OS KOMMUNE Organisasjonseining Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 11.12.2007 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 172/07 05/2278 E39 RÅDAL - SVEGATJØRN, SØKNAD OM BOMPENGEFINANSIERING 1913 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 06.12.2007 Terje Søviknes Ordførar Knut Terje Rekve Rådmann ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
MØTEBOK E39 RÅDAL - SVEGATJØRN, SØKNAD OM BOMPENGEFINANSIERING Saksbehandlar: Terje Søviknes Arkiv: PRN Arkivsaksnr.: 05/2278 Saksnr.: Utval Type/ Møtedato 192/05 Os Formannskap PS 13.12.2005 92/05 Os kommunestyre PS 13.12.2005 172/07 Os Formannskap PS 11.12.2007 / Os kommunestyre PS Framlegg til vedtak/tilråding: 1. Os kommunestyre syner til godkjent reguleringsplan for parsellen E39 Svegatjørn- Rådal, og føreset at reguleringsplan for Rådalskrysset vert godkjent i Bergen bystyre i desember 2007. Plangrunnlaget for Kyststamvegen E39 Svegatjørn Rådal med tilknyting til Fritz Riebers veg (rv553) og tilknyting mellom Fritz Riebers veg og Flyplassvegen (rv580) er dermed komplett. 2. Os kommunestyre syner til tidlegare handsaming av saka i Os kommunestyre 23.03.04, og sluttar seg til hovudtilrådinga (alt. 1) i revidert bompengesøknad av 19.11.07 frå Bergen-Os Bompengeselskap AS om 50/50 deling av prosjektkostnaden mellom bompengar og statlege midlar. 3. Dersom det vert naudsynt å forskottere den statlege delen av finansieringa ut over ramma som ligg til grunn for prosjektet i inneverande NTP-periode på kr 1.040 mill, stør Os kommunestyre at Bergen-Os Bompengeselskap AS får ta opp lån til å dekkja inn den resterande statlege delen av prosjektkostnaden, ref. alt. 5 i bompengesøknaden. Føresetnaden er at forskotterte midlar vert refundert frå Staten i perioden 2016-19. 4. Os kommunestyre syner til brev frå Statens Vegvesen av 22.11.07 vedr. Bompengesøknad for E39 Svegatjørn-Rådal. Forutsatt 50/50 deling av prosjektkostnaden mellom stalege midlar og bompengar slår Statens Vegvesen fast at bompengesøknaden først kan slutthandsamast i Stortinget parallelt med deira handsaming av NTP 2010-19 våren 2009. For å sikre raskast mogeleg oppstart av vegarbeida etter at endeleg godkjenning ligg føre i Stortinget, ber Os kommunestyre difor om at Bergen-Os Bompengeselskap AS evt. med garantiar/støtte frå eigarkommunane søkjer Statens Vegvesen om å få forskottera prosjekteringsmidlar til prosjektet. Terje Søviknes Ordførar ADRESSE TELEFON WEB/EPOST INFO Rådhuset Sentralbord: 56 57 50 00 postmottak@os-ho.kommune.no Bankgiro: 6525.05.05676 Torggata 7 Telefax: 56 57 50 01 www.os.hordaland.no Org.nr.: 844 458 312 Pb.84, 5202 Os Dir. innval: 56 57 50 20
Behandling i Os kommunestyre i møte 13.12.2005 Behandling i utvalet: Fleirtalsinnstillinga frå formannsskapet er identisk med framlegget frå administrasjonen, og med følgjande framlegg til styremedlem: Terje Søviknes. vara: Lisbeth Axelsen. Terje Søviknes får fullmakt til å representera Os kommune på stiftingsmøtet. Innstillinga frå formannsskapet saman med namneframlegget vart samrøystes vedteke. Protokolltilførsel frå Høgre: Os Høgre ønskjer primært at bompengeselskapet vert oppretta berre saman med Bergen kommune. Det vert vist til mindretalstilrådinga frå Høgre i formannsskapet 13.12. Framlegg om tillegg frå Haldor Fosse (SV): Midlar frå bompengeselskapet skal gå til å styrka kollektivtrafikken. Ordføraren er i tvil om dette vedkjem saka, og ber om votering over om framlegget frå SV skal realitetsbehandlast. Det vart 8 røyster for realitetsbehandling (5AP, 2SV og 1V), og framlegget vart dermed ikkje realitetsbehandla.. Vedtak: Os kommunestyre godkjenner at det vert etablert bompengeselskap for bompengeprosjekt E- 39 Rådal -Svegatjørn som aksjeselskap. Os kommunestyre godkjenner vidare at Bergen-Os Bompengeselskap blir stifta basert på utkast til stiftingsdokument datert 1.november 2005 der Os kommune skal teikna 24 aksjar kvar pålydande kroner 1000,-. Os kommune set fram følgjande framlegg til styremedlem: Terje Søviknes. Til varamedlem vert gjort framlegg om å velja: Lisbeth Axelsen. Terje Søviknes får fullmakt til å representera Os kommune på stiftingsmøtet. Summen, kr 24.000,- vert dekka ved bruk av unytta lånemidlar. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 0.700.33326.5290 Kjøp av aksjar - vert sett til kr 24.000,- Post 0.700.33326.9100 Bruk av unytta lån* - vert sett til kr 24.000,- * Unytta lån, balansekonto 2.9100.247 Rullestolrampe Haugsheim Protokolltilførsel frå Høgre: Os Høgre ønskjer primært at bompengeselskapet vert oppretta berre saman med Bergen kommune. Det vert vist til mindretalstilrådinga frå Høgre i formannsskapet 13.12. Side 3 av 6
Behandling i Os Formannskap i møte 13.12.2005 Behandling i utvalet: Lisbeth L. Axelsen (H) kom med følgjande framlegg: Os kommunestyre ønsker primært at bompengeselskapet vert oppretta for Os kommune saman med Bergen kommune. Os kommunestyre ber om at det vert teke kontakt med Bergen kommune for å undersøkja om det er høve til dette. Høgre sitt framlegg fekk 2 røyster (2H) og fall. Administrasjonen sitt framlegg vart vedteke. Samrøystes vedtak om å bruka ordførar og varaordførar som styremedlemar, og ordførar som representant på stiftingsmøtet. Vedtak: Os kommunestyre godkjenner at det vert etablert bompengeselskap for bompengeprosjekt E- 39 Rådal - Svegatjørn som aksjeselskap. Os kommunestyre godkjenner vidare at Bergen-Os Bompengeselskap blir stifta basert på utkast til stiftingsdokument datert 1. november 2005 der Os kommune skal teikna 24 aksjar kvar pålydande kroner 1000,-. Os kommune set fram følgjande framlegg til styremedlem: Ordførar Terje Søviknes. Til varamedlem vert gjort framlegg om å velja: Varaordførar Lisbeth L. Axelsen. Ordførar Terje Søviknes (FrP) får fullmakt til å representera Os kommune på stiftingsmøtet. Summen, kr 24.000,- vert dekka ved bruk av unytta lånemidlar. Det vert gjort følgjande budsjettjustering: Post 0.700.33326.5290 Kjøp av aksjar - vert sett til kr 24.000,- Post 0.700.33326.9100 Bruk av unytta lån* - vert sett til kr 24.000,- * Unytta lån, balansekonto 2.9100.247 Rullestolrampe Haugsheim Side 4 av 6
Vedlegg: 1. Søknad om løyve til Bompengefinansiering av E39 Svegatjørn-Rådal ( Lysevegen ), datert 05.11.07 revidert 19.11.07 2. Brev frå Statens Vegvesen, datert 22.11.07 Saksopplysningar: Vedlagt følgjer søknad frå Bergen-Os Bompengeselskap AS om løyve til bompengefinansiering av E39 Svegatjørn-Rådal. Søknaden frå Bergen-Os Bompengeselskap AS er utarbeidd i dialog med Statens Vegvesen og dei tre eigarane av selskapet, - Os kommune, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Det er no lagt opp til parallell handsaming av saka i Os kommunestyere og Bergen bystyre i desember 2007, medan Hordaland fylkesting får saka til endeleg lokal godkjenning 6.-7.mars 2008. Historikken og grunnlaget for prosjektet går fram av bompengesøknaden (vedlegg 1). Os kommunestyre har tidlegare handsama prinsippa i saka, og fatta slikt vedtak 23.03.04; 1. Os kommune går inn for delvis bompengefinansiering på E39 Svegatjørn Rådal med parallellinnkreving på ferjesambandet Halhjem Sandvikvåg frå 01.01.2009 og ut anleggsperioden, samt etterinnkreving på eksisterande og ny E39 og på fylkesvegen over Fanafjellet. 2. For det samla bompengeprosjektet legg fylkestinget til grunn strekninga E39 Svegatjørn Rådal, delvis utbygging av Rådalskrysset, bygging av tversamband til Lysefjorden, samt opprusting av fylkesvegnettet i Lysefjordområdet. 3. Fylkestinget legg til grunn 50% bompengefinansiering og føreset at Stortinget vedtek ei ramme på tilsvarande 50% statleg andel i samband med handsaminga av Nasjonal transportplan 2006 2015. 4. Ein føresetnad for Os kommune sin aksept av bompengefinansiering er fysisk oppstart av parsellen Svegatjørn Rådal i første 4-årsperiode 2006 09 av Nasjonal Transportplan 2006 15.Os kommune legg og til grunn at ein må koma attende til endeleg plassering av bomstasjonar og rabattordningar for brukarane. 5 Os kommune føreset ein god dialog med Fitjar og Stord kommunar i den vidare prosessen om parallellinnkreving på ferjesambandet Halhjem Sandvikvåg. Prosjektet har no vorte monaleg dyrare, og er kostnadsrekna til 3 360 mill kroner. Dette skuldast dels generell kostnadsvekst, og dels auka krav til tunellar og kryssløysing i Rådalen. Framlegget frå bompengeselskapet legg opp til fortsatt 50/50 deling mellom bompengar og statlege midlar, men med opning for å forskotera statens sin andel utover dei 1.040 mill kr som ligg inne i gjeldande Nasjonal Transportplan 2006-15. Framlegg til vedtak legg opp til at Os kommunestyre primært ynskjer auka statleg ramme til 1 640 mill kr i perioden 2009-15 (alt. 1), subsidiert at bompengeselskapet får løyve til å Side 5 av 6
forskotera restløyvinga frå staten mot refusjon i perioden 2016-19 (alt. 5). Den subsidiere løysinga er òg i tråd med tilrådinga frå Statens Vegvesen i brev av 22.11.07 (vedlegg 2). Basert på eit slikt scenario vil gjennomsnittleg inntekt pr bompengepassering bli kr 30 (snitt av stor og liten bil, samt rabatter). Utrekningar syner at sjølve enkelttaksten for liten bil (personbil) vert kr 37,- i eit slikt opplegg, og med maks rabatt på 40% kr 22,- pr passering. Framdrifta av E39 Svegatjørn-Rådal er avhengig av den vidare handsaminga i Vegdirektorat, Regjering og Storting. Os kommune si målsetting har vore sluttbehandling av prosjektet i Stortinget 2008, oppstart på vegarbeida i 2009 og opning av veganlegget i 2011/12. Denne framdriftsplanen er òg i tråd med tidlegare skisser frå Statens Vegvesen. Slik saka står no, med manglande fullfinansiering frå staten si side, er det grunn til å frykte at handsaminga i Stortinget kan bli utsett til rulleringa av Nasjonal Transportplan 2010-19 vert avslutta i Stortinget våren 2009. Dette vert stadfesta i brev frå Statens Vegvesen 22.11.07 (vedlegg 2). Med slutthandsaming i Stortinget først våren 2009, vil også oppstart av prosjektet bli tilsvarande forseinka. Dette kan evt. kompenserast ved at prosjekteringsarbeidet tek til før endeleg vedtak er på plass i Stortinget. Slikt prosjekteringsarbeid må då truleg forskotterast av Bergen-Os Bompengeselskap AS, alternativt må vi få aksept hos statlege styresmakter til å starta opp slik prosjektering på deira risiko. Vi rår i pkt. 4 i framlegg til vedtak til at BergenOs Bompengeselskap AS, evt. med garantiar eller støtte frå eigarkommunane, søkjer om løyve til ei slik forskottering av prosjekteringa. Dette for å hindre ytterlegare forseinking av poppstartstidspunkt for prosjektet. Målsettinga bør framleis være fysisk oppstart i 2009, alternativt tidleg i 2010. Uansett bør bompengesøknaden no godkjennast lokalt, slik at den statlege handsaminga av søknaden kan ta til. Realiseringa av prosjektet er vidare avhengig av fortsatt lokalt engasjement og arbeidsinnsats. Samarbeidet mellom Os, Bergen og Hordaland fylke må halda fram, og innsatsen rettast politisk mot Vegdirektorat, Regjering og Storting for å få saka opp til slutthandsaming i Stortinget snarast råd. Os, 5.desember 2007 Terje Søviknes Ordførar Side 6 av 6