Møte i delprosjektgruppe Kompetanse. 21.03.2018 -Ein tydeleg medspelar Ragnar Heggdal leiar i styringsgruppa Lillian Sæther, prosjektleiar
Bakgrunnen for prosjektet Møre og Romsdal har eit mangfaldig tilbod av reiselivsattraksjonar, natur- og kulturopplevingar, samt ei rekke lokale produsentar av råvarer med kvalitet i verdsklasse. Det er likevel behov for å skape fleire arbeidsplassar og auka lønsnemnd i reiselivsnæringane. Møre og Romsdal fylkeskommune tok i 2015 initiativ til forprosjektet "Mat og reiseliv i Møre og Romsdal grøn og blå sektor». Resultata frå forprosjektet blir no nytta inn i prosjektet «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal 2018-2020». Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjekteigar og har satt av 3 millionar per år dei neste 3 åra, for arbeid med prosjektet. Prosjektet passar godt inn i nasjonale satsingar og strategiar som Stortingsmeldinga «Opplev Norge unikt og eventyrlig», Innovasjon Norge sin nye «Handlingsplan for reiselivet», og Landbruks- og matdepartementet sin strategi «Opplevingar for ein kvar smak». Foto: Fred Jonny Hammerø Møre og Romsdal fylke
Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal 2018-2020 Visjon "Møre og Romsdal skal bli aktivitets- og opplevingsfylke nr. 1 i Norge." Vi skal løfte fram og koble lokal mat og kultur til våre natur- og aktivitetsopplevingar på ein slik måte at Møre og Romsdal blir Norges mest attraktive og lønsame reiselivsfylke. Foto: Kaitlin Bailey, Håvard Myklebust, og Sverre Hjørnevik - www.fjordnorway.com
Hovudmåla for prosjektet Prosjektet skal bidra til auka lønsemd og verdiskapning i lokalt næringsliv. Prosjektet skal bidra til fleire tilrettelagte opplevingar gjennom riktig kopling mellom reiseliv-, kultur- og mataktørar der mat og drikke er produsert med lokale råvarer og basert på tradisjonar. Foto: Visit Møre & Romsdal, Molde Fjordstuer/Classic Norway
Delmåla i prosjektet Utvikling av nye kommersielle opplevingskonsept i skjeringspunktet reiseliv, mat og kultur. Auka kjennskap til opplevingar både for tilreisande og lokalbefolkning. Styrking av satsinga på heilårsturisme gjennom meir tilgjengelege kultur- og matopplevingar. Vidareutvikling av «www.morotur.no» for å forsterke marknadskommunikasjonen av Møre og Romsdal som reisemål. Auke utdanningstakta og heve kompetansen av kvalifisert personell i næringane (reiseliv, mat og kultur). Leggje til rette for at reiselivsbedrifter i fylket i aukande grad skal kunne omsetje lokal mat og drikke. Betring av tilgangen på lokalmat i detaljhandelen. Auke andelen av lokal mat på menyane både for tilreisande og lokale gjestar. Foto: Mattias Fredriksson/ www.fjordnorway.com, Classic Norway, Visit MR, Sunniva Ødegård
Styringsgruppa for prosjektet Organisasjon «sektor» : Representant : Næringsrepresentant reiseliv Ragnar Heggdal, leiar M og R fylkeskommune v/ RN-avd. Ragna Brenne Bjerkeset Innovasjon Norge Bjarne Øygard Fylkesmannen v/landbruksavdelinga Frank Madsøy M og R fylkeskommune v/ Kulturavd. Monica Kjøl Tornes Næringsrepresentant, reiseliv Vanja L. Braute Næringsrepresentant, landbruk Ny Næringsrepresentant, sjømat Knut Helge Vestre Næringsrepresentant, kultur Odd Williamsen Destinasjonsselskap Tom Skrede Fjord Norge AS Kristian B. Jørgensen Foto: Visit Møre & Romsdal, Molde Fjordstuer/Classic Norway
Delprosjektgruppene - samansetting Delprosjektleiar næringsaktør. Mange omsyn ved samansetting av delprosjektgruppene balanse mellom : Offentleg privat Små store aktørar Geografisk fordeling Representantar frå reiseliv, kultur og mat frå landbruk og sjø. Kompetanse!!!! Ikkje for store grupper max 8 personar?
Delprosjekt 1 - Produkt- og konseptutvikling Mål for delprosjektet: Utvikling av marknadsorienterte produkt og konsept av høg kvalitet, som er etterspurt i marknaden av turistar og lokalbefolkninga. Produkta og konsepta som utviklast skal bidra til at Møre og Romsdal forsterkar sin posisjon som eit "aktivitets- og opplevingsfylke". Delprosjektgruppe: Dag Aksnes (NCE Tourism), Torunn Dyrkorn (Visit Nordmøre & Romsdal AS), Erlend Ringstad (Valldal Naturopplevingar AS), Marit Grytnes Dullaert (Colombine Scenekunst - Livskunst), Martin Foldal (Sunnmøre Kulturnæringshage AS), Roger Hofseth (Hofseth International AS) og Lillian Sæther (M&R fylkeskommune). Foto: Fred Jonny Hammerø og Classic Norway
Mål for delprosjektet: Delprosjekt 2 - Kompetanse Å heve kompetansen i mat- og reiselivsnæringa på lokale mattradisjonar og bruk av lokale råvarer for utvikling av gode matopplevingar. Auke rekrutteringa til restaurant- og matfag og reiselivsfag i skulen, samt arbeide for å heve statusen til kokkeyrket. Auke kompetansen til aktørar innan reiseliv, mat og kultur. Delprosjektgruppe: Olav Kåre Jørgensen (Smia), Nina Skovly (M&R fylkeskommune), Marit Giske-Nilsen (Innovasjon Norge), Jarle Sanden (Romsdalsmuseet), Sindre Mjelva (Hotel Union Geiranger), Cecil Elisabet Nerbø (Klippfiskakademiet) og Per Devold (Devold Gård). Foto: Classic Norway og XL Diner
Delprosjekt 3 - Marknadsføring og merkevarebygging Målet med delprosjektet: Auke attraktiviteten til fylket som reisemål, gjennom auka fokus på marknadsføring av dei unike opplevingane av lokal mat, drikke, kultur og natur som fylket vårt har å tilby. Delprosjektgruppa blir oppretta når delprosjektet fasast inn. Foto: Visit MR og Klippfiskakademiet/Coldwater Prawns of Norway
Delprosjekt 4 - Distribusjon og logistikk Målet med delprosjektet: Auke tilgangen på- og bruken av lokale råvarer og produkt, gjennom sikring av leveransar frå produsentane til reiselivsaktørane i fylket og til detaljhandelen. Delprosjektgruppa blir oppretta når delprosjektet fasast inn. Foto: Angvik Gamle Handelssted/Classic Norway og Søstrene Fryd
Overordna prinsipp for prosjektet Tiltaka skal vere tverrgåande og involvere aktørar frå reiseliv, kultur og mat - frå både sjø og land. Tiltaka skal bidra til lønsemd for aktørane. Tiltaka skal vere marknadsorientert. Tiltaka skal vere tufta på prinsippa for berekraftig utvikling. Foto: Mattias Fredriksson/www.fjordnorway.com, Elin Johanson Lyngstad, Sunniva Ødegård
For meir informasjon, sjå: www.mrfylke.no/opplevingar