Årsmelding for Stiftinga Ole Bull Akademiet

Like dokumenter
Årsmelding for stiftinga Ole Bull Akademiet I 2010 var det hundreårsjubileum for Sigbjørn Bernhoft Osa. I felesamlinga finst eit av praktinstrumenta

Årsrekneskap. for. Rong Fjellstove Rongastovo AS

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

RESULTATREKNESKAP JAKOB SANDE-SELSKAPET. DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER Note

Årsrekneskap 2018 Jakob Sande-selskapet

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

FolkOrg Møte 2012/06 Styret

Norsk Bane AS Resultatrekneskap

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Årsrekneskap. Sogn og Fjordane Turlag. Org.nr.:

Årsregnskap. Velledalen i Balanse AS. Org.nr

FolkOrg Møte 2012/04 Styret

Fjordly Ungdomssenter

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Hilde Reitan, Tove Leinslie

VEDTEKT av februar 2007

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Landslaget For Lokal Og Privatarkiv Org.nr

Gudrun Folkedal 2.vara, Thor Hauknes (berre tysdag, t.om. sak 59)

FolkOrg Møte 2012/02 Styret

Årsregnskap VELLEDALEN I BALANSE AS STRAUMGJERDE. Org.nr

Årsregnskap for. Stiftelsen Narvik Alpin. Utarbeidet av

Kristent Fellesskap i Bergen. Resultatregnskap

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Årsregnskap 2015 for Dill AS

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Ellen Persvold, Olav Luksengård Mjelva, Jan Heier, Hilde Reitan

Forslag frå fylkesrådmannen

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Regionrådet Nordhordland IKS

VS 14/7 Godkjenning av innkalling og sakliste VS 14/8 Godkjenning av referat frå førre møte

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Stiftelsen Folken. Årsregnskap for 2014

BRUNSTAD KRISTELIGE MENIGHET HARSTAD 9402 HARSTAD

beste helsing Jon Tvilde // USF Verftet kulturhussjef /

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

ÅRSMØTE I HORDALAND FOLKEMUSIKKLAG Årsmøtet vert halde måndag 20. mars i Festsalen på Øystese gymnas kl 18:30.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Årsregnskap 2017 for Orkladal Næringsforening. Organisasjonsnr

Vaadan Vann og avløp SA ÅRSOPPGJØR 2015 * STYRETS BERETNING * RESULTATREGNSKAP * BALANSE * NOTER TIL REGNSKAPET

INNKALLING TIL ORDINÆRT ÅRSMØTE 2014

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Årsregnskap 2018 for Orkladal Næringsforening. Organisasjonsnr

Årsregnskap 2018 for Tromsø Turnforening

Årsregnskap 2014 for. Sparebankstiftelsen Halden. Foretaksnr

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Prosjektplan for Inn på tunet-løftet for Hallingdal

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

ÅRSMELDING 2012 FRÅ KONTROLLUTVALET NISSEDAL KOMMUNE

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

RESULTATREKNESKAP PR

Årsrekneskap 2016 Sparebankstiftinga Time og Hå

Resultatregnskap. Multinett AS. Driftsinntekter og driftskostnader. Salgsinntekt Sum driftsinntekter

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kjøkkenservice Industrier AS. Årsregnskap 2016

Glassverket Idrettsforening 3038 DRAMMEN

Årsregnskap 2009 for Drammen Tennisklubb. Org.nummer:

ÅSANE FOTBALL RESULTATREGNSKAP. DRIFTSINNTEKTER Driftsinntekter, avgiftspliktige Driftsinntekter, avgiftsfrie

Protokoll frå styremøtet i Helse Bergen HF

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Årsregnskap 2014 for Leksvik Bygdeallmenning

Rektorforum 15. april

Stiftelsen Folken. Årsregnskap for 2013

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Årsregnskap. Bergen Rideklubb. Org.nr

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Årsregnskap. Årbogen Barnehage. Org.nr.:

SØKNAD OM STØTTE TIL MUSIKALEN OLIVER

Årsregnskap 2017 for Hardangerviddatunnelene AS

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Årsregnskap 2014 for Orkanger Idrettsforening

Årsoppgjøret KEM - Kunstnernes Eget Materialutsalg SA. Innhold: Resultat Balanse Noter Revisors beretning. Org.

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Kjøkkenservice Industrier AS. Årsregnskap 2017

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Fordeling av prosjektmidlar folkemusikk - budsjettpost

RESULTATREKNESKAP PR

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

SFK LYN. Årsregnskap 2016

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2012 Sak 3 Regnskap

Utvalssekretær. Eventuelle forfall meldast til Kjell Ivar Hommen, tlf

NBNP 2 AS Org.nr

Transkript:

Årsmelding for Stiftinga Ole Bull Akademiet 2012

Føremålet til Ole Bull Akademiet er: u å formidle kunnskap om og å gje opplæring og utdanning i norsk folkemusikk og folkedans til studentar på høgskule- og universitetsnivå u i samarbeid med Griegakademiet Institutt for musikk, Universitetet i Bergen, å gje utdanning på universitetsnivå til folkemusikkutøvarar u å vere ein møtestad mellom norsk folkemusikk og andre musikkgenrar u å formidle kunnskap om norsk folkemusikk til interesserte frå andre land. Gjennom gransking, publisering og studentutveksling vil Ole Bull Akademiet gjere sitt til å auke kunnskapen om norsk folkemusikk og folkedans u å vere ein aktiv aktør i nordiske og andre internasjonale fagfora som fremjar utdanning i og kunnskap om norsk folkemusikk. Bjarte Eike og Barokksolistane. Foto: Knut Utler

årsmelding 2012 3 Personale Ole Bull Akademiet hadde i meldingsåret 10 personar med fast arbeidstilhøve til institusjonen. Dette blir, året sett under eitt, litt over 6 årsverk. Åtte av desse er tilsette ved institusjonen. Ei av stillingane har Hordaland fylkeskommune som arbeidsgjevar. Halve stillinga til vaktmeister blir finansiert av Kringsjå AS. Administrasjon og lærarar: Jo Asgeir Lie, rektor 100% Håkon Asheim, studieleiar 100% Kari Margrete Okstad, undervisningsleiar/ leiar Osafestivalen 27% (100% til 31.07.) Arne Anderdal, arkivar/høgskulelærar 100% Steinar Ofsdal, professor 15% (25% til 31.07.) Berit Opheim Versto, førsteamanuensis 40% (25% til 31.07.) Elisabeth Vannebo, høgskulelektor 16% Sissel Lie, førstesekretær 100% Per Pettersson, vaktmeister/hussjef 50% (50% Kringsjå AS) Einar Mjølsnes, fylkesmusikar 25% (75% Hordaland fylke) Jo Asgeir Lie har ansvar for den daglege leiinga og drifta av institusjonen, saksførebuing og sekretærfunksjonen for styret, søknader om offentlege løyvingar og midlar til ulike prosjekt. Rektor har ansvar for det faglege og pedagogiske arbeidet og skal, i samarbeid med dei fagleg tilsette, lage fagplanar for studia og planar for kursverksemda. Rektor har i meldingsåret også gitt undervisning både på kursa og studia. Håkon Asheim er praktisk, pedagogisk og kunstnarleg leiar av Tradisjonsmusikk I og II (bachelorgrad), og har ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av studiet. Dette gjeld også mastergradsstudiet (Nordic Master), i samarbeid med våre nordiske samarbeidspartar. Han skal i nært samarbeid med rektor og fagråd syte for fagleg og økonomisk styring av samlingane og studiet elles. Asheim har også undervisningsplikt, og han er ansvarleg for fagseminaret i samband med Osafestivalen. Kari Margrete Okstad er undervisningsleiar, og har som hovudarbeidsområde å planleggja, organisera og gjennomføra kursverksemda ved Ole Bull Akademiet. Undervisningsleiaren er Akademiet sin kontaktperson til skulane/institusjonane, og skal saman med rektor planleggja nye kurs og tiltak retta mot skular og institusjonar som søkjer kunnskap om folkemusikk og folkedans. Ho har ansvar for OBA sin del av planlegging, organisering og gjennomføring av utøvarstudiet i folkedans. Kari Margrete Okstad er også festivalleiar for Osafestivalen. Arne Anderdal er tilsett som høgskulelærar/arkivar. Til stillinga høyrer bibliotek- og lydarkivarteneste, undervisningsplikt/kursleiing og ansvar for data- og anna teknisk utstyr, i tillegg til arkivmateriale. Steinar Ofsdal er tilsett som professor i 15% stilling. I denne stillinga ligg undervisningsplikt på studiet i tradisjonsmusikk og kunstnarleg leiaransvar av Osafestivalen. Han er også tilsett som professor i 100% stilling ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Berit Opheim er tilsett som førsteamanuensis i 40% stilling. I denne stillinga ligg undervisningsplikt/kursleiing på vekeskursa, og undervisning for Tradisjonsmusikk I og II Elisabeth Vannebo er tilsett som høgskulelektor i 16% stilling. I denne stillinga ligg teoriundervisning for Tradisjonsmusikk II Sissel Lie er førstesekretær i 100 % stilling, og har ansvar for resepsjonen. Ho tar i mot studentane, og syter elles for praktisk tilrettelegging av kursopphaldet. I tillegg har ho det daglege ansvaret for butikken til Kringsjå AS, og syter for fakturering til skular og institusjonar. Ho er også sekretær for Osafestivalen. Per Pettersson er tilsett som vaktmeister og hussjef, og har 50 % stilling ved Ole Bull Akademiet og 50 % i Kringsjå AS. Han er ansvarleg for vaktmeistertenester, avtale med cateringselskapet «Tre Kokker Voss» og vakt- og vaskelister for eigedomen. Einar Mjølsnes er tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, og Ole Bull Akademiet har avtale med fylkeskommunen om å få nytte 25% av stillinga. Stillinga er knytt til Ole Bull Akademiet med fast kontorplass. Fylkeskommunen står som arbeidsgjevar, og OBA dekker sin del etter rekning frå fylkeskommunen.

4 årsmelding 2012 I tillegg til dei fast tilsette har ein i stor grad nytta gjesteførelesarar i undervisninga. Dette er i tråd med tanken om at flest mogeleg av dei lokale og regionale musikk- og dansetradisjonane skal presenterast på institusjonen gjennom studieåret. Denne driftsmodellen gjev arbeid til svært mange folkemusikarar som baserer mykje av inntekta si på våre konsert- og undervisningstilbod. Ole Bull Akademiet er ein av dei største arbeidsgjevarane til norske frilansmusikarar innan folkemusikk og folkedans (sjå oversikten nedanfor). ØKONOMI Ole Bull Akademiet fekk i meldingsåret statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar til drifta. Tilskot frå stat, fylke og kommunar: 2012 2011 Kulturdepartementet 3.400.000 3.298.000 Kunnskapsdepartementet - UiB 2.062.000, 2.000.000 Studiepoengmidlar 2010 UiB 204.550 183.300 Kunnskapsdepartementet, UiB - indeksregulering 2008,2009,2010 470.000 Hordaland fylkeskommune 257.000 254.000 Voss kommune 125.000 145.000 Bykle kommune 20.000 I alt 6.048.550 5.880.300 Rekneskapen for 2012 syner eit underskot på kr 54.158,-. Ole Bull Akademiet fekk ekstra lønnsutgifter i januar og februar, i samband med overlapping mellom gamal og ny rektor ved Ole Bull Akademiet. Hovudtyngda av underskotet for 2012 er knytt til ekstrarekning på pensjonsavtalen som akademiet har, noko som aleine utgjorde over 100 000. Ny pensjonsavtale er inngått med verknad frå 01.12.12, der akademiet går over frå ytingsbasert til innskotsbasert pensjonsordning som vil gje ein merkbart betre og meir oversiktleg økonomisk situasjon i åra som kjem. Aksjar Stiftelsen Ole Bull Akademiet eig alle aksjane i eigedoms- og driftsselskapet Kringsjå AS. Fond Styret forvaltar desse fonda: 31.12.2012 31.12.2011 Sigbjørn Bernhoft Osa sitt fond kr 112.913 kr 110.618 Gudrun og Sigurd Haaheims fond kr 37.297 kr 37.010 Liv og Knut Klemmetsens fond kr 12.097 kr 12.004 All kapital er i Voss Sparebank. Det er ikkje brukt midlar frå Sigbjørn Bernhoft Osa sitt fond i 2012. Det er heller ikkje delt ut midlar korkje frå Gudrun og Sigurd Haaheims fond i 2011 eller frå Liv og Knut Klemmetsens fond. Styret Terje Støve, leiar (FolkOrg organisasjon for folkemusikk og folkedans) Iril Schau Johansen, nestleiar (Voss kommune) Sigbjørn Hauge, styremedlem (Voss kommune) Frode Thorsen, styremedlem (Universitetet i Bergen) Magne Espeland, styremedlem (Høgskular/universitet) Håkon Asheim, styremedlem (Representant for dei tilsette) Jo Asgeir Lie har vore sakshandsamar og sekretær for styret. Det har i meldingsåret vore årsmøte og to styremøte med 10 saker til handsaming. Arbeidsutvalet, representert ved Terje Støve, Håkon Asheim og Jo Asgeir Lie, har hatt to møte og handsama 7 saker. Utvalet har i tillegg hatt jamleg kontakt gjennom året og drøfta ulike sider ved den daglege drifta.

årsmelding 2012 5 AKTIVITET Kurs Det har vore halde 22 kurs/seminar for i alt 15 institusjonar/ studentgrupper, med til saman 561 studentar og 26 lærarar frå institusjonane. Dette gjev eit studenttal i snitt på 25,50 per kurs. veke studentar lærarar institusjon 2 32 3 Ski vidaregåande skule 4 31 1 Universitetet i Oslo, IMV 5 29 1 Universitetet i Oslo, IMV 6 18 2 Høgskolen i Vestfold 7 10 1 Voss Folkehøgskule 7 11 1 NLA, Norsk Lærerakademi 8 35 Høgskolen i Staffeldtsgate 10 28 Griegakademiet 11 22 2 Høgskolen i Østfold 17 8 2 Høgskolen i Vestfold 35 27 1 Høgskulen Stord/ Haugesund 36 32 1 Høgskolen i Volda 37 22 1 Høgskolen i Oslo 38 27 1 Høgskolen i Oslo 38 30 1 Universitetet i Agder 39 22 Høgskolen i Staffeldtsgate 40 22 Høgskolen i Bergen 41 40 1 Universitetet i Agder 41 21 Universitetet i Tromsø 42 23 6 Høgskolen i Oslo 45 25 Høgskolen i Bergen 46 21 1 Universitetet i Stavanger 47 25 Høgskolen i Bergen Sum 561 26 Kursa i vekene 38 og 41 for Universitetet i Agder blei arrangert i Bykle, Setesdal. Kurset i veke 41 Universitetet i Tromsø blei arrangert i Målselv. Kursleiarar: Desse har vore kursleiarar: Jo Asgeir Lie (1), Arne Anderdal (7), Kari Margrete Okstad (4), Berit Opheim Versto(5), Eli Storbekken (3), Terje Foshaug (1) 1 1 Talet i parentes syner kor mange kurs vedkomande har hatt Lærarar: Førelesarar/instruktørar/konsert Arne Anderdal, Kari Margrete Okstad, Berit Opheim Versto, Eli Storbekken, Terje Foshaug, Gunnar Stubseid, Halldis Folkedal, Jo Asgeir Lie, Kari Finne Sognnæs, Nina Fjeldet, Eilif Gundersen, Solfrid Aalvik, Live Karin Liaskar, Einar Mjølsnes, Mari Skeie Ljones, Håkon Asheim, Terje Støve, Jørn Simenstad, Halvor Håkanes, Geir Egil Larsen, Rannveig Djønne, Knut Hamre, Sigrid Moldestad, Hilde Fjerdingøy, Stein Villa, John Ole Morken, Torleiv Løyland, Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke, Birgit Rike Lund, Helga Jacobsen, Marte Frihetsli, Sigrid Randers-Pehrson, Lars Erik Løvhaug, Ante Mikkel Gaup, Øistein Hanssen, Ragnhild Furebotten, Guro Haugen, Ragna Ringset, Bjørn Kåre Odde, Judith Vestrheim, Endre Kleiveland, Gunnlaug Lien Myhr, Kim André Rysstad, Bjørn Sigurd Glorvigen, Åshild Vetrhus, Steinar Ofsdal, Einar Olav Larsen, Tellef Kvifte, Leif Rygg, Lajla Renate Buer Storli, Margit Myhr Studiet i tradisjonsmusikk I 2012 gjekk det parallelle studentkull på to nivå av bachelorstudiet på OBA: Tradisjonsmusikk I og II. 2 studentar hadde permisjon i meldingsåret. Ved studentopptaket i 2012 kom det inn 6 nye studentar på Tradisjonsmusikk I. I vårsemesteret hadde Tradisjonsmusikk I og II undervisningssamlingar på OBA veke 3, 7 og 13 (saman med Tradisjonsdans i veke 3 og 13). I tillegg deltok Tradisjonsmusikk II på seminaret «Kor og folkemusikk» på OBA i februar og under eksamenar for bachelorstudentane i tradisjonsdans i mai. Utøvande eksamenskonsertar for Tradisjonsmusikk II fann stad i Osasalen på OBA 12. juni. Desse tok avsluttande eksamen: Laura Ellestad, Ingebjør Sørbøen (hardingfele) Hilde Fjerdingøy, Ida Furusæter (toradar) Kari Finne Sognnæs (kveding) Opptaksprøver blei haldne 16. 23. april for 9 kandidatar. 7 fekk tildelt studieplass, og desse 6 starta opp hausten 2012 på Tradisjonsmusikk I:

6 årsmelding 2012 Sindre Fotland, Kristoffer Kleiveland (toradar) Mads Kuraas, Jørgen Nyrønning, Ingeborg Ulberg Sommer, Jannike Svensvik (vanleg fele) I tillegg søkte 4 studentar seg vidare til Tradisjonsmusikk II etter fullført studium på Tradisjonsmusikk I: Erlend Apneseth, Satoko Katagihara, Margit Myhr, Alexander Aga Røynstrand (hardingfele) I hausthalvåret var det undervisningssamlingar for Tradisjonsmusikk I og II på Voss i veke 34, 38, 43 og 48. I tillegg hadde Tradisjonsmusikk II faste undervisningsdagar på OBA kvar tysdag og onsdag. I veke 38 var det ekskursjon til Raulandsakademiet, der lærarar og studentar deltok på seminaret «The Many Faces of Tradition», og lærarane hadde møte for å drøfte samarbeid med Høgskulen i Telemark. Mange folkemusikkstudentar frå HiT kom på gjenvisitt til OBA under Osafestivalen. I tillegg til konsertar i samband med studiet på OBA, hadde tradisjonsmusikkstudentane musikkinnslag under Ski-NM på Voss i januar, på Nordtrad-konferansen i Helsinki, på restaurantar og kjøpesenter under Festspillene i Bergen sitt arrangement «Plutselig festspill», på Griegakademiets åpningskonsert i Johanneskyrkja i august og under festivalen «Tri heile dagar til ende» på Norges Musikkhøgskole i desember. Tradisjonsmusikk I og II hadde kvar sin heile konsert under Osafestivalen, før dei samlast til ei større satsing med både studentar og lærarar: Konserten «Jolabrygg» 29. november i Voss Kulturhus (Kultursalen). Det blei ein vellukka konsert, der også musikarane Per Inge Hove og Olav Tveitane medverka. Voss Kulturhus og OBA vil prøve å gjere ein slik førjulskonsert til ein fast tradisjon. Lærarar/førelesarar på tradisjonsmusikkstudiet Arne Anderdal, Sigbjørn Apeland, Håkon Asheim, Kirsten Bråten Berg, Olav Bergflødt, Øyvind Brabant, Aslak Brimi, Anders Christensen, Rannveig Djønne, Ami P. Dregelid, Bjarte Eike, Finn-Einar Eliassen, Aleksandra M. Fladaas, Ellika Frisell, Per Anders Buen Garnås, Inge Gjevre, Jan B. Granli, Arild Hoksnes, Ingebjørg V. Homme, Anne Hytta, Håkon Høgemo, Jorun Marie R. Kvernberg, Jo Asgeir Lie, Stefan Lindvall, Susanne Lundeng, Unni Løvlid, Mikael Marin, Ruth Wilhelmine Meyer, Olav L. Mjelva, Einar Mjølsnes, Tone Lise Moberg, John Ole Morken, Martin Myhr, Øyonn Groven Myhren, Siri Mæland, Jens Nyplass, Steinar Ofsdal, Kari Margrete Okstad, Kåre Opheim, Grete Pedersen, Jasminka Penjin, Leif I. Ranøien, Tom Willy Rustad, Leif Rygg, Eli Storbekken, Gunnar Stubseid, Erlend Styve, Sarah-Jane Summers, Anette Thorsheim, Solbjørg Tveiten, Elisabeth Vannebo, Øystein Velure, Berit Opheim Versto, Tron Steffen Westberg, Henrik Ødegaard, Nils Økland. Utøvarstudiet i folkedans Hausten 2009 starta eit treårig bachelorstudium i utøvande folkedans. Studiet var eit samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Rff-sentret) og Noregs teknisk naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim med status som studieretning innafor NTNU sitt bachelorprogram i dansevitskap. Studiet var samlingsbasert dei første 2 åra. 3. året var studiet lagt opp som fulltidsstudium for det meste i Trondheim og med eit par vekesamlingar på Voss. Samlingane på Ole Bull Akademiet var 16. 20. januar og 26. 30. mars. I tillegg til felles undervisning hadde studentane einetimar med sjølvvald læremeister, og følgde kurset Andre danseformer. Studentane hadde studieåret 2011/12 eit svært vellukka samarbeid med studentar frå 4. året i tradisjonsmusikk. Musikkstudentane frå OBA var sentrale musikarar i eksamenskonsertane til dansestudentane. Det var 4 studentar som gjekk ut som dei første med bachelor i utøvande folkedans våren 2012. Eksamen vart gjennomført med ei felles førestilling med tittelen før etter og soloeksamenar. Studiet over 3 år vart finansiert gjennom eksterne midlar. Ein lukkast diverre ikkje i å finne midlar til vidare studium innan systemet til NTNU. Det vart difor ikkje tatt opp eit nytt kull hausten 2012. Ein har arbeidd med å omorganisere studieplanane ved program for dansevitskap ved NTNU. Dette er no godkjend, og nye studentar vil bli tatt opp hausten 2014. Ole Bull Akademiet vil då ikkje vere delansvarleg for studiet, men heller leggje til rette for fellesprosjekt.

årsmelding 2012 7 Studentar som tok eksamen i 2012 Torill Pedersen, Anna Gjendem, Mathilde Øverland og Inga Myhr. Lærarar på utøvarstudiet i folkedans Læremeistrar har vore Per og Halldis Dalåsen, Anne Berit Heide, Arne Sølvberg, Live Karin Liaskar, Vidar Underseth, Silje Onstad Hålien, Stian Roland, Ingar Ranheim og Margrete Nordmoen. Lærarar i vårsemesteret var Ami Petersson Dregelid, Martin Myhr, Anna Öberg, Gediminas Karoblis, Stian Roland og Johan Einar Bjerkem. Siri Mæland og Kari Margrete Okstad var lærarar og administratorar for studiet. Det nordiske masterstudiet i folkemusikk Frå 2009 er Ole Bull Akademiet/Griegakademiet Institutt for musikk samarbeidspartnar i fellesstudiet «Nordic Master in Folk Music», saman med Sibelius-Akademin (Helsinki), Syddansk Musikkonservatorium og Skuespillerskole (Odense) og Kungliga Musikhögskolan (Stockholm). Olaug Furusæter, som har bachelorgrad frå Norges Musikkhøgskole, blei tatt opp som OBA-student i det tredje kullet på Nordic Master-programmet hausten 2011. Saman med dei 3 andre studentane var ho første semester ved KMH i Stockholm, andre semester (våren 2012) i Odense og hausten -12 i Helsinki. I siste semester, våren 2013, vil dei ha fellesundervisninga konsentrert på 1 1/2 månad på Voss, oppfølging ved heiminstitusjonen resten av semesteret, Rolv og Aslak O. Brimi i samspel under Osafestivalen. Foto: Knut Utler

8 årsmelding 2012 og ein avsluttande eksamensturné. Håkon Asheim representerer OBA i koordinatorgruppa for studiet. Nordisk folkemusikkkonferanse Den årlege konferansen for utøvande folkemusikkutdanningar frå Norden og Baltikum var i 2012 lagt til Sibelius-Akademin i Helsinki, i tida 10. 15. mars, i regi av Nordtrad (det nordisk/baltiske nettverket innafor Nordplus-samarbeidet). Konferansen inneheldt som vanleg førelesingar, workshops, samspelsgrupper på tvers av skular/land, konsertar, diskusjonar, lærar- og studentmøte og sosialt samvere, og nådde opp til dei høge forventingane ein har frå tidlegare konferansar, både fagleg og sosialt. Studentar frå Tradisjonsmusikk II og Nordic Master in Folk Music var med, og Jo Asgeir Lie og Håkon Asheim representerte lærarane ved OBA. Dei tok del i det faglege arbeidet, og hadde innslag på konsertar. STUDENTUTVEKSLING OG INTERNASJONALT SAMARBEID Veke 37 fekk Skogen Sällström, masterstudent på fiolin ved NTNU, undervisning på OBA i samband med eit masterprosjekt om hardingfelemusikk i grenseland mellom kunst- og folkemusikk. 4. juni, i samband med Festspela i Bergen, fekk OBA besøk av 6 framståande musikarar og kulturpersonar frå Kina, ein av desse tilsett ved China Conservatory of Music, som vi har jamleg utveksling med. Dei fekk omvisning her og på Voss folkemuseum, og ein presentasjon av norsk folkemusikk og av OBA si verksemd. I 2011 blei OBA kontakta av Azerbaijan National Conservatory, ein viktig tradisjonsmusikk-institusjon i Baku, med framlegg om fagleg samarbeid og utveksling. Under Osafestivalen 2012 kom ein delegasjon på 6 frå konservatoriet, rektor Siyavush Kerimi og to andre frå administrasjonen saman med 3 lærarar, til Voss etter invitasjon frå OBA. Lærarane heldt ein festivalkonsert, og det blei halde møte der også Griegakademiet var representert. Framtidig samarbeid, lærar- og studentutveksling blei diskutert, også i lys av eksisterande samarbeid mellom Griegakademiet og eit anna konservatorium i Aserbajdsjan. Ein intensjonsavtale blei underskriven av OBA og ANC, og vi fekk ein uformell invitasjon til eit tilsvarande besøk i Baku. ARKIV Arkivet (Voss Folkemusikksamling) inneheld lydband, fotos, avisutklipp, videoinnspelingar, notemateriale m.m. som Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag eig. Samlinga inneheld over 60 gamle spoleband etter Sigbjørn Bernhoft Osa og ei mengd spoleband og kassettar i Voss Spelemannslag si eige. Ein del av spolebanda er overspelt til Dat-kassettar for sikkerheitskopiering, og samlinga har omlag 150 timelange Dat-kassettar. Mykje av Datkassettane er og originalopptak av konsertar i regi av Ole Bull Akademiet, m a eksamenskonsertar. Samlinga har òg notesamlinga etter Sigbjørn Bernhoft Osa. Her finst brev, konsertprogram, trykte notar, plakatar, notat og anna. Det trykte notematerialet er ferdig sortert og katalogisert. Ein samarbeider med Arne Bjørndals samling, Griegakademiet Institutt for musikk, og det er i året som har gått teke kopi av ei mengd originale DAT-band til harddisk. Desse er så teke til Bergen og er kopiert inn på Arne Bjørndals samling sin server og registrert på Fiol, eit registreringsprogram utvikla for folkemusikkarkiv. Dette arbeidet vil fortsetja i tida framover. OSAFESTIVALEN Osafestivalen vart arrangert 25. 28. oktober. Festivalen var den 22. i rekkja. Inspirert av Sigbjørn Bernhoft Osa var tema for festivalen SpiritOsa. Musikalsk vart det lagt vekt på å presentere konsertar der det livlege og åndfulle stod i fokus. Sjangermessig spente programmet frå tidlegmusikk, tradisjonell folkemusikk, nyskapande folkemusikk til visesong m m. Tidlegmusikaren Bjarte Eike var hyra inn som festivalmusikar og ga fleire strålande konsertar i ulike grupper. Festivalen inneheldt kyrkjekonsert, intimkonsertar, klubbkveld, gratiskonsertar, dansekveld m m. Nytt av året var også at vi hadde ein lydinstallasjon som stod gjennom heile festivalen, og vi hadde samarbeid med Voss KunstIag om ei fotoutstilling med Oddleiv Apneseth. Det var kurs både i dans og spel, og mange yngre deltok i ungdomssatsinga UngOsa. Opninga av festivalen var ved leiar for Institutt for musikk, Griegakademiet, professor Frode Thorsen. Kunstnarleg ligg årets festival i toppsjiktet av våre festivalar. Det var god publikumsoppslutning med i underkant av 3000

årsmelding 2012 9 Trad. 1-studentane 2011 2013. Foto: Steinar Ofsdal besøkjande. Dette er om lag slik det har vore dei siste åra, etter at festivalen har tredobla seg i storleik, og syner at festivalen har sett seg som ein viktig festival i Vossamiljøet. Festivalrekneskapen syner eit overskot på kr 25.000. Artistar under festivalen Bjarte Eike, Barokksolistene, Knut Erik Sundquist, Nicolas Dautricourt, Ragnhild Furebotten, Frode Haltli, Unni Løvlid, BIT20 Ensemble, Crane Dance trio (Mats Edèn, Jonas Simonson, Mattias Perez), Eilif Gundersen, Linda Gytri, Sigrid Moldestad (& dei strame karene..), Aslak Brimi, Rolv Brimi, Kvedarkvintetten, Sarah-Jane Summers, Morten Kvam, Juhani Silvola, Poul Høxbro, Steinar Ofsdal, NMH-studentar, Ole Bull-studentar Trad I & II, Voss Spelemannslag, Siyavush Kerimi, Jo Asgeir Lie, Håkon Asheim, Margit Myhr, Bergen Byspill, Trond Lossius, Polka med støyt Lærarar og spelemenn på kurs: Ami Pettersson Dregelid, Håkon Dregelid, Leif Rygg, Ulf-Arne Johannesen. Seminaret Seminaret «Musikk til fest» vart arrangert 25. 26. oktober. Innleiarar/instruktørar: Bjarte Eike, Solbjørg Tveiten, Finn-Einar Eliassen, Gunnar Stubseid, Håkon Asheim og Steinar Ofsdal. Håkon Asheim leia seminaret. Seminaret hadde 34 deltakarar, og var del av studieopplegget for folkemusikkstudentane frå Norges Musikkhøgskole, Høgskolen i Telemark, Rauland og OBA. I samband med seminaret held festivalmusikar Bjarte Eike, saman men Barokksolistene ein festfylt konsert med tittel Ale House. Organisasjon Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag, Voss Ungdomslag og Orkesteret Fossegrimen er arrangørar av Osafestivalen. Arrangørlaga stilte med eit 60-tals dugnadsmedarbeidarar til gjennomføring av festivalen. Programråd: Steinar Ofsdal (kunstnarleg leiar), Frode Thorsen og Arne Anderdal. Styret for festivalen: Kari Margrete Okstad (leiar) og Arne Anderdal frå Ole Bull Akademiet, Terje Støve frå Voss Spelemannslag, Olaug Hamre frå Voss Ungdomslag og Brynjulf Norheim frå Orkestret Fossegrimen. Sissel Lie er festivalsekretær og Arne Anderdal er PR-medarbeidar.

10 årsmelding 2012 Studentar frå Høgskulen i Vestfold på omvisning på Mølstertunet. Foto: Benedikte Bergan Kari Margrete Okstad, Steinar Ofsdal, Arne Anderdal og Sissel Lie har hatt arbeidet med festivalen som ein del av stillingane sine ved OBA. Det vart i tillegg kjøpt teneste frå Festival Voss med ein pressemedarbeidar ein månads tid før og under festivalen. Voss Folkemusikkscene OBA driv, i samarbeid med Voss Spelemannslag, Voss Folkemusikkscene og i 2012 vart det skipa til 5 arrangement. Dette er eit viktig tiltak både for studentmiljøet og for lokalmiljøet på Voss der ein har tilbod om folkemusikk med mange ulike uttrykk. 5 arrangement med godt 250 tilhøyrarar. ULIKE SAMARBEIDSFORA Griegakademiet Institutt for musikk er den institusjonen OBA har det mest omfattande samarbeidet med. Det 4-årige bachelorstudiet, Tradisjonsmusikk I og II, er ein viktig del av dette. I tillegg omfattar samarbeidet ei rekkje tiltak og samarbeidsformer: økonomisk samarbeid som gjeld fordeling av resultatbudsjett for avlagde eksamenar det generelle tilskotet til OBA frå UFD blir utbetalt av UiB kompetansevurdering av tilsette skjer gjennom UiB UiB er representert i styret for Akademiet og programråd for Osafestivalen felles undervisningsopplegg og seminar Arne Bjørndals samling ved Griegakademiet Institutt for musikk fungerer som viktig tradisjonsarkiv og samarbeidspartnar for Ole Bull Akademiet. Samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske høgskulane som har utøvande folkemusikk på studieplanen, held fram. Den nordiske folkemusikkonferansen til Nordtrad - The Higher Education Network of Traditional Music var i 2012

årsmelding 2012 11 lagt til Helsinki (sjå eigen omtale). Frå 2009 er OBA med i mastergradsamarbeid med tre av Nordtrad-institusjonane. Ole Bull Akademiet dreiv, i samarbeid med Rff-sentret i Trondheim, utøvarstudiet i folkedans i åra 2009 2012. Ole Bull Akademiet er med i Musikknett Vest, eit nettverk for musikkinstitusjonar på Vestlandet som arbeider med utøvande og pedagogisk utdanning, forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid. Jo Asgeir Lie er OBA sin representant i styret for Foreningen Arven etter Ragnarock, og sit i styringsgruppa for Hardingfelesenter-prosjektet i Hardanger. Jo Asgeir Lie har på vegne av Ole Bull Akademiet arbeidd vidare med å få etablert eit bachelorstudium i hardingfelebyggarfaget. OBA sende i 2010 eit framlegg til Utdanningsdirektoratet om oppretting av felemakarfaget som særløpsfag i vidaregåande utdanning. Dette vart avslått av Utdanningsdirektoratet. 5. september inviterte Ole Bull Akademiet i samarbeid med Rådet for folkemusikk og folkedans til eit dagsseminar på Voss, der tema var stoda for hardingfelebyggarfaget, og vegen vidare. På seminaret fekk Ole Bull Akademiet tilslutnad frå eit samla folkemusikkmiljø til å arbeide for eit høgskulestudium i hardingfelebyggarfaget. Jo Asgeir Lie er nestleiar i Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim, og er også nestleiar i styret for Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans. OBA driv, i samarbeid med Voss Spelemannslag, Voss Folkemusikkscene og i 2012 vart det skipa til 5 arrangement. Dette er eit viktig tiltak både for studentmiljøet og for lokalmiljøet på Voss der ein har tilbod om folkemusikk med mange ulike uttrykk. Voss Spelemannslag leiger øvingslokale av Kringsjå AS, og er fast musikalsk bidragsytar på kursa. GJESTEFØRELESINGAR, KONSERTAR, STUDIETURAR, REPRESENTASJON Jo Asgeir Lie representerte Ole Bull Akademiet under Hordaland Fylkeskommune sin presentasjon av internasjonale stønadsordningar 2. februar. representerte OBA under opninga av Festspillene i Bergen 23. mai. representerte OBA i samband med 80-års dagen til Sven Nyhus, og feiringa ved Norges musikkhøgskole 19. mai. representerte OBA, og spela konsert i samband med 40-årsmarkeringa for professor Jon Faukstad ved Norges musikkhøgskole 23. juni. representerte OBA ved utdeling av Ragnarockprisen under NOPA si 75-årsmarkering i Oslo 25. oktober representerte OBA under utdeling av Lindemanprisen 2012, 30. november representerte (saman med Arne Anderdal) OBA ved «Tri heile dagar til ende»-festivalen ved NMH 1. desember, der studentar og lærarar ved OBA heldt ein konsert. har i meldingsåret spela ei rekkje konsertar, m.a. i Finland, Danmark og Noreg framførte Folkemusikkmesse i Voss kyrkje har saman med folkemusikkgruppa Kvarts halde ei rekkje konsertar hatt konsert i samband med Peer Gynt-stemnet på Vinstra, delteke på to konsertar i Drammens Teater i samband med feiring av Jonas Fjeld 60 år utforma og framført konsertframsyninga Dikt og forbanna draum med Kvarts og Endre Skjåk på Riksscenen i Oslo halde ei rekkje akustiske kammerkonsertar medverka på romjulskonsert i Sør-Fron kyrkje har medverka på tre cd-produksjonar i 2012: - Jo Asgeir Lie/Audun Flaen m.fl. Til himmels med gangar og pols (som komponist og utøvar). Innspeling av Folkemusikkmesse frå Ål i Hallingdal - Øystein Velure Veluring (som utøvar og produsent) - Jonas Fjeld De Beste- 60 år i livet, 40 år på veien Akademiet samarbeider med Liv Bernhoft Osa og Per Gørvell, eigarane av kunstnarheimen Sævelid, om bruk av konsertsalen i samband med kurs og som konsertarena under Osafestivalen. Vi har også samarbeid med Voss Folkemuseum om omvisning for studentane våre på museet.

12 årsmelding 2012 Håkon Asheim organiserte, saman med Berit Opheim Versto og Elisabeth Vannebo, seminaret «Kor og folkemusikk» på OBA 10. 12. februar, med god deltaking frå folkemusikk- og kormiljø deltok i fleire møte i koordinatorgruppa for studiet Master in Nordic Folk Music, som blei haldne i samband med terminkonsertar på Syddansk Musikkonservatorium, Odense i mai og på Sibeliusakademiet, Helsinki, i desember sat i intervjukomiteen i samband med tilsetjing av førsteamanuensis ved Arne Bjørndals samling, Universitetet i Bergen heldt workshop for folkemusikkstudentar frå Norden og Baltikum under Nordtrad-konferansen i Helsinki i april heldt føredrag på den internasjonale konferansen «North Atlantic Fiddle Convention» i Londonderry i juni/juli koordinerte kontakten mellom Azerbaijan National Conservatory og OBA i samband med besøk frå ANC og signering av samarbeidsavtale under Osafestival-helga var med og framførte Jo Asgeir Lie si Folkemusikkmesse på Osafestivalen hadde diverse oppdrag som konserthaldar, dansespelemann, sensor og lærar, m.a. for andre gong på rad som hovudlærar på sommarkurs i Hardanger Fiddle Association of America i Wisconsin Kari Margrete Okstad sat som medlem for Rådet for folkemusikk og folkedans i stipendkomitéen for folkekunstnarar deltok på møte om immateriell kulturarv på Utne folkemuseum var intern sensor på utøvarstudiet i tradisjonsdans ved NTNU Arne Anderdal er medlem i programrådet og styret for Osafestivalen er medlem i styringsgruppa for Voss Folkemusikkscene for OBA er musikalsk leiar for Voss spelemannslag. Spelte på opningssermonien til NM på ski på Voss i januar Hadde konsertar på Riksscena og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival med gruppa Godsruta Fekk Folkelarmprisen i september for sin platedebut med tradisjonsmusikk frå Hallingdal. Var gjennom den kulturelle skulesekken med på danseprosjekt i alle 5. klassar på Voss Duoen Andeland spelte på Vossajazz sitt Jolejazz arrangement Aktiv som spelemann i spelemannslag, til dans og ei mengd oppdrag som underhaldning ved mange høve. Einar Mjølsnes Medverknad i stykket «Dyrehagen Hardanger» av Jon Fosse med Hordaland teater. Framsyningar i Bergen, turne i Hordaland og Framsyningar på Det Norske teater, Oslo. (Våren 2012) Berit Opheim har halde konsertar og workshop med Trio Mediæval i Sør-Korea, USA, England, Spania, Slovakia og Noreg, m.a. saman med Oslo Filharmoniske Orkester. har hatt solokonsert i Italia og Canada, med mellom anna musikk av Lasse Thoresen. har framført Draumkvedet ei rekkje stader har hatt førelesing og masterclass på fleire større seminar, m.a. under kor- og folkemusikkseminaret ved Ole Bull Akademiet, med Musikkhøgskolens kammerkor, NMH, og under Lindemannseminaret ved Norges musikkhøgskole. Konsertar under Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord Norge, Petter Dass-dagane på Alstadhaug, Førdefestivalen, Jørn Hilme Stemnet, Osafestivalen

årsmelding 2012 13 Eksamen i musikkformidling, Trad. 1. Foto: Arne Anderdal HEIMESIDE På heimesidene til OBA legg vi ut informasjon og timeplanar for kursa. Også studentane på Trad. I og II, dansestudiet og Nordic Master får mykje av studieinformasjonen frå heimesida. I tillegg inneheld sida informasjon om Ole Bull Akademiet og Kringsjå AS. ARBEIDSMILJØ, SJUKEFRÅVER Styret reknar arbeidsmiljøet i stiftinga som tilfredstillande. Det har ikkje vore sett i verk spesielle tiltak i driftsåret. Sjukefråværet har lege innanfor det normale. Ein har ikkje registrert skadar eller ulykker hjå dei tilsette i driftsåret. Voss, den 23. april 2013 I styret for Stiftelsen Ole Bull Akademiet

14 årsmelding 2012 ResultatrekneskAP Driftsinntekter note 2012 2011 Inntekt av kursopphald 499 600,00 394 150,00 Tilskot frå Voss Kommune 125 000,00 145 000,00 Tilskot frå fylke 257 000,00 254 000,00 Tilskot frå UFD 2 266 550,00 2 183 300,00 Tilskot frå Kulturdepartementet 3 400 000,00 3 298 000,00 Diverse inntekter, tilskot, gåver 65 320,14 158 703,93 Sum driftsinntekter 6 613 470,14 6 433 153,93 Honorar innleigde tjenester 817 692,10 898 065,28 Lønn, feriepengar 3 3 029 561,70 2 964 162,66 Arbeidsgjevaravgift, sosiale kostnader 710 821,40 802 277,62 Avskrivningar 1 31 594,25 23 000,00 Husleiga 4 1 233 135,00 1 225 500,00 Læremidler, utstyr 37 856,63 70 173,91 Honorar rekneskap, revisjon 3 128 837,00 132 552,75 Kontorrekvisita, telefon, porto 61 088,50 83 743,40 Litteratur, musikk, instrument 11 676,90 14 557,00 Reise og møtekostnader 420 669,00 353 165,92 Bil- og diettgodtgjersle 49 454,05 58 389,85 Diverse kostnader 99 840,03 93 791,02 Sum driftskostnader 6 632 226,56 6 719 379,41 Driftsresultat -18 756,42-286 225,48 Finansinntekter og finanskostnader Renteinntekter 13 617,00 18 001,00 Annen finansinntekt 5 615,12 5 665,68 Rentekostnader 2 920,65 3 803,00 Sum finansinntekter 16 311,47 19 863,68 Årsresultat -2 444,95-266 361,80 Overføringer Overført fra annen eigenkapital -2 444,95-266 361,80 Sum overføringer -2 444,95-266 361,80

årsmelding 2012 15 Balanse Eigendelar note 2012 2011 Anleggsmidlar Bilete-, bok- og notesamling 135 000,00 135 000,00 Instrument 1 17 000,00 29 000,00 Inventar og utstyr 1 17 000,00 26 000,00 EDB-kontorutstyr 1 31 000,00 0,00 Aksjar i Kringsjå AS 4 5 800 000,00 5 800 000,00 Sum anleggsmidlar 6 000 000,00 5 990 000,00 Omløpsmidlar Kundefordringer 2 17 446,04 30 000,00 Andre kortsiktige krav 2 214 748,08 91 626,15 Bankinnskot 132 474,05 142 468,05 Sum omløpsmidlar 364 668,17 264 094,20 Sum eigendelar 6 364 668,17 6 254 094,20

16 årsmelding 2012 Balanse Eigenkapital og gjeld note 2012 2011 Innskutt eigenkapital Grunnkapital 501 427,23 501 427,23 Sum innskutt eigenkapital 501 427,23 501 427,23 Opptjent eigenkapital Annen eigenkapital 4 161 752,79 4 164 197,74 Sum opptjent eigenkapital 4 161 752,79 4 164 197,74 Sum eigenkapital 4 663 180,02 4 665 624,97 Gjeld Kortsiktig gjeld Kassakreditt 5 53 126,46 30 605,73 Leverandørgjeld 127 057,69 275 774,75 Skuldig skattetrekk 136 249,00 155 392,00 Skuldig arbeidsgjevaravgift 134 329,00 188 373,00 Skuldig feriepengar og lønn 364 210,50 358 982,00 Gjeld til Kringsjå AS 786 796,50 346 472,75 Annen kortsiktig gjeld 99 719,00 232 869,00 Sum kortsiktig gjeld 1 701 488,15 1 588 469,23 Sum gjeld 1 701 488,15 1 588 469,23 Sum gjeld og eigenkapital 6 364 668,17 6 254 094,20 Voss, 23.04.2013 I styret for Stiftelsen Ole Bull Akademiet

årsmelding 2012 17 noter til årsrekneskap for 2012 note 1 : spesifikasjon av anleggsmidlar Instrument Lyd- Inventar EDB/ utstyr og utstyr kontorutstyr Kostpris 1.1. 200 922 67 300 211 743 287 686 Tilgang i året 41 594 Avgang til kostpris Kostpris 31.12. 200 922 67 300 211 743 329 280 Akk.Avskrivningar pr.31.12 183 922 67 300 194 743 298 280 Bokført verdi pr. 31.12 17 000-17 000 31 000 Årets ordinære avskrivningar 12 000-9 000 10 594 Avskrivningssats i % 10% 15% 10% 25% note 2 : rekneskapsprinsipp I årsrekneskapen er alle postar verdsett og periodiserte i samsvar med bestemmelsane i rekneskapsloven og reglane som fylgjer av god rekneskapsskikk. Klassifisering Eigendelar bestemt til varig eige eller bruk, og fordringar med forfall meir enn eitt år etter balansedagen er medteke som anleggsmidlar. Øvrige eigendelar er klassifisert som omløpsmidlar. Gjeld som forfell seinare enn eitt år etter rekneskapsperioden er ført opp som langsiktig gjeld. Alle fordringar og all gjeld knytta til varekretsløpet er klassifisert som kortsiktige postar uavhengig av forfallstid. Varige driftsmidlar og avskrivningar Varige driftsmidlar er vurdert til historisk kostpris etter frådrag for bedriftsøkonomiske avskrivningar som er berekna på grunnlag av kostpris og antatt økonomisk levetid. Aksjar Aksjar er ført opp i rekneskapen til kostpris. I tilfelle verkeleg verdi er lavere enn kostpris og dette ikkje er av forbigåande karakter, er det føreteke nedskrivning. Inntektsføring skjer etter opptjeningsprinsippet som normalt vil vera leveringstidspunktet for varer og tjenester. Kostnader vert teke med etter samanstillingsprinsippet, dvs. i same periode som tilhøyrande inntekter blir tatt til inntekt. Skatt Selskapet er skattefri institusjon etter skatteloven. note 3: godtgjersler til dagleg leiar, styret og revisor Gjennomsnittleg antal tilsette i året har vore : 9 Dagleg leiar Medlemar av styret Lønn 540 283 529 931 Styrehonorar - 25 500 Godtgjersele til revisor er betalt med kr. 36 500 Herav utgjer godtgjersle for rådgjeving mv. kr. - note 4: aksjar i kringsjå as, husleigekostnad Stiftelsen Ole Bull Akademiet eig 100% av aksjane i Kringsjå AS. Husleiga (inkl.straum,avgifter mv.) til Kringsjå AS er i 2012 kostnadsført med kr. 1.200.000,- Det vert ikkje utarbeida konsernrekneskap. Årsresultat i Kringsjå AS for 2012-37 048 Bokført eigenkapital pr. 31.12.2012 5 038 727 note 5 pantstillelsar Kassekreditt i Voss Sparebank er sikra med pantobligasjonar i gnr.48,bnr.177 Kringsjå AS i Voss pål. kr. 2.500.000. Limit kassekreditt er kr. 200.000.

18 årsmelding 2012

årsmelding 2012 19

Ole Bull Akademiet Boks 443, 5703 Voss Tlf: 56 51 65 00 Fax: 56 51 48 63 E-post: oba@olebull.no www.olebull.no