Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose Av Eli Gunnvor Grønsdal Då Tehmina Mustafa kom til Noreg, som nyutdanna lege, fekk ho melding om å ta utdanninga på nytt. Ho nekta. I dag er ho professor i global helse og er i ferd med å forbetre diagnostiseringa av tuberkuloseepedemien i verda. Nygift og nyutdanna kom Tehmina i 1996 frå millionbyen Lahore til Bergen. Ho blei raskt småbarnsmor, men livet som heimeverande var ikkje nok for den unge, entusiastiske legen. - Då eg kom til Bergen var eg litt usikker på kva slags moglegheit eg hadde for vidare utvikling som lege. Eg gjekk på UiB for å forhøyre meg om korleis ei eventuell klinisk spesialisering skulle gå føre seg, men i staden fekk eg beskjed om å starte utdanninga på nytt, fortel den vesle, store kvinna med sjal. Tehmina gav seg ikkje og etter kort tid blei ho tilsett på Senter for internasjonal helse ved UiB. I dag er ho tilsett i eit professorat ved same universitet samstundes som ho har ei halv stilling som lege ved Lungeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus (HUS). Tilfeldig tuberkulose Etter kort tid som tilsett ved Senter for Internasjonal helse var ho i gang med å forske på tuberkuloseproblematikken. -Det var meir eller mindre tilfeldig at valet fall på tuberkulose, men eg har alltid vore oppteken av å arbeide innanfor eit felt der eg verkeleg følar at eg kan gjere eit samfunnsbidrag. Tuberkulose er ein smittsam sjukdom som spreier seg hurtig, spesielt blant dei som ikkje har råd til behandling. Dessutan hadde eg erfaring med tuberkulosepasientar frå før. Tehmina fortel at tuberkulose som oftast ramar lungene, men spreier seg i nokre tilfelle til andre organ i kroppen. Dette kan gjere diagnostiseringa vanskeleg. - Det fanst ikkje ein god nok test for å diagnostisere tuberkulose utanfor lungene. Som Post Doc på UiB utvikla eg ein metode for å diagnostisere denne typen tuberkulose.
Tenåringsjente med tuberkulose Metoden Tehmina har utvikla er utprøvd i India, Tanzania og Sør Afrika. - Metoden er validert i forskingssamanheng og vi veit at han virker på ulike grupper. No står det igjen å sjå om han fungerer i praksis. Med seg på laget har Tehmina legen Melissa Davidsen Jørstad. - Eg er så begeistra for å ha fått med meg denne unge, entusiastiske og fornuftige legen. Det var heilt tilfeldig at vi møttest, seier Tehmina og legg til; «Eg blei svært imponert av Melissa då ho tilviste ei tenåringsjente til Lungeavdelinga med spørsmål om det kunne vere tuberkulose. Melissa, som den gongen var turnuslege, mistenkte lungetuberkulose hos den unge kvinna, sjølv om røntgen var beskrive utan funn. Det viste seg at ho hadde rett; Jenta hadde tuberkulose og kunne starte behandling.»
Melissa skal no freiste å nytte Tehminas metode på Zanzibar, Tanzania. Ho skal opphalde seg der eit halvt år. Men det er ikkje første gongen Melissa er under ekvator. - I september i 2012 reiste eg ut som Fredskorpsdeltakar, gjennom Avdeling for internasjonalt samarbeid på HUS og Medisinsk avdeling, for å arbeide på partnarsjukehuset Mnazi Mmoja Hospital på Zanzibar. Eg hadde heile familien min med meg i åtte månader og vi stortreivst. Då eg fekk høyre om Tehmina sitt prosjekt blei eg svært entusiastisk og snakka varmt om Zanzibar. I tillegg har eg stor interesse for tuberkulose. Gleda var stor då Tehmina innlema meg i prosjektet. No tar eg doktorgraden min på dette arbeidet. Smitten søv Tehmina fortel at sidan Verdens Helseorganisasjon (WHO) har fokusert mykje på lungetuberkulose, er talet stadig synkande. - Utfordringa no er tuberkulose utanfor lungene. Svært mange HIV-sjuke har denne typen tuberkulose. Det som skjer er at smitten går inn gjennom lungene og kan liggje der og sove i mange år inntil den spreier seg vidare i blodbanane, til andre organ. Vi kjenner enno ikkje årsaka til kvifor dette skjer. Dagens test for å finne ut om pasienten har tuberkulose utanfor lungene er krevjande, dyr, og usikker. - På bakgrunn av dette vegrar mange leger i mindre utstyrde sjukehus seg for å utføre testane, og behandlar heller pasientar på klinisk mistanke, noko som fører til feilbehandling. Overforbruk av tuberkulosemedisinar kan føre til både resistens og alvorlege biverknadar, seier Tehmina.
Ein vinn vinn situasjon Melissa ser fram til igjen å ta fatt på arbeidet under den afrikanske himmelen. - Det er mykje som manglar av logistikk og utstyr og andre ting på Zanzibar, men eg synest dette prosjektet er svært spennande. Eg ønskjer å kartleggje kor utbreidd tuberkulose er på øya, og å sjå på rutinane slik dei er i dag. Eg reknar med å få sett mange pasientar, som igjen gjev meg kompetanse eg kan ta med meg heim til Noreg. Slik sett er ein slik type utveksling eit vinn-vinn prosjekt; vi utvekslar kunnskap og kompetanse, begge vegar. Den tanken likar eg. Tehmina fortel at slik kompetanse er viktig for eit sjukehus. - I ei stadig meir globalisert verd, reiser menneske ut og inn av Noreg heile tida. Ein del av desse vil anten ha utvikla tuberkulose, eller vere berarar av det. Heile 40 prosent av alle tuberkulosetilfella i Noreg, er utanfor lungene. Det blir difor svært viktig å ha kunnskap om dette i framtida. Å trene unge legar som Melissa, er derfor eit svært viktig arbeid. Ho forstår diagnosen, og innehar samstundes verdifull erfaring frå opphaldet sitt på Zanzibar. Melissa fortel at det allereie finst eit tuberkuloseprogram på Zanzibar. - Det er viktig at vi ikkje skal «kome her og fortelje deg kva du skal gjere», men innleme prosjektet vårt i det allereie etablerte programmet. Eg vil presisere at vi ikkje skal gjere nokre eksperiment med pasientane, men tilføre noko som òg skal gje resultat. Metoden Tehmina har utvikla føreset at det kan bli tatt vevsprøvar og væsketapping av den sjuke. - Denne metoden må testast i eit laboratorium. Avdeling for patologi, ved Lisbeth Sviland på HUS, er allereie i gang med å byggje opp laboratoriekompetanse på Mnazi Mmoja Hospital. Planen er at denne skal vere funksjonell når Melissa kjem. Opplæring av patologar på Zanzibar, vil òg vere ein del av prosjektet. Villig til å ofre det materielle Dei to doktorane diskuterer seg imellom. Dei har meiningar om det meste og synest òg å einast i det meste. Orda trillar ut i rasande fart. Nokre gonger på engelsk, men mest på norsk. Tehmina får siste ordet; - Eg og Melissa har eit grunnleggjande likt verdisyn. Vi veit begge at å involvere seg i denne typen arbeid aldri gjer oss rik, og sjeldan berømt, men vi er villige til å satse. Når vi er gamle og tenkjer tilbake på livet har vi kanskje vore med på å gjere ein forskjell, for nokon. Om han er liten eller stor, vi har i alle fall gjort noko. Dei to kvinnene ser på kvarandre og nikkar samstemt. Tida vil vise om verdas folk vil kunne dra nytte av innsatsen deira.