Rapport frå AG Kunnskap

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Rapport frå AG Kunnskap"

Transkript

1 Rapport frå AG Kunnskap Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 1 av

2 Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 2 av

3 1. INNLEIING Arbeidsgruppa Kunnskap i Hallingmoprosjektet (AG Kunnskap) har vore samansett av representantar frå skulemiljøet på Gol. Gruppa har prøvd å rekruttere ein representant frå ei kunnskapsbedrift i lokalsamfunnet, men ikkje lukkast med det. AG Kunnskap har vore samansett slik: Øyvind Fredriksen ; elev Gol vidaregåande skule Grete Golberg, rektor Gol vidaregåande skule Unni Slåtten, leiar Folkeuniversitetet Hallingdal Hallvor Lilleslett, rektor Gol vaksenopplæring Hallgeir Haugen, rektor Gol ungdomsskule Helge Fivelstad, rektor Herad skule Ingebjørg By Teigen, rektor Gol skule Astrid Myro Rust, representant frå styret for Hallingmoprosjektet Ingebjørg By Teigen har vore møteleiar og referent. 1.1 Mandat Gruppa har arbeidd ut frå bestilling frå prosjektleiarane i Hallingmoprosjektet. Bestillinga var ei utgreiing av behov og moglege løysingar innanfor området Kunnskap. Gruppa skulle også sjå på moglegheiter for driftsinntekter innanfor vårt område. Hovudfokuset har heile tida vore på kunnskap og dermed på opplæring, utdanning, skule. Livslang læring har vore eit sentralt omgrep, og målgruppa har vore menneske frå 6 år og oppover. Vi har ikkje berre hatt Gols eigne innbyggjarar i tankane, men også menneske frå heile regionen, tilreisande og turistar. Gruppa har drøfta moglegheiter for samarbeid, samlokalisering og samdrift med lag og organisasjonar, fylkeskommune, stat og private aktørar. 1.2 Møte Gruppa har 5 møte. Det har vore mykje idèmyldring og høgttenkjing, men og forslag til konkrete planar. Fire av medlemmane i gruppa har samtidig deltatt i arbeidsgruppa som utarbeidde framlegg til framtidig modell for grunnskulen i Gol. Ein av medlemmane i gruppa deltar i arbeidsgruppa som ser på disponering av ulike føremålsbygg i kommunen. 1.3 Ekskursjonar To av medlemmane i gruppa har vore på konferansar om skulebygg/skuleanlegg: Konferansen Fleksible skoleanlegg i Sandvika i september og Innlandskonferansen om arkitektur og pedagogikk på Hamar i november Innlagt i desse konferansane har det vore ekskursjonar til nybygde skular. Ein av medlemene har vore på ekskursjon til Larvik for å sjå på ny vidaregåande skule med sportshall. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 3 av

4 Ein av medlemene har vore på IKT-konferanse om framtidige løysingar innanfor utdanning og IKT. 1.4 Oppsummering av rapporten Alle dei noverande skulane på Gol har behov for meir plass og for ei oppgradering av dei fysiske rammene. Graden av behov for opprusting varierer frå bygging av spesialrom (Herad skule) til påbygging og total renovering av bygg (Gol ungdomsskule, og ikkje minst Gol skule) og renovering av bygg for å unngå å bli nedlagt (Gol vaksenopplæring) Gol kommune foretok på 1960-talet ei satsing som gjorde Gol til eit skulesentrum i Hallingdal. Femti år seinare har kommunen eit godt høve til å forsterke denne posisjonen ved å gjera Hallingmo til eit sentrum for kunnskap og kultur for heile dalen. Med ein felles grunnskule, kulturskule, vidaregåande skule og læringssenter for vaksne plassert i gangavstand til kvarandre vil kommunen leggje til rette for framtidsretta og visjonære løysingar som vil gjera Gol til ein attraktiv stad å bu og arbeide i for dei komande generasjonane. Tanken om høgskule på Gol er ikkje ny, og Folkeuniversitetet tilbyr i dag høgskuleopplæring innanfor fleire fag. Ei utvikling av dette tilbodet saman med attraktive arbeidsplassar i spennande fagmiljø vil kunne bidra til at fleire unge vil velje Gol som bustadskommune når dei skal etablere seg. 2 GRUNNSKULE OG SFO 2.1 Kombinert barne-og ungdomsskule trinn Gol kommune har to barneskular med 1.-7.trinn; Herad skule med 80 elevar og Gol skule med 314 elevar. Gol ungdomsskule har 170 elevar skuleåret 2008/09. I K-sak 86/08 av vart det vedteke å opprette ei arbeidsgruppe utanom Hallingmoprosjektet som skulle greie ut dei ulike alternativa for framtidig grunnskule i Gol. Gruppa konkluderte med at den beste og mest framtidsretta løysinga for Gol vil vera å byggje ein felles barne-og ungdomsskule. Grunngjevinga var følgjande: 1. Ved å byggje ein kombinert barne- og ungdomsskule vil ein unngå andre investeringsbehov: Oppgradering/ utbygging av Gol skule og utbygging av spesialrom ved Herad skule og Gol ungdomsskule. 2. Ein felles barne- og ungdomsskule vil gje eit samanhangande opplæringsløp med betre forståing for mål, betre høve til individuell tilrettelegging og erfaringsspreiing i vurderingsarbeidet. 3. Felles barne- og ungdomsskule vil også gje betre utnytting av fagkompetanse for elevar på alle trinn og gjera det lettare å rekruttere personale både allmennlærarar og Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 4 av

5 pedagogar med spesialkompetanse. Eit større vaksenmiljø vil også føre til betre fordeling mellom kjønna, - noko som er særleg viktig når det gjeld funksjonen som vaksne rollemodellar. 4. Når det først skal byggjast ny barneskule med dei spesialromma som trengst, vil det løne seg å byggja desse spesialromma til bruk i ein kombinert barne- og ungdomsskule. Dette vil gje høgare utnyttingsgrad ved at fleire trinn får tilgjenge. Til spesialrom reknar ein blant anna naturfag- og fysikkrom, heimkunnskapsrom, formingsavdeling, datarom, kroppsøvingsrom, rom for logoped og helsesøster. 5. Spesialpedagogisk arbeid i grunnskulen i Gol er av eit slikt omfang at det vil vera føremålstenleg å samle ressursar og kompetanse i ei spesialpedagogisk avdeling. Dette vil gje eit betre og meir stimulerande arbeidsmiljø for dei tilsette. Det vil vera ressurssparande og skape større stabilitet for dei mest sårbare. Det vil også medverke til kommunen lettare vil kunne tiltrekkje seg og halde på spesialkompetanse. 6. Ein skule for trinn vil ikkje føre til færre klassar og derfor heller ikkje til innsparing i forhold til personale, men vil vera meir fleksibel når det gjeld å ta høgde for enkelte år med store elevkull. Målsetjinga er at Gol skal vera tilflyttingskommune. Derfor er det sannsynleg at elevtalet vil stige både i perioden med kjende fødseltal og i åra vidare framover. Inneverande haust har grunnskulen i Gol 562 elevar. Ein 1-10-skule som er bygd for tre parallellar, vil kunne romme inntil 750 elevar utan at det blir for trongt. Det varierer frå år til år, men grunnskulen i Gol har og har tidlegare også alltid hatt tre parallellar på fleire trinn. 7. Bygging av ny 1-10-skule vil frigjera areal til disposisjon for Gol vidaregåande skule når det er behov for det. 8. Det er mogleg å hente ein rasjonaliseringsgevinst ved å samle heile administrasjonen i grunnskulen i Gol på ein skule, både leiarressurs, administrativt personale, reinhald og og vaktmeistertenester. Ein kombinert barne- og ungdomsskule kan fort bli stor og uoversiktleg. Det kan førast sterke motførestellingar mot å samle alle barn 6-16 år i same skule. Det er også mogleg å finne argument for at eit arbeidsmiljø på ein så stor arbeidsplass kan bli upersonleg og lite sosialt både for dei vaksne og for elevane. Dei minste kan kjenne seg utrygge i forhold til dei største. Denne problematikken let seg løyse gjennom arkitektur og organisering. Dette er gjort andre stader der ein har valt å byggje 1-10-skular ved blant anna at dei ulike trinna har sine heimeområde med eigne uteområde, inngangar, garderobar og toalett. Heimeområda er plasserte slik at alle får tilgjenge til spesialrom og utstyr på ein grei måte. Organisering, utforming og arkitektoniske løysingar må ta ta omsyn til og motverke ulemper som stort og uoversiktleg sosialt miljø og stor arbeidsplass. Dette blir ei oppgåve planleggjarane må ta omsyn til Avhending av eksisterande skuleanlegg og andre føremålsbygg vil gje midlar til investering i eit felles skuleanlegg. Dette vil gje ekstra investeringsmidlar. Rådmannen har oppnemnt ei eiga arbeidsgruppe som skal sjå på dette. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 5 av

6 Samtidig med at kommunestyret i K-sak 86/08 vedtok ein 1-10-modell for skulen i Gol, vart det oppnemnt ei ny arbeidsgruppe som skal arbeide fram eit forprosjekt for ny skule. Gruppe som skal koma med framlegg til utforming av romprogram for ein ny 1-10-skule basert på statlege føringar og dei mest moderne og framtidsretta pedagogiske prinsipp for organisering av undervisning. Romprogrammet skal utformast i samsvar med desse berande prinsippa. Arbeid med romprogram kan derfor ikkje starte før dei berande pedagogiske prinsippa er ferdig utforma. Gruppa skal i tilknytning til romprogrammet også koma med økonomiske utrekningar både for investering og drift. Gruppa består av to politiske representantar frå Utval frå Kultur og Levekår, dagleg leiar i Gol Byggdrift KF, rektor ved Gol skule, rektor ved Gol ungdomsskule, ein foreldrerepresentant frå Gol skule, ein foreldrerepresentant frå Herad skule, leiar i Utdanningsforbundet og skulefagleg rådgjevar. Rapport med forprosjektet frå arbeidsgruppa skal vera ferdig innan 1.september Rapporten blir lagt fram for UKL i 1.møte etter denne fristen. 2.2 SFO Skulefritidsordninga er for elevar frå 1.-4.trinn på barneskulen og for elevar med funksjonshemning til og med 7.trinn. SFO høyrer derfor naturleg saman med barnetrinnet i grunnskulen. Verksemda er heimla i opplæringslova, og rektor er øvste leiar. Det er derfor nærliggjande å tenke seg at SFO sine lokale ligg i tett tilknytning til ein ny grunnskule. SFO-tilbodet vil måtte bli inkludert i planlegginga slik at moglegheitene for sambruk og arealeffktivitet blir utnytta maksimalt, noko som medverkar til redusert kostnad både når det gjeld investering og drift. Vidare er det også naturleg å tenke seg ei vidareutvikling av samarbeidet mellom SFO og kulturskule og mellom SFO og idrettslag. Ei lokalisering av alle desse verksemdene på Hallingmo, vil gjera det lettare å få til eit forpliktande samarbeid mellom partane for å få til meiningsfylte fritidsaktivitetar etter skuletid. 3 VIDAREGÅANDE OPPLÆRING 3.1 Gol vidaregåande skule i dag. Gol vidaregåande skule er ein av to vidaregåande skular i Hallingdalsregionen. Skulen har om lag 450 elevplassar fordelt på 6 utdanningsprogram. OPUS Hallingdal, som er den fylkeskommunale vaksenopplæringa i regionen, er knytta til skulen som eiga avdeling. Gol vidaregåande skule ligg i same bygningskomplekset som ungdomsskule, bibliotek og samfunnshus. Nært inntil bygningane ligg utandørs idrettsanlegg. Hallingmokomplekset vart ved oppstart i 1965 sett på som eit mønsterkompleks på grunn av sambruk og kompakte løysingar. Sambruk av idrettshallar / idrettsanlegg / festsal / scene og bibliotek har gjennom åra fungert tilfredsstillande, og skulen har brukt desse anlegga både til store og små arrangement i tillegg til ordinær undervisning. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 6 av

7 Gol vidaregåande skule har ein utnyttingsgrad i overkant av det som er pedagogisk forsvarleg. Presset på undervisningslokala er stort, og det blir opplevd som trongt. Behovet for betre plass er tilstades Utvikling Gol vidaregåande skule nyttar i dag eit undervisningsareal på knappe m 2. Av desse er idrettshall / scene og fellesareal (i sambruk med kommune og idrettslag) ca m 2. Biblioteket kjem i tillegg. Ved ei utbygging på Hallingmo er det viktig også å ha med i vurderinga ei utvikling av Gol vidaregåande skule. I fleire andre regionar i fylket har det i seinare tid vore gjennomført skulesamanslåingar med tanke på å lage større einingar. Hallingdal har eit totalt elevtal i vidaregåande skule på om lag 750. Dette ville, om ein samlokaliserte, bety ein middels stor skule i Buskerud-samanheng. Når ein no skal sjå mange år framover, er det viktig å vurdere dette i planlegginga. Det ligg allereie godt til rette på Hallingmo for skule, idrett og kultur med tanke på å samle all vidaregåande opplæring her. Ei viktig utfordring i planlegging av Hallingmområdet er difor å leggje til rette for at det er plass til ei utviding dersom, eventuelt når, ei slik samlokalisering blir aktuell. Ved sida av at viktige fasilitetar allereie er på plass, ligg Gol geografisk sentralt i regionen og er i tillegg trafikknutepunkt. 4 VAKSENOPPLÆRING 4.1 Gol vaksenopplæring Gol vaksenopplæring arbeider etter Lov om norskopplæring, Introduksjonslova og Opplæringslova. Gol vaksenopplæring tilbyr norskopplæring for innvandrarar på alle nivå. Vaksenopplæringa har ansvar for Introduksjonsprogram for innvandrarar. Vaksenopplæringa tilbyr vidare grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne. Vaksenopplæringa har også norskopplæring for innvandrarar i vidaregåande skule. Gol vaksenopplæring får ansvar for norskopplæring for asylsøkjarar dersom det blir etablert asylmottak i Nedre Hallingdal. Gol vaksenopplæring gir opplæring til elevar busette i Flå, Nes, Hemsedal og Gol kommune. Vaksenopplæringa har denne aktiviteten: - Fire dagar kurs per veke ca deltakarar. 6-7 grupper deltakarar per gruppe - Grunnskuleopplæring for vaksne fem dagar per veke - Spesialundervisning for vaksne etter enkeltvedtak Planlagt aktivitet i næraste framtid: - Undervisning for asylsøkjarar - Særskilde opplegg for personar med dysleksi og /eller dyskalkuli i samarbeid med NAV og arbeidslivet - Eiga ungdomsgruppe for elevar knytt til vidaregåande, og som treng særskild norskopplæring - Felle vaksenopplæring for Hallingdal - Samla tal deltakarar: (alle kommunane framandspråk pluss asylsøkjarar) Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 7 av

8 4.2 Folkeuniversitetet Hallingdal Folkeuniversitetet Hallingdal arbeider etter Lov om voksenopplæring. Folkeuniversitetet tilbyr helge,- dag- og kveldskurs på vidaregåande nivå og høgare nivå i samarbeid med universitet og høgskular, kommunane i Hallingdal, arbeidsgjevarar, NAV og vidaregåande skular. Folkeuniversitetet tilbyr vidare norskkurs for betalingselevar i samarbeid med Gol vaksenopplæring. Folkeuniversitetet har for tida denne aktiviteten: - Fire kveldar med kurs per veke, ca deltakarar - Eit dagskurs per veke, ca 25 deltakarar - Eit helgekurs per månad, ca 25 deltakarar Dette er kurs på ulike nivå. To kurs er på høgskulenivå. Fleire kurs på høgskulenivå er under planleggjing. 4.3 Læringssenteret For tida blir det arbeidd med å få til felles organisering av Gol vaksenopplæring og Folkeuniversitetet. Den nye nemninga blir Læringssenteret. Læringsenteret vil få felles administrasjon og vil kunne tilby alle typar opplæring og kurs for vaksne - frå grunnskule- til høgskuletilbod. Omfang: Læringssenteret tilbyr kurs og opplæring som vist ovanfor, til deltakarar i aldersgruppa år Høgskulekurs som eit etablert tilbod i Hallingdal. 2-4 kurstilbod for deltidsstudentar innan ulike fag i samarbeid med nærliggjande høgskular. 4.4 Lokalisering Gol vaksenopplæring har administrasjons- og undervisningslokale i Lysbo (det gamle kommunehuset i Gol). I dette bygget har også Folkeuniversitetet tilhald. Lysbo er ikkje eigna til undervisning, og drifta må basere seg på dispensajon frå krava til fysisk arbeidsmiljø og brannføreskrifter. Det er ikkje gjeve bruksendring til bygget. Hausten 2008 var det brannsyn i bygget. Rapporten vil bli oversendt Gol Byggdrift. I tillegg nyttar Gol vaksenopplæring symjehallen i Gol samfunnshus 2 t per veke og Idrettshuset 2 t per veke (valfag). Folkeuniversitetet brukar til dels lokale i skulane på kveldstid, blant anna spesialrom som blir nytta til hobbykurs. 4.5 Behov for eigna lokale Forholda i Lysbo gjer at det etter kvart tek til å haste med å finne nye lokale for Læringssenteret, men med det omfanget Gol vaksenopplæring og Folkeuniversitetet har, vil det bli vanskeleg å finne lokale som både er stort nok, og som er eigna til undervisningsføremål utan ombygging. Læringssenteret vil ha behov for minst 700m 2, sjå elles vedlagde oversikt. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 8 av

9 Det ville vera optimalt om det vart bygd nye lokale på Hallingmo til bruk for Læringssenteret, men Læringssenteret kan også ta i bruk eigna lokale som blir ledige i samband med oppføring av ny skule. Delar av det som i dag er Gol ungdomsskule vil vera godt eigna til bruk for Læringssenteret utan at det er naudsynt med bygningsmessige endringar av noko slag. 4.6 Instansar som kan samlokaliserast med Læringssenteret Uavhengig av organisasjonstilknytting kan følgjande instansar vera aktuelle å samlokalisere i nærleiken av Læringssenteret fordi desse instansane utøver eit nødvendig og ofte tett samarbeid: Spesialpedagogisk avdeling kommunal, interkommunal, samarbeid med vidaregåande? Logopednettverk interkommunalt OPUS Karrieresenter PPT/OT litt avhengig av kva som skjer med Gol skysstasjon 5 ARRANGEMENT Utbygging av Hallingmo-området vil gjere at ein kan tilby mange ulike arrangement. I forhold til kunnskap vil det vere fleire moglegheiter alt etter kor stort ein vil satse. Ein vil kunne tilby unike totalpakkar med ei blanding av gode kurslokale i skuleområdet og høve til fysisk aktivitet og rekreasjon i naturen innafor eit avgrensa område. Kurslokala må vere av topp standard og også vere lagt opp for eksterne forelesningar og kurs via nett/videooverføring. 1. Skulane kan arrangere interne kurs og få til gode løysingar lokalt. - Planleggingsdagar, fagkurs og møter vil ha sine naturlege plass her. - Regionale kurs for Hallingdal. Det er mangel på eigna kurslokale i regionen. - Interkommunale planleggingsdagar, større kurs og kursrekkjer (eks. Coaching) - Hallingtinget, Regionrådet, - Kurslokale for Hallingdalsmagneten 2. Konferansar med landsomfattande tema, kanskje også faste, årlege - Større konferansar innan ulike fagområde: Skule og IT, Fysisk aktivitet, Pedagogisk messe (Lærarstemne?) Knytte namna til kjende lokale personar som Eva Joly (Samfunn og etikk) og Trygve Haavelmo (økonomi og vitenskap) til Hallingmo. 6 SAMLOKALISERING, SAMDRIFT, SYNERGIEFFEKT Opplæring er eit vidt og mangslungent område. Mykje av opplæringa må foregå i eigna skulebygg. Delar av opplæringa kan med fordel føregå på andre arenaer. Det vil derfor vera ein del å hente på å planleggje for ei samlokalisering med andre verksemder/tenester. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 9 av

10 For å ivareta overordna mål for opplæringa, er skulane avhengig av tverrfagleg samarbeid i ein del samanhengar. Det vil vera rasjonelt om det innanfor Hallingmo kunne leggjast til rette for sambruk av lokale når det gjeld tverrfagleg samarbeid. Ved å leggja til rette for sambruk eller ved å samle fleire einingar på Hallingmo, vil samarbeidet også lettare kunne utvidast. Skulane samarbeider i dag med helsestasjon, skulelege, barnevern, PPT og kulturavdeling, for å nemne nokre instansar. 6.1 Idrettsanlegg Kroppsøvingsfaget er sjølvsagt i ei særstilling når det gjeld å tenkje samlokalisering. Behovet for areal er stort både innandørs og utandørs. Ei lokalisering av skulane på Hallingmo der ein kan bruke idrettsbanar, symjehall, lysløyper, eventuell skøytebane og sportshall, vil vera ein stor fordel for alle skuleslaga. Kravet til fysisk aktivitet i skulen er aukande. Det blir lagt nye timar til faget, og behovet for eigna arenaer vil derfor også auke. 6.2 Kulturskule Musikk, dans og drama er fag og emne i skule frå årstrinn. Med betre eigna lokale og større tilgang til personale med høg fagkompetanse vil kulturfaga i skulen få ei oppblomstring som vil vera til glede for heile Gol-samfunnet. Ei samorganisering og samlokalisering med kulturskulen er derfor eit sterkt ønske frå grunnskulen si side. Ved å tilby lærarar kombinerte stillingar i skule og kulturskule vil dei kunne få betre arbeidsvilkår og ein vil på denne måten kunne trekkje til seg folk med høg fagkompetanse. Dette vil styrke både grunnskulen og kulturskulen. 6.3 Kultursal. Alle skulane vil ha behov for tilgang til ein kultursal. Dette vil gjelde grunnskulen, kulturskulen og vidaregåande skule. Salen må vera tilgjengeleg på dagtid for øving og på kveldstid for oppsetjingar Salen må vera i tilknytning til lager med utstyr og garderober. Eit samarbeid med Hallingdal teaterverkstad vil derfor vera ønskjeleg. 6.4 Bibliotek Tilgang til eit bibliotek er eit krav for alle elevar. Dette er heimla i opplæringslova. Eit godt folkebibliotek som også kan fungere som skulebibliotek, vil vera ei betre løysing for elevane enn dagens ordning med små skulebibliotek. Også på dette området vil ei lokalisering av alle skulane på Hallingmo føre til effektivisering og kvalitetsheving. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 10 av

11 6.5 Galleri Kunnskap og kultur heng nøye saman. Kunnskapsgruppa ser derfor også store fordelar ved å ha eit galleri på Hallingmo. Ser ein til nabobygda Ål, ser ein at galleriet der er mykje besøkt i samband med framsyningar på kulturhuset. Ein kafé i dei same lokala er også noko som trekkjer folk, som får folk til å stanse og orientere seg og kanskje nytte seg av fleire av tilboda. 6.6 Storkjøkken Ved å lokalisere alle skulane i kommunen til Hallingmo vil ein kvar dag ha ca elevar og ca 200 tilsette i området. Skulemat har vore eit tema i skuledebatten dei siste åra ettersom Noreg omtrent er det einaste landet i vår kulturkrets som ikkje tilbyr elevane eit skulemåltid. Det er derfor grunn til å tru at det går mot at dette blir eit krav på sikt. Hallingmo må derfor omfatte eit serveringstilbod. Til dette trengst ei kantine og/eller eit storkjøkken. Eit storkjøkken kan eventuelt dra vekslar på kompetanse og lokale til studieretningen for Restaurant-og matfag på Gol vidaregåande skule. 7 TRAFIKK OG INFRASTRUKTUR. På eit område der så mange barn og unge skal ferdast, blir det viktig å planleggje infrastrukturen i området nøye. Det er mange motstridande omsyn å ta når ein skal tenkje ut gode løysingar for dette. 7.1 Mjuke trafikantar. Alle elevar må sikrast trygg skuleveg. Det bør vera eit mål at flest mogleg elevar innanfor ein radius på 4 km (grensa for rett til fri skyss) skal kunne gå eller sykle trygt til skulen Elevane må også til ei kvar tid kunne ferdast trygt mellom skulebygg, bibliotek, symjehall, kulursal og idrettsanlegg. Dersom ein ikkje sørjer for trygg tilkomst for gåande mellom desse byggja, kan det bli svært kostnadskrevjande fordi ein då må ha vaksne til å følgje dei heile tida. 7.2 Skuleskyss Mange av elevane i Gol og alle elevar frå andre kommunar er avhengige av skuleskyss med kollektive transportmidlar. Godt planlagte haldeplassar som ikkje kjem i konflikt med vegar for gåande og syklande må prioriterast. Av- og påstigning kan med fordel skje eit stykke frå skulen under føresetnad av at elevane kan gå trygt til og frå. Det er også ei faktum at mange foreldre køyrer og hentar ungane til og frå skule og SFO. Dette må det også leggjast til rette for, og dette bør skje eit stykke frå skulen slik at elevane går det siste stykket. Då blir nærområdet til skule skjerma for unødvendig trafikk, og dette vil vera med å sikre den nødvendig ferdselen av elevar mellom undervisningsarenaene i området. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 11 av

12 7.3 Varelevering/Tungtransport. Varelevering ( t.d. skulemjølk, frukt, bøker ) til skulane må skje på ein måte som gjer at tunge køyretøy ikkje kjem i konflikt med leikeområde eller gangvegar. Det same gjeld levering av varer og tenester til dei andre anlegga på Hallingmo-området; til dømes til store arrangement og eventuelle messer. Tungtransporten må organiserast slik at han ikkje er til fare for eller til sjenanse for brukarane av dei ulike anlegga på Hallingmo. 7.4 Parkering for tilsette og vaksne elevar. Det må setjast av tilstrekkeleg areal for parkering av privatbilar, og tilkomst til desse må ikkje koma i konflikt med leikeareal og gangvegar eller til bruk av området på ettermiddagstid og i helger og feriar. VEDLEGG 1. Rombehov grunnskule Rombehov Læringssenteret. Rapport frå AG Kunnskap Hallingmoprosjektet side 12 av

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015

God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 God betre best! Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2012 til 2015 Side 1 1. INNLEIING

Detaljer

Evaluering av Reform 97

Evaluering av Reform 97 Evaluering av Reform 97 Sluttrapport frå styret for Program for evaluering av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Forskingsleiar 2003 1 Norges forskningsråd 2003 Norges forskningsråd Postboks 2700 St. Hanshaugen

Detaljer

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle -

Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - 2014 2025 Utgivar: Tittel: Hordaland fylkeskommune, Regionalavdelinga Regional plan for folkehelse - Fleire gode leveår for alle - Dato: 7.

Detaljer

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug

Resultat frå evalueringa av Reform 97. Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug Resultat frå evalueringa av Reform 97 Utarbeidd av Peder Haug, forskingsleiar for evalueringa 1 2 Forord Noregs forskningsråd har på oppdrag

Detaljer

FoR SANDE KOMMUNE. ^Â.nsvrnl,DrNc DEL II. li: SANDE KOMMUNE RÅoNT,cNINEN 6084 Larsnes. l:t :.r i:i. -llf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01

FoR SANDE KOMMUNE. ^Â.nsvrnl,DrNc DEL II. li: SANDE KOMMUNE RÅoNT,cNINEN 6084 Larsnes. l:t :.r i:i. -llf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01 li: l:t :.r i:i I SANDE KOMMUNE RÅoNT,cNINEN 6084 Larsnes -llf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01 sande.kommune@sande-mr.kommune.no www.sande-m r.kom m une. no ^Â.nsvrnl,DrNc FoR SANDE KOMMUNE DEL II 2013 Innhald

Detaljer

Årsmelding 2013. Lom kommune. Gjestfri og nyskapande. Årsmelding 2013. Innhaldet i årsmelding 2013:

Årsmelding 2013. Lom kommune. Gjestfri og nyskapande. Årsmelding 2013. Innhaldet i årsmelding 2013: Årsmelding Gjestfri og nyskapande Innhaldet i årsmelding : Innleiing 3 Ordføraren sine kommentarar 6 Administrasjonssjefen si vurdering 7 Politisk organisering og saker 8 Personal og organisasjon 9 Økonomisk

Detaljer

Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan

Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2015-2018 Handlingsdelen gjev grunnlag for kommunen si prioritering av ressursar, planleggings- og samarbeidsoppgåver. Kommuneplanen sin handlingsdel skal

Detaljer

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no

trategisk plan for pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no trategisk plan for edagogisk Strategisk plan bruk for av IKT pedagogisk bruk av IKT 2010-2012 2010 2012 26.mars 2010 Høyringsdokument www.sfj.no Innhaldsliste Strategisk plan for pedagogisk bruk av IKT

Detaljer

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland

Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Mer kan Nye samhandlingsformer og strukturendringar i Nordhordland Kjetil Lie og Audun Thorstensen (Telemarksforsking), Sven Haugberg (Asplan Viak) og Tor Erik Baksås (Ernst & Young) TF-notat nr. 18/2013

Detaljer

Møtebok for Kommunestyret i Radøy

Møtebok for Kommunestyret i Radøy Radøy kommune Møtedato: 12.06.2014 Møtested: Kommunestyresalen Møtetid: 18:00 Møtebok for Kommunestyret i Radøy Møtedeltakarar Parti Rolle Jon Askeland SP Ordførar Morgan Taule AP Medlem Kirsti Gjetle

Detaljer

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring

Når starten er god. En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Når starten er god En artikkelsamling om veiledning av nyutdannede lærere i barnehagen, grunnskolen og videregående opplæring Copyright C 2007 Utdanningsdirektoratet Layout: Wallace Design Ill.: Brian

Detaljer

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland

Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole. Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Opplæring for barn og unge i barnevernsinstitusjonar i Hordaland 2 Handbok for samarbeid mellom barnevern og skole Innholdsfortegnelse Innleiing... 3 KAPITTEL

Detaljer

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume

Fjell kommune. Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV. Frå helseområdet på Straume Fjell kommune Helse- og omsorgstenester i framtida SJEF I EIGE LIV Frå helseområdet på Straume Rapport desember 2012 I eit samarbeid med Husbanken Region Vest har rådmannen i Fjell laga denne rapporten.

Detaljer

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar.

Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Gratisprinsippet i grunnskulen kollektive løysingar mot individuelle rettar. Kva for utfordringar opplever rektor når foreldre ønskjer å gjennomføre prosjekt utanfor skulen si økonomiske ramme? Asbjørn

Detaljer

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing

Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Evaluering av Senter for yrkesrettleiing Nr. 12-12 AUD-rappor t Utgivar: Hordaland fylkeskommune, Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) http://www.hordaland.no/aud Tittel: «Evaluering av Senter for

Detaljer

Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag

Nytt symjeanlegg på Voss. Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Nytt symjeanlegg på Voss Forslag frå Symjegruppa i Voss Idrottslag Voss 21 oktober 2008 Bakgrunn/Historikk I september 2006 vart det sett ned ei arbeidsgruppe i kommunal regi som skulle greia ut spørsmålet

Detaljer

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015

KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 KORTVERSJON KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR VOLDA KOMMUNE 2012-2015 Kommunal planstrategi 2012 2015 er ei prioritering av Volda kommune sitt planarbeid dei næraste åra. Kortversjon kommunal planstrategi for

Detaljer

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021

Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksframlegg Strategisk arbeid med omstilling HMR 2016-2021 Saksnr Utvalsnamn Møtedato Sak 2015/26 Styret for Helse Møre og Romsdal HF 06. mai 2015 Saksbehandlar: Dag Hårstad/ Espen Remme Arkivreferanse:

Detaljer

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal

Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Sogn LMS Etablering av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal Dette er sluttrapport etter forstudien i prosjektet Sogn LMS. Prosjektet har som føremål å greie ut, planlegge og utvikle eit lokalmedisinsk senter

Detaljer

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR

FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR FRÅ FØRSKULELÆRAR TIL BARNEHAGELÆRAR Den nye barnehagelærarutdanninga Mulegheiter og utfordringar Rapport frå Følgjegruppa til Kunnskapsdepartementet RAPPORT NR.1 2014 0 Forord Denne rapporten er den første

Detaljer

Oversikt over interkommunalt samarbeid

Oversikt over interkommunalt samarbeid Oversikt over interkommunalt samarbeid Hjartdal kommune Forvaltningsrevisjonsrapport nr: 727 004 2007 Innhald Samandrag...iii 1 Innleiing...1 1.1 Bakgrunn...1 1.2 Problemstillingar...1 1.3 Avgrensing...1

Detaljer

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3)

«Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) Kvinge, L. M. Ek, C.E., Olsen Bøe, T., Kolnes, M., Hundseid, E. & Vikse, I. «Hjartetrimmen» Frå spesialisthelseteneste til kommune Helsetorgmodellen-rapport (2013/3) 1 Helsetorgmodellen rapport (2013/3)

Detaljer

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober 2009. "Der alle skulle tru at nokon kunne bu

STORD KOMMUNE. Rapport. Prosjekt  Modell for bustadbygging Stord oktober 2009. Der alle skulle tru at nokon kunne bu STORD KOMMUNE Rapport Prosjekt " Modell for bustadbygging" Stord oktober 2009 "Der alle skulle tru at nokon kunne bu I 7 Bakgrunn Stord kommune søkte 10.10.08 om kompetansemidlar frå Husbanken Region Vest

Detaljer

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning?

Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? Gro Marit Grimsrud Finn Ove Båtevik Marte Fanneløb Giskeødegård Rapport nr. 53 Kristiansund, Molde og Ålesund som regionale motorar Kor attraktive er «motorane» for folk med høg utdanning? 2 Møreforsking

Detaljer

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner

Handlingsplan. Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Handlingsplan Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner Innhaldsliste 1 INNLEIING OG SAMANDRAG 5 1.1 SORIA MORIA-ERKLÆRINGA, MÅLSETJING, FØRESETNADER OG TILTAK 5 1.2 DEFINISJON AV ENTREPRENØRSKAP

Detaljer

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling

Kompetanse for tilpasset opplæring. Artikkelsamling Kompetanse for tilpasset opplæring Artikkelsamling Redaktører: Grete Dalhaug Berg, Høgskolen i Volda og Kari Nes, Høgskolen i Hedmark Copyright Layout: Wallace Design C 2007 Utdanningsdirektoratet 2 Utdanningsdirektoratet

Detaljer

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland

Retningslinjer. For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland Retningslinjer For lokalt gitt eksamen ved vidaregåande skular i Hordaland 2014 Retningslinjer for lokalt gitt eksamen 2014 2 Revisjon av retningslinjer for lokalt gitt eksamen Retningslinjene for lokalt

Detaljer

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583

Informasjonsforvaltning i offentleg sektor. Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Informasjonsforvaltning i offentleg sektor Rapport 2013:10 ISSN: 1890-6583 Forord Det har lenge vore klart at offentleg sektor må nytte informasjonen sin på ein betre måte for å bli meir effektiv, gi betre

Detaljer

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling?

Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? Notat nr. 9/2007 Jørgen Amdam, Johan Barstad, Finn Ove Båtevik og Geir Tangen Plansatsinga i Møre og Romsdal fylke Frå forvaltning til utvikling? 2007 VOLDA Prosjekttittel Prosjektansvarleg Prosjektleiar

Detaljer

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59.

Jo fleire kokkar, jo betre søl. medverknad i arkiv, bibliotek og museum #62. Åshild Andrea Brekke. Pantone. Pantone. c72 m64 y62 k59. Jo fleire kokkar, jo betre søl Pantone Pantone Pantone medverknad i arkiv, bibliotek og museum 459 151 484 c6 m7 y55 k0 c0 m43 y87 k0 c0 m87 y83 k30 r242 g255 b140 r249 g161 b58 r179 g52 b40 Åshild Andrea

Detaljer