OS KOMMUNE Personalavdelinga Utval: PERSONALUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 27.04.2009 Tid: 18.00 MØTEINNKALLING SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 5/09 09/80 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET 6/09 08/1890 UØNSKA DELTID Innkalte: Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Tilsette repr Tilsette repr Namn Laila Reiertsen Marie Bruarøy Nils Olav Nøss Jonny Christensen Åse M. Gjerde Forfall Møter for Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 20.04.2009 Eva K. Røttingen Personalsjef ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 73
Sak 5/09 MØTEBOK POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET Saksbehandlar: Eva K. Røttingen Arkiv: 033 Arkivsaksnr.: 09/80 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 1/09 Personalutvalet PS 23.02.2009 5/09 Personalutvalet PS 27.04.2009 Saksopplysningar: Uformell drøfting av ymse saker. Os, 20.04.09 Eva K. Røttingen ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 73
MØTEBOK UØNSKA DELTID Saksbehandlar: Eva K. Røttingen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 08/1890 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 14/08 Personalutvalet PS 25.08.2008 6/09 Personalutvalet PS 27.04.2009 Framlegg til vedtak/tilråding: Personalutvalet godkjenner følgjande retningsliner for redusert bruk av uønska deltid: Den deltidstilsette må vera villig til å arbeida andre stader i kommunen innafor sitt kompetanseområde for at det skal kunna verta definert som uønska deltid Kartlegging av deltidstilsette sine ønske skal vera ein del av medarbeidarsamtalen, men det er den tilsette sjølv som har ansvar for å melde frå til næraste leiar om dei ønskjer utvida stilling I samtalen må ein vurdera om stillinga kan kombinerast med andre stillingar i kommunen. Einingsleiarane må i slike høve samarbeida og legga til rette for at stillingar kan kombinerast Det er ikkje sjølvsagt at den deltidstilsette skal måtta ta heile den ledige stillinga. Dette må sjåast i samanhang med at kvar arbeidsstad skal gjennomgå arbeidsplanar og oppgåvefordeling for å sjå om det er tenleg å slå saman ledige deltidstillingar. Alle ledige stillingar skal først lysast ut internt ei veke før evt. ekstern utlysing. Ledige stillingar skal gjerast kjendt for alle tilsette i kommunen. Jfrm. AML 14.1 Det er ønske om å ha ein stillingsbank ved personalkontoret som registrerer tilsette i uønska deltid og dei med fortrinnsrett Det skal vurderast kompetanseheving dersom dette kvalifiserar den deltidtilsette til å få utvida stilling. Dette må vera ein del av medarbeidarsamtalen og arbeidsgjevar må legga til rette for utdanning/vidareutdanning som samtidig stettar kommunen sitt behov for kompetanse jamfør strategisk kompetanseplan for Os kommune. Behandling i Personalutvalet i møte 25.08.2008 Behandling i utvalet: Utvalet er positive til å utarbeide retningsliner for bruk av/reduksjon uønsaka deltid og mandatet som føreligg. Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Vedtak: Personalutvalet sluttar seg til at det vert utarbeidd retningsliner for bruk av/reduksjon av uønska deltid og mandatet for prosjektet slik det føreligg. ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 73
Vedlegg: 1. Prosjekt uønska deltid, notat frå arbeidsgruppa Saksopplysningar: Personalutvalet har bede om at det skal utarbeidast lokale retningsliner for redusert bruk av uønska deltid. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå nærare på problematikken og leggja fram forslag til lokale retningsliner. Arbeidsgruppa sitt arbeid er samanfatta i vedlagde notat. Rådmannen si leiargruppe slutter seg til framlegga i notatet, men presiserer at dersom tiltak medfører økonomiske konsekvensar utover gjeldande budsjettrammer, må det leggjast fram for formannskap/kommunestyre. Arbeidsgruppa har gjort eit godt stykke arbeid og notatet gjev god innsikt i problematikken og utfordringane knytt til bemanning i bedrifter med døgndrift. Vi sluttar oss til framlegg til lokale retningsliner. Os, 20.04.09 Eva K. Røttingen Side 4 av 9
Vedlegg 1 : OS KOMMUNE Prosjekt uønska deltid Os 18.02.2009 Hausten 2008 vedtok personalutvalet i Os kommune at det skal utarbeidast lokale retningslinjer for redusert bruk av uønska deltid. Luranetunet vart beden om å ta ansvar for prosjektet og danne arbeidsgruppe. Arbeidet må vera avslutta innan februar 2009 Arbeidsgruppa har bestått av: Åse Gjerde HTV -Delta Elbjørg Håvik TV for Fagforbundet Sam Arnesen einingsleiar PU Gro Fagertun sjukepleiar Grantun bufellesskap Hilde Storum nestleiar Luranetunet Hilde Storum har koordinert arbeidet Mandat Utarbeida lokale retningslinjer for redusert bruk av uønska deltid Kartlegge deltidstilsette sine ønskjer Utgreie kommunen sitt behov for deltidstillingar Vurdera ulike arbeidstidsordningar Økonomisk overslag over kostnader ved å etterkoma deltidstilsette sine ønskjer om å auka stillingsprosent. Eit døme frå Luranetunet Forslag til lokale retningslinjer Den deltidstilsette må vera villig til å arbeida andre stader i kommunen innafor sitt kompetanseområde for at det skal kunna verta definert som uønska deltid Kartlegging av deltidstilsette sine ønskjer skal vera ein del av medarbeidarsamtalen, men det er den tilsette sjølv som har ansvar for å melde frå til næraste leiar om dei ønskjer utvida stilling I samtalen må ein vurdera om stillinga kan kombinerast med andre stillingar i kommunen. Einingsleiarane må i slike høve samarbeida og legga til rette for at stillingar kan kombinerast Det er ikkje sjølvsagt at den deltidstilsette skal måtta ta heile den ledige stillinga. Dette må sjåast i samanhang med at kvar arbeidsstad skal gjennomgå arbeidsplanar og oppgåvefordeling for å sjå om det er tenleg å slå saman ledige deltidstillingar. Alle ledige stillingar skal først lysast ut internt ei veke før evt. ekstern utlysing. Ledige stillingar skal gjerast kjendt for alle tilsette i kommunen. Jfrm. AML 14.1 Side 5 av 9
Det er ønske om å ha ein stillingsbank ved personalkontoret som registrerer tilsette i uønska deltid og dei med fortrinnsrett Det skal vurderast kompetanseheving dersom dette kvalifiserar den deltidtilsette til å få utvida stilling Dette må vera ein del av medarbeidarsamtalen og arbeidsgivar må legga til rette for utdanning/vidareutdanning som samtidig stettar kommunen sitt behov for kompetanse jamfør strategisk kompetanseplan for Os kommune. Kartlegging av deltidstilsette sine ønskjer Som ein del av prosjektet vart alle einingane i Os kommune beden om å koma med ei tilbakemelding på talet deltidstilsette som ønskjer stillingsauke i dei respektive einingane. Einingsleiarane fekk tilsendt eit kartleggingssjema (sjå vedlegg 1) som kunne nyttast i arbeidet. Dette er dei einingane som har kome med tilbakemelding (vedlegg 2). Det er ein god del einingar som ikkje har gitt tilbakemelding. Prosjektgruppa meiner derimot at kartlegginga har auka fokuset på problematikken i høve til uønska deltid. Vi har også fått ein del tilbakemeldingar på at dette er eit viktig arbeid og at det er flott at det er sett i gang eit prosjekt som ser på kva som kan redusera forekomsten av uønska deltid. Vurdering av kommunen sitt behov for deltidstillingar Ut frå denne kartlegginga er det grunn til å tru at største andelen deltidstillingar befinn seg innan kommunale einingar som driv heilkontinuerleg døgntilbod. Slik som PLOM, PU, psykiatritenesta og rusomsorga. Årsaka til dette er at døgnkontinuerleg drift krev fleire personar for at arbeidsbelastning med omsyn til ubekvem arbeidstid ikkje skal bli for krevande for kvar enkelt arbeidstakar. Det er også naudsynt for å kunna følgja arbeidsmiljølova 10-8 (4) som seier at arbeidstakar som har arbeidd søn- eller helgedag skal ha fri påfølgjande søn-eller helgedag. Dei fleste stader innan desse einingane arbeider arbeidstakarane kvar 3. helg. Dette for å sikra rekruttering. Nokon har prøvd å lokke med arbeid kvar 4.helg i rekrutteringssamanhang, men har måtta gå attende til kvar 3. kvar helg for å sikra god nok bemanning på helg Arbeid utover 9 timar i strekk krev avtale om fritak frå arbeidsmiljølova, dispensasjon til å arbeide meir enn 9 timar i strekk. Difor er det mest vanleg å dela døgeret inn i 3 skift. Eit eksemperl for å illustrer dette: For å drifte ei avdeling med ein person på kvart skift som skal dekka heile døgeret og med arbeid kvar 3 helg krev minimum 9 personar. For å dekke døgeret med ein person krevst 4.73 årsverk. Dette betyr at 4.73 årsverk må delast på 9 personar. Dette genererer uttalt bruk av deltidsstillingar. Side 6 av 9
Til samanlikning krev drift med arbeid kvar anna helg 6 personar. Også her er ein avhengig av deltidstillingar. Ved å vurdera bruk av andre typer arbeidstidsordningar og avtalar med tillitsvalde om dispensasjon frå vanlege reglar kan ein redusera dette behovet for deltidsstillingar noko. Andre årsaker til behov for deltidstillingar er at opningstider er redusert. Noko som er tilfellet i høve assistentar i skulen. Her har dei redusert arbeidstid kvar dag som følgje av skulen si opningstid. Arbeid kvar vekedag gjer det vanskeleg å kombinera med helgearbeid ettersom arbeid på søndagar krev erstatningsfridag i veka før søndagen. I skuleverket er det slik at fagarbeidarar/assistentar har eit "ufrivillig" forkorta arbeidsår. Dei kan maksimalt oppnå 91,5% stilling på eigen arbeidsplass(nokre unntak ved ferieope SFO). Eg har fleire fagarbeidarar/assistentar hos meg som er i den situasjonen. Eg har fått eit innspel på at ein av dei kan tenkja seg å arbeida 38 t/veka. Vil pr. i dag vera i konflikt med arbeidsmiljøloven. Burde vera avtale mellom organisasjonane og KS. Lærarar har dispensasjon frå arbeidsmiløloven med forkorta arbeidsår og utvida arbeidsveke. Burde vera same vilkår for fagarbeidarar/assistentar som arbeider i skulen. Denne arbeidstakaren som ønkjer utvida arbeidsveke, synest den belastningen er mindre enn å arbeida andre stader i kommunen(gjeld "friveker"). Fagarbeidarane/ass. har og behov for førebuing/ettearbeid til timar. Ofte arbeider dei med elevar som har samansette vanskar. Det kunne vore lagt inn i vektinga for kvar time, f.eks blir kvar time vekta med 2,6% mot i dag 2,44. På den måten ville ein og nærma seg heil stilling. Søre Neset skule, 07.02.09 Øystein Holmaas rektor For å etterkoma ønske om 100% stilling krev det difor eit samarbeid mellom ulike einingar for å kunna sy saman ei arbeidstid for kvar enkelt deltidstilsett som gjer det mogeleg å oppnå 100% stilling. Eit døme på dette kan vera at assistentstilling i skulen vert kombinert med helgestilling innan helse/omsorg. Vurdering av ulike arbeidstidsordningar med mål å redusere uønska deltid. Føresetnad for det følgjande er at ein ikkje skal auke det totale timetale ved utarbeiding av arbeidsplanar/turnusar. Ei auking av stillingane for deltidstilsette vil først og fremst seie meir arbeid i ubekvem arbeidstid, td. helg. Ulempa ved å legge meir helgearbeid til i turnusane er at vi kan få eit rekrutteringsproblem. Årsturnus Ved bruk av årsturnus er det mulig å legge inn eit varierande antall helger i den einskilde sin turnus. Helgearbeidet må ikkje følgje eit fast mønster, td. kvar 3. helg. I periodar kan det vere oftare, medan det i andre periodar kan vere meir skjelden. Ved utarbeiding av turnus for eit heilt år kan fast personell auke stillingane sine ved å jobbe meir under ferieavvikling. Ein har imidlertid behov for same antall ferievikarar for å kunne dekke inn helgane. Side 7 av 9
Nordsjøturnus /langturnus. Einskilde avdelingar kan nytte nordsjøturnus (har fått dette kallenavnet fordi det likner på turnus for nordsjøarbeidarar med lange arbeidsøkter og tilsvarande friperiodar). Mest brukt innafor rus og arbeid med barn, og i særskilde høver i arbeid med utviklingshemma. Generelt sett krev ein nordsjøturnus færre tilsette då dei arbeider lengre vakter i den ubekvemme tida (inntil 13 timar med dispensasjon). Føresetnaden er at helgearbeidet ikkje blir skjeldnare enn ved vanleg turnus. Innafor rusomsorg og barnevern har ein også høve til å nytta medleverordning, jfrm midlertidig forskrift om arbeidstid i institusjonar som har medleverordning som gjer det mogeleg med inntil 60 timer i veka. (FOR 2005-06-24 nr 686) Buffervakter For å auke stillingsstørrelsen kan ein legge inn buffervakter i turnusen. Dvs. at ein ut frå erfaring legg inn ekstravakter i turnusen på stader der ein forventar fråfall eller auka aktivitet. Det må vere mogeleg å forskyve slike vakter. Dett er ein måte å auke den einskilde sin stillingsstørrelse, men i ein turnus er det framleis behov for like mange personar. Timebank For å sikre ein tilsett auka stillingsstørrelse kan ein i turnusen legge inn ekstra timar som blir nytta ved tilkalling. Løysinga på deltidsproblematikken er knytt opp mot helg. Arbeidsmiljølova 10-8(4) seier at arbeidstakar som har arbeidd ein søndag eller helgedag skal ha fri påfølgjande søndag eller helgedag. Dette gjer det kun mogeleg å arbeide annakvar søndag. Det er difor sentralt å finna kreative løysingar som krev bruk av færrast mogeleg personar i helg: redusera drifta, personalet går lengre vakter i helg, personale går oftare helg osb. Det å vera avhengig av færrast mogeleg personar mogeleggjer større stillingsstorleikar. Det er derimot ikkje alt deltidsarbeid som er uønska. Enkelte stader kan deltid vera ønskjeleg frå arbeidstakar si side men ikkje frå arbeidsgivar si side. Økonomisk overslag over kostnader ved å etterkoma tilsette sine ønskjer om auka stillingsstorleik. Eit døme frå Luranetunet. Våren 2008 vart det føreteke ei kartlegging av deltidstilsette sine ønskjer m.o.t. auka stillingsstorleik. Eit skjema med spørsmål om noverande stilling, ønska stillingsstorleik og om dei evt. kunne tenkja seg å arbeida ved ein annan avdeling for å få auka stillingsstorleik, vart delt ut til alle deltidstilsette ved Luranetunet. Det kom inn tilsaman 54 svar. Dei som svara var både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar. Ønkje om stillingsauke varierte frå 86 % til 5 %. Dei aller fleste svara nei til spørsmål om å arbeide i andre avdelingar for å få auka stillingstorleik. Dersom alle desse personane skulle fått etterkoma sine ønskje om auka stillingsstorleik ville dette medføra ein kostnad på om lag 5.436.600 Hilde K Storum Side 8 av 9
Side 9 av 9 Sak 6/09