Kravspesifikasjon/tilbodsmal Prosjekt Lettare litteraturnett
|
|
- Magnhild Thorbjørnsen
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Kravspesifikasjon/tilbodsmal Prosjekt Lettare litteraturnett Bruk tab for å flytte frå felt til felt. Bedriftsnamn: Org. nummer: Ansvarlig for tilbodet: E-post: Tlf: Mobil Postadresse: Web-adresse Vi aksepterer at vårt tilbod er bindande og har ein vedståingsfrist i to månader etter tilbodsfrist. Dato: Signatur: Tilbodet skal følgje same strukturen som dette dokumentet, vedlegg 1. Kvart kapittel skal kommenterast i tabellboksar eller skjemafelt som Oppdragsgjevar har satt inn i denne tilbodsmalen. Det er også muligheit til å sette inn tabellboksar med kommentarar etter enkeltavsnitt samt i avgrensa omfang legge ved vedlegg som nummererast på følgjande måte: Vedlegg A, vedlegg B etc. Det skal leverast 1 stk original av tilbodet. I tillegg skal det leverast 1 sett av tilbodet elektronisk på cd eller minnepenn. 1. Innleiing 1.1. Bakgrunn Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nordland fylkesbibliotek ynskjer å leggje til rette for å synleggjere og formidle lokale forfattarar og lokal litteratur i større grad. Dei to fylkesbiblioteka har gått saman om eit prosjekt der ein ynskjer å få utvikla ein metode for å bygge lokale litteraturnett på ein enkel måte. Prosjektet vil innebere å utvikle eit malverk for oppbygging av litteraturnett, å finne løysingar for å hente ut data frå opne kunnskapskjelder og deretter å formidle data inn i litteraturnetta. I prosjektet baserer vi oss på prinsippet om lagring av data berre ein stad, og aktiv bruk av eksisterande kunnskapskjelder som Wikipedia og Nasjonalbiblioteket sine databaser, og prosjektet er derfor ein mashup. I utviklinga av teknisk løysing ynskjer vi bruk av eksisterande, fritt tilgjengeleg programvare, programkomponentar og kommunikasjonsløysingar. Nordland fylkesbibliotek driftar i dag Litteraturnett Nord-Norge ( Pr. i dag er ca forfattarar omtalt på Litteraturnett Nord-Norge. Nordland fylkesbibliotek vil
2 overføre registrert informasjon om forfattarane frå eksisterande Litteraturnett Nord-Norge til Wikipedia-artiklar, og bruke Wikipedia som hovudkjelde for forfattarinformasjon til nytt litteraturnett. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har førebels ikkje eit litteraturnett for fylket, men registrerer fortlaupande informasjon om lokale forfattarar i Wikipedia. Nokre kommunar/fylke/regionar presenterer sine lokale forfattarar på eigne nettsider som er bygde opp og vedlikehaldne med lokale system, og med informasjonen lokalt lagra. Andre manglar ein slik nettstad, eller dei har ein nettstad som er moden for oppgradering. Fylkesbiblioteka i Nordland og Sogn og Fjordane ynskjer difor at programvare og metodar frå dette prosjektet på ein enkel måte skal kunne overførast og brukast av andre aktørar som vil etablere sine lokale litteraturnett Tilbod Basert på den følgjande kravspesifikasjonen ynskjer vi tilbod på utvikling av ein mal for oppbygging av litteraturnett. I tillegg ynskjer vi tilbod på grafisk utforming og oppsett av Litteraturnett Nord- Norge og eit litteraturnett for Sogn og Fjordane, basert på malen som er utvikla. Kravspesifikasjonen skal altså nyttas som grunnlag for å lage tre produkt: Ein mal/standard for oppbygging av lokale og regionale litteraturnett, med tilhøyrande dokumentasjon. Eitt litteraturnett for Nord-Norge, med eiga grafisk utforming. Eitt litteraturnett for Sogn og Fjordane, med eiga grafisk utforming. Resultatet frå prosjektet har dermed to ulike målgrupper: Produsentar av litteraturnett (innhaldsprodusentar), og litteraturinteresserte brukarar på internett (sluttbrukarar). Løysinga skal kunne driftast på dei vanlegaste webhotella i landet, og ikkje vere leverandøravhengig, men leverandøren kan om han ynskjer det gi tilbod på webhotell. Vi ber også om timepris, alternativt årlege driftsutgifter, for eventuelle oppgraderingar og vedlikehald for dei to litteraturnetta som vil vere nødvendig etter at utviklingsarbeidet er gjennomført og litteraturnetta er i drift. Kravspesifikasjonen er firedelt: Datainnsamling, publisering/visning, administrasjonsgrensesnitt og teknisk oppbygging. Kvart kapittel skal kommenterast i skjemafelt som er sett inn. Vi ber at det blir kommentert spesielt dersom det er ynskje vi har som gir spesielle utfordringar, ikkje lar seg gjere eller blir ekstra kostnadskrevjande. Tilbydar kan eventuelt skissere alternative, fullgode løysingar. Vi ber om at leverandøren spesifiserer kostnader for dei ulike delane av utviklingsarbeidet. Vi ber også om at det i tilbodet blir skissert ein tidsplan for arbeidet.
3 Kommentar: 2. Datainnsamling 2.1. Uthenting av data frå Wikipedia Det er/blir oppretta artiklar for kvar enkelt forfattar på Wikipedia. Omtalane blir registrert med relevante kategoriar som definerer forfattaren og forfattarskapet, og desse kategoriane gir grunnlag for uthenting av artiklane til litteraturnetta. Det må vere mogeleg å hente ut data basert på vilkårlige kategoriar og kombinasjonar av kategoriar à la boolsk logikk, t.d. «Norsk forfattar» OG («Person frå Rana» ELLER «Person frå Hemnes») IKKE «Krimforfattar». Dei fullstendige Wikipediaartiklane skal hentast ut/haustast, med infoboks, bilete, tekst, bibliografi, referansar osv. Litteraturnett for Sogn og Fjordane vil berre hente wikipediaartiklar frå nynorskwikipedia, medan det nordnorske litteraturnettet berre vil bruke bokmålswikipedia Uthenting av data frå Nasjonalbiblioteket Frå Nasjonalbiblioteket (NB) vil vi hente ut tekstar og anna digitalt innhald om, av og med lokale forfattarar, samt opplysningar om lokale folkebibliotek. Inngang til NBs digitale tenester ( blir gjort via OpenSearch og er formatert som XML. Trefflista fra NBs digitale tenester vil vere ulik avhengig av kva nett ein er på når søket blir gjennomført; biblioteka sine nett, alle andre nett i Noreg eller nett i utlandet. Søk mot NB må difor gjerast som dynamiske kall frå nettlesaren ved hjelp av AJAX eller liknande teknologi. For visning av folkebibliotek i kart må biblioteknamn med koordinatar frå NBs Base Bibliotek hentast som XML-import Lokal informasjon/base i litteraturnetta Lokale administratorar må kunne legge til tilleggsinformasjon/anna informasjon om kvar enkelt forfattar i litteraturnettet. Dette kan t.d. vere lokal informasjon som ikkje er av interesse på Wikipedia, eller opplysningar om kvifor ein person er tatt med i det lokale litteraturnettet sjølv om vedkomande ikkje først og fremst er kjend som forfattar. Kommentar: I publiseringsløysinga må ein også kunne lage enkeltsider med berre lokalt lagra informasjon/artiklar.
4 3. Publisering/visning Det er ei målsetjing å ha låg terskel for å etablere nye litteraturnett basert på malverket som blir utvikla. Vi ynskjer difor at publisering/visning for kvar nettstad enkelt må kunne tilpassast grafisk slik at dei ulike informasjonselementa kan plasserast og formast etter eige ynskje Framside og inngangar til informasjonen Hovud-/framside bør ha ulike inngangar til innhaldet. Vi ser for oss eit klikkbart kart over den aktuelle regionen, der ein kan velje kommune og få opp forfattarar derifrå. Folkebiblioteka skal også visast i kartet. Vi ynskjer menyar/mogelegheit for inngang til innhaldet både geografisk pr. landsdel, kommune, pr. wikipediakategori, alfabetisk på forfattarnamn osv., og ynskjer også å kunne få ei treffliste basert på kombinasjon av eitt eller fleire av desse vala. Framsida bør ha ein kort presentasjon av nettstaden, og/eller ei lenke til ei «Om»-side. Der må vere eit felt for fritekstsøk, der ein får treff i informasjon henta frå Wikipedia og i eigenproduserte sider. Det må også vere mogeleg å søke i definerte wikipedia-kategoriar. Nye namn må automatisk inkluderast i menyane/oversiktane når ein ny forfattar blir lagt til i Wikipedia med kategoriar som blir brukt i det enkelte litteraturnettet. Vi ynskjer at framsida skal kunne ha eit felt for lokal informasjon som enkelt kan redigerast/endrast, der vi kan framheve enkeltforfattarar og/eller lokale hendingar. Vi ynskjer at framsida skal kunne vise namn på dei 5 siste og/eller 5 tilfeldige forfattarar som er lagt inn i litteraturnettet. Vi ynskjer å kunne vise dei siste bokmeldingane og/eller dei nyaste forfattarane som er fritt tilgjengelig frå Nasjonalbibliotekets avisarkiv. Kvart enkelt litteraturnett må kunne velje ulik utforming, element og grafisk tilpassing. Vi er opne for alternativ for innhald og utforming av framsida Forfattarside Kvar forfattarside skal innehalde presentasjon av ein enkelt forfattar. Informasjonen skal hentast frå Wikipedia og Nasjonalbibliotekets digitale tenester, i tillegg til lokalt lagra informasjon. Som standard ynskjer vi at alle informasjonselementa under skal visast, men med mogelegheit for lokal tilpassing for kvart enkelt litteraturnett/kvar enkelt forfattarside. Frå Wikipedia ynskjer vi å kunne hente heile eller delar av artikkelen/innførselen: o Forfattarnamn o Informasjonsboks o Bilete o Artikkeltekst o Lister med tekstar av og om forfattaren o Liste over ev. prisar/utmerkingar o Referansar, bakgrunsstoff o Wikipediakategoriar o Om vi har valt å skjule delar av ein wikipediaartikkel på ei forfattarside (jf. pkt. 4.1.) ynskjer vi å vise lenke tilbake til originalartikkelen på Wikipedia.
5 Frå Nasjonalbiblioteket (NB): o Vi ynskjer å kunne hente ut og presentere innhald frå ulike media registrert i NBs baser, som radio, foto, film, avis, bøker o.l. om/med/av aktuelle forfattarar. Vi ser for oss at berre eit førehandsbestemt tal referansar skal visast som standard, saman med informasjon om at fleire treff er tilgjengeleg. o NB gir utvida tilgang til innhald om ein er kopla på eit biblioteknettverk. Treffliste frå NB må kunne vise reelle treff avhengig av kva nettverk ein er tilkopla. Det må visast dersom det fins meir informasjon å hente frå NB om ein er på eit biblioteknettverk. Tekst og/eller bilete frå litteraturnettets lokale base. Dette skal kunne overstyre/erstatte tilsvarande felt/innhald frå Wikipedia. Funksjon for å finne bibliotek ein kan låne forfattaren sine bøker frå ved hjelp av lenke til regionalt biblioteksøk/samsøk på forfattarens namn ved hjelp av URL-streng, og som opnast i eiga fane. Funksjon som viser næraste bibliotek med lenke til heimeside og lenke til søk i bokbasen på forfattarens namn ved hjelp av URL-streng, og som åpnast som eiga fane. Funksjon for deling på sosiale media (Facebook, Twitter o.l.). Kontaktskjema. Kommentar: 4. Administrasjonsgrensesnitt 4.1. I oppbyggingsfasen Vi må kunne definere kva wikipediakategoriar vi ynskjer å hauste/vise. Som standard skal heile wikipediaartiklane visast på forfattarsidene. Vi ynskjer likevel å kunne overstyre visning av element for enkelte forfattarar, og velje kva element frå Wikipedia som skal synast. Det kan t.d. vere at faktaboks, bibliografi og bilete blir henta frå Wikipedia, medan tekst/omtale blir lagt til lokalt i litteraturnettet. Medieovervaking: Vi ynskjer mogelegheit for ein førehandsdefinert søkefunksjon i NBs avisteneste for å avdekke nye forfattarar, bokutgjevingar, bokmeldingar osv. Søket skal resultere i ein rapport i administrasjonsgrensesnittet og/eller på e-post til administrator. Synleggjering av profilerte treff/artiklar frå NB: Vi ynskjer å tagge treffa frå NB med førehandsdefinerte merke som «bokmelding», «boklansering», «av litterær interesse», "ikkje av litterær interesse" o.l. for å kunne presentere kun kvalitetssikra innhald. Kvart litteraturnett må kunne definere eigne artikkel-kategoriar. Til dømes skal framsida kunne vise dei 5 siste bokmeldingane, og forfattarsidene vise t.d. alle NB-artiklar av litterær interesse knytta til forfattar. Vi må også kunne ta i mot førespurnader frå kontaktskjema til eige administrasjonsgrensesnitt og på e-post.
6 4.2. I vedlikehaldsfasen I administrasjonsgrensnittet skal ein kunne få rapport over alle nye forfattarartiklar på Wikipedia, i kategoriar kvart litteraturnett definerer, inkludert den målforma litteraturnettet ikkje brukar Kommentar: Ein skal også kunne få oversikt over alle sletta/endra artiklar i valde wikipediakategoriar. Endringane skal visast i administrasjonsgrensesnittet, jf. «Vis historikk» i Wikipedia. Kunne få oversikt over dei kortaste wikipediaartiklane/wikipediaartiklar som ikkje er endra siste 12 mnd. Alle rapportar/oversikter bør ha med lenke til aktuell wikipediaartikkel. Nettstaden vil innehalde mange lenker, og det er ynskjeleg med ein funksjon for automatisk lenkesjekk med rapport. Det er viktig å ha eit godt system for attfinning av tekstar, opplasta bilete/filer og dokument for endring eller gjenbruk av lokalt lagra informasjon. 5. Teknisk oppbygging Litteraturnetta skal byggjast over ein anerkjent, oppdatert Open Source CMS-løysing. Alle produkta frå prosjektet, inkludert programvare, bilete, tekst og design, skal vere publisert med open lisens eller kjeldekode som mogeleggjer vidare gratis utvikling, bruk og deling. Vi ynskjer WYSIWYG-redigering for eigne/lokale artikkeltekstar, men med høve til også å kunne bruke html-koding ved behov, om ein ynskjer å gå ut over malen/gjere mindre endringar i enkelte tekstar. Kvart enkelt litteraturnett skal ha eigne stilark. Nye sider og menypunkt skal nytte seg av desse. Mal og design skal enkelt kunne tilpassast/endrast ved behov. Malverket skal leverast slik at andre leverandørar kan stå for lokal grafisk tilpassing vha. stilark. Kvar forfattarside bør kunne få ein statisk, logisk URL, ikkje lange, tilfeldige bokstavstrengar. Dei skal vere kompatible med søkemotorar slik at nettstaden vert synleg ved søk. Løysinga må kunne driftast på dei vanligaste webhotella i landet, og ikkje vere leverandøravhengig. Løysinga må oppfattast som rask. Google Analytics/Universal Analytics skal brukast til statistikk. Nettlesarkompatibilitet: Nettsida skal fungere i IE, Firefox, Opera, Chrome, Safari og Mozilla. Den skal validere i henhald til W3C sine krav for HTML og CSS.
7 Vi ynskjer at nettstaden skal ha responsiv design, ved at innhaldet automatisk tilpassar seg plattforma (pcskjerm, nettbrett, mobil mm). Websidene skal kunne visast på og administrerast av o Desktop: Mac/Windows/Linux o Mobile einingar: iphone/ipad/android/windows mobil og nettbrett Løysinga må ta høgde for gjeldande og framtidige krav til universell utforming, jf. Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger (lovdata.no/dokument/sf/forskrift/ ). All utvikla kjeldekode skal fritt delast på Github, SourceForge eller liknande, med beskriving på engelsk av prosjektet, installasjon og bruk. Nye fylke/regionar må enkelt kunne ta i bruk løysinga. Løysinga skal kunne skalerast opp til eit nasjonalt litteraturnett. Det skal vere mogeleg å også kunne søkje mot NB og mot bibliotekbasar med autoritetar henta frå Wikipediaartikkel. Sjå vedlegg "Informasjon om uthenting av data" for meir info. Det skal lagast norsk manual om korleis opprette nye litteraturnett. Kjeldekode skal kommenterast på engelsk. Norsk kan gjerne brukast som supplement. Utviklingsarbeidet skal gjerast i nært samarbeid med dei to fylkesbiblioteka som er oppdragsgjevarar. Kommentar: Vedlegg - Informasjon om uthenting av data
8 Vedlegg - Informasjon om uthenting av data Informasjon om API-er og teknisk bakgrunnsinformasjon: NB Digital:: (Legg også merke til URN - persistente lenker) Export API for Wikimedia med nokre eksempel: Mwclient Wikimedia-bibliotek for python som gjer det enklare å programmere med informasjonen frå APIet: Eksempler på forfatterartikkel i Wikipedia er: De to vanligste fagsystemene i bibliotek er Bibliofil og Micromarc 3. Tidemann benyttes også. De 3 forskjellige biblioteksystemer har hvert sitt format ved søking i baser. Søking i bokbaser: Folke- og fylkesbibliotek: Eksempelsøk i regionalt søk på "einar førde": Eksempelsøk i Mikromarc 3 på "einar førde": ; Eksempelsøk i Bibliofil på "einar førde": = Nasjonalbiblioteket: NBs BaseBibliotek: (Til uthenting av bibliotek med koordinater): Eksport av hele BaseBibliotek (i eget XML-format) kan hentes på denne blir oppdatert nattlig. Ellers kan enkeltposter eller enkeltfelt fra en post hentes vha et rest-api: Det er satt opp to ulike REST-tjenester mot BaseBibliotek: URL-stamme er den samme som for brukergrensesnittet: Henting av fulle poster frå BaseBibliotek: /rest/bibnr/<biblioteknummer> (ISIL-nummer uten prefiks) /rest/rid/<primærnøkkel> /rest/bibkode/<bibliotekkode> (bibliotekkode* som definert av NB/Samkatalogen) /rest/aut/<passord>
9 Postene returneres i XML-format i henhold til egen DTD Henting av enkelt-felt frå BaseBibliotek /rest/bibnr/<biblioteknummer>/<feltnavn> /rest/rid/<primærnøkkel>/<feltnavn> /rest/bibkode/<bibliotekkode>/<feltnavn> /rest/aut/<passord>/<feltnavn> /rest/bibsys_avd/<bibsys-kode>/<feltnavn> Verdiene returneres som text/plain. (Det spesielle passordfeltet aut blir returnert kryptert i henhold til en Blowfish-metode.) Mer eller mindre relevante eksempler på <feltnavn>: rid (primærnøkkel) bibnr (= ISIL-nummer - prefiks) bibkode bibltype (Kode FBI, FYB, FAG, UNB, HØY,...) aut (passord for bestilling m.m. Feltet krypteres siden tjenesten er åpen!) gabx og gaby (UTM-koordinater) lat_lon (bredde- og lengdegrader, desimalt) katsyst (BIBSYS, Mikromarc, Bibliofil etc) stengt_fra, stengt_til (datoer for sperring av bestillinger) stengt (koder U=ubestemt tid, X=nedlagt. Skal ikke motta bestillinger hvis feltet er satt.) kommnr (kommune) overordn (RID for evt overordnet bibliotek) inst (fullt navn) inst_alt, inst_eng, inst_kort (ymse navnevarianter) padr, ppostnr, ppoststed (postadresse) vadr, vpostnr, vpoststed (adr. for varelevering/besøk) besadr (besøksadresse hvis ulik vadr) landkode (2-tegns) tlf, tlf_ref, tlf_fj (tel.numre til ymse formål), tlfax epost_adr epost_best (bestillinger sendes hit hvis nill ikke støttes) epost_nill (nill-bestillinger) epost_nillkvitt (kvitteringer for nill-bestillinger) url_hjem url_kat (katalog) url_mappe (MappaMi, o.l.) url_fjpol (for lenke til opplysninger om fjernlån) fakt_ref, fakt_inst, fakt_adr (faktura-opplysninger) tstamp (tidspunkt data for biblioteket sist endret) * For bibkode / bibsys_avd gjelder at de kan inneholde tegnet "/". Disse kan enklest hentes ved å erstatte dette med "_" i URLen. Ikke-engelske bokstaver må URL-kodes, eks F%D8RDE istedenfor FØRDE, NBR_DEP istedenfor NBR/DEP Eks.:
10 Kontaktinfo til NB: Torstein Tjelta Nasjonalbiblioteket Avd. Digital bibliotekutvikling - IKT Utvikling Tlf For å kunne konstruere en URL med søkestreng må en benytte katsyst for å avgjøre hvilket biblioteksystem som benyttes. Autoritetsregister Det vil etter hvert komme et autoritetsregister som henter unike identiteter fra Nasjonalbibliotekets BIBSYS-base, og som skal publiseres på respektive forfattere på Wikipedia. Se eksempel på autoritetsinformasjon i Wikipedia her: (Normdaten)
Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77)
Lettare litteraturnett (Ref #77ab3a77) Søknadssum: 411 000 Varighet: Toårig Kategori: Innsatsområder Nye formidlingsmetoder Nasjonalbibliotekets digitale tjenester som grunnlag for nye tilbud Opplysninger
DetaljerLettare litteraturnett - del 2 (Ref #2a3ad43)
Lettare litteraturnett - del 2 (Ref #2a3ad43) Søknadssum: 150 000 Varighet: Ettårig Kategori: Innsatsområder Formidling av bibliotekenes innhold, digitalt og fysisk Opplysninger om søker Organisasjonsnavn
DetaljerSLUTTRAPPORT FOR. DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt
SLUTTRAPPORT FOR DEN BRUKARORIENTERTE HEIMESIDA: Eit forprosjekt 1. Kort oppsummering av prosjektet Biblioteka i Vest består av eit samarbeid mellom biblioteka i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.
DetaljerLotteri- og stiftingstilsynet
www.isobar.no Isobar Norge Org.nr. 990 566 445mva Pilestredet 8 / N- 0180 Oslo. hello@isobar.no Lotteri- og stiftingstilsynet - Vurdering av publiseringsløysingar basert på open kjeldekode Utarbeida for:
DetaljerKRAVSPESIFIKASJON DIGITALT PLANREGISTER
RAVSPESIFIASJON DIGITALT PLANREGISTER ONURRANSEGRUNNLAG vam herad Ambodskonkurranse på levering av programvare for forvaltning av eit digitalt planregister til eining for private planar og byggjesak i
DetaljerBrukarrettleiing for FolkeWeb
Brukarrettleiing for FolkeWeb Forord Vi har sidan sommaren 2010 arbeid med å stabilisere nettløysinga vår. Dette har vi lukkast med. Vi har fått ei moderne og rask løysing med mange ulike funksjonar. Nettløysinga
DetaljerFylkesatlas i ny versjon (Adaptive2)
Fylkesatlas i ny versjon (Adaptive2) www.fylkesatlas.no er frå 06.05.2010 oppgradert til ny versjon (basert på Adaptive2). Overgangen til ny teknologi har ført til store endringar/betringar. Raskare prosessering
DetaljerBehovs-/ kravspesifikasjon for OEP versjon 1.2
Behovs-/ kravspesifikasjon for EP versjon 1.2 Vi har brukt kravtabellar frå kravspesifikasjonen for EP som mal for arbeidet med denne spesifikasjonen. Nærmare beskrivelse av kravtypane: bligatoriske krav
Detaljerosbergetcms Brukarmanual www.osberget.no
osbergetcms Brukarmanual www.osberget.no Innhald 03. Velkomen 05. Innlogging 06. Arkfanene 07. Redigering av nettside 09. Artikkel 10. Bilde 11. Galleri 12. Del 12. Legg til meny 13. Meir 15. Meny - redigering
DetaljerEasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.0
EasyPublish Kravspesifikasjon Versjon 1.0 Endringshistorie Dato Versjon Kommentarar Person 12.04.2005 1.0 Første utkast Jesro Christoffer Cena Innhald 1 Innleiing...4 1.1 lsetjing... 4 1.2 Omfang... 4
DetaljerOEP skal gjere det enklare for allmenta å få tilgang til dokument i forvaltninga (St. meld. nr. 17 ( ))
Mål for einnsyn OEP skal gjere det enklare for allmenta å få tilgang til dokument i forvaltninga (St. meld. nr. 17 (2006-2007)) OEP skal effektivisere gjennomføringa av offentlegprinsippet i forvaltninga
DetaljerBrukarmanual. www.osberget.no
www.osberget.no Brukarmanual Velkomen Takk for at du valde Osberget GO Dette er verktøyet for deg som ynskjer å oppgradere og halde ved like nettstaden din på ein raks og effektiv måte. Osberget GO er
DetaljerMål for einnsyn. Brukerhistorier einnsyn. Roller
Mål for einnsyn OEP skal gjere det enklare for allmenta å få tilgang til dokument i forvaltninga (St. meld. nr. 17 (2006-2007)) OEP skal effektivisere gjennomføringa av offentlegprinsippet i forvaltninga
DetaljerBibliofil til vgs i Møre og Romsdal
Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal Eit prosjekt i regi av Møre og Romsdal fylkesbibliotek i samarbeid med Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke Bakgrunn: Statlege og fylkeskommunale oppgåver samordna
DetaljerH A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane
1 H A N D L I N G S P L A N 2013 2015 for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane Strategiplan for Høgskulen i Sogn og Fjordane 2010-2014 ligg til grunn for biblioteket sine prioriteringar OVERORDNA
DetaljerEasyPublish Kravspesifikasjon. Versjon 1.1
EasyPublish Kravspesifikasjon Versjon 1.1 Endringshistorie Dato Versjon Kommentarar Person 12.04.2005 1.0 Første utkast. Jesro Christoffer Cena 15.04.2005 1.1 Lagt til brukstilfelle 27-34 og gjort nokre
DetaljerBiblioteket. Bolk-rettleiing
Biblioteket Bolk-rettleiing Bolk skal berre brukast for å klarere retten til å bruke bokutdrag i kompendium. For rettleiing i pensumoppsett, og bruk av m.a. elektroniske ressursar, sjå intranett: http://www.hivolda.no/neted/services/file/?hash=a1f7f5b057552951f4fce914673cbb7d
DetaljerSamlingsdatabasane. I denne presentasjonen vil de få sjå Eit felles brukargrensesnitt Døme på nokre databasar frå ulike fagområde
Samlingsdatabasane Samlingsdatabasane er ei samlenemning på alle databasane som Eining for digital dokumentasjon ved Universitetet i Oslo har laga. Samlingsdatabasane inneheld data frå fagområde som arkeologi,
DetaljerEasyPublish Detaljerte brukstilfeller. Versjon 1.0
EasyPublish Detaljerte brukstilfeller Versjon 1.0 Endringshistorikk Dato Versjon Kommentar Person 12.04.2005 1.0 Første utkast Åshild, Arild og Christoffer Innhald 1 Innleiing...4 2 Skildring av brukstilfeller...5
DetaljerInformasjon og brukarrettleiing
Informasjon og brukarrettleiing Om kartløysinga Kartløysinga er tenarbasert. Alle operasjonar blir utførde av ein sentralt plassert tenar (server). Dette inneber at du som brukar berre treng å ha ein pc
DetaljerORDBOKA OMGREP FORKLARING Omgrepet i ei setning
A Asynkron Ikkje-samtidig Asynkront er når noko ikkje skjer samtidig. Asynkron samtale er når nokon snakkar saman, men ikkje på same tid Asynkron samtale er f.eks når du sender med post det tek ei tid
DetaljerPartifinansiering 2017, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk
SSB, Partifinansiering rapport for 2017, 10.04.2018, s. 1 Partifinansiering 2017, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald
Detaljerehandel og lokalt næringsliv
ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel
Detaljer"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)
"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e) Søknadssum: 370 000 Varighet: Ettårig Kategori: Innsatsområder Biblioteket som møteplass og arena for offentlig samtale og debatt Nye formidlingsmetoder Opplysninger
DetaljerBrukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
DetaljerUtlånt: Hans Johan Rishaug, Bud.
Utlånt: Hans Johan Rishaug, Bud. Kulturnett Møre og Romsdal Kulturnett Møre og Romsdal vart oppretta av Fylkeskulturutvalet i april 2004 som et prosjekt, etter å ha vært innlemma i fylkesdelplan og økonomiplan
DetaljerKommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal
Kommunikasjonsplan Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal For å sikre ei breiast muleg deltaking i arbeidet med Fylkesplan 2013-2016 skal det utarbeidast ein kommunikasjonsplan. Mål for
DetaljerINVITASJON TIL DIALOGMØTE
INVITASJON TIL DIALOGMØTE Måndag 12. desember 2016 kl. 10:00 NETTPORTAL KVAM HERAD Påmeldingsfrist måndag 5. desember 2016 kl. 15:00 Sak 16/2682 Innhald Dialogmøte om ny nettportal til Kvam herad... 3
DetaljerÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013. Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2
Interkommunalt IKT-samarbeid Balestrand, Leikanger, Luster og Sogndal Vår ref 10/3794-29 Eining/avd/saksh. REGIKT//CARNYB Arkiv Dykkar ref Dato 28.11.2012 ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR 2013 Innhald Kva har
DetaljerPartifinansiering 2016, RA Rettleiing: Web-skjema. Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk
SSB, Partifinansiering rapport for 2016, 27.03.2017, s. 1 Partifinansiering 2016, RA-0604. Rettleiing: Web-skjema Finne ID og passord. Hente, fylle ut, signere og sende inn skjemaet elektronisk Innhald
DetaljerSAMNANGER KOMMUNE. IKT-reglement. for tilsette i Samnanger kommune. Vedteke av rådmannen Gjeld frå
SAMNANGER KOMMUNE IKT-reglement for tilsette i Samnanger kommune Vedteke av rådmannen 27.01.2010. Gjeld frå 01.02.2010. Innhaldsliste 1 Området for dette reglementet organisering 2 Føremålet med IKT-anlegget
DetaljerBrukarrettleiing Innsending av tolkekrav
2017 Brukarrettleiing Innsending av tolkekrav Ove Midtbø Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 30.03.2017 0 Innhold Informasjon til tolkar...2 Generelt om dekning av tolkeutgifter i fritt rettsråd-saker...2
DetaljerTILBODSMAL KONKURRANSEGRUNNLAG. Kvam herad
TILBODSAL KONKURRANSEGRUNNLAG Kvam herad Ambodskonkurranse på levering av programvare for forvaltning av eit digitalt planregister til eining for private planar og byggjesak i Kvam Del 3. Innhaldsliste
DetaljerBrukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no
Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no Innhold Oversikt over lag og organisasjonar... 2 Registrer ditt lag... 3 Dashbordet... 5 Legge til arrangement / hendingar... 6 Treng du hjelp?... 7 Adressa til
DetaljerRettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti)
Rettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti) Versjon 1.6 Oppdatert august 2017 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Innhald 1. OM PARTIPORTALEN... 2 2. INNLOGGING FØRSTE
DetaljerKONKURRANSEGRUNNLAG. Levering og lagring av strøsand. Tilbudsfrist: 08.09.2016 Kl.12.00. Eigenerklæring om helse, miljø og tryggleik.
KONKURRANSEGRUNNLAG Vedlegg 1: Vedlegg 2: Tilbod- og prisskjema. Eigenerklæring om helse, miljø og tryggleik. Tilbudsfrist: 08.09.2016 Kl.12.00 1 Generell informasjon 1.1 Oppdragsgiver 1.1.1 Bø kommune
DetaljerRettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti)
Rettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti) Versjon 1.5 Oppdatert november 2015 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Innhald 1. OM PARTIPORTALEN... 2 2. INNLOGGING FØRSTE
DetaljerKjøp eller leige av elektronisk sak- og arkivsystem
V o s s k o mmu ne Anbodsinnbyding KONKURRANSEGRUNNLAG Open anbodskonkurranse på Kjøp eller leige av elektronisk sak- og arkivsystem Tilbodsfrist: 10.10.2014 kl 12.00 Besøksadresse: Voss kommune, Uttrågata
DetaljerVegvisar til vilbli.no for rådgivarar
Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar Kva er vilbli.no? vilbli.no er søkjaranes hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal søkjarane til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra
DetaljerVegvisar til vilbli.no
Vegvisar til vilbli.no Kva er vilbli.no? vilbli.no er di hovudkjelde til informasjon om vidaregåande opplæring. På vilbli.no skal du til ei kvar tid finne oppdatert og kvalitetssikra informasjon. På grunnlag
DetaljerBibliotek- og informasjonsvitenskap
Fakultet for samfunnsfag Bibliotek- og informasjonsvitenskap Bibliotekutvikling Bokmål/nynorsk Dato: Fredag 14. desember 2012 Tid: 6 timer / kl. 9-15 Oppgavesettet består av: 5 sider (inkl. forside) Antall
DetaljerBibliotekstatistikk for 2017
Bibliotekstatistikk for 2017 Del 1 - Adresseinformasjon Om institusjonen Namn Besøksadresse Postadresse Telefon, faks og e-post Telefonnummer E-post Kontaktperson for statistikkrapporteringa Kontaktperson
DetaljerKRAVSPESIFIKASJON. Gruppe 2. Hovedprosjekt, Høgskolen i Oslo og Akershus. Våren 2014 KRAVSPESIFIKASJON 1
KRAVSPESIFIKASJON Gruppe 2 Hovedprosjekt, Høgskolen i Oslo og Akershus Våren 2014 KRAVSPESIFIKASJON 1 CONTENTS 1. Forord... 3 2. Presentasjon... 3 2.1 Gruppens medlemmer... 3 2.2 Oppdragsgiver... 3 2.3
DetaljerHandlingsplan for formidling SV-fakultetet
1 Handlingsplan for formidling SV-fakultetet 2011-2013 1. Innleiing Handlingsplanen baserer seg på UiOs og SV-fakultetets strategiske plan 2020 1, og skal understøtte fakultetet sine strategiske prioriteringar
DetaljerRådgjevarkonferanse 2009
Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget
DetaljerUtviklinga av einnsyn er no kome langt. Oslo kommune har gått i produksjon (beta) med søk i politiske saker no i desember sjå beta.einnsyn.no.
1 einnsyn i 2017 info til systemleverandørane Føremål Målet med dette notatet er: 1. Å informera systemleverandørane om status i arbeidet med einnsyn 2. Dela oppdatert plan for 2017 med viktige milepælar
Detaljerwww.hordaland.no Nytt HFK Intranett
Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy
DetaljerWindows 7. Nedlasting av program (appar) på PC
Windows 7 Nedlasting av program (appar) på PC Det er vanskeleg å gi nøyaktig omtale av framgangsmåten for nedlasting av appar (program), fordi dette kan variere både etter kva for nettlesar du brukar og
DetaljerBrukarmanual for RefLex
Brukarmanual for RefLex Eit oppslagsverk for skoleeigarar (kommunar og fylkeskommunar) Fotograf Jannecke Sanne Normann Brukermanual for RefLex 1. KVA ER REFLEX?... 3 1.1 Tilgang og roller i RefLex... 3
DetaljerDen kulturelle nistepakken
Den kulturelle nistepakken Revidert mai 2006 Sentrale føringar Hausten 2002 gjekk startskotet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i. I samarbeid med fylkeskommunen var Kvinnherad ein av dei første kommunane
DetaljerProsjektering Beheim 2, Hafslo
Prosjektering Beheim 2, Hafslo Tilbodsdokument 12.07.2012 Luster kommune bustadfeltet Beheim 2 Luster kommune skal utarbeide byggjeplan for Beheim 2, og inviterer med dette til å gje tilbod på utarbeiding
DetaljerIKT-reglement for kommunane i SING
IKT-reglement for kommunane i SING Det er lagt ned eit stort arbeid, både teknisk og organisatorisk, for å etablere eit godt fundament for ei trygg og god digital forvaltning og tenesteyting i kommunane.
DetaljerBruk av reiserekning i Agresso
Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar
DetaljerKvalitet i praksis. Kvalitet på nett-konferansen 2013. Roy Allan Hansen Kommunikasjons- og IKT-sjef Sørum kommune
Kvalitet i praksis Kvalitet på nett-konferansen 2013 Roy Allan Hansen Kommunikasjons- og IKT-sjef Sørum kommune Utvikling i Sørum over tid 98% 94% 92% 90% 2008 2009 2010 2011 Utfordringene CMS-leverandørene
DetaljerI denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.
Pingviner på tur Skrevet av: Geir Arne Hjelle Oversatt av: Stein Olav Romslo Kurs: Scratch Tema: Blokkbasert, Spill Fag: Programmering Klassetrinn: 1.-4. klasse, 5.-7. klasse, 8.-10. klasse Introduksjon
DetaljerUndersøkelse om bruk av metadata fra Nasjonalbiblioteket. Mai 2017
Undersøkelse om bruk av metadata fra Nasjonalbiblioteket Mai 2017 Om undersøkelsen Datainnsamlingen ble gjennomført på nett gjennom Questback i perioden 3.5-12.5 2017 Det ble sendt ut invitasjon til undersøkelsen
Detaljerbruk av nettsider Gaular kommune
05.09.2018 Retningslinjer i bruk av nettsider Gaular kommune Janne Kristin Bøyum SUNNFJORD YTRE SOGN IKT Innhald 1 Føremål... 2 2 Mål med informasjonskanalane... 2 3 Mål med retningslinjer... 3 4 Heimeside...
DetaljerEndNote Online. Kom i gang (Windows)
EndNote Online Kom i gang (Windows) Høgskulen i Volda. Biblioteket, 2016 Innhaldsliste Registrere seg og lage konto på EndNote Online... 3 Laste ned og installere Cite While You Write EndNote Plug-In for
DetaljerRettleiing og reglar for foto
Rettleiing og reglar for foto Innhald Reglement s. 2 Rettleiing 1 Om redigering av fotofil s. 3 2 Endring av fysisk storleik s. 4 3 Sjekk kor tung fila er s. 6 4 Lagre med filnamn som ordet s. 7 5 Opplasting
DetaljerKOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar.
UTKAST 05.02.18 KOMMUNIKASJONSPLAN 2018-2020 Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar. INNHALDSLISTE 1. Forord 2. Situasjonen i dag 3. Kommunikasjonsspørsmål og bodskap
DetaljerFylkesbibliotekstatistikk for 2011
Fylkesbibliotekstatistikk for 2011 Side 1 - Adresseinformasjon Institusjonen sitt namn Besøksadresse Postadresse Telefon, faks og e-post Kontaktperson Kontaktperson Telefonnummer E-post Statistikkskjema
DetaljerRettleiar til Partiportalen for Fylkesparti
Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti Versjon 1.4 1 Oppdatert mai 2014 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane INNHALD Innhald... 2 Innlogging første gong... 2 MinId... 2 Registrere ny brukar og søkje om
DetaljerTelemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse
Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse ------------------------------------------------------------------------------- Innhald 1 Innleiing... 3 1.1 Videokonferanse... 3
DetaljerDIGITALISERING AV ARKIV. Kontaktkonferansen 2015 IKA Møre og Romsdal IKS Molde 28. mai 2015
DIGITALISERING AV ARKIV Kontaktkonferansen 2015 IKA Møre og Romsdal IKS Molde 28. mai 2015 AGENDA: - Kort historikk om SEDAK - Presentasjon av kven er, kva er og korleis - Metode for framtid i høve digitalisering
DetaljerSTYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18
STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 05.12.2018 SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18 STYREMØTE:
DetaljerKommunikasjonsplan Voss herad 2020
Kommunikasjonsplan Voss herad 2020 Innleiing God og målretta informasjon til rett tid er viktig for å lukkast best mogleg med å slå saman Voss og Granvin til Voss herad. Dette er viktig både i prosjektet
DetaljerRettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti)
Rettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti) Versjon 1.4 Oppdatert oktober 2015 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Innhald 1. OM PARTIPORTALEN... 2 2. INNLOGGING FØRSTE
DetaljerRetningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune
Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune Gjeldande frå 25. april 2018 1 Innhald Innhald... 2 1. Innleiing... 3 2. Kven kan opprette ei side?... 3 3. Bruk av sosiale media i kommunen
Detaljer2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november
Rettleiingshefte for Tilskot til organisert beitebruk i Regionalt miljøprogram for Rogaland 2016 NB! Ny søknadsfrist er 15. november Førebels satsar: kr 20 per heimsanka sau/geit/storfe Regionalt miljøprogram
DetaljerHvis nei på spørsmålet, kor lenge har du budd i Møre og Romsdal?
Søknadsskjema Kunstnarstipend Stipenda er individuelle. Stipendmottakar kan ha prosjekt saman med andre. Dersom de er fleire som søkjer til same prosjekt, må alle leggje inn ein individuell søknad. Om
DetaljerRAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS
S-200504339-4/135.3 RAMMEAVTALE og Som del av denne avtalen følgjer: Vedlegg l: Samarbeidavtale med spesifikasjon av tilskot. 1. Definisjonar Tenestar knytt til tilskot: Som nemnt i punkt 3.1 og vedlegg
DetaljerInfotyper oppretting og vedlikehald
Infotyper oppretting og vedlikehald Skildringa på nett av utvekslingsavtalane er kopla til infotyper på to ulike nivå i FS. På avtalenivå ligg infotypane der ein legg inn konkret informasjon om avtalen,
DetaljerTelefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon
Telefrukt AS. Medlemsportal - Introduksjon Programmet installerast ved å lasta det ned frå www.telefrukt.no sine heimeside. Installasjon: Last ned programvaren frå Hardanger Fjordfrukt lagre / opne eller
DetaljerSognefrukt Medlemsportal - Introduksjon
Sognefrukt Medlemsportal - Introduksjon Programmet installerast ved å lasta det ned frå www.sognefrukt.no sine heimesider, du finn programmet under "Programvare" menyen på venstre side Installasjon: Last
DetaljerDIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI
DIGITAL REISELIVSHISTORISK FORMIDLING BASERT PÅ SEMANTISK TEKNOLOGI Norsk Reiselivsmuseum Oppretta som eiga stifting i Balestrand i 1986 Konsolidert med De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum 2007, og
DetaljerANBODSINNBYDING. Voss kommune
V o s s k o mmu ne ANBODSINNBYDING Voss kommune Open anbodskonkurranse: Prosjektet Ei løe i endring Anbodsfrist: 09.02.2012 kl 12.00. KONKURRANSEGRUNNLAG 1. INNLEIING Voss kommune, i dette dokumentet kalla
DetaljerBRUKARRETTLEIING. Elektronisk reiserekning for politikarar UTLEGG KILOMETERGODTGJERING REISER
BRUKARRETTLEIING Elektronisk reiserekning for politikarar UTLEGG KILOMETERGODTGJERING REISER Generell informasjon Frå 30.08.0218 tar politikarane i Suldal kommune i bruk det nettbaserte reiserekningsprogrammet
DetaljerRapport om målbruk i offentleg teneste 2017
Rapport om målbruk i offentleg teneste 17 1 Innhald Om rapporten... 3 Forklaring til statistikken... 3 Resultat frå underliggjande organ... 3 Nettsider... 4 Korte tekstar (1 sider) og lengre tekstar (over
DetaljerTrinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne.
Trinn for trinn -Legge inn arrangementsøknad i Sportsadmin. -Ta ut påmeldingsfiler for import i FriRes. -Resultat/rapportering på mindre stevne. Gå til:www.sportsadmin.no og velg logg inn oppe til høgre
DetaljerKRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN
KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN Kontraktsreferanse: Kontraktsområde: HFK-10-160 Lærebøker VGS Hordaland Lærebøker VGS Hordaland Parafer / Side 1 av 6 1 MÅLET MED ANSKAFFINGA... 3 2 INNHALDET I OG
DetaljerRettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti)
Rettleiar til Partiportalen for kommune- og fylkesparti (også fylkesungdomsparti) Versjon 1.4 Oppdatert mars 2015 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Innhald 1. OM PARTIPORTALEN... 2 2. INNLOGGING FØRSTE GONG...
DetaljerAnbodsinnbyding. Voss Kommune (KUNDEN) Kjøp av bedriftshelseteneste
Anbodsinnbyding Voss Kommune (KUNDEN) Open anbodskonkurranse Kjøp av bedriftshelseteneste Anbodsfrist: 27.august 2010 kl. 1200 Side 1 av 6 Voss kommune KONKURRANSEGRUNNLAG 1 INNLEIING Voss kommune, i dette
DetaljerIpad som politisk verktøy. Surnadal kommune
Ipad som politisk verktøy Surnadal kommune Bruk av Ipad Surnadal kommune har ei ordning med bruk av Ipad i samband med politiske møte Dette er ei frivillig ordning Det er fullt mogleg å bruke eige utstyr
DetaljerPOLITISKE SAKSDOKUMENT:
POLITISKE SAKSDOKUMENT: FRÅ PAPIR TIL PC Installasjons- og brukarrettleiing Politikar-PC Surnadal kommune 1 2 Innhald 1 Last ned PDF-XChange Viewer... 4 2 Installere PDF-XChange Viewer... 5 3 Anbefalt
DetaljerProduktinformasjon WIPS publiseringsløsning
Enkel og effektiv publisering på på nett! Produktinformasjon WIPS publiseringsløsning WIPS publiseringsløsninger - Oversikt WIPS Start Standard PRO PRO med intranett Fleksibel forside * * * * 1 stk designmal
DetaljerKOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar.
KOMMUNIKASJONSPLAN 2017-2020 Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar. Vedteken i Fellesnemnda 14.09.2017 (sist rev. 14.09.2017) 1. FORORD Ei kommunesamanslåing er ei omstilling
DetaljerDøme på eit skrivebord i P360, beståande av: Det same skrivebordet sett frå redigeringsmodus. Namnet til skrivebordet. Eigendefinert tekst.
Døme på eit skrivebord i P360, beståande av: Namnet til skrivebordet Eigendefinert tekst Bilete Filer Link til nettside Og tabellar tinga ligg i, som styrer layout HTML Kodesnutt webdelar Det same skrivebordet
DetaljerKravspesifikasjon Økosystem Dokkadelta TurApp for nett og mobil
Kravspesifikasjon Økosystem Dokkadelta TurApp for nett og mobil TurApp AS Kravspesifikasjon Økosystem Dokkadelta 2 Dokumentets innhald TurApp AS skal lage og levere eit nett- og mobilbasert system for
DetaljerAthenaPOS Systemskildring
AthenaPOS Systemskildring Bakgrunn Stortinget vedtok i 2015 ei ny lov, Lov om krav til kassasystem (kassasystemlova) samt Forskrift om krav til kassasystem (kassasystemforskrifta), som påla leverandørane
DetaljerVersjon: 16. januar Brukarmanual.
Versjon: 16. januar 2014 Brukarmanual http://arena.arbeidoghelse.no 1 Arbeid og helse Åpen arena 2014 på nett Nettsida til Åpen arena har to hovudsider Temaer: Her er alle gruppene lagt ut med problemstilling,
DetaljerDersom du står fast tek du kontakt med Malin Olivia Dahlberg på eller telefon
Brukarrettleiing til Norske Kunstforeninger sitt medlemssystem Norske Kunstforeninger bruker frå 2018 HyperSys som medlemssystem. HyperSys er spesielt utvikla for frivillige organisasjonar, for å forenkle
DetaljerKonkurransegrunnlag. Snøbrøyting av kommunale vegar og plassar i Førde kommune. - Rode 2 Karstad -
Konkurransegrunnlag Snøbrøyting av kommunale vegar og plassar i Førde kommune - Rode 2 Karstad - 1. Invitasjon til å levere tilbod Førde kommune ynskjer tilbod på brøyting, snørydding og anna vintervedlikehald
DetaljerReiser for eksterne. Eksterne kan no senda inn reiser og honorar på elektroniske skjema. Skjema finn de på nettsida:
Reiser for eksterne Eksterne kan no senda inn reiser og honorar på elektroniske skjema. Skjema finn de på nettsida: https://registrering.dfo.no Logg på ved bruk av eit av alternativa nedanfor: De får då
Detaljer1) Samanlikne bok og film Vel ei bok som er filmatisert og les/sjå begge delar. Skriv om likskapar og ulikskapar i bok og film.
Fordjupingsoppgåve i norsk 9. klasse Litterært emne Namn: Mål Du skal kunna presentera resultatet av fordjuping i tre sjølvvalte emne: (8. klasse: Eit forfattarskap, 9. klasse: Eit litterært emne og 10.
DetaljerKonkurransegrunnlag. for kjøp av. teneste med istandsetting av buføresti i Hanekamdalen i Stølsheimen. Landskapsvernområde
Konkurransegrunnlag for kjøp av teneste med istandsetting av buføresti i Hanekamdalen i Stølsheimen landskapsvernområde for levering til Stølsheimen verneområdestyre Landskapsvernområde Stølsheimen landskapsvernområde
DetaljerSpørsmål svarskjema utsending nr. 3
ANBOD 2016 Vassprøveanalysar Spørsmål til per 30.5.2016 1 29.04.16 Jamfør punkt 4.9 Underleverandørar står det at «For underleverandører gjeld same krav til kvalifikasjonar som for hovedleverandør og dette
DetaljerANBODSINNBYDING. Voss kommune på vegne av kommunane:
V o s s k o mmu ne ANBODSINNBYDING Voss kommune på vegne av kommunane: Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik og Voss Open anbodskonkurranse: Lærebøker til kommunane i Hardanger og Voss
DetaljerLandbruksregisteret Rettleiing for installasjon og bruk av dokumentmalar for endringsblankettar
Landbruksregisteret Rettleiing for installasjon og bruk av dokumentmalar for endringsblankettar Det er lagd 4 dokumentmalar i Word, som er tilrettelagt for utfylling på skjermen. Desse malane er: Filnavn
Detaljerfleksibilitet når det gjelder geografisk plassering og etablerte arbeidsrutiner. Qubic cms
Qubic cms Qubic cms publiseringsverktøy tilbyr avanserte, men lettfattelige løsninger for å publisere innhold på internett. Ved å bestå av flere forskjellige moduler, som både kan legges til og skreddersys,
DetaljerNOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:
Notus Portal er ein Internett-portal med presentasjon av ledige vakter, førespurnad om å ta vakter og bekreftelse av vakter via Internett og SMS! Når ei vakt er ledig i Notus, kan denne publiserast som
Detaljer