Årleg melding 2011 for Helse Fonna HF til Helse Vest RHF. Versjon 1.0



Like dokumenter
Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Styresak. Admininstrerande direktør Olav Klausen Oppfølging av risikovurdering 1.tertial Helse Fonna HF

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Styresak. Dato: Administrerande direktør Sakshandsamar: Saka gjeld:

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Styresak. Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Kenneth Eikeset Oppfølging av Plan for psykisk helsevern

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial Det skal ikkje vere fristbrot

Styresak. Styresak 014/06 B Styremøte

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Bergen HF. Innhald

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Vedteke i føretaksmøte Tilleggsdokument til styringsdokument Helse Stavanger HF. Innhald

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Styresak. Sakstittel: FORBETRINGSPROGRAMMET - STATUS PER MARS 2008

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Rapportering frå verksemda per oktober Vedlegg

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Førde HF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

Langtidsbudsjett , vidare prosess

Statusrapport. Januar 2017

Regional plan habilitering og rehabilitering. Hilde Rudlang, seniorrådgiver Helse Vest RHF. oktober 2015

Vedteke av føretaksmøte 6. mars Styringsdokument for Helse Fonna HF 2011

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Rapportering frå verksemda per april Vedlegg


Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

3. tertialrapport summering av måloppnåing - overordna risikovurdering av utvalde styringsmål i 2017

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Program for pasienttryggleik halvårsrapport

Styringsmål 1. Delmål 1. Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial 2013

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Rapportering frå verksemda per januar Vedlegg

Tenesteavtale 3. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF

Styresak. Forslag til vedtak. Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld:

Notat. Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

HELSETILSIMET I HORDALAND

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Tiltak for å avvikle korridorplassar i helseføretaka

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Statusrapport Oktober 2015

Matrise for tertialvis rapportering til Helse Vest RHF på utvalte mål i styringsdokumentet 2014

Utkast til strategi

Tenesteavtale5. Mellom Tysvær kommune og Helse Fonna HF. Ansvars- og oppgåvefordeling ved opphald i, og utskriving av

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Tenesteavtale 3. Mellom Ullensvang herad og Helse Fonna HF

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Plan for psykisk helsevern i Helse Fonna - Høyringsuttale

Rapportering frå verksemda per august Vedlegg

Tenesteavtale 6. Mellom Fitjar kommune og Helse Fonna HF. Avtale om gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Samarbeid om IKT-løysingar lokalt

Rapportering frå verksemda per november og desember Vedlegg

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Styresak. Forslag til vedtak: Styret tar rapporteringa til orientering. Dato: Frå: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Skildring av kommunen sitt tilbod om døgnopphald for øyeblikkelig hjelp etter 3-5, 3.ledd (Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester 6-2 nr.

Strategi- og tiltaksplan

Utviklingsplanen Helse Møre og Romsdal HF

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Arkivkode: 023 Arkivsak: 2008/2047 Dato skrive: Sakshandsamar: Mai-Liss Larsen Godkjent av: Jon Bolstad RISIKOVURDERING I HELSE FØRDE

Rapportering frå verksemda per juli Vedlegg

DATO: SAKSHANDSAMAR: Kjell Inge Solhaug SAKA GJELD: Internrevisjon - Planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Vedlegg 1 til sak, handlingsplan for Internkontroll. Handlingsplan for styrking av kvalitet og internkontroll. Helse Bergen

Eldremedisinsk poliklinikk

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK:

Forslag til styret i Helse Vest RHF Helsefaglege styringskrav Helse Bergen HF

NOTAT. Styremedlemmer Helse Fonna HF GÅR TIL: FØRETAK: Administrerande direktør DATO: FRÅ: SAKSHANDSAMAR: Prosess for leiing og organisering

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

TABELLOVERSIKT. Kapittel 3. Mål og utfordringar. Kapittel 4. Tenester til barn og unge. Vedlegg 1. Endring

Informasjon til pasientar og pårørande

Rapportering frå verksemda per februar Vedlegg

Strategiplan for Apoteka Vest HF

STRATEGI- OG TILTAKSPLAN FOR REGIONALT KOMPETANSESENTER FOR HABILITERING OG REHABILITERING Godkjent i Styringsgruppe 15.1.

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Særavtale til tenesteavtale 8 Kjøpav beredskap for følgjeteneste ved svangerskap og fødsel. Sauda kommune

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

colourbox FoU-eining for samhandling i samarbeidsavtalene

Transkript:

Årleg melding 2011 for Helse Fonna HF til Helse Vest RHF Versjon 1.0 1

Innhald 1 Innleiing...4 1.1 Visjon, strategi for verksemda og verdigrunnlag...4 1.2 HELSE 2020...5 2 Hovudområde for styring og oppfølging i 2011...5 3 Helsefaglege styringskrav...6 3.1 Nye forskrifter...6 3.2 Nasjonale strategiar og handlingsplanar...6 3.3 Særskilde satsingsområde i 2011...7 3.3.1 Ventetider, pasientforløp og fristbrot...7 3.3.2 Kvalitet og pasienttryggleik...8 3.3.3 Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelbrukarar (TSB)...11 3.3.4 Psykisk helsevern...13 3.3.5 Diagnostisering og behandling av kreft...16 3.3.6 Innovasjon...17 3.4 Andre område...18 3.4.1 Habilitering og rehabilitering...18 3.4.2 Akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus...19 3.4.3 Behandling av hjarteflimmer...19 3.4.4 Behandling av sjukleg overvekt...19 3.4.5 Ernæring og mattryggleik...20 3.4.6 Spesialisthelsetenestetilbodet for eldre...20 3.4.7 Radiologi...22 3.4.8 Regionale kompetansesenter...22 3.5 Beredskap og smittevern...22 3.6 Utdanning av helsepersonell...23 3.7 Forsking...25 3.8 Opplæring av pasientar og pårørande...26 4 Økonomiske krav og rammevilkår...27 4.1 Resultatkrav for 2011...27 4.2 Investeringar...27 4.3 Låneopptak og driftskreditt...27 5 Organisatoriske krav...27 5.1 Oppfølging av samhandlingsreforma og nasjonal helse- og omsorgsplan...28 5.2 Rettleiing for styrearbeid og fastsetjing av instruksar...28 5.3 Regjeringa sin eigarpolitikk...29 5.4 Tiltak på personalområdet...29 5.4.1 Utdanning, etisk rekruttering og gode rutinar for tilsetjing...29 5.4.2 Faste stillingar og deltid...33 5.4.3 Inkluderande arbeidsliv (IA) og sjukefråvær m.m....36 5.4.4 Konsulentbruk...36 5.4.5 Leiarskap...36 5.4.6 Praksis for permisjonar...37 5.5 Intern kontroll og risikostyring...38 5.5.1 Internrevisjon...38 5.6 Kvalitet i prosessane for innkjøp...39 5.7 Utvikling på IKT-området...39 5.8 Nødnett...40 5.9 Regional samhandling...41 2

5.9.1 Samhandling med Sjukehusapoteka Vest HF...41 5.10 Eigedom...42 5.10.1 Utvikling av eigedomsområdet...42 5.10.2 Vedlikehaldsplanlegging...42 5.10.3 Arealplanarbeidet...43 5.10.4 Landsverneplanen...43 6 Andre styringskrav...43 6.1 Miljø- og klimatiltak...43 6.2 Kommunikasjon om omdømme...44 6.3 H-reseptordninga...45 6.4 Parkering...45 6.5 Rutinar for betaling av obduksjonslaborantar...45 6.6 Eigendel for tilsette i føretaka...45 6.7 Rutinar for tilgang til elektronisk pasientjournal ved planlagde tilsyn...46 7 Plandokument...46 7.1 Utviklingstrendar og rammer...46 7.1.1 Utviklinga innanfor opptaksområdet...46 7.1.2 Økonomiske rammer...47 7.1.3 Personell og kompetanse...48 7.1.4 Bygningskapital, status og utfordringar...48 7.2 Strategiar og planar i Helse Fonna...49 3

1 Innleiing 1.1 Visjon, strategi for verksemda og verdigrunnlag Strategi for helseregionen Helse 2020 blei vedteken 3. oktober 2007 av styret i Helse Vest RHF. Visjonen, verdigrunnlaget og dei overordna målsetjingane i Helse 2020 er felles for føretaksgruppa i Helse Vest. Helse Fonna HF vedtok 27. november 2008 ein lokal strategiplan i tråd med føringane i Helse 2020. Helse Vest sin visjon er Fremme helse og livskvalitet, og verdiane våre er : Respekt I møte med pasienten Kvalitet I prosess og resultat Tryggleik For tilgjenge og omsorg I strategiplan for Helse Fonna 2009 2013 har føretaket peika ut prioriterte område i pasientbehandlinga. Helse Fonna skal gje trygge og nære helsetenester til befolkninga innan dei vanlegaste lidingane. Utover dette vil føretaket prioritere definerte pasientgrupper særskilt. Pasientgrupper med særskilt fokus 2009 2013: Psykisk sjuke og rusmiddelavhengige Spesialisthelseteneste til eldre Habilitering og rehabilitering Prehospitale tenester Styret vedtok 29. september 2010 Plan for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Fonna HF 2010 2020 (heretter kalla Plan somatikk) som er ein heilskapleg plan for det somatiske helsetilbodet i Helse Fonna HF. I Plan somatikk er det med utgangspunkt i visjon og verdiar identifisert fire område helseføretaket bør ha særleg fokus på fram mot 2020: Styrkje samarbeidet med primærhelsetenesta Utvikle vidare samarbeid på tvers av einingar og sjukehus Arbeide for auka grad av involvering av fagmiljø i avgjersle og utviklings- og endringsprosessar, med særleg fokus på legar Sikre einskapleg behandling og føreseielege pasientforløp Fokusområda er viktige føresetnader for å lukkast med framtidig forbetringsarbeid i helseføretaket. I 2011 har den vedtekne samhandlingsreforma vore lagd til grunn i arbeidet med mellom anna Helsetorgmodellen, eit samhandlingsprosjekt mellom kommunar i dekningsområdet, helseføretaket og Høgskulen Stord/Haugesund. Prosjektet skal mellom anna sikre saumlause pasientforløp mellom ulike tenestenivå. Helsetorgmodellen har teke imot statlege midlar, og det er sett i verk forsking knytt til arbeidet. Helse Fonna HF har i 2011 gjennomført eit større forbetringsarbeid knytt til Klinikk for psykisk helsevern. Arbeidet har fokusert på auka kvalitet i vurdering, diagnostikk og behandling. Vidare har forbetringsarbeidet ført til ein systematisk gjennomgang av ulike prosessar i klinikken med mål om auka kvalitet i behandling av pasientar. Det er vidare sett i verk tiltak for å styrkje det faglege arbeidet, internkontroll og samhandling/kommunikasjon i klinikken. Tilsette i klinikken 4

har arbeidd systematisk og målretta for å oppnå forbetring i møte med pasient, og med å styrkje måloppnåing på dei nasjonale kvalitetsindikatorane. Implementering av forbetringsarbeidet vil halde fram i 2012. 1.2 HELSE 2020 Gjennom arbeidet med og implementering av Plan for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Fonna HF 2010 2020 har føretaket nytta strategidokument Helse 2020. Gjeldande visjon, verdigrunnlag og målsetjingar er nytta i planarbeidet. Helse 2020 er lagt til grunn som eit førande dokument i alle planprosessar i føretaket. Det er i 2011 rapportert til styret i helseføretaket på framdrift og implementering av vedtekne tiltak som er omtala i Plan somatikk. Føretaket har delteke i prosjekt Revidering av Helse 2020 gjennom møte med eigar og leiargruppene i føretaksgruppa.. 2 Hovudområde for styring og oppfølging i 2011 Føretaket har i tråd med dei overordna helsefaglege styringskrava hatt særleg fokus på ventetider, fristbrot og prioritering. Føretaket har ved månadleg gjennomgang av ventetider, fristbrot og prioritering nytta styringsinformasjon i Helsefagkuben aktivt. Fristbrota innan somatikk er ved utgangen av 2011 vesentleg lågare enn tidlegare på året. Føretaket innførte nytt pasientadministrativt system i mai 2011 (DIPS). Det har vore eit stort fokus på å lære opp dei tilsette i korrekt registrering, og saman med auka fokus på avvikling av fristbrot og behandling av langtidsventande har dette gjeve effekt. Innan klinikk for psykisk helsevern har utfordringa med fristbrot vore utfordrande i 2011. Dette gjeld særleg innan barne- og ungdomspsykiatri. Det er sett i verk ein konkret handlingsplan for å behandle pasientar med brot på ventetidsgarantien. Tala på fristbrot har falle monaleg hausten 2011. Helse Fonna HF har tidlegare hatt ei særleg utfordring med korridorpasientar innan somatikk. Det er gjennomført eit prosjekt for å handtere dette. Dette har ført til at talet på korridorpasientar er kraftig redusert. I klinikk for psykisk helsevern er det ikkje korridorpasientar. Helse Fonna har ikkje nådd målet om at alle epikrisar skal vere sende innan éi veke. Ved utgangen av november var 75 % av alle epikrisar sende innan éi veke frå utskriving. Føretaket vil ikkje nå resultatkravet frå eigar for 2011. Det har vore sett i verk fleire tiltak i løpet av året. Effekten av desse har ikkje vore tilfredstillande, og føretaket har i budsjettarbeidet for 2012 utarbeidd fleire tiltak som kan gje kostnads- og formålseffektiv drift på lang sikt. 5

3 Helsefaglege styringskrav sørgje for at det øyremerkte tilskotet til tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige, og til helse- og rehabiliteringstenester for sjukemelde innanfor prosjektet Raskare tilbake skal komme i tillegg til, og ikkje i staden for dei behandlingstilboda som blir finansierte gjennom basisløyvinga For 2011 er dei øyremerkte midlane nytta til å auke avrusingskapasiteten, og til å tilsetje fagpersonell som psykologar med dobbeltkompetanse. Føretaket har i 2010 hatt tilbod innan ordninga Raskare tilbake, i tråd med bestilling frå eigar. Dei pasientane som har fått tilbod innan ordninga Raskare tilbake, har ikkje fortrengt andre pasientar i høve til prioritering, men komme i tillegg ved at dei i all hovudsak er sette opp på avbestilte timar. Det har vore behandla flest pasientar innan ortopedi. Kveldspoliklinikk og har ført til auka behandlingar hausten 2011. Føretaket har delprosjektleiar Raskare tilbake i 100 % stilling. Stillinga vart i august flytta frå sentral stab til ein av dei kliniske klinikkane med formål å styrkje og betre dialogen med fagmiljøa. Delprosjektleiaren samarbeider også tett med tilvisingskontoret. Det har vore møteverksemd og oppfølging med dei einingane som kjem inn under ordninga, og det er planlagt møte med Klinikk for psykisk helsevern for å stimulere til bruk av ordninga også for fagområda vaksenpsykiatri og rus. Det totale omfanget av aktivitet innan ordninga ved utgangen av november 2011 har vore om lag 4,3 millionar kroner. Den tildelte ramma for 2011 var på om lag 10 millionar kroner. leggje til rette for å evaluere effekten av ordninga Raskare tilbake Føretaket vil leggje til rette for at IRIS (International Research Institute of Stavanger) skal kunne evaluere ordninga "Raskare tilbake". ha avklaringseiningar med tverrfagleg medisinsk kompetanse Føretaket har ikkje etablert avklaringseiningar med tverrfagleg medisinsk kompetanse. delta i kartlegging av behov i samarbeid med kommunehelsetenesta og NAV Føretaket har ikkje delteke i kartlegginga av behov knytte til Raskare tilbake. 3.1 Nye forskrifter ta initiativ til søknad ved å leggje fram nødvendig dokumentasjon som grunnlag for søknad om godkjenning for bruk av nemninga universitetssjukehus innan 1. mars 2011 Føretaket har ikkje søkt om godkjenning for bruk av nemninga universitetssjukehus. 3.2 Nasjonale strategiar og handlingsplanar gjere seg kjende med innhaldet i strategiane og handlingsplanane, og leggje dei til grunn for å utvikle tenestetilbodet på dei ulike områda 6

Helse Fonna er kjend med nasjonale strategiar og handlingsplanar og har lagt dei til grunn for utviklinga av tenestetilbodet i dei aktuelle einingane. 3.3 Særskilde satsingsområde i 2011 3.3.1 Ventetider, pasientforløp og fristbrot halde lovverket for pasientar med rett til nødvendig helsehjelp 2011 har vore eit år med utfordringar for Helse Fonna med omsyn til ventetider og fristbrot. Arbeidet med innføringa av DIPS og nye rutinar for både legar, sjukepleiarar og merkantilt personell gav i ein periode på to tre månader særlege utfordringar. Det er sett i verk ei rekkje tiltak for å sikre vurderingsfristen, som til dømes kontinuerleg rydding i ventelister, føreseielege årsplanar for legane og opplæring i rutinar og regelverk for alt involvert personale. Ein har arbeidd med å overføre kontrollar til fastlege der dette er formålstenleg. Det har òg vore nytta ekstra midlar tildelte frå Helse Vest RHF for å ta ned talet på fristbrot. Utviklinga på ventetider og fristbrot hausten 2011 har vore positiv. Ved utgangen av november var det for ventande ved periodeslutt 33 fristbrot i somatikk, 3 i vaksenpsykiatri, 2 for rusbehandling og 59 i barne- og ungdomspsykiatri. sikre at gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta er ned mot 65 løpedagar ved utgangen av 2011 Ventetidene er reduserte innan somatikk og psykisk helsevern. Ventetida er ikkje i tråd med målkravet innan somatikk og barne- og ungdomspsykiatri, men i tråd med målkravet for rusbehandling og vaksenpsykiatri. Samla tal på ventande innan alle fagområde i somatikken er i november på 6 612. Gjennomsnittleg ventetid for pasientar med rett til prioritert helsehjelp var 53 dagar i november. For ventande med rett til helsehjelp utan prioritet er det ein nedgang i ventetid frå 105 dagar i oktober til 98 dagar i november. For begge kategoriar pasientar er samla ventetid på 76 dagar. Innan vaksenpsykiatri var det ved utgangen av november månad 332 pasientar som venta på start av helsehjelp (planlagd poliklinikk, dag- eller døgnbehandling). Gjennomsnittleg ventetid for pasientar med rett til prioritert helsehjelp er 45 dagar. For pasientar med rett til helsehjelp er gjennomsnittleg ventetid 125 dagar. Samla er ventetida på 61 dagar. Innan rusområdet var det ved utgangen av november månad 46 pasientar som venta på start av helsehjelp (planlagd poliklinikk, dag- eller døgnbehandling). Gjennomsnittleg ventetid for pasientar med rett til prioritert helsehjelp innan rusområdet er på 38 dagar. For pasientar med rett til helsehjelp er gjennomsnittleg ventetid 31 dagar. Samla er ventetida på 36 dagar. Innan BUP var det ved utgangen av november månad 179 pasientar som venta på start av helsehjelp (planlagd poliklinikk, dag- eller døgnbehandling). Gjennomsnittleg ventetid for pasientar med rett til prioritert helsehjelp innan BUP var 80 dagar i november. For pasientar med rett til helsehjelp var gjennomsnittleg ventetid 149 dagar. Samla var ventetida på 87 dagar. 7

gjennomføre og følgje opp strakstiltak og langsiktige tiltak for å unngå fristbrot, og for å redusere ventetidene, jf. styresak 053/10B, styresak 102/10B og brev av 29.9.2010 og 23.11.2010 Auke av poliklinisk kapasitet har vore avgjerande for å redusere ventetider og tal på fristbrot. Det blei i haust løyvt ekstra midlar frå Helse Vest til dette formålet, og det har vore kveldspoliklinikk innan fleire fagfelt med slik finansiering. Dette gjeld til dømes radiologi, BUP og ortopedi. Tilleggsavtalen med privat røntgeninstitutt har og ført til auka kapasitet i radiologi og lågare ventetider på MR og CT. Tildelte legeheimlar frå Helse Vest (forskotstildeling for kvoten for 2012) har vore tildelte einingar med krevjande fristbrotsituasjon som til dømes psykiatri, ortopedi og indremedisin. Innan klinikk for psykisk helsevern er det utarbeidd faste rutinar for å registrere pasientsaker som går mot fristbrot og sikre at behandling blir starta opp før fristbrot er eit faktum. registrere, kvalitetssikre og rapportere data om tilvisingar til Norsk pasientregister Desse styringsdata vert rapporterte til NPR. 3.3.2 Kvalitet og pasienttryggleik Kvalitetssatsinga i Helse Vest delta i kvalitetssatsinga, inkludert styringsgruppe, kvalitetsforum og kvalitetskonferanse Helse Fonna er representert i regionen sitt kvalitetsforum og i dei forskjellige kvalitetssatsingane. bidra til at det kjem fram gode søknader om såkornmidlar til lokale prosjekt Helse Fonna stimulerer til at det kjem gode søknader. prioritere mellom kvalitetsutviklingsprosjekt og følgje dei opp i etterkant Helse Fonna prioriterer kvalitetsprosjekt som kan vere aktuelle for såkornmidlar og følgjer opp prosjekta i etterkant av tildeling. gjennomføre regionale prosjekt og samarbeide med dei andre helseføretaka i regionen, jf. avtalar om det enkelte prosjektet Helse Fonna deltek i regionale prosjekt og referansegrupper som til dømes legemidlar og pasienttryggleik, behandlingslinjer, kunnskapsbaserte retningslinjer, kvalitetsforbetring i mikrobiologiske laboratorium og fallprosjektet. Helse Fonna er pådrivar i det regionale fallprosjektet, knytt opp til geriatrisk eining ved Haugesund sjukehus. Haraldsplass sjukehus og Haukeland universitetssjukehus deltek saman med Helse Fonna. bidra til at kunnskap frå prosjekta blir overført til ulike einingar i helseføretaket, og at kunnskap frå prosjekta blir implementert i drifta av helseføretaket Dei forskjellige prosjekta er lyfta fram på kvalitetsdagen i Helse Fonna. Intranett blir nytta for å informere om prosjekta. Styret i Helse Fonna er informert om kvalitetsprosjekta i Helse Fonna. 8

Innanfor temaområdet Kunnskap som grunnlag for fagleg verksemd er helseføretaka ansvarlege for å bidra i regionalt og nasjonalt arbeid for å leggje til rette for bruk av mini-hta 1 (m.a. utvikle mini-hta-skjema og nødvendige støttefunksjonar) Helse Fonna har delteke i det regionale arbeidet med å leggje til rette for bruk av mini-hta. å gje minst to eksempel på kvalitetsforbetring som konsekvens av kliniske forskingsprosjekt 1 Knenavigasjonsprosjektet Ortopedisk seksjon deltek i knenavigasjonsprosjektet som blir støtta av NFR. Seksjonsoverlege Øystein Gøthesen leier prosjektet lokalt og samordnar drifta av prosjektet mellom dei involverte sjukehusa. Professor Ove Furnes ved ortopedisk klinikk HUS er prosjektleiar. Systematikken i forskingsprosjektet er overført til dagleg drift, og mange av erfaringane frå prosjektet inngår i fast track fo r kneprotesar. Seksjonen har auka fokuset på forsking og dokumenterte behandlingsmetodar. 2 Hindre fall blant eldre Fall blant eldre skjer hyppig både i og utanfor sjukehus, og nokre av falla får alvorlege konsekvensar som kan endre livet for dei gamle. Risikofaktorar for fall er kjende, og desse kan påverkast. Satsingar i andre land, mellom anna Sverige, Danmark og Australia, har teke i bruk kunnskapsbaserte verkemiddel; tverrfaglege og samansette tiltak retta mot risikofaktorar hos den enkelte pasient som blir vurdert til å vere i faresona. Prosjektet omfattar pasientar over 70 år som blir innlagde i spesialisthelsetenesta etter eit fall, som fell under sjukehusopphaldet eller som har høg risiko for fall. Prosjektet vil setje i verk kunnskapsbaserte tiltak for å førebyggje gjentakande falltendens og konsekvensar som følgje av fall, i samråd med pasienten. På denne måten vil prosjektet auke kunnskapen om, og gjere ein meir bevisst om fall og fallførebygging på sjukehusa. Prosjektet vil vurdere effekten av nye tiltak basert på kvantitative og kvalitative data, og bidra til kontinuerleg forbetring av praksis i tråd med ny kunnskap. Resultata vil bli formidla på ein lett tilgjengeleg måte for aktuelle målgrupper. Helse Fonna har pådrivaransvaret for prosjektet, og Helse Bergen og Haraldsplass deltek. I nnanfor temaområdet Pasientfokus er helseføretaka ansvarlege for å ta i bruk verktøyet for undersøking av pasienterfaringar på lokalt nivå og ha ein funksjon i kvart helseføretak for å gjennomføre og koordinere lokale undersøkingar Helse Fonna har gjennomført ei pilotundersøking i regional regi for pasienterfarings- undersøkingar med det regionale elektroniske spørjeverktøyet. I nnanfor temaområdet Pasienttryggleik er helseføretaka ansvarlege for 1 HTA står for Health Technology Assessment. Det er eit støtteverktøy når ein skal ta avgjerder som gjeld innføring av nye metodar i sjukehus. 9

å rapportere uønskte hendingar og nestenuhell i Synergi og gjennomføre tilstrekkeleg opplæring i bruk av, og registrering i systemet Handtering av avvik og uønskte hendingar har hatt fokus i 2011. Saksbehandling er den største utfordringa. Det har vore gjennomført opplæring for leiarane i saksbehandling, rydding i gamle Synergi-saker, og det har vore gjennomgang av kva type saker som blir melde på dei ulike einingane. Status for avvik er no ein del av månadleg rapportering frå mellomleiar til klinikkdirektør. Talet på saker som ikkje er behandla, er redusert. å sørgje for at tilsynsrapportar blir brukte til læringsformål, og bidra til erfaringsutveksling mellom helseføretaka Gjennomgang av tilsynsrapportar som gjeld pasientbehandling og diagnostikk, er faste postar på møte i kvalitetsutvalet. Fokus blir sett på system, læringseffekt og forbetringstiltak. Tilsynsrapportar blir diskuterte i alle aktuelle einingar innan føretaket, og det blir endra rutinar der rutinesvikt er årsak til hendinga. å ha faste, tverrfaglege møte i alle einingar som driv pasientbehandling, for å evaluere uønskte hendingar (skadar, komplikasjonar, legemiddelskadar, unaturlege dødsfall og andre utilsikta hendingar), og for å kunne bruke evalueringa til læring, slik at ein unngår liknande hendingar Gjennomgang av uønskte hendingar og anonymiserte tilbakemeldingar i tilsynssaker skjer kontinuerleg på tverrfaglege møte ute i seksjonar og klinikkar. å bidra med fagkompetanse og personellressursar i det regionale prosjektet om legemiddel og pasientryggleik (LOP) Helse Fonna deltek med fagressursar i LOP-prosjektet. å ta i bruk sjekklista Trygg kirurgi vernar liv rutinemessig i alle kirurgiske einingar, og rapportere om bruken Sjekklista Trygg kirurgi er innført som rutine ved alle inngrep ved kirurgisk klinikk, inkludert akutthjelp-inngrep. I 2012 vil klinikken få integrert prosedyren/sjekklista i DIPS operasjonssystem slik at det kan skrivast ut rapportar og kontrollerast om retningslinja i Trygg kirurgi blir følgt. Måling og forbetring av kvalitet rapportere data til, og bruke data frå alle nasjonale medisinske kvalitetsregister som er forankra i eige og i andre helseføretak. Helseføretaka skal m.a. delta i etableringa av løysingar som gjer det mogleg med elektronisk kommunikasjon mellom eigne avdelingar og dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra Helse Fonna nyttar data frå medisinske kvalitetsregister som oppfølging av dagleg drift og kontinuerleg forbetringsarbeid. sikre at data i medisinske kvalitetsregister blir brukte i tråd med formålet og forbetre kvaliteten Helse Fonna nyttar data i medisinske kvalitetsregister til å forbetre kvaliteten. nytta til å i 10

sikre ein mest mogleg likeverdig behandlingspraksis, i tråd med nasjonale faglege retningslinjer Helse Fonna nyttar nasjonale faglege retningslinjer for å sikre likeverdig behandlingspraksis. Pasienttryggleik delta i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen på dei nasjonale innsatsområda som styringsgruppa har vedteke. I tillegg til å rapportere i årleg melding blir det bede om ei statusrapportering for helseføretaka sin medverknad i, og resultat frå pasienttryggleikskampanjen innan 1. september 2011 Helse Fonna deltek i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen. Det blir utført målingar (Global trigger tool), prosjektet trygg kirurgi er nytta og Helse Fonna deltek i prosjektet samstemming av legemiddellister. Føretaket har i 2011 etablert fem team som eit ledd i kampanjen og har lokal kampanjeleiar på lik linje med dei andre føretaka i regionen. 3.3.3 Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelbrukarar (TSB) auke kapasiteten innanfor TSB Det er etablert eiga avrusingsavdeling ved Haugesund sjukehus med fem senger. Avdelinga tek imot pasientar etter søknad og er ikkje rekna som akuttilbod. Det er to tre månaders ventetid. Talet på behandlingar innan fagområdet rus har auka i Helse Fonna frå 2010 til 2011. i samarbeid med kommunane og private ideelle institusjonar etablere behandlingsførebuande tiltak for pasientar med rett til nødvendig helsehjelp, i påvente av oppstart av behandling Det blir gjeve betre oppfølging av ruskonsulentar og/eller DPS-døgnopphald i påvente av ledig behandlingsplass på spesialinstitusjonar. Helseføretaket har teke initiativ til å skape eit samarbeidsfellesskap med kommunane for mellom anna å ha dialog om behandlingsførebyggjande tiltak. setje i verk tiltak for å få fleire pasientar til å fullføre TSB Det er etablert faste samarbeidsrutinar med kommunal rusteneste og «ute-dag» på NAV med oppsøkjande verksemd i Odda og på Husnes. Fleksibel bruk av døgnopphald på DPS-post ved kriser. Helse Fonna har i 2011 gjennomført eit opplæringsprogram for alle tilsette i klinikken (600 fagfolk) for å auke kompetansen og informere om behandlingsansvaret overfor denne pasientgruppa. Ytre Sunnhordland samhandlingsteam v/stord DPS gjev no tilbod til om lag 30 pasientar som før i liten grad har klart å gjere seg nytte av ordinært tilbod. Dette prosjektet er i år utvida til også å gjelde fleire brukarar innan rus- / psykisk helse-kategorien. Spesialisthelsetenesta er i ferd med å etablere eit nærare og tettare samarbeid med fastlegane ved å ha utedagar på ulike legekontor. Den årlege «Brukar-Plan»-kartlegginga i kommunane aukar bevisstgjeringa om felles utfordringar. 11

Innan rusområdet finst det nesten ikkje fristbrot. Hovudgrunnen er at det er rekruttert i ledige stillingar, og føretaket har gode samarbeidsavtalar med mellom anna Haugaland A-senter. Ein har også jobba meir bevisst med å avslutte behandling for pasientar som er vurderte til ikkje å kunne dra nytte av vidare poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta. Det er lange ventelister til avrusing, men kapasiteten på avrusingssengene blir nytta fullt ut. utvikle gode rutinar for samarbeid som sikrar ei heilskapleg akuttkjede på tvers av dei einingane som tek imot pasientar for akutt behandling av rusmiddelbrukarar, både internt og eksternt Folgefonn DPS har samarbeid med somatikk Odda sjukehus når det gjeld Liason-verksemd. Det er avtalar om eventuelle overføringar til døgnbehandling på akuttpost, DPS- post eller poliklinisk rusbehandling. For dette arbeidet er det laga ei prosedyrebeskriving. Helse Fonna har gode samarbeidsavtalar med Haugaland A-senter. ta ansvar for pasientane i LAR som høyrer til føretaksområdet frå 1. januar 2011, jf. styrevedtak i Helse Vest RHF 22. desember 2009 Helse Fonna har overteke ansvaret for LAR-behandling for alle pasientar i eige opptaksområde. Det har vore ein auke i talet på pasientar. Ved utangen av november var det registrert 288 LARpasientar i føretaket. frå 1. januar 2011 etablere eit forsterka tilbod til pasientar i eige føretaksområde og føretaksområdet til Helse Førde som treng innlegging etter 6-2 og 6-2a i sosialtenestelova, jf. styrevedtak i Helse Vest RHF 22. juni 2010, og koordinere tilbodet til desse pasientane Helse Stavanger koordinerer tilbodet for pasientar heimehøyrande i Helse Fonna og Helse Stavanger. Helse Fonna kan bidra med inntil fire behandlingsplassar. sikre at helsepersonell frå spesialisthelsetenesta ved rusmeistringseiningane i fengsla bidrar til at innsette fangar ved rusmeistringseiningane under opphaldet blir vurderte med omsyn til rett til nødvendig helsehjelp for rusproblema sine Det er to fengsel i Helse Fonna sitt opptaksområde, Haugesund fengsel og Sandeid kretsfengsel. Ved begge fengsla er det etablert rettleiingsordningar. Innsette blir prioriterte på lik linje med resten av befolkninga i høve til helsehjelp, jf. prioriteringsforskifta. bidra til å følgje opp pasientar som i dag har tilbod ved private ideelle institusjonar der avtalen med Helse Vest går ut i nær framtid, jf. brev av 7.12.2010. DPS-a må i denne samanhengen spele ei sentral rolle Dette er gjennomført. sikre og koordinere tilbodet til speleavhengige slik at det er tilpassa behovet i føretaksområdet I opptaksområdet er det Haugaland A-senter som har best kompetanse på dette, og pasientar med denne typen behandlingsbehov blir tilviste dit. 12

3.3.4 Psykisk helsevern innfri ventetidsgarantien for barn og unge. Det inkluderer å sikre nødvendig behandlarkapasitet og kompetanse, og sørgje for effektiv utnytting av ressursane. Det inkluderer også samhandling med andre samarbeidspartnarar, som kommunane og Bufetat Klinikk for psykisk helsevern har som mål å sikre at ventetidsgarantien for barn og unge blir innfridd. Utfordringa er å sikre nok behandlarkapasitet og kompetanse. Begge BUP-einingane i Fonna har slite med å innfri ventetidsgarantien for barn og unge på grunn av manglande behandlarstillingar og vakante stillingar. Samstundes er det registrert auke i tilviste pasientar til BUP Haugesund. BUP Haugesund har hatt kveldspoliklinikk éin dag i veka gjennom heile 2011 for å innfri ventetidsgarantien. Det har også i 2011 blitt gjennomført systematisk samarbeid med kommunane i opptaksområdet. Dette skjer i form av ei årleg samling med fokus på kommunal psykisk helseteneste for barn og unge og skriftlege samhandlingsavtalar som går på ulik rettleiing/kompetanseheving som kommunane ønskjer for å vidareutvikle nye kommunale tilbod. Det er etablert felles vurderingsmøte mellom våre to BUP for å betre/sikre rett prioritering og utveksle kompetanse i forhold til dette. sørgje for at nødvendige akuttfunksjonar, som akutt- og krisetenester og ambulante akutteam, blir etablerte ved DPS-a Det er etablert akuttambulant team ved Haugaland DPS / Karmøy DPS. Dei tek imot ØHførespurnader 24 timar i døgnet og 7 dagar i veka. Teamet disponerer to krisesenger (brukarstyrte) ved HDPS. Folgefonn DPS har oppretta observasjonsseng på allmennpost og har akutt- og krisetenester på dagtid i poliklinikken si opningstid. Pga. vakanse i spesialiststillingar er det ikkje mogleg på noverande tidspunkt med døgnopen akutt ambulant verksemd. Utanom dagtid blir akutt-tenester handterte av felles vaktsystem med Valen sjukehus. Stord DPS har ikkje akutt ambulant team. Dei har tilgjenge til observasjonsseng, men denne er ikkje brukarstyrt. Rehabiliteringspost på Stord DPS bruker ei seng i samråd med pasient til planlagde opphald. Dette er med på å førebyggje og stabilisere langvarige sjuke pasientar. Akuttog krisetenester blir handerte av poliklinikken i ordinær opningstid. Utanom vanleg dagtid blir akutt-tenester handterte av felles vaktsystem med Valen sjukehus. gjennomgå funksjons- og arbeidsfordelinga innanfor det psykiske helsevernet, jf. tilråding frå Nasjonal strategigruppe II. Ressursfordelinga må avspegle god arbeidsfordeling. Ressursane bør fordelast med minst 50 % på DPS-nivå. Psykisk helsevern for barn og unge bør sikrast minst 20 % av dei samla ressursane til psykisk helsevern Ressursfordelinga i Klinikk for psykisk helsevern er for 2011: DPS = 52,7 % Sjukehus = 47,3 % BUP = 17 % følgje opp tilrådingane i dei andre rapportane frå Nasjonal strategigruppe II 13

Tilrådingane frå Nasjonal strategigruppe II blir følgde opp. sørgje for at lokale planar for redusert og rett bruk av tvang blir utarbeidde, implementerte og gjennomførte i samsvar med departementet sitt brev av 19. mars 2010, og i samsvar med den regionale planen som er under utarbeiding. Ein må ha fokus på konkrete tiltaksresultat. Planane skal forplikte leiarar og tilsette på alle nivå i spesialisthelsetenesta. Kompetanseheving på alle nivå må vere ei viktig oppgåve Det er etablert praksis med faste vedtaksansvarlege ved Haugaland DPS og Karmøy DPS. Dette har redusert bruken av tvang utanfor institusjon med 50 %. Vidare har ein etablert brukarstyrte senger som ein forventar vil gje ein reduksjon i bruk av tvang, jf. erfaringar frå Jæren DPS. Det er ikkje utarbeidd ein samla lokal plan for redusert og rett bruk av tvang, men det er gjeve høyringsuttale til den regionale planen. Helse Fonna har vore representert i gruppa som har utarbeidd høyringsutkastet, og innhaldet i utkastet er i samsvar med klinikken si oppfatning av korleis ein kan oppnå redusert og rett bruk av tvang. Lokalt i Helse Fonna har det i ei årrekkje vore fokus på rett og redusert bruk av tvang, og dette arbeidet held fram og vil bli utvida i tida framover. Sidan 2002 har det vore gjennomført systematiske brukarundersøkingar ved tryggleiksposten som er lokalisert ved Valen sjukehus. Ein høg prosentdel av pasientane ved tryggleiksposten er tvangsinnlagde. Resultatet av brukarundersøkingane blir presenterte for personalet årleg. Brukarundersøkingane er eigna til stadig kvalitetsforbetring, der brukarmedverknad står sentralt. Dette reduserer bruk av tvang gjennom at pasientane opplever mindre grad av krenking og maktesløyse, og bidrar til positive haldningar blant personalet. I tillegg er det utarbeidd klinisk handlingsprogram som blir evaluert årleg. utvikle og prøve ut brukarstyrte plassar i alle DPS-a for pasientgrupper med langvarig og/eller tilbakevendande alvorlege psykiske lidingar Det er etablert brukarstyrt seng ved Karmøy DPS som prøveprosjekt. Etter prosjektperiode på seks månader vil ein evaluere tilbodet. Ved Folgefonn DPS er det planlagt oppstart av brukarstyrte senger frå 01.03.2012. Stord DPS har brukarstyrt-/vekselplass. Rehabiliteringspost på Stord DPS bruker ei seng i samråd med pasient til planlagde opphald. Dette er med på å førebyggje og stabilisere langvarig sjuke pasientar. gjennomgå PWC 2 sin rapport Gjennomgang av verksemda ved Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF og gjennomføre dei tilrådde forbetringstiltaka som er nødvendige for å sikre god fagleg standard Med utgangspunkt i tilsynssak i Klinikk for psykisk helsevern i februar 2010 og etterfølgjande gjennomgang av drifta ved klinikken i 2010, er det gjennomført eit heilskapleg forbetringsprogram i klinikken i 2011. Målet med programmet har vore å forbetre dei kritikkverdige tilhøva og arbeide med område som har eit tydeleg forbetringspotensial i klinikken. Arbeidet med gjennomgangen av klinikken blei initiert av styret i Helse Fonna. Gjennomgangen avdekte blant anna avvik frå god fagleg standard innan diagnostisering, journalføring og 2 PriceWaterhouseCoopers AS 14

behandling, sviktande internkontroll, behov for meir fagleg leiing, uklare roller og ansvarsdeling, mangelfulle rutinar og svak kultur for faglege diskusjonar. Tilsynssaka konkluderte blant anna med systemrelatert svikt. Styret og administrasjonen fann det difor nødvendig at det var viktig å få gjort ein slik gjennomgang av heile drifta i klinikken, for å avdekkje feil og manglar og leggje til rette for forbetring. Basert på resultat av gjennomgangen av klinikken blei forbetringsprogrammet sett i drift i februar 2011, med eit overordna mål om å lukke identifiserte avvik og starte arbeidet med å heve den faglege standarden i arbeidet som blir utført i klinikken. Seks prosjekt blei oppretta under ein programorganisasjon, med brei representasjon frå tilsette i klinikken, både frå ulike faggrupper, dei forskjellige geografiske einingane, tillitsvalde, verneteneste og brukarrepresentantar. Medlemmer i programstyret og nokre prosjektleiarar var representantar utanfrå klinikken. Målet med denne organiseringa var å sikre gode innspel frå andre delar av føretaket, samt å bidra til at løysingar og tiltak gjennom forbetringsprogrammet også kan bli ein del av arbeidskvardagen i dei andre einingane i helseføretaket. Tre av dei seks prosjekta er avslutta. Aktivitetar som står att i dei tre andre prosjekta, er i hovudsak gjennomførte hausten 2011, medan eitt prosjekt har planlagde aktivitetar til og med mars 2012. Tilsette i klinikken og elles i føretaket har arbeidd godt saman etter gjeldande prosjektplanar. Samarbeid mellom tilsette frå ulike seksjonar har kopla dei forskjellige geografiske einingane i klinikken tettare saman. Vidare har prosjekta realisert synergiar gjennom funksjonen deira som brubyggjar mellom seksjonane. Det finst mykje god dokumentasjon i klinikken som er samla inn og gjort om til felles offisielle dokument, prosessar, prosedyrar, rettleiarar og informasjonsbrosjyrar. Styret i Helse Fonna er løpande orientert om forbetringsprogrammet, og sluttrapporten blei behandla i sak 77/11. sørgje for eit godt tilbod til barn og unge med spiseforstyrringar BUP Haugesund, spesielt ved barnepsykiatrisk post og ungdomspsykiatrisk post, har eit tett samarbeid med barneavdelinga Haugesund sjukehus i høve til barn og unge med alvorlege spiseforstyrringar. Arbeidet er også formalisert via eit Liason-team. Behandlarar og miljøterapeutar ved postane har ein særskild kompetanse på spiseforstyrringar, og bidrar også med denne kompetansen i poliklinisk oppfølging. i samarbeid med private ideelle institusjonar sikre kompetanse til å behandle pasientar med kombinasjonar av moderat til alvorleg psykisk liding og alle typar ruslidingar Klinikk for psykisk helsevern har samarbeidsavtale med Haugaland A-senter. Haugaland A-senter deltek på faste tverrfaglege vurderingsmøte, og det blir samarbeidd om ulike kurs- og opplæringstiltak. leggje til rette for at rettane til fengselsinnsette med psykiske og rusrelaterte lidingar blir tekne vare på Det er to fengsel i Helse Fonna sitt opptaksområde, Haugesund fengsel og Sandeid kretsfengsel. Ved begge fengsla er det etablert rettleiingsordningar. Innsette blir prioriterte på lik linje med resten av befolkninga i høve helsehjelp, jf. prioriteringsforskifta. 15

setje i verk tiltak for at rapporteringskjeda i forhold til NPR fungerer på alle nivå. Alle einingar/klinikkar/avdelingar skal gjennomføre opplæring i registreringsrettleiaren. Kvaliteten på pasientdata som dreier seg om bruk av tvang, skal ha særskild merksemd Opplæring er gjeve i registreringsrettleiaren for at rapporteringskjeda skal fungere. Det er sett i verk tiltak i høve til systematisering av rapporteringa. Det står att arbeid for å gjere registreringsrettleiaren godt nok kjend på alle nivå. rapportere utskrivingsklare pasientar, som skal til DPS og kommunar, til Norsk pasientregister Klinikk for Psykisk helsevern i Helse Fonna har ikkje fullt ut tilfredstillande rutinar og oppfølging når det gjeld registrering av utskrivingsklare pasientar. Det vil bli starta eit arbeid for å betre rapporteringa. I tillegg skal helseføretaka ved behov delta i: Helsedirektoratet sin gjennomgang av ressursbruk, prioriteringar og arbeidsmåtar innanfor det psykiske helsevernet for barn og unge Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna er ikkje spurd om slik deltaking. Helsedirektoratet sitt arbeid knytt til oppdrag om å utarbeide statusrapport og vurdere status for ambulant verksemd innanfor psykisk helsevern og TSB Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna er ikkje spurd om slik deltaking. eit samarbeid med Helsedirektoratet om å etablere og gjennomføre pilotprosjekt, i påvente av at det blir etablert ei ny særreaksjonsordning i 2011, for utilreknelege som gjer grove, gjentekne lovbrot Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna er ikkje spurd om slik deltaking. 3.3.5 Diagnostisering og behandling av kreft følgje opp den vedtekne funksjonsfordelinga innanfor kreftkirurgi i regionen og bidra i arbeidet med ein fornya gjennomgang av denne funksjonsfordelinga I Helse Fonna er kreftkirurgi innan mage/tarm, urinvegar, bryst samt gynekologisk kreftkirurgi sentralisert til Haugesund sjukehus i tråd med regionale føringar. Sjeldnare krefttilfelle, som til dømes kreft i spiserøyr, lever og bukspyttkjertel blir tilviste til Haukeland universitetssjukehus. Diagnostikk og oppfølging etter kreftkirurgi går i noko grad føre seg ved alle dei tre somatiske sjukehusa innan helseføretaket. Helse Fonna har delteke i regionale fora for å gå gjennom funksjonsfordelinga, som til dømes innan brystkreft, prostatakreft og i Plan kirurgi for Helse Vest. nytte Helsetilsynet sin rapport om risikobiletet i norsk kreftbehandling (4/2010) i forbetringsarbeidet 16

Rapporten er presentert og gjennomgått av leiargruppa. Klinikkane har starta arbeidet med å gjennomgå rapporten sett opp mot det enkelte fagområdet. arbeide vidare med planar for å utvikle tilbodet som set helseføretaka i stand til å dekkje behovet for patologitenester i regionen frå 1. august 2012, jf. styringsdokument for 2010 og den regionale planen for patologi (styresak 74/04) Mangel på legar og bioingeniørar har vore den største utfordringa for patologieininga i Helse Fonna i 2011. Det har vore gjort fleire tiltak for å redusere arbeidsbelastninga på dei som er i arbeid, dette har ført til korte svartider trass i ein vanskeleg personalsituasjon. Føretaket vil i 2012 dekkje behovet for patologitenester i eige nedslagsfelt. gjere dei reviderte nasjonale retningslinjene kjende for dei aktuelle fagmiljøa og organisere drifta slik at forløpstida blir overhalden. Dette set krav til helseføretaka om at behandling av pasientgruppene må starte raskt Nasjonalt normkrav om maksimalt 20 dagars ventetid for å starte behandling av kreft er gjort kjent for leiarar og medarbeidarar i aktuelle einingar i verksemda. Dei einingane som har verksemd knytt til diagnostikk og behandling av kreft, har delteke i dei nasjonale og regionale møta som har vore arrangerte innan temaet. Arbeidet med å kartleggje korleis føretaket ligg an for å oppfylle normkravet er starta, og det er også gjort tiltak i haust for å redusere ventetider innan områda radiologi og patologi, der føretaket har hatt flaskehalsar. Det er identifisert sjukepleiarar i poliklinikk som har koordinatorfunksjon. Det er også sett i gang arbeid med å sikre at tilvisingar blir skanna inn og vurderte utan forseinking, likeeins at det ikkje oppstår forseinking som følgje av kapasitet i skrivetenesta. Når det gjeld definisjon av kva for pasientar som skal gå inn i ordninga, og korleis ein skal merkje dei i det elektroniske pasientsystemet, vil det bli arbeidd vidare med løysingar i lag med dei andre føretaka i Helse Vest. 3.3.6 Innovasjon bidra i arbeidet med å implementere planen om nasjonal satsing på innovasjon og næringsutvikling i helsesektoren Helse Fonna vil vere med i arbeidet med å implementere planen om nasjonal satsing på innovasjon og næringsutvikling i helsesektoren. vere med på å gjennomføre den felles nasjonale tiltaksplanen i føretaksgruppa Helse Fonna er med på dette gjennom deltaking i innovasjonsnettverket i Helse Vest. peike ut ein ansvarleg person for innovasjon i føretaket og delta i nettverk i føretaksgruppa for å fremje innovasjon Helse Fonna har peika ut ein ansvarleg person for innovasjon i føretaket. i samarbeid med dei andre helseføretaka setje i verk tiltak for å utnytte innovasjonspotensialet knytt til offentlege innkjøp, blant anna gjennom førkommersielle avtalar. 17

Helse Fonna har ikkje sett i verk tiltak for å utnytte innovasjonspotensialet knytt til offentlege innkjøp, då det ikkje har vore aktuelle prosjekt. Helse Fonna vil samarbeide med dei andre føretaka for å finne område som kan vere aktuelle for denne typen avtalar. 3.4 Andre område 3.4.1 Habilitering og rehabilitering sørgje for at pasientar får nødvendige behandlingshjelpemiddel som del av medisinsk behandling, og at tildeling av behandlingshjelpemiddel skjer ut frå ei individuell vurdering i kvart enkelt tilfelle Helse Fonna har eigen seksjon for behandlingshjelpemiddel som sikrar tildeling av behandlingshjelpemiddel ut frå ei individuell medisinsk vurdering. samarbeide med Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering, inkludert Regional vurderingseining, om m.a. samarbeid med dei private rehabiliteringsinstitusjonane Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering i Helse Fonna har bindeleddsfunksjon opp mot Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. inngå samarbeidsavtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar i eige opptaksområde og bidra med å utvikle kompetansen og tenestene ved institusjonane Helse Fonna har ikkje eigne samarbeidsavtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar. sørgje for at det i samband med tilvising frå sjukehusa til rehabiliteringsinstitusjonane blir gjeve gode medisinske opplysningar og ei grunngjeving og eit mål for rehabiliteringsopphaldet (jf. brev frå Helse Vest datert 1.10.2010) Det er formell kontakt med koordinator i Helse Fonna, samt at ein får informasjon direkte frå leiar / andre tilsette ved kompetansesenteret. sørgje for at tenester som blir tilbydde frå dei koordinerande einingane i helseføretaka, er synlege og lett tilgjengelege Koordinerande eining (KE) i Helse Fonna har vidareutvikla nettside på intranett og Internett, for lettare å spreie informasjon om fagfelta, kontaktnettverk i helseregionen og habiliterings- og rehabiliteringstilbod. KE har også hatt kontakt med den koordinerande eininga i kommunane i helseregionen og stilt med undervisning ved behov. KE har delteke i rehabiliteringsprosjekt i Helsetorgmodellen. leggje til rette for at tenesta fungerer som praksisarena for å sikre gode læringsvilkår innanfor fagfeltet Helseføretaket har hatt hospitant frå Karmøy kommune éi veke i 2011. 18

3.4.2 Akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus setje i verk tiltak for å sikre nødvendig språk- og kulturkompetanse i AMK-sentralane Alle AMK-operatørane har gjennomført resertifisering i 2011. Eitt tema i dette undervisningsopplegget er fokus på korrekt framferd uansett kultur og språkbakgrunn. Medisinsk index er arbeidsreiskapen i AMK-sentralen, på norsk og engelsk. Det er også skaffa translatørar og oppslag på tysk og engelsk. Her er det oversetjing av dei mest vanlege akutte medisinske problemstillingane. Det er også mogleg å bli sette i konferanse med Semantix, som har tolketeneste på døgnbasis. bidra, i samarbeid med Helsedirektoratet, i arbeidet for å utvikle nasjonale krav til ambulansebilar, og for å etablere eit nasjonalt system for rapportering og behandling av data frå akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus Helse Fonna har delteke med éin representant i arbeidet med å utvikle nasjonale krav til ambulansebilar. Arbeidet er no ferdig, og kontraktane er tildelte. Arbeidsgruppa vil følgje opp dei første bilane som blir leverte av den enkelte leverandør for å sjå til at dei held god nok standard i høve til kravspesifikasjonen. Føretaket har levert informasjon og svart på førespurnader i samband med utvikling av eit nasjonalt system for rapportering og behandling av data frå akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Det har òg vore deltaking frå ambulansetenesta i nasjonale konferansar der dette har vore tema. 3.4.3 Behandling av hjarteflimmer rapportere om statusen for ablasjonsbehandling innan 15. april 2011 Tala er rapporterte. Ventetida er minkande, men er enno over seks månader for eit fleirtal pasientar. leggje Helsedirektoratet sine tilrådingar til grunn for å prioritere denne pasientgruppa, jf. brev frå Helse Vest RHF datert 7.11.2010 Helse Fonna har følgt Helsedirektoratet sine retningslinjer for tilvising til ablasjonsbehandling av hjarteflimmer. 3.4.4 Behandling av sjukleg overvekt vidareføre og styrkje eit regionalt samarbeid der ein m.a. skal ha ein tverrfagleg gjennomgang av korleis behandlingsforløpet ved sjukleg overvekt skal vere, kva for indikasjonsgrenser som skal praktiserast ved kirurgisk behandling og ved for- og etterbehandling, kapasiteten i tenestene og korleis ein kan sikre god oppfølging i samarbeid med primærhelsetenesta Det ligg føre nasjonale retningslinjer på indikasjonsgrenser for kirurgisk behandling av sjukleg overvekt. Helse Fonna følgjer dei nasjonale retningslinjene. I Helse Fonna blir det nytta to forskjellige operasjonstypar for sjukleg overvekt. Type inngrep blir i dei fleste tilfella valde ut ifrå medisinske årsaker og ikkje i det vesentlege etter pasienten sin preferanse. 19

I Helse Fonna blir det operert ca. 160 pasientar pr. år. Det blir nytta éin operasjonsdag i veka til operasjon av 4 pasientar med sjukleg overvekt. Så langt er dette volumet tilstrekkeleg til å halde fristane for behandlingsgaranti som blir sette i samsvar med nasjonal rettleiar. Det blir samarbeidd med primærhelsetenesta om oppfølginga av pasientane. Kontroll av pasientane skjer etter 3, 6, 12, 24 og 60 md. postoperativt ved tverrfagleg poliklinikk. Andre kontrollar går føre seg hos fastlegane. Fastlege skal engasjerast aktivt i seponering/nedtrapping av mellom anna medisinar for hypertensjon, diabetes og hyperlipidemi. leggje til rette for tilbod til pasientane på tvers av føretaksgrensene Pasientane vel fritt kva for eit sjukehus i Helse Vest dei vil bli opererte ved. Dei blir informerte om tilbodet ved dei forskjellige sentra. styrkje poliklinikktilbodet for å sikre avklaring av operasjonsindikasjon og kunne starte nødvendig forbehandling som gjev tenleg og aktiv bruk av ventetida der det er operasjonsindikasjon Avklaring av operasjonsindikasjon blir gjort ved hjelp av standardisert søknadsskjema og tverrfagleg poliklinisk vurdering. Alle som fyller nasjonale krav for operativ behandling, blir først kalla inn på eit informasjonsmøte før dei blir vurderte på tverrfagleg poliklinikk, sidan det er viktig å avklare pasientane sin motivasjon før dei blir tekne til tverrfagleg vurdering. Kapasiteten i poliklinikk er pr. i dag godt dimensjonert i forhold til den operative verksemda vår. 3.4.5 Ernæring og mattryggleik sikre at god og rett ernæring er ein integrert del av behandlingstilbodet Ved geriatrisk eining er ernæringsscreening eit fast tiltak på alle pasientar. Ein arbeider no med å få dette implementert i heile føretaket, og har starta ved ortopedisk eining. setje i verk tiltak for å sikre god kompetanse og gode rutinar på områda hygiene og mattryggleik, og følgje opp Mattilsynet sin rapport Nasjonalt tilsynsprosjekt (2008 2009). Institusjonskjøkken Helse Fonna har sett i verk eit prosjekt som skal sikre at føretaket sine driftsstader har ein einskapleg praksis i å handtere næringsmiddel, der ein i tillegg sikrar at alle ledd i produksjonen har tilfredsstillande kompetanse på fagområdet. Prosjektet skal også utvikle dei tilsette sin kompetanse innanfor EU sitt nye regelverk for næringsmiddelhygiene (hygienepakken) og tilpassing til HACCP-prinsippa (Hazard Analysis and Critical Control Point). 3.4.6 Spesialisthelsetenestetilbodet for eldre følgje opp Helsetilsynet sin rapport om identifisering av risikoområda i spesialisthelsetenestetilbodet til eldre (15/2010) i arbeidet med å betre kvaliteten i tenesta I samsvar med plan for spesialisthelsetenester til eldre 2008 blei det i 2009 oppretta eigen geriatrisk post og poliklinikk ved Haugesund sjukehus. Geriatrisk eining er lokalisert ved Medisinsk klinikk Haugesund sjukehus og består av ei eining med åtte senger i ei kjerneeining, samt geriatrisk poliklinikk og ambulerande teneste innover i sjukehuset og ut i 20

kommunehelsetenesta. Eininga har eit strukturert behandlingsopplegg for eldre pasientar med multisomatisk svikt, med særleg fokus på forvirring, falltendens, ernæring og legemiddeljustering. For å sikre ei geriatrisk optimering på fleire pasientar enn dei som nyttar dei åtte sengene, er det innført konsulterande visittar innan Helse Fonna. Dette inneber eit fast samarbeid mellom den geriatriske eininga og andre spesialistområde for konsultativ verksemd med geriatriske spørsmål, for eksempel alderspsykiatrisk, nevrologisk, hjarte- og ortopedisk eining. Den geriatriske utgreiinga baserer seg på validerte måleinstrument, der alle pasientane blir screena for kognitiv tilstand, ernæringstilstand, legemiddelforbruk, fallbedømming med vidare. Ved eininga er det etablert referansegrupper og undervisning med spesialkunnskap innan følgjande område: Ernæring/undernæring, trykksår, førebygging av fall, infeksjon/hygiene, kognisasjon, smerter og smertebehandling hos eldre, og inkontinens samt dei spesielle behova som gruppa representerer. Grunnlaget for ei godt fungerande geriatrisk verksemd er det multiprofesjonelle teamet og eit godt fungerande samarbeid med dei andre sjukehuseiningane, kommunale legar og pleieeiningar. Helseføretaket har i plan for spesialisthelsetenester til eldre lagt opp til ei utviding og vidareutvikling av det geriatriske tilbodet i åra som kjem, blant anna innan ortogeriatri. Her har ein i første omgang fått pådrivaransvaret for det regionale fallprosjektet i Helse Vest. Forutan Helse Fonna, deltek både Helse Bergen og Haraldsplass i dette prosjektet. Fallteamet i Helse Fonna er i prosjektperioden eit samarbeid mellom geriatrisk og ortopedisk eining ved Haugesund sjukehus. Desse to einingane planlegg no ei utviding av samarbeidet for å sikre ei betre utgreiing og behandling av eldre som blir lagde inn i ortopedisk eining. Dette skjer etter metodikk som er utprøvd og vel dokumentert andre stader med svært gode resultat. Til geriatrisk eining er det også knytt ein geriatrisk poliklinikk som både tek seg av kvalitetskontrollar/oppfølging etter innlegging, samt vurdering og behandling av pasientar frå andre einingar i Helseføretaket. Ein del av geriatrisk poliklinikk inneber også ei utoverretta verksemd mot fastlegar, tilsynslegar og kommunelegar med formål å styrkje samarbeidet rundt geriatriske multisjuke pasientar. Som ein pilot har t.d. Helse Fonna og Haugesund kommune ein delt geriaterstilling for reell kompetanseoverføring og for å styrkje dei geriatriske tenestene ut i kommunen. Denne stillinga har i 2011 hatt fokus på medikamentgjennomgangar saman med tilsynslegar ved sjukeheim. Ytterlegare ein viktig komponent i den geriatriske verksemda er å delta i utvikling og gjennomføring av ny samhandlingsmodell med kommunane i opptaksområdet, den såkalla Helsetorgmodellen. Her har ein blant anna starta opp Helseteam for eldre, der kommunelegar arbeider i deltid ved geriatrisk eller alderspsykiatrisk eining samt ved Helseteamet i kommunen, og arbeider i team med helseteamsjukepleiarar, fysioterapeutar samt farmasøyt. På denne måten sikrar ein felles haldning og behandling av den eldre pasienten, samt styrkjer kompetanse og samarbeid. Helseføretaket har også saman med kommunane og Høgskulen oppretta ei felles Forskings- og utviklingseining som skal arbeide for felles kultur, kvalitetsbetringstiltak, felles kompetanseheving og stimulere til forsking. Den geriatriske eininga blir ei svært viktig kjerneeining for spesialisthelsetenesta, og også for kommunehelsetenesta i deira oppbygging av helsetenester til eldre i kommunen. Ortopedisk seksjon arbeider med å lage skriftlege retningslinjer for forsvarleg utgreiing og oppfølging av forvirringstilstand og ernæringstilstand hos skrøpelege pasientar, 80 år og eldre 21