndbok 274. Region midt - Ressursavdelinga Vegteknisk seksjon Side 8 av 8
Y 360000 Y 355000 X 6930000 X 6930000 X 6925000 X 6925000 Y 355000 OVERSIKT E136 BREIVIKA-LERSTAD Målestokk 1:50000 Y 360000
Borpunktoversikt Borhull X Y Z Metode Stopp Løsm Fjell 100 6929499.27 360323.34 33.42 Total 94 7.53 9.47 101 6929511.91 360301.89 30.96 Total 94 7.90 8.00 102 6929512.78 360281.67 29.87 Total 94 5.75 6.02 103 6929521.29 360259.22 28.63 Total 94 4.55 5.22 104 6929442.49 360332.52 46.24 Total 94 11.40 21.02 104_1 6929442.49 360332.52 46.24 Prøve 90 3.40 105 6929425.82 360342.86 45.88 Total 94 6.15 20.22 105_1 6929425.82 360342.86 45.88 Prøve 90 5.50 106 6929431.32 360350.14 45.82 Total 94 7.22 3.05 106_1 6929431.32 360350.14 45.82 Prøve 90 3.50 107 6929437.50 360312.41 47.90 Total 94 16.40 3.02 108 6929439.25 360291.27 48.25 Total 94 11.52 3.23 109 6929433.46 360272.21 48.21 Total 94 8.05 3.00 110 6929413.34 360362.73 43.80 Total 94 4.53 3.00 111 6929429.02 360378.17 40.55 Total 94 3.88 3.20 111_1 6929429.02 360378.17 40.55 Prøve 90 2.00 112 6929453.40 360366.41 39.23 Total 94 6.25 2.13 113 6929458.33 360381.27 38.00 Total 94 3.72 3.00 114 6929478.54 360413.93 40.66 Total 94 5.25 2.85 115 6929487.84 360431.40 39.40 Total 94 1.35 3.05 116 6929456.84 360439.55 44.07 Total 94 4.28 2.50 117 6929451.27 360422.25 44.67 Total 94 7.45 3.00 118 6929441.42 360402.44 44.40 Total 94 7.40 2.90 Bilag 3